30. november 2020

Oppsummering november 20

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Ken Follett - Aftentid og morgengry - Britisk historisk roman - Kjøpt papirbok
M.J. Arlidge - Den som ikke har gjemt seg nå - Britisk krim - Lånt ebok BookBites

Lest i november:
M.J. Arlidge - Elsker elsker ikke - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Kjell Ola Dahl - Assistenten - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tor Bomann-Larsen - Hjemlandet. Haakon & Maud 7 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
Tor Bomann-Larsen - Kongen. Haakon & Maud 8 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
[Roy Jacobsen og Anneliese Pitz - Mannen som elsket Sibir - Biografisk roman - Lyd Storytel - avbraut]

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Val McDermid - Myrgraven - Britisk krim - Lyd Storytel
Jan Mehlum - Lang tids reise - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket


2 lyd, 1 papir, 3 ebøker
3 lånt, 2 abonnement, 1 kjøpt
3 krim, 1 historisk roman, 2 biografiar
3 norske, 3 britiske
6 menn, 0 kvinner
"Nye" forfattarar: Ingen

Det vart ikkje så mange bøker i november samanlikna med månaden før. Men med tanke på at tre av dei er svært omfangsrike/langvarige, seier eg meg nøgd med innsatsen. Pr. 30. november har eg lest 98 bøker i år, så når eg er ferdig med dei to eg er i gang med har eg nådd målet om 100 bøker i 2020.

Heile månaden har eg lest i Ken Follett sin siste historiske mursteinsroman Aftentid og morgengry. Som så ofte før når det gjeld Follett er eg noko ambivalent; det meste av innhaldet er veldig interessant, men så vert enkelte deler skjemd av klisjéar og kleine skildringar. Omtale kjem.

Månadens høgdepunkt for meg må difor bli avslutninga av Tor Bomann-Larsen sitt biografiverk om Haakon og Maud; Hjemlandet (som omhandlar åra 1940-45) og Kongen (1945-1957). Laang serieomtale kjem.
Samstundes som respekten og beundringa for denne forfattaren og serien har vakse seg større, har interessa og trua på TV-serien Atlantic Crossing falle tilsvarande. Det får eg stadfesta når eg har følgd med på debatten i det siste. Eg såg bittelitt på episode 5, men avbraut etter nokre minuttar. TV-serien blir berre meir og meir hollywoodsk og mindre og mindre truverdig, så no er det definitivt slutt for min del. 

Boka Mannen som elsket Sibir vart også avbroten. Vanlegvis likar eg bøkene til Roy Jacobsen, men dette var altfor sært - og grusomt kjedeleg.

17. november 2020

Fake history?

I skrivande stund les eg Kongen; åttande og siste del i Tor Bomann-Larsen sitt historiske/biografiske verk Haakon & Maud. Bokserien bør få ny aktualitet i desse dagar, i samband med TV-serien Atlantic Crossing som no går på NRKTV-serien har ført til ein debatt mellom filmskaparar på den eine sida og historikarar på den andre sida.
Ein konflikt mellom det kunstneriske og det faktabaserte virkar å vera uunngåeleg. Den populære BBC-serien The Crown og tilsvarande seriar har også vore omdiskutert. 

Debatten som har oppstått er interessant og naudsynt, sidan dramaserien er basert på og inspirert av historiske hendingar og verkelege personar. For kva er filmskaparane sitt ansvar? Kvar går grensa mellom historieforfalsking og "kunstnerisk fridom"? Kjem det godt nok fram at dette er serieskaparane si tolking av det som hende for 75-80 år sidan? 

I eit innlegg på NRK Ytring kjem nettopp historikaren og biografen Tor Bomann-Larsen med eit relativt sterkt angrep på det han kallar "fake history" i episode 4. Eg har ikkje problem med å forstå at Bomann-Larsen, med sin erfaring og kunnskap, reagerer som han gjer.

Vanlegvis ville eg ikkje ha brydd meg om å sjå Atlantic Crossing, for eg ser nesten aldri på filmar og TV-seriar. Men tilfeldigvis var eg i gang med Svaret og deretter Hjemlandet (del 6 og 7 i Bomann-Larsen sin bokserie) som omhandlar mange av dei same hendingane og personane som i dei fyrste episodane av TV-serien. Og dermed vart det interessant for meg å sjå på. Skilnaden er naturleg nok stor; TV-serien er sjølvsagt ei forenkla framstilling av mangfaldige og kompliserte forhold. På den andre sida er mykje av det Bomann-Larsen fortel om i si bok gjenkjenneleg på TV-skjermen. 

Det er eit faktum at president Franklin Roosevelt og kronprinsesse Märtha hadde eit nært og fortruleg forhold. Det kjem fram både i TV-serien og i fleire biografiar og historiske dokumentarar. Men ifølge Bomann-Larsen er det utenkjeleg at kronprinsessa hadde så stor påverknadskraft over politikken som det som kjem fram i dramaserien. (Kyle MacLachlan er forøvrig ein truverdig og fornøyeleg Roosevelt. Og Sofia Helin er ei bedårande kronprinsesse). 

Eg trur folk flest er klar over at ein slik dramaserie er forenkla og fortolka, og at sjåarane er i stand til å tenkja sjølv. På NRK sine nettsider kan ein finna ein interessant oversikt over kva som er fiksjon og kva som er fakta, samt andre vurderingar som er gjort i samband med TV-serien. Sjølv tvilar eg på om eg giddar å sjå meir enn dei fyrste fire episodane. For sjølv om eg er imponert over kulissar og tidsbilete irriterer eg meg over påklistra drama og kunstige dialogar. Pluss at eg har i bakhovudet at ein del av stoffet er fiksa, forenkla og altså; fake.

Men eg trur og håpar at folk som likar Atlantic Crossing vert såpass interesserte at dei søkjer meir informasjon om fakta kring krigshistoriske hendingar. I samband med det kan eg altså varmt anbefala Tor Bomann Larsen sitt omfattande bokverk om kong Haakon og dronning Maud, samt Alf R. Jacobsen sin dokumentarserie Angrepet på Norge. Begge seriane er tilgjengelege på Storytel.

15. november 2020

Norsk krim 2020 del 2

Som eg skreiv i det fyrste samleinnlegget om norsk krim 2020, så er det ein uvanleg sterk norsk krimhaust i år. No har eg lest nokre fleire bra bøker innan denne kategorienen, og her er mine vurderingar av dei. 

Dei fem forfattarane nedanfor har ulik "fartstid" og krimforfattar-røynsle, men har det til felles at dei har "levd ei stund". Men jamnleg leverer dei nytt, spennande og underhaldande lesestoff, til glede for oss som er glade i krim. 

Bastarden av Øistein Borge
Cappelen Damm 2020
303 sider
Lånt papirbok biblioteket

Borge krimdebuterte i 2016, med suksess. Serien om Bogart Bull har fått ros av anmeldarar og er godt likt av krimlesarar. Bastarden er fjerde bok i serien.

Boka er velskriven og har, som dei tidlegare i serien, eit internasjonalt preg. Denne gongen er handlinga lagt til Mallorca, men me skal også innom Romania og Argentina. Ein tråd går bakover til krigens dagar og følgjene av jødeforfølgingar og Holocaust. Denne sidehistoria har sjølvsagt samanheng med Bogart Bull sitt oppdrag, som er å finna ein person og ein gjenstand som er forsvunnen. Etter kvart skjer det fleire urovekkande hendingar som har tilknytning til oppdraget. 

Pluss for godt og stødig språk og for at boka er passe lang. Terningkast 4+.


Dykket av Frits de Bourg
Vigmostad Bjørke 2020
299 sider
Lånt papirbok biblioteket

Denne forfattaren debuterte i "godt vaksen alder" med fyrste bok i serien om Nicolay Wolff i 2013. No er me komne til bok nummer 5. Dette er retrokrim; handlinga er lagt til Drammensdistriktet på 1950 og -60-talet.

Det er noko klaustrofobisk å lesa om dykking; ei ubehageleg spenning ligg i bakhovudet heile tida medan ein les. Her er då også handlinga lagt til året 1960, då teknologien innan dette feltet var annleis enn i dag. I tillegg er dykkeoppdraget ekstremt farleg sidan det handlar om eit skipsvrak fullasta med granatar - og muligens andre ting.

Med Dykket har de Bourg skrive ei interessant forteljing med truverdige karakterar og gode tidsbilete. Terningkast 4.


Assistenten av Kjell Ola Dahl
Aschehoug 2020
410 sider
Lånt ebok BookBites

Her skal me endå eit stykke bakover i tid; til mellomkrigstida - og dermed kan denne kategoriserast som historisk krim. Boka er frittståande og inngår ikkje i nokon serie. Dahl har vunne Rivertonprisen to gonger og har vore ein av mine norske krimfavorittar i lang tid.

Handlinga går føre seg på to tidsplan; ein "notidstråd" i 1938 og med enkelte tilbakeblikk på åra 1925-25. Dei mest sentrale karakterane er privatetterforskar Ludvig Paaske og assistenten hans, Jack Rivers. Begge har ei fortid; Paaske som politimann og Rivers som småkriminell. Ein dag har ei vakker kvinne eit oppdrag til dei og brått vert hendingar frå fortida igjen aktuelle.

Boka har imponerande gode miljøskildringar; tidsbileta er levande, interessante og realistiske. Det er stemningsfullt, dystert og langsamt. Språket er både stødig og tidsriktig, men noko repeterande. Ein ekstra omgang med redigering ville gjort seg. Terningkast 4+.


Nabovarsel av Unni Lindell
Capitana 2020
418 sider
Lånt papirbok privat

Den svært erfarne, produktive og allsidige Unni Lindell presenterer her ein ny hovudperson, den ferske politikonstabelen Lydia Winther - også kalla Snø. I starten er det forvirrande/rart med ein person med eit slikt namn, men det går seg til. "Universet" er elles det same som i bøkene om Cato Isaksen og Marian Dahle. 

Starten er herleg skummel, og me skjønnar alt frå fyrste stund at både nabovarslaren Sonja og hovudpersonen Snø kjem til å møta utfordringar. Mi største innvending når det gjeld handlinga er at det er høgst merkeleg at uerfarne Snø er den som finn spor og oppdagar samanhengar som ingen andre ser. Men - dersom ein godtek dette premisset er Nabovarsel ei bra bok. For meg vart det i overkant mange tilfeldigheiter, så eg klarar ikkje heilt å "tru" på det eg les.

Kanskje også denne boka ville blitt betre med ei grundig(are) redigering. Lindell har i alle fall etter mitt syn levert mykje betre ved tidlegare høve, så dermed "berre" terningkast 4 denne gongen.


Den tredje engelen av Gert Nygårdshaug
Cappelen Damm 2020
286 sider
Lånt ebok BookBites

Til slutt: Den desidert beste, mest originale og mest underhaldande boka i dette samleinnlegget. Nygårdshaug byr på eit nytt og etterlengta møte med dei herlege figurane Fredric Drum og Skarphedin Olsen. I denne 13. boka er fyrstnemnde kun ein bikarakter, medan Olsen er hovudperson, protagonist og sjef.

Nygårdshaug viser at han har ironi og humor, boblande forteljarglede og bisarr fantasi. Samt sin heilt eigne stil. Dei lange overskiftene (i parentes) oppsummerer innhaldet i kvart kapittel, utan at dei egentleg avslører noko som helst. Plottet er fantasifullt, til tider surrealistisk og med ganske elleville krumspring.

Den godaste Skarphedin Olsen, med sine uferdige tankeboblar og sine merkelege kollegaer kan berre samanliknast med éin annan litterær karakter: Fred Vargas sin Jean-Baptiste Adamsberg. (Men medan Adamsberg har to klokker på armen (som ikkje virkar), har ikkje Olsen noko armbandsur i det heile tatt. Han har berre den uvanen at han ser på den tomme armen sin (For å skjønna kor hysterisk morosamt dette er må du ha lest ein del av både Nygårdshaug og Vargas))
Nygårdshaug har då også sagt i eit intervju at denne boka er ein hommage (hyllest) til Fred Vargas. Det kan eg lika!

Eg kan også lika at forfattaren rettar spark og hint i fleire ulike retningar. For meg vart Den tredje engelen topp underhaldning! Terningkast 5.