21. august 2018

Kort om: Mørkets testament av John Hart

Font 2018
523 sider

Lånt papirbok biblioteket

Eg har lest og likt alle bøkene til John Hart. Difor skulle ein tru at eg gleda meg til denne nyaste boka óg - men det gjorde eg faktisk ikkje. Tvert imot; på førehand var eg skikkeleg skeptisk. Eg las nemleg ein plass at forfattaren brukar overnaturlege element som ein del av handlinga i Mørkets testament. Slike ting har eg ikkje heilt sans for - og dessutan trudde eg ikkje at det kunne passa inn i ein oppfølgjar av Det siste barnet og miljøet som vert skildra i den.

Det skulle visa seg at skepsisen min ikkje var uberettiga. Fyrste del av boka er OK+, men andre del er heilt forferdeleg. Sjølv om eg altså var førebudd på enkelte uforklarlege/unormale/overnaturlege vinklingar, vart eg skuffa. Dette vart for mykje for meg. Det vart heller verken skummelt eller nifst - berre dumt. John Hart skal ha for at han prøver seg på noko heilt anna - men eg håpar inderleg at han kjem med noko meir jordnært i neste bok.

Når det er sagt: Mørkets testament er ei velskriven bok. Stemninga er gjennomgåande mørk og intens - og det er slett ikkje uspennande. Naturskildringane er ganske fantastiske; det er som ein kjenner med alle sansar korleis tilværet i villmarka/sumpen er. Men når Hart etter kvart kjem dragande med spøkelsar og synske, levande døde og døde levande, monster som forsvinn og landskap som flyttar på seg - vel, då steilar eg. Det heng ikkje på greip og eg blir aldri engasjert. Eller som anmeldar Ingvar Ambjørnsen i Dagbladet seier: "John Hart går seg vill i sin egen litterære hengemyr."

Me møter dei to gutane me vart kjend med i Det siste barnet; Johnny og Jack. Det har gått ti år sidan dei dramatiske hendingane som fann stad og dei har gått kvar sin veg i livet. Jack har utdanna seg innan jus og Johnny har blitt einebuar i villmarka, men dei er fortsatt nære vener. Når Johnny får bruk for ein advokat stiller sjølvsagt Jack opp for venen sin. Johnny er trygg og fri når han oppheld seg i sumpen og "nokon" held ei beskyttande hand over han. Men når "uvedkommande" nærmar seg området vert dei ofte råka av ei uforklarleg angst. Med god grunn, skal det visa seg. For dette "noko" er ondt, grusomt, skremmande og dukkar opp uforvarande og overalt.

Har du sans for onde spøkelsar og gamle segner og eventyr er det slett ikkje umuleg at du kjem til å lika Mørkets testament. Dersom du ikkje bryr deg om slikt så bør du finna noko anna å lesa.

For meg vart det altså ei skuffande leseoppleving. Konklusjonen er eit svakt terningkast 3.

Andre (og meir positive) bloggmeiningar:
Tine sin blogg
Artemisias verden

4 kommentarer:

  1. Ante meg at du ikke ville like denne så godt.
    Selv likte jeg den, som du vet. Takk for link.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg hadde ei viss aning sjølv óg. Utgangspunktet var ikkje det beste sidan eg var skeptisk-negativ på førehand. No har eg lært: Kjem det fleire spøkelseshistoriar frå John Hart skal eg ikkje lesa dei.

      Slett
  2. Tre øyne på terningen er i meste laget for denne boka. John Hart raget skyhøyt som spenningsforfatter før han kom med dette vrøvlet. Hadde han ikke en eneste venn, eller forlagskonsulent, som kunne fått ham til å avstå fra å ødelegge sitt gode navn med dette makkverket? - KH

    SvarSlett
    Svar
    1. Vrøvl? Ja, absolutt. Makkverk? Nei, det vil eg ikkje sei. Hart skriv jo godt, men innhaldsmessig er dette langt under det ein kan forventa frå den kanten.

      Slett