28. februar 2023

Oppsummering februar 23

Påbyrja i januar, fullført i februar:
Anders de la Motte - De bergtatte - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Thor Gotaas - Mitt liv som middels langrennsløper - Dokumentar/biografi - Lyd Storytel

Lest i februar:
Anders Roslund - Tre år - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Jan Thomas og Kjartan Brügger Bjånesøy - Jeg har levd - Norsk biografi - Lyd Storytel
Tomm Kristiansen - Myrraveien - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Gøril Grov Sørdal - Nomino - Norsk fakta/dokumentar - Lånt papirbok privat
Camilla Läckberg og Henrik Fexeus - Mentalisten - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Hans Mellen - Belle Gunness. Massemordersken fra Selbu - Norsk - Truecrime/biografi - Lyd Storytel

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Joakim Zander - Vennen - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Odd Harald Hauge - Polare tragedier - Norsk dokumentar - Lyd Storytel 

4 lyd, 3 papir, 1 ebok 
4 lånt, 4 abonnement
3 krim,  3 dokumentarar, 2 biografiar
5 norske, 3 svenske
6 menn, 2 kvinner
"Nye" forfattarar: Thomas, Bjånesøy, Sørdal, Fexeus, Mellen


Plutseleg var den korte februarmånaden over, og sjølv eg med mine dårlege matematikkferdigheiter kan sjå at det vart gjennomsnittleg 2 bøker pr. veke, - noko som er innafor.
Eg er òg nøgd med bloggeaktiviteten i februar: 4 dikt-innlegg og 3 bokomtalar. 

Månadens høgdepunkt: Tre år. Særs bra krim som omhandlar eit vanskeleg og alvorleg tema på ein god måte. Eg er dessutan veldig glad i hovudpersonen Ewert Grens.
De bergtatte er òg ein fascinerande og velskriven kriminalroman. Den beste hittil frå de la Motte, vil eg påstå.

Seint men godt har eg oppdaga Tomm Kristiansen sine bøker. For ei formidlingsevne den mannen hadde! Langs myrraveien byr på interessante møte med ulike folk og kulturar frå ein forfattar med kunnskap, mot og integritet.

Dei to biografiane ga meg ikkje så mykje. Sjølv om Jan Thomas byr på seg sjølv, vart det aldri interessant nok. Det vart (merkeleg nok) ikkje forteljinga om Belle Gunnes heller. Oppramsande og repeterande og ein uengasjert opplesar gjorde at eg ramla ned på ein 3'ar.

Dersom du såg TV-serien Nomino som gjekk på NRK i 2015/16, vil du nikka gjenkjennande til boka med same tittel. Gøril Grov Sørdal har sjarm i tonnevis og får noko så nerdete som språk og stadnamn til å bli skikkeleg underhaldande. Tommel opp for sognamål i riks-TV! Lenke til programmet på nett-TV.

7 kommentarer:

  1. Likte også Anders de la Motte sin bok godt. Spent på fortsettelsen i serien. Tre år har jeg den første av, men har enda ikke lest den. Synd Belle Gunnes- boka var såpass dårlig. Jeg har lest en om henne; Mine menn av Victoria Kielland, men det er mer som en litterær fantasi å regne. Har også en i hylla av Camilla Bruce på engelsk, også ulest. Men...en dag.
    Mentalisten ja, den skal leses, som sagt i tidligere kommentar.

    Ønsker deg en fin mars Berit:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Oy, får hakeslepp de sjeldne gangene det er en sekser hos deg. Du nevnte boken, og nå har jeg bestilt den på biblioteket (ingen kø, får den kanskje i dag)
      Liker måten du lese på, med biografi, sakprosa og krim. For meg som har mest romaner er dette eksotisk.
      Ha en fin onsdag Berit!

      Slett
    2. @Anita: Boka om Belle er ikkje dårleg, men eg har lest ein del om denne massemordaren tidlegare og forventa meg noko nytt og annleis. Det var det ikkje. Dessutan: Eg er blitt veldig kresen på opplesarstemmer når eg høyrer på lydbok.

      @Tine: Kjenner eg er skikkeleg spent på korleis du vil lika boka. Håpar du får ei bra leseoppleving.
      Min måte å lesa variert på er å spe på med sakprosa innimellom all krimmen. Det er ikkje så ofte eg les vanlege romanar faktisk.

      Slett
    3. Ok, skjønner. Lyd kan jo fungere så ymse..og når innholdet heller ikke gir noe nytt, så blir det vel heller labert.

      Slett
    4. Fytti grisen, hva er det du har fått meg til å lese?? Jeg er nesten ferdig, og har vært halvkvalm gjennom hele boken. Men at han skriver godt det er helt sikkert, det er tematikken som er så vanskelig å fordøye.

      Slett
    5. @Tine: Beklagar at eg har gjort deg kvalm.. Veldig enig i at tematikken er grusom, men det verste av alt er at det faktisk finst slike folk.

      Slett
  2. La motte liker jeg godt, så den skal leses. Tomm sin har jeg lest, veldig bra, driver nå med hans siste Afrikanske fortellinger, som jeg lang-leser med et kapittel om gangen, for så å legge den fra meg. Har faktisk lastet ned Belle Gunnes boka, den tenkte jeg var fin, skal teste den etter hvert. :)

    SvarSlett