
414 sider
eBokBib
Med den nye boka Zoo Europa samlar Gert Nygårdshaug trådar og hovudpersonar frå Mino-trilogien (Mengele Zoo, Himmelblomsttreet og Afrodites basseng) samt øko-thrilleren Chimera. Sidan eg las sistnemnde bok i "førbloggtid" hugsa eg nesten ingenting av handlinga og eg valde difor å lesa Chimera på nytt før eg tek til på Zoo Europa.
Eg las Chimera som lydbok forrige gong, - no vart det ebok. Sidan sist har boka fått nytt omslag med vakkert coverfoto, dekorert med høge terningkast.
Handlinga i boka er lagt til nokre tiår inn i framtida. Kloden vår er i krise og økonomisk og politisk kaos rår. Hovudperson er nordmannen Karl Iver Lyngvin; handplukka deltakar på ein forskingsstasjon i ein regnskog i Afrika. Her prøver ei gruppe vitenskapsmenn og -kvinner innan zoologi, biologi, biokjemi, botanikk, entomologi og ornitologi å kartleggja korleis klimaendringane som har funne stad påvirkar flora og fauna i regnskogen.
Gruppa får etter kvart ei ny utfordring i og med at eit nytt og dødeleg virus vert oppdaga. Dette er mykje farlegare enn både ebola- og hiv-viruset, men folk med ein bestemt blodtype ser ut til å overleva sjukdommen. Enn så lenge har mannskapet på forskingsstasjonen kontroll på det livsfarlege viruset, men kva om det kjem i hende på feil personar?

Boka er elles på sedvanleg Nygårdhaugsk nivå når det gjeld forteljarglede, detaljrikdom og språklege krumspring.
Chimera er ei underhaldande og svært spennande bok - med alvorlege undertonar. Ho vert kalla ein øko-thriller, og det er då også ein roman med mange krim- og thriller-element. Det er effektfullt at stemninga tidvis er munter og håpefull, trass i at tematikken egentleg er djupt tragisk. Sjølve avslutninga er sjokkerande, tankevekkjande - og uklar. For kva er det tredje alternativet Karl Iver Lyngvin står ovanfor? Eg er spent på om me får svar på det spørsmålet i Zoo Europa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar