29. juli 2016

Sigridtrilogien: Sølvhammeren, Jærtegn og Helgenkongen

Sølvhammeren var debutromanen til Vera Henriksen. Boka kom ut i 1961 og vart følgd opp av Jærtegn og Helgenkongen dei to påfølgjande åra. Eg var berre 17-18 år gammal då eg las Sigrid-trilogien fyrste gong. Då vart eg fullstendig betatt og medriven av forteljinga om Sigrid Toresdatter frå Bjarkøy, livet hennar og samfunnet rundt henne. 

Vera Henriksen er den forfattaren som har inspirert meg mest til å lesa historiske romanar. Det er t.d. Henriksen si "skuld" at eg for fleire år sidan las Sigrid Undset sine middelalderromanar om Olav Audunssøn og om (den meir kjende) Kristin Lavransdatter. For Sigrid-bøkene har mykje til felles med bøkene om Kristin. Det gjeld spesielt dei religiøse og moralske grubleriane til Sigrid og Kristin, men også evna dei to forfattarane har til å skildra daglegliv og samfunnsliv samstundes som det vert fortalt om det vakraste av alt: kjærleiken. Men i motsetnad til Henriksen sine bøker har Undset sine aldri frista meg til gjenlesing. 

Sigrid-trilogien fenga meg denne gongen også. Det er såpass lenge sidan sist gong eg las desse bøkene - og eg har lest uendeleg mange bøker i mellomtida - men på nytt vart eg gripen og er stadig imponert over korleis Vera Henriksen får formidla denne forteljinga frå ei fjern fortid. Forfattaren flettar inn sagalitteratur, segner og norrøn mytologi og gir eit innblikk i vikingtidas lov og rett. Bøkene fortener mykje ros; dei er "tidlause" fordi det handlar mykje om mellommenneskelege relasjonar. Ein får levande og gode skildringar og interessante tidsbilete når det gjeld hus og heim, moral og kultur, daglegliv og høgtider, seder og skikkar. Kvinnesyn, kjønnsroller, seksualmoral og -umoral er andre stikkord.

Trilogien fortel om ein avgjerande og spesiell epoke i norsk historie. Karakterane i bøkene er stort sett verkelege historiske personar, og Vera Henriksen har dikta vidare på dei slik at dei har fått liv og sjel, på ein måte. Ein veit egentleg svært lite om den historiske Sigrid Toresdatter; ho vert berre nemnd eit par gonger i Heimskringla. Forfattaren har altså gitt hovudrolla til ein lite kjent person (Sigrid) rundt ein svært kjent person (Heilag Olav) for på den måten å få fram ein ny og annleis synsvinkel på hendingane som fann stad.

For meg er desse bøkene gode leseopplevingar. Det som trekker ned i mi vurdering er den religiøse grublinga som det er litt mykje av i bok to og tre. Den "indre dramatikken" og alle dei filosofisk-etisk-religiøse tankerekkene kjedar meg. Eg likar betre å lesa om den ytre dramatikken som gjekk føre seg i denne brytningstida.

Lydbokversjonen av bøkene kan også anbefalast; Janne Kokkin les litt sakte, men tydeleg og med innleving. Eg lytta til alle tre bøkene rett etter kvarandre no i sommarferien, men kan hende er det lurast å ta ein pause mellom kvar enkelt bok for meir å "fordøya" innhaldet.
Eg har kjøpt lydfilene av Lydbokforlaget - då blir dei lagt rett i Lydbok-appen på telefonen. Praktisk!





