18. november 2018

Haustlesing - "Nye" krimforfattarar

Eg les mykje krim, og tykkjer difor at det er interessant å få tips om (for meg) ukjende krimforfattarar. Her følgjer ein samleomtale med bøker frå ein tysk, ein britisk og ein dansk krimforfattar: Ein historisk krim, ein politikrim og ein spenningsroman.


Den våte fisken av Volker Kutcher
Bazar 2011
508 sider
Lånt papirbok biblioteket


Handlinga er lagt til mellomkrigstida, nærare bestemt til Weimarrepublikken. Det uvande bakteppet gjer boka interessant. Dette var ei tid med store utfordringar, både politisk og menneskeleg. Hovudpersonen er ein ung politimann i Berlin.

TV-serien Babylon Berlin baserer seg på denne boka. Eg såg nokre få TV-glimt og fekk då eit heilt anna inntrykk av stemninga enn den eg fekk gjennom boka. Medan eg las tenkte eg at det var grått, mørkt og langsamt. TV-bileta var derimot fargesterke og med raske sceneskift. Serieskaparane har lagt vekt på det dekadente og sære, men i boka har ikkje dette noko særleg fokus.

Eg oppfatta fyrste del av Den våte fisken som omstendeleg, uoversiktleg og tunglest. Eg las likevel vidare i håp om at det skulle bli betre etter kvart. Det vart det egentleg ikkje, men eg fullførte då heile boka. Terningkast 3.


Nå ser du meg av S.J. Bolton
Cappelen Damm 2014
Speletid 12:10
Storytel


Det "kryr" av dyktige britiske krimforfattarar og det skal godt gjerast å få med seg alt som blir utgitt. Sharon Bolton, eller S.J. Bolton som ho óg vert kalla, er ein av dei eg ikkje har lest noko av tidlegare.

Nå ser du meg er fyrste bok i serien om politikvinna Lacey Flint. Det er ein politikrim der hovudpersonen vert ualminneleg sterkt involvert i ei pågåande seriemordarsak. Under lesinga fekk eg assosiasjonar til både Mo Hayder, Val McDermid og Minette Walters sine bøker.

Splitter gale seksual-, sadist- og seriemordarar er heldigvis høgst uvanleg, men det finst nokre eksempel på slike monster frå det verkelege. Den mest bestialske, myteomspundne og uoppklarte av dei alle er Jack the Ripper. I Nå ser du meg handlar det om ein som kopierer metodane til den skremmande drapsmannen som terroriserte London på 1880-talet.

Nå ser du meg er ingen kosekrim: Sarte sjeler må vera obs på at boka inneheld nokså blodige skildringar. Terningkast 4.



Hengte hunder av Jens Henrik Jensen
Lydbokforlaget 2018
Speletid 12:22
Lånt lydbok biblioteket


Fyrste del av trilogien Oxen lovar bra. Krigsveteran og eks-elitesoldat Niels Oxen er hovudperson og (anti)helt i ei småspennande krimforteljing frå den danske villmarka. Denne Oxen har meldt seg ut av samfunnet etter traumatiske opplevingar og slått leir i skogen saman med hunden sin. Her (over)lever han av det naturen byr på og det han kan finna på avfallsplassar. Ein dag finn han tilfeldigvis ein hengd hund og ein livlaus person. Offeret viser seg å vera ein så mektig mann at etterretningstenesta vert kobla inn i saka.

Oxen vert fyrst mistenkt for ugjerninga, men saka utviklar seg og han vert delvis mot sin vilje involvert i etterforskinga. Det dukkar nemleg opp fleire døde menn og fleire hengde hundar. Hyppige perspektivskift og ulike forteljarstemmer gjer historia uforutsigbar, men det heile blir vel vidløftig og konspiratorisk til tider. Terningkast 4. 

10 kommentarer:

  1. Hei. Vet ikke om du har hørt om J.D Barker. Han var ihvertfall ny for meg da jeg leste hans krim, Den fjerde ape. Jeg er dristig nok til å anbefale den.

    SvarSlett
  2. Har aldri høyrt om forfattaren. Skal sjekkast. Takk for tips!

    SvarSlett
  3. Jeg har ikke lest noen av disse, og etter et blikk på terningkastene dine tenker jeg at jeg kan hoppe over dem også. Nå leser jeg din brors bok. Jeg hentet mine første progressive briller idag og lovet meg selv å ikke ta dem av, men med den tåreflommen måtte jeg bytte til de gamle Nillebrillene. Han kan jo skrive jo! Det er nesten rart å føle begeistring over en bok, når handlingen er så grusom, og så grusomt sann

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg skjønnar boka til Knut har gjort inntrykk. Det er forståeleg.

      Slett
  4. Hei du; har du lese "åstedet" av Jodi Picoult?

    Annleis, men du verda, likte den godt

    mvh
    Ivan

    SvarSlett
    Svar
    1. Både bok og forfattar er ukjent for meg. Takk for tips!

      Slett
    2. Du kan kanskje skaffe meg boki hass Knut og du, Sjekk opp Andrew Vachss og, ein smule spesiell stil men bra! For ikkje å snakke om Jonathan Kellerman, særleg dei tre - fire fyrste.

      Slett
    3. Hei Anonym, som eg kanskje kjenner?
      "Boki hass Knut" kan du få tak i ved å senda ein mail til knut.roneid@gmail.com.

      Slett
  5. Hei du, ja det kan henda me sjåast ved påsketider, har du lese "Kinderwhore" av Maria Kjos Foss?

    SvarSlett
    Svar
    1. Javel? Eg skjønnar ikkje kven du er, men skal halda augene opne i påsken :-)

      Kinderwhore har eg ikkje lest. Norske samtidsromanar er ikkje det eg er gladast i, for å sei det slik. Men eg har lagt merke til denne boka, så det er muleg eg kjem til å lesa ho på eit seinare tidspunkt.

      Slett