30. september 2013

Bokomtale: Carmen Zita og døden av Karin Fossum

Cappelen Damm 2013
216 sider

Karin Fossum er aktuell i desse dagar: Ho er ute med den ellevte boka i serien om politietterforskar Sejer og vart nyleg tildelt Amalie Skram-prisen for forfattarskapet sitt. Eg har lest alle krimbøkene hennar og har likt dei ganske godt (unntaket er den oppskrytte Elskede Poona, som eg ikkje likte). Eg tykkjer Fossum vanlegvis er god på å skildra uhyggestemningar og psyken til menneske som er "utanfor normalen".

Carmen Zita og døden var ei bok eg både likte og mislikte. Historia og plottet er gripande og interessant, - men sidan dette skulle vera ein kriminalroman, forventa eg litt spenning - noko eg ikkje fekk. For sjølv om ei krimbok har ein langsam og dvelande i stil, bør ho vera fengande og spennande for lesaren.

Eit ungt par mistar barnet sitt; 16 månader gamle Tommy vert funnen død i ein dam like ved heimen. Både Sejer og kollega Skarre føler at noko gale har skjedd og at mora Carmen kanskje skjuler noko. Foreldra har svært ulik sorgreaksjon; medan faren ser ut til å "grava seg ned" i sorga, fokuserer Carmen på framtida og eit nytt barn så snart som råd. Vesle Tommy hadde Downs syndrom - og den unge mora hadde store problem med å takla kvardagen med eit funksjonshemma barn. Ho føler seg friare og gladare når barnet ikkje finst lenger - ein litt ubehageleg reaksjon, men kan ein sei at det er unormalt å reagera på den måten? Gjennom funderingane til Sejer peikar Fossum på det tankekorset at i dag vert dei fleste foster med Downs syndrom abortert...
Slike tankar er interessante - og vanskelege.

Eg tykkjer Konrad Sejer er ein lite spennande hovudperson, - han er så skikkeleg (og stakkarsleg, på ein måte) så han vert kjedeleg. Det same kan ein sei om kollega Skarre - han er ein person utan karakter. Eg føler at eg vert betre kjend med den nye hunden til Sejer, Frank. Og nettopp Frank kjem til å spela ei viss rolle i oppklaringa av saka. Ei oppklaring og ei løysing som eg tykkjer er ganske søkt og lite truverdig.

Karin Fossum brukar eit enkelt og presist språk, utan jåleri, og har vakre skildringar av stemningar og kjensler. Carmen Zita og døden er ei bok med ei trist stemning og eit sørgeleg tema. Ikkje på høgde med dei beste frå Fossum, men heller ikkje dårleg. Terningkast fire minus.

29. september 2013

Finfine bøker

Eg har lest Det vokser et tre i Mostamägg og Himmelbjørnens skog av Britt Karin Larsen og vart svært positivt overraska: Så fine bøker!

Etter nokre dagar på hytta føler eg meg 
bra "opplada" og klar til å ta fatt på ei ny arbeidsveke.
Me er på Finnskogen på 1800-talet; Larsen fortel om livet, slitet og strevet i skogen, på godt og vondt. Det er ei usentimental og brutal forteljing - skrive på eit enkelt og "tett" språk. Forfattaren får fram både dramatikken, kjærleiken, nauda og fattigdommen utan for mange ord. Ho har ein heilt spesiell forteljarstil som eg fann veldig gripande. I starten av mange kapittel skildrar forfattaren omgjevnadene og deretter vert det zooma inn på enkeltindividet:
"Motvillig forlater vinteren skogen, som en aldrende hersker som ikke helt forstår at hans tid er forbi, at det nye tvinger seg fram og et maktskifte må komme. Den lunefulle våren er ikke helt til å tro på, i hvert fall ikke for gammelt folk, ikke før de ser lauvet sprette og kan legge en hånd mot tømmerveggen på sydsida av huset og kjenne solvarmen i den."
(Det vokser et tre i Mostamägg s. 64)
"De lyse nettene er forbi dette året, men høstnatten har en skjønnhet sommernatten mangler, høstnatten er tyrilysenes tid, da alle må bære fakler om de skal finne stien. Nå beveger et lite tog av flammende lys seg gjennom skogen, til det til slutt når et tun, det er lensmannen og hans folk som kommer til Kaisas torp, og som banker på og går inn uten å vente på svar."
(Himmelbjørnens skog s. 18)

Andre fine smakebitar frå mange fine bøker finn du kvar søndag hos Mari og den fine bloggen Flukten fra virkeligheten!

25. september 2013

Topp 100 - og topp 5

Bjørg i Mellom linjene vil ha hjelp frå medbokbloggarar og andre til å utarbeide ei liste over bokbloggarane sine favorittbøker. "Deltakarane" kan foreslå inntil fem titlar - frist 1. oktober - og med desse forslaga som utgangspunkt skal så Bjørg laga ei liste over bokbloggarane sine 100 beste bøker.

