21. april 2021

Biografi: Eit hemmeleg liv av Sigrun Slapgard

Samlaget 2020 
367 sider
Lånt papirbok biblioteket

Ein av årets Brageprisnominerte er denne biografien som handlar om spesialagenten og spaniafrivillige Wilhelm Holst (1895 - 1949) og det hemmelege/ukjende livet han levde.
Utgangspunktet for boka er at forfattaren fekk ei henvending frå Holst sitt barnebarn, Ole Kleppe. I ei anna bok av Slapgard, Krigens penn (også nominert til Bragepris), som handla om krigskorrespondenten Lise Lindbæk, var Wilhelm Holst nemnd. 

Barnebarnet, som aldri hadde møtt bestefaren, hadde ein del informasjon, både historiar innan familien og via brev og dokument, men hadde stadig spørsmål. For kva skjedde egentleg med bestefaren? Kvifor var ikkje innsatsen hans under to krigar meir kjent? Korleis få klarleggja meir av livet hans? Kunne Slapgard bidra på nokon måte?

Resultatet av samarbeidet er blitt ein interessant biografi om ein heilt spesiell mann som levde eit heilt spesielt liv i ei heilt spesiell tid. Arbeidet med boka førte forfattar Slapgard og "oppdragsgjevar" Kleppe rundt omkring i verda, til etterretningsarkiv i London og Paris, til holocaustarkiva i USA og til eit heller omfattande og langvarig arbeid. Mykje av arkivmaterialet har vore hemmelegstempla og blitt frigjort ganske nyleg.

Me møter ikkje Holst før midt på 1930-talet. Då er han forretningsmann, busett i eit betre strøk av Paris, gift med Anna frå Ådalen og saman har dei tre barn; Einar, Per og vesle Lissen. Kva som så skjer er noko uklart, men i alle fall går forretningane hans konkurs. Anna og barna reiser til Noreg og Ådalen, Holst sjølv søkjer andre og nye utfordringar. I Spania er det krig og uro, og Holst tek på seg eit oppdrag om å frakta ambulansar til slagmarka. Det vert starten på eit omfattande arbeid og engasjement som frivillig i den spanske borgarkrigen. Holst gjer ein omfattande humanitær innsats og samarbeider m.a. med nemnde Lise Lindbæk, Nini Haslund Gleditch og Madge Addy i dette krevjande arbeidet. Sistnemnde var knytta til den britiske etterretningstenesta. Holst må ha vore ein ualminneleg person; arbeidde hardt, var engasjert og språkmektig, knytte til seg nyttige kontaktar - og var både smart og heldig. 

Holst og Addy var nok meir enn samarbeidspartnarar, sjølv om dei var gifte på kvar sin kant. På omslagsbiletet kan ein sjå dei to saman, og der ser det ut som dei trivst godt i lag. Truleg var det ei ekteskapleg krise som førte til at Holst ikkje vende nasen heim til Noreg etter at borgarkrigen vart avslutta 1939. Og her kjem det som var mest tragisk i Holst sitt liv: Han fekk aldri sjå att dei to sønene sine; dei vart skotne og drepne av tyske soldatar i april 1940. Einar vart 16 år, Per hadde enno ikkje fylt 15.

Holst reiste til Frankrike der han heldt fram med flyktninghjelp, motstandsarbeid og etterretning gjennom andre verdenskrig. Etter at sønene hans vart drepne vart han enno dristigare og tok på seg fleire farefulle oppdrag. Det er dokumentert at han redda mange hundre, kanskje tusenvis, av menneske frå svolt, fangenskap og død. Etter krigen vart han tildelt fleire franske æresordenar, og etter ei tid også den meir heimlege St. Olavs Orden av 1. klasse. Likevel er han altså ikkje noko særleg kjent. Slapgard gjer mot slutten av boka greie for kva dette kan skuldast. 

Boka gir eit ganske utfyllande bilete om livet til Wilhelm Holst, men det er framleis "hol". Forfattaren er heilt open om dette, og ho spekulerer ikkje - men presenterer mulege/trulege forklaringar. Samstundes gir ho rom for refleksjon hos lesaren. I det store biletet er heller ikkje detaljane så viktig.

Eg hadde aldri høyrt om Wilhelm Holst før eg starta på Sigrun Slapgard si bok, men dette vart så absolutt ei god leseoppleving. Biografien Eit hemmeleg liv er lærerik, gripande, spennande og interessant. Det er ei bok som inspirerer til vidare lesing og som kan anbefalast på det varmaste. 

10. april 2021

Bokomtale: Friheten av Arne Dahl

Cappelen Damm 2021
398 sider
Kjøpt papirbok

"Friheten" er ein tittel som kan oppfattast positivt, men Friheten har ei heilt anna tyding i denne boka - ikkje spesielt overraskande for oss som har kjennskap til bokserien frå før. Her er Friheten ein plass der det forgår tortur, overgrep og drap - og det som rår der er vald, grådigheit og rein ondskap. 

Etter å ha lest - og likt - dei tre fyrste bøkene Utmarker, Innland og Åpen sjø, fekk eg på mange måtar det eg forventa i bok nummer fire - Friheten. Det er ei mørk forteljing; ein intens og tett thriller. Tidvis er det så ulideleg spennande at ein vert kortpusta og kjenner pulsauke medan ein blar vidare til neste side. Boka er nesten umuleg å leggja frå seg, samstundes er det så nervepirrande at ein nesten ikkje orkar å lesa vidare - men så gjer ein sjølvsagt det. Mot slutten, når pusten og pulsen er i ferd med å normalisera seg, får ein så ein sjokkerande cliffhanger på siste side.

Mykje kunne tyda på at Åpen sjø var den avsluttande boka i forteljinga om Sam Berger og Molly Blom, men så dukka dei jammen opp igjen. Og det blir altså fleire bøker. I eit forfattarmøte i samband med Krimfestivalen kunne Arne Dahl fortelja at han no er i gang med den femte boka.

Stikkorda trafficking, menneskehandel og mafiaverksemd kan gje ein peikepinn om kva boka ytre sett handlar om. Antagonisten er ein av det fælaste og mest motbydelege eg har møtt i ei bok nokon gong. Elles får eg assosiasjonar både til Stieg Larsons Salander/Blomkvist og til Lars Keplers Linna/Bauer når eg les om Berger & Blom. Samt til Arne Dahls eigne Paul Hjelm og Kerstin Holm (i A-gruppen), i måten dei utfyller kvarandre på.

Både Sam Berger, Molly Blom og bestevenen Deer vert utsette for ekstreme fysiske påkjenningar og kjenslemessige utfordringar i boka. Berger og Blom sitt forhold er heilt spesielt; det er ikkje "avklart" sjølv om dei no har fått eit barn saman. Det virkar ikkje som dei har full kontroll, verken på seg sjølv eller kvarandre - og dei er på sett og vis nokre upålitelege hovudpersonar. Ein veit liksom aldri kva dei kan finna på og kva det neste steget blir. Og det blir knapt med tid til venskap, kjærleik og erotikk når andre og viktigare ting står på spel. 

Eg har lest svært mange av bøkene til Arne Dahl og han er absolutt ein av mine favorittforfattarar. Eg likar både Utmarker-serien og A-gruppen-serien, sjølv om dei er veldig ulike. I serien om A-gruppen handlar det om heile etterforskargruppa, og både familieliv, politikk, historie og kultur har ein viss plass i dei ulike bøkene. I serien om Berger og Blom har slike ting minimal plass. Her er det meir rett på sak - og det er det mørke, det psykologiske og det ekstreme som er i fokus. Enkelte av personane frå A-gruppen-bøkene dukkar forresten opp i denne serien. 

