30. desember 2020

Årsstatistikk 2020

No er det rare og spesielle annus horribilis 2020 snart slutt. Koronapandemien har overskygga det meste dette året, og me kryssar fingrane for at 2021 vert betre.
I 2020 fekk me nye ord som koronasveiskarantenehotell og kohort inn i daglegtalen vår. I 2020 slutta me å handhelsa på folk, men me lærte å delta på digitale møte. I starten av året var corona kun ein øltype, men no betyr det pandemi. 

Bloggeåret 2020 har vore heller labert, men dette er faktisk blogginnlegg nr. 39 i år. Det er ikkje så aller verst tykkjer eg, når ein tenkjer på at alt i samfunnet rundt har vore så annleis.

Leseåret 2020 kan samanfattast med fem stikkord: 
Nytt. Krim. Menn. Norsk. Lyd.

Det vil altså sei veldig mange 2020-bøker (29% av alle eg las), ein overveldande andel krimromanar (68%), ubegripeleg mange mannlege forfattarar (78%), ein stor andel norske forfattarar (57%) og ein ganske klar overvekt av lydbøker (47%).
Detaljane følgjer nedanfor.


Leseåret 2020 
(Fjorårets tal i parentes)

Til saman 
  108 bøker (94)
    - 16 av dei på over 500 sider

Sjanger
  74  krim-, thriller- og spenningsromanar (61)
  12  andre romanar (12)
  20  sakprosa (15)
    - av desse 10 biografiar (9)
  2 novellesamlingar (4)

Format
 34  papirbøker (38)
 23  ebøker (18)
 51  lydbøker (38)

Alder
 73 av bøkene var utgitt i åra 2000 - 2019 (53)
 32  i 2020 (38)
  - av dei 20 norske (17)
 Utgitt før 2000: 3 (7)

Kjelder
 52 lånt - privat, bibliotek og BookBites (55)
 44 Storytel-abonnement (25)
 11  kjøpt sjølv (12)
 1 bok fått i gåve (3)
 Lese-/lytteeksemplar: 0 (0)

Terningkast
 Terningkast 6: 1 bok (1)
 Terningkast 5: 36 bøker (31)
 Terningkast 4: 56 (43)
 Terningkast 3: 14 (14)
 Terningkast 2: 0 (0)
 Terningkast 1: 0 (0)

Forfattarar
19 "nye" forfattarar (25)

Kjønn
 81 bøker skrivne av menn (68)
 29 av kvinner (28)

Nasjonalitet
 62 bøker skrivne av norske forfattarar (48)
 18 av svenske forfattarar (19)
 13 britiske (11)
 2 danske (5)
 3 franske (4)
 4 amerikanske (3)
 4 irske (0)
 1 islandsk (2)
 1 australsk (0)

I 2020 las eg flest bøker av
 Tor Bomann-Larsen: 8
 M. J. Arlidge: 5
 Tana French: 4
 David Baldacci: 4
 John Harvey: 3
 Gard Sveen: 3
 Håkan Nesser: 3
 Dei øvrige: 1 og 2 av kvar


Lesemål 2020
108/100 bøker totalt
16/10 mursteinar (over 500 sider)
10/10 biografiar
10/10 annan sakprosa
12/30 bokomtalar
19/30 nye forfattarar

Dei to fyrste måla vart nådd utan at eg behøvde å anstrenga meg det minste. At eg nådde akkurat presis når det gjeld bioar og dokumentarar er dels målretta lesing og dels flaks. 
Det vart av ulike (men naturlege) årsaker færre bokomtalar enn ønska/forventa, men eg har kompensert ved å omtala ganske mange av bøkene mine i ulike mini-/samleomtalar. Å finna heile 30 nye forfattarar i løpet av eit år vart uoppnåeleg. 

Så dermed:
Lesemål for 2021 vert dei same som for 2020, med unnatak av punktet om nye forfattarar. Her går eg ned til 20.

Forutan desse "retningslinjene" skal eg ha mest fokus på lystlesing, også i 2021. 
I høgre kolonne ser du eit lite utval av det eg las i 2020.

Fortsatt god romjul og
ha eit strålande nytt leseår, alle saman!

21. desember 2020

Bokomtale: Felemakaren av Edvard Hoem

Oktober 2020
350 sider
Lånt ebok BookBites

Edvard Hoem har hatt stor suksess med slektsromanane sine. No er han ute med ein ny roman basert på historiske personar (sine eigne slektningar) og verkelege hendingar. Dette er den femte boka i serien om familien i Rekneslia, men denne gongen tek han eit langt steg bakover i tid. Hovudperson er Lars Olsen Hoem (1782 - 1852). Han var grandonkel til Serianna, gift med Knut Hansen Nesje, sjølvaste Slåttekar i himmelen og forfattaren sin oldefar.

Ei hending i 1792 får stor innverknad på livet til Lars. Tenestejenta Guri, som Lars er så glad i, vert vekke. Den siste som såg henne var Lars sin halvbror Pe - han som er far til barnet Guri ventar. Pe vert mistenkt for å ha teke livet av Guri, men vert frifunnen. Lars klarar likevel aldri å kvitta seg med mistanken - og dei to brørne er ikkje på talefot lenger. Forteljinga/sagnet/mysteriet om Guri som forsvann har følgd familien i generasjonar, og har tydeleg også gjort inntrykk på forfattaren.

I Noreg var "folk flest" fattige rundt år 1800. På kontinentet herja Napoleonskrigane, og Danmark-Noreg, som i byrjinga var nøytralt, kom etter kvart på Frankrike si side. Eit av verkemidlane i krigen var gjensidige blokadar som førte til kornmangel og hungersnaud. (ref. Terje Vigen)

Lars vert uroleg, taus og inneslutta etter hendinga med Guri og lengtar vekk og ut. Av eigenskapar kan nemnast at han er skuleflink, musikalsk, netthendt, sterk og som alle andre unggutar på kysten på den tida; flink til å ro. Desse ro-ferdigheitene gjer at han vert beordra til Det romsdalske Compagnie. Saman med 50 andre marsjerer Lars i fleire veker gjennom Noreg og Sverige mot København for å bidra i kampen mot fienden England. Slik hamnar Lars Hoem midt i det blodige slaget på Københavns Red i 1801.

Når Lars vender heim finn han framleis ikkje roa. Han reiser til sjøs, men skipet han er ombord i - galeasen Christina Maria - vert kapra. Det vert starten på fem år i engelsk krigsfangenskap. Forfattaren skildrar tilværet på fangeskipet Brave på ein levande måte; ein føler på kroppen kor uhygienisk, kummerleg og trøysteslaust det er og kor svoltne og utmatta fangane er. Samstundes forstår ein at det vart lagt opp til ei heilt usedvanleg kunstnerisk og kulturell fridom på Brave. Ein av medfangane er ein fransk felebyggar og Lars vert etter kvart handtlangaren hans. 

Vel ute av prisonen er Lars sin utferdstrang stagga, men heime hjå mor og far ser han ingen framtid. Draumen om å segla eiga skute er lagt i grus for alltid, men kanskje han ein dag kan få råd til å kjøpa utstyr til å laga feler? I Kristiansund møter han Gunhild; ho som har venta på han lenge sjølv om ho aldri har sett han. Dei flyttar saman der i klippfiskbyen og med tida gifter dei seg og får heile sju døtre. Det er vel heller tvilsamt om dei "levde lukkelege alle sine dagar", - til det var det nok for mange bekymringar og for mykje slit og strev. Men slik som Edvard Hoem framstiller det, fann dei kjærleiken. Den flittige og grublande Lars og den meir pragmatiske Gunhild passa godt saman. 

Lars laga opp gjennom åra mange feler, men det var vanskeleg å leva av felemakeriet. For å spe på inntekta og for å metta alle munnar måtte både Lars og Gunhild ta seg arbeid der det var å få. Det gjer spesielt stort inntrykk å lesa om kvinnene som hadde den harde jobben med å vaska saltfisk i samband med produksjon av klippfisk. 

Eg likte boka veldig veldig godt! Edvard Hoem har atter ein gong gitt oss ei lærerik og gripande leseoppleving.
Det dokumentariske vert fletta "saumlaust" inn i det diktariske. Forfattaren viser til det som finst av dokumentasjon på felemakaren sitt liv; kyrkjebøker, arkiv, militærrullar og fangeprotokollar. Der det ikkje finst kjelder, har forfattaren dikta fram truverdig hendingar.

