Viser innlegg med etiketten Jørgen Jæger. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jørgen Jæger. Vis alle innlegg

5. februar 2026

Norsk krim 2025 del 3

Ny samleomtale som gjeld krim som kom ut i fjor. Alle bøkene er av svært røynde forfattarar og alle del av seriar. Og alle er etter mi meining i kategorien god grei krim.

Les også: 
Norsk krim 2025 del 1
Norsk krim 2025 del 2

Inn i mørket av Jan Mehlum
Gyldendal 2025
334 sider
Lånt papirbok biblioteket 

Bok nummer 23(!) om advokat Svend Foyn i Tønsberg - og 81-åringen Mehlum leverer framleis, på ein imponerande måte.

Innleiingsvis finn Foyn ein død person, og som alltid blandar han seg inn i saka. Han oppdagar etter kvart manglande etterforsking frå politiet si side og bestemmer seg for å snusa rundt. I samband med det fartar han mellom Tønsberg og Oslo og det blir óg ein snartur til København. 

Inn i mørket er ein velskriven kriminalroman, kanskje ikkje heilt på høgde med dei beste bøkene i serien, men likevel veldig bra. Mehlum har ein stødig penn, er oppteken av aktuelle saker og krydrar det heile med mørk humor og slagferdige replikkar. Han set dessutan søkelys på aktuelle samfunnsutfordringar. I denne boka skriv han m.a. om æreskriminalitet og politivald, og han kjem med ein krass (og velfortent) kritikk av NNPF.
Terningkast 4+.

Narrespill av Jørgen Jæger
Bonnier norsk forlag 2025
379 sider
Lånt papirbok privat

Det er som regel triveleg å besøka Fjellberghavn og Ole Vik. Det er det også i den 15. boka i serien, sjølv om veret er dårleg og sjølv om det skjer dramatiske og tragiske ting.

Ole Vik-serien er blitt svært populær, og det er ikkje så rart. Bøkene er lettleste og hovudpersonane Ole Vik og Cecilie Hopen er svært sympatiske.
Eit anna positivt trekk er at forfattaren flettar inn aktuelle saker og tema i handlinga. Den eine tråden i Narrespill er om transnasjonal diskriminering og undertrykking, eit tema eg ikkje visste noko særleg om på førehand. 

På plussida: Raske sceneskift, skiftande perspektiv og bra spenningsoppbygging. På minussida: Gjentakingar og overforklaringar. Konklusjon: Terningkast 4.


Her kommer natten av Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen
Gyldendal 2025
364 sider
Lånt ebok BookBites

Omsider kom den fjerde boka i Edvard Matre-serien, - den forrige kom ut i 2014. Det vil sei; Matre har dukka opp i den andre serien til Tvedt (Mikael Brenne), og likeeins har Brenne ei birolle i Her kommer natten. 

Edvard Matre har forlate Kripos og flytta tilbake til heimbyen Bergen og jobb i politiet der. Saka som er mest sentral i denne boka er drapet på ein kontroversiell lagdommar. Kven kan ha hatt motiv for ugjerninga? Det viser seg at det kan vera mange.

Her kommer natten er, som tittelen indikerer, ei ganske mørk forteljing. Det er ei bra bok som fortener fleire lesarar og meir merksemd enn ho har fått.
Terningkast 4+.

Ulvestuen av Jan-Erik Fjell
Bonnier norsk forlag 2025
Speletid 8:38
Lånt lydbok BookBites

Den 11. boka i Anton Brekke-serien er også grei krim. Denne gongen har forfattaren nytta seg av eit anna forteljargrep enn tidlegare, og det funkar bra. Medan Brekke og Magnus Torp er på farten i notid, fortel Brekke om ei heilt spesiell uoppklart drapssak frå 2002. Det er denne saka som er hovudforteljinga i boka. 

Det er interessant å få bli kjent med ein talentfull ung Brekke, som den gongen ikkje var fullt så sær og kynisk - men som alt hadde sine utfordringar. 

Boka er ein type puslespelkrim. Forfattaren legg ut mengder av spor og villspor, og det vart aldri tydeleg for denne lesar kva som var løysinga og kven som var gjerningsperson.
Lydbok anbefalast. Helge Winther-Larsen si opplesarstemme passar til Anton Brekke si forteljarstemme.
Terningskast 4+.

2. februar 2026

Oppsummering januar 26

Påbyrja i desember, fullført i januar:
Tore Skeie - Hardråde - Historisk/biografisk dokumentar - Lånt ebok BookBites
Levi Henriksen - Lyset de døde ser - Norsk roman - Lånt papirbok privat

Lese i januar: 
Terry Hayes - Svermens år - Australsk-britisk spenningsroman - Lyd Storytel
Are Sende Osen - Vikingtiden fra aaaah! til ååååh! - Humor/historie - Lånt ebok BookBites
Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen - Her kommer natten (Edvard Matre #4) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Jørgen Jæger - Narrespill (Ole Vik #15) - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Garry Disher - Snapshot (Peninsula-serien #3) - Australsk krim - Lånt ebok BookBites
Jens Henrik Jensen - Interregnum (Oxen #7) - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Anders Roslund - 100 prosent (Ewert Grens #12) - Svensk krim - Lyd Storytel
Mona Ringvej - Et kongerike foran undergangen - Historisk/biografisk dokumentar - Lånt ebok BookBites


2 lyd, 4 ebøker, 2 papir
7 lånt, 1 abonnement
5 krim, 1 annan roman, 1 dokumentar/biografi, 1 dokumentar/humor
5 norske, 1 dansk, 1 australsk-britisk, 1 australsk
Nye forfattarar: -

Mot normalt vart det berre to fullførte lydbøker i januar. Det skuldast fyrst og fremst at Svermens år er så uendeleg lang (nesten 30 timar lytting). Boka har fått heller lunkne kritikkar, men eg likte så godt Jeg er pilegrim og såg difor fram til denne. Og fyrste del av Svermens år er veldig bra; ein spionthriller av det actionfylte slaget slik som forventa. Andre og tredje del er OK; litt omstendeleg, seigt og forvirrande, men med enkelte spenningstoppar. Når eg så kom til den fjerde og siste delen - då mista eg det. Eller, boka mista meg. Eg var klar over at det skulle skje ein sjangerendring undervegs, men at det skulle bli så til dei grader usannsynleg og idiotisk - det var uventa. Og skuffande. Oppsummert gir eg del 1 terningkast 5, del 2 og 3 terningkast 3 - og del 4 terningkast 1. Gjennomsnittet vart altså 3.
Eg anbefalar ikkje Svermens år vidare. 

Den andre lydboka derimot; Interregnum, kan anbefalast, men det er ein fordel om du "kjenner" Oxen frå før. Enkelte trådar i denne boka går attende til fyrste bok Hengte hunder.
Eit visst kjennskap til Anders Roslund, Ewert Grens og Piet Hoffmann er også ein fordel om du skal lesa 100 prosent. I skrivande stund er eg tre timar ute i boka - og frydar meg. 

Eg vil óg nytta høvet til å anbefala ein fengande politikrimserie frå Down under; Peninsula-serien. Australske Garry Disher skriv godt og i denne serien byr han på "ekte" karakterar og spenning på ulike plan. Eg ser fram til at neste bok kjem ut på norsk. 

2. september 2024

Oppsummering august 24

Påbyrja i juli, fullført i august:
Arne Dahl - Himmeløyet (A-gruppen #10) - Svensk krim - Lyd Storytel
Emma Viskic - Den skyldige (Caleb Zelic #1) - Australsk krim - Lånt ebok BookBites

Lese i august: 
Arne Dahl - Elleve (A-gruppen #11) - Svensk krim - Lyd Storytel
Jørgen Jæger - Skjebnedøgn (Ole Vik #14) - Norsk krim - Lyd Storytel
Robert Galbraith - Lange skygger (Cormoran Strike #5) - Britisk krim - Kjøpt ebok
Thomas Bagger - Stamina (Task Force 14 #3) - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
Eystein Hanssen - Svart landskap (Nora Wold #1) - Norsk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i august, fullførast i september:
Eystein Hanssen - Konkong (Nora Wold #2) - Norsk krim - Lyd Storytel
Terje Bjøranger - Den ingen ser (Charlie Robertsen #5) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites


5 lydbøker, 2 ebøker
2 lånt, 4 abonnement, 1 kjøpt
7 krim
2 norske, 2 svenske, 1 dansk, 1 britisk, 1 australsk
Nye forfattarar: Viskic

Det vart fleire gode leseopplevingar i august, for øvrig ein månad der eg ikkje las ei einaste papirbok. 

Den siste boka om A-gruppen Himmeløyet er fantastisk, epilogen Elleve sådär. Australske Emma Viskic si debutbok Den skyldige er overraskande god, det same gjeld Eystein Hanssen og hans Svart landskap. I Stamina held Thomas Bagger fram med sterke skildringar av grove og brutale handlingar, så sterke at det nesten tippar over i parodi. Men berre nesten.
Jørgen Jæger si 14. bok om Ole Vik, Skjebnedøgn, er ikkje dårleg, men boka blir for enkel samanlikna med Dahl, Bagger, Hanssen - og Galbraith.

Lange skygger er femte bok i serien om privatetterforskarane Cormoran Strike og Robin Ellacott av Robert Galbraith (pseudonym for J.K. Rawlins). Bokserien vert presentert som "klassisk krim med moderne vri", noko som er veldig presist og dekkande for innhaldet. Boka er på 924 sider, har eit stort og fargerikt persongalleri, fleire sidehistoriar og ei særdeles kompleks forsvinningsgåte. Her er humor og alvor, sorger og gleder, hat og kjærleik - frå ein forfattar heilt utanom det vanlege. Det som trekker ned for meg er omfanget; det hadde ikkje gjort noko om eit par av bihstoriane var blitt kutta ut. (Som for Harry Potter-serien blir bøkene også i denne serien tjukkare og tjukkare. Den aller nyaste boka - som kjem ut i desse dagar faktisk - er på 1070 sider)

Det vart berre (serie)krim i august, og mykje tyder på at det blir sameleis i september. Er så vidt i gang med Terje Bjøranger si nye bok, og eg har den avsluttande boka i Avdeling Q-serien (Jussi Adler-Olsen) på vent. Dessutan veit eg at både Karin Fossum og Unni Lindell kjem med nytt i løpet av månaden og at den siste boka til Anders Roslund blir tilgjengeleg på Storytel om kort tid. 

2. januar 2022

Oppsummering desember 21

Påbyrja i november, fullført i desember:
Aslak Nore - Havets kirkegård - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Nils Johan Stoa - Kjødets lyst - Norsk historisk/dokumentar - Lyd Storytel

Lest i desember:
Jørgen Jæger - Dommen - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Stefan Ahnhem - Siste spiker - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
C.J. Tudor - De andre - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
David Baldacci - Hjem til jul - Amerikansk roman - Lyd Storytel
Liza Marklund - Polarsirkelen - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Val McDermid - Mord til jul - Britisk, krimnoveller - Lånt lydbok BookBites
Bergsveinn Birgisson - Mannen fra middelalderen - Islandsk, dokumentar/biografi - Papirbok fått i julegåve
Anne B. Ragde og Unni Lindell - Juleglede - Julehefte/ div. tekstar - Lånt privat

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Kim Leine - Etter åndemaneren - Dansk/norsk historisk roman - Lånt papirbok privat


4 lyd, 5 papir, 1 ebok
6 lånt, 3 abonnement, 1 fått
5 krim, 1 krimnovellesamling, 1 juleroman, 1 julehefte, 1 dokumentar, 1 biografi/dokumentar
4 norske, 2 svenske, 2 britiske, 1 amerikansk, 1 islandsk
6 menn, 5 kvinner
"Nye" forfattarar: Stoa, (Birgisson)

Det vart 10 leste bøker i desember. Det er eg nøgd med, men eg var ikkje like heldig med tanke på "utbyttet" denne gongen. Det unormalt høge snittet i november (4,5) vart følgd av eit snitt på 3,9 i årets siste månad. Men for all del - dei tre terningkast 5-bøkene er veldig gode. 

Særleg positivt overraska vart eg av Mannen fra middelalderen. Boka er ein biografi om Tormod Torfæus og ein dokumentar om tidlegare tiders historiegransking og -samling. Eg fekk boka til jul og var i utgangspunktet litt skeptisk, sidan eg har "prøvd meg" på forfattaren tidlegare utan hell. ('Svar på brev frå Helga' som eg avbraut etter nokre titals sider) 

Dokumentaren Kjødets lyst (true crime frå gamle dagar) er også interessant lesing. 

Eg veit ikkje heilt kva eg skal sei om David Baldacci sin juleroman. Eg forventa meg noko action/thriller-aktig frå denne forfattaren, men det eg fekk var ei klissete historie, som juleromanar gjerne er. Eller kanskje boka er ein parodi på slike bøker, og som eg ikkje forsto?

Val McDermid beherskar (også) novelleformatet, og eg har stort sett kosa meg med Mord til jul. Nokre rare avslutningar på enkelte av novellene trekker likevel ned.

Så. Då var eg ferdig med 2021, også her på bloggen - og eg ser fram til eit nytt og bra leseår i 2022.

12. desember 2021

Førjulslesing: Norsk krim 2021

Dette er samleinnlegg nummer 3 når det gjeld årets norske krim. 

Det ellevte manus av Anne Holt
Gyldendal 2021
410 sider
Lånt papirbok privat

Handlinga er lagt til midten av mars 2020, - rett etter at landet vart stengt ned grunna koronapandemien. Uvissa med det nye viruset pregar og uroar dei fleste, men for Hanne Wilhelmsen - denne introverte og eksentriske dama - er det annleis. For fyrste gong på lenge tykkjer ho det er heilt greitt å opphalda seg utandørs.

Sjølve krimgåta handlar om funn av eit ansiktslaust lik. Ingen, utanom Henrik Holme, virkar å bry seg noko særleg om dama utan ansikt og utan identitet. Etterforskaren Holme, einsam og fortapt, men intelligent, vender seg til venninna Hanne for å få hjelp. I ei anna historie møter me ein nytilsett forlagsredaktør som leitar desperat etter eit forsvunne bokmanus. Også denne personen har ein relasjon til Hanne, så dei to historiane vert etter kvart fletta saman på ein elegant og overbevisande måte.

Det ellevte manus er bok nummer 11 i Hanne Wilhelmsen-serien, men kan godt lesast åleine. Boka har eit godt samanskrudd plott, er spennande og underhaldande og vitnar om sprudlande forteljarglede. Terningkast 5.


Dommen av Jørgen Jæger
Strawberry 2021
398 sider
Lånt papirbok privat

Jæger "leverer varene" også i denne 14. boka i Ole Vik-serien. Lesaren får akkurat det som er forventa; ei lettlest historie med eit gjennomtenkt plott. Jæger er også god på (det som eg oppfattar som) realistisk etterforskingsarbeid.

I løpet av ein kort tidsperiode skjer fleire dramatiske og mystiske hendingar i den vesle byen Fjellberghavn: Eit barn med downs syndrom som blir vekke på ein fjelltur, ein brann som kan vera mordbrann, samt enno ei forsvinningssak, samt enno eit mistenkeleg dødsfall. Ole Vik, Cecilie Hopen og dei andre arbeidar iherdig med å finna ut av mulege samanhengar, men vert stadig forstyrra av lokalpressa. Etter kvart dukkar det opp enno eit moment som råkar Ole Vik og familien hans direkte; ting tyder på at italiensk mafia ikkje er heilt ferdige med det som hende i Hjerteløs (forrige bok).
Dommen er ei heilt grei krimbok til terningkast 4.


Havets kirkegård av Aslak Nore
Aschehoug 2021
485 sider
Lånt ebok BookBites

Denne boka derimot, er ikkje så enkel. Det er ei bok som krev både konsentrasjon og hjernevirksomheit av lesaren.
Handlinga er svært interessant, for boka byggjer på ei verkeleg hending som fann stad i 1940; forliset av hurtigruteskipet DS "Prinsesse Ragnhild". Årsaka til forliset er aldri blitt klarlagt, og dermed eit spennande utgangspunkt for ei forteljing som dette.

Det handlar om ein styrtrik familie som etter krigen vart splitta i to uforsonlege leirar. Den eine leiren er framleis rik, den andre er det ikkje. Når ein av dei som overlevde det nemnde forliset tek livet av seg mangfoldige år etterpå, er det duka for nok eit arveoppgjer i familien. Men kvar er testamentet? 

Det er bittelitt av den eine handlingstråden i boka. For her er det mykje å lesa, mange trådar, massevis av karakterar, med handling i notid og i fortid, frå rundt omkring på kloden. Men tek du deg god nok tid og klarar å halda fokus, er Havets kirkegård ei veldig bra leseoppleving. 

Sjølve slutten er brå og på ein måte uvklart. Det er liksom opp til lesaren å tenkja seg fram til kva som skjer vidare. Eg følte meg litt snytt med det same eg las ut boka, men i ettertid ser eg vel at avslutninga er "riktig". Terningkast 5-.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Eg har no lest 11 av årets norske krimutgjevingar. Kva eg meiner om 7 av dei andre kan lesast i to samleinnlegg: Norsk krim 2021 del 1 og Norsk krim 2021 del 2. 

I tillegg har eg lest to andre veldig bra romanar utgitt i 2021 som har visse krim-element i seg. Dei er omtalt kvar for seg: Assalamu alaikum og 2020 Post festum.

I tillegg (2) har eg lest Det sorte fåret, "bok null" i Ole Vik-serien. Den boka er så svak at eg ikkje gadd å skriva om ho.

2. august 2021

Oppsummering juli 21

Påbyrja i juni, fullført i juli:
Agnes Matre - Uvigslet jord - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Roy Jacobsen - Bare en mor - Norsk roman - Lånt lydbok BookBites

Lest i juli:
Mariette Lindstein - Sekten på Tåkøy - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Frode Grytten - Gut, jente, juni, juli - Novellesamling - Lånt ebok BookBites
Richard Herrmann - Fotball - den alvorlige leken - Dokumentar/fotballhistorie - Lyd Storytel
Ingrid Bjørnov - Herfra til hektene - Kåseri/humor - Lyd Storytel
Hans Rosenfeldt - Ulvesommer - Svensk krim - Lyd Storytel
Jaran Damman - Mørkets ansikt - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Kurt Aust - Hjemsøkt - Historisk krim - Lånt ebok BookBites
Lars Kepler - Hypnotisøren (Black edition) - Svensk krim - Lyd Storytel [gjenlesing]
Helene Uri - Hoppe etter ruccola - Norsk fakta/dok. - Lyd Storytel
Jørgen Jæger - Det sorte fåret - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Simon Stranger - Leksikon om  lys og mørke - Norsk roman - Lyd Storytel
Bernard Minier - Konfirmanten - Fransk krim - Lånt papirbok privat
John Harvey - I skuddlinjen - Britisk krim - Lånt ebok BookBites


6 lyd, 3 papir, 3 ebøker
7 lånt, 5 abonnement
6 krim, 1 historisk krim, 1 historisk roman, 1 novellesamling, 3 dokumentarar
9 norske, 3 svenske
8 menn, 4 kvinner
"Nye" forfattarar: Lindstein, Damman

Jammen vart det ein heil del lesing i feriemånaden juli. Dessutan brukbart variert til denne lesaren å vera, men som vanleg vart det mest krim. 

Bokomtalar er eg veldig bakpå med, men eg er i gang med ein omtale og har planlagt minst ein samleomtale. Desse vert publisert når dei er klare. Her kjem nokre korte stikkord for julibøkene mine:

 - Fotball - den alvorlige leken: Fantastisk oppladning til EM-finalen, som England dessverre tapte.
 - Bare en mor: Nytt avsnitt i forteljinga om Ingrid frå Barrøy, og på nytt vart eg fengsla av handlinga og forteljarmåten.
 - Ulvesommer: Veldig bra frå "halvparten av Hjorth og Rosenfeldt". Interessant og variert persongalleri og godt driv.
 - Hypnotisøren: Gjenlesing av suksessen frå 2010. Dette skal vera ein forbetra versjon, men etter 10 år har ein gløymt mykje, så eg la nok ikkje merke til endringane. Ikkje like sjokkerande no som den gongen, likevel ein solid 5'ar.
 - Hjemsøkt: Fantastisk velskriven historisk krim, men eg forsto ikkje alt av avslutninga/oppklaringa.
 - Gut, jente, juni, juli: Super sommarlesing, Frode Grytten er ein favoritt-novellist.
 - Uvigslet jord: Matre skriv godt og eg anbefalar gjerne denne serien. Men trivialitetar og overforklaringar trekker ned. 
 - Hoppe etter ruccola: Humoristisk og interessant om språk.
 - Herfra til hektene: Humoristisk og typisk "bjørnovsk" om - livet.
 - Sekten på Tåkøy: Tildels spennande historie, men det blir dradd litt langt. Og boka er for lang.
 - Mørkets ansikt: Bra til å vera debut, men for dårleg driv og for lite spenning. Eg vart aldri engasjert.
 - Det sorte fåret: "Bok 0" i Ole Vik-serien som ingen ville gi ut. Det kan eg skjønna, den burde blitt verande i skrivebordskuffa. Denne er altfor enkel, utan spenning og svært forutsigbar. 

13. oktober 2020

Norsk krim 2020

Hausten 2020 er ein uvanleg sterk norsk krimhaust. For sanneleg har dei utgitt nye bøker alle saman i sommar/haust: Jo Nesbø, Karin Fossum og Unni Lindell. Tom Egeland, Jørgen Jæger og Jørgen Brekke. Jan-Erik Fjell, Jørn Lier Horst og Frode Eie Larsen. Anne Holt, Merete Junker og Hans Olav Lahlum. Gert Nygårdshaug, Kjell Ola Dahl og Jan Mehlum. Alle kjente og (meir eller mindre) kjære for oss som er glade i krim. Nokre av årets bøker har eg lest, nokre ventar eg på å få lesa, andre vert ikkje prioritert enno og skal lesast på eit seinare tidspunkt.

Bakom synger døden (Fossum) har alt blitt omtalt her (i samleomtale saman med eit par svenskar) og Kongeriket (Nesbø) har fått ein eigen omtale. Her kjem fem andre korte vurderingar/omtalar. 

Gråsonen av Jan-Erik Fjell
Capitana 2020
352 sider
Lånt ebok BookBites

Hyggeleg gjensyn med Anton Brekke og Magnus Torp. Ei mistenkeleg drukningsulukke har muleg samanheng med ei gammal sak som Anton var involvert i då han var ung politiaspirant. Mykje tyder på at politiet tabba seg ut og pågreip feil person den gongen. 

Eg likar Fjell sin skrivestil og forventningane mine var høge til den 7. boka i serien. Dei vart i stor grad innfridde. Boka er enkel og lettlest, men manglar litt av den nerven og dei uventa vendingane som tidlegare bøker i serien har hatt.
Dermed vert det eit knepp ned frå forrige bok, Gjemsel. Terningkast 4.


Andre guder av Jørgen Brekke
Vigmostad Bjørke 2020
145 sider
Lånt ebok BookBites

Fyrste del i ein planlagt bokserie med dei ti boda som tema. Tanken er at det skal komma ut ti romanar om kvart sitt bod, skrivne av ti ulike, norske forfattarar. 

Fyrste bod er "Du skal ikkje ha andre gudar enn meg" og Brekke sitt bidrag i samband med det er ein krimroman av typen kortroman/lang novelle. Det handlar om eit slags trekantdrama, og me får to av dei impliserte sine versjonar av det som skjer. 

Ei (krim)bok treng slett ikkje vera omfangsrik og tjukk for å vera god, men Andre guder er for tynn, både innhaldsmessig og  bokstavleg. Terningkast 3.


Nå har natten alt av Jørgen Brekke
Gyldendal 2020
381 sider
Lånt ebok BookBites

Enno ei bok av Brekke, og dette var "andre boller". Her prøver han seg på psykologisk thriller-sjangeren, og det er ganske vellukka. Eg får assosiasjonar til Torkil Damhaug sine bøker, men Brekke går ikkje så djupt inn i menneskesinnet som det Damhaug gjer.

Som i boka til Fjell over handlar det om eit muleg justismord. Både tilståing og DNA-funn tyder på at vedkommande som vart sikta og dømt for valdtekt og drap på unge Liv var den skuldige. Sju år etter vert ein forfattar oppsøkt av syster til offeret med nye opplysningar. Kan det verkeleg vera ein annan gjerningsperson? 

Eg likte måten boka er bygd opp på og korleis historia endrar seg etter
kvart som me får kjennskap til dei ulike personane sine handlingar. 
Terningkast 4+.


Hjerteløs av Jørgen Jæger
Capitana 2020
463 sider
Lånt ebok BookBites

Så; enno ein Jørgen. Denne gongen Jæger. 
Det handlar om våre gamle kjenningar Ole Vik, Cecilie Hopen og om liv og virke i Fjellberghavn. Sidan det er 12. bok i serien er omgjevnadene kjende for oss, men Jæger skal ha for at han alltid er oppdatert og skriv om samfunnsaktuelle problemstillingar. Ein kan sei at Jæger er politisk korrekt, men av og til er det det som er det rette.

I Hjerteløs er det Cecilie Hopen som må leia opptil fleire vanskelege saker, medan Ole Vik er mest opptatt av familien og Marte si helse. Journalistdrap, organtjuveri, mafiaverksemd og flyktningpolitikk er stikkord for handlinga. 
 Terningkast 4+.


Kongen av Tom Egeland
Capitana 2020
431 sider
Lånt papirbok privat

Frittståande, men me møter att enkelte karakterar frå tidlegare bøker. Startar veldig friskt, etter kvart litt tregt, før det vert rimeleg spennande mot slutten. 

Det handlar om finansakrobatikk og mafiaverksemd og påkjenningar som dei grotesk rike kan bli utsett for, som for eksempel kidnapping og utpressing. Tankane går gjerne til TV-serien Exit og til det som no vert kalla Lørenskog-saka - utan samanlikning elles.

Kongen er OK tidtrøyte, men Egeland har levert betre før.
Terningkast 4.

