27. januar 2016

Bokomtale: Kvikksand av Henning Mankell

Lydbokforlaget 2015
Speletid: 9 t 26 min
Opplesar: Finn Schau
Kjelde: Lytteeksemplar


Henning Mankell fekk i januar 2014 beskjed om at han var alvorleg og livstruande sjuk. Han fortel i denne boka at han vart heilt paralysert av beskjeden om at han hadde fått kreft; han fekk ei kjensle av å havna i kvikksand. Men han fortel også om korleis han etter ei tid kom seg opp av denne hengemyra av angst og apati - ved at han byrja å tenkja - og skriva.

Mankell søkte kunnskap - heile livet. Boka ber ikkje preg av å vera ei bok skriven av ein mann på slutten av livet, men filosofiske og eksistensielle tankar og problem er sentralt.

Det er vanskeleg å setja Kvikksand i "rett" sjanger eller kategori. Boka vert sagt å vera ein "tenkebok", men er og ein slags sjølvbiografi og ei erindringsbok. Henning Mankell ser her tilbake på livet sitt, på hendingar han har opplevd, på stader han har vore og på personar han har møtt. Litteratur og annan kultur betydde svært mykje for han. Han fortel om barndom, ungdom, vaksenliv, forhold, reiser og arbeidsliv - ikkje kronologisk, men fram og tilbake i tid - medan han også fortel om enkeltepisodar som han hugsar spesielt godt. Kvikksand er som ein kan skjønna ei svært personleg bok - men er lite privat: Mankell gir ingen pikante avsløringar.

Mankell var opptatt av korleis menneska forvaltar jorda me lever på og kva me let etter oss, i form av minner, kunnskap - og avfall. Han vender stadig attende til dette med det radioaktive avfallet som brukar tusenvis av år på å bli nedbrote.
Mankell kjende nok sterkt på dette med å vera utanfor - å vera ein plass mellom liv og død medan han skreiv denne boka. Eg er imponert over korleis Mankell likevel klarde å halda fokus og å formidla fornuftige tankar i ein slik situasjon. Det virkar som om Mankell var interessert i og nysgjerrig på det meste - heilt til det siste.

Eg las Kvikksand parallellt med Morder uten ansikt, den fyrste boka i Kurt Wallander-serien. Det var spesielt - og fint. Kvikksand er ei velskriven, stillfarande og alvorleg bok som gjorde djupt inntrykk på meg. Vedmodet og ettertanken er til å ta og føla på, men innhaldet er ikkje påfallande sorgtungt og trist.
Eg anbefalar gjerne lydboka: Opplesar Finn Schau har ei stemme som passar godt til innhaldet; litt sliten, men samstundes kraftfull.

Henning Mankell døydde i oktober i fjor.

23. januar 2016

Vinter- og julelesing

Som det skippertakmennesket eg er, tyr eg til samleomtalar med jamne mellomrom. Dette oppsamlingsinnlegget gjeld leste bøker i desember og januar. Her er gammalt og nytt, likt og ulikt, smått og stort, forskjellige sjangrar og varierande format.


Seks år av Harlan Coben
Cappelen Damm 2014
Speletid 8:07lydbok Storytel

Ein ganske underhaldande spenningsroman med ei forteljarstemme som vender seg direkte til lesaren. Litt action, litt romantikk, litt paranoia. Om identitet, sanning og løgner.
Eg likar egentleg stilen og stemma til Coben, og plottet er som vanleg passe finurleg - men denne boka vert skjemd av ei dårleg avslutning.
Ivar Nergaard er som alltid ein god opplesar. Terningkast 4.



De som ser etter tegn av Britt Karin Larsen
Gyldendal 1997
506 sider, papirbok lånt privat og lydbok Storytel

Medan eg venta på at Kaldere mot natten skulle bli tilgjengeleg, las eg den fyrste boka i Tatertrilogien. Sidan eg altså er vel kjend med Finnskog-serien var det spesielt å ta eit steg attende i forfattarskapet til Larsen. Eg kjende att ein del av forteljarmåten i denne boka, men stilen her er ikkje så rytmisk og poetisk.
De som ser etter tegn er ei samling med små historiar, med stadige skifte i tid og perspektiv og som på finurleg vis vert fletta inn i ei samanhengande forteljing. Persongalleriet er svært rikt og detaljert, så det er nyttig å slå opp bakerst i boka der ein finn dei ulike slektene og forholda mellom dei.
Boka er sterk, rå, gripande og ikkje minst lærerik. Taterkulturen er svært interessant - og historia om dette reisande folket er rystande. Her snakkar me om systematisk diskriminering og brutale overgrep, heilt opp til vår tid.
Kombinasjon av papir og lyd var perfekt for denne boka. Sigmund Sæverud les lydboka på ein framifrå måte. Terningkast 5.

En julefortelling av Charles Dickens
Cappelen Damm
Speletid 3:27lydbok Storytel

Novella (eller kortromanen) som kom ut fyrste gong i 1843 er stadig jule-aktuell. Forteljinga om den gjerrige og egoistiske Scrooge er klassisk, kanskje gammaldags, og i høgste grad moralsk; ei viktig påminning til oss alle om kva jula egentleg handlar om.
Lydboka er opplest av Svein Tindberg, som her syner litt for mykje skodespelarfakter etter min smak. Det enkle er ofte det beste, også i opplesarsamanheng. Terningkast 5.


Havboka eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider
av Morten A. Strøksnes
Oktober forlag 2015 
315 sider, eBokBib

Eg hadde aldri trudd at dette var ei bok som kunne fenga meg, men der tok eg sanneleg feil. Eg måtte bruka Google for å finna ut kva håkjerring var for slags "fisk", så bakgrunnskunnskapen min var her elendig. Men etter å ha lest denne boka føler eg meg atskillig klokare.

Det handlar slett ikkje berre om håkjerringfangst; forfattaren flettar inn mykje fakta om miljø, klima, kultur, historie, biologi, filosofi, mytologi, geografi, geologi, teknologi og enno mykje meir. Strøksnes syner stor forteljarglede.
Eitt spørsmål står likevel ubesvart:
Fekk dei opp håkjerringa? Terningkast 4.


Tove Jansson - Arbeide og elske
av Tuula Karjalainen

Heinesen forlag 2014 
304 sider, lånt papirbok biblioteket

Fyrst og fremst ei svært pen bok; stort format, vakre og klåre illustrasjonar, tjukt papir og gullskrift på omslaget: Nesten som ei kaffibordbok.

Dernest er det ein velskriven biografi om ein folkekjær forfattar og kunstnar. Ein får eit grundig innblikk i bakgrunnen og livet til skaparen av Mummitrollet, Snorkfrøken og dei andre figurane frå Mummidalen.

Biografien er ryddig, kronologisk og oversiktleg - men eg fekk ikkje den heilt store leseopplevinga. Innhaldet i boka framstår som litt tamt og uengasjerande. Eg er ikkje kunstinteressert og skumma difor store deler av boka. Terningkast 3.



Lakse-enka - nødskrik fra en tørrfrue
av Ingrid Bjørnov

Vega forlag 2007
Speletid 1:04, lydbok Storytel

Eg har stor sans for artisten Bjørnov, men dette var ikkje allverden. Eg kjenner meg att i enkelte situasjonar som Bjørnov fortel om sidan eg deler husvære med ein eks-jeger. Ironien og dei karikerte situasjonane har ein klar humrefaktor, men lese-/lytteopplevinga vart berre sånn passe - og boka er veldig kort. Bjørnov har ei god radiostemme og les boka sjølv. Terningkast 3.



Min mor har en saks i ryggen av Unni Lindell
Lydbokforlaget 2015
Speletid 8:14, lytteeksemplar

Ei flott samling grøssande noveller. Berre tittelen kan få ein til å frysa på - nettopp: ryggen.
Lindell fortel overbevisande frå både offer og gjerningsperson sitt synspunkt. Mange av historiane har overraskande tvistar på slutten, slik som ei god novelle skal ha.
Opplesarane Frøydis Armand og Dennis Storhøi er begge dyktige og les med akkurat passe innleving. Terningkast 5.



Fangene som forsvant av Bjørn Westlie
Spartacus forlag 2015 
259 sider, eBokBib

Eg les krigshistoriske dokumentarar innimellom anna lesing. Ikkje for underhaldninga si del, men for kunnskapen sin del - for å forstå meir av den nære historia vår. Men det som blir fortalt i denne boka er nesten heilt uforståeleg. Ikkje at eg trur at forfattaren overdriv når han fortel om denne delen av krigshistoria, men fordi det er ei gåte at det ikkje er meir kjent.

Ufatteleg mange russiske krigsfangar vart utnytta på det grovaste av den tyske krigsmakta og Norges Statsbaner då Nordlandsbanen skulle vidareførast under krigen. Etter krigen var det knapt nokon som etterspurde dei russiske slavearbeidarane. Dei berre forsvann ut av historia. Berre éin av toppleiarane i NSB vart etterforska i samband med krigsoppgjeret. Det boka avdekkar er djupt tragisk, mørkt og skammeleg. Terningkast 4.


Landet som lovet alt. Min israelske reise
av Sidsel Wold

Spartacus forlag 2015 
311 sider, eBokBib

Svært interessant å lesa om unge Wold som såg på Israel som eit vakkert, fritt og demokratisk land, - spesielt sidan eg sjølv var på den heilt motsette sida då eg var ung: I mitt miljø gjekk ein med Palestinaskjerf, boikotta Jaffa-appelsiner og protesterte heftig mot Israel si brutale krigføring og okkupasjon av Vestbredden og Gaza.
Etter å ha sett seg meir inn i palestinarane sin situasjon og Israel sin segregerings- og okkupasjonspolitikk endra Sidsel Wold syn. Ho grunngjev dette godt - og legg heller ikkje skjul på at den prosessen var vond og vanskeleg. Wold har skaffa seg eit rikt kontaktnett på begge sider, språkmektig som ho er, - i tillegg har ho tilegna seg mykje og brei kunnskap. Ho viser både dei lange og dei noko kortare historiske linjene.

Boka er god og grundig, og faktisk; lettlest. Forfattaren viser kor konfliktfylt og fastlåst situasjonen i Midtausten er og fortel at dette heng saman med politikk, religion, kultur, etnisitet og demografi. Ekstremisme og fundamentalisme sprer seg og valden eskalerer - på alle frontar og i alle leirar, og ei fredeleg løysing er ikkje i sikte pr. i dag.
Denne boka gir ei sakleg, balansert og nyansert framstilling - og inneheld ein personleg vri - som gjer at boka er ekstra leseverdig og lærerik. Terningkast 5.


Det blå mellom himmel og hav
av Susan Abulhawa
Lydbokforlaget 2015
Speletid 8:14, lånt på biblioteket

Ganske interessant forteljing, spesielt sidan eg las boka til Wold (over) parallellt og hadde den som bakgrunnsmateriale.
Då staten Israel vart oppretta i 1948, var ikkje landet "tomt"; mangfoldige palestinarar vart då forviste/tvangsflytta frå heimane sine. I løpet av dei siste tiåra har situasjonen blitt verre for den palestinske befolkningen i dei okkuperte områda. Handlinga i denne boka byggjer på reelle historiske hendingar og er lagt til det klaustrofobiske og traumatiserte Gaza.
Det handlar om internasjonal politikk og er samstundes ei familiehistorie. Det handlar om korleis det er å leva heile livet som flyktning - og om å lengta "heim" og om å lengta etter fred for seg og sine. Abulhawa fokuserer spesielt på kvinnene sin situasjon. Enkelthistoriane er sterke, men leseopplevinga vart ikkje så bra - fordi dei nemnde historiane heng for dårleg saman. Det manglar ein samlande tråd.
Eg tykkjer temaet i denne boka er viktig og meiner det er gledeleg at ein forfattar med palestinske røtter har fått suksess. For meg vart likevel boka, om ikkje tunglest, så i alle fall vanskeleg å få "tak på", - mest fordi språket er ganske svulstig og framandt. Eg likte det realistiske og dokumentariske i historia - men mislikte dei "magiske" og "overnaturlege" sekvensane.
Boka er greit opplest av Ingrid Vollan. Terningkast 3.

14. januar 2016

Bokomtale: Kaldere mot natten av Britt Karin Larsen

Cappelen forlag 2015
498 sider
Kjelde: Lånt papirbok privat


Den siste boka eg fullførte i 2015 var den sjuande og siste boka i Finnskog-serien; Kaldere mot natten. Eg las denne boka så sakte eg berre klarde, for liksom å få leseopplevinga til å vara så lenge som muleg. Det var kan hende ikkje så smart, - eg trur eg heller skulle ha lest boka på "vanleg" måte. For då eg var ferdig, var det med ei kjensle av at lesinga hadde gått så tregt - sjølv om boka (sjølvsagt, og som forventa) var heilt fantastisk. Eg gav boka terningkast 5 på bokelskere umiddelbart etter avslutta lesing, men har etterpå vore inne og retta på karaktergjevinga mi. For denne boka (og denne serien) fortener eit klart terningkast 6. Det ser eg i ettertid.
Eg har nemleg levd med forteljinga, tenkt på karakterane og følt på stemninga - undervegs og lenge etterpå. Og når ei bok vert så levande for ein lesar, både medan ein les og etter avslutta lesing, - ja, då er det fullklaff - og dermed: toppkarakter.

Handlinga i Kaldere mot natten tek til ei tid etter der Slik treet faller sluttar. Me får følgja skogfinnane "våre" frå og med krigsåra og heilt fram til bortimot vår eiga tid - og med det; eit par nye generasjonar. Likevel er det ikkje vanskeleg å halda tråden: Larsen losar lesaren gjennom nye landskap, nye familiar og nye tider - og samstundes minner ho oss om tidlegare hendingar og historiar. Stødig og med overblikk dreg ho linjene gjennom heile tidsperioden - heilt frå starten av den fyrste boka Det vokser et tre i Mostamägg, då me møtte "stammora" Lina for fyrste gong.
Det er blitt ganske mange karakterar å halda styr på etter kvart; etterkommarane etter Lina og Taneli er blitt mange og har spredd seg utover - nokre av dei til og med på den andre sida av kloden. Bakerst i boka finst ein oversikt over familietre og slekta til dei mest sentrale personane i serien. Eg sette pris på akkurat dette. Ein gløymer gjerne familieforhold som det vart fortalt om i tidlegare bøker.

Britt Karin Larsen avsluttar serien på ein vakker og verdig måte. Boka er gripande, men ikkje sentimental. Ein kan ana ein viss vemod og melankoli, men også tru og håp. Eg fekk ei kjensle av at den siste boka har ein del sjølvbiografiske trekk og fortel om sjølvopplevde hendingar, noko som ein får delvis stadfesta i eit intervju forfattaren gav med Forlagsliv i fjor. Der fortel ho óg litt om bakgrunnen sin og om kor glad ho er i skogen og trea.

Og nettopp desse skildringane; av skogen, trea og naturen - og forholdet menneska har til dei - er sentralt i boka. Det handlar om skogen som eit vern mot omverda og om tre som er "heilage". Det handlar om røter, om å høyra til, om å ha eit nettverk. Larsen får fortalt mykje om det mellommenneskelege og om forholdet mellom menneske og natur - med få ord.

Det som har imponert meg aller mest og som har gjort sterkast inntrykk på meg gjennom bokserien er språket og forteljarmåten. Historia vert fortalt i eit spørjande og syngjande språk. Eg veit ikkje om andre som skriv så poetisk, heilt utan jåleri og språkblomstrar. Det gjer at ho får formidla sterke historiar på ein direkte måte. Setningane leikar seg liksom nedover boksidene og kryp deretter inn i sjela di. Forteljarstemma "svevar" over alt og alle før det vert zooma inn på eit enkeltmenneske, eit dyr, ein gjenstand eller ein ting i naturen. Deretter følgjer ei kort eller ei lengre historie, før forteljarstemma flagrar avgarde igjen - til ho på nytt fokuserer ned på ei ny hending. Lesaren legg nesten ikkje merke til dette grepet, før etterpå. Historiane vert fletta inn i kvarandre, elegant og naturleg.

Larsen tek opp tema som rovdyrproblem, fråflytting og konflikt mellom by og bygd. Ho fortel om gjengroing av stiar og beiteområde og om kor vanskeleg/umuleg det er å vera sauehaldar og gardbrukar når det er "blitt bestemt" at ulv skal få halda til i området. I denne boka handlar det også om utviklinga av det me gjerne kallar velferdssamfunnet. På Finnskogen finst ikkje lenger armod og fattigdom, - men det gjer heller ikkje den spesielle Finnskog-kulturen. Ein eller annan stad på vegen har noko vesentleg gått tapt.

Eg er glad for at eg oppdaga Britt Karin Larsen sitt forfattarskap - og anbefalar denne serien til alle - så sterkt eg kan.

Andre meiningar om Kaldere om natten:
Dagsavisen
Aftenposten
Glåmdalen
Asker bibliotek

(Det finst også nokre omtalar som er tilgjengelege som betalingsartiklar,- dei tek eg ikkje med her.
Så langt har eg ikkje sett andre bloggomtalar av boka - men eg håpar det kjem!)

Kaldere mot natten vart for meg den nest beste norske utgjevinga i 2015, kun "slått" av Bror din på prærien.

10. januar 2016

Smakebit og gjenlesing: Kurt Wallander

Jula er rydda vekk, det snør ute og TV'en viser vintersport. Ein skikkeleg innekos-søndag, med andre ord. Smakebit på søndag-spalten på bloggen Flukten fra virkeligheten sesongopnar også i dag. Mitt bidrag denne gongen handlar om Kurt Wallander, politietterforskar frå Ystad, skapt av Henning Mankell.

Mitt aller fyrste møte med Kurt Wallander var via TV-skjermen for mange år sidan då eg såg TV-serien basert på Mankell sin kriminalroman Morder uten ansikt. I ettertid har både Mankell, Wallander og skodespelaren Rolf Lassgård betydd mykje for meg.

Rolf Lassgård som Kurt Wallander i Morder uten ansikt.
Foto: tv.nu

For meg er det Rolf Lassgård som "er" Wallander. Det er hans skikkelse, hans ansikt og hans stemme eg ser framfor meg når eg les bøkene i Wallander-serien. Lassgård skal óg ha vore Mankell sin personlege favoritt. I alt spelte Lassgård rolla som Wallander i ni filmar og TV-seriar. Krister Henriksson, som har spelt Wallander i enno fleire filmar, er sikkert ein god skodespelar, men for meg er han "feil" Wallander. Det same tykkjer eg at Kenneth Branagh i BBC-versjonen av Wallander er.

Då Henning Mankell døydde i fjor haust fann eg ut at eg ville gjenlese dei fyrste bøkene i denne serien. Det er fleire år sidan eg las dei - og eg var spent på om dei har tålt "tidens tann". Eg bestemte meg for å ta bøkene for meg kronologisk - ikkje i den rekkefølga dei kom ut - men i rett rekkefølge med tanke på handlinga i bøkene. Difor starta eg ikkje gjenlesinga av Wallander-serien med Morder uten ansikt frå 1991, men med novellesamlinga Pyramiden som er den niande boka i serien og som kom ut i 1999.