Forfattaren sparar ikkje på virkemidlane når det gjeld skildringar av skrekk, ondskap og brutalitet denne gongen. Deler av innhaldet er rett og slett ubehageleg og skremmande lesnad - og eg tenkjer at forfattaren må ha hatt litt av ei reise medan han har jobba med Friheten. Etter kvart blir det veldig mange parterte lik, og blodige kroppsdeler dukkar opp på dei utrulegaste plassar. Slikt er ikkje særleg sannsynleg eller realistisk, men effektfullt - det er det, i høgste grad.
Det er likevel ikkje det brutale og groteske som gjer boka så ekstremt spennande. Det som er avgjerande er den psykologiske spenninga og dei forventningane som lesaren får undervegs.

Friheten er ei dramatisk og rystande forteljing - og eg grugledar meg verkeleg til oppfølgjaren. 

Andre bloggmeiningar:
Bjørnebok, som er kritisk til dei blodige valdsskildringane. Eg ser at han har eit poeng, men eg har likevel konkludert med eit heilt anna terningkast.
Henningbokhylle, som er veldig begeistra og gir terningkast 6.
I bokhylla, som meiner boka er lettlest, men inneheld for mykje drama.

4. april 2021

Vårlesing: Krim og atter krim

Eit nytt samleinnlegg med ymse krim og ei ny rundreise i krimverda. 

Me startar i Noreg.

Svanemordet av Hans Olav Lahlum 
Cappelen Damm 2020
350 sider
Lånt papirbok privat

Den niande boka i serien inneheld alt eg hadde forventa på førehand: Eit godt og innvikla plott, snirklete språk og enkelte (ufrvillige?) morsomheiter. Samt at det historiske bakteppet er så korrekt som det går an å få det. Med andre ord, typisk Lahlum.
Etter mi meining er dette mellom dei beste i serien. Det vert aldri skikkeleg spennande, men ein vert meir og meir nysgjerrig på løysinga - slik at boka likevel får eit visst driv. 

Lahlum sin omstendelege skrivemåte passar ikkje for alle, men for dei som er fortruleg med stilen er dette ei god bok. 
Terningkast 4

Gudmoren av Ingar Johnsrud 
Aschehoug 2020
337 sider
Lånt papirbok privat

Boka er heilt annleis enn Wienerbrorskap-trilogien, som Johnsrud er mest kjent for. 
Her handlar det om å venda heim til eit slitent bygdesamfunn, om gammal urett, vonde motsetningar og uoppgjorte hendingar. 
Iført fotlenke reiser hovudpersonen Stella attende til barndomstraktene for å delta i gravferda til far sin. I notid føl me Stella si jakt på sanninga og innimellom får me tilbakeblikk der det vert avslørt kva som gjorde at ho braut all kontakt med heimstaden den gongen. Gudmoren er elles befolka med sære og (over)tydelege personar, noko som passar bra i ei historie som dette.

Det virkar som om forfattaren har henta inspirasjon frå Jo Nesbø. Eg fekk i alle fall visse assosiasjonar til både Kongeriket og Hodejegerne
Eg fann Gudmoren både underhaldande og velskriven. Terningkast 4+.


Vindbaroner av Hogne Hongset 
Hobi forlag 2019
Speletid 12:59
Lyd Storytel

Etter ein litt treg start vart dette ei ganske bra leseoppleving. Boka er ein  miljøthriller/spenningsroman/krim, men er òg eit relativt sterkt partsinnlegg innan vindkraftdebatten og energipolitikken. Dette engasjementet er ikkje negativt i seg sjølv, men for meg vert det i overkant teknisk og politisk. 
Karakterane er litt vage og stereotype: Dei som tener masse pengar på vindkraftutbygging (vindbaronane) er berre onde og dei som er vindkraftmotstandarar er berre gode. 
Boka er litt for lang og kunne hatt godt av ein ekstra redigeringsrunde. Mot slutten lengta eg berre etter å bli ferdig. 
Terningkast 4-.


Så - eit par svenske bøker som ga meg totalt ulike leseopplevingar.