Handlinga i bøkene er lagt til Inn-Trøndelag ca. år 1010 - 1050. Når ein i dag køyrer gjennom dette området legg ein merke til det vide utsynet, dei store gardane og dei mange skilta som gjeld "severdigheter". Her er det nemleg rikeleg med fornminner; helleristingsfelt, gravhaugar, bygdeborger, rydningsrøyser, bautasteinar og arkeologiske funn - for her har det budd folk sidan steinalderen. Her var Frostatinget, landets eldste lagting. Her finn me Stiklestad og andre historiske stadnamn, samt kyrkjer, andre bygningar og kulturlandskap som vitnar om at dette var eit maktsentrum, politisk og kulturelt.
Garden Egge var eit sentralt høvdingsete i gammal tid og dei som budde der spelte ei viss rolle då kong Olav Haraldsson regjerte i landet. Her budde Sigrid Toresdatter, Olve Grjotgardson og Kalv Arneson - og me skal altså tusen år tilbake i tid.
(Obs! Det førekjem ein del spoilers i handlingsreferata nedanfor)

Sølvhammeren

Når me møter Sigrid Toresdatter fyrste gong er ho ei vilter og vakker ungjente. Ho har mista begge foreldra sine som lita og er mykje yngre enn dei to brødrene sine, Tore og Sigurd. Som 15-åring vert Sigrid lova bort til Olve Grjotgardsson frå Egge. Sigrid er noko uvillig, ho har ikkje lyst til å fara så langt avstad og bli bortgifta til ein "gammal bonde" - men det blir som broren Tore har bestemt. Sigrid opplever det fyrste møtet med Olve som vanskeleg og pinleg, men dei to vert gifte - i ein seremoni som inneheld bloting og ofring til dei gamle gudane.

Sigrid reiser med ektemannen til Egge. Dei to har gjensidig respekt for kvarandre, snakkar godt saman og forholdet deira utviklar seg til det ein kan kalla ekte kjærleik - trass i aldersskilnaden. Henriksen framstiller Sigrid og Olve som reflekterte og kloke, men dei har også mindre sympatiske egenskapar. Dette er nemleg heilstøypte karakterar som vert svært levande og truverdige for lesaren. Forholdet mellom Sigrid og svigermora Tora er problematisk i byrjinga. Det er ikkje berre-berre å overlata ansvaret og nøklane til ei så ung husfrue på ein så stor gard, men etter kvart får Sigrid eit visst overtak på Tora.

Fleire bipersonar vert presenterte i denne fyrste boka; menneske som skal komma til å bety mykje i Sigrid si framtid. Dei viktigaste er presten Anund og skalden Sigvat.

Olve er, i tillegg til å vera husbonde og eigar av fleire gardar i Trondheimen, hovgode på Mære, representant i Frostatinget og er ofte ute på tokt. Når han er borte frå Egge kjenner Sigrid seg åleine, ho lengtar heim til Bjarkøy og folka sine der. Ho søkjer trøyst i arbeidet som må gjerast på garden og i veven og vevkunsten sin. Medan ho går gravid med det fyrste barnet får ho vita at Olve har ei frille på ein av dei andre gardane sine - og dette har ho vanskeleg for å akseptera. Sigrid vert så desperat at ho prøver å ta livet sitt ved å gå på fjorden, men vert berga. Kort tid etter føder ho sonen Grjotgard - og etter dette vert mykje endra i tilhøvet til Olve, Tora og fleire folk i bygda. Sigrid veks med oppgåvene og blir handsama med respekt og vørdnad.

Sigrid set si lit til Odin, Tor og Frøy og trur på vetter, diser og ånder - og på skjebnen. For henne er kristendommen framand og fjern, men på nabogarden Steinkjer finst både prest og kyrkje sidan folka der har teke til seg den nye trua. For Olve er kristendommen og bibelens bodskap kjent, sidan han i unge år har vore utanlands og tilegna seg kunnskap om så mangt. Han trur på ein allmektig guddom, men meiner at han då like godt kan halda seg til åsatrua og dei gamle skikkane. Den nye religionen kjem i konflikt med det som er viktigast for både Olve og Sigrid; ætta si ære, hevn og gjengjelding. "Å snu det andre kinnet til" var utenkjeleg for dei fleste som var oppfostra i den gamle trua.

Kampen om makta i samfunnet, striden mellom høvdingmakt og kongemakt og mellom den gamle og den nye trua er sjølve essensen av handlinga i Sølvhammeren. Sigrid Toresdatter befinn seg midt i desse store samfunnsendringane sidan broren Tore Hund og ektemannen Olve har sentrale roller i maktkampen. Boka vert avslutta med slaget på Nesjar i 1016, då Olav Haraldsson vann over fleire av dei mektige jarlane. Med denne sigeren tok Olav Haraldsson eit viktig steg mot den norske trona og innføringa av kristendommen.

