10. april 2021

Bokomtale: Friheten av Arne Dahl

Cappelen Damm 2021
398 sider
Kjøpt papirbok

"Friheten" er ein tittel som kan oppfattast positivt, men Friheten har ei heilt anna tyding i denne boka - ikkje spesielt overraskande for oss som har kjennskap til bokserien frå før. Her er Friheten ein plass der det forgår tortur, overgrep og drap - og det som rår der er vald, grådigheit og rein ondskap. 

Etter å ha lest - og likt - dei tre fyrste bøkene Utmarker, Innland og Åpen sjø, fekk eg på mange måtar det eg forventa i bok nummer fire - Friheten. Det er ei mørk forteljing; ein intens og tett thriller. Tidvis er det så ulideleg spennande at ein vert kortpusta og kjenner pulsauke medan ein blar vidare til neste side. Boka er nesten umuleg å leggja frå seg, samstundes er det så nervepirrande at ein nesten ikkje orkar å lesa vidare - men så gjer ein sjølvsagt det. Mot slutten, når pusten og pulsen er i ferd med å normalisera seg, får ein så ein sjokkerande cliffhanger på siste side.

Mykje kunne tyda på at Åpen sjø var den avsluttande boka i forteljinga om Sam Berger og Molly Blom, men så dukka dei jammen opp igjen. Og det blir altså fleire bøker. I eit forfattarmøte i samband med Krimfestivalen kunne Arne Dahl fortelja at han no er i gang med den femte boka.

Stikkorda trafficking, menneskehandel og mafiaverksemd kan gje ein peikepinn om kva boka ytre sett handlar om. Antagonisten er ein av det fælaste og mest motbydelege eg har møtt i ei bok nokon gong. Elles får eg assosiasjonar både til Stieg Larsons Salander/Blomkvist og til Lars Keplers Linna/Bauer når eg les om Berger & Blom. Samt til Arne Dahls eigne Paul Hjelm og Kerstin Holm (i A-gruppen), i måten dei utfyller kvarandre på.

Både Sam Berger, Molly Blom og bestevenen Deer vert utsette for ekstreme fysiske påkjenningar og kjenslemessige utfordringar i boka. Berger og Blom sitt forhold er heilt spesielt; det er ikkje "avklart" sjølv om dei no har fått eit barn saman. Det virkar ikkje som dei har full kontroll, verken på seg sjølv eller kvarandre - og dei er på sett og vis nokre upålitelege hovudpersonar. Ein veit liksom aldri kva dei kan finna på og kva det neste steget blir. Og det blir knapt med tid til venskap, kjærleik og erotikk når andre og viktigare ting står på spel. 

Eg har lest svært mange av bøkene til Arne Dahl og han er absolutt ein av mine favorittforfattarar. Eg likar både Utmarker-serien og A-gruppen-serien, sjølv om dei er veldig ulike. I serien om A-gruppen handlar det om heile etterforskargruppa, og både familieliv, politikk, historie og kultur har ein viss plass i dei ulike bøkene. I serien om Berger og Blom har slike ting minimal plass. Her er det meir rett på sak - og det er det mørke, det psykologiske og det ekstreme som er i fokus. Enkelte av personane frå A-gruppen-bøkene dukkar forresten opp i denne serien. 

Forfattaren sparar ikkje på virkemidlane når det gjeld skildringar av skrekk, ondskap og brutalitet denne gongen. Deler av innhaldet er rett og slett ubehageleg og skremmande lesnad - og eg tenkjer at forfattaren må ha hatt litt av ei reise medan han har jobba med Friheten. Etter kvart blir det veldig mange parterte lik, og blodige kroppsdeler dukkar opp på dei utrulegaste plassar. Slikt er ikkje særleg sannsynleg eller realistisk, men effektfullt - det er det, i høgste grad.
Det er likevel ikkje det brutale og groteske som gjer boka så ekstremt spennande. Det som er avgjerande er den psykologiske spenninga og dei forventningane som lesaren får undervegs.

Friheten er ei dramatisk og rystande forteljing - og eg grugledar meg verkeleg til oppfølgjaren. 

Andre bloggmeiningar:
Bjørnebok, som er kritisk til dei blodige valdsskildringane. Eg ser at han har eit poeng, men eg har likevel konkludert med eit heilt anna terningkast.
Henningbokhylle, som er veldig begeistra og gir terningkast 6.
I bokhylla, som meiner boka er lettlest, men inneheld for mykje drama.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar