30. desember 2019

Årsstatistikk 2019

På årets nest siste dag er statistikken klar. Eg brukar eit excelark der eg fører inn alle relevante opplysningar etter kvart, noko som gjer det fort og enkelt å få oversikt. I fjor las eg 94 bøker - og i skrivande stund har eg lest 93 i år. I løpet av morgondagen kjem eg til å lesa ferdig ei av dei påbyrja bøkene mine, og dermed havnar eg på nøyaktig same tal som for 2018.

Denne oversikten består for det meste av tørre tal, til nytte for meg sjølv og muligens bittelitt interessant for andre. Ein meir utfyllande årsoppsummering samt nokre ord om bokåret 2020 kjem seinare. Som vanleg kjem det óg ein månadsoppsummering for desember, anten i morgon eller neste dag (år).

Lese- og bloggeåret 2019 

(Fjorårets tal i parentes)

Fullstendig oversikt
Fjorårets statistikk

Til saman
  94 bøker (94)

Sjanger
  61  krim-, thriller- og spenningsromanar (67)
  12  andre romanar (10)
  15  sakprosa (16)
    - av desse 9 biografiar (10)
  4 novellesamlingar (4)

Format
 38  papirbøker (39)
 18  ebøker (25)
 38  lydbøker (30)

Alder
 53 av bøkene var utgitt i åra 2000 - 2018 (44)
 34  i 2019 (42)
  - av dei 13 norske (21)
 Utgitt før 2000: 7 (6)

Kjelder
 55  lånt - privat, bibliotek og eBokBib (64)
 25  Storytel-abonnement (14)
 12  kjøpt sjølv (16)
 3 bøker fått i gåve (1)
 Lese-/lytteeksemplar: 0 (0)

Terningkast
 Terningkast 6: 1 bok (1)
 Terningkast 5: 31 bøker (31)
 Terningkast 4: 43 (46)
 Terningkast 3: 14 (15)
 Terningkast 2: 0 (0)
 Terningkast 1: 0 (0)

Forfattarar
 25 "nye" forfattarar (25)

Kjønn
 68 bøker skrivne av menn (65)
 28 av kvinner (30)

Nasjonalitet
 48 bøker skrivne av norske forfattarar (36)
 19 av svenske forfattarar (16)
 11 britiske (16)
 5 danske (6)
 4 franske (0)
 3 amerikanske (8)
 2 finske (1)
 2 islandske (1)

I 2019 las eg flest bøker av
 Tor Åge Bringsværd: 5
 Sharon Bolton: 3
 Peter May: 3
 Fred Vargas: 3
 Christoffer Carlsson: 2
 Frank Aarebrot: 2
 Jørgen Jæger: 2
 Håkan Nesser: 2
 Roar Sørensen: 2
 Tommi Kinnunen: 2
 Robert Dugoni: 2
 Levi Henriksen: 2
- Dei øvrige: 1 av kvar

Elles:
 3 av bøkene eg las var på over 600 sider (6)
 1 bok på svensk, resten på norsk
 Eg fullførte alle påbyrja bøker

Forlag
Eit nytt element av året som eg har sett på for moro skuld. Som regel har eg ikkje tanke på kven og kva som gir ut bøkene eg les, så eg var litt nysgjerrig på kva statistikken sa om dette. Størsteparten av bøkene som vert utgitt her i landet kjem frå dei tre store Cappelen Damm, Aschehoug og Gyldendal. "Mine" bøker i 2019 avspeglar dette. At det er så mange CD-bøker her skuldast fyrst og fremst at Cappelen Damm er det største forlaget her i landet, samt at eg har satsa på lydbøker frå Storytel (der CD er tungt inne på eigarsida).

 30 Cappelen Damm
 18 Gyldendal, 4 av dei via Lydbokforlaget
 13 Aschehoug, 2 av dei via Lydbokforlaget
og vidare:
 5 Goliat
 5 Kagge
 5 Vigmostad Bjørke
 4 Capitana
 2 Asiaforlaget
 2 Pax
 2 Gursli Berg
og 1 bok frå kvar av forlaga Font, Juritzen (som no heiter Pioner), Oktober, Samlaget, Pelikanen, Pilar, Spartacus og Bookmark förlag.

Bloggen
 57 blogginnlegg (71)
 23 bokomtalar (31)
 13 samleomtalar (16)
 Mest leste blogginnlegg: Påskekriminnlegget Gule bøker

Eg vil nytta høvet til å ynskja alle lesarar og følgjarar ei fortsatt god romjul!

19. desember 2019

Kort om: Miraklenes natt av A.J. Kazinski

Lydbokforlaget 2019
Speletid 12:28
Kjøpt lydfil


Bok nummer fem i serien om Niels Bengtson er langsam og omstendeleg, men svært spennande likevel. Det er sanneleg godt gjort av forfattarane å halda spenninga og intensiteten oppe gjennom heile boka.

Døden er eit sentralt tema i Miraklenes natt. Døden - men også livet - samt jakta på mirakelet. Hannah er dødssjuk og har lagt ut på ei siste reise, i eit desperat forsøk på å bli frisk, å finna eit mirakel. Ho reiser fyrst til Lourdes, deretter til Jerusalem. Her i denne heilage byen oppsøker ho dei stadene som er så sentrale i kristendommen, som Via dolorosa. Samstundes jobbar Niels heime i København med ei spesielt grotesk sak der ein ung mann er blitt torturert til døde - på eit kors.