Jærtegn

I oppfølgjaren Jærtegn er stemninga dyster frå fyrste stund. Det er uår i landet og utbrot av ein pestsjukdom. Sigrid og Olve mistar to små barn i pesten. Dette skjer trass i at dei har prøvd alt og påkalla alle makter; dei har bedt til helgenar og ofra til dei gamle gudane. Sigrid er knust og veit ikkje kva eller kven ho skal tru på.

Olav Haraldsson har teke kongsnamn og regjerer med hard hand. Kongsmennene fer rundt overalt i landet og "kristnar" folk på valdeleg og blodig vis. Det tradisjonelle gildet på Mære får ein tragisk utgang; Olve vert stukken ned av ein av kongsmennene, på direkte ordre frå kong Olav sjølv. Sigrid sitt fyrste møte med kongen skjer medan ho knelar framfor ein døyande Olve. Dette vert som ein kan skjønna eit nytt hardt slag for Sigrid. Men det skal bli enno verre: Sigrid sitt hat mot kong Olav og det han står for skal bli ytterlegare forsterka. For henne er det naturleg å tenkja på hevn, ho er bitter og eggar mennene rundt seg. Samstundes snakkar ho ofte og gjerne med Amund prest om tru og tvil.

Kongen bestemmer at Sigrid skal giftast bort til ein av dei fremste mennene sine; Kalv Arneson frå Giske. Sigrid tenkjer praktisk og aksepterer tilbodet - og ho har egentleg ikkje noko val. Kalv vert kongen sin lendmann og Sigrid sin nye husbond. Her snakkar me om eit fornuftsekteskap og ikkje om kjærleik, men dei to har det egentleg bra saman.

Sentralt i Jærtegn er hendingane som førte fram til slaget på Stiklestad. Me får vita kvifor Kalv snur og blir kongen (og sine eigne brødre) sin motstandar. Bondehæren leia av Kalv "vinn" som kjent slaget - men konsekvensane vert annleis. Nesten umiddelbart etter at Tore Hund drep kongen på valplassen snur stemninga i bondehæren. Folk tolkar "alt" som teikn frå Gud og enkelte meiner at mystiske ting skjer med liket til kongen. Grunnlaget for utallige legender og myter vert skapt.
Hatet mot kong Olav har vore glødande hjå Sigrid i lang tid og har halde ho oppreist i den nye kvardagen. Når ho får høyra om utfallet av slaget blir ho ikkje så glad som forventa - i staden føler ho seg underleg tom.

Helgenkongen

Det nærmar seg slutten på Vikingtida. Slaget på Stiklestad (for 986 år sidan i dag) vart eit symbolsk vendepunkt for innføringa av kristendommen og kongedømme her i landet. Gradvis vert det meir kyrkjer og fleire prestar. Berre eitt år etter at Olav Haraldsson fall vert kan kanonisert, dvs. kåra som heilag.
Sigrid klarar fint å tilpassa seg nye kristne skikkar, men ho klarar ikkje heilt å tru på kristendommen - og har ingen tru på at det var noko heilag med kong Olav. Det nye danestyret fører generelt til fornya misnøye og uro. Verken Kalv Arneson eller Einar Tambarskjelve - to av landets mektigaste menn - er nøgd med Svein Alfivason.

Også Sigrid slit i denne tida; med skuldkjensle, med trua, med sorg og tunge tankar - og med ektemannen. Broren Tore som ho alltid har vore så knytta til, har reist på pilegrimsferd etter Stiklestadslaget - og i eit "syn" forstår Sigrid at han har døydd. Slik forfattaren skildrar det, lir nok både Sigrid og Kalv av det som i dag kallast depresjonar. Men dei er begge sterke og strie og gradvis kjem dei seg vekk frå tungsinnet og søkjer tilbake til kvarandre.