Pyramiden er ei bok som tek eit steg attende; i dei seks novellene får me møta glimt frå Kurt Wallander sitt liv frå 1969 og tjue år fram i tid. Boka har følgjande dedikasjon:


I opningsnovella "Hogget" er Wallander 21 år gammal og jobbar i ordenspolitiet i heimbyen Malmö. Han er blitt kjæreste med Mona, har eit komplisert forhold til faren og har bestemt seg for å bli ein god politimann og ein dyktig drapsetterforskar. I ein av dei andre novellene møter han "læremeisteren" Rydberg. Alle desse personane skal komma til å bety mykje for Wallander og lesaren får stadig møta dei i løpet av bokserien. Vidare får ein i denne boka fleire eksempel på at Wallander er ein politimann med samvit, lojalitet, integritet og samfunnsansvar. Flyttinga til Ystad og forholdet til dottera Linda vert det også fortalt om. Boka er med på å nyansere biletet av hovudpersonen og passar for alle oss som ikkje "kan få nok av" Kurt Wallander.

Tittelnovella er filmatisert med nemnde Rolf Lassgård i hovudrolla. Denne filmen er rystande og voldsom, men svært bra; stødig regi, super filming, glimrande skodespelarprestasjonar og stemningsskapande musikk. Her er ein smakebit:



Novella Pyramiden sluttar grytidleg ein januardag i 1990 - på same tidspunkt som romanen Morder uten ansikt tek til;
"Det er noe han har glemt. Det vet han med sikkerhet da han våkner. Noe han har drømt om natten. Noe han bør huske. Han prøver å komme på det. Men søvnen er som et svart hull."
Dette er fyrste avsnitt - og det er ein bonde på ein avsides plass i Skåne som vaknar opp på denne måten. Han står opp fordi det er eit eller anna som er forandra - og oppdagar at noko grufullt har funne stad i nabohuset: Eit gammalt ektepar har blitt utsette for eit uvanleg brutalt overfall. Mannen er død når han finn dei, kona lever - så vidt.
Politiet i Ystad, med Kurt Wallander i spissen, tek seg av det meiningslause brotsverket. Dei står nesten utan spor; kun ein knute på eit tau og dei siste orda til kona som vart overfalt: "utenlandsk".
Etterforskinga er vanskeleg og etterforskarane frustrerte - men dei får enno fleire "situasjonar" å ta seg av; ein påsett brann på eit asylmottak og deretter; eit drap på ein asylsøkjar. Er det eit rasistisk motivert drap - eller noko heilt anna? Er det ein samanheng mellom sakene?

Privat er Wallander no nyskilt frå Mona og har nesten ingen kontakt med dottera Linda. Han saknar dei begge. Faren hans, den eksentriske liksomkunstnaren, er i ferd med å bli senil - og sjølv er Wallander på god veg til å bli alkoholikar. Livet er hardt og utfordringane mange - men oppi alt dette drapssakene løysast.
Detaljar som bruk av fasttelefon, sjekkhefte og skrivemaskin viser at handlinga er lagt til 1990, men Morder uten ansikt er - faktisk - aktuell enno. Mankell tek opp tema som framandfrykt, rasisme og grådigheit - og som me veit; slike ting er ikkje uaktuelle i januar 2016 heller. Mankell skildrar gjennom serien eit samfunn som vert meir og meir brutalt.

Etter mi meining er ikkje dette den beste boka i serien, men som ein introduksjon til Wallander sitt univers fungerer ho bra. Serien er ein av mine absolutt favorittar - og det gler meg at den fyrste boka "tåler" gjenlesing, såpass mange år etter at ho vart utgitt fyrste gong.
Mankell sitt språk er som alltid flytande og lettleseleg, om enn noko omstendeleg. Eg tykkjer språket på det viset står i stil med hovudpersonen.

Morder uten ansikt vart kåra til beste skandinaviske kriminalroman i 1991, vart vinnar av Glassnøkkelen i 1992 og er ei 1001-bok.

7. januar 2016

To kjappe og greie

Kistemakeren av Frode Granhus
Lydbokforlaget 2015
Speletid: 9:21
Opplesar: Nils Johnson
Kjelde: Lånt på biblioteket

I den fjerde boka i Rino Carlsen-serien er handlinga igjen lagt til Lofoten. Eg likar godt det ein kan kalla bygdekrim - og lofotkrim er vel ein form for bygdekrim? I alle fall; kontrastane mellom det storslagne i naturen, dei uhyggelege forbrytelsane og det elles rolege lokalsamfunnet skapar ein heilt spesiell stemning - og Frode Granhus formidlar alt dette på ein bra måte.