Det er ikkje gitt noko hint, men eg anar at det kan komma fleire bøker basert på Hoemske forfedre og -mødre. Kanskje vert ein av døtrene til Lars og Gunhild hovudperson i neste bok? 

Andre bloggmeiningar: Tine sin blogg, Kleppanrova, Øystein Hauge

11. desember 2020

Kort om: Speilmannen av Lars Kepler

Cappelen Damm 2020
Speletid 14:05
Lånt lydbok BookBites


Eg har venta lenge på Speilmannen, og hadde ganske høge forventningar på førehand. Og eg fekk det eg forventa; ein uhyre spennande og mørk pageturner, fullspekka med vald, blod, tortur, bestialitetar og brutalitetar. Undervegs lurer eg nesten på om det er noko gale med meg, som kan finna ei bok med ei slik rå handling - underhaldande. 

Men eg er ikkje åleine om å ha det slik. Lars Kepler - altså ekteparet Ahndoril - har med bokserien om Joona Linna fått mange begeistra lesarar rundt omkring. Hovudårsakene til denne begeistringa ligg nok i at dei er så dyktige på spenningsoppbygging og i at dei er råare enn dei fleste. Dessutan skriv dei sabla bra, har originale plott og ein hovudperson som er både sympatisk og gåtefull.

Jurek Walter, antagonisten i fleire av dei tidlegare bøkene, er av gode grunnar fråverande i denne åttande boka i serien. Det er likevel ingen grunn til å slappa av, for karakterane Cæsar og Farmor er minst like onde, men kanskje ikkje fullt så smarte. Me møter dessutan igjen legen og hypnotisøren som hadde ei så sentral rolle i fyrste bok - Erik Maria Bark. Joona Linna sin kollega Saga Bauer er (mellombels) "ute av drift" i Speilmannen.

Eg skal ikkje sei noko særleg om handlinga, men kan i alle fall "røpa" at her vert lesaren invitert inn i dei aller mørkaste avkrokane i menneskesinnet. Her er psykologisk skrekk, grove valds- og overgrepsscener og meir "normal" etterforsking. Boka inneheld eit ganske omfattande persongalleri og mange ulike forteljarstemmer. Ein kan lesa om hendingar som vert opplevd som spegelvendt og forvrengt og som har fatale konsekvensar. Det er nervepirrande, ubehageleg og - må eg innrømma - fascinerande. Kepler-paret har etter mi meining skrive ei ny kjempespennande bok - men ein skal vera obs på at det er ei bok som ikkje passar for svake magar og sarte sjeler. 

Kred til Håkon Strøm som opplesar av lydboka. Eg veit ikkje kor gammal denne Strøm er, men han har i alle fall ei "ung og troskyldig" stemme, noko som er ein effektfull kontrast til det barske innhaldet.

Om boka har svakare sider? Jo, for all del. Eg vart til dømes ikkje overraska i det heile tatt når identiteten til Cæsar vart avslørt. I denne serien forventar ein det uventa - og det var akkurat det som skjedde. Ein må vidare "godta" ein haug tilfeldigheiter og ein slump lite truverdige hendingar, samt ein del "overnaturleg" psykoterapi.  Poenget er å sjå forbi det som er lite sannsynleg og urealistisk. Ein må ta boka for akkurat det ho er; eit "eventyr for vaksne". 
Cliffhangeren på slutten tyder på at det kjem eit nytt og overraskande eventyr neste gong. 

7. desember 2020

Serieomtale: Haakon & Maud av Tor Bomann-Larsen

Tor Bomann-Larsen brukte 17 år på dei 8 binda i biografiverket om kong Haakon og dronning Maud. Eg har brukt ganske nøyaktig eitt år på å lesa bøkene, og no er tida inne for å summera opp inntrykka bokserien har gitt meg. Og det eg kjenner mest på akkurat no er takksemd. Takk for nokre fantastisk lærerike leseopplevingar! Tusen takk til ein forfattar som har brukt så mykje tid og krefter på å skriva eit grundig, tankevekkjande og interessant biografiverk - og her er det ikkje berre snakk om det tidlegare kongeparet og infløkte kongelege slektskapsforhold. Nei, her får ein kjennskap/kunnskap om politikk, samfunnsutvikling og viktige nasjonale og globale hendingar. Bøkene er opplysande og informative, men samstundes skin forfattaren sine personlege meiningar og betraktningar gjennom rett som det er. 

Kong Haakon sin innsats og handlekraft under 2. verdenskrig er udiskutabel og beundringsverdig. Men elles er eg ikkje spesielt opptatt av kongelege personar og rojale hendingar. Reint prinsippielt er eg ingen tilhengar av monarki, verken absolutte eller konstitusjonelle. At makt og privilegiar går i arv slik det gjer innan denne styreforma er - egentleg - svært lite demokratisk. På den andre sida: når ein eingong har eit monarki er me heldige som har eit moderne monarki og ein såpass oppegåande kongeleg familie som me har her i landet. 

Forfattaren har hatt tilgang til eit enormt arkivmateriale i fleire land og må ha hatt litt av eit arbeid med å plukka ut, systematisera og tolka relevante dokument, brev, dagbøker og andre kjelder. Bomann-Larsen går ikkje tilbake til "tidenes morgen", men han går grundig til verks alt frå start. Han gjer greie for den politiske situasjonen og utviklinga i Europa på 1800-talet generelt og forholda i unionen Noreg/Sverige spesielt. 

Samstundes presenterer han hovudpersonane sitt slektstre. Prins Carl av Danmark og prinsesse Maud av England hadde ein del felles røter i dette treet sidan dei var søskenbarn. Deira felles besteforeldre var kong Christian IX (frå fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg) og dronning Louise (frå fyrstehuset Hessen-Kassel) av Danmark. Begge frå gamle tyske fyrstehus altså, noko som er litt interessant med tanke på dei to verdenskrigane som skulle komma noko seinare. Christian og Louise vart kalla "amama" og "apapa" av barnebarna sine, og vart kjende som Europa sine svigerforeldre sidan dei gifta bort borna sine omkring i andre europeiske kongehus - England, Russland, Preussen og Hellas forutan Danmark. No i dag finst det uendeleg mange etterkommarar etter dei.

Christian Frederik Carl Georg Valdemar Axel, til dagleg prins Carl, vart fødd 3. august 1872 som nest eldste barn av dåverande kronprins Frederik og kronprinsesse Louise av Danmark (jepp, nok ei Louise; denne var svensk-norsk prinsesse. Ein skal ha tunga beint i munnen for å halda styr på desse folka). Dei fekk tilsaman åtte barn. Denne Frederik var kronprins i over 40 år, og var konge i berre seks år. Han døydde under pinlege omstendigheiter på Reeperbahn i Hamburg.

Maud Charlotte Mary Victoria vart fødd 26. november 1869 som engelsk prinsesse. Foreldra var dei som seinare skulle bli kong Edvard VII og dronning Alexandra av Storbritannia, men då Maud vart fødd var det dronning Victoria som regjerte. Maud hadde fem søsken, deriblant han som skulle bli kong Georg V, farfaren til dagens dronning Elizabeth II.

1. Kongstanken (2002)
464 sider

Kongstanken er ingen hoffreportasje, men her kryr det av kongelege personar og familiar. Det vert fortalt om kvardagsliv og festlege samankomstar, og nokre skandalar er heller ikkje til å komma frå. Det vert sitert frå private brev og dagboknotat og ein kan ein lesa om kulturelle hendingar. Det store bakteppet er eit Europa i forandring og aukande ustabilitet samt påfølgjande utanrikspolitiske motsetnader.

I tillegg til ei grundig innføring i familie- og samfunnsforhold får ein i denne fyrste boka nokre glimt av personlegdomen til det framtidige norske kongeparet. Den unge Maud vert framstilt som barnsleg, bortskjemt, sutrete og unormalt knytta til mor si. Den unge Carl var skulesvak, umoden og usikker - overraskande nok, med tanke på kor stø, kompetent og reflektert han vart med åra.

Haakon og Maud kjende altså kvarandre godt alt frå barndommen, og som unge vaksne fann dei nok ut at det var "noko meir" enn venskap og slektskap.  I ei tid der kongelege ekteskap som oftast var reine tvangs-fornuftsekteskap, tyder alt på at det var ekte kjærleik mellom dei to. Ikkje alle var begeistra for forholdet, men dei sto imot og gifte seg i Buckingham Palace i 1896. På framsidefotoet ser ein det unge paret på bryllaupsdagen. Her ana dei ikkje at dei ni år etter skulle bli konge og dronning av Noreg. 

2. Folket (2004)
563 sider

Det nygifte paret buset seg i København og prinsen held fram i jobben som offiser i den danske marinen. Men Maud mistrivst i Danmark og lengtar seg sjuk tilbake til England og mother dear. Maud lir elles av diffuse sjukdommar og plager. Det er ganske tydeleg at ho har anoreksi, som det heiter i våre dagar. 

Barn blir det heller ikkje, på mange år. Fyrst i 1903 kjem prins Alexander - den seinare kong Olav - til verda. Det mest oppsiktsvekkjande i denne boka er at forfattaren antydar at prinsen vart til på "kunstig" måte og at prinsessa sin livlege var sædgjevar. Mykje tyder på at han har rett - og eg tenkjer: er det ikkje greitt at det (kanskje) kom litt friskt raudt blod inn blant det blå i dette høvet?

Hendingar rundt unionsoppløysinga i 1905 er elles sentralt i bind 2. I ei folkeavsteming i november same år seier eit stort fleirtal ja til monarki og ja til at prins Carl av Danmark skal verta Noreg sin nye konge. Det var den unge prinsen sjølv som insisterte på folkeavstemning. Boka avsluttar med at kong Haakon, dronning Maud og vesle kronprins Olav vert ønskte velkommen til landet av statsminister Christian Michelsen og eit jublande folk.

3. Vintertronen (2006)
382 sider

Bind 3 handlar om åra 1905 - 1913. Det nye kongeparet og det ferske monarkiet møter utfordringar, men har stort sett støtte i folket sitt. Kong Haakon - i ein heilt spesiell situasjon som folkevald monark - er i ferd med å finna si rolle. Han er aktiv og interessert innan det politiske arbeidet og søkjer brei støtte, samstundes som han har sine eigne meiningar og synspunkt. Det kjem fram i dagbøkene hans, som Bomann-Larsen har fått tilgang til i samband med biografiprosjektet. 

Han har óg hatt tilgang til dronning Maud sin omfattande brevkorrespondanse med ulike europeiske kongehus. Slik får ein eit detaljert innsyn i dåtidas tankar og rojale veremåte. Det er tydeleg at Maud trivst mykje betre i Noreg enn i Danmark, og ho likar t.d. godt å gå på ski saman med sonen. Men kvart einaste år har Maud lange opphald på sitt kjære Appleton.

Av funfacts frå bind 3 kan nemnast kongeparet sitt nære venskap med Fritjof Nansen. Så nært faktisk, at fru Eva Nansen var sjalu på dronninga og rasande på mannen sin. 

4. Makten (2008)
461 sider

Dette bindet omhandlar dei turbulente åra 1913 - 1928 - det vil sei at bakteppet her er fyrste verdenskrig, russisk revolusjon og norsk nøytralitetspolitikk. For kongeparet vart krigen ei belastning også på eit personleg plan, fordi dei hadde nære slektningar både i England, Tyskland og Russland. Tsar Nikolai II, som (saman med familien sin) vart henretta i 1918, var deira "fetter Nicky".

Også det politiske Noreg er prega av uro. Kong Haakon er skeptisk til det stadig sterkare (og på den tida revolusjonære) Arbeiderpartiet, men han syner seg som eit pragmatisk og kompromissvillig statsoverhovud. Han var alltid lojal mot politiske vedtak og parlamentariske prinsipp.”Jeg er også kommunistenes konge”, sa kongen, og bad Chrisopher Hornsrud danna regjering i 1928. Sjølv om denne regjeringa berre eksisterte i 18 dagar, vart det starten på eit nytt tilhøve mellom Arbeiderpartiet og kongehuset.


5. Æresordet (2011)
623 sider

Her handlar det om tidsrommet 1928 - 1940. Etter fyrste verdenskrig forsvann fleire av dei gamle konge- og keisardømma, og ulike nye ideologiar veks fram i Europa. Forfattaren vekslar framleis fint mellom det familiære, det dynastiske og det politiske, men i bind 5 er det lagt meir vekt på det innanrikspolitiske. Kong Haakon må forholda seg til nye poltikarar som Johan Nygårdsvold, Halvdan Koht og C.J. Hambro - tre markante skikkelsar som skal komma til å bety mykje for kongen, for kronprinsen - og for landet. 

Kronprins Olav innleiar eit forhold til si kusine, den svenske prinsesse Märtha. Det er slett ikkje uproblematisk, og dei må ta nokre rundar med slekta før det vert forloving og giftarmål. At Märtha sin familie er svært tyskarvenleg fell ikkje i god jord, og det nære slektskapet er noko som også uroar dei sjølve. Men det går bra; dei gifter seg i 1929 og to prinsesser, Ragnhild og Astrid, kjem til verda i hhv. 1930 og 1932, og til slutt vesleprinsen Harald i 1937. Dronning Maud slit framleis med helsa, og oppheld seg ofte utanlands. I ettertid er det kjent at ho hadde kreft, men den gongen vart ein slik sjukdom ikkje snakka om. Det gjer inntrykk å lesa om den siste tida hennar, og om kor einsam og sorgtung kongen vart då ho gjekk bort i 1938. 

Avslutningsvis i denne boka kan ein lesa om krigsutbrotet og kongefamilien og regjeringa si påfølgjande og dramatiske flukt ut frå hovudstaden. Kong Haakon var som kjent standhaftig og kompromisslaus i høve dei tyske okkupantane og sa eit klart NEI til norsk kapitulasjon.

6. Svaret (2013)
399 sider

Denne boka skil seg vesentleg frå dei føregåande. Den er fyrst og fremst politisk, og omhandlar kun nokre månader; sommaren og hausten 1940. Innhaldet er oppsiktsvekkjande. Eg har lest mykje om 2. verdenskrig, men har aldri tidlegare høyrt om riksrådsforhandlingane

Sommaren 1940 ser det ut til at krigen skal bli kortvarig og at Tyskland kjem til å vinna. Kongen og kronprinsen samt regjeringa er i London, kronprinsessa og borna oppheld seg mellombels på eit slott utanfor Stockholm.
I Noreg forhandlar sterke norske krefter om fred og samarbeid med okkupasjonsmakta. Eitt av forhandlingskorta er å avsetja kongen og setja inn tre år gamle prins Harald som barnekonge. 
Riksrådet sende ein anmodning til kongen om abdikasjon, men svaret vart også her - eit klart NEI. Spelet omkring dette er interessant lesnad, samstundes som det er bortimot uforståeleg sett no i ettertid. Og kvifor er det ikkje meir kjent? 

7. Hjemlandet (2016) 
535 sider

Her handlar det om krigsåra 1940-45. Å vera i eksil tærer på krefter og er utfordrande på fleire plan. Den stødige, men etter kvart aldrande kongen og den yngre og meir energiske kronprinsen er ikkje alltid samde, men diskuterer seg fram til det som dei meiner er til det beste for fedrelandet. «Sønnen fikk det som faren ville», heiter det i boka. Kong Haakon er heller ikkje alltid enig med statsminister Nygårdsvold, men har tydeleg stor respekt for han. Det er gjensidig. 

Kronprinsesse Märtha, fyrstedame etter at dronninga døydde, oppheld seg i USA denne perioden (som fortalt om i Atlantic Crossing), og får eit nært, fortruleg og pikant (men sannsynlegvis ikkje romantisk) forhold til president Roosevelt. 

Boka inneheld mengder med informasjon, namn og detaljar, men er likevel lett tilgjengeleg, skriven med sedvanleg iver og engasjement.

8. Kongen (2019)
508 sider

Så er me komne til siste bind i dette kjempesvære biografiverket - og til dei siste åra av kong Haakon sitt liv; 1945 - 1957.
Her samlar forfattaren trådar og syner dei lange linjene; om korleis historia om kong Haakon og historia om utviklinga av den norske velferdsstaten heng saman. Etter krigen vart kongen om muleg enno meir populær enn før. Sjølv om han hadde ei "opphøgd" stilling vart han eit samlande symbol og ein folkekonge.

Kronprinsesse Märtha var mykje sjuk og var inn og ut av sjukehus i åra etter krigen. Ho døydde i 1954, til stor sorg for kongen, kronprinsen, borna - og folket.

