Viser innlegg med etiketten Kim Leine. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kim Leine. Vis alle innlegg

27. desember 2024

Haust- og førjulslesing

Overskrifta var "haustlesing" då eg starta på dette innlegget, men av ulike årsaker har eg brukt så lang tid på å få det ferdigstilt at overskifta måtte endrast. Samleomtalen omfattar i dette høvet to svenske, to britiske, ein dansk, ein norsk og ein dansknorsk krim- og spenningsroman. Alle bøkene er del av serie.

Eg startar med det dansknorske innslaget; ein politisk thriller som er skremmande aktuell.

Karolines krig av Kim Leine
Cappelen Damm 2024
471 sider
Lånt ebok BookBites

Tredje og siste bok i trilogien om Karoline Blicher. Plottet er komplekst og kan nok opplevast utfordrande, men har ein lese dei to føregåande bøkene må ein faktisk lesa denne òg. 

I fyrste bok møtte me den skarpe og ambisiøse Karoline og kunne lesa om korleis ho brukte ulike metodar i privatliv, karrierejag og i eit politisk spel. I bok to nådde ho målet sitt om å bli topp-politikar, og i starten på bok tre får me vita at ho har fått helseutfordringar. 

Karoline er ein kompleks og fascinerande hovudperson, og i den siste boka er den aktuelle globale situasjonen vevd saman med hennar eige personlege drama. Me skal dessutan til Moskva og få eit glimt inn i Putin sine private gemakkar, samt til fronten i Ukraina. 

Karolines krig er ein velskriven og spennande roman som byr på fleire uventa vendingar.
Terningkast 5.

Dansk krim:

Løgner av Kim Faber og Janni Pedersen
Aschehoug 2024
Speletid 9:13
Lånt lydbok BookBites

Femte bok i Martin Juncker-serien omhandlar ei interessant sak som utviklar seg i ulike retningar. Boka er godt samanskrudd og inneheld fleire relevante sidehistoriar.

Undervegs er boka så spennande at det er vanskeleg å leggja ho frå seg, men avslutninga er utilfredsstillande og eit antiklimaks. Her har nok forfattarparet lagt opp til det som kjem i neste bok. Terningkast 4.


Så over til svensk krim.

Stol på meg av Anders Roslund
Cappelen Damm 2023
Speletid 10:35
Lydbok Storytel

Endeleg. Etter å ha venta i månadsvis, vart den siste boka i Grens/Hoffmann-serien tilgjengeleg i Storytel. Den forrige boka fekk eit sjeldent terningkast 6 av meg, så forventningane var høge.

Velskriven og velkomponert, aktuell tematikk og ekte engasjement. Slik kan alle bøkene i serien omtalast; dette er heilt klart ein av favorittseriane mine.

I 'Stol på meg' får me møta menneske frå 'Boks 21', ein av dei fyrste bøkene i serien. Det handlar om trafficking, organhandel og prostitusjon, - og det er sterkt, gripande, nervepirrande og rystande. Avslutninga virkar å vera definitiv, men truleg meir open enn ein skulle tru. Eg er veldig veldig spent på neste bok, '100 prosent'. 
Terningkast 5+.


Søvngjengeren av Lars Kepler
Bonnier norsk forlag 2024
Speletid 13:54
Lånt lydbok BookBites

Her var eg heldig og fekk tak i boka med det same ho kom ut. Og som alltid er det med skrekkblanda fryd eg startar på ei bok i denne serien. Lars Kepler - forfattarparet Ahndoril - er nemleg av det blodtørstige og råaste slaget.

I bok nummer 10 om Joona Linna handlar det om avkutta kroppsdelar, blod og gørr - og stemninga er skikkeleg mørk og skummel. Etterforskingsarbeidet er skildra (etter det eg kan forstå) på ein realistisk måte, medan drapa er ekstraordinære, brutale og spektakulære. Eg trur ikkje det finst så utspekulerte seriemordarar i den verkelege verda, så difor vart eg heller aldri skikkeleg skremt. Berre underholdt og fascinert. Og dessutan imponert over den fantasien og formidlingsevna som dette forfattarparet har. Det er ikkje tilfeldig at bøkene har blitt kjempepopulære verda over.
Terningkast 5.


Britisk krim.

Den som hvisker lyver av Cara Hunter
Cappelen Damm 2024
407 sider
Lånt ebok BookBites

Bok nummer seks i serien om Adam Fawler og kollegaene hans i politiet i Oxford. Dette er britisk kvalitets-politikrim i Colin Dexter/Inspektør Morse-tradisjon og eg meiner at serien fortener større merksemd og fleire lesarar. Les gjerne serieomtalen min om dei fire fyrste bøkene.

Karakterane er truverdige og framstår som "ekte", medan sjølve saka i denne boka virka noko usannsynleg. Men der tok eg feil gitt; handlinga er faktisk basert på ei verkeleg kriminalsak. 

Som alltid frå Hunter; 'Den som hvisker lyver' er ei velskriven historie og har eit gjennomarbeida plott, men lesinga gjekk likevel overraskande tregt. Det er sannsynlegvis min eigen "feil". Terningkast 4+.

Det beksvarte hjertet av Robert Galbraith 
Cappelen Damm 2024
1072 sider
Lånt ebok BookBites

Sidetalet gjorde at eg i utgangspunktet var noko skeptisk. Ei krimbok på over 1000 sider er vel i overkant? 

Svaret er: ja, det er det. Halvparten hadde vore passe. Nokon - ein redaktør eller liknande - burde sett foten ned når ei bok eser ut over alle grenser som i dette tilfellet. 
Galbraith (J.K. Rawlings) er ein fantastisk bra forteljar, men her vart det for mykje. For mange karakterar, for omfattande, for detaljert, for skravlete.
Ein annan ting eg oppfatta som negativt er alle chatte- og twitermeldingane som vel egentleg skal liva opp og gjera historia meir interessant og tidstypisk. I desse sekvensane datt eg heilt av lasset. 

Eg skulle ønska at eg ikkje opplevde det slik, for eg er blitt så glad i hovudpersonane Cormoran Strike og Robin Ellacott. Forholdet mellom dei (som betyr at dei ikkje har eit forhold) er eit ekstra spenningsmoment i serien.

Etter kvart vart det skumlesing for berre å bli ferdig med boka. Men eg fullførte - og det er eg nøgd med.
Terningkast 3.

Avslutningsvis: Norsk krim.

Tåkemordet av Hans Olav Lahlum
Cappelen Damm 2024
367 sider
Lånt ebok BookBites

Me er komne fram til del 12 i retrokrimserien om etterforskar Kolbjørn Kristiansen (K2) og rådgjevar Patricia. 

Hovudhandlinga er lagt til 1973, og K2 får i oppdrag av ein gammal frontkjempar og nazist å finna ut av ei drapssak frå 1943. Truleg var det nokon i motstandsrørsla som sto bak, og dermed er det ei litt delikat sak. 

Har du sans for kunstige dialogar, snirklete språk og langsam etterforsking, er dette ei perfekt bok for deg. Sjølv tykkjer eg at det går litt på tomgang i denne serien, men eg set pris på at Lahlum kjem med noko som er heilt annleis enn det som er vanleg i dagens krimlitteratur. 
Terningkast 4.

1. desember 2024

Oppsummering november 24

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Abid Raja - Vår ære og vår frykt - Debatt/personleg beretning - Lånt papirbok privat
Ørjan N. Karlsson - Stille som snø (Jakob Weber #3) - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites

Lese i november:
Kim Leine - Karolines krig (Karoline Blicher #3) - Dansk-norsk roman - Lånt ebok BookBites
Torbjørn Færøvik - Maos rike. En lidelseshistorie - Norsk dokumentar - Lydbok Storytel
Gard Sveen - Messe for en morder (Agnete Ness & Ulf Sommer #2) - Norsk krim - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Lars Kepler - Søvngjengeren (Joona Linna #10) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Robert Galbraith - Det beksvarte hjertet (Cormoran Strike #6) - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Jan Guillou - Tempelridderen (Arn Magnusson #2) - Svensk historisk roman - Lyd Storytel



3 lyd, 1 papir, 2 ebøker
5 lånt, 1 abonnement
3 krim, 1 roman, 1 dokumentar, 1 debatt
4 norske, 1 dansknorsk, 1 svensk
Nye forfattarar: Ingen

Eg tykkjer eg har lese mykje i november, men det vart faktisk ikkje meir enn seks bøker. Men fleire av dei er ganske omfattande, så eg vil tru at om ein reknar om til sidetal er det som ein normal månad (8-9 bøker).
Boka eg les no, Det beksvarte hjertet, er ekstra omfangsrik; 1072 sider. Eg må innrømma at eg har vore på nippet til å avbryta, men i skrivande stund er eg kommen til side 520. Det vil sei at alt no tyder på at eg kjem til å fullføra, for eg likar jo egentleg godt å lesa om Strike og Robin og om dei besyndarlege sakene dei etterforskar. Men ei krimbok på over 1000 sider - det er for mykje. Det blr for komplisert og litt utmattande frå Robert Galbraith (J.K. Rawlins) denne gongen.

