30. september 2013

Bokomtale: Carmen Zita og døden av Karin Fossum

Cappelen Damm 2013
216 sider

Karin Fossum er aktuell i desse dagar: Ho er ute med den ellevte boka i serien om politietterforskar Sejer og vart nyleg tildelt Amalie Skram-prisen for forfattarskapet sitt. Eg har lest alle krimbøkene hennar og har likt dei ganske godt (unntaket er den oppskrytte Elskede Poona, som eg ikkje likte). Eg tykkjer Fossum vanlegvis er god på å skildra uhyggestemningar og psyken til menneske som er "utanfor normalen".

Carmen Zita og døden var ei bok eg både likte og mislikte. Historia og plottet er gripande og interessant, - men sidan dette skulle vera ein kriminalroman, forventa eg litt spenning - noko eg ikkje fekk. For sjølv om ei krimbok har ein langsam og dvelande i stil, bør ho vera fengande og spennande for lesaren.

Eit ungt par mistar barnet sitt; 16 månader gamle Tommy vert funnen død i ein dam like ved heimen. Både Sejer og kollega Skarre føler at noko gale har skjedd og at mora Carmen kanskje skjuler noko. Foreldra har svært ulik sorgreaksjon; medan faren ser ut til å "grava seg ned" i sorga, fokuserer Carmen på framtida og eit nytt barn så snart som råd. Vesle Tommy hadde Downs syndrom - og den unge mora hadde store problem med å takla kvardagen med eit funksjonshemma barn. Ho føler seg friare og gladare når barnet ikkje finst lenger - ein litt ubehageleg reaksjon, men kan ein sei at det er unormalt å reagera på den måten? Gjennom funderingane til Sejer peikar Fossum på det tankekorset at i dag vert dei fleste foster med Downs syndrom abortert...
Slike tankar er interessante - og vanskelege.

Eg tykkjer Konrad Sejer er ein lite spennande hovudperson, - han er så skikkeleg (og stakkarsleg, på ein måte) så han vert kjedeleg. Det same kan ein sei om kollega Skarre - han er ein person utan karakter. Eg føler at eg vert betre kjend med den nye hunden til Sejer, Frank. Og nettopp Frank kjem til å spela ei viss rolle i oppklaringa av saka. Ei oppklaring og ei løysing som eg tykkjer er ganske søkt og lite truverdig.

Karin Fossum brukar eit enkelt og presist språk, utan jåleri, og har vakre skildringar av stemningar og kjensler. Carmen Zita og døden er ei bok med ei trist stemning og eit sørgeleg tema. Ikkje på høgde med dei beste frå Fossum, men heller ikkje dårleg. Terningkast fire minus.

8 kommentarer:

  1. Ser du ikke syns denne var en pose m sånn som jeg sa. Sånn kan det gå. Kanskje jeg var preget av å ha tilbragt kvelden med forfatteren, og sett henne motta Amalie Skram prisen. Jeg tenker i alle fall tilbake på leseopplevelsen med glede.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg registrerer at me har ulike opplevingar av og meiningar om den same boka. Slik er det berre. Og: eg respekterer sjølvsagt alltid andre sine meiningar.

      Slett
  2. Denne ligger i ventestabelen min, men jeg har ikke lest noen av bøkene om Sejer enda, og jeg har et megastort behov for å lese ting i kronologisk rekkefølge, så det blir nok en stund til jeg leser denne kan du si :P Flott omtale forresten :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Sejer-bøkene er frittståande og treng ikkje nødvendigvis lesast kronologisk.

      Slett
  3. Likte du ikke Elskede Poona? Den likte jeg, mens denne om Carmen Zita ble for spekulativ for meg, dessverre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Slik er det. Enkelte bøker passar ikkje - og andre gjer. Og folk er forskjellige og har ulike livssituasjonar.

      Slett
  4. Jeg er vel ikke størst fan av Fossum sine bøker, og til å være krim var denne langt fra spennende i hvert fall. Tema er interessant og det var en trist stemning og en del gode skildringer i boka. Jeg synes Carmen var vanskelig å få taket på, hun hørtes helt iskald ut...noe hun tydeligvis også var! De andre karakterene var mer troverdige synes jeg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig i at Fossum er god på skildringar. Det er ei gjennomgåande vemodig stemning i denne boka.

      Slett