Kong Haakon overlot gradvis mykje av ansvaret til sonen. Heilt til det siste var kongen klår, men svært svekka fysisk etter eit lårhalsbrot. Det er sårt og vemodig å lesa om den siste tida hans.
Kong Haakon døydde 21. september 1957, 85 år gammal.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Eg har "lest" alle bøkene som lydbøker, opplest av forfattaren sjølv. Ein kan ikkje sei at Bomann-Larsen har ei spesielt behageleg stemme, og han les dessutan noko seint. Men på den andre sida; ved å høyra på forfattaren forstår ein kor oppriktig og engasjert han er. For meg vart løysinga å lytta til bøkene i eit litt raskare tempo (1,2) - og stemma har eg gradvis vant meg til. Det ein går glipp av ved å kun høyra på desse bøkene er alt det interessante biletstoffet som ein finn i papirutgåvene. Dette vart for min del løyst ved å ta ein tur på biblioteket og bla litt i desse.


Om eg anbefalar bøkene? Ja, sjølvsagt - dette er bøker ein vert klokare av!
Les dei langsamt og la det gjerne gå litt tid mellom kvar bok.

Eg har gitt dei fleste enkeltbøkene i serien terningkast 5, men samla sett fortener dette biografiverket toppkarakter.

30. november 2020

Oppsummering november 20

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Ken Follett - Aftentid og morgengry - Britisk historisk roman - Kjøpt papirbok
M.J. Arlidge - Den som ikke har gjemt seg nå - Britisk krim - Lånt ebok BookBites

Lest i november:
M.J. Arlidge - Elsker elsker ikke - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Kjell Ola Dahl - Assistenten - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tor Bomann-Larsen - Hjemlandet. Haakon & Maud 7 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
Tor Bomann-Larsen - Kongen. Haakon & Maud 8 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
[Roy Jacobsen og Anneliese Pitz - Mannen som elsket Sibir - Biografisk roman - Lyd Storytel - avbraut]

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Val McDermid - Myrgraven - Britisk krim - Lyd Storytel
Jan Mehlum - Lang tids reise - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket


2 lyd, 1 papir, 3 ebøker
3 lånt, 2 abonnement, 1 kjøpt
3 krim, 1 historisk roman, 2 biografiar
3 norske, 3 britiske
6 menn, 0 kvinner
"Nye" forfattarar: Ingen

Det vart ikkje så mange bøker i november samanlikna med månaden før. Men med tanke på at tre av dei er svært omfangsrike/langvarige, seier eg meg nøgd med innsatsen. Pr. 30. november har eg lest 98 bøker i år, så når eg er ferdig med dei to eg er i gang med har eg nådd målet om 100 bøker i 2020.

Heile månaden har eg lest i Ken Follett sin siste historiske mursteinsroman Aftentid og morgengry. Som så ofte før når det gjeld Follett er eg noko ambivalent; det meste av innhaldet er veldig interessant, men så vert enkelte deler skjemd av klisjéar og kleine skildringar. Omtale kjem.

Månadens høgdepunkt for meg må difor bli avslutninga av Tor Bomann-Larsen sitt biografiverk om Haakon og Maud; Hjemlandet (som omhandlar åra 1940-45) og Kongen (1945-1957). Laang serieomtale kjem.
Samstundes som respekten og beundringa for denne forfattaren og serien har vakse seg større, har interessa og trua på TV-serien Atlantic Crossing falle tilsvarande. Det får eg stadfesta når eg har følgd med på debatten i det siste. Eg såg bittelitt på episode 5, men avbraut etter nokre minuttar. TV-serien blir berre meir og meir hollywoodsk og mindre og mindre truverdig, så no er det definitivt slutt for min del. 

Boka Mannen som elsket Sibir vart også avbroten. Vanlegvis likar eg bøkene til Roy Jacobsen, men dette var altfor sært - og grusomt kjedeleg.

17. november 2020

Fake history?

I skrivande stund les eg Kongen; åttande og siste del i Tor Bomann-Larsen sitt historiske/biografiske verk Haakon & Maud. Bokserien bør få ny aktualitet i desse dagar, i samband med TV-serien Atlantic Crossing som no går på NRKTV-serien har ført til ein debatt mellom filmskaparar på den eine sida og historikarar på den andre sida.
Ein konflikt mellom det kunstneriske og det faktabaserte virkar å vera uunngåeleg. Den populære BBC-serien The Crown og tilsvarande seriar har også vore omdiskutert. 

Debatten som har oppstått er interessant og naudsynt, sidan dramaserien er basert på og inspirert av historiske hendingar og verkelege personar. For kva er filmskaparane sitt ansvar? Kvar går grensa mellom historieforfalsking og "kunstnerisk fridom"? Kjem det godt nok fram at dette er serieskaparane si tolking av det som hende for 75-80 år sidan? 

I eit innlegg på NRK Ytring kjem nettopp historikaren og biografen Tor Bomann-Larsen med eit relativt sterkt angrep på det han kallar "fake history" i episode 4. Eg har ikkje problem med å forstå at Bomann-Larsen, med sin erfaring og kunnskap, reagerer som han gjer.

Vanlegvis ville eg ikkje ha brydd meg om å sjå Atlantic Crossing, for eg ser nesten aldri på filmar og TV-seriar. Men tilfeldigvis var eg i gang med Svaret og deretter Hjemlandet (del 6 og 7 i Bomann-Larsen sin bokserie) som omhandlar mange av dei same hendingane og personane som i dei fyrste episodane av TV-serien. Og dermed vart det interessant for meg å sjå på. Skilnaden er naturleg nok stor; TV-serien er sjølvsagt ei forenkla framstilling av mangfaldige og kompliserte forhold. På den andre sida er mykje av det Bomann-Larsen fortel om i si bok gjenkjenneleg på TV-skjermen. 

Det er eit faktum at president Franklin Roosevelt og kronprinsesse Märtha hadde eit nært og fortruleg forhold. Det kjem fram både i TV-serien og i fleire biografiar og historiske dokumentarar. Men ifølge Bomann-Larsen er det utenkjeleg at kronprinsessa hadde så stor påverknadskraft over politikken som det som kjem fram i dramaserien. (Kyle MacLachlan er forøvrig ein truverdig og fornøyeleg Roosevelt. Og Sofia Helin er ei bedårande kronprinsesse). 

Eg trur folk flest er klar over at ein slik dramaserie er forenkla og fortolka, og at sjåarane er i stand til å tenkja sjølv. På NRK sine nettsider kan ein finna ein interessant oversikt over kva som er fiksjon og kva som er fakta, samt andre vurderingar som er gjort i samband med TV-serien. Sjølv tvilar eg på om eg giddar å sjå meir enn dei fyrste fire episodane. For sjølv om eg er imponert over kulissar og tidsbilete irriterer eg meg over påklistra drama og kunstige dialogar. Pluss at eg har i bakhovudet at ein del av stoffet er fiksa, forenkla og altså; fake.

Men eg trur og håpar at folk som likar Atlantic Crossing vert såpass interesserte at dei søkjer meir informasjon om fakta kring krigshistoriske hendingar. I samband med det kan eg altså varmt anbefala Tor Bomann Larsen sitt omfattande bokverk om kong Haakon og dronning Maud, samt Alf R. Jacobsen sin dokumentarserie Angrepet på Norge. Begge seriane er tilgjengelege på Storytel.

15. november 2020

Norsk krim 2020 del 2

Som eg skreiv i det fyrste samleinnlegget om norsk krim 2020, så er det ein uvanleg sterk norsk krimhaust i år. No har eg lest nokre fleire bra bøker innan denne kategorienen, og her er mine vurderingar av dei. 

Dei fem forfattarane nedanfor har ulik "fartstid" og krimforfattar-røynsle, men har det til felles at dei har "levd ei stund". Men jamnleg leverer dei nytt, spennande og underhaldande lesestoff, til glede for oss som er glade i krim. 

Bastarden av Øistein Borge
Cappelen Damm 2020
303 sider
Lånt papirbok biblioteket

Borge krimdebuterte i 2016, med suksess. Serien om Bogart Bull har fått ros av anmeldarar og er godt likt av krimlesarar. Bastarden er fjerde bok i serien.

Boka er velskriven og har, som dei tidlegare i serien, eit internasjonalt preg. Denne gongen er handlinga lagt til Mallorca, men me skal også innom Romania og Argentina. Ein tråd går bakover til krigens dagar og følgjene av jødeforfølgingar og Holocaust. Denne sidehistoria har sjølvsagt samanheng med Bogart Bull sitt oppdrag, som er å finna ein person og ein gjenstand som er forsvunnen. Etter kvart skjer det fleire urovekkande hendingar som har tilknytning til oppdraget. 

