15. mai 2017

Bokomtale: En dråpe midnatt av Jason Timbuktu Diakté

Kagge 2017
347 sider
Lånt ebok eBokBib

Jason Michael Robinson Diakité, betre kjent som rapparen og musikaren Timbuktu ("Det löser sig") har skrive bok. En dråpe midnatt er sjølvbiografien hans og er ei interessant forteljing om å veksa opp mellom språk og mellom kulturar. Boka er også ein familiebiografi, ei identitetsreise og inneheld dessutan fleire reiseskildringar.

Jason vart fødd 11. januar 1975 i Lund i Skåne. Begge foreldra er amerikanske akademikarar; han har ein svart far med sørstatsbakgrunn og ei kvit mor med europeisk bakgrunn. På grunn av hudfargen vart Jason mobba og plaga då han var liten. På åttitalet var det ikkje mange mørkhuda menneske i Lund og Jason kjende seg heimlaus, rotlaus og identitetsforvirra. Han fortel at han kunne gjort kva som helst for å bli lysare i huda, omtrent som han som var idolet hans den gongen; Michael Jackson.
Så oppdaga han hiphopen - og hudfargen vart ikkje lenger noko problem. Som ungdom ville han så gjerne vera kul og han vart liksom ikkje "svart nok" - men han fann det stadig vanskeleg å finna sin eigen plass i verda.

Faren er sentral i boka og har nok også vore svært sentral i Jason sitt liv, sjølv om dei ofte har hatt sine småkranglar og diskusjonar. For å forstå meir av faren sin bakgrunn og sine eigne røter, har han teke fleire turar til USA. Det er interessant å lesa om farfaren som forlot bomullsplantasjen og fattigdommen i South Carolina og etablerte seg i Harlem, New York. Om farmora, som skaffa seg universitetsutdanning og som sende borna sine - mot mannen og borna sin vilje - til Nigeria for at dei skulle sleppa unna rasismen og segregeringa i USA. Det vert fortalt om andre fargerike forfedrar og slektningar, t.d. oldemora som var indianar, Cousin Joe som vart 100 år og onkelen som er Trump-medarbeidar (!) Det vert fortalt om urett og vald, om menneskerettar og overlevingsvilje, om Martin Luther King og Malcolm X, om slaveri og grusomheiter.

For Jason var det eit sjokk å møta slektningane i South Carolina. Der er klasseskiljet, raseskiljet, diskrimineringa og fattigdommen nesten like markert i våre dagar som på 1960-talet. The land of the free and the home of the brave har lite å vera stolt av når det gjeld dette samfunnsproblemet. Jason fortel om eit museumsbesøk som gjorde svært sterkt inntrykk på han - og det kan eg forstå. (Ifølge Washington Post er det 35000 museum i USA - og berre eitt av dei handlar om slaveriet..)

Jason Timbuktu Diakité er ein sympatisk og karismatisk mann. Han har eit stort publikum og forteljinga hans er difor verdifull. En dråpe midnatt er ei handlingsrik og ordrik bok som har ein viktig bodskap. Eg fann deler av boka svært lesbar og andre deler mindre interessante. Han fortel (heldigvis) lite om privatliv og kjæresteliv og avslører ingen pikante historiar - men innrømmer eit tidlegare rusmisbruk. Han legg ikkje skjul på kor skuffa foreldra hans vart og kor han skamma seg då kokainbruken hans vart offentleg kjent.

Tittelen på boka spelar på den såkalla ein-dråpe-regelen i USA – dersom ein hadde så mykje som ein dråpe svart blod i årane, vart ein sett på som svart. Eg tykkjer det er fint å lesa om kor reflektert han er og om korleis han no oppsummerer livet sitt - korleis han har "funne seg sjølv":
"Store deler av livet har jeg forkynt at jeg er halvt amerikaner, halvt svenske, halvt hvit, halvt svart. Nå velger jeg å si at jeg er både hvit og svart, både svenske og amerikaner. Tysk, fransk, slovakisk, afrikansk, cherokee. Alle disse identitetene tilhører meg. Jeg har gått fra halv til dobbel, og i den tilsynelatende lille semantiske endringen ligger et av mine største identitetssprang. Det doble er uendelig mye bedre enn det halve."
Boka var tema då Jason vitja Skavlan i fjor haust:

6 kommentarer:

  1. Elsk på sitatet, det er en verdifull betraktning å ta med seg videre for enhver av oss.

    Har veldig sans for han, både hans stemme i samfunnsdebatten og musikken han lager. Må få se til å skaffe meg boka hans...

    SvarSlett
    Svar
    1. Så fint at du fekk lyst til å lesa boka!
      Eg må innrømma at musikken hans egentleg ikkje passar meg (eg er vel for gammal), men eg likar mannen :) Eg set pris på at han byr på seg sjølv og at han no har formidla vidare mange viktige tankar gjennom denne boka.

      Slett
  2. Jeg så intervjuet med han på Skavlan. Interessant mann, interessant historie, Fint innlegg fra deg om denne boka, Berit.

    SvarSlett
  3. Kom for å lese om seriemordere, men du vet, disse biografiene (Håper du har noe tilsvarende bra på lur til juli og ikke brukte opp sikkerstikk på forhånd).

    Jeg lurer på om det er noe ursvensk med det sitatet, eventuelt at mannnen ikke har suget det helt fra eget bryst, eventuelt at Beate Grimsrud ikke har. Fordi. Hun sa akkurat det samme under et arrangement på Lillehammer ifjor. Om å være dobbel og ikke halv, i forbindelse med at hun er norsk og svensk, og skriver på begge språkene (først svensk, oversetter så til norsk). Sitatet var da hentet fra hennes egen bok Evighetsbarna (ikke lest). Veldig godt sagt.

    Merker meg denne som som mulig biograf. Liker musikken også forresten.

    SvarSlett
    Svar
    1. Timbuktu-bioen er midt i blinken for julirunden, så eg angrar jo litt på at eg har "brukt opp" denne. Satsar/håpar på at eg skal finna noko tilsvarande bra.

      Når det gjeld sitatet; det er kanskje tvilsamt at han har funne på formuleringa sjølv. Det er godt sagt i alle fall.

      Slett