Hun som må dø av David Lagercrantz
Lydbokforlaget 2019
Speletid 11:26
Lånt lydbok biblioteket

Ai-ai, dette var saker! Litt motvillig må eg vedgå at eg likte denne sjette Millenniumboka veldig godt. At Lagercrantz no på ein måte har fullført det Stieg Larsson sette i gang, har vore kontroversielt, og eg forstår innvendingane, ref. arvestriden etter Larsson. Men resultatet; eit "verdig punktum" for historia om Mikael Blomkvist og Lisbeth Salander, er etter mi meining veldig bra.

Hun som må dø er ein underhaldande roman og eit krimeventyr, som m.a. inneheld ei veldig fascinerande sidehistorie frå Mount Everest. "Finalen" er av det høgdramatiske slaget, der sekundane og millimetrane atter ein gong er avgjerande.

Lagercrantz har vidareført Stieg Larsson sin noko pompøse skrivestil, men tidvis vert det noko påklistra, utan at det går særleg ut over leseopplevinga. Anders Ribu er perfekt som opplesar av Millenniumserien i og med at han formidlar dette pompøse/storslagne på ein god måte.
Terningkast 5.


Den du ikke ser av Mari Jungstedt
Goliat forlag 2020
Speletid 8:38
Lånt lydbok BookBites

Nyutgjeving av ei bok opprinneleg utgitt i 2005 - og eg skjønnar ærleg talt ikkje vitsen å gi ho ut på nytt no. Denne er rett og slett svak. Eg angrar på at eg brukte tid på ei så dårleg bok, og kjem ikkje til å lesa fleire i Anders Knutas-serien.
Handlinga er lagt til fascinerande Gotland, men heller ikkje det hjalp stort. Boka inneheld alt eg ikkje likar: Klissete romantikk, klisjéaktige karakterar, forutsigbar handling, rotete innhald, overforklarande, dårleg avslutning.
Og som ikkje det er nok, er også opplesaren av lydboka udyktig. Styr unna denne! 
Terningkast 2-.


Over til britisk krim og eit nytt forfattarnamn for meg. 

Hjemmets lune rede av Cara Hunter
Cappelen Damm 2018
301 sider
Lånt ebok BookBites

Fyrste bok i serien om kriminalinspektør Adam Fawley - og denne ga meirsmak. Hunter har visse likskapar med andre britiske krimforfattarar som S.J. Bolton, C.J. Tudor og M.J. Arlidge når det gjeld skrivestil og miljøskildringar.

Tema er "vanleg" i krimromansamanheng; eit forsvunne barn. Dette barnet - 8 år gamle Daisy - vert tilsynelatande borte midt blant mange andre på ein familiefest i sin eigen heim. Eller - var ho verkeleg der? Både far, mor, bror, naboar og vener har sine versjonar av handlingsforløpet. Det vert litt av ei nøtt å arbeida med for Fawley og kollegaene hans.
Ikkje alt er sannsynleg og/eller realistisk i denne forteljinga, men det må ein berre oversjå. Terningkast 4.


Til slutt eit amerikansk innslag.

Alle disse vakre løgnene av Peter Swanson
Cappelen Damm 2019
Speletid 9:00
Lyd Storytel

Meir psykologisk thriller enn krim, sjølv om det etter kvart handlar om opptil fleire mord.
Hovudperson er Harry, ein ung mann som får ein sjokkerande telefon frå stemora Alice; faren er død, under mystiske omstendigheiter. Harry vender heim, og gradvis oppdagar han at både faren og Alice har "ei fortid". Han møter ei ung mystisk kvinne som han vert betatt av, men så viser det seg at ho har hatt eit slags forhold til faren. I tillegg opplever han at Alice legg an på han. Desse forholda og dei problematiske kjenslene dei fører til tek forholdsvis stor plass i handlinga i boka. Dei er dels ubehagelege å lesa om, dels gir dei boka ein ekstra nerve.
Christoffer Staib si opplesarstemme passar godt til forteljarstemma i boka.
Terningkast 4+.