Pluss for godt og stødig språk og for at boka er passe lang. Terningkast 4+.


Dykket av Frits de Bourg
Vigmostad Bjørke 2020
299 sider
Lånt papirbok biblioteket

Denne forfattaren debuterte i "godt vaksen alder" med fyrste bok i serien om Nicolay Wolff i 2013. No er me komne til bok nummer 5. Dette er retrokrim; handlinga er lagt til Drammensdistriktet på 1950 og -60-talet.

Det er noko klaustrofobisk å lesa om dykking; ei ubehageleg spenning ligg i bakhovudet heile tida medan ein les. Her er då også handlinga lagt til året 1960, då teknologien innan dette feltet var annleis enn i dag. I tillegg er dykkeoppdraget ekstremt farleg sidan det handlar om eit skipsvrak fullasta med granatar - og muligens andre ting.

Med Dykket har de Bourg skrive ei interessant forteljing med truverdige karakterar og gode tidsbilete. Terningkast 4.


Assistenten av Kjell Ola Dahl
Aschehoug 2020
410 sider
Lånt ebok BookBites

Her skal me endå eit stykke bakover i tid; til mellomkrigstida - og dermed kan denne kategoriserast som historisk krim. Boka er frittståande og inngår ikkje i nokon serie. Dahl har vunne Rivertonprisen to gonger og har vore ein av mine norske krimfavorittar i lang tid.

Handlinga går føre seg på to tidsplan; ein "notidstråd" i 1938 og med enkelte tilbakeblikk på åra 1925-25. Dei mest sentrale karakterane er privatetterforskar Ludvig Paaske og assistenten hans, Jack Rivers. Begge har ei fortid; Paaske som politimann og Rivers som småkriminell. Ein dag har ei vakker kvinne eit oppdrag til dei og brått vert hendingar frå fortida igjen aktuelle.

Boka har imponerande gode miljøskildringar; tidsbileta er levande, interessante og realistiske. Det er stemningsfullt, dystert og langsamt. Språket er både stødig og tidsriktig, men noko repeterande. Ein ekstra omgang med redigering ville gjort seg. Terningkast 4+.


Nabovarsel av Unni Lindell
Capitana 2020
418 sider
Lånt papirbok privat

Den svært erfarne, produktive og allsidige Unni Lindell presenterer her ein ny hovudperson, den ferske politikonstabelen Lydia Winther - også kalla Snø. I starten er det forvirrande/rart med ein person med eit slikt namn, men det går seg til. "Universet" er elles det same som i bøkene om Cato Isaksen og Marian Dahle. 

Starten er herleg skummel, og me skjønnar alt frå fyrste stund at både nabovarslaren Sonja og hovudpersonen Snø kjem til å møta utfordringar. Mi største innvending når det gjeld handlinga er at det er høgst merkeleg at uerfarne Snø er den som finn spor og oppdagar samanhengar som ingen andre ser. Men - dersom ein godtek dette premisset er Nabovarsel ei bra bok. For meg vart det i overkant mange tilfeldigheiter, så eg klarar ikkje heilt å "tru" på det eg les.

Kanskje også denne boka ville blitt betre med ei grundig(are) redigering. Lindell har i alle fall etter mitt syn levert mykje betre ved tidlegare høve, så dermed "berre" terningkast 4 denne gongen.


Den tredje engelen av Gert Nygårdshaug
Cappelen Damm 2020
286 sider
Lånt ebok BookBites

Til slutt: Den desidert beste, mest originale og mest underhaldande boka i dette samleinnlegget. Nygårdshaug byr på eit nytt og etterlengta møte med dei herlege figurane Fredric Drum og Skarphedin Olsen. I denne 13. boka er fyrstnemnde kun ein bikarakter, medan Olsen er hovudperson, protagonist og sjef.

Nygårdshaug viser at han har ironi og humor, boblande forteljarglede og bisarr fantasi. Samt sin heilt eigne stil. Dei lange overskiftene (i parentes) oppsummerer innhaldet i kvart kapittel, utan at dei egentleg avslører noko som helst. Plottet er fantasifullt, til tider surrealistisk og med ganske elleville krumspring.

Den godaste Skarphedin Olsen, med sine uferdige tankeboblar og sine merkelege kollegaer kan berre samanliknast med éin annan litterær karakter: Fred Vargas sin Jean-Baptiste Adamsberg. (Men medan Adamsberg har to klokker på armen (som ikkje virkar), har ikkje Olsen noko armbandsur i det heile tatt. Han har berre den uvanen at han ser på den tomme armen sin (For å skjønna kor hysterisk morosamt dette er må du ha lest ein del av både Nygårdshaug og Vargas))
Nygårdshaug har då også sagt i eit intervju at denne boka er ein hommage (hyllest) til Fred Vargas. Det kan eg lika!

Eg kan også lika at forfattaren rettar spark og hint i fleire ulike retningar. For meg vart Den tredje engelen topp underhaldning! Terningkast 5.

31. oktober 2020

Oppsummering oktober 20

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Jørgen Brekke - Nå har natten alt - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
S.J. Bolton - De utvalgte - Britisk krim - Lyd Storytel

Lest i oktober:
Tore Renberg - Tollak til Ingeborg - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Øistein Borge - Bastarden - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Anne-Britt Harsem - Den mørke hemmeligheten i Tysfjord - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Alex Michaelides - Den tause pasienten - Britisk krim - Lånt lydbok BookBites
Unni Lindell - Nabovarsel - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Håkan Nesser - Den sørgmodige bussjåføren fra Alster - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Hans Olav Lahlum - Reiulf Steen - historien, triumfen og tragediene - Biografi - Lyd Storytel
Gert Nygårdshaug - Den tredje engelen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tor Bomann-Larsen - Svaret. Haakon & Maud 6 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
Frits de Bourg - Dykket - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Ken Follett - Aftentid og morgengry - Britisk historisk roman - Kjøpt papirbok
M.J. Arlidge - Den som ikke har gjemt seg nå - Britisk krim - Lånt ebok BookBites



6 lyd, 3 papir, 3 ebøker
7 lånt, 4 abonnement, 1 kjøpt
8 krim, 1 annan roman, 2 biografiar, 1 dokumentar
9 norske, 2 britiske, 1 svensk
9 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Harsem, Michaelides

Eg er svært nøgd med blogge- og lesemånaden oktober! Heile 12 bøker lest og mange av dei var skikkeleg gode leseopplevingar. Dessutan har eg fått skrive 3 bokomtalar og 1 samleomtale - så dermed føler eg meg meir ajour enn på lenge. 

Det er umuleg å trekka fram eit enkelt høgdepunkt fordi eg har lest såpass mange bra bøker. Hans Olav Lahlum sin biografi om Reiulf Steen er rett og slett ein av dei beste politiske biografiane eg har lest nokon gong. Del 6 i biografiverket Haakon & Maud, Svaret, har eit oppsiktsvekkjande innhald, men er noko tyngre å lesa enn dei føregåande bøkene. Nabovarsel startar grøssande skummelt, slik me veit Lindell kan det, men undervegs endrar det seg noko slik at eg ved dette høvet "berre" gir terningkast 4. Eg hadde nemleg skyhøge forventningar til denne boka.

Både Tollak til IngeborgDen tredje engelen og Den sørgmodige bussjåføren fra Alster er gode bøker, kvar på sin måte, og kan anbefalast på det varmaste. Og dei er ikkje dårlege Bolton, Brekke, de Bourg og Borge sine bøker heller. 

Sterkast inntrykk gjorde dokumentaren frå Tysfjord; om "Liv" og hennar historie. Anne-Britt Harsem fortel i denne boka om ei jente som vart utsett for vald, mishandling og misbruk i heile barndommen. "Liv" bar alle teikn på at ho var utsett for vald og seksuelle overgrep, men det var ingen som sa frå og ingen som gjorde noko. Det er ei heilt utruleg; grusomt og hjerteskjerande. Det er mange som i ettertid kan føla på både skuld og skam. Les forkorta versjon i VG

Største nedtur og skuffelse kom med den overhypa og oppskrytte Den tause pasienten. Den var etter mi meining uspennande og treg og inneheld for mykje psykosnakk og kunstprat. Må likevel innrømma at eg vart overraska over løysinga på det heile, så eg spanderer eit terningkast 3. 