Begge dei to sakprosabøkene eg las er veldig bra bøker. Abid Raja set dagsorden (også) med den nye boka si. I Vår ære og vår frykt tek han utgangspunkt i sitt eige liv og eige opphav og set søkelys på korleis ulike europeiske nasjonar har handtert innvandring og integrering. Ei svært viktig bok!
Torbjørn Færøvik si bok Maos rike handlar, som tittelen tilseier, om Kina, Mao og om korleis det kinesiske folket har lidd. Boka er rystande, lærerik og interessant om korleis (det som skulle bli) ein folkerepublikk blei eit diktatur.  

Kim Leine har no fullført bøkene om Karoline Blicher, og han avsluttar med det som er den beste boka i trilogien. Karolines krig er veldig spennande, skremmande realistisk og nesten dagsaktuell. Handlinga er nemleg lagt til oktober 2024.

Dei to norske krimbøkene er bra og her viser eg til samleomtalen.

Eg las (lytta) ferdig Søvngjengeren i natt, og eg er framleis andpusten. Atter ein gong har det svenske forfattarparet laga ei velkomponert og kjempespennande historie. Boka er nifs, bestialsk og urealistisk - men altså; dei skriv veldig bra. 

30. november 2023

Oppsummering november 23

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Hans Olav Lahlum - Terningmorderen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Pascal Engman og Johannes Selåker - Til minne om en morder - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites

Lese i november:
Kim Leine - Karolines kamp - Dansknorsk roman - Lånt ebok BookBites
David Lagercrantz - Obscuritas - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Arnaldur Indriðason - Mur av taushet - Islandsk krim - Lånt papirbok biblioteket
John Hart - Den uvillige - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Ørjan N. Karlsson - Natten reiser alene - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Hilary Mantel - Skygger av et liv du kunne ha levd - Britisk memoar/sjølvbiografi - Lånt papirbok biblioteket
Tony Fischier - I mesterens skygge - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites

Påbyrja i november, utsett på ubestemt tid: 
Jørgen Jæger - Skjebnedøgn - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites

3 lyd, 3 ebøker, 1 papir
5 lånt, 1 abonnement
5 krim/spenning, 1 annan roman
2 norske, 2 svenske, 1 dansknorsk, 1 islandsk, 1 amerikansk
7 menn, 0 kvinner
Nye forfattarar: Selåker

Det har vore ein heller slapp månad, både når det gjeld lesing og særleg blogging. Ein ny runde med korona har ein del av skulda, og elles har eg vore oppteken med andre ting.

Mykje terningkast 4 i november, utan at det betyr at leseopplevingane har vore like. Eit terningkast 4 inneheld jo både dei bøkene som nesten er ein 5'ar og dei som er på grensa til ein 3'ar. Terningmorderen vurderer eg til dømes til terningkast 4 pluss (ei av dei beste i serien) og Natten reiser alene til 4 minus (påklistra naturskildringar, fleire lause trådar).

Månadens høgdepunkt vart Den uvillige av John Hart. Noko kosebok er det ikkje, og Hart har kanskje vore betre før ('Det siste barnet', 'Brødrene fra Iron House'), men dette er i alle fall eit langt steg i "riktig" retning, det vil sei ulik forrige bok Mørkets testament, som eg vart skuffa over. 

Kva skjedde med Skjebnedøgn, lurer du kanskje på? Jo, då eg hadde att kun eit par timar lytting, forsvann boka. Eg hadde rett og slett ikkje følgd med på innleveringstidspunktet - og plutseleg var boka borte frå BookBites-appen. Eg vart veldig snytt med det same, men boka var ærleg talt ikkje såå veldig spennande. Eg reknar med at eg får sjansen til å lesa/lytta ferdig ein annan gong.

22. desember 2022

Bokomtale: Karolines kjærlighet av Kim Leine

Cappelen Damm 2022
414 sider
Lånt ebok BookBites

Kim Leine - mest kjent for Grønlandstrilogien - 'Profetene i Evighetsfjorden', 'Rød mann/sort mann' og 'Etter åndemaneren' - har starta på eit heilt nytt og heilt annleis prosjekt. 
Ut frå tittelen på boka skulle ein nesten tru at det er ein dameroman. Det er det ikkje. Det er også noko heilt anna enn 1700-talet og "galskap og gørr på Grønland". 

Karolines kjærlighet er fyrste bok i ein ny trilogi. Handlinga er lagt til "nesten notid" og me befinn oss innan det som kan kallast spenning-/politisk-/agentroman-sjangeren. 

Me møter Karoline Blicher i 2013. Ho er på dette tidspunktet utstasjonert som assisterande forsvarsattachè i Moskva. Samstundes går det rykter i det diplomatiske og politiske miljøet om ein nær foreståande russisk invasjon/anneksjon av Krim. Karoline vert i samband med dette oppfordra til å bli "ekstra godt kjent med" Mikhail Petrov, ein mann tilknytta det russiske kulturdepartementet - men ein forstår at han har andre forbindelsar og truleg andre motiv. Det noko spesielle oppdraget fører til at Karoline får eit heitt forhold til Petrov. Men høgdepunktet under Moskvaopphaldet er likevel, etter Karoline sitt syn, møtet med sjølvaste Vladimir Putin. 

Etter ei tid gjer den russiske etterretningstenesta eit forsøk på å verva Karoline til si teneste - og opphaldet i Moskva vert avslutta. Tilbake i Danmark legg Karoline tilsynelatande alle kort på bordet til den danske etterretningstenesta. Karoline konsentrerer seg etter kvart meir om heimlege saker og vert politisk aktiv i det populistiske og nasjonalkonservative partiet Demokratisk Alliance. Men kjenslene og kjærleiken hennar er framleis i Moskva. 

Karoline sin ekskjæreste er journalist og kjem på sporet av noko som både russisk etterretning og dansk media er ute etter - men for Karoline kan ei eventuell avsløring vera svært øydeleggjande, både personleg, familiært og profesjonelt. 

Dette er opptakta til boka og det som etter kvart skal bli ein trilogi. Boka er innhaldsrik og Kim Leine er ein framifrå forteljar. Men når ein tenkjer på (og kanskje ubevisst; samanliknar med) Grønlandstrilogien - er denne ganske tam. Eg forventa noko heilt anna enn det eg fekk - og eg måtte liksom justera forventningane mine undervegs i lesinga. Då eg hadde fått "ommøblert" inne i hovudet mitt vart det etter kvart ei god leseoppleving. Men starten er veldig treg, og eg meiner at framdrifta tidvis er for dårleg. I alle fall sidan boka vert marknadsført som ein "intens spenningsroman". 

Karolines kjærlighet er meir interessant enn spannande. Eg ser på boka som ein bra start på det som altså skal bli ein trilogi. Handlinga og karakterane i boka er oppdikta, men bakteppet er realistisk og tematikken er aktuell. Hendingar det siste året har synt oss at koblingane mellom dansk (og nordisk) høgrepopulisme og russisk nasjonalisme ikkje er så urealistisk som ein skulle tru. 

Karoline er ein fascinerande og forholdsvis truverdig karakter - som slett ikkje er vidare sympatisk. Tvert om; ho har nokså ekstreme haldningar og syner rett som det er sider av seg sjølv som er heller usmakelege. 

Hovudtema i boka er korleis Karoline brukar makta si og på den andre sida; korleis ho vert brukt av andre. Kvar er lojaliteten hennar? Kva og kven er Karoline sin egentlege kjærleik? Kva og kven er det ho sviktar? Kva kan ho tapa på vegen mot det målet ho har sett seg? For målet - i alle fall så lenge - det er å bli statsminister i Danmark. 

Sjølv om boka ikkje vart heilt innertiar for meg, ser eg fram til å lesa meir om Karoline.