Niels og Hannah sitt privatliv og dei utfordringane dei står ovanfor er eit ekstra spenningsmoment i forteljinga. Den kjærleiken dei kjenner for kvarandre er så vakker - og står i sterk kontrast til dei ugjerningane den hakkende gale mordaren utfører. Sjølv om denne gjerningspersonen i eigne auge gjer noko vakkert og riktig når han "ofrar".

Eg har lest dei fire foregåande bøkene som lydbok, og valde det denne gongen óg. Haakon Strøm si stemme er heilt perfekt for denne serien, tykkjer eg. Men tidvis kjenner eg at eg mistar konsentrasjonen når eg lyttar til boka: Dei svevande tankane og dei mange religiøse fabuleringane gjer meg ein smule utålmodig og uinteressert. Samstundes er det viktig å få med seg resonnement og tankerekker som er relevante for den etterforskinga det vert fortalt om.

Bak forfattarnamnet A.J. Kazinski står dei to danskane Anders Rønnow Klarlund og Jacob Weinreich. Med Niels Bengtson-serien har dei to skapt ein original krimserie med ein heilt særeigen stil; ein slags blanding av etterforskarkrim, eventyr og mystikk. Eg likar krimdelen best, men "heng med", i alle fall til ein viss grad, når det gjeld dei avsnitta som har med teologi/mytologi og vitenskap å gjera.

Sjølv om eg var førebudd på ei urealistisk handling vart det litt mykje denne gongen, så boka nådde ikkje heilt til topps hos meg. Likevel må eg konkludere med at Miraklenes natt er ein fantasifull, underhaldande og tankevekkjande roman. 

5. desember 2019

Bokomtale: Drapet på Entry Island av Peter May

Goliat forlag 2019
428 sider
Lånt ebok

Entry Island ligg i øygruppa Magdalen Islands som ligg mellom dei meir kjende stadene Nova Scotia og Newfoundland og er ein del av den kanadiske provinsen Quebec. Den vesle øya (6 km²) er eit engelsktalande samfunn med omlag 130 innbyggjarar, medan resten av øygruppa, i likskap med størsteparten av denne provinsen, er fransktalande.

Dette språklege er grunnen til at Sime Mackenzie vert ein del av etterforskargruppa når det har skjedd ein mord på Entry Island. Den drepte var rik og mektig og kan ha fleire potensielle fiendar, men alt tyder på at ektefellen, den vakre og eksentriske Kirsty, er den skuldige. Som engelsktalande er Sime ansvarleg for dei fyrste avhøyra av den mistenkte, men alt frå fyrste stund føler han at det er noko som ikkje stemmer. Han får dessutan umiddelbart ei kjensle av at han kjenner Kirsty, sjølv om han ikkje kan ha møtt henne tidlegare. Korleis kan dette forklarast?

Hovudpersonen Sime er ein noko tung og dyster karakter; deprimert etter samlivsbrot og prega av ei personleg krise som forverrar seg i løpet av etterforskinga. I tillegg vert han uforklarleg betatt/besatt av den mistenkte. Og som ikkje dette er vanskeleg nok vert det heile ytterlegare komplisert ved at eksen hans er med i etterforskarteamet. May skildrar Sime sine frustrasjonar, draumar og tankar på ein overbevisande måte. Overbevisande er óg skildringane av miljø, verforhold og samfunnsforhold på ein slik aude plass.

Notidssaka, som altså handlar mest om dette drapet på Entry Island, er ei heller tradisjonell og forutsigbar kriminalgåte. Men, som i Svarthuset, får lesaren ei parallell historie frå fortida. Den er interessant og godt fortalt og gjer at leseopplevinga totalt sett vart så god for meg. I den historiske delen av boka skal me til eit anna fascinerande øysamfunn; til dei Ytre Hebridene - til Harris og Lewis som me kjenner att frå Lewistrilogien. Det handlar om fattigdom, utnytting, fordriving og ulukkeleg kjærleik. Ei dramatisk og velskriven forteljing basert på faktiske historiske hendingar.

Midten av 1800-talet var ei tid prega av sosial naud for mange, både i Irland, Skottland og dei tilhøyrande øysamfunna. Stikkord er potetpest, hungersnaud (the Great Hunger) og fordriving/utrensking (the Highland Clearance). Ullprisane var høge, så godseigarane trong beitemark til sauene sine. Dermed vart småbønder, husmenn og familiane deira brutalt jaga vekk frå svarthusa sine. Mange bukka under av sjukdom og svolt, andre vart rett og slett drepne. Atter andre emigrerte til fjernare himmelstrøk fordi livsgrunnlaget og kulturen deira vart borte. Mellom dei som havna i Canada finn me Sime Mackenzie; ein forfader av "vår" Sime Mackenzie, politietterforskaren. Slik vert notids- og fortidshistoria i boka fletta saman.

Eg hadde store forventningar til denne boka, og dei vart i stor grad innfridde. Styrken i boka ligg i den historiske delen. Her briljerer forfattaren med stemning, kunnskap og innleving. Når det gjeld notidssaka er han farleg nær å gå "over streken" når det gjeld dramatiske hendingar og tilfeldigheiter. Det blir ikkje særleg truverdig når plottet er så tydeleg oppkonstruert. Eg konkluderer difor med terningkast 5 minus.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok, Artemisias verden