312 sider
Kjøpt ebok
Eg les forholdsvis mykje ny krim og ser på meg sjølv som rimeleg oppdatert når det gjeld norsk krimlitteratur, men Roar Sørensen sin nye kriminalroman hadde gått "under radaren" for meg. Boka kom ut i november i fjor og fyrst no nyleg vart eg merksam på Mørkets blod.
Boka stadfestar det inntrykket eg fekk då eg las Magellans kors og Smertens Aveny: Roar Sørensen skriv betre enn dei fleste andre norske krimforfattarar. Han har jobba mykje som oversetjar og har t.d. omsett bøker av forfattarar som Robert Ludlum, Clive Cussler og David Baldacci. Her har han nok plukka med seg ein del inspirasjon og tips som han har brukt i sine eigne bøker.
Mørkets blod er tredje bok der antihelten Stein Inge Olsen - Stingo - er hovudperson og forteljarstemme. Som dei føregåande bøkene er denne gjennomarbeida, gjennomtenkt, velkomponert og velskriven. Handlinga er som tidlegare lagt til Filippinene, der Stingo (og forfattaren) er busett - og alt frå fyrste side skjønnar ein at dette kjem til å bli ei drivande og spesiell leseoppleving.
Omslaget er som ein kan sjå; mørkt - og det same er handlinga og stemninga i denne boka; bekmørk. I den grad det er nytta humor er den også mørk; ravnsvart. Ramma rundt forteljinga er realistisk, truverdig og forferdeleg. Det er jul, men det er lite som minner om julestemning, bjelleklang og julegleder i dei fattige bydelane i Manila. Nei, her er det snakk om fattigdom, vald, rusmisbruk og elendige butilhøve.
Roar Sørensen skildrar den filippinske hovudstaden på denne måten:
"Manila slynget seg rundt ham som en virvel av glitrende morild. En uformelig masse av stål, glass, betong og asfalt som hadde bredt seg milevis i alle retninger, med millioner av nerver, årer og celler som alle forsøkte å holde den sammen, uten å lykkes. Flere steder hadde byen vokst så fort og ukontrollert at det hadde resultert i store svulster. Der årene var tette av avfall. Der nervene hadde sendt sine siste signaler. Der cellene for lengst hadde gitt opp håpet om å vokse sammen til noe friskere og sterkere."Romanen handlar om at Joshua, sonen til Stingo, er sakna - og truleg kidnappa. Jakta på sonen og på kidnapparane fører Stingo til slumstrøka i Manila og her støyter han på mange skakkøyrde og spesielle karakterar: Ein gammal blind banjospelar, ein unggut med amputerte armar, ein annan unggut med rabies, ein einbeint mekanikar - for å nemna nokre få. Tilfeldigvis vert Stingo nesten-vitne til eit drap på ein heilt spesiell person - noko som fører til at han vert mistenkt for å stå bak dette drapet. Kven kan Stingo venda seg til med tanke på den situasjonen han no har hamna i? Ikkje politi og andre myndigheiter; desse er slett ikkje til å stola på. Men "nokon" veit - både om Joshua si forsvinning og om drapet, men er det nokon som kjenner til heile samanhengen og heile sanninga? Til fleire opplysningar Stingo (og lesaren) får, til meir forvirrande ser biletet ut til å verta. Stingo står framfor store utfordringar, på mange ulike plan, og det store spørsmålet er heile tida: Klarar han å finna sonen sin - i tide? Kor langt er Stingo villig til å gå? Kor djupt ned i elendigheiten er det muleg å nå?
Dette er i korte trekk sjølve kriminalgåta i Mørkets blod, men det er ei bok som handlar om ganske mykje anna. Fyrst og fremst er det dei levande miljøskildringane som gjer dette til meir enn ein vanleg kriminalroman. Til tider er det skremmande, rystande, ubehageleg og ekkelt, men samstundes; lærerikt og - på ein litt bisarr måte; fascinerande. Det handlar om det Stingo opplever og ser, om tankane, smertene og frustrasjonane hans - og om den grotesk svære byen med dei ufattleg mange triste skjebnane ein kan finna der. Eg tenkjer spesielt på barna - på alle dei små og heimlause som søv og lever på tilfeldige stader og som risikerer å bli utsette for vald, misbruk, overgrep - og det som verre er. Det er litt spesielt at det gjennom heile boka vert vist til mengdene av boss, avfall, søppel, rusk, rask, skrot, søle, gjørme, skitt og lort. Samt alle laushundane, rottene, kakerlakkane, termittane og anna kryp. På den måten får ein eit innblikk i kor kaotisk, farefull og skitten tilværet i slummen er.