1. desember 2022

Oppsummering november 22

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Gert Nygårdshaug - Quintessence - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Jens Henrik Jensen - Gladiator - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites

Lest i november:
Kim Leine - Karolines kjærlighet - Dansknorsk roman - Lånt ebok BookBites
Alfred Fidjestøl - Mine kamper - Biografien om Drillo - Norsk biografi - Lyd Storytel
Knut Nærum - Sitt ned og hold kjeft - Norsk humor/satire - Lyd Storytel
Kerstin Ekman - Løpe ulv - Svensk roman - Lånt papirbok privat
Emelie Schepp - Bjørnen sover - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Jane Casey - Oppgjør - Britisk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Torkil Damhaug - Hund uten grav - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tomm Kristiansen - Afrikanske fortellinger - Dokumentar/ Personleg beretning - Lyd Storytel

5 lyd, 2 ebøker, 1 papir
5 lånt, 3 abonnement
3 krim, 3 andre romanar, 1 biografi, 1 humor
3 norske, 2 svenske, 1 dansknorsk, 1 dansk, 1 britisk
5 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Fidjestøl

November vart ein lesemånad på det jamne; 8 fullførte bøker og greie leseopplevingar. 

Månadens høgdepunkt: Løpe ulv, utan tvil. At boka vart nominert til Nordis Råds litteraturpris er ikkje ufortent. Bloggomtale kjem.
Biografien om Drillo likte eg óg veldig godt, men så er eg vel å merke meir enn gjennomsnittleg fotballinteressert. Fokus i boka er (mest) på fotballkampar og ikkje (så mykje) på mennesket Egil Olsen.

Månadens nedtur: Sitt ned og hold kjeft av Knut Nærum. Ironisk om sjølvtillit og sjølvhjelpsbøker. Litt humring og gode poeng innimellom, men sidan boka kom ut i 2010 har ho gått ut på dato. 
Oppgjør - bok 2 i Meave Kerrigan-seiren - vart eit knepp ned frå forrige bok. Krimhistoria er OK, men boka inneheld altfor mykje uinteressant fyllstoff som burde vore luka vekk.

"Eitt knepp ned" vart det også for forfattarane Kim Leine, Gert Nygårdshaug, Jens Henrik Jensen og Emelie Schepp. Bra bøker for all del, men dei har alle levert betre ved tidlegare høve.
Omtale av Quintessense er alt publisert. Omtale av Karolines kjærliget kjem. Og kanskje dei andre blir med i ein kommande samleomtale.

Eg er i skrivande stund i gang med to veldig bra bøker, så årets siste lesemånad byrjar i alle fall bra. 

2. februar 2022

Oppsummering januar 22

Påbyrja i desember, fullført i januar:
Kim Leine - Etter åndemaneren - Dansk/norsk historisk roman - Lånt papirbok privat (+ lånt ebok)

Lest i januar:
Tana French - Den mørke almen - Britisk krim - Lyd Storytel
Thomas Karlsen - Hoppuka - Norsk sportsdokumentar - Lyd Storytel
Gustafson & Kant - Singöspionen - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Audun Dybdahl - Klima, uår og kriser i Norge - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Chris Tvedt - Djevelen i detaljene - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Arnaldur Indriðason - Den tause moren - Islandsk krim - Lånt lydbok BookBites
Are Kalvø - Meininga med livet eller: Yes sir I can boogie - Norsk humor - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Hans Olav Lahlum - Sneen var ren - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Max Seeck - Heksejakt - Finsk krim - Kjøpt lydfil


5 lyd, 1 papir, 2 ebøker
5 lånt, 3 abonnement
4 krim, 1 historisk roman, 2 dokumentarar, 1 humor
4 norske, 1 dansk-norsk, 1 svensk, 1 irsk, 1 islandsk
7 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Gustafson, Kant, Dybdahl

Januar vart ein lesemånad på det jamne, totalt sett. Ingen av dei andre bøkene eg las kunne måla seg med den leseopplevinga Etter åndemaneren gav meg. Det var då heller ikkje å forventa.

Den mørke almen er forsåvidt ei interessant og velskriven historie, men aaaaltfor lang og treg. Så den vart eg skuffa over. Med Den tause moren var det egentleg omvendt: Etter å ha lest nokre skikkeleg trege Indridason-bøker tidlegare, var denne overraskande bra. 

Eg har alltid vore sportsinteressert, så Hoppuka (om den tysk-austerrikske hoppveka) var ei interessant bok. Her får ein både reiseskildring, nostalgi og funfacts. Eg trudde denne Karlsen var ny forfattar for meg, men så viste det seg at han er mannen bak den svært gode biografien om Claus Lundekvam.

Moroklumpen Are Kalvø leverer som alltid. Denne gongen med Meininga med livet. Eller: Yes Sir, I can boogie og er "eit forsøk på å forstå vår tid og finne meininga med livet gjennom den popmusikken folk i Noreg har høyrt på dei siste femti åra". Det handlar her om den popmusikken folk faktisk har høyrt på – og ikkje den dei påstår at dei har høyrt på, noko Kalvø meiner er to heilt ulike ting. 

"Når eg les oppvekstromanar frå den tida eg sjølv vaks opp, då stussar eg alltid over at hovudpersonane gjerne høyrer på sånt som The Smiths. Vi høyrde ikkje på The Smiths. Vi høyrde på T’Pau. Det var omtrent tjue stykke i Noreg som høyrde på The Smiths på åttitalet. Alle har vorte forfattarar."

15. januar 2022

Bokomtale: Etter åndemaneren av Kim Leine

Cappelen Damm 2021
844 sider
Lånt papirbok privat + lånt ebok BookBites

Eg byrja leseåret 2022 med ein skikkeleg murstein - og for ei leseoppleving! Avslutninga på Kim Leine sin grønlandstrilogi vart like storarta som forventa. 
Dei som kjenner meg og lesesmaken min veit at eg les mykje krim og trivst med det. Men dei bøkene som gir meg mest er svære historiske romanar fylt med interessante karakterar og dramatisk handling. Slik som denne boka.

Det er ein trilogi dette, men den er ukronologisk og bøkene heng berre lauseleg saman. Ein treng altså ikkje å lesa Profetene i Evighetsfjorden og Rød mann/sort mann før denne.
Etter åndemaneren er ikkje (fullt) så stinkande rå og brutal som dei to nemnde bøkene. Ho kan dermed framstå som litt "tam", men det er sanneleg rikeleg med ubehagelege scener også i denne boka. Ho har dessutan andre kvalitetar; levande skildringar, fargerike personar, truverdig handling og mørk humor.

Handlinga er lagt til Grønland og Danmark på 1880-talet. Danskar busette på Grønland såg nok framleis på seg sjølve som "siviliserte" og på grønlendarane som "ville hedningar" på den tida, men enkelte fekk etter kvart ei noko anna haldning til urbefolkninga. Mykje hadde endra seg sidan Egede starta misjoneringa si på 1720-talet. 
Slutten av det 19. hundreåret var óg tida for dei store polarekspedisjonane, og i denne boka får me lesa mykje om ein heilt spesiell ekspedisjon som fann stad på Grønland i 1883-85; Gustav Holm sin konebåt-ekspedisjon. Målet med forskingsreisa var å finna ut meir om natur, geografi, kultur og levemåte, på den til då uutforska austkysten av øya. Det vart ein vellukka ekspedisjon; faktisk kom fleire tilbake enn det reiste ut. Ekspedisjonen vart godt dokumentert for ettertida, både av ekspedisjonsleiaren sjølv og av "blandingen" Hanseeraq; han som leia grønlendarane (flest kvinner) som deltok. Denne dokumentasjonen er utgangspunkt for ein av handlingstrådane i Etter åndemaneren.

Dei mange "blandingane" rundt om på koloniane på Grønland var ei følgje av at mange barn vart fødde utanfor ekteskap (av grønlandsk mor og dansk far, aldri omvendt - og faktisk registrerte som "blanding" i folketeljingane) og desse folka vart gjerne sett ned på av begge partar. Ein av dei er altså Hanseeraq - ein verkeleg historisk person som er ein av forteljarstemmene i boka. Trass i at han (også) har eit dansk namn ser han på seg sjølv som rein grønlendar og nektar t.d. å snakka dansk sjølv om han faktisk kan språket.