Framleis er det Stormen frå 2012 eg likar best av bøkene til Granhus, men ein kan finna att mykje av det same i Kistemakeren; dei same kjenslene av uhygge, den same klaustrofobien og den like uventa tvisten på slutten.
I boka vert det stadig skifta perspektiv og veksla mellom fortid og notid. Då skulle ein jo tru at forteljinga hadde eit voldsomt driv - men eg sakna faktisk spenning og intensitet undervegs i lesinga. Mot slutten vert det rett nok ganske så spennande: Den siste fjerdedelen av boka gjekk unna i eitt strekk.

Kistemakeren handlar om nokre born som vert utsette for grusomme overgrep; å bli kidnappa, levande begravd i ei kiste, tappa blod av - og deretter sette fri. Det merkelege er at hendingane vert filma - og at eitt av desse opptaka vert funne. I ei parallellhistorie frå 1950-talet møter me ein person som vart utsett for store påkjenningar då vedkommande skulle behandlast for den frykta sjukdommen tuberkulose.

Rino Carlsen slit med kjærleikssorg når han no er kommen tilbake til Reine som lensmann, og er egentleg oppteken med ei sak om eit likfunn - men han finn ut at dei ulike sakene heng saman på eit vis. Medan eg las kjende eg meg ganske så trygg på at Rino skulle finna ut av både barnekidnapping-sakene og saka med det ukjende liket. At (den potensielle) kjæresten Guro får ei avgjerande rolle i oppklaringa var litt søkt, men gjer vel det heile ekstra dramatisk.

Kistemakeren er ei grei krimbok, verken meir eller mindre. Anbefalast om du har bruk for lettlest og småspennande lesestoff. Velg gjerne lydboka; Nils Johnson er ein glimrande opplesar.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Det er du som er Bobby Fischer
av Christer Mjåset

Kagge forlag 2015
198 sider
Kjelde: Lånt ebok, eBokBib

Enno ei ny norsk krimbok som er heilt grei. Ingen tradisjonell kriminalroman, men meir ein slags thriller.

Handlinga er lagt til Lillehammer i notid, med tilbakeblikk på hendingar som fann stad i den same småbyen på 1980-talet. Ein kameratgjeng har ikkje sett kvarandre på mange år og møtest igjen; ikkje til ein hyggeleg reunion, men til ei gravferd. Det er barndomsvenen Kristoffer som er død.
Forteljaren Håkon har ikkje hatt kontakt med nokon frå vennegjengen på fleire år; ikkje sidan han flytta frå byen som tenåring. Håkon og Kristoffer var ei tid gode vener og hadde sjakk som felles interesse. Spesielt var dei opptekne av den legendariske VM-kampen mellom Boris Spasskij og Bobby Fischer. Her får tittelen på boka si forklaring.

Gradvis vert det avdekka at alle i denne gamle vennegjengen har ei felles mørk fortid; ei forsvinningssak som har prega dei og plaga dei gjennom heile livet. Ei forklaring og eit endeleg oppgjer er uunngåeleg.

Miljøskildringane i boka er gode. Eg budde sjølv på Lillehammer ein periode og kjende meg godt att i landskapet og miljøet der medan eg las.

Ifølge blurb'en på omslaget er dette "en mesterlig fortelling", men eg er ikkje heilt enig i det. Eg tykkjer boka, trass i lengden på berre 198 sider, er for langsam - på grensa til å vera treg.
Boka har ein gjennomgåande dyster stemning. Forteljarstemma er klar og truverdig, men ein kjem ikkje skikkeleg inn på dei andre karakterane. Dermed mistar ein litt av nærleiken til det som blir fortalt.

3. januar 2016

Lesemål og leseplanar for leseåret 2016

Eg ynskjer meg mange gode leseopplevingar i 2016 - og dei kjem forhåpentlegvis av seg sjølv når eg har lystlesing som eit rettleiande utgangspunkt. Deretter vert det litt meir tilfeldig; til dømes spelar det som til einkvar tid er tilgjengeleg på biblioteket og eBokBib inn. Det same gjeld lesetips og boktips som skulle dukka opp, anten i bokbloggverda eller i media elles.

Eg har også eit ynskje om å å lesa betre, det vil sei å ta meg betre tid med bøkene og leseopplevingane mine, noko som er litt vanskeleg sidan det er så mange bøker "der ute"..

Litt av ventebøkene pr. 3. januar 2016. Likt og ulikt, hummer og kanari.

Eg har ingen erfaring med detaljerte leseplanar, og ynskjer heller ikkje å ha for rigide lesemål for det kommande året. Likevel - eg har notert meg nokre punkt og har tankar omkring dette med planar og mål. Det vil sei; dette er meir ei rettesnor enn ein leseplan. Eg strekkjer meg ikkje så veldig langt; eg kjenner meg sjølv godt og veit at det ikkje er vits i å setja opp uoppnåelege mål.