Til slutt kan eg nemna at eg lånte og leverte tilbake ei bok - ulest - denne månaden. Den psykologiske thrilleren Krypdyrmemoarer, som har fått så mykje merksemd, vart henta på biblioteket. Trass i høge terningkast og sal til utlandet kjende eg på ein veldig uvilje mot boka, så eg kom aldri i gang med den. 
Og når eg tenkjer meg om: Det er lurare å satsa på bøker som eg har lyst til å lesa. 

20. oktober 2020

Bokomtale: Den sørgmodige bussjåføren fra Alster av Håkan Nesser

Lydbokforlaget 2020
Speletid 9:41
Opplesar Helge Winther-Larsen
Kjøpt lydfil

Dette er ei velskriven, velkomponert, underfundig og spennande bok. Lesaren får verken åndenød eller pulsauke av sjølve historia, men det er spennande i tydinga av at lesaren vert meir og meir nysgjerrig på løysinga. Typisk Håkan Nesser altså.

Den sørgmodige bussjåføren fra Alster er 6. avsnitt i serien (7 om ein reknar med De venstrehendtes forening der Barbarotti har ei birolle), men bøkene må ikkje nødvendigvis lesast i kronoligisk rekkefølge. Det er enkelt og hyggeleg å bli kjent med den italienskætta, sympatiske og filosofiske etterforskaren Gunnar Barbarotti frå (den fiktive) småbyen Kymlinge. 

Den sørgmodige som det blir fortalt om heiter Albin Runge, forhenverande akademikar og omskulert til bussjåfør. Han trivst bra i jobben heilt til det skjer ei ulykke i 2006. På glatt føre og dårleg sikt køyrde bussen han førde av vegen og fall utfor eit stup. 18 menneske omkom. Undersøkingar frikjende Albin, men han fekk seg naturlegvis ein knekk. I 2012 byrja han å få trusselbrev, med såpass forurolegande innhald at han gjekk til politiet. Etterforskarane Gunnar Barbarotti og Eva Backman, som på den tida var i eit gryande og hemmeleg forhold, kjem så inn i biletet. Etterforskinga deira fører ikkje fram, tvert imot. Albin Runge forsvinn, så og seia i lause lufta, og vert etter ei tid erklært død.

I forteljinga si notid, i 2018, skjer det noko som inneber at Barbarotti og Backman (som etter kvart er blitt sambuarar) tek permisjon for ein periode. Dei leiger seg eit hus på Gotland og ein dag ser Barbarotti ein person som er mistenkeleg lik Albin Runge. Kan det stemma? Innimellom avslapping, vindrikking og sykkelturar vert Gotland-opphaldet fylt med tankeverksemd og lesing av gamle saksmapper. Kva var det som gjekk galt med etterforskinga i 2012? 

Dette er ramma for forteljinga som altså går føre seg på tre tidsplan. Trass i den tragiske bussulykka og den sørgmodige sjåføren er det ei forteljing med mykje humor og fine skildringar. Forholdet mellom Barbarotti og Backman er trevlig og søtt, kanskje for søtt?, men det er sanneleg befriande å lesa om krimheltar som har eit velfungerande samliv og familieliv. Dessutan - me som har følgd serien veit at dei to har ei fortid der ikkje alt var så rosenraudt. For slik er livet for dei fleste av oss; me opplever alle oppturar og nedturar, gleder og sorger. 

Diktsamlinga Stänk och flikar av Gustaf Fröding har ein viss plass i historia. Akkurat det forstår eg ikkje noko særleg av, men eg reknar med at Nesser har ei meining med det. Boka handlar i alle fall djupast sett, som dei fleste av Nesser sine bøker, om livet, døden og kjærleiken. 

"Det normale" innan krimsjangeren i dag er høgt tempo, korte kapittel, kjappe sceneskift, dramatiske hendingar og groteske skildringar. Eg har ikkje noko imot slike bøker, men det er ganske herleg med ei heilt annan type leseoppleving. Som dette.

Håkan Nesser skriv med "munter eleganse" las eg ein plass, og det er eg så enig i. Han er veldig stilsikker; pratsam og pludrande når det er naturleg og kjølig og skarp når det trengst. Han brukar eit filosofisk og lågmælt språk og krydrar det med akkurat passe dosar med humor og varme. Karakterane virkar "ekte" sjølv om dei er oppdikta og hendingane er tydelege og truverdige sjølv om det, når ein tenkjer seg om, er ein del tilfeldigheiter. 

Tidlegare i haust vart Håkan Nesser tildelt Crimetime Awards hederspris for 2020. Prisen vert delt ut til ein forfattar som "varit banbrytande för den svenska kriminallitteraturen och har satt Sverige på deckarkartan." Juryen skildra då forfattaren som "en gudabenådad berättare och stilist som låter filosoferandet och det goda samtalet ta minst lika stor plats som de väl konstruerade intrigerna". 
Med Den sørgmodige bussjåføren fra Alster stadfestar Nesser denne grunngjevinga.

Dagbladet har anmeldt boka. Eg er enig i konklusjonen og terningkastet, men overskrifta er fullstendig misvisande. 

13. oktober 2020

Norsk krim 2020

Hausten 2020 er ein uvanleg sterk norsk krimhaust. For sanneleg har dei utgitt nye bøker alle saman i sommar/haust: Jo Nesbø, Karin Fossum og Unni Lindell. Tom Egeland, Jørgen Jæger og Jørgen Brekke. Jan-Erik Fjell, Jørn Lier Horst og Frode Eie Larsen. Anne Holt, Merete Junker og Hans Olav Lahlum. Gert Nygårdshaug, Kjell Ola Dahl og Jan Mehlum. Alle kjente og (meir eller mindre) kjære for oss som er glade i krim. Nokre av årets bøker har eg lest, nokre ventar eg på å få lesa, andre vert ikkje prioritert enno og skal lesast på eit seinare tidspunkt.

Bakom synger døden (Fossum) har alt blitt omtalt her (i samleomtale saman med eit par svenskar) og Kongeriket (Nesbø) har fått ein eigen omtale. Her kjem fem andre korte vurderingar/omtalar. 

Gråsonen av Jan-Erik Fjell
Capitana 2020
352 sider
Lånt ebok BookBites

Hyggeleg gjensyn med Anton Brekke og Magnus Torp. Ei mistenkeleg drukningsulukke har muleg samanheng med ei gammal sak som Anton var involvert i då han var ung politiaspirant. Mykje tyder på at politiet tabba seg ut og pågreip feil person den gongen. 

Eg likar Fjell sin skrivestil og forventningane mine var høge til den 7. boka i serien. Dei vart i stor grad innfridde. Boka er enkel og lettlest, men manglar litt av den nerven og dei uventa vendingane som tidlegare bøker i serien har hatt.
Dermed vert det eit knepp ned frå forrige bok, GjemselTerningkast 4.


Andre guder av Jørgen Brekke
Vigmostad Bjørke 2020
145 sider
Lånt ebok BookBites

Fyrste del i ein planlagt bokserie med dei ti boda som tema. Tanken er at det skal komma ut ti romanar om kvart sitt bod, skrivne av ti ulike, norske forfattarar. 

Fyrste bod er "Du skal ikkje ha andre gudar enn meg" og Brekke sitt bidrag i samband med det er ein krimroman av typen kortroman/lang novelle. Det handlar om eit slags trekantdrama, og me får to av dei impliserte sine versjonar av det som skjer. 

Ei (krim)bok treng slett ikkje vera omfangsrik og tjukk for å vera god, men Andre guder er for tynn, både innhaldsmessig og  bokstavleg. Terningkast 3.


Nå har natten alt av Jørgen Brekke
Gyldendal 2020
381 sider
Lånt ebok BookBites

Enno ei bok av Brekke, og dette var "andre boller". Her prøver han seg på psykologisk thriller-sjangeren, og det er ganske vellukka. Eg får assosiasjonar til Torkil Damhaug sine bøker, men Brekke går ikkje så djupt inn i menneskesinnet som det Damhaug gjer.

Som i boka til Fjell over handlar det om eit muleg justismord. Både tilståing og DNA-funn tyder på at vedkommande som vart sikta og dømt for valdtekt og drap på unge Liv var den skuldige. Sju år etter vert ein forfattar oppsøkt av syster til offeret med nye opplysningar. Kan det verkeleg vera ein annan gjerningsperson? 

Eg likte måten boka er bygd opp på og korleis historia endrar seg etter
kvart som me får kjennskap til dei ulike personane sine handlingar. 
Terningkast 4+.