1. oktober 2020

Oppsummering september 20

Påbyrja i august, fullført i september:
Audun Molde - Pop - en historie - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel
M.J. Arlidge - Nei nei gutt - Britisk krim - Lånt ebok BookBites

Lest i september:
Heine Bakkeid - Vi skal ikke våkne - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Jo Nesbø - Kongeriket - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Tor Bomann-Larsen - Makten. Haakon & Maud 4 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
Jørgen Jæger - Hjerteløs - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Kristina Ohlsson - Henrys hemmelighet - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Erlend Loe - Helvete - Norsk roman - Lyd Storytel
Tor Bomann-Larsen - Æresordet. Haakon & Maud 5 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Jørgen Brekke - Nå har natten alt - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
S.J. Bolton - De utvalgte - Britisk krim - Lyd Storytel


4 lyd, 4 papir, 1 ebok
5 lånt, 4 abonnement
5 krim, 1 annan roman, 2 biografiar, 1 dokumentar
7 norske, 1 britisk, 1 svensk
8 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Molde

September kom og gjekk. Eg trur det er den fyrste månaden utan eit einaste blogginnlegg etter at eg byrja å blogga i 2012. Årsaka til manglande bokblogging ligg ikkje i skrivesperre eller lesesperre, men i tid. Rettare sagt kva eg prioriterer å bruka den begrensa fritida mi på. 

Månadens høgdepunkt: Kongeriket - ein svært sterk 5'ar. Omtale av Jo Nesbø si nyaste bok kjem om kort tid. 

Eg likte óg veldig godt dei tre sakprosabøkene som eg har lytta til innimellom all krimlesinga. Det gjeld del 4 og 5 i biografiverket om Haakon og Maud, opplest av forfattaren sjølv og Audun Molde sin gjennomgang av pop-historia, lest av Håvard Bakke. 

Og når ein er inne på lydbok og opplesing; ingen les Erlend Loe sine bøker som Erlend Loe sjølv. For fyrste gong har eg lytta til ei "live" bokopplesing. Eg humra meg gjennom Helvete saman med Loe og publikum i Litteraturhuset. Sjølve boka og handlinga var kanskje ikkje så stor lesesoppleving, men stemninga var djevelsk god!

5. august 2019

Sommarlesing del 2: Mikroomtalar og oppsamlingsheat

Superkorte overfladiske omtalar er vel betre enn ingen omtalar? Fleire av bøkene nedanfor er forlengst utlest og enkelte av dei; alt tildels gløymde. Google bøkene om du vil lesa meir om dei.


Kald angst av Mads Peder Nordbo
(Gyldendal 2019)
Dansk krim, handling frå Grønland. Framhald av Jenta uten hud. Uvant miljø og interessante protagonistar. Terningkast 4.

Heksens tid av Arni Thórarinsson
(Cappelen Damm 2010)
Ny forfattar for meg. Islandsk krim med mørke stemningar og langsam stil. Irriterande opplesar forringa leseopplevinga. Terningkast 3-.

Frosten og døden av Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden
(Samlaget 2018)
Bok nummer fire i bygdekrimserien med handling frå Lom. Lettlest og enkel, men ikkje banal. Fine miljøskildringar, litt dårleg tempo. Terningkast 3+.

Jeg er nummer 13 av Øistein Borge
(Font 2018)
Den tredje (og hittil beste) i Bogart Bull-serien. Groteske og avanserte drapsmetodar. Bra driv og spennande avslutning. Terningkast 4+.



Ikke et lik for mye av Jørgen Jæger
(Juritzen 2018)
Ei samling noveller av ujamn kvalitet, dei fleste med overraskande avslutningar. Ole Vik er med i fleire av forteljingane. Terningkast 4.

Intrigo av Håkan Nesser
(Gyldendal 2018)
Fem svært gode/velskrivne/underfundige noveller/kortromanar, kun ei av dei (tittel: 'Tom'), er nyskriven. Gledeleg gjenlesing med 'Rein' og den geniale 'Kjære Agnes', samt ytterlegare to historiar. Terningkast 5.

Utover enhver rimelig tvil av Malin Persson Giolito
(Cappelen Damm 2018)
Ingen snarvegar her; historia om eit muleg justismord er både truverdig og grundig utført. Litt for omstendeleg, noko som går ut over spenninga. Terningkast 4+.

Springflo av Cilla & Rolf Börjlind 
(Gyldendal 2011)
Fyrste bok i serie, omsider tatt fram frå hylla. Brukbar spenning, mange handlingstrådar, fleire originale karakterar. Lite truverdig, men likevel lovande. Terningkast 4.

31. juli 2019

Oppsummering juli 2019

Påbyrja i juni, fullført i juli:
Jo Nesbø - Kniv - Norsk krim 2019 - Lånt papirbok privat
Tor Åge Bringsverd - Gobi: Djengis Khan - Norsk roman - Lyd Storytel

Lest i juli:
Tor Åge Bringsverd - Gobi: Djevelens skinn og ben - Norsk roman - Lyd Storytel
Jørgen Jæger - Judasskuddet - Norsk krim 2019 - Lånt papirbok privat
Tommi Kinnunen - Lyset bak øynene - Finsk roman - Lånt papirbok privat
Belida Bauer - Bristepunktet - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Else Kåss Furuset - Else går til psykolog - Biografi/dokumentar - Lyd Storytel
C.J. Tudor - Krittmannen - Britisk krim - Lyd Storytel
Leïla Slimani - Vuggesang - Fransk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Malin Persson Giolito - Utover enhver rimelig tvil - Svensk krim - Lyd Storytel
Cilla og Rolf Börjlind - Springflo - Svensk krim - Kjøpt papirbok (OTS)


Med sommarferie deler av månaden låg alt til rette for mykje lesing, men det vart likevel ikkje så mange bøker som forrige månad. Eg har halde fram med Gobi-serien, der bok nummer tre var noko meir utilgjengeleg enn dei to foregåande. Elles har eg hatt varierte leseopplevingar i juli: Krittmannen og Vuggesang som begge har fått mykje merksemd, men som eg oppfattar som noko overhypa og oppskrytte. Strålande krim som (nesten) alltid frå Jo Nesbø og Belinda Bauer. Ei ny hjerteskjerande og velkomponert historie frå finske Kinnunen. Og interessant, alvorleg, komisk og kleint frå Else Kåss Furuset sine møte med psykologen.

