Foto: Dramatiker.no |
Nils Nordberg
Norsk forfattar, oversetjar, kriminallitteraturekspert og radioteaterinstruktør f. 1942.Det Nils Nordberg ikkje veit om kriminallitteratur er ikkje verdt å vita. Gjennom bøker og radioprogram har han synt entusiastisk interesse, enorme kunnskapar og kloke refleksjonar rundt dette med krim. Sjølv om han no er pensjonist er han stadig aktiv med bokprosjekt.
Nordberg har redigert og skrive forord til fleire antologiar, t.d. De nye krimheltene og Mørkets gjerninger. Saman med Klaus Hagerup skreiv han Siste akt, ein kriminalroman med handling frå teatermiljø.
Stemma til Nils Nordberg er djup og gjenkjenneleg - sjølv tenkjer eg automatisk "radioteater" når eg høyrer stemma hans i reklameinnslag, som kommentator, i radiointervju eller i lydbøker.
Foto: Samlaget.no |
Olav H. Hauge
Norsk lyrikar og omsetjar 1908 - 1994.Ein av våre kjæraste og mest særmerkte lyrikarar. Dikta hans vert ofte siterte og framførde i ulike samanhengar. Hauge var ein diktar som fekk sagt mykje med få ord, noko han syner i det diktet som vart kåra til Noregs beste dikt gjennom tidene:
Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
- - - - - - - - - - -
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar