2. januar 2018

Lesemål 2018

Eg slepp ikkje heilt taket i "talanalysane" mine. Når eg skal talfesta lesemåla mine for dette året må eg sjå på kva eg oppnådde i fjor.

Slik gjekk det med lesemåla 2017

  1. 104/110 bøker totalt. Eg tek konsekvensane av at eg ikkje les fullt så mykje som tidlegare og fører difor opp 100 bøker for 2018.
  2. 6/10 mursteinar (over 600 s.)
    Her vart målet for ambisiøst. Tjukke bøker på over 600 sider er litt sånn uoverkommeleg, i alle fall før ein startar. Justerer ned til 8.
  3. 31/24 norske utgitt i 2017.
    Dette delmålet er ikkje viktig, men det viste seg å vera lett å halda. 
  4. 0/5 1001-bøker.
    Vart ikkje prioritert og burde ikkje vore med på lista over lesemål. Punktet går ut i 2018.
  5. 8/12 bøker frå før 2000.
    Burde vera gjennomførbart, men eg lukkast ikkje. Eg set likevel opp 12 bøker på nytt sidan eg droppar 1001-målet. 
  6. 5/5 gjenlesingar.
    Her vart målet nådd - men eg kuttar ut dette punktet for 2018. Det hender gjenlesingar er bra, men slett ikkje alltid. 
  7. 8/10 biografiar.
    Full deltaking i Moshonista sin biolesesirkel og to utanom er brukbart. Satsar på like mange dette året.
  8. 14/14 annan sakprosa.
    Målet vart akkurat nådd og eg kan klappa meg sjølv på skuldra. Aukar målet (veldig forsiktig) til 15.
  9. 4/6 frå bokhylla.
    Eg starta friskt med fire deltakingar i bokhyllelesinga til Boktanker, men kom skeivt ut og datt vekk i dei siste rundane. Eg satsar på å delta (litt) dersom det vert ein ny OTS-utfordring i 2018.
  10. 45/34 bokomtalar. Eg har visst vore flittig på bloggomtalefronten - og målet er nådd for lenge sidan. Talet 34 sette eg opp fordi eg skreiv 34 omtalar i 2016. Å skriva omtalar er det kjekkaste med blogginga tykkjer eg, men det tek ein del tid - for ein vil gjerne gjera det skikkeleg og gjennomtenkt. Eg håpar at eg får høve til å laga 40 omtalar i år.
Samanfatta vert dei nye lesemåla som nedanfor. To av punkta/delmåla frå i fjor går ut - og eg har lagt til to nye delmål for i år; nye forfattarar og Storytel. Det fyrste punktet fordi eg ser det som viktig å utvida horisonten min litt og det andre fordi eg i det siste har nytta Storytel for lite til å forsvara prisen på abonnementet. Anten må eg sei opp abonnementet eller så må eg bruka det meir. 

Lesemål 2018

  1. 100 bøker totalt
  2. 8 mursteinar (over 600 s.)
  3. 25 norske utgitt 2018
  4. 12 bøker utgitt før 2000
  5. 10 biografiar
  6. 15 annan sakprosa
  7. 6 frå bokhylla
  8. 40 bokomtalar
  9. 30 "nye" forfattarar - NYTT delmål
  10. 20 bøker frå abonnementstenesta Storytel - NYTT delmål

Dette er mål som bør lata seg gjennomføra, og for enkelte punkt og enkelte bøker er det muleg med såkalla "dobbeltkryss". Eg håpar at 2018 skal gi meg gode forteljingar og tankevekkjande dokumentarar og - viktigast av alt - at det framleis skal vera rom for koselesing og impulslesing.

10 kommentarer:

  1. Over dobbelt så mange leste bøker som meg, personlig syns jeg det er helt sykt bra :) Ser frem til å lese dine boktanker i det nye året, alt godt til deg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk det same, Ellikken - og godt nyttår til deg. Eg les som oftast blogginnlegga dine, utan at eg let etter meg tydelege spor. Skal prøve å bli flinkare til å leggja inn småkommentarar.
      For mange er over 100 leste bøker pr. år relativt sjukt. Eg tykkjer vel at "sjukt bra", som du seier, er eit betre omgrep.

      Slett
    2. Og sjukt bra er definitivt bedre enn psykt sådan. Jeg følger opp dine kommentarer på kommentarer med kommentar. Fortsetter vi slik vil 2018 bli et riktig trivelig år!

      Slett
  2. Flirer av dere over her :) Sitter med egen liste over 2018 mål, og bestemte meg for ikke å bestemme meg for mål idag, eller denne uken... Har vært så fraværende det siste året at det er skummelt, så her må det reves og rives i seilene kjenner jeg. Jeg leser dere da! Selv om jeg lister meg rundt med usynlige spor i bloggland. Kanskje fordi jeg har så dårlig samvittighet over egen innsats selv...

    SvarSlett
    Svar
    1. Blogging, lesing, kommentering, lesemålsetjing... alt dette er heldigvis frivillig. Ein treng ikkje ha dårleg samvittigheit om ein ikkje "leverer" heile tida.
      Men eg er veldig glad for at du no gir livsteikn frå deg og set spor i kommentarfeltet mitt. Du har vore sakna.

      Slett
  3. Jeg skulle ønske jeg klarte være like strukturert som deg når det gjelder å konkretisere både hva jeg har lest og hva jeg skal lese.
    Likevel har jeg greid å samle sammen 5 lesemål pluss en lesesirkel. Det bør være overkommelig, selv om jeg også studerer :-)

    Ha et riktig godt år!

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt nyttår ja!
      Eg er egentleg ein ganske ustrukturert og impulsiv lesar, så difor hjelper det meg at eg har såpass konkrete mål.
      Elles er eg imponert over folk som BÅDE studerer OG les masse utanom studiar :-)

      Slett
  4. Oioioi! Godt nyttår og lykke til med måloppnåelse! Jeg blir så stressa av slike lister at jeg må holde meg lengst mulig unna har jeg erfart... Med forholdsvis mye fritid (...) og uten at helt ekstraordinære ting skjer, håper jeg å få lest sånn omtrent like mye i år som i 2017, så da blir det å prøve å holde følge med deg- 100+ kan være greit å strekke seg etter ;o)
    Og som dere kommenterer over her: vi er nok flere som har et forbedringspotensiale når det kommer til kommentering.

    SvarSlett
  5. Enig i det siste der! Så eg har nettopp vore innom deg og kommentert:-)

    SvarSlett