Sidan eg òg er utruleg glad i lister, måtte eg sjølvsagt bli med på dette. Men det synte seg at det var vanskeleg å plukka ut kun fem bøker/seriar, - det er mange omsyn å ta. For favorittbøkene mine har blitt - nettopp, favorittar - ut frå mange ulike grunnar. Somme fordi dei har vore superspennande og rystande, andre fordi eg har tykt dei har vore vakre og poetiske og atter andre fordi dei har hatt tema som har passa til meg og akkurat den livssituasjonen eg har vore i på "lesetidspunktet." Somme gode bøker gløymer ein så snart ein har avslutta lesinga medan andre lever inni oss lenge, lenge. Eg set sjølvsagt mest pris på dei som vert verande hos meg ei stund.

Eg valde, etter ei lita stund i tankeboksen, desse fem bøkene/seriane:
  • Tokyo - Mo Hayder
    Eg har ei mørk side, eg innrømmer det. Eg likar veldig godt bøker som er groteske og sterke, og samstundes velskrivne. Til dømes Ondskapens hjerte av Chelsea Cain og Kråkejenta av Sundquist og Eriksson. Eg valde Tokyo som representant for psykologisk thiller-sjangeren.
  • Vindens skygge - Carlos Ruiz Zafon
    Eg hadde ei heilt fantastisk leseoppleving for eit par år sidan då eg lytta til lydbokversjonen av denne boka. Her er spenning, humor, mystikk, eventyr og drama. 
  • Papillon - Henri Charrière
    Denne las eg då eg gjekk på vidaregåande, for omlag hundre år sidan - og eg har tenkt å lesa ho på nytt ein gong. Boka kom ut i 1969 og er ein spenningseventyrroman basert på verkelege hendingar. Ho gjorde djupt inntrykk på meg den gongen.
  • Millenniumserien - Stieg Larsson
    Eg rett og slett elskar svensk krim, og har lese massevis av svenske krimseriar. Van Veeteren, Martin Beck og Kurt Wallander. Joona Linna, Rebecka Martinsson og Annika Bengtzon. Eg er utruleg begeistra for alle desse svenske krimheltane - men det er nok Lisbeth Salander & Mikael Blomqvist eg set høgst. Veldig veldig synd at det berre vart tre bøker frå Stieg Larsson. Trilogien hans var grensesprengande på så mange måtar.
  • Barbarottikvintetten - Håkan Nesser
    Som sagt: Eg elskar svensk krim, og eg er stor fan av Håkan Nesser sine kriminalromanar. Med strek under romanar. Ingen andre krimforfattarar byr på så store overraskingar. Han er morosam, melankolsk, ironisk og språkleg elegant. Du får alt frå Nesser. Dei fem bøkene om Barbarotti er glitrande.
Desse fem bøkene/seriane måtte berre vera med på lista - og då har eg valt vekk ein heil del andre bøker som eg likar godt og som har "forma" meg og lesesmaken min og elles stimulert leselysta mi.

Bøker som eg set pris på og som ikkje vart med på Topp 5 - men som absolutt høyrer heime på Topp 100 er t.d.
  • Sigrid-trilogien til Vera Henriksen og Olav Audunssøn-tetralogien (som eg likar betre enn Kristin Lavransdatter-bøkene) til Sigrid UndsetEg er glad i historiske romanar.
  • Varg Veum-serien til Gunnar Staalesen og Harry Hole-serien til Jo Nesbø, samt Martin Beck-serien til Sjöwall & Wahlöö. Slukebøker som eg har lest absolutt alt av og følgd i mangfoldige år. Har også lyst til å nemna Arne Dahl sin serie om A-gruppen som etter mi meining er for lite kjent. Og Van Veeteren-serien til den før nemnde Nesser.
  • Drageløperen og Tusen strålende soler av Khaled Hosseini. Eg venta lenge før eg gadd å lesa desse bøkene som eg hadde høyrt så mykje bra om. Dei skuffa ikkje.
  • Kompani Orheim (og resten av Jarle Klepp-serien, forresten) av Tore Renberg. Glimrande oppvekstroman.
  • 1Q84 av Haruki Murakami. Surrealistisk, spennande og vakkert. I skrivande stund les eg 'Kafka på stranden' av same forfattar - det virkar som om denne også bør vera med på ei liste over dei 100 beste.
  • Krimklassikarar som Sort messe av John Dickson Carr, Hunden fra Baskerville av Arthur Conan Doyle, De dødes tjern av Bernhard Borge og Jernvognen av Stein Riverton. Alle desse burde vera "pensum" for krimlesarar. 
  • Minnesota-trilogien av Vidar Sundstøl og Fredric Drum-serien av Gert Nygårdshaug. To forfattarar som har utfordra og fornya krimsjangeren.
  • Eg set strek her. Denne utvida lista kunne blitt uendeleg lang....
-----------------

Eg gler meg til å sjå den endelege lista over Topp 100. Den kjem til å bli bra og mangfaldig, tenkjer eg. Folk er ulike, bokbloggarar og bokelskarar er minst like ulike - og lesesmaken er forskjellig.

24. september 2013

Bøker på vent

Det er tysdag og boktema "Boken på vent" hos Beathes bokhylle. Igjen. Eg nyt nokre oppsparte fridagar heime og på hytta; dagen i dag har vore nytta til hagearbeid med bok på øyret. Eg lyttar til Duc Mai-The som les Kafka på stranden av Haruki Murakami. Opplesaren gjer ein formidabel jobb, han har fått meg til å surra rundt i Murakami-universet i dag, på ein måte.
Haustfloks og blå himmel
 Eg har mange bøker på vent. Så mange at eg ikkje heilt klarte å bestemma meg for kven av dei eg skulle presentera som dagens ventebok - så eg tok like godt eit bilete av ein del av bøkene i ventebunken min.


Som de ser er det litt av kvart å gleda seg til. Den neste lydboka vert truleg Hulemannen av Jørn Lier Horst. Neste e-Bok vert Før jeg brenner ned av Gaute Heivoll og neste papirbok vert kanskje Før jeg forlater deg av Alexandra Bockfeldt. Det gjeld å miksa rett når ein les fleire bøker på ein gong, elles vert det (enno meir) rot i hovudet mitt.

23. september 2013

Bokomtale: Arven av Katherine Webb

Gyldendal forlag 2011
Oversetjar: Jan Chr. Næss

487 sider

Arven er ein lettlest underhaldningsroman som hadde vore betre dersom den hadde vore halvparten så lang. Eg tykte spesielt den fyrste halvdelen vart for usamanhengande og langdryg. Likevel fenga historia meg såpass at eg ikkje avbraut, men det tok uvanleg lang tid (5 veker! - men då har eg sjølvsagt lest ein del andre bøker i tillegg) før eg fullførte den fyrste e-boka mi.

Dei to systrene Erica og Beth skal rydda ut av den gamle herregarden dei har arva. Der finn Erica, som er forteljarstemma i boka, eit gammalt bilete av oldemora Caroline med ein liten baby på fanget - men det viser seg at årstalet på biletet ikkje stemmer med årstal for bryllaup og fødslar i familien. Eit anna mysterium i boka er kva som egentleg skjedde i Erica og Beth sin barndom, då den jamngamle fetteren deira forsvann på uforklarleg vis.

Det handlar altså om eit gammalt arva hus og om hemmelegheiter frå fortida som kastar skuggar over notida. Verken tema eller forteljarmåte er særleg original. Boka har gode miljøskildringar, men eg tykkjer at personane som det vert fortalt om er merkelege - og uverkelege. Det gjer at eg ikkje heilt klarar å tru på forfattaren og historia.
Det vert veksla mellom notid og fortid - og ganske tidleg forstår lesaren mykje av det "mystiske" som har hendt for lenge sidan. Når forfattaren omsider avslører det heile, etter uendeleg mange hint, har det gått for lang tid - lesaren skjønnar det meste - og spenninga er nesten borte.

Slutten var ganske patetisk og store deler av boka var langtekkeleg, omstendeleg og med for mange uvesentlege detaljar. Eg vart skuffa over Arven og tykkjer det er godt å endeleg vera ferdig med boka. Fordommane mine mot Dameromanar og Bøker med vakre omslag vart stadfesta og eg kjem neppe til å lesa meir av denne forfattaren.

20. september 2013

Haustkos

I godstolen. Pledd, katt og bok på fanget. Telys på bordet. Kaffi i bestemorkoppen. 
Då gjer det ingenting om det regnar og blæs ute. 


God helg!

18. september 2013

Bokomtale: Denne dødens kropp av Elizabeth George

Pantagruel forlag 2013
Oversetjar: Lene Stokseth
804 sider

Dette er ein klassisk og stemningsfull, men litt stilleståande britisk krimroman, frå amerikanske Elizabeth George. Boka egnar seg ikkje for dei som ikkje kjenner til serien om Lynley og Havers frå før. Du bør ha ein viss bakgrunnskunnskap og kjennskap til gjennomgangsfigurane i serien for å ha utbytte av Denne dødens kropp.

Eg har omsider lese ferdig bok nummer 16 i serien. Det tok si tid - for dette er ikkje ei bok du rasar gjennom. George byr som vanleg på heile pakka: Eit par mord, eit svært stort persongalleri, fleire perspektiv, psykologi og sosialt engasjement, geografiske og historiske forhold og grundige skildringar av eit møysommeleg politi-/etterforskingsarbeid. Handlinga sneglar seg avgarde - puslespelbit for puslespelbit - og det vert sanneleg både intenst og spennande - etter kvart. Innimellom får lesaren også glimt frå ein psykolograpport om tre barn som har drept eit barn og som tilsynelatande ikkje har noko med dei øvrige handlingane å gjera. Men som lesaren skjønnar: Denne delen er vesentleg. Viktig for handlinga, samanhengen og oppklaringa.
Eg tykkjer det er positivt at forfattaren er tilbake der ho var før ho "tok livet av" Lady Helen. Dei to føregåande bøkene i serien var eg nemleg noko skuffa over.

Thomas Lynley er også tilbake i denne boka - men ikkje i kompaniskap med den tidlegare partneren Barbara Havers - i alle fall ikkje i første omgang. Lynley er kalla tilbake til avdelingen i ein slags rådgjevarrolle for Isabelle Ardery, den nye førstebetjenten. Det gamle teamet til Lynley stolar ikkje heilt på den nye fungerande leiaren og hennar leiarstil - det er tendensar til personlege konflikter og forvirring kring etterforskinga som pågår. Mykje av spenninga i boka er knytt til korleis medarbeidarane og den nye leiaren taklar dei nye tilhøva medan dei saman skal prøva å løysa ei særs komplisert drapssak.

Ei ung kvinne er funnen drept på ein avsidesliggjande kyrkjegard i London. Medan Lynley, Ardery og fleire av dei andre nøstar opp i trådane der, føl Havers og kollega Winston Nkata spora til den tidlegare heimen til den drepte kvinna; til New Forest i Hampshire, Sør-England. I dette idylliske landskapet vert mykje, både på det indre og ytre plan, halde skjult.

Den nye karakteren i denne boka, Isabelle Ardery, tykkjer eg ikkje mykje om - og eg oppfattar det som bevisst frå forfattaren si side at lesaren skal vera negativ til henne. Ardery slit - med familieforhold, med alkohol, med sine overordna og media - og etter kvart med eit konfliktfyllt og samstundes seksuelt forhold til Lynley. Han på si side slit fyrst og fremst med si eiga sorg, og dernest med korleis han skal opptre i høve lojalitet: Korleis støtta den nye kontroversielle leiaren utan at han støyter frå seg ein annan person som står han svært nær, nemleg Barbara?

Med denne boka føler eg nesten at eg har funne att nokre gamle vener, i Lynley og Havers. Eg var nemleg overbegeistra for dei fyrste bøkene i serien, - men etter kvart vart "venskapet vårt" litt bleikare og mindre intenst - fordi bøkene etter mi meining vart av dårlegare kvalitet. Barbara Havers er den soleklare favorittkarakteren min, - ho er ei dame som går sine eigne vegar, både på jobb og elles i livet. Eg likar spesielt godt korleis ho får Lynley, med sin adelege bakgrunn, "nedpå" - ved at ho kler seg og oppfører seg som ho gjer. Ekteparet St. James, Deborah og Simon, som er velkjende frå tidlegare, er kun bipersonar i denne boka og ganske uvesentlege i handlinga.

Parallellt med notidshistoria får me altså historia om mord på eit lite barn, skriven som ein faktatekst; ein psykolograpport om tre 10-11-åringar som ein gong gjorde seg skuldige i eit uhyggeleg brotsverk; mishandling og drap på ein 2-åring. Mot slutten av boka vert historia frå notida kobla saman med historia om barnemordarane. Forfattaren nøstar så opp alle dei lause trådane og viser lesaren vegen til løysinga.

Denne dødens kropp er velkomponert, fengande og lesverdig. Ho har gode skildringar og ei puslespelaktig handling. Eg likte i grunnen boka veldig godt, - ein tjukk kriminalroman som ein verkeleg kan synke ned i godstolen saman med er berre herleg, - men det er særleg to ting som trekker ned i mi vurdering:
For det fyrste: Boka er altfor lang, altfor omstendeleg og detaljert. Eg likar godt at ei bok kan ha fleire forteljarstemmer, mange ulike perspektiv og ei omfattande handling, men vel 800 sider er i overkant. Det går rett og slett for sakte.
For det andre: Språket, oversetjinga og korrekturlesinga. I store deler av boka flyt språket rett nok greitt, men eg har funne setningar som har vore heilt ubegripelege, - og det tyder på dårleg oversetjararbeid. Det finst også fleire skriveleifar og rettskrivingsfeil.
Slikt er  i r r i t e r a n d e.

Les også:
Smakebit på søndag: Denne dødens kropp

17. september 2013

Bok på vent: Det vokser et tre i Mostamägg

Eg er litt usikker på om dette er min type litteratur, men eg har i alle fall tenkt å lesa Britt Karin Larsen si fyrste bok i tetralogien hennar om skogfinnane. Om ho gir meirsmak, kjem eg sikkert til å lesa alle desse såkalla Finnskogen-romanane. Bøkene har fått strålande kritikkar og vert sagt å vera både vakre og brutale.

Forlaget presenterer boka slik:
"Britt Karin Larsen, forfatter av diktsamlinger så vel som romaner og dokumentarbøker, er kjent for sine bøker om taterne. Med denne romanen Det vokser et tre i Mostamägg, fra grenseskogene mellom Hedmark og Värmland på attenhundretallet, gir hun et nært bilde av en annen etnisk minoritet, den skogfinske. Vi møter blant annet Taneli, eneboeren fryktet av sine omgivelser fordi det sies han har et drap på samvittigheten og Lina, tjenestejenta som ikke vet hvor hun skal gå med det vesle barnet sitt."
Berit Kobro i VG gav boka terningkast 5:
"Forfatteren har store kunnskaper om naturen, tradisjonene og folketroen. Hun ser verden nedenfra i likhet med mange av sine litterære skikkelser. Nok en fengslende og lærerik bok av Britt Karin Larsen."
Marta Nordheim i NRK seier at Det vokser et tre i Mostamägg er "vakker og grusom, lågmælt og høgdramatisk."

Av bokbloggarar har både MaryKnirkAnitaAnette og "den andre" Berit skrive om boka tidlegare.





Eg har akkurat fullført ei musteinsbok, og difor er Det vokser et tre i Mostamägg - med sine knappe 200 sider - fristande å ta til på no. Boka kom ut i 2009 og vart følgd av Himmelbjørnens skog (2010), Som steinen skinner (2011) og Før snøen kommer (2012).


Kvar tysdag vert leselista lengre og leselysta stimulert når eg er innom Beathes bokhylle og Boken på vent-spalta der!

12. september 2013

Bokomtale: Casanovasyndromet av Øystein Wiik

Lydbokforlaget 2013
Opplesar: Øystein Wiik
Speletid: 10:41
Lydfil fått frå Lydbokforlaget

Dette er rein underhaldningskrim - ei herleg forteljing av "den ville og gale" sorten - langt frå dei realistiske politikrimromanane som krimbok-marknaden er (over)fylt av for tida. Og obs! Øystein Wiik sine bøker bør høyrast - lydbøkene lest av forfattaren sjølv gir ei fantastisk leseoppleving - han framfører boka slik at det mest av alt liknar på eit radioteater.

Øystein Wiik er ein aktiv kar; operasangar, skodespelar, foredragsholdar, inspirator, dramatikar, librettist - og krimforfattar. Wiik har funne sin eigen stil og si eiga hylle i krimverda med serien om Tom Hartmann og Cathrine Price. Kronologien er slik:
  1. Dødelig applaus
  2. Slakteren
  3. Hvit panter
  4. Casanovasyndromet
Bøkene er frittståande, men som alltid når det gjeld bokseriar: ein går glipp av utviklingstrekka i serien om ein ikkje les bøkene frå byrjinga. Wiik sine bøker vert betre og betre, og eg kan nesten ikkje venta på neste bok. 

I Casanovasyndromet får lesaren servert bestialske drap og groteske torturmetodar, moderne og utspekulert teknologi, men òg rikeleg med humor, spenning og opplevingar. Wiik sprudlar nesten over av forteljarglede.

Språkleg er det til tider noko pompøst og kunstig, men mange av karakterane i bøkene hans er også pompøse, - så på den måten står språket i stil med personane. Elles tykkjer eg språket og dialogane flyt lett og fint, - og betre enn i dei foregåande bøkene i serien.

Plottet i boka er fantasifullt og såleis lite truverdig, men det "heng saman" og løysinga vert fornuftig likevel. Tom har denne gongen fått i oppdrag av eks-kona Cathrine å finna den nye mannen hennar, Peter Werring, som er sakna og sist sett i Venezia, Italia. Handlinga går stort sett føre seg i denne kunsthistoriske turistbyen. Tom vert etter kvart ført inn på ein mystisk, erotisk og farleg veg når han skal freista å spora opp Peter.

Boka byr på mykje nytelse, begjær og pasjon. Her er skikkelsar som verkeleg tek for seg; av mat og vin, av kunst og kultur og av kropp og sex. Wiik sine skildringar er gode, han klarar (akkurat) å unngå at det vert vulgært eller kleint.

Eg vil hevda at Casanovasyndromet er ei av dei mest underhaldande bøkene eg har lest - nokon gong. Anbefalast alle som har sans for spenning, komiske situasjonar og spekulative brotsverk. Femmaren på terningen er sterk, - eg vurderte faktisk å gje ein seksar, - men den kan vera grei å ha "til gode" til neste bok. Forventningane er store til bok nummer fem!

Tusen takk til Lydbokforlaget som eg fekk lydfila av.

10. september 2013

Bok på vent: Kafka på stranden


Valet er overstått, naturen har kledd seg i haustfargar, kveldane er mørke. Og eg er klar for 1001-boka Kafka på stranden.

Tidlegare i år har eg lest - rettare sagt høyrt - både 1Q84 og Elskede Sputnik, og eg vart veldig betatt av både Haruki Murakami og opplesaren Duc Mai-The. Eg er stadig nysgjerrig på Murakami sitt forfattarskap, og har no Kafka på stranden liggande på vent, motteken som lydfil frå Lydbokforlaget. Opplesinga varer i over 21 timar, så det er muleg eg kjem til å låna papirboka på biblioteket i tillegg.

Omtale frå forlaget:
"På 15-årsdagen rømmer Kafka Tamura hjemmefra. Han vil vekk fra den iskalde faren sin og den foruroligende ødipale spådommen som alltid har fulgt ham. Men Kafka bærer også på håpet om å finne moren og søsteren, som forsvant elleve år tidligere. I byen Takamatsu slår han seg ned i et lite bibliotek, der han blir kjent med den androgyne Oshima og den gåtefulle kvinnelige bestyreren. Og her får han hjelp når politiet tar opp jakten på ham etter en blodig hendelse.
Nakata er også på flukt fra politiet. Etter en mystisk ulykke som barn har Nakata kunnet snakke med katter, og det er da han leter etter en forsvunnet katt at han får blod på hendene og må legge ut på reise. Gradvis veves trådene i Kafkas og Nakatas liv sammen."
Kafka på stranden er ei svært kjend bok som "alle" har lest. Eg forventar ei bok utanom det vanlege; ei rar, utfordrande og god leseoppleving.

Fleire fine ventebøker finn du om du klikkar deg inn på bloggen Beathes bokhylle!

9. september 2013

Bloggstatistikksnakk

Berit sin bokblogg har runda 10.000 sidevisningar sidan oppstart i april/mai. Eg har ikkje peiling på om dette er eit bra eller dårleg tal - men eg trur eg seier meg nøgd - sidan eg ikkje marknadsfører bloggen min i særleg stor grad. Eg har ikkje lyst til å vera påtrengande og masete, verken i det verkelege livet eller på sosiale media.

Det er likevel litt artig å sjå kor mange og kven som er innom på bloggen, og mest underhaldande er å sjå på kva det vert søkt etter når dei kjem hit til denne beskjedne bokbloggen. For somme har nok heilt sikkert hamna her ved ein feil. Det gjeld til dømes dei som har søkt på "erotikk gratis" og "erotikk novelle" - og som berre finn eit blogginnlegg eg skreiv som handla om boka Sukker i skålen. Eit anna søk er "frekke berit ny blogg" (?!) Andre har søkt på "mønster korssting" og hamnar på bloggposten om boka Aggressive korssting. Ingen av desse finn nok det dei egentleg har vore ute etter her på denne bloggen - og klikkar seg fort bort herifrå, tenkjer eg.

Eksempel på andre søkeord er "dansk krim", "forfatterpar", "1q84 blogg", "bokbyen tvedestrand" og "krim blogg", - og mange av desse "søkjarane" finn truleg blogginnlegg som kan høva.

Dei fleste vitjar bloggen etter google-søk på bokomtalar, og det er eg veldig nøgd med. Det er trass alt bloggomtalane eg legg mest arbeid i og som eg verkeleg ønskjer skal lesast. Det er litt stas å finna sin eigen blogg høgt oppe på treffa på verdens største og viktigaste søkemotor. Søkeord som fører hit er "jo nesbø politi", "nygårdshaug mengele zoo", "arne dahl skjulte dyp" og "henning mankell ny bok" - men òg boktitlane "kirsebærsnø", "blodtåke" og "stolpesnø" fører hit. Samt forfattarsøk på f.eks. Birger Baug, Helene Uri, Arne Dahl, A.J. Kazinski og Parinoush Saniee.

Innlegga med flest kommentarar er bloggpostar knytta til boktema Boken på vent (Beathesbokhylle) og Smakebit på søndag (Flukten fra virkeligheten). Mine medbokbloggarar som deltek på desse utfordringane legg gjerne att venlege ord i kommentarfeltet. Dei reine bokomtalane mine har få kommentarar; det kan tolkast som om folk tykkjer det eg skriv er greit? Eller kanskje lesarane tykkjer det som vert skrive er opplagt og kjedeleg og difor lite interessant å kommentera? 

Eg veit ikkje. Kommentér det gjerne! ;-)

Dei 5 mest leste blogginnlegga totalt hittil er
  1. Bokomtale: En norsk spion av Aslak Nore
  2. Bokomtale: Politi av Jo Nesbø 
  3. Planar for sommaren
  4. Bokomtale: Smertens Aveny av Roar Sørensen
  5. Bokomtale: Stormen av Frode Granhus

8. september 2013

Topp underhaldning

Det er ikkje så ofte eg er enig med Ingvar Ambjørnsen når han anmelder bøker i VG, men denne gongen støttar eg han fullt ut når det gjeld Casanovasyndromet av Øystein Wiik.

Eg lyttar til lydboka og forfattaren sjølv som les bok nummer fire i serien om Tom Hartmann og Cathrine Price, og det er ei stor og tildels hysterisk leseoppleving. Handlinga denne gongen er stort sett lagt til Venezia, og boka er full av action, mystikk og sterke kjensler - og masse humor. Pasjon og nytelse er sentralt i boka; nytelse av kunst, kultur, mat, drikke, musikk og sex.

Eg anbefalar lydboka som sagt, her er eit lydkutt:
https://www.lydbokforlaget.no/sites/default/files/mp3/9788242160010.mp3

Andre smakebitar frå andre bøker finn du hos Mari og Flukten fra virkeligheten.

6. september 2013

Ei krimbok som ikkje er ei krimbok

Flytande bjørn av Frode Grytten
Fono forlag 2007
Lydbok lånt på biblioteket
Opplesar: Anderz Eide
Speletid: 7 t 37 min


Frode Grytten vart tildelt Rivertonprisen for denne boka, pussig nok. Ikkje det - eg likte boka ganske godt, men hallo! - dette er vel inga krimroman?! Boka har rett nok visse innslag av "noko" thrilleraktig, men eg oppfattar boka meir som ei skildring av eit samfunn i forfall. 


Det er høgsommar og varmt når ein ung gut vert funnen død, flytande i den kalde Sørfjorden. Den søvnige industristaden og bygdebyen Odda vert overfløymd av etterforskarar, kamerafolk og krimreportarar. Folk i lokalsamfunnet skuldar ein gjeng utlendingar som held til på asylmottaket for å ha teke livet av guten, - og media hausar opp den negative stemningen i småbyen. 


Robert Bell er hovudperson, antihelt og forteljar i boka - han slit med personlege problem og eit destruktivt forhold til kona til bror sin, - og er ein heller mislykka journalist ved BT sin lokalredaksjon i Odda. Likevel er Robert den som anar uråd; han anar at ting ikkje heng slik saman som det ser ut som.. 

Boka handlar om ein død person, men handlar like mykje om eit døyande samfunn. Når hjørnesteinsverksemda ikkje lenger eksisterer har det mange negative verknader i ein slik småby. Romanen rettar eit sterkt kritisk blikk på media, er samfunnskritisk og tek opp tema som industrinedlegging og innvandrings- og integreringsproblem, - men er ikkje "påtrengande" politisk. Grytten peikar på problema ved å nytta ironi og sarkasme, samt at han nyttar barsk, mørk humor. Men det melankolske og det ettertenksame er heller ikkje langt vekke. Persongalleriet og miljøet i Odda kjenner me att frå andre Grytten-bøker.

Eg kan tilrå lydbokversjonen av Flytande bjørn. Anderz Eide si stemme er heilt perfekt til innhaldet og stemningen i boka.

4. september 2013

Underfundig, nostalgisk og stemningsfullt frå Nesser

Eg har lest Og Piccadilly Circus ligger ikke i Kumla av Håkan Nesser. Boka kom ut i 2002 og eg har lånt ho på biblioteket. Tittelen på boka er bokstaveleg og ironisk meint. For det skjer absolutt ingenting i Kumla. Ikkje før sommaren 1967, som handlinga i boka er lagt til. Ei fengslande og fornøyeleg bok, full av humor og ironi. Og eit øksemord.

I Kumla, langt frå Swinging London, bur og lever 17 år gamle Mauritz Målnberg, hovudperson og forteljar. Mauritz lengtar ut i verda, han røyker pipe og vil gjerne vera hippie. Han og venene er svært opptekne av poesi og musikk.
"... vi likte å slenge verbale spissfindigheter til hverandre, og vi brukte som oftest etternavnene våre når vi snakket til eller om hverandre. Unntatt Otto, hvis far var polakk og het Szczecic."
Nesser skildrar både miljø og karakterar med varme, ømheit og humor. Me møter bestekompisen Elonsson, far til Mauritz som er journalist, mora hans som aldri fullfører ein einaste setning, mor til Signhild; den frodige og fargerike Ester Bolego, og leigebuaren "poeten" Olsson og hunden hans O Sole Mio. Samt tante Ida, som har ein mystisk og magisk tommel.

Mauritz er avstandsforelska i den deilige nabojenta Signhild, han drøymer om henne natt og dag. Så ein dag har det skjedd eit mord i nabohuset; Kalle Kekkonen, far til Signhild er drept med øks, - nokon har faktisk hogge av han hovudet! Midt oppe i all dramatikken med politietterforsking, avisskriveri og folkesnakk, vert det eit par av Mauritz og Signhild.
"Da vi hadde krysset jernbanesporet og kom inn i skogen, stanset jeg og kysset henne. Jeg hadde bare kysset en jente en eneste gang tidligere, det var en i klassen Lucia-våkenatten sist desember. Hun het Elma, var fra Röfors og hadde akkurat vært ute og spydd."
Håkan Nesser gir eit sorgmuntert og sjarmerande tidsbilete av korleis det var å vera ungdom og å verta vaksen i ein liten svensk by på 1960-talet. Lesaren får òg ei ganske så spennande krimhistorie med ein overraskande slutt.

3. september 2013

Bok på vent: Hanging Hill

Mo Hayder er ei av dei beste, råaste og mest brutale forfattarane i krimverda. Hennar bøker er ikkje for pyser. Og sidan eg er ein tøffing (når det gjeld bøker), vart Hayder raskt ein favoritt hos meg. Eg las debutromanen hennar, Fuglemannen, for eit års tid sidan, og fall pladask, som det heiter - det er ei av dei eklaste bøkene eg nokon gong har lese. Herleg! Etter den intense leseopplevinga med Fuglemannen har eg lese fire bøker til i Jack Caffery-serien, samt Tokyo - ei bok eg gav toppkarakter 6 og verkeleg kan anbefala.

Hanging Hill er ein frittståande kriminalroman. Boka vert presentert slik frå forlaget: 
"Søstrene Sally og Zoe har gått hver sin vei i livet, helt siden noe fryktelig skjedde mellom dem da de var barn. Nå er Sally nyskilt, pengelens og alenemor, mens Zoe er blitt politibetjent. 
Da venninnen til søsterens datter blir funnet drept på en bestialsk måte, har Zoe sine egne oppfatninger om hva som er skjedd. Og da Sally oppdager at datteren sitter i gjeld til opp over ørene, blir hun tvunget til å ta en jobb hun ikke ønsker. Snart oppdager hun at hun er i stand til å gjøre det utenkelige – og snart står de to søstrene sammen for første gang på år – i et kappløp med en morderisk overmakt som truer med å dra dem inn i en verden av vold, porno og fornedrelse."

Ikkje noko kosekrim frå Hayder denne gongen heller..

----------------

Dersom du har lyst til å sjå andre ventebøker - og kanskje få eit boktips eller tre - ta ein tur innom "hylla til Beathe" og Boken på vent.

1. september 2013

Smakebit på søndag: Denne dødens kropp

Det er søndag kveld og tid for å dela ein smakebit frå boka ein les. Det er alltid kjekt å ta ein tur innom Flukten fra virkeligheten og "smaka litt" på alle bøkene ein finn der!

Eg har venta lenge på at This body of death av Elizabeth George skulle verta utgitt på norsk. No er ho her; den 16. boka i serien om Lynley og Havers, og den har fått tittelen Denne dødens kropp. Eg var ikkje klar over at boka var på heile 804 sider, men eg reknar med boka er bra og ser ikkje på sidetalet som altfor utfordrande. Men ho egnar seg ikkje som veskebok og som sengelektyre, sidan ho er så tung og tjukk.


Eg har lese alle dei føregåande bøkene i serien, eg "oppdaga" Elizabeth George tidleg på 90-talet og "falt for" både Lynley og Havers, Lady Helen, Deborah og Simon - karakterane som me vert godt kjende med i løpet av serien. Bok nummer 17, En løgn å tro på (Believing the lie), som kom ut på norsk i fjor, har eg ikkje lese. (Eg kjenner ikkje til kvifor dei norske utgåvene vart i feil rekkefølge). Bok 1 - 15 er utgitt på Tiden norsk forlag, dei to siste på Pantagruel. I oktober kjem den 18. boka i serien; Just one evil act

Susan Elizabeth George (f. 1949) er frå Ohio, USA. Ho var lærar fram til ho debuterte med Mørkets gjerninger (A Great Deliverance) i 1988. Ho er, vil eg tru, velkjend for kriminteresserte. Den amerikanske forfattaren har skrive mange gode bøker frå erke-engelske miljø der etterforskar Thomas Lynley og den ufikse (men smarte) makkeren Barbara Havers er hovudpersonar. Fleire av bøkene er filmatiserte; BBC har produsert 22 episodar med TV-krim basert på bøkene og karakterane.

Tilbake til Denne dødens kropp og ein smakebit frå denne. Ein ukjend person går etter ei kvinne inn i ein park:
Han skyndte seg etter henne og skottet bort på oppslagstavlen - stier gikk hit og dit, det skulle ligge en bygning et sted, og han registrerte også noen ord og et monument - men han oppfattet ikke hva parken het, så det var først da han var på god vei innover at det gikk opp for ham at han befant seg på en kirkegård 
.... 
De som var begravet her, var glemt for lengst, akkurat som selve kirkegården. Hvis det hadde vært inskripsjoner på gravsteinene en gang i tiden, var de visket ut av været og naturen, som ville gjenerobre det den hadde vært før menneskene kom på å begrave sine døde her.
Kort tid etter vert ei kvinne funnen drept på kyrkjegarden og mannskap frå Scotland Yard vert kalla ut.