Usikre farskap og uklare søskenforhold er eit gjennomgåande tema i boka. To andre forteljarstemmer tilhøyrer Jens - Hanseeraq sin nevø - og Sara - Hanseeraq si dotter. Begge desse er fiktive, og for begge sin del handlar det mykje om å finna sin eigen identitet og dei kampane dei må ta i samband med det. Jens dreg til København for å finna far sin. Saman med to andre har faren nemleg funne gull på Grønland, og det er muleg at gullet er oppbevart i København. Med sin  blandingsbakgrunn finn ikkje Jens seg til rette i Danmark. Ikkje finn han noko gull og ikkje finn han far sin heller. Han får heller ikkje ordentlege vener, men den einsame unge mannen vert dregen inn i det dekadente homsemiljøet rundt diktaren Herman Bang. Dette skal føra til både vanskelege forhold og dramatiske hendingar - og det skal gå lang tid før han får venda tilbake til Grønland. 

Forfattaren dreg også ein tråd framover nesten mot "vår eiga tid", i alle fall til året 1953 då Grønland fekk status som amt og dermed vart ein likeverdig del av den danske nasjonen. Åndemanaren Aappaluttoq, som me også "traff" i forrige bok er "med", men tek ikkje altfor mykje plass. Den mystiske gullbehaldninga er elles det som knyter handlingstrådane saman.

Det var kort oppsummert og noko overfladisk om litt av handlinga i den siste delen av Grønlandstrilogien. Etter åndemaneren er jo veldig omfattande med sine 844 sider, og lesinga tek si tid. Det er ei "bredt anlagt" forteljing om store kulturmotsetnader og voldsomme naturkrefter. Det handlar om galskap og ondskap, overgrep og incest, og om skam, skuld og anger. Likevel er boka ganske lettlest - og veldig interessant.
Boka kryp liksom under huda på deg, ho gjer deg opprørt og sjokkert, men er samstundes underhaldande og spennande. Det er ei bok som spelar på mange ulike kjensler - og sjølv måtte eg ta enkelte pausar undervegs. 

Kim Leine er norsk og busett i Danmark. Han skriv på dansk, overset/gjendiktar til norsk og utgir bøkene parallellt. På den måten skjønnar me at bøkene hans er uvanleg grundig gjennomarbeida. I tillegg må han ha hatt ein svær jobb med bakgrunnstoff og research. Grønlandstrilogien er på alle måtar eit stort verk og ein gedigen litterær prestasjon. 

Eg er ufatteleg "gjerrig" med 6'arane mine. I fjor ga eg kun èi bok dette terningkastet.
Men eg har gitt alle bøkene i denne trilogien terningkast 6.
Det seier sitt!
Anbefalast på det sterkaste!

Eg lånte og las papirboka i starten, men undervegs og tilfeldigvis vart eboka ledig i BookBites, så eg fekk fullført boka på iPad'en. Det var bra - ei papirbok i denne storleiken er veldig upraktisk.

20. desember 2018

Årets beste

Det er framleis att nokre dagar av året 2018, men kåringar av ymse slag er alt i gang. VG har kåra årets beste bøker - og det inspirerte meg til å gjera det same. Eg har lest kun ei av bøkene VG-anmeldarane plukka ut - men den er då også min favoritt og einaste terningkast 6-bok dette året: Rød mann, sort mann. I samband med VG si kåring har eg notert meg Hvitekrist av Tore Skeie og Krigernes fred av Lasse Gallefoss - både bøker og forfattarar hittil ukjende for meg. Bjørnen (Gard Sveen) har eg ikkje lest fordi eg enno ikkje har fått somla meg til å lesa den føregåande og Kastanjemannen (Søren Sveistrup) ventar eg med fordi den har vore hypa så mykje.

Eg likar ofte publikumsvenlege og populære bøker, men eg prøver likevel å unngå "overhypa" bøker. Difor har eg enno ikkje lest Søsterklokkene og Leksikon om lys og mørke. Heller ikkje fjorårets Blå og Tante Ulrikkes Vei. Det er muleg eg kjem til å lesa dei på eit seinare tidspunkt - men eg er så møkk lei av å lesa om dei. Nokre nye og populære bøker kjem eg aldri til å lesa; her tenkjer eg m.a. på Snøsøsteren (Når ei bok får sååå mykje skryt blir eg kvalm) og Menn i min situasjon (Eg likar rett og slett ikkje bøkene til Per Petterson). Eg bryr meg heller ikkje om Eleanor Oliphant har det fint eller ikkje.

Men - eg les mykje anna: Spenningsromanar, historiske romanar og historiske kriminalromanar. Norsk krim, svensk krim, dansk krim og britisk krim. Samt dokumentarar og biografiar - sjølv om ingen i dei sistnemnde kategoriane havna blant mine 10 på topp for 2018. Kim Leine si forteljing Rød mann, sort mann plasserer eg altså som nummer 1, dei andre rangerer eg ikkje. Men gode leseopplevingar har dei alle vore, kvar på sin måte. Eg har plukka ut 4 norske, 4 svenske, 1 dansk/norsk og 1 britisk. 6 krim/spenning, 2 historiske romanar, 1 annan roman og 1 novellesamling.



Kim Leine: Rød mann, sort mann
 - Historisk roman med handling frå Grønland. Frittståande, men miljøet er det same som i Profetene i Evighetsfjorden. Ei lærerik, velfortalt, gripande, dyster og fengande historie - som stinkar.
Martin Holmén: Clinch
 - Svensk historisk krim med handling frå Stockholm. Den fyrste i trilogi.
Peter May: Lewisbrikkene
 - Britisk krim med handling frå Hebridene. Flott avslutning av ein strålande trilogi.
Gert Nygårdshaug: Zoo Europa
 - Fantasifull, velskriven og dystopisk. Nummer 5 i Mino-serien.
Lars Kepler: Lazarus
 - Adrenalinspennande og brutal svensk krim. Nummer 7 i serie. (Omtale kjem)
Levi Henriksen: Jern & metall
 - Novellesamling. Klokt og varmt om dei nære ting.
Unni Lindell: Dronen
 - Den norske krimdronninga leverer igjen.
Edvard Hoem: Jordmor på jorda - Huset under blåhammaren
 - Fantastisk forteljarkunst og glimrande opplesing av forfattaren sjølv. (Omtale kjem)
Anders Roslund: Tre timer
 - Fascinerande persongalleri og aktuelle problemstillingar.
Arne Dahl: Innland
 - Framhald av Utmarker, uhyggeleg og stemningsfull.

I tillegg til desse ti må Når barnet ditt ikkje vil leve lenger nemnast. Det vart ei leseoppleving heilt utanom det vanlege.

(Også Aftenposten har kåra sine Årets beste, men artikkelen ligg bak betalingsmur. Ut frå illustrasjonsbiletet ser det ut til at Levi Henriksens Jern & metall er blant dei utvalde)

Så - kva tykkjer du? Har bokåret 2018 vore bra? Har favorittane dine innfridd?
Kva har vore dine beste leseopplevingar?

31. juli 2018

Oppsummering juli

Påbyrja i juni, fullført i juli:
Ingar Johnsrud - Korset - Norsk krim - Kjøpt lydfil
Kim Leine - Rød mann, sort mann - Dansk/norsk roman - Lånt papirbok privat
Kjell Ola Dahl - Søsteren - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib

Lest i juli:
Arnaldur Indridason - Skumring - Islandsk krim - Lydbok Storytel
Jørgen Brekke - Alle kan drepe - Norsk krim - eBokBib
Tove Alsterdal - Evas siste vitne - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Torbjørn Færøvik - Orientekspressen - Norsk reiseskildring/fakta - Lyd Storytel
David Vogt - Vår glemte polarhelt - Norsk biografi/dokumentar - eBokBib

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Ken Follett - Vinter over verden - Britisk roman - Lånt papirbok privat
Jo Nesbø - Macbeth - Norsk krim - Lånt papirbok privat



  • 2 papir, 3 lyd, 3 ebøker
  • 5 lånt, 1 kjøpt, 2 abonnement
  • 5 krim/spenning, 1 historisk roman, 1 biografi/dokumentar, 1 reiseskildring/dokumentar
  • 6 norske, 1 dansk-norsk, 1 islandsk
  • 1 kvinne, 7 menn 
  • "Nye" forfattarar: Vogt
Så vart det omsider sommarferie; i skrivande stund er det feriedag nummer to - og det ausar ned og tordnar og lynar. Det er herleg at lufta vert litt forfriska etter den ulideleg kvelande varmen me har hatt i det siste. Eg har verken ferieplanar eller ferieleseplanar - men nokon sydentur vert det ikkje, for å sei det slik.. Det er avslappande og godt å ta ting på sparket når ein elles i året er nøydd til å gå etter planar, klokke og kalender heile tida.

Høgdepunkt i juli lesemessig sett vart naturlegvis Kim Leine si sterke og frodige forteljing frå Grønland Rød mann/sort mann. I tillegg er det grunn til å halda fram Ingar Johnsruds krimroman Korset, Torbjørn Færøvik sin stødige og lærerike reisedokumentar med Orientekspressen og David Vogt sin interessante biografi om Carsten Borchgrevink. Dersom det skulle vera biolesedeltakarar som ikkje veit kva dei skal lesa i neste runde kan eg verkeleg anbefala boka Vår glemte polarhelt.

13. juli 2018

Bokomtale: Rød mann/Sort mann av Kim Leine

Cappelen Damm 2018
603 sider

Papirbok lånt privat

Omsider har Profetene i Evighetsfjorden fått ein oppfølgjar - og endeleg kan eg tildela årets fyrste terningkast 6. Rød mann/Sort mann er av den type bok som vert verande i kroppen og i tankane lenge etter avslutta lesing. Forteljinga er basert på verkelege hendingar og personar.

Handlinga er lagt til Grønland ca. 1730, dvs. omlag 60 år tidlegare enn Profetene; til den tida då den vidgjetne misjonæren og presten Hans Egede virka i landet. Dei mest sentrale karakterane og hovudmotstandarane i forteljinga er på den eine sida "sort mann" Egede og på den andre sida; "rød mann" åndemanaren Aappaluttoq. Misjoneringa hadde samanheng med koloniseringa; kong Frederik IV av Danmark-Norge sitt behov for gjera riket (og statskassa) større. I år 1728 vart eit skip sendt avgarde til Grønland, befolka med guvernør, lege, offiserar, prestar, handelsmenn, handverkarar og andre folk - mellom dei; ein heil gjeng med nyleg tvangsgifta fangar og prostituerte. Tanken var at desse para skulle busetja og formeira seg slik at det vart ein skikkeleg koloni. Slik skulle det ikkje gå; eit stort fleirtal av dei gjekk til grunne.

Grønland er vakkert, men barskt. Dei danske kolonistane i Godthåb er ikkje på nokon måte førebudde på utfordringane som ventar. Etter kort tid er det avmakt, umoral, råskap og dumskap som rår. Konsekvensane av fukt, kulde, einsidig kosthald, mykje alkohol, dårleg hygiene og elendige butilhøve er sjukdommar på både sinn og skinn. Døden kjem ofte som ein befriar for den sjuke og for dei nære. Nokre få skaffar seg kunnskapar og lærdom frå inuitane sitt levesett, noko som kunne visa seg å vera nyttig. Men sjølv ikkje tilegna lærdom kunne hindra at katastrofen - i form av ein kopper-epidemi - slo inn over dei.

Kim Leine legg ikkje fingrane mellom når han skildrar korleis leveforholda var. Her får ein vita mykje om kroppsvæsker, om stank og skitt, om overgrep og vald, om død og fordervelse. Det er så fælt at det er heilt på grensa til å bli komisk - men Leine dreg det aldri såå langt. Til det er det for mykje drama, for mykje alvor og for mykje sorg. Alt det ulekre og triste er ubehageleg å lesa om, men på ein tankevekkjande måte.

Eg ser på Rød mann/Sort mann og Profetene i Evighetsfjorden som eit oppgjer med og ein bitande kritikk av korleis danskane har handsama grønlendarar og inuitar gjennom tidene. Leine fortel at inuitane gjerne ville gjera handel med danskane og at dei ville gjerne høyra om Gud og Jesus og Abraham og Isak. Dei var fordomsfrie på den måten, men samstundes ville dei behalda sine gamle ånder og gudar. Etter Egede sitt syn var "dei ville" dømde til evig pine i helvete dersom dei ikkje avsto frå slike heidenske meiningar.

Hans Egede såg som si sentrale oppgåve å frelsa sjeler; å omvenda dei innfødde og ville frå heidenskap til kristendom. I tillegg hadde han ein draum om å finna etterkommarar av dei gamle norrøne busetjarane på Grønland. Leine framstiller Egede som velmeinande - men også som ein mann med eit strengt og fundamentalistisk livssyn. Han hadde Martin Luther som sitt store førebilete - med alt det innebar av kvinneforakt og negativt menneskesyn. Framande kulturar hadde han, som dei fleste andre i si samtid, heller ingen respekt for. Sjølv om han var lærd og utdanna framstår han som enkel. Det ingen tvil om at det er Aappaluttoq som er den kloke og framsynte av dei to motstandarane i denne historia.

Det skal her leggjast til at urbefolkningen også hadde enkelte gruvekkjande og forkastelege skikkar i sin kultur: Dei var ikkje berre snille og milde naturfolk som vart hersa med av dei nye danske styresmaktene. Kim Leine gir ein del eksempel på det i denne boka.

Kim Leine skriv med ein råskap, eit engasjement og ei innleving på ein måte som få andre forfattarar gjer. Skildringane av menneske og miljø er levande og nære. Trass i boka sitt omfang - 600 sider - vart eg aldri lei. Om noko skal pirkast på, er det at dei religiøse og filosofiske betraktningane vert litt langtekkelege enkelte gonger. Eg har også litt "problem" med Aappaluttoq som svevar overalt og dukkar opp både her og der, men eg tykkjer likevel ikkje at dette forteljargrepet forringar leseopplevinga mi.

Boka handlar om så mangt, på mange ulike plan. Om liv og død, om kjærleik og truskap, om offer og frelse, om religiøs fanatisme, om rasisme, om galskap og om menneska sine (manglande) evner til å tilpassa seg. Boka er svært folkerik og perspektivrik. Ein får vita korleis dei som befann seg på ulike stader og livssituasjonar såg på korleis tilværet var. Synsvinklane skifter ofte, også innan same kapittel og same side. Ein skal difor vera ganske vaken og konsentrert medan ein les.

Rød mann/Sort mann er ei lærerik, velfortalt, gripande, dyster og fengande historie - som stinkar. For meg vart det ei praktfull leseoppleving. Anbefalast på det sterkaste.

Andre bloggmeiningar: Tine sin blogg

12. oktober 2017

Favorittforfattarar: K

Det går seint med den alfabetiske gjennomgangen av favorittforfattarar; no er eg komen fram til bokstaven K. Den fyrste favoritten her var eg aldri i tvil om, men eg måtte tenkja meg om før eg valde nummer to. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å skriva om Karin Fossum, men eg er blitt litt trøytt og lei av Konrad Sejer så eg valde henne vekk.

Foto: https://ken-follett.com/

Ken Follett

Britisk forfattar f. 1949

Fødd i Wales og ifølge pålitelege kjelder; no busett i England med kone og hundar. Han er ein verdenskjent og bestseljande publikumsfavoritt.

Follett er ein meister når det gjeld omfangsrike underhaldningsromanar og er denne hausten aktuell med Den evige ilden (A Coloumn of Fire). Her held han fram i det universet som vart skapt med Stormenes tid (The Pillars of the Earth, 1989) og I all evighet (World Without End, 2007)

Slo gjennom med thrilleren Nålen (Eye of the Needle) i 1978. Etter den er det blitt ein heil rekke bøker; fyrst og fremst spenningsromanar og historiske romanar. Trilogien om det 20. hundreåret - som består av tre gigantiske bøker - må óg nemnast: Her får ein både historieundervisning og timevis med god underhaldning.


Foto: Wikipedia

Kim Leine

Dansk-norsk forfattar f. 1961

Utdanna sjukepleiar, fødd i Noreg, bur i Danmark og har budd på Grønland. Han skriv bøkene sine på dansk og set dei sjølv om til norsk.

Eg har ikkje lest så mange bøker av denne forfattaren, men dei få eg har lest har vore fantastiske leseopplevingar. Den vesle sjølvbiografiske romanen Kalak var som eit knyttneveslag rett i magen. Skildringane av dei vanskelege tilhøva på Grønland er rystande. Det same er (dei sjølvopplevde) historiane om overgrep, incest og rusmisbruk.

Vart i 2013 tildelt Nordisk Råds Litteraturpris for den historiske romanen Profetene i Evighetsfjorden - som er ei lærerik, storslagen og gripande forteljing.
Kim Leine har også gitt ut ei barnebok.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Eg har altså ikkje gitt plass til Knut Hamsun her blant Favorittforfattarane. Ikkje til Karl Ove Knausgård heller. Eg har aldri lest noko som helst av dei to - og det har eg faktisk heller ingen planar om. Karen Blixen derimot, eit anna stort forfattarnamn eg ikkje har lest noko av - ho har vore på leseplanen min ei tid.

Eg nemnde Karin Fossum innleiingsvis, og andre K'ar eg likar er Kerstin Ekman, Karin Alvtegen, Kurt Aust, Knut Faldbakken og Kjell Ola Dahl.

Andre forfattarnamn på K som kan vera verdt å nemna: Dei kritikarroste (og etter mi meining oppskrytte) Ketil Bjørnstad og Kjartan Fløgstad, lyrikarane Karin Boye og Kolbein Falkeid, dameromanforfattarane Kate Morton og Katherine Webb, krimforfattarane Kim Småge, Knut Lindh og Kjetil Try, humor- og satireforfattar Knut Nærum - og Morgan Kane-skapar Kjell Hallbing. 

31. mars 2016

Oppsummering mars

Påbyrja i februar, fullført i mars:
Kim Leine - Profetene i Evighetsfjorden - Dansk/norsk roman - Lydbok Storytel

Lest i mars:
Pierre Lemaitre - Irene - Fransk krim - Lånt ebok, eBokBib
Håkan Nesser - Elleve dager i Berlin - Svensk roman - Lytteeksemplar
Geir Hasle - Isens menn - Dokumentar/polarhistorie - Lånt papirbok biblioteket
Torkil Damhaug - En femte årstid - Norsk krim - eBokBib
Bernhard Borge (André Bjerke) - De dødes tjern - Norsk klassisk krim, 1001-bok - Lånt ebok, bokhylla.no
Hjorth og Rosenfeldt - Ikke bestått - Svensk krim - Lytteeksemplar
Frits de Bourg - Dødens elv - Norsk krim - Lånt papirbok
Håkan Nesser - Alois - Svensk (kort)roman - Lydbok Storytel

Påbyrja i februar, fullførast i april: (!)
Hilary Mantel - Ulvetid - Britisk historisk roman -  Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i mars, fullførast i april:
Jørgen Brekke - Paradisplaneten - Norsk krim - eBokBib


Oppsummert:
  • 3 ebøker, 4 lyd, 2 papir
  • 5 lånt, 2 abonnement (Storytel), 2 lytteeksemplar
  • 5 krimromanar, 3 andre romanar, 1 sakprosa
  • 4 norske, 3 svenske, 1 dansknorsk, 1 fransk 
  • 9 menn, 0 kvinner (med unnatak av Hilary Mantel som blir med meg over i neste månad)
  • "Nye" forfattarar: Mantel, Hasle, de Bourg

Trass i påskefri vart det færre bøker enn normalt i mars - men dei bøkene eg las var alle gode/brukbare leseopplevingar, så difor er eg nøgd med "innsatsen" - og eg er i rute i høve lesemåla for året.
Lånetida for Ulvetid er forlenga - denne historiske romanen vart eit uvanleg langvarig prosjekt - men eg likar boka - og ho skal lesast ut i løpet av medio april.

Månadens høgdepunkt vart Profetene i Evighetsfjorden og Damhaug sin nye og eminente krimthriller En femte årstid. Begge gjorde inntrykk, kvar på sin måte. Irène var også ei svært god bok, men sidan eg las Irène og Alex i feil rekkefølge, vart ikkje leseopplevinga så bra som ho kunne ha vore.

Månadens nedtur vart gjenlesinga av klassikaren De dødes tjern. Denne gongen var den pirrande uhyggekjensla og spenninga som eg hugsar frå tidlegare - heilt fråverande. Eg vart overraska og skuffa over dette og kan ikkje heilt forklara det. Men det er lenge sidan sist eg las boka, og ein har jo i løpet av den tida som har gått fått med seg utallige og varierande leseopplevingar og -erfaringar. Slik som eg hugsar De dødes tjern frå tidlegare, var boka ei klar Terningkast 6-leseoppleving. Denne gongen vart det kun 4 prikkar på terningen.
Eg hadde planar om å lesa Enhjørningen av Bjerke i løpet av påsken også, men den vart lagt vekk på grunn av at De dødes tjern ikkje fenga meg noko særleg.

11. mars 2016

3 x Island og 1 x Grønland

Det har blitt "ein del Island" på meg i det siste. Og sanneleg vart det "litt Grønland" også..

Frihet, likhet, Island av Mímir Kristjánsson
Forlaget Manifest 2015
230 sider, eBokBib

Eg humra ofte og mykje då eg las denne. Kristjánsson brukar ein humoristisk penn når han fortel om seriøse ting som si eiga 30-årskrise og den islandske finanskrisa. Boka er velskriven og sitatvenleg.

Denne norske forfattaren med det svært så islandsk-klingande namnet hadde aldri budd på Island, men som halvt islending og sidan han var arbeidsledig, vart det naturleg å ta eit lengre opphald på sagaøya. Han skriv om ver og vind, vulkanutbrot og askeskyer, finansakrobatikk og bankkrise, turistliv og reiseliv, avfolking og sentralisering, uteliv og mat, språk og litteratur. Han fortel om det som sameinar og det som er skilnaden på det islandske og det norske. Han skildrar også sine eigne tankar rundt dette med fridom, einsemd, røtter og familie.
Eg tykkjer at forfattaren er i overkant fokusert på sin eigen navle, men meiner også at det er godt gjort å få fletta inn dette saman med historieundervisning, reisetips og reiseskildringar. Terningkast 4.


DNA av Yrsa Sigurðardóttir
Kagge forlag 2016
472 sider, eBokBib

Eg har stor sans for Sigurðardóttir sin skrivestil, men mislikar sterkt dei overnaturlege elementa som ho ofte pleier å ta med. I akkurat denne boka har ikkje spøkelsar og vetter nokon påtrengande plass, heldigvis.
DNA er (likevel) ei skikkeleg creepy historie, full av driv og spenning. Handlinga og skildringane er tidvis grusomme og ubehagelege, men stadige scene- og perspektivskift gjer at ein held ut - og må lesa litt meir - og litt meir - og plutseleg har ein lest ut heile boka.
Det handlar om at to ulike kvinner vert tekne av dage på ein spesielt motbydeleg måte. Frå kvar sin kant prøver politiet, ein barnepsykolog og ein radioamatør å finna ut av det som har skjedd. Sentrale stikkord for handlinga elles er, som ein kan skjønna av omslagsbilete og tittel, gaffatape og DNA-spor.
Sigurðardottir har levert ein pageturner som tek enkelte uventa vendingar - men eg er overtydd om at boka hadde blitt enno betre med ei strammare redigering. Eg irriterar meg over mykje pjatt om banale ting.
Terningkast 4+.


Skuggasund av Arnaldur Indriðason
Cappelen Damm 2015
Speletid 9:01, biblioteklånt lydbok

Ein veit kva ein får når ein les krimbøkene til Indriðason: Langsam handling, stemningsfulle skildringar og møysommelege forklaringar. Så også i denne nye boka der ein får møta ein litt annan etterforskartype enn i Erlendur Sveinsson-serien.
To parallelle historiar vert fletta saman; eit drap på ein gammal mann i notid har forgreiningar og samband med ei drapssak og ei forsvinningssak frå krigens dagar. Boka er slett ikkje så verst, men er noko treg og litt slitsamt repeterande.
Lasse Lindtner si stemme passar godt til innhaldet i boka. Terningkast 4-.


Profetene i Evighetsfjorden av Kim Leine
Cappelen Damm 2012
Speletid 21:46, lydbok Storytel

For ei bok! Heile vegen, frå og med den dramatiske prologen, gjennom den omfattande forteljinga og til den uventa epilogen vart eg liksom "sugd inn" i denne formidable historiske romanen.

Dette er den andre boka eg les av Leine, og på nytt vart eg fullstendig bergtatt. Han har ein heilt særeigen måte å skriva på; intenst, frodig og ekte. Forfattaren vart tildelt Nordisk Råds Litteraturpris for denne boka i 2013. Høgst fortent, - det ser eg no, når eg omsider har fått lest boka.

Handlinga er lagt til Danmark og Grønland på slutten av 1700-talet. Hovudperson er den norskætta motvillige presten Morten Pedersen, som etter kvart tek etternamnet Falck. Gjennom teologistudenten sine auge får me oppleva eit Kongens København som er både opplyst og grotesk - og Morten sjølv observerer og deltek i synd - i fleire ulike former. Seinare går ferda til Grønland der målet er å frelsa "dei ville". Men det skal syna seg at det egentleg er dei danske koloniherrane som er syndige og som oppfører seg "usivilisert". Leine syner korleis dei bibelske lovene vert brotne, eitt for eitt. Og pastor Falck vert etter kvart sett i ein umuleg situasjon.
Det er skildringa frå kolonien på Grønland som gjev meg som lesar mest inntrykk. Ein får høyra om nauda, kulden, brutaliteten, epidemiane, stanken, skitten - og me får det ubehageleg nært. "Hvis det finnes en pris i å beskrive død og fordervelse, bør den gå til Leine" heiter det i bokmeldinga i Dagbladet, - og det er eit poeng: Boka er ikkje for sarte sjeler og dårlege magar. Men - set du pris på at ei bok inneheld levande skildringar og at ho gir deg "puls", får du ei særs god leseoppleving.

Forfattaren har utført eit omfattande researcharbeid og har budd på Grønland i 15 år. Det gjer at stader, karakterar og hendingar framstår som truverdige og autentiske. Boka er velkomponert, lærerik og er slett ikkje utan humor. Sarkastisk og mørk humor.
Anders Ribu er "som skapt" som opplesar av dei store forteljingane - og når det gjeld Profetene i Evighetsfjorden gjer han ein ny god jobb: Lydboka toppar leseopplevinga mi - og gjer at eg konkluderer med eit
Terningkast 6.

10. desember 2015

Samleinnlegg: Haustlesing del 2

Seinhausten har gått over til tidlegvinter og adventstid - og her kjem ein samleomtale med nokre av bøkene eg har lest i oktober, november og eit stykke ut i desember.

Kalak av Kim Leine
Cappelen Damm 2010
308 sider, papirbok lånt privat

Ei rystande og sterk sjølvbiografisk bok som anbefalast på det varmaste! (..og som egentleg fortener ein grundigare og betre omtale enn dette..)
Eg er som regel skeptisk til prisvinnande forfattarar og bøker, - eg har erfart gong på gong at dei skuffar meg. Kim Leine vart tildelt Nordisk Råds litteraturpris for Profetene i Evighetsfjorden - og då eg skulle prøva meg på forfattaren vart det då naturleg å velja ei anna bok; nemleg debutboka Kalak.
Og for ei fantastisk bok! Eg vart fillerista reint mentalt av kor open og utleverande ho er. Dessutan vart eg skikkeleg imponert over kor elegant og lett Leine skriv. Skildringane av den grønlandske naturen og det grønlandske samfunnet er storarta og lærerik, men det som gir aller størst inntrykk er skildringane av farens omfattande seksuelle misbruk av sonen - og forfattarens eige rusmisbruk og samanbrot. Boka får eit sterkt ternningkast 5.


Jernblod av Liza Marklund 
Vigmostad & Bjørke 2015
372 sider, papirbok lånt privat

Liza Marklund var eit friskt pust innan kriminallitteraturen då ho slo gjennom med Sprengeren i 1998. Ho kombinerte ei spennande kriminalgåte med mediekritikk, kvinnesak og daglegliv på ein måte som ingen andre hadde gjort før. I dag finst det rikeleg med etterlikningar av denne type journalistkrim - men altså; Marklund var den fyrste.

Med denne ellevte og siste boka om Annika Bengtzon får ein tilbakeblikk frå fleire av dei tidlegare bøkene. Det handlar om tidlegare og noverande relasjonar, utfordringar både privat og profesjonellt, uavklarte og uoppklarte brotsverk, om hevn og forsoning.
Du bør ha ein viss kjennskap til serien frå tidlegare (bøkene eller filmane) for å ha glede av Jernblod. Eg tykkjer Marklund med denne boka får avslutta bokserien på ein god og verdig måte. Terningkast 4.


Helvete åpent av Gard Sveen
Vigmostad & Bjørke 2015
492 sider, lånt ebok (eBokBib)


I utgangspunktet var dette ei bok etter min smak; innfløkt plott, sterke historiar, interessante karakterar og mykje psykologi og psykiatri. Ein psykologisk thriller med nerve, parallellhistoriar og handlingar og historiar litt utanom det vanlege. Komposisjon, språk og skildringar er heilt topp.
Men så var det avslutninga då..

Etter mi meining fortener dei omstendelege og sterke historiane ei skikkeleg oppklaring - noko som ein ikkje får her. Tvert imot; forfattaren vel å laga ein open slutt, der lesaren sjølv kan tenkja seg til korleis det går.
Eller kanskje det er meg det er noko gale med - at eg ikkje skjønnar heilt kva forfattaren vil? Eg er usikker.
Terningen hadde landa på 6 dersom avslutninga hadde vore meir skjøneleg. No vart det i staden "berre" terningkast 4.



Eclipse i mai av Gert Nygårdshaug
Juritzen 2015
282 sider, kjøpt ebok frå http://www.gertnyg.com/


To parallellhistoriar, to skjebnar, to menn - som møtest på ein dramatisk måte til slutt.
Ein veit kva ein får når ein les Nygårdshaug sine bøker; ei interessant forteljing, filosofiske og vitenskapelege betraktningar, underfundige tankar, gastronomiske måltider og originale karakterar med sære namn. Likevel les eg kvar einaste bok med undring og - av og til - forundring.
Det samfunnskritiske, som elles pregar Nygårdshaug sitt forfattarskap, ligg ikkje "oppe i dagen" i denne boka.
Her er forfattaren mykje meir melankolsk enn i tidlegare bøker eg har lest. Sjølv om dette er ein underhaldningsroman er det eit djupt alvor som ligg bak. Eclipse i mai er ei lettlest og passe lang bok som inneheld ei sterk og vakker forteljing som gjorde inntrykk på meg.
Terningkast 5.



Offline av Anne Holt
Vigmostad & Bjørke 2015
398 sider, lånt papirbok privat

Eit etterlengta gjensyn med Hanne Wilhelmsen og den tidlegare makkeren hennar, Billy T. Dei to eks-politietterforskarane får litt av kvart å bryna seg på i denne skremmande aktuelle boka som m.a. handlar om terrorisme, ekstremisme, framandfrykt, hat og hevn. Ifølge Anne Holt (og Hanne W) er det dei som ikkje er på nett som er farlegast - dei som er offline kan nemleg ikkje sporast..
Offline startar med ein elegant introduksjon - frå fugleperspektiv - til fleire situasjonar og enkeltpersonar - og med frampeik til dei ulike parallelle historiane som det vert fortalt om seinare. Snedig forteljargrep! Romanen er elles skriven med både innsikt og innleving - og avslutninga fortel oss lesarar at det nok kjem fleire bøker i serien. Bra! Terningkast 4+.




Tilfellet Blumenfeld av Espen Holm
Kagge 2015
367 sider, lånt ebok (eBokBib)

I oktober 1943 vart eit jødisk ektepar rana og deretter drepne av norske grenselosar. Saka vart feia under teppet, men vart til slutt oppklart. Då saka kom opp for retten i 1947 vart gjerningspersonane frikjende, trass i at dei tilsto ugjerningane. Dei fekk kun ein mindre dom for underslag av pengar og verdigjenstandar.
Dette er ei sann historie som du kan lesa meir om her - og det dannar også bakteppet for Tilfellet Blumenfeld.
Tematikken liknar på det som Kjell Ola Dahl fortel om i Kureren og Gard Sveen i Den siste pilegrimen, men Espen Holm har ein litt annan vinkling. Holm problematiserer meir dette med "gode" og "dårlege" nordmenn under og etter krigen. I tillegg vert den skammelege handsaminga av krigsseglarane og tyskerjentene nemnd. Eg likte boka ganske godt; ho er rystande, lærerik og velskriven - men litt treg. Merkelappen "thriller" er noko misvisande. Terningkast 4.



Englefjær av Frode Eie Larsen
Liv forlag 2015
362 sider, lånt ebok (eBokBib)

Den tredje boka eg har lest av denne forfattaren, og den absolutt beste. Dette er mysteriekrim av den klassiske typen der forfattaren legg ut spor og villspor heile vegen.
Etterforskar Eddi Stubb får fleire utfordringar: Det handlar om to mulege "barmhjertigheitsdrap" - ofra er ei gammal dame og eit lite barn - samt ei sak om ei kidnappa jente.
Trådane er mange og perspektivet skifter fort og ofte - for ofte etter min smak; eg fekk fleire gonger kjensla av å bli avbroten i mi eiga tankerekke. Tidvis fører skiftingane til at ein mister litt av tråden og det kan oppfattast som forvirrande å følgja med på kven og kva det gjeld.
Englefjær er likevel lettlest og spennande nok, men eg forsto ganske tidleg kven som var "skurken" her, og det trekker ned. Terningkast 4-.



Blåmandag av Nicci French
Cappelen Damm 2012
365 sider, lånt papirbok privat

Ei knallbok frå eit nytt bekjentskap. Bak namnet Nicci French skjuler det seg eit britisk forfattarpar; Nicci Gerrard og Sean French, som har ein ganske stor produksjon av spenningsbøker bak seg. Dette er fyrste bok i ein serie.
Protagonisten er ein kvinneleg psykoanalytikar som får eit blikk inn i eit merkeleg og mørkt sinn og som med dette opplever eit uhyre vanskeleg dilemma. Samstundes får ein følgja ei pågåande etterforsking som kanskje heng saman med eit såkalla cold case.
Blåmandag er ein psykologisk thriller som handlar om to tragiske hendingar; to forsvunne barn med 22 års mellomrom.
Raske sceneskift og perspektivskift gjer boka til ein pageturner.

Blåmandag er skummelt spennande og har ei overraskande avslutning. Terningkast 5-. ( minusteiknet pga. mange korrekturfeil)


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

For fyrste gong har eg lest noko frå bokhylla.no. Det er nesten som å lesa ei ebok, men berre nesten. Bøkene er skanna inn og skrifta er då meir utydeleg enn i ein vanleg eboklesar. Det går likevel heilt greitt å lesa på eit nettbrett. I dette digitale biblioteket er alle bøker utgitt i Noreg eldre enn 15 år, fritt tilgjengelege. Tenesta er gratis for alle med norske IP-adresser og du må vera på internett medan du les. Bokhylla.no er eit brukbart alternativ til dei fysiske biblioteka.
Samleinnlegget vert avslutta med ein "gammal kjenning", Ragnar Kvam jr., og ei bok lest på denne måten.


En sjøreise til Sibir av Ragnar Kvam jr.
Gyldendal 1996
255 sider, bokhylla.no

Før Ragnar Kvam byrja å skriva om andre (Hjalmar Johansen, Knud Bull, De fire store og Thor Heyerdahl) skreiv han tre bøker om sine eigne jordomseglingar. Dette er den tredje og siste.
Store deler av boka har "gått ut på dato", og å lesa om ulike utfordringar ein kan støyta borti når ein fer slik og seglar i årevis har begrensa interesse for dei fleste av oss. Eg vel å tru at det russiske byråkratiet er noko annleis i dag enn for tjue år sidan.
Men Ragnar Kvam er som ein kan sjå ein blid kar, og eg tykte det var fint å bli litt meir "kjend" med han. Han er reflektert og uhyre kunnskapsrik og er ein flink formidlar av denne kunnskapen. I tillegg byr han på seg sjølv.
Terningkast 3.

8. desember 2015

Topp ti: Nye forfattarar i 2015

Denne veka har The Broke and the Bookish følgjande Top Ten Tuesday-tema:

"Top Ten New-To-Me Favorite Authors I Read For The First Time In 2015".

Eg er usikker på om nokon av "mine nye" kan karakteriserast som favoritt forfattarar (til det har eg lest for lite av dei), men eg kan i alle fall slå fast at mange av årets bøker av tidlegare ukjende forfattarar har gitt meirsmak. I framtida skal eg sjå etter fleire bøker av desse (for meg) nye og spennande forfattarane:
  1. William Landay
  2. Kim Leine
  3. Nicci French
  4. Joakim Zander
  5. Pierre Lemaitre
  6. Emelie Schepp
  7. Sascha Arango
  8. Paula Hawkins
  9. Ann Cleeves
  10. Sophie Hannah
Med unnatak av Kim Leine, som er dansk/norsk, er her ingen norske namn. Det er kan hende betenkeleg, for eg har lest mykje nytt og norsk! - men eg har vore oppriktig og sett opp dei som har imponert meg mest dette året og som eg trur har potensiale til å bli framtidige favorittar. 

30. november 2015

Oppsummering november

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Liza Marklund - Jernblod - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Vidar Sundstøl - Djevelens giftering - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Øystein Wiik - Rekviem - Norsk krim - Lytteeksemplar

Lest i november:
Gard Sveen - Helvete åpent - Norsk krim - eBokBib
Kim Leine - Kalak - Dansk-norsk roman - Lånt papirbok privat
Sindre Kartvedt - Dumdum Boys - en vill en - Biografi - eBokBib
Gert Nygårdshaug - Eclipse i mai - Norsk roman - Kjøpt ebok, http://www.gertnyg.com/ebok/
Anne Holt - Offline - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Jon Magnus - Sommerfuglene i Armero - Reiseskildring/dokumentarisk - eBokBib
Edvard Hoem - Bror din på prærien - Norsk roman - Lytteeksemplar
Ragnar Kvam jr - En sjøreise til Sibir - Reiseskildring/erindring/dokumentar - Lest via bokhylla.no
Elena Ferrante - Mi briljante venninne - Italiensk roman - Leseeksemplar frå Samlaget (Avbraut)
Espen Holm - Tilfellet Blumenfeld - Norsk krim - eBokBib
Thomas Enger - Banesår - Norsk krim - Lytteeksemplar

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Nicci French - Blåmandag - Britisk krim - Lånt papirbok privat
Frode Eie Larsen - Englefjær - Norsk krim - eBokbib
Britt Karin Larsen - De som ser etter tegn (Tatertrilogien 1) - Lånt papirbok privat og lydbok Storytel



Månaden byrja med ein planlagd liten ferie - som vart avløyst av enno fleire ikkje-planlagde fridagar: Ein akutt betent blindtarm måtte fjernast så eg måtte halda meg heilt i ro nokre dagar - og det vart meir lesing enn forventa. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko.
På eBokBib hopa det seg opp med stadig nye tilgjengelege og interessante bøker - og i november har eg nok sett i rekord i antall leste ebøker på ein månad; nemleg 7 (og berre 3 lydbøker og 3 papirbøker, som må vera "bunn-rekord"). Eg har også, no i slutten av november, nådd lesemålet om 130 leste bøker i år. Truleg kjem eg til å havna på omlag same tal som i 2014 (142) når leseåret 2015 er omme.


Her er ingen sprenglesing av norske bøker utgitt i 2015, men eg les jo, som ein kan sjå - jamnt og trutt - og 10 av 13 leste bøker i november er nye og norske. Forholdet mitt til BBP 2015 er likevel svært avslappa - for eg les berre dei bøkene eg sjølv har lyst til å lesa. Pr. i dag har eg lest 24 i roman-/krimklassen og 5 i open klasse.

Månadens høgdepunkt: Mange! Fyrst og fremst Bror din på prærien, dernest Kalak og Sommerfuglene i Armero.

Månadens nedtur: Verken Sundstøl, Enger eller Kvam innfridde denne gongen, men den største skuffelsen var likevel Mi briljante venninne. At dette skal vera eit mesterverk og ei glitrande god bok, - nei, det kan eg ikkje skjønna. Eg valde å avbryta halvveges, for eg forsto tidleg at dette ikkje var noka bok for meg. Dette var langt frå briljant, men heller kjedeleg. For meg vart det mest irriterande detaljar, forvirrande persongalleri, gjentekne skildringar og manglande driv. Eg giddar ikkje å lesa fire bøker før eg får svar på kvar det er blitt av Lila liksom.
Ikkje vart eg så himla begeistra for språket heller; det er då vel høgst ordinært. Det same gjeld omsetjinga til nynorsk. Heilt greitt, ikkje noko meir.
Eg tilstår glatt at eg var negativ i utgangspunktet: Forlaget sende ut denne boka til "alle", meg inkludert. Eg mislikar sterkt å ikkje bli spurt på førehand - så boka vart sett bakerst og nederst i ventehylla. Men så synte det seg då; at boka vart ein kjempesuksess - og dermed vart eg nysgjerrig på kva i alle dagar dette dreia seg om. For å komma i gang med lesinga lånte eg lydbokversjonen i tillegg - utan at det hjalp. Lydboka er forlengst levert attende på biblioteket og mitt usedvanleg pent brukte leseeksemplar av Mi briljante venninne - den gjekk til papirgjenvinning.