20. oktober 2013

Vi ses i morgen - ein musikalsk smakebit

I skrivande stund lyttar eg til Tore Renberg som les frå si eiga bok Vi ses i morgen. Eg tykkjer Renberg er ein særprega og storarta forfattar, og at han er ein god opplesar til sine eigne bøker. Eg har høyrt han lesa Charlotte Isabel HansenDette er mine gamle dager og Farmor har kabel-TV/Videogutten tidlegare.

Såg du Lindmo den 28. september? Viss ikkje, kan du sjå heile programmet på NRK nett-TV. I det programmet hadde Anne Lindmo besøk av mange spennande gjester, m.a. dei to glimrande hovudrolleinnehavarane i den glimrande dansk-svenske krimserien Broen; Kim Bodnia og Sofia Helin. Janove Ottesen og Tore Renberg var også gjester, i samband med utgjevinga av Vi ses i morgen fortalde dei om samarbeidet om eit booktrack til boka.

Programmet vart avrunda med den nydelege sangen Vi ses i morgen, framført av Janove Ottesen, Christel Alsos og Real Ones. Musikk er viktig for Renberg og for romanskikkelsane hans. Høyr booktracket her:


Tekst: Tore Renberg - Musikk: Janove Ottesen
Sangteksten kan du finna på http://www.torerenberg.no/

Smakebit på søndag er boktema hos Mari og Flukten fra virkeligheten.

-----------------------

Oppdatering 24.10.13:


10 kommentarer:

  1. Spent på hva du synes om boken :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er eg òg.., har ikkje kommen så langt enno.

      Slett
  2. Har ikke lest noe av Renberg enda, men sett to av filmene.

    SvarSlett
    Svar
    1. Då har du fleire gode bøker tilgode!

      Slett
  3. "Bron" har jag inte fått tillfälle att följa. Tack för smakbiten.

    SvarSlett
    Svar
    1. Bron/broen er veldig bra; godt laga og gode skodespelarar.

      Slett
  4. Trevligt med författare som läser sina egna böcker om de gör det bra :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Absolutt. Men ikkje alle passar til å lesa sine eigne bøker. Merkeleg nok..

      Slett
  5. Denne boken har jeg sett over alt i det siste, veldig nysgjerrig på den. Så det skal bli gøy å høre mer om den etterhvert:) Takk for smakebiten! Skal se på NRK programmet senere i kveld, får det har jeg glemt av. Takk for på minnelsen:) Ha en fin mandagskveld!:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Forfattaren er jo ein slags kjendis, og då vert boka interessant for media òg.

      Slett