Dei gamle er som kjent eldst - men er dei også best?
Krimforfattarane Jan Mehlum (f. 1945), Gunnar Staalesen (f. 1947) og Chris Tvedt (f. 1954) har alle gitt ut nye bøker i haust. Eg har lest bortimot alt desse tre forfattarane har gitt ut tidlegare og som oftast har bøkene deira vore gode leseopplevingar for meg. Forventningane mine til årets bøker var såleis høge, men eg var også spent:
Er dei i stand til å fornya seg og vera aktuelle? Eller er dei utbrukte og falma på sine gamle dagar? Går alt på rutine og erfaring? Kva med "heltane"; Svend Foyn, Varg Veum og Mikael Brenne - held dei framleis koken? Tek dei til å bli litt slitne etter så lang tid med krevjande etterforsking?
Mehlum, Staalesen og Tvedt har mykje felles. Alle tre brukar kriminallitteratur til å setja søkjelys på aktuelle saker i samfunnsdebatten og dei skriv alle realistisk, truverdig og oppriktig. Bruk av ironi og ein stødig skrivestil er også noko dei har felles. Både Veum og Brenne jobbar og bur i Bergen medan Foyn held til i Tønsberg. Brenne og Foyn er advokatar/ etterforskarar, Veum er privat etterforskar. Alle tre jobbar hovudsakleg åleine i sakene dei vert involverte i.
Årets bøker er nummer 7 i serien om Mikael Brenne, den 17. om Svend Foyn og den 21. i Varg Veum-serien.
Speletid 8:51
Lånt lydbok biblioteket
Med forsvarsadvokat Mikael Brenne som hovudperson og med eit samfunnsaktuelt bakteppe leverer Chris Tvedt både underhaldning og engasjement. Boka opnar på ein høgdramatisk måte, og spenninga vert til ein viss grad halden ved like gjennom boka. Undervegs er det imidlertid tendens til overforklaringar og omstendelege resonnement. Kritikken mot politi og psykiatri er til dei grader overtydeleg i denne forteljinga, men miljøskildringane er, som alltid hos Tvedt, gode og presise.
Lasse Lindtner si dialekt og stemme passar naturlegvis bra til ein bergensroman som dette, men han overdriv og er liksom for flink. Dette er opplesing av ei lydbok og ikkje teater, Lindtner. Terningkast 4-.
396 sider
Lånt ebok eBokBib
Mehlum har framleis ein skarp og vittig penn. Bakgrunnen for den syttande Svend Foyn-forteljinga er i høgste grad aktuell: Det handlar om flyktningsituasjonen i Noreg og Europa. Ei dramatisk hending fører til at advokat Foyn får ei sak så og seie rett i fanget, og det viser seg at saka har mange og vide forgreiningar. Etter kvart reiser Foyn til øya Lesbos for om muleg finna ut av flokene. Her lever som kjent tusenvis av asylsøkjarar undervanskelege uhaldbare forhold.
Svend Foyn er ein noko lurvete, men velmeinande og sjarmerande advokat/etterforskar. Dottera hans, Jaguaren hans, hunden Hulda samt overrettssakførar Salvesen og (no eks-)politietterforskar Mørk har som vanleg ein plass i handlinga. Kvar bok i serien er frittståande og ein treng ikkje lesa dei 16 føregåande bøkene for å ha glede av Hvit engel, svart natt. Terningkast 4+.
Speletid 9:36
Lånt lydbok biblioteket
Handlinga i Utenfor er hundene kan minna om den pågåande Dark Room-saka og dei tragediane og brotsverka som er knytt til den. Boka er eit slags framhald av Ingen er så trygg i fare, der Varg Veum vart trekt inn i ei omfattande overgrepssak.
I boka finn ein truverdige karakterar, gode dialogar og samfunnsaktuelle problemstillingar. Stemninga er mørkare enn vanleg hos Staalesen og stilmessig er det langsamt - på grensa til tregt. Opplesaren av lydboka les også seint og dessutan litt nølande til tider - men har "riktig" dialekt.
Eg har alltid tykt at Varg Veum og Svend Foyn har mykje til felles; begge er velmeinande og hardtarbeidande, dei har trøbbel med autoritetar og dei er begge herleg og syrleg ironiske. Både Veum og Foyn erfarar at den krevjande jobbsituasjonen deira går ut over privatliv og kjæresteforhold. Eg likar begge to - og tenk; i denne boka møtest dei! Ein krimentusiast set verkeleg pris på slike grep.
Gunnar Staalesen er framleis i stand til å skriva engasjerande og tankevekkjande kriminalromanar, men eg vil hevda at han - i likskap med Chris Tvedt og Jan Mehlum - har vore enno betre ved tidlegare høve. Terningkast 4+.
Krimforfattarane Jan Mehlum (f. 1945), Gunnar Staalesen (f. 1947) og Chris Tvedt (f. 1954) har alle gitt ut nye bøker i haust. Eg har lest bortimot alt desse tre forfattarane har gitt ut tidlegare og som oftast har bøkene deira vore gode leseopplevingar for meg. Forventningane mine til årets bøker var såleis høge, men eg var også spent:
Er dei i stand til å fornya seg og vera aktuelle? Eller er dei utbrukte og falma på sine gamle dagar? Går alt på rutine og erfaring? Kva med "heltane"; Svend Foyn, Varg Veum og Mikael Brenne - held dei framleis koken? Tek dei til å bli litt slitne etter så lang tid med krevjande etterforsking?
Mehlum, Staalesen og Tvedt har mykje felles. Alle tre brukar kriminallitteratur til å setja søkjelys på aktuelle saker i samfunnsdebatten og dei skriv alle realistisk, truverdig og oppriktig. Bruk av ironi og ein stødig skrivestil er også noko dei har felles. Både Veum og Brenne jobbar og bur i Bergen medan Foyn held til i Tønsberg. Brenne og Foyn er advokatar/ etterforskarar, Veum er privat etterforskar. Alle tre jobbar hovudsakleg åleine i sakene dei vert involverte i.
Årets bøker er nummer 7 i serien om Mikael Brenne, den 17. om Svend Foyn og den 21. i Varg Veum-serien.
Bevisets stilling av Chris Tvedt
Lydbokforlaget 2018Speletid 8:51
Lånt lydbok biblioteket
Med forsvarsadvokat Mikael Brenne som hovudperson og med eit samfunnsaktuelt bakteppe leverer Chris Tvedt både underhaldning og engasjement. Boka opnar på ein høgdramatisk måte, og spenninga vert til ein viss grad halden ved like gjennom boka. Undervegs er det imidlertid tendens til overforklaringar og omstendelege resonnement. Kritikken mot politi og psykiatri er til dei grader overtydeleg i denne forteljinga, men miljøskildringane er, som alltid hos Tvedt, gode og presise.
Lasse Lindtner si dialekt og stemme passar naturlegvis bra til ein bergensroman som dette, men han overdriv og er liksom for flink. Dette er opplesing av ei lydbok og ikkje teater, Lindtner. Terningkast 4-.
Hvit engel, svart natt av Jan Mehlum
Gyldendal 2018396 sider
Lånt ebok eBokBib
Mehlum har framleis ein skarp og vittig penn. Bakgrunnen for den syttande Svend Foyn-forteljinga er i høgste grad aktuell: Det handlar om flyktningsituasjonen i Noreg og Europa. Ei dramatisk hending fører til at advokat Foyn får ei sak så og seie rett i fanget, og det viser seg at saka har mange og vide forgreiningar. Etter kvart reiser Foyn til øya Lesbos for om muleg finna ut av flokene. Her lever som kjent tusenvis av asylsøkjarar under
Svend Foyn er ein noko lurvete, men velmeinande og sjarmerande advokat/etterforskar. Dottera hans, Jaguaren hans, hunden Hulda samt overrettssakførar Salvesen og (no eks-)politietterforskar Mørk har som vanleg ein plass i handlinga. Kvar bok i serien er frittståande og ein treng ikkje lesa dei 16 føregåande bøkene for å ha glede av Hvit engel, svart natt. Terningkast 4+.
Utenfor er hundene av Gunnar Staalesen
Lydbokforlaget 2018Speletid 9:36
Lånt lydbok biblioteket
Handlinga i Utenfor er hundene kan minna om den pågåande Dark Room-saka og dei tragediane og brotsverka som er knytt til den. Boka er eit slags framhald av Ingen er så trygg i fare, der Varg Veum vart trekt inn i ei omfattande overgrepssak.
I boka finn ein truverdige karakterar, gode dialogar og samfunnsaktuelle problemstillingar. Stemninga er mørkare enn vanleg hos Staalesen og stilmessig er det langsamt - på grensa til tregt. Opplesaren av lydboka les også seint og dessutan litt nølande til tider - men har "riktig" dialekt.
Eg har alltid tykt at Varg Veum og Svend Foyn har mykje til felles; begge er velmeinande og hardtarbeidande, dei har trøbbel med autoritetar og dei er begge herleg og syrleg ironiske. Både Veum og Foyn erfarar at den krevjande jobbsituasjonen deira går ut over privatliv og kjæresteforhold. Eg likar begge to - og tenk; i denne boka møtest dei! Ein krimentusiast set verkeleg pris på slike grep.
Gunnar Staalesen er framleis i stand til å skriva engasjerande og tankevekkjande kriminalromanar, men eg vil hevda at han - i likskap med Chris Tvedt og Jan Mehlum - har vore enno betre ved tidlegare høve. Terningkast 4+.
Synd at innleser ødela litt for leseopplevelsen av Chris Tvedt sin krim, for den er i mine øyne verdt mer enn 4-. Jeg har ikke lest så mye av Jan Mehlum, så jeg kastet ikke opp hatten da Foyn sitt navn dukket opp i Staalesens bok. Tenkte bare at dette har andre norske forfattere gjort før, så intet nytt under solen. Jeg er enig med deg at Staalesens siste var litt "treg", jeg trenger litt mer spenning, blod og gørr :)
SvarSlettOpplesar har mykje å bety når det gjeld lydbøker. Eg merkar eg blir meir og meir kresen.
Slett