Spartacus forlag 2012195 sider
Kjelde: Kjøpt sjølv
Linda Eide er journalist og forfattar, radiostemme og TV-person - og er herleg ujålete og morosam. Ho har gitt ut bøker før; med titlar som Då gamlemor baka seg i hel og Kvardagstraume i utval har ho skrive seg inn i hjarta til folk som har sans for satire i kåseriform.
For ti år sidan måtte Linda ta ein "naudtelefon" til mor si. Ho jobba då som journalist, deadline nærma seg og ho hadde ikkje peiling på kva ho skulle skriva om. Telefonsamtalen med mor vart til ein artikkel - og samstundes vart det starten på ein serie telefonsamtalar som resulterte i boka Oppdrag Mottro - med undertittel jakta på gamle dagar. Linda Eide vart forundra over at det mora fortalde frå hennar eigen barndom slett ikkje likna på den barndommen Linda sjølv hugsa:
"Den nye innsikta var såleis at Mottro hadde hatt eit liv før meg. Kall meg gjerne ureflektert og naiv, men dette var fyrste gongen at det verkeleg sokk inn i meg og nådde heilt fram: Mottro sitt liv starta faktisk ikkje med meg, tvert imot. Eg representerte slutten."Linda Eide lagar i denne boka eit fint og originalt portrett av mor si, og lesaren forstår at forholdet dei har er varmt og humoristisk. Mottro er ein usentimental, klok og ærleg person. Ei heilt alminneleg kvinne som likevel er spesiell. Samtalane dei har inneheld skråblikk på samfunnet - slik det var og slik det er blitt. Oppdrag Mottro er ei lettlest og underhaldande bok, skriven på den underfundige måten som er så typisk for Linda Eide, - men er inga humorbok. Bak det sjarmerande og ironiske ligg det alvor og meining. Kvart kapittel inneheld ei telefonsamtale mellom mor og dotter, og samtalen kan t.d. starta på denne måten:
Tast tast tast (ringjer Mottro)Bak i boka finn ein ei ordbok som inneheld oversetjingar av litt spesielle vossaord og -uttrykk. Sidan eg er sogning har eg ikkje noko bal med språket - vossamål og sognamål er ganske likt. Linda skriv elles same slag nynorsk som meg sjølv; nokså konservativt med me og a-endingar - som er heilt naturleg ut frå den dialekta me har.
Mottro: Ja?
Meg: Hei, det er meg.
Mottro: Å, er det deg?
Meg: Ja. Du må fortelja om stress.
Mottro: Åh, eg veit ikkje om eg har tid til det.
Meg: Haha, godt forsøk. Sei meg, når høyrde du ordet stress fyrste gongen?
Mottro: Det veit eg ikkje, altså. Men eg høyrde det aldri då eg var unge, og ikkje då eg var ungdom. Mor og far brukte det i alle fall aldri så lenge dei levde. Eg trur det kom smygande. På 80-talet var det vel blitt heilt vanleg.
Meg: Så seint? Men hugsar du ikkje den songen til Odd Børre i Melodi Grand Prix, «Stress»?
Mottro: Nei. Eller vent, meiner du den der «må må må må»?
Meg: «skynde meg å gå gå gå gå gå gå»
Mottro: «Slik at jeg kan nå nå nå nå» Jo, jo, men eg visste ikkje at den heitte «Stress». Når kom den songen, sa du?
Meg: 1968.
Mottro: Ja ja. Men det kom vel stress til Oslo før det kom til Voss.
Vil du testa ut fleire smakebitar så ta ein tur innom bloggen til Mari - Flukten fra virkeligheten.