Hjerteløs av Jørgen Jæger
Capitana 2020
463 sider
Lånt ebok BookBites

Så; enno ein Jørgen. Denne gongen Jæger. 
Det handlar om våre gamle kjenningar Ole Vik, Cecilie Hopen og om liv og virke i Fjellberghavn. Sidan det er 12. bok i serien er omgjevnadene kjende for oss, men Jæger skal ha for at han alltid er oppdatert og skriv om samfunnsaktuelle problemstillingar. Ein kan sei at Jæger er politisk korrekt, men av og til er det det som er det rette.

I Hjerteløs er det Cecilie Hopen som må leia opptil fleire vanskelege saker, medan Ole Vik er mest opptatt av familien og Marte si helse. Journalistdrap, organtjuveri, mafiaverksemd og flyktningpolitikk er stikkord for handlinga. 
 Terningkast 4+.


Kongen av Tom Egeland
Capitana 2020
431 sider
Lånt papirbok privat

Frittståande, men me møter att enkelte karakterar frå tidlegare bøker. Startar veldig friskt, etter kvart litt tregt, før det vert rimeleg spennande mot slutten. 

Det handlar om finansakrobatikk og mafiaverksemd og påkjenningar som dei grotesk rike kan bli utsett for, som for eksempel kidnapping og utpressing. Tankane går gjerne til TV-serien Exit og til det som no vert kalla Lørenskog-saka - utan samanlikning elles.

Kongen er OK tidtrøyte, men Egeland har levert betre før.
Terningkast 4.

8. oktober 2020

Kort om: Tollak til Ingeborg av Tore Renberg

Cappelen Damm 2020
167 sider
Lånt ebok BookBites

Tollak er rasande. Han rasar mot folk, likar ikkje "den nye tida" og hatar alt det dei andre kallar framsteg. Han nektar å innretta seg og vert sett på som ein stabeis og vanskeleg type. Men no har han ikkje lenge igjen, og det er på tide å fortelja. Han ber på ein mørk løyndom og har bedt dei vaksne ungane sine om å komma på besøk. I boka føl me Tollak sine førebuingar fram mot den samtalen han skal ha med sonen Jan Vidar og dottera Hillevi. 

Tollak har ikkje alltid vore ein slik gretten gammal gubbe. Han har opplevd den store kjærleiken saman med Ingeborg. No har ho vore død i mange år og han saknar henne voldsomt. 

"Eg elska henne så høgt som nokon mann har elska ei kvinne, og eg forbannar helveteskreftene som tok henne frå meg."

Etter at Ingeborg vart vekke er det kun Tollak og pleiesonen Oddo som bur i huset oppe i dalen, der "stova er nedskitna og nedslarva". Oddo er spesiell; "inne i han er det ikkje som hos andre folk". Ingen andre enn Tollak forstår Oddo og klarar å hanskast med han.

Tore Renberg skriv som alltid godt, og får sagt mykje, både på og utanfor linjene, i denne korte boka. Boka har enkelte thrillerelement, men er ikkje spennande på den måten ein "vanleg" krimthriller er det. Likevel er det ei bok som er vanskeleg å leggja frå seg. 

Lesaren vert godt kjent med Tollak på godt og vondt. Tollak er ein kompleks figur full av kontrastar; han kan vera omsorgsfull, men også eigenrådig og valdeleg.

"Eg er Tollak til Ingeborg. 
Eg høyrer fortida til.
Eg har ingen planar om å finne min plass nokon annan stad."

Eg ser Tollak til Ingeborg får mykje ros, både frå anmeldarar og lesarar. Det er vel fortent. 

Her er eit utdrag frå boka:


Andre bloggmeiningar:

2. oktober 2020

Bokomtale: Kongeriket av Jo Nesbø

Aschehoug 2020
630 sider
Lånt papirbok privat

Eg var veldig spent før eg starta på denne. Sjølv om Nesbø er ein av yndlingsforfattarane mine, har eg ikkje vore like begeistra for alt han har gitt ut. Kongeriket fekk dessutan ei noko blanda mottaking av avis-anmeldarane; frå lunkne terningkast 4 i Stavanger Aftenblad og VG, til overbegeistra terningkast 6 i Dagbladet og Nettavisen

Sjølv hamna eg på eit sterkt terningkast 5, og eg skal prøva å grunngi dette nedanfor.

Handlinga i Kongeriket er lagt til ei fiktiv bygd i dei indre delane av Telemark. Her møter me Roy og Carl Opgard, to brødre som vart foreldrelause då dei var svært unge. Roy er den eldste og mest robuste og den som alltid har teke vare på veslebroren. Han vart også verande på fjellgarden dei vaks opp på medan Carl, den uansvarlege og tilsynelatande svakaste av brødrene, reiste ut i verda. Når denne forteljinga startar er Carl på veg heim. Med seg har han kona Shannon og store planar for framtida på Opgard. Ekteparet ynskjer å byggja eit spektakulært spa-hotell, men for å setja planane ut i live er dei avhengige av lokale støttespelarar, lokal finansiering og velvilje og aksept frå Roy.

Starten av boka er litt treg, men alt frå fyrste stund kjenner ein på den mørke stemninga. Ein forstår at det er noko dramatisk og alvorleg som har skjedd - og som skal skje. Forteljarstemma er heile vegen Roy, både i notid og i tilbakeblikk. Lesaren tek del i minnene, tankane og meiningane hans - og det er til tider noko ubehageleg. Gradvis vert mørke hemmelegheiter og unemnelege hendingar frå fortida avdekka. Kva hende den gongen då foreldra køyrde utfor det bratte stupet? Kva hende med lensmannen? Kva er årsaka til at Roy gong etter gong etter gong ryddar opp etter Carl? Er fortida og sanninga i ferd med å innhenta brødrene? Og kva med Shannon si rolle oppi alt dette?

Kongeriket er ein krimthriller/roman av det ambisiøse slaget og fleire har sagt at boka er altfor lang. Eg er tildels enig, for sjølv om Roy er ein einsam og heller inneslutta person er han veldig pratsam og omstendeleg når han skal fortelja historia si. Eg kjenner at eg "dett av lasset" i dei sekvensane der han går altfor detaljert tilverks når det gjeld fuglar, våpen og bilar. Samstundes seier dette med interessa for t.d. ornitologi mykje om kor samansett og fascinerande karakteren Roy faktisk er. 

Sjølv om tempoet er noko langsamt er forteljinga ganske så intens og spennande. Ein finn også ein god del humor, av det mørke slaget, i boka. Språket er typisk Nesbø; sjølvsikkert og ordrikt og med tydelege bilete og musikalske referansar. Plottet er både kronglete og mystisk. Det handlar om sjalusi, mistru, løgner, hevn, vald, utruskap og begjær, men også om samhald, lojalitet og kjærleik. Ein skjønnar at historia neppe kan få ein lukkeleg slutt, men eg vart overraska over dei vendingane historia tok.

Eg likte altså boka veldig godt; Kongeriket gjorde djupt inntrykk på meg. Somme bøker gløymer ein gjerne med det same ein har lukka permane. Denne boka er definitivt ikkje slik; Roy og Carl har "vore med meg" lenge etter avslutta lesing. 

Andre bloggmeiningar:
Bjørnebok - "Twin Peaks møter Lilyhammer"
Tine sin blogg - "Medrivende spenningsroman"

1. oktober 2020

Oppsummering september 20

Påbyrja i august, fullført i september:
Audun Molde - Pop - en historie - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel
M.J. Arlidge - Nei nei gutt - Britisk krim - Lånt ebok BookBites

Lest i september:
Heine Bakkeid - Vi skal ikke våkne - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Jo Nesbø - Kongeriket - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Tor Bomann-Larsen - Makten. Haakon & Maud 4 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
Jørgen Jæger - Hjerteløs - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Kristina Ohlsson - Henrys hemmelighet - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Erlend Loe - Helvete - Norsk roman - Lyd Storytel
Tor Bomann-Larsen - Æresordet. Haakon & Maud 5 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Jørgen Brekke - Nå har natten alt - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
S.J. Bolton - De utvalgte - Britisk krim - Lyd Storytel


4 lyd, 4 papir, 1 ebok
5 lånt, 4 abonnement
5 krim, 1 annan roman, 2 biografiar, 1 dokumentar
7 norske, 1 britisk, 1 svensk
8 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Molde

September kom og gjekk. Eg trur det er den fyrste månaden utan eit einaste blogginnlegg etter at eg byrja å blogga i 2012. Årsaka til manglande bokblogging ligg ikkje i skrivesperre eller lesesperre, men i tid. Rettare sagt kva eg prioriterer å bruka den begrensa fritida mi på. 

Månadens høgdepunkt: Kongeriket - ein svært sterk 5'ar. Omtale av Jo Nesbø si nyaste bok kjem om kort tid. 

Eg likte óg veldig godt dei tre sakprosabøkene som eg har lytta til innimellom all krimlesinga. Det gjeld del 4 og 5 i biografiverket om Haakon og Maud, opplest av forfattaren sjølv og Audun Molde sin gjennomgang av pop-historia, lest av Håvard Bakke. 

Og når ein er inne på lydbok og opplesing; ingen les Erlend Loe sine bøker som Erlend Loe sjølv. For fyrste gong har eg lytta til ei "live" bokopplesing. Eg humra meg gjennom Helvete saman med Loe og publikum i Litteraturhuset. Sjølve boka og handlinga var kanskje ikkje så stor lesesoppleving, men stemninga var djevelsk god!

31. august 2020

Oppsummering august 20

Påbyrja i juli, fullført i august:
Gard Sveen - Drømmenes gud - Norsk krim - Lyd Storytel
John Harvey - I mørket - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Alf R. Jacobsen - Djevelens kobber - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket

Lest i august:
Tana French - Inntrengeren - Irsk krim - Lyd Storytel
Jan-Erik Fjell - Gråsonen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tore Renberg - Mannen som elsket Yngve - Norsk roman - Lyd Storytel
Tom Egeland - Kongen - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Chris Hammer - Krattlandet - Australsk krim - Lyd Storytel
David Baldacci - Et enkelt geni - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Jørgen Brekke - Andre guder - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i august, fullførast i september:
Audun Molde - Pop - en historie - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel
M.J. Arlidge - Nei nei gutt - Britisk krim - Lånt ebok BookBites


5 lyd, 3 papir, 2 ebøker
5 lånt, 5 abonnement
9 krim, 1 annan roman
6 norske, 1 britisk, 1 irsk, 1 amerikansk, 1 australsk
9 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Hammer

Ein ny bra lesemånad er unnagjort. Sterk overvekt av krim som vanleg, men det var gjenlesing av "klassikaren" Mannen som elsket Yngve som førte til årets fyrste seksar. Har både sett filmen og lest og lytta til boka tidlegare, men den utgåva eg no har lytta til er ei nyinnspeling der forfattaren sjølv les. Og det løfta leseopplevinga til eit enno høgare nivå.

I august las eg óg tre av årets norske krimromanar. Både Gråsonen og Kongen er grei underhaldning, men eg meiner at både Tom Egeland og Jan-Erik Fjell kan betre enn det dei får vist her. Jørgen Brekke har óg vore mykje betre i tidlegare bøker. Andre guder er ei tynn forteljing i dobbel forstand.

Djevelens kobber (utgitt 2014) hadde eg aldri høyrt om før eg tilfeldigvis kom over boka på biblioteket. Det er ein svært bra historisk kriminalroman med handling frå andre verdenskrig og tida rett etter krigen og kan verkeleg anbefalast til alle krim- og historieinteresserte. Alf R. Jacobsen er mest kjend som forfattar av krigsdokumentarar, men han beherskar også krimsjangeren på ein framifrå måte.


27. august 2020

Sommarlesing del 2. Internasjonal krim

På tide med eit nytt samleinnlegg med korte omtalar/vurderingar i stikkordformat. Her handlar det om krim frå mange land, om ulike stilartar og forskjellige krimtradisjonar.

Eg startar denne "reisa" midt i Europa med
Fransk krim.

En sang for druknede sjeler av Bernard Minier
Aschehoug 2018
637 sider
Papirbok lånt privat

- Andre bok i Martin Servaz-serien vart ei mykje betre leseoppleving for meg enn den fyrste, noko som truleg skuldast at eg no las boka sjølv og ikkje nytta lydbok
- Gjensyn med den same onde og superskumle antagonisten.
- Elegant, ordrikt og "typisk fransk".
- Artig med fotball-VM 2010 som bakgrunnsteppe.
- Komplisert og raffinert plott.
- Mange handlingstrådar.
- Svært mange karakterar. Ein del interessante, andre tildels "flate".
- Underhaldande og med fleire spenningstoppar.
- Men altfor lang.
- Terningkast 4

Tiden er en morder av Michel Bussi
Cappelen Damm 2018
Speletid 15:32
Lydbok Storytel

- Frittståande thriller.
- Handling frå Korsika i 1989 og 2016.
- Kan ei grusom "ulykke" frå fortida får ei forklaring?
- Lettlest om familiehemmelegheiter og -forviklingar.
- Etter kvart ganske spennande.
- Dameroman-preget trekker ned heilskapsinntrykket.
- Terningkast 4-.

Me reiser så over kanalen og til ein annan type krimtradisjon - og ein forfattar som held tradisjonen ved like.
Britisk krim

Til jord skal du bli av John Harvey
Cappelen Damm 2014
Lånt ebok BookBites

- Andre bok i serien om Frank Elder, ein truverdig og sympatisk (eks-)politimann med sterke og svake sider.
- Både Elder, ekskona hans og dottera deira slit med dei traumatiske opplevingane i fyrste bok.
- Samstundes vert Elder engasjert i drapet på ein tidlegare kollega. Ved å følgja i fotspora hennar i den saka ho etterforska håpar han å finna ut kva som hende.
- Gode miljøskildringar og presise personskildringar.
- Ikkje altfor spennande historie, men velskrive og grundig.
- Terningkast 4.
I mørket av John Harvey
Cappelen Damm 2014
Lånt ebok BookBites

- Tredje bok i Elder-serien - og den beste hittil. (Den fjerde og førebels siste er ikkje oversatt til norsk enno)
- Enno mørkare stemning enn dei foregåande.
- Greie overgangar mellom Elder sitt personlege liv og etterforskinga.
- Gripande, realistisk og urovekkande lesing.
- Ei god bok, men heller ikkje denne gongen blir det så intenst og spennande som det vert lagt opp til.
- Terningkast 4+.


Så over til ein forfattar som på mange måtar har funne sin eigen stil. Dette er
Irsk krim

Inntrengeren av Tana French
Cappelen Damm 2018
Speletid 15:32
Lydbok Storytel

- Bok 6 i den ukronologiske Dublin Murder Squad- serien.
- Same etterforskarpar som i bok 5 - og korleis forholdet mellom dei utviklar seg er like spennande som den ytre handlinga.
- På minussida: Sakte tempo, omfattande, omstendeleg.
- På plussida: Uhyre velskrive og velformulert, med snert og med klokskap.
- Gode dialogar og avhøyrsscener.
- Opplesar Ivar Nergaard gir både liv og nerve til handlinga i boka.
- Terningkast 4+.

Neste forfattar skriv óg godt og er ein typisk representant for
Amerikansk krim

Tidens spill av David Baldacci
Cappelen Damm 2018
Speletid 11:53
Lydbok Storytel

- Del 3 i Maxwell & King-serien.
- Underhaldande og lettlest, men likevel ikkje heilt enkel handling.
- Hovudpersonane er som vanleg "overjordisk" smarte, dyktige og heldige - men dei har også sine djupare og sårbare sider.
- Mange mord, masse dramatikk.
- Terningkast 4.

Et enkelt geni av David Baldacci
Cappelen Damm 2018
Speletid 11:07
Lydbok Storytel

- Del 4 i Maxwell & King-serien.
- Treg start, men etter kvart svært så engasjerande.
- Michelle Maxwell med urovekkande åtferd, må få psykologhjelp.
- Hemmelege tenester, kodeknekking, agentverksemd, dopsmugling, drap.
- Ei 11 år gammal jente med eksepsjonelle evner er ein sentral karakter.
- Mange overraskingar undervegs og uhyre spennande avslutning.
- Ivar Nergaard er som vanleg ein dyktig opplesar.
- Terningskast 4+.

Avslutningsvis tek me turen til den andre sida av jorda og det som kallast "aussie noir" -
Australsk krim.

Krattlandet av Chris Hammer
Cappelen Damm 2018
Speletid 13:01
Lydbok Storytel

- Ny forfattar for meg, og då tek det som vanleg litt tid å komma i gang skikkeleg.
- Uvant miljø, spesiell natur.
- Omstendeleg handling, noko rotete og mange "uklare" karakterar.
- Påklistra romantikk og klissete avslutning.
- Dårleg opplesing. Anbefalar ikkje lydboka i dette tilfellet.
- Terningkast 3-.