Tema for fyrste runde i bokhyllelesing 2018 er gul bok. Eg fann dermed fram den aller gulaste boka eg eig; Afrodites basseng. Boka skulle egentleg ha blitt lest i samband med ein tidlegare runde, men av ulike årsaker vart det ikkje noko av den gongen.
Afrodites basseng er tredje og siste del av Mino-trilogien. Den startar med den velkjende Mengeles Zoo og held fram med Himmelblomsttreet. Eg likte begge svært godt og er i det heile ein stor tilhengar av Gert Nygårdshaug sitt forfattarskap. Afrodites basseng vart utgitt fyrste gong på Cappelen forlag i 2003.
- - - - - - - - - -
Juritzen 2014
488 sider
Kjøpt papirbok
Medan store deler av handlinga i Mengele Zoo og Himmelblomsttreet foregår i Sør-Amerika, er handlinga i Afrodites basseng innleiingsvis lagt til velkjende nygårdshaugske trakter; til områda i Nord-Østerdalen som me m.a. kjenner att frå Prost Gotvins geometri. Men - me befinn oss samstundes i ein ørken ein eller annan plass i Nord-Afrika saman med den unge kvinna Ooni som flyktar frå noko grusomt til... kva?
Hovudperson er forstmannen og biobotanikaren Jonar Snefang. Saman med sonen Erlan har Jonar trekt seg tilbake frå eit uroleg samfunn og dei lever fredeleg og stille på ei seter, kun med sporadiske besøk av piloten Mino og budeia Hildra. Far og son har eit rørande nært forhold. Sonen tilbring dagane med å fiska og bada og faren driv med vitenskapelege eksperiment. Så ein dag skjer det noko ubegripeleg og urovekkande: Skogen og trea er i ferd med å veksa ukontrollert og spre seg i eit unaturleg høgt tempo. Mykje tyder på at ein katastrofe av ufattelege dimensjonar er i ferd med å utvikla seg.
Boka handlar elles om ei gammal kiste med eit merkeleg innhald, Gotvin Soleng sine teoriar, eit avansert puslespel, den franske forfatteren og krigsflygaren Antoine de Saint-Exupéry, eit kloster ved Gardasjøen og Ooni sine opplevingar og påkjenningar i ørkenlandskapet - for å nemna noko.
Stort meir skal ikkje røpast om sjølve handlinga. For enkelte kan det eg har nemnt over virka forlokkande og interessant, men eg har full forståing for dei som tykkjer at dette virkar sært og forvirrande. Det som er sikkert er at Gert Nygårdhaug er ein heilt spesiell forfattar som skriv heilt spesielle historiar. Her vert mytologi, vitenskap og filosofi sett i samanheng med faren for eit fullstendig økologisk, teknologisk og samfunnsmessig samanbrot på jorda. Så truverdig og realistisk er det ikkje; dette er meir ei form for avansert eventyr og moderne fabel.
Nygårdshaug sine bøker er ofte ei utfordring for lesaren og lesaren sin fantasi. Afrodites basseng er ei finurleg, fantasifull og til tider grotesk forteljing skriven på sedvanleg elegant, originalt og pludrande Nygårdshaug-vis. Det er sparsamt med punktum; setningane er likevel lesbare sidan det finst både komma, kolon, semikolon og spørsmålsteikn innimellom - slik at lesaren får nokre korte pustepausar. Innimellom dukkar det dessutan opp ein forfattar i forteljinga; heilt plutseleg og gjerne midt i ein setning.
Vanlegvis er ikkje eg noko glad i å lesa om telepatiske evner og overnaturelege fenomen. Eg tykkjer heller ikkje noko om fantasy, dystopiar eller postapokalyptiske bøker. Ein kan sei at Afrodites basseng touchar innom alt dette og at det då er overraskande at eg likar boka. Det som gjer at eg finn handlinga i boka "akseptabel" er måten Nygårdshaug skriv på: At han viser hjertevarme og omtanke for karakterane sine. At han syner humor, kunnskap og forteljarglede. At han går sin eigen veg og gir blaffen i kva andre gjer og meiner.
Økologi og klima- og miljøvern er hjertesaker for forfattaren - og denne boka er som dei to andre Mino-bøkene og Chimera eit bidrag til dette.
Flirer litt i skjegget her av det siste avsnittet ditt. Det er akkurat det jeg elsker å lese om. Jeg ble solgt på: "fantasy, dystopiar eller postapokalyptiske bøker". For det skal du ha takk :) ;) Og så liker jeg Nygårdshaug veldig godt da! Det hjelper stort på. Jeg har ikke lest noen av bøkene i Mino-trilogien, så det blir mine neste ut fra forfatteren. Jeg har hatt en liten pause etter de ti Fredric Drum bøkene som var de sist lest av forfatteren. God og fristend omtale!
SvarSlettTakk-takk.
SlettSlik er det: Det som eg er skeptisk/negativ til er altså forlokkande og interessant for andre.