30. mai 2020

Kriminell vårlytting

Sidan eg er så på etterskot når det gjeld bokomtalar bestemte eg meg for å laga eit skikkeleg skippertaksinnlegg; denne gong i form av "mikroomtalar" i stikkordform. Eg håpar å få fram det mest essensielle i kvar enkelt bok når eg gjer det på denne måten. Det har vore varierande leseopplevingar; få innertiarar, nokre skuffelsar og enkelte "heilt greie".

Alle lydbøkene nedanfor er innan krim-/spenningsjangeren og inngår i ulike seriar. Eg har hatt som mål å bruka/utnytta Storytel-abonnementet mitt så mykje som muleg, så dei fleste har eg funne der.

Flokkdyr av Tana French 
Cappelen Damm 2016
Speletid 16:24
Lydbok Storytel

- Femte bok i den ukronologiske Dublin Murder Squad-serien
- Handling frå ungdoms-/kostskulemiljø
- Langsam, mykje prat og mykje fram og tilbake
- Intenst og tett
- Skildringar prega av innleving og psykologisk innsikt
- Spesielt interessant å følgja korleis samarbeidet mellom etterforskarane utviklar seg
- Litt for lang, men ei god leseoppleving
- Veldig godt opplest av Ivar Nergaard
- Terningkast 5-.

Fluktruten av Arnaldur Indridason
Cappelen Damm 2018
Speletid 9:16
Lydbok Storytel
- Tredje bok i serien om Flovent og Thorson
- Interessant og originalt med handling frå Island under 2. verdenskrig
- Gode tidsbilete
- Men frykteleg tregt, så denne lesar mista etter kvart både konsentrasjon og oversikt
- Opplesar Lasse Lindtner "beherskar" fleire stemmer og dialektar, men det blir i overkant teatralsk
- Terningkast 3.

Blodmåne av Katrine Engberg 
Capitana 2019
Speletid 10:16
Lydbok BookBites
- Andre bok om Jeppe Kørner og Anette Werner
- Burde nok ha lest den fyrste fyrst
- Dansk etterforskarkrim
- Lettlest og oversiktleg
- Snert, sjarm og brukbart driv
- men litt for mykje om trivialitetar og "dameting"
- God opplest av Kristin Grue
- Terningkast 3+.

Operasjon Snøhvit av Eirik Wekre
Cappelen Damm 2018
Speletid 10:56
Lydbok Storytel
- Fyrste bok i serien om Hege Tønnesen
- Ikkje spesielt bra fyrsteinntrykk
- Rotete, overambisiøst
- Liksomdramatisk, lite truverdig
- Klisjékarakterar
- Opplesar Ane Rygh les tydeleg, men altfor sakte
- Terningkast 3-.


Blod i dans av Gard Sveen
Cappelen Damm 2016
Speletid 6:14
Lydbok Storytel
- Tredje bok i Tommy Bergmann-serien
- Burde definitivt ha lest denne rett etter andre bok, for dei heng tett saman
- Med avstand i tid vart begge bøkene "sånn passe"
- Masse action, mange handlingstrådar
- Veldig bra lest av Helge Winther-Larsen
- Terningkast 3.

Bjørnen av Gard Sveen
Cappelen Damm 2018
Speletid 10:53
Lydbok Storytel

- Fjerde bok i Tommy Bergmann-serien
- Totalt annan stil - og betre - enn den føregåande
- Heller ikkje hovudpersonen er gjenkjenneleg, men så har det gått 10 år handlingsmessig
- Kald krig, spionasje, kontraspionasje
- Mykje av handlinga bygger på Treholt-saka
- Terningkast 4.

Flaggermusmannen av Jo Nesbø
Lydbokforlaget 2018
Speletid 11:29
Lydbok Storytel
- Fyrste bok i Harry Hole-serien, fyrste gong utgitt 1997, nyinnspeling
- Starten på eit forfattarskap som har betydd mykje for mange
- Gjenlesing etter 23 år for meg
- Var banebrytande i si tid
- Godt plott, overraskande vendingar
- Merkar at både min lesesmak og Nesbø som forfattar har utvikla seg
- Meir nostalgikjensle enn spenningskjensle
- Dennis Storhøi er ein god opplesar og stemma hans er perfekt som Harry Hole
- Terningkast 4+.

Svar hvis du hører meg av Ninni Schulman 
Cappelen Damm 2015 
Speletid 10:50
Lydbok Storytel (+ lånt papir)
- Tredje bok i serien om Magdalena Hansson
- Svensk bygdekrim
- Handling frå jegermiljø er originalt og interessant
- Noko stilleståande til tider
- Men jamnt stigande spenning trass i enkelte forutsigbare hendingar
- For mykje mas om småbarnsliv og tidsklemma
- Elles grei nok
- OK opplesing av Ingrid Vollan
- Terningkast 3+.

Et eneste sekund av David Baldacci
Cappelen Damm 2004
Speletid 10:00
Lydbok Storytel
- Fyrste bok i serien om Sean King og Michelle Maxwell
- Grei introduksjon til hovudpersonane og bakgrunnen deira
- Veldig amerikansk på alle måtar
- Secret Service, FBI, hemmelege tenester
- Action, overraskingar
- og litt romantikk
- Heilt grei underhaldning
- Ivar Nergaard les i passe tempo og med engasjement og innleving
- Terningkast 4+.

---------------------

Mykje middelmådig i denne samleomtalen, tykkjer du kanskje?
Ja, det vart visst det. Så eg avsluttar med heile to rosiner i pølsa.

---------------------

Motiv X av Stefan Ahnhem 
Lydbokforlaget 2018 
Speletid 12:03
Kjøpt lydfil
- Fjerde bok i Fabian Risk-serien
- Ein serie der kvar bok blir betre og betre 
- Adrenalinspennande, nervepirrande
- Mange synsvinklar
- Utallige handlingstrådar, både korte og lange
- Avansert, men ikkje altfor komplisert
- Terningkast 5.

X måter å dø på av Stefan Ahnhem 
Lydbokforlaget 2019
Speletid 11:53
Lånt lydbok biblioteket
- Femte bok om Fabian Risk
- Handlinga startar umiddelbart etter Motiv X, så desse bør helst lesast rett etter kvarandre
- Ikkje berre ein, men to, splitter gale seriemordarar
- Fabian vert utsett for umenneskelege påkjenningar
- Grusomme og fantasifulle drapsmetodar
- Innvikla og godt samanskrudd plott
- Usannsynlege motiv og urealstisk handling
- Men likevel ein fantastisk pageturner, umuleg å leggja frå seg
- Terningkast 5+.

Ivar Nergaard er (som alltid) ein fantastisk opplesar av både Motiv X og X måter å dø på. Det er tydeleg at han likar det han les. På den måten tilfører han historia om Fabian Risk ein ekstra dimensjon og gjer bøkene til ekstra gode leseopplevingar.

27. mai 2020

Bokomtale: Opprør av C.J. Sansom

Press 2020
789 sider
Lånt papirbok privat
Originaltittel: Tombland

For oss som har sans for finurlege kriminalgåter OG forteljingar frå Tudortida, er serien om Matthew Shardlake midt i blinken. Opprør er bok nummer sju og me er komne fram til året 1549. I England er det urolege tider; Henrik VIII er død og den 11 år gamle sonen hans, Edvard VI, sit på trona. Den egentlege makta ligg hos regentrådet, leia av Protektor Somerset - onkel til den mindreårige kongen.

England er i krise og kaos på mange måtar; religiøs reformasjon, politiske konfliktar, økonomisk krise, høge skattar, dårlege avlingar og stor fattigdom. Skilnaden mellom fattig og rik er ekstrem og grotesk stor; det er duka for uro, protestar og opprør. Sakførar Shardlake befinn seg innleiingsvis i utkanten av opprøret, men han skal snart bli dregen inn i dei hendingane som finn stad.

I slutten av forrige bok, Klagesang, fekk Shardlake ein ny oppdragsgjevar, nemleg lady Elizabeth, kongen si syster (og framtidig dronning Elizabeth I). Ein fjern slektning av henne er arrestert og sikta for drap på kona si. Shardlake vert engasjert for å finna ut av saka, og ferda går nordover; frå London til Norfolk og Norwich. Saka viser seg å vera uhyre komplisert, og mange kan ha motiv. Ikkje overraskande heng løysinga saman med det pågåande og omfattande opprøret. Før det kjem så langt har Shardlake opplevd mykje dramatikk.

På denne tida var Norwich nest største by i England, etter London. Sommaren 1549 okkuperte opprørarar byen, i ei hending som i ettertid vart kalla Kett's rebellion. Ein heil del av det som det vert fortalt om i boka er altså basert på verkelege historiske hendingar og verkelege historiske personar. Avslutningsvis i boka har Sansom skrive eit essay der han går grundig og lettforståeleg gjennom bakgrunn for hendingane og elles historiske fakta.

Sansom skriv medrivande og interessant om denne tida og om Shardlake si etterforsking og medhjelparane hans som me har møtt i tidlegare bøker. Framfor alt er det interessant å lesa om korleis samfunnet fungerte og korleis enkeltmenneske hadde det under slike turbulente forhold. Eg vart stadig sitjande å googla personar og stader som vart nemnt, så det tok si tid å komma gjennom heile boka.

Eg er imponert over sakkunnskapen til forfattaren og det research-arbeidet han må ha hatt for å skriva denne romanen.

Shardlake-serien består av tjukke, omfangsrike og handlingsrike mursteinar, men berre unntaksvis føler eg at det går litt på tomgang.
Opprør er lærerik, spennande og underhaldande lesing; rett og slett kvalitet heile vegen.


2. mai 2020

Kort om: Halvmorderen av Håkan Nesser

Lydbokforlaget 2020
Speletid 6:58
Kjøpt lydfil

Håkan Nesser er ein av favorittane mine, og på førehand var eg ganske sikker på at eg ville lika boka. Eg er veldig glad for at eg fekk det eg hadde forventa; ei skikkeleg kosebok.

I Halvmorderen får ein, kort oppsummert:
 - ei uoppklart kriminalgåte
 - ei sorgmunter oppvekstskildring
 - møta underlege, men interessante karakterar
 - lesa om pussige situasjonar og merkelege hendingar.

Boka har undertittel "en beretning om Adalbert Hanzon i nåtid og fortid, forfattet av ham selv" og som førehandsomtalen seier; ingrediensane er mord, skam, skuld og kjærleik.

Adalbert Hanzon er 73 år, overvektig, einsam og lett dement. Ein dag får han auga på ei kvinne som han ikkje har sett på mange år. Men han er ikkje sikker på om det er HENNE; ho som var hans store kjærleik då han var ung. Adalbert treng difor hjelp av dei to (einaste) personane han har kontakt med; svirebroren Henry og halvkusina Ingvor. Kanskje dei kan finna ut litt meir?

Sjølv er han dårleg til beins og ikkje hugsar han så godt lenger heller. For å friska på hukommelsen bestemmer han seg for å skriva sin eigen sjølvbiografi. "Jeg har to leieboere i hodet. De har bodd der lenge, de betaler ikke leie, og de flytter aldri ut. Navnene deres er Skyld og Skam, de må nevnes, og nå er det gjort", innleiar han så erindringane sine med. For Adalbert har ei fortid; han har sona 14 år i fengsel for mord.

Slik får lesaren bli kjent med Adalbert Hanzon, som egentleg heiter Bert Hansson. Litt etter litt, hulter til bulter, i fortid og notid. Det handlar om eit liv som aldri vart slik det skulle bli, om ei kjærleik som forsvann og eit tilvære som vart stilleståande. Men Adalbert er ikkje bitter. Berre nysgjerrig på kva som egentleg hende den gongen, for så lenge sidan. Etter kvart får me ei forklaring på kva begrepet "halvmorder" betyr.

Språket er "nessersk"; snirklete og pratsamt. Det flyt liksom avgarde i eit makeleg tempo som passar til både handlinga og hovudpersonen.
Halvmorderen er ein slags feelgood-krim, med funderingar og betraktningar og enkelte små overraskingar undervegs. Det er verken kjempespennande eller skummelt, men ei tvers gjennom god leseoppleving.

 Andre bloggmeiningar: