12. mai 2026

Bokomtale: Det finmaskede nettet av Håkan Nesser

Gyldendal 2026
348 sider
Lånt papirbok biblioteket

Så er forteljinga om Gunnar Barbarotti over. Det vart ti bøker, det same som Van Veeteren-serien, og det finst óg ei bok der begge er med, De venstrehendtes forening.
21 bøker tilsaman altså - og som forfattaren påpeikar i etterordet i Det finmaskede nettet: slår ein saman tal bokstavar i namna Barbarotti og Van Veeteren - får ein 21. (Eg nemner dette fordi kodar og tal er ein del av forklaringa på mysteriet som vert omhandla i denne siste boka.)

Den fyrste boka om Van Veeteren kom ut i 1993 og har tittelen Det grovmaskede nettet - og etter vel 30 år er ringen slutta med Barbarotti og Det finmaskede nettet. Fiffig. Og samstundes så interessant at eg rett og slett får lyst til å lesa alle 21 bøkene ein gong til, og då i rett kronologisk rekkefølge, - noko eg ikkje gjorde fyrste gong. 

Det er fleire grunnar til at eg er begeistra for Nesser sine bøker. Noko av det eg tykkjer er så bra er at han alltid har intrikate historiar, gjennomtenkte plott, fine skildringar, elegante overgangar, og eit godt og stødig språk. Dessutan trur eg at eg har same form for humor som Nesser. Eg humrar rett som det er av den tørre humoren. Over ironiske og artige karakteristikkar, skarpe observasjonar, pussige ordspel og merkelege tankerekker. Men framfor alt meiner eg at det er karakterane som gjer bøkene så leseverdige. Hovudpersonar og bipersonar er tydelege og vert skildra med forståing og hjertevarme. Dei framstår som oftast både sterke og svake, og med både gode og mindre gode eigenskapar.

Til vanleg er det krim av den raske, mørke og meir hardbarka typen eg likar best, men eg har altså likevel stor sans for Nesser sine meir litterære og saktegåande krimromanar. Barbarotti-serien (og dels Van Veeteren-serien) er ein type feelgood-krim. Sjølv om det er krim og det handlar om mord, vald, ondskap og galskap, gjer humoren og ironien at det vert mindre ubehageleg å lesa om. Det underfundige og kvardagsfilosofiske er dessutan blitt meir påfallande i dei siste bøkene. Så ja, feelgood som sagt, men ikkje av det overforklarande og fordummande slaget. Eg vil påstå at Nesser sine krimromanar passar både for ihuga krimlesarar og for folk som elles ikkje les noko særleg av denne sjangeren. 

Men tilbake til Det finmaskede nettet. Gunnar Barbarotti og sambuaren/kollegaen Eva Backman er i ferd med å avslutta arbeidslivet sitt. Som pensjonistar skal dei flytta til Gotland, der også Asunander, den tidlegare sjefen deira, har busett seg. Asunander er svært oppteken av ei uløyst kriminalsak og ynskjer hjelp frå dei nybakte pensjonistane. (Forfattaren bur forresten sjølv på øya, men for tida er han i fengsel

Saka har koblingar til Gotland, og Barbarotti og Backman granskar, søker, leitar og pratar seg gjennom saka. Det er litt snirklete, litt pludrete, litt langsamt, - men absolutt underhaldande. Eg trudde at eg såg samanhengar og at eg skjønte mysteriet ganske tidleg, men Nesser kjem sjølvsagt med ein uventa vri og ei overraskande løysing. 

Boka har fleire ulike perspektiv, tydelege forteljarstemmer, er lettlest og har bra driv. Skrivestilen er typisk Nesser; lett tilgjengeleg, men finurleg. Sjølv om det (mest sannsynleg) er siste bok i serien kan ho lesast åleine - og kanskje også som ein introduksjon til serien/forfattarskapet. 
Avslutninga er emosjonell utan å vera klissete sentimental.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Eg elskar alle dei 21 bøkene om Van Veeteren og Barbarotti, men når det er sagt; eg elskar ikkje alle like mykje. Slik eg hugsar dei no er favorittane mine følgjande: Tilbakekomsten (Van Veeteren #3), Carambole (Van Veeteren #7), Svalen, katten, rosen, døden (Van Veeteren #9), Menneske uten hund (Barbarotti #1), En helt annen historie (Barbarotti #2) og De sørgende (Barbarotti #5). Eg las alle desse i "førbloggtid". Eller kanskje eg las dei medan eg hadde den andre bloggen (som no er sletta).

På denne bloggen finst desse Nesser-omtalane: 
Van Veeteren (serieomtale)
Og Piccadilly Circus ligger ikke i Kumla (frittståande)
Levende og døde i Winsford (frittståande)
Eugen Kallmanns øyne (frittståande)
Halvmorderen (frittståande)
Elleve dager i Berlin (frittståande)
Barins triangel (tre kortromanar)
De venstrehendtes forening (Van Veeteren og Barbarotti)
Den sørgmodige bussjåføren fra Alster (Barbarotti #6)
Sjakk under vulkanen (Barbarotti #7)
Det kom et brev fra München (Barbarotti #8)
Ung manns ferd mot natt (Barbarotti #9)

Det er muleg at det blir gjenlesing av Van Veeteren for meg til sommaren, om ikkje andre bøker "kjem i vegen".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar