Kistemakeren av Frode GranhusLydbokforlaget 2015
Speletid: 9:21
Opplesar: Nils Johnson
Kjelde: Lånt på biblioteket
I den fjerde boka i Rino Carlsen-serien er handlinga igjen lagt til Lofoten. Eg likar godt det ein kan kalla bygdekrim - og lofotkrim er vel ein form for bygdekrim? I alle fall; kontrastane mellom det storslagne i naturen, dei uhyggelege forbrytelsane og det elles rolege lokalsamfunnet skapar ein heilt spesiell stemning - og Frode Granhus formidlar alt dette på ein bra måte.
Framleis er det Stormen frå 2012 eg likar best av bøkene til Granhus, men ein kan finna att mykje av det same i Kistemakeren; dei same kjenslene av uhygge, den same klaustrofobien og den like uventa tvisten på slutten.
I boka vert det stadig skifta perspektiv og veksla mellom fortid og notid. Då skulle ein jo tru at forteljinga hadde eit voldsomt driv - men eg sakna faktisk spenning og intensitet undervegs i lesinga. Mot slutten vert det rett nok ganske så spennande: Den siste fjerdedelen av boka gjekk unna i eitt strekk.
Kistemakeren handlar om nokre born som vert utsette for grusomme overgrep; å bli kidnappa, levande begravd i ei kiste, tappa blod av - og deretter sette fri. Det merkelege er at hendingane vert filma - og at eitt av desse opptaka vert funne. I ei parallellhistorie frå 1950-talet møter me ein person som vart utsett for store påkjenningar då vedkommande skulle behandlast for den frykta sjukdommen tuberkulose.
Rino Carlsen slit med kjærleikssorg når han no er kommen tilbake til Reine som lensmann, og er egentleg oppteken med ei sak om eit likfunn - men han finn ut at dei ulike sakene heng saman på eit vis. Medan eg las kjende eg meg ganske så trygg på at Rino skulle finna ut av både barnekidnapping-sakene og saka med det ukjende liket. At (den potensielle) kjæresten Guro får ei avgjerande rolle i oppklaringa var litt søkt, men gjer vel det heile ekstra dramatisk.
Kistemakeren er ei grei krimbok, verken meir eller mindre. Anbefalast om du har bruk for lettlest og småspennande lesestoff. Velg gjerne lydboka; Nils Johnson er ein glimrande opplesar.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Det er du som er Bobby Fischer
av Christer Mjåset
Kagge forlag 2015
198 sider
Kjelde: Lånt ebok, eBokBib
Enno ei ny norsk krimbok som er heilt grei. Ingen tradisjonell kriminalroman, men meir ein slags thriller.
Handlinga er lagt til Lillehammer i notid, med tilbakeblikk på hendingar som fann stad i den same småbyen på 1980-talet. Ein kameratgjeng har ikkje sett kvarandre på mange år og møtest igjen; ikkje til ein hyggeleg reunion, men til ei gravferd. Det er barndomsvenen Kristoffer som er død.
Forteljaren Håkon har ikkje hatt kontakt med nokon frå vennegjengen på fleire år; ikkje sidan han flytta frå byen som tenåring. Håkon og Kristoffer var ei tid gode vener og hadde sjakk som felles interesse. Spesielt var dei opptekne av den legendariske VM-kampen mellom Boris Spasskij og Bobby Fischer. Her får tittelen på boka si forklaring.
Gradvis vert det avdekka at alle i denne gamle vennegjengen har ei felles mørk fortid; ei forsvinningssak som har prega dei og plaga dei gjennom heile livet. Ei forklaring og eit endeleg oppgjer er uunngåeleg.
Miljøskildringane i boka er gode. Eg budde sjølv på Lillehammer ein periode og kjende meg godt att i landskapet og miljøet der medan eg las.
Ifølge blurb'en på omslaget er dette "en mesterlig fortelling", men eg er ikkje heilt enig i det. Eg tykkjer boka, trass i lengden på berre 198 sider, er for langsam - på grensa til å vera treg. Boka har ein gjennomgåande dyster stemning. Forteljarstemma er klar og truverdig, men ein kjem ikkje skikkeleg inn på dei andre karakterane. Dermed mistar ein litt av nærleiken til det som blir fortalt.