Etter kvart kjem Kalv i konflikt med den mektige og maktglade Einar Tambarskjelve, så familien og storparten av huslyden flyktar difor frå Egge og buset seg på Orknøyane i mange år. Heile livet har Sigrid vore eit søkjande menneske som ikkje klarar å slå seg til ro med enkle forklaringar. Av natur er ho hevnlysten og aggressiv, men under opphaldet på Orknøyane, langt frå kjende trakter, finn ho likevel ei slags fred med seg sjølv og med Vårherre.

I heimlandet er det framleis uroleg, kongsmakta er ein periode delt mellom Magnus Olavsson ("den gode" - son til Olav Haraldsson) og Harald Sigurdsson ("Hardråde" - halvbror av Olav Haraldsson). Etter at Harald vert einekonge, aksepterer Kalv eit tilbod om at huslyden får venda tilbake til Egge mot at Kalv blir kongen sin mann. Det får tragiske konsekvensar då Kalv fell for kongen sitt svik. Sigrid vert enke for andre gong - og på nytt vert ho sorgfull og bitter. Men omsider får også Sigrid nok av hevnlyst og maktbegjær. Avslutninga av boka og trilogien er vakker og uendeleg vemodig.


Sluttord:

Eg tykkjer det har vore kjekt å følgja Sigrid Toresdatter gjennom heile livet - enno ein gong. Eg har liksom levd meg inn i verda hennar, på godt og vondt. Ein skal ha i bakhovudet medan ein les at tankesettet og samfunnsstrukturen naturlegvis var heilt annleis den gongen enn i dag. For eit notidsmenneske er det ikkje så lett å skjønna alt det Sigrid gjer, tenkjer på og står for.

Vera Henriksen var ein ypperleg forteljar, men det er klårare for meg no enn tidlegare at trilogien ber preg av å vera ein debut. Likevel; desse bøkene har betydd så mykje for meg i mange år - så ein toppkarakter er på sin plass. Eg likar Sølvhammeren best av dei tre.

Vera Henriksen skreiv fleire andre vikingtid-romanar som eg kan anbefala:
Dei enkeltståande romanane Dronningsagaen, Kongespeil og Runekorset samt enno ein trilogi; Bodvars saga (Odins ravner, Spydet og Ravn og due). Dei populærvitenskaplege bøkene Sagaens kvinner og Skjebneveven må òg nemnast. Her får ein møta mange fascinerande kvinneskikkelsar frå saga og mytologi. I tillegg gjer Henriksen her meir greie for kvinnesynet i vikingtida.

To andre bokbloggarar har "samlest" Sigrid-trilogien i sommar. Ta ein kikk innom bloggane til Hedda og Birthe; Boktanker og Melucinesplace, for å lesa enno meir og få andre meiningar og vinklingar!

4 kommentarer:

  1. Jeg holdt på å si "jeg har nettopp vært der" og tenkte på Inn-Trøndelag i 1030. Da jeg leste Birthe sin omtale skjønte jeg at jeg har gått glipp av noe spennende, og nå sitter jeg formelig å tripper etter å komme i gang med trilogien. Heldigvis har mitt bøkene inne, så nå er det bare til å vente på at de skal åpne. Ønsker deg en kjempefin start på august måned!

    SvarSlett
    Svar
    1. Du er heldig som har desse bøkene til gode!

      Slett
  2. Virkelig et spennende samle-innlegg for trilogien!
    Jeg er enig i at disse bøkene har mye felles med Kristin Lavrans-bøkene, med de religiøse og moralske grubleriene og skildringer av hverdags- og samfunnsliv. Og ikke minst kjærligheten. Skjønt, for meg er det Undset som står sterkest :)
    Du får godt frem hva bøkene handler om og hva de har betydd for deg. Også det med samfunn og kvinnesyn, og hvor vanskelig det må ha vært å ta til seg en ny lære. Jeg har akkurat startet på den siste boken, og gleder meg til fortsettelsen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fin tilbakemelding, Birthe. Eg ser fram til å lesa om dine leseopplevingar av Jærtegn og Helgenkongen.

      Slett