Mørkets blod fortel ei dramatisk og gripande historie. Mykje av handlinga er tildels symbolsk og viser til ulike bibelske historiar og personar. Etter mitt syn er det bibelske og symbolske noko påklistra og merkeleg, men eg aksepterer det og er nøgd sidan lesaren får ei tilfredsstillande løysing og forklaring på det heile til slutt. Det eg set mest pris på med boka er det mangfaldige og originale persongalleriet, det eksotiske miljøet og at handlinga er så fullstendig uforutsigbar.
Mørkets blod er brutal og dyster, intenst spennande og uhyre velskriven. Anbefalast til alle som vil lesa ei krimforteljing utanom det vanlege.
Andre bloggmeiningar: Boktimmy
Kjekt å se at han er "still going strong" :)
SvarSlettEg er enig i det. Dette er ei bok som bør bli lest og ein forfattar som bør bli meir kjent.
SlettBloggstatistikken syner forresten at det har vore uvanleg mykje trafikk på denne bloggen i dag og at dette innlegget har blitt lest av mange. Forklaringa er nok at forfattaren har delt omtalen på Facebook - og følgjarane hans har truleg delt vidare. Hyggeleg det då, dersom det kan føra til positiv reklame og meirsalg for ei bra bok.
Hm, har heller ikke fått med meg denne nye boka. Men så er vel ikke Roar S på de plattformene/forumene lenger som han var mye før og da går det vel fort under radaren. Mulig Asiaforlaget er noe han selv har startet også.
SvarSlettHan har slettet meg som venn på fb, mulig han har laget nye profiler også, hva vet jeg..
Roar S er nok ganske kjent, men føler seg nok oversett av det gode selskap, ifølge ham selv. (mildt sagt)
Hvis det stemmer at du har vært en av mine FB-venner, Anita Ness, og hvis det stemmer at jeg har slettet deg, så har jeg gjort det fordi jeg ikke ønsker noen bokbloggere eller avisanmeldere som FB-venner. Hvis jeg har noen slike "venner", så er det ikke etter eget ønske.
SvarSlettJeg har også svært få forfattere som FB-venner.
Jeg liker ikke kameraderi, korrupsjon eller private nettverk i bransjen. Det bør være vanntette skott, spesielt mellom forfattere og kritikere.
Jeg har iblant tatt skarpt til motmæle mot dette uvesenet, og derfor blitt støtt ut av "det gode selskap", som du kaller det.
Ingen aviser har anmeldt "Mørkets blod" (16 fikk tilsendt boka), og dette er den eneste seriøse anmeldelsen boka har fått siden november i fjor. Ikke én bokhandel har tatt den inn heller.
Boka har så langt solgt i ca. 100 eksemplarer.
For øvrig har jeg ingen andre profiler enn min egen, selv om bl.a. Aftenposten kan bekrefte for deg at noen har operert med mitt navn og mitt bilde i kommentarfeltene. Det samme har noen gjort i et par bokblogger. Sånt har jeg ingen kontroll over.
Det stemmer at jeg har etablert Asiaforlaget selv. Jeg har i dag rettighetene til alle bøkene mine.
Ønsker du å polemisere mot meg, foreslår jeg at du sender meg en e-post i stedet for å gjøre det her.
Eg kan stadfesta at "nokon" ga seg ut for å vera Roar Sørensen og kommenterte på min blogg. Det var berre rør og direkte ondskapsfullt. Kommentaren vart sjølvsagt sletta.
SlettEg ser elles poenget og problemet med samrøre forfattarar/kritikarar/forlag. Noreg er eit lite land og både (krim)forfattarmiljø, bokbloggarmiljø og forlagsmiljø er små/avgrensa. Mange forfattarar "finn kvarandre" og støttar opp om kvarandre, - noko som forsåvidt er naturleg. Men det bør absolutt ikkje bli for nært. Kvar går grensa mellom kameratskap og kameraderi?
Å gi ut på eige forlag utan bindingar til nokon innan bokbransjen er dristig og gjer marknadsføring vanskeleg - men ein tek vare på sin eigen integritet ved å gjera det.
Kameratskap er i regelen en god ting, selv om jeg personlig ikke kjenner en eneste forfatter, men i det lille forfattermiljøet i Norge blir det fort veldig farlig.
SvarSlettMitt inntrykk er at det er veldig fint å være innenfor de "riktige" sirklene, men at det får forferdelige konsekvenser når man velger å stå utenfor. Fordi man opplever en del av dette kameratskapet som uetisk, eller rett og slett fordi man ikke ønsker å være en del av det.
Da stenges raskt alle dører, og da mener jeg virkelig alle.
Ingenting av dette merkes av dem på "innsiden". For dem er dette kameratskapet ganske enkelt naturlig. Man "finn kvarandre og støttar opp om kvarandre". Hva er galt med det?
Vel, det blir galt når man anmelder hverandre, inviterer hverandre, intervjuer hverandre, gir hverandre rosende omtaler, blurber, stipender, nominasjoner og priser, og stenger kritiske stemmer ute.
Når mange i media også beveger seg innenfor de samme sirklene, blir det enda verre.