**** **** ****

1. Eg skal lesa litt mindre i år enn i fjor. Sjølv om lesing av bøker er den kjæraste "hobbyen" eg har, er det eit faktum at ein blir noko usosial og litt lat når ein les så mykje. Dei siste to åra har eg lest omlag 140 bøker - pr. år. For 2016 satsar eg på 10 bøker pr. månad, som då blir 120 til saman. For å få dette til (!) må eg finna på andre aktivitetar og gjeremål, - og det trur eg at eg skal lukkast med.

2. Eg skal lesa minst 6 bøker på meir enn 600 sider. Dette heng saman med det fyrste punktet. Eg skal prøva å finna meir omfattande bøker og muligens litt meir utfordrande lesestoff.

3. Eg skal framleis ha eit særleg fokus på nye norske utgivingar, men eg ynskjer å tona det litt ned. Stresslesing og tvangslesing i samband med nominering til Bokbloggerprisen er litt morosamt, men også litt slitsamt. Eg har som mål å lesa 24 norske bøker utgitt i 2016.

4. Eg skal prøva å få lest bøkene som vert kortlista til Bokbloggerprisen 2015. Trur eg. Eg skriv dette opp som eit mål, men dette kan endrast undervegs - for eg har erfart eit par gonger at somme av kortlistebøkene er milevis frå min lesesmak og mi leseinteresse og som følgje av dette: leseopplevingar under middels - eller ingen lesing.

5. Eg skal lesa litt meir eldre litteratur. Opp gjennom åra har eg heile tida lest mest nye bøker, noko som då har ført til at eg har gått glipp av ein del eldre perler og klassikarar. Dette punktet er med for å minna meg sjølv på at bøker ikkje er ferskvare. Eg har sett opp eit lite ambisiøst mål om å lesa 20 bøker utgitt før 2000 i år. Dersom enkelte av bøkene eg skal lesa under dette punktet visar seg å vera ei 1001-bok, blir det ein ekstra "bonus". Det er heller ikkje umuleg at eg kan slå meg med på lesesirkelen til Line i år - det kjem an på tema.

6. Gjenlesing av favorittforfattarar, favorittseriar og favorittbøker. Dette målet heng litt saman med punkt 5. Kven og kva er uklart enno, men eg har så vidt starta gjenlesing av Henning Mankells Wallander-serie som eg skal halda fram med i det nye året.

7. Eg skal lesa minst 10 biografiar. Dette målet skal nåast m.a. gjennom å delta i biografilesesirkelen til Ingalill. Biografilesing er gøy og "sosialt" når ein les på denne måten. 6 biolesesirkel og 4 i tillegg - det same talet som i fjor - bør vera eit mål innan rekkevidde.

8. Eg skal òg lesa meir annan sakprosa og gjerne fleire bøker som er i grenselandet mellom faglitteratur og skjønnlitteratur. Sakprosa, dokumentarar og ulike former for faktabøker treng slett ikkje vera tørt og kjedeleg. Variasjon er viktig, og eg set pris på kunnskap om ulike emne. 12 sakprosabøker utanom biografiar i år er målet.

9. Eg skal delta i Bokhyllelesinga til Hedda, så sant eg finn ei bok som passar inn i den enkelte kategorien der. Sidan eg er ein lånar meir enn ein eigar/kjøpar av bøker, er ikkje denne utfordringa så veldig aktuell, men eg noterer det likevel ned her. Dette punktet heng også saman med punkt 5.

10. Eg skal skriva bokomtale på minst ein tredjedel av bøkene eg les, dvs. 40 omtalar. Å skriva skikkelege omtalar om alle bøker eg les ser eg på som ei umuleg oppgåve. Men alle leste bøker skal bli omtala i samleinnlegg.

                                                                **** **** ****

Lesemål 2016 oppsummert kan då visast som nedanfor, med grafar og det heile. Desse måla skal leggjast i ei eiga fane på toppen eller i høgremargen - og det er meininga/planen at desse grafane skal oppdaterast etter kvart. Og så får me sjå når me kjem til slutten av året; om punkta over let seg gjennomføra og om dette med lesemål har noko for seg.

120 til saman

6 mursteinar

24 norske utgitt 2016

20 utgitt før 2000

10 biografiar


12 annan sakprosa

40 bokomtalar

1. januar 2016

Oppsummering desember og litt statistikksnakk for 2015

Påbyrja i november, fullført i desember:
Nicci French - Blåmandag - Britisk krim - Lånt papirbok privat
Frode Eie Larsen - Englefjær - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Britt Karin Larsen - De som ser etter tegn (Tatertrilogien 1) - Lånt papirbok privat og lydbok Storytel

Lest i desember:
Bjørn Westlie - Fangene som forsvant - Krigshistorie/dokumentar - eBokBib
Henning Mankell - Pyramiden - Svensk krim, noveller - Lånt frå bokhylla.no
Frode Granhus - Kistemakeren - Norsk krim - Lånt lydbok
Richard Herrmann - Maria Stuart og hennes verden - Historisk/biografisk - Lånt frå bokhylla.no
Christer Mjåset - Det er du som er Bobby Fischer - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Britt Karin Larsen - Kaldere om natten (Finnskogserien 7) - Norsk roman - Lånt papirbok privat
Charles Dickens - En julefortelling - Britisk klassisk kortroman, 1001-bok - Lydbok Storytel

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Unni Lindell - Min mor har en saks i ryggen - Krimnoveller - Lytteeksemplar
Morten A. Strøksnes - Havboka - Sakprosa, fakta - Lånt ebok eBokBib
Ken Follett - I all evighet - Historisk roman - Lånt papirbok privat



Leseåret 2015 - summering, oppsummering og årsstatistikk

Eg pleier å notera ned bøker og tilhøyrande opplysningar på eit excel-ark etter kvart som eg les. Det gjer det enkelt å henta fram den årlege statistikken - og slik ser den "litterære sjølvmeldinga" ut for meg:

Eg las 140 bøker i 2015, dette er 2 færre enn i 2014 og 10 fleire enn målsetjinga på 130.
Her har eg ikkje rekna med dei 8 bøkene som eg byrja på og avbraut lesinga av.

Sjanger
Dei 140 bøkene fordeler seg slik sjangermessig:
  - 70 krim-, thriller- og spenningsromanar (nøyaktig 50%)
  - 35 romanar inkl. erindringsromanar og dokumentarromanar (25%)
  - av desse 4 stk. 1001-romanar
Dei resterande 25% består av
  - 15 dokumentar-, debatt- og faktabøker
  - 10 biografiar
  - 7 novellesamlingar
  - 3 humor/satire

Format
Det vart mest papir i 2015, men eboka er definitivt kommen for å bli, også hos meg.
  - 57 papirbøker
  - 43 ebøker
  - 40 lydbøker

Terningkast
Det store fleirtalet, 68 bøker (49%), fekk terningkast 4. Elles vart terningkasta fordelte slik:
  - 5 bøker fekk terningkast 6
  - 43 (30%) fekk terningkast 5
  - 23 fekk 3
  - 1 bok fekk 2

Alder
Eg les mest nytt.
  - 77 av bøkene var utgitt i åra 2000 - 2014
  - 51 i 2015
  - av dei 34 norske
  - Eg las 12 bøker utgitt før 2000.

Kjelder
Heile 111 (79%) av bøkene eg las var lånebøker; dvs. anten lånt privat, lånt på biblioteket, via eBokBib eller bokhylla.no
  - 16 har eg kjøpt sjølv
  - 13 har eg fått, anten i gåve eller som lese-/lytteeksemplar

Forfattarar
Dei forfattarane eg las flest bøker av i 2015 var
  - Edvard Hoem (5 bøker)
  - Ragnar Kvam (5)
  - Britt Karin Larsen (3)
  - Arne Dahl (3)
  - Kjell Ola Dahl (3)
  - Jan Mehlum (3)
  - Ken Follett (2 1/2 bok) 'I all evighet' vart med meg inn i det nye året.

Kjønn
Eg visste at det var ei overvekt av mannlege forfattarar, men tala for 2015 vart faktisk så klare som
  - 104 bøker skrivne av menn
  - 39 skrivne av kvinner
(nokre få bøker har både mannleg og kvinneleg forfattar)

Nasjonalitet
Eit punkt eg ikkje hadde fokus på i det heile tatt i fjor, så her er det lite eksotisk
  - 83 bøker (59%) skrivne av norske forfattarar
  - 22 svenske (15%)
  - 15 britiske
  - 8 amerikanske
  - 3 danske
  - 2 franske
  - 2 tyske
  - 2 islandske
  - 1 finsk
  - 1 irsk
  - 1 dansk-norsk

Bloggen
Aktiviteten her på bloggen har vore mindre enn dei to føregåande åra, men har likevel vore jamnt god. Om eg så skal sei det sjølv.
  -  82 blogginnlegg
  -  46 bokomtalar
  -  12 samleinnlegg der 86 bøker er omtalt heilt kort
  -  Statistikken syner over 40.000 sidevisningar siste år
  -  Mest leste innlegg i 2015 vart det same som året før: Bli hvis du kan. Reis hvis du må - som er eit innlegg/bokomtale som får mange treff på Google og andre søkemotorar. Det lever eit heilt "eige liv" og er desidert mest lest (eller klikka på, eg veit egentleg ikkje om det faktisk vert lest); meir enn tre gonger meir enn det innlegget/omtalen som har nest flest treff: Mengele Zoo - Folkets favoritt. Begge desse bloggpostane er frå 2013. Av årets innlegg er det omtalen av De grenseløse av Jussi Adler-Olsen som har flest treff.

Både blogging, lesing - og blogglesing - har gitt meg mange trivelege stunder i 2015. Det kjennest godt å ta fatt på blanke ark i 2016.