Ingen ebøker denne månaden heller, sidan eBokBib ikkje fungerer for tida.

5 papir, 4 lyd
5 lånt, 4 abonnement
5 krim, 3 romanar, 1 biografi
5 norske, 2 britiske, 1 finsk, 1 fransk-marokkansk
5 menn, 4 kvinner
"Nye" forfattarar: Furuset, Tudor, Slimani

24. juli 2019

Norsk krim 2019 del 1

Som i fjor; eg omtalar årets norske krimbøker i samleinnlegg - tre bøker i kvart innlegg. Tida vil vise kor langt eg kjem og kor mange eg les.

Eg har altså fullført mine fyrste tre av årets kriminalromanar; dei nye bøkene til publikumsfavorittane Jo Nesbø, Tom Egeland og Jørgen Jæger. Eg byrjar med den mest etterlengta, den mest omfangsrike - og den desidert beste - av dei tre:

Kniv av Jo Nesbø

Aschehoug 2019
519 sider
Lånt papirbok privat


Det vert nok ein gong stadfesta: Ingen andre norske krimforfattarar kan måla seg med Nesbø. Absolutt ingen. All merksemda forfattaren får og all marknadsføringa bøkene hans får kan virka masete, men det er ingen tvil om at merksemda er fortent.

Den tolvte boka i Harry Hole-serien er (som forventa) spennande og velskriven og inneheld (som alltid) uventa hendingar og overraskande løysingar. Sjølve plottet minner om dei tidlegaste bøkene i serien.

Det mest sentrale mordvåpenet i Kniv er ikkje så utspekulert grusomt som i t.d. Panserhjerte og Tørst. Det handlar, som tittelen seier, om kniv. Om kor nær ein drapsmann må vera offeret sitt når han vel å bruka eit slikt våpen.

Skrivestil, handling, innleving, intensitet og skildringar - alt dette er heilt topp - slik berre Jo Nesbø kan det. 519 sider kan virka mykje, men for denne historia er det egentleg passe. Eg "snuste" undervegs i lesinga på terningkast 6, men eg tykkjer faktisk at Nesbø har vore (hakket) betre før. Eg konkluderer med eit sterkt terningkast 5.



Falken av Tom Egeland

Capitana 2019
479 sider
Lånt papirbok privat


Egeland er også ein dyktig og produktiv forfattar. Denne gongen har han forlate Bjørn Beltø og vendt tilbake til TV-journalisten Kristin Bye og universet me hugsar frå Trollspeilet og Ulvenatten.

Boka er fiffig oppbygd; ein slags minutt-for-minutt kapring- og gisselsituasjon (litt sånn Speed), med korte avsnitt og stadig skiftande synsvinklar. Lesaren veit heile tida litt meir enn dei som er involverte i dramaet gjer.

Falken er bra underhaldande, men er litt for lang, tidvis litt for langsam og inneheld litt for mange klisjéar. Og tvisten på slutten kunne vore morosam, men er litt for dum.  Terningkast 4.



Judasskuddet av Jørgen Jæger

Capitana 2019
394 sider
Lånt papirbok privat


Eg las denne rett etter Kniv - og det var muligens "feil". Samanlikninga var ikkje til å unngå - og kvalitetsskilnaden vart veldig tydeleg. Sjølv om Jæger skriv godt og har ei god historie, vart dette for enkelt, rett og slett. Forfattaren sitt engasjement virkar ekte, men intensiteten manglar.

Den ellevte boka i Ole Vik-serien handlar om narkotikabrotsverk. Fleire unge menneske har tilsynelatande døydd av overdose - men mykje tyder på at dei er drept. Cecilie Hopen og Ole Vik plundrar ein del før dei finn løysinga, og dei vert også på ulikt vis personleg involverte.

Boka er lettlest og fortlest, men leseopplevinga mi vart ganske middels. Eg kan ikkje gå høgare enn Terningkast 3.

30. april 2019

Oppsummering april 2019

Påbyrja i mars, fullført i april:
Peter May - Ualminnelige mennesker - Britisk krim - Lånt ebok eBokBib
Ken Follett - Den evige ilden - Britisk historisk roman - Kjøpt papirbok + lydbok Storytel

Lest i april:
Lasse Gallefoss - Krigernes fred - Norsk historisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Jørgen Jæger - Ikke et lik for mye - Norske krimnoveller - Lånt papirbok biblioteket
Christina Erikson - Kommer alltid tilbake - Svensk krim - Lånt ebok eBokBib
Samuel Bjørk - Mannen som elsket rådyr - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Odd Børretzen - Barndom - Norsk biografi/erindring - Lydbok Storytel
Søren Sveistrup - Kastanjemannen - Dansk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Robert Dugoni - Min søsters grav - Amerikansk krim - Lånt ebok eBokBib
Håkan Nesser - Intrigo - Novellesamling - Kjøpt lydfil


4 papir, 1 lyd, 1 papir + lyd, 2 ebøker
6 lånt, 2 abonnement, 1 kjøpt
6 krim, 1 historisk roman, 1 erindring/biografi
4 norske, 2 britiske, 1 svensk, 1 dansk
7 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Gallefoss, Erikson, Sveistrup

Eg er inne i ein særs god leseperiode! Åtte leste bøker er rekord for året - og av dei åtte er det faktisk fem femmarar. Spesielt nøgd med at to av dei "nye" (Gallefoss, Sveistrup) var så bra. Krimsamleomtale kjem seinare.

5. januar 2018

Vinterlesing: Norsk 2017-krim

Guden av Jørgen Jæger
Juritzen 2017
493 sider, kjøpt (signert!) papirbok

Eg var så heldig å få sjå og høyra Jørgen Jæger prata om denne boka og resten av forfattarskapet sitt i eit arrangement tidlegare i haust. Det var veldig kjekt å møta forfattaren, - faktisk så kjekt at eg kjøpte boka trass i at eg egentleg var lei av Ole Vik-serien.

Vel - det er kan hende ikkje så dumt med ein pause - for dette var ei grei krimbok, tykte eg. Eg var ikkje oppdatert på alt som hadde skjedd Ole og Cecilie sidan sist (dvs. for eit par-tre bøker sidan), men det har ingenting å sei for leseopplevinga.

Det er antagonisten i denne forteljinga som vert kalla Guden. Denne personen, som står bak nokre dramatiske hendingar i Fjellberghavn, får ein ikkje vita identiteten til før heilt på slutten. Avsløringa var ganske overraskande - men sett i ettertid skjønnar eg ikkje at eg ikkje skjønte det..

Jæger er god på plott, driv, komposisjon og skildring av realistisk etterforskingsarbeid. Han er ikkje like dyktig når det gjeld personskildringar, mellommennskelege forhold og dialogar. Det kan virka avskrekkande at boka har nesten 500 sider, men det er stor skrift, korte kapittel og mykje "luft", så lesinga går raskt unna. Guden vart ei leseoppleving til terningkast 4.



Vannmannen av Merete Junker
Gyldendal 2017
365 sider, lånt papirbok biblioteket

I sin femte kriminalroman presenterer Junker nye karakterar, men handlinga er som før lagt til Grenlandsområdet.

Dette er også ei bok i kategorien "grei krim". Ser ein vekk frå det boka inneheld av unødvendige trivialitetar og banalitetar - og den tamme avslutninga - er ikkje Vannmannen så aller verst.

Junker skildrar ein fantasifull og grotesk drapsmetode - (kvar tek ho det frå?) - og byr på eit særdeles truverdig møte med ein ung rusmisbrukar og uteliggjar som er eit sentralt vitne i ei drapssak.

Boka består av to parallelle historiar som ikkje heng saman, men som lesar forstår ein at det er ein samanheng likevel. Spenninga avslutningsvis handlar då mest om korleis sakene/historiane vert fletta saman.
Terningkast 3+.


Hvite løgner av Asbjørn Jaklin
Vigmostad Bjørke 2017
319 sider, lånt ebok eBokBib

I utgangspunktet er dette ein kriminalroman heilt etter min smak: Ei notids drapssak som har forgreiningar bakover til andre verdenskrig og den påfølgjande kalde krigen. Hvite løgner er bok nummer tre i serie.

Her er spionasje, kontraspionasje, dobbeltagentar, hemmelege oppdrag, avhopparar, etterretning og overvaking. Samt ein sympatisk journalist som protagonist; ein krimhelt med relevant bakgrunn, skarp hjerne og eit vidt kontaktnett.

Hvite løgner har eit høgst interessant og aktuelt bakteppe, men eg tykkjer det heile blir vel konspiratorisk og difor lite truverdig. Undervegs er boka ganske spennande, men mot slutten, når alle trådar frå fortida og notida skal samlast saman, dett også historia litt saman.
Boka er slett ikkje dårleg, men for meg kjennest avslutninga noko amputert. Terningkast 4.

31. mars 2014

Oppsummering mars

Påbyrja i februar, fullført i mars:
Frode Granhus - Malstrømmen - Norsk krim - Kjøpt pocketbok
Torbjørn Færøvik - Buddhas barn - Dokumentar - Lydbok lånt på biblioteket

Lest i mars:
Johan Theorin - Gravrøys - Svensk krim - Papirbok lånt av mor
Agatha Christie - Poirot løser gåten: Den tilslørte damen - Krimnoveller - Lydbok lånt på biblioteket
Frode Granhus - Djevelanger - Norsk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Jørgen Jæger - Ridderkorset - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Karin Fossum - Helvetesilden - Norsk krim - Papirbok lånt av mor
Roy Jacobsen - Vidunderbarn - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Jo Nesbø - Sønnen - Norsk krim - Papirbok lånt av mor
Julie Otsuka - Buddha på loftet - Japansk roman - Lydbok lånt på biblioteket

Påbyrja i mars, fullførast i april:
Anders Roslund og Börge Hellström - To soldater - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Hanne Kristin Rohde - Mørke hjerter - Norsk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Jón Kalman Stefánsson - Himmelrike og helvete - Islandsk roman - Kjøpt ebok



I tillegg har eg lytta til tre lydbok-singlar i mars:
Alice Munro - Bjørnen gikk over fjellet
Merethe Lindstrøm - Kysset
Ingvild H. Rishøi - The life and death of Janis Joplin

21. mars 2014

Bokomtale: Ridderkorset av Jørgen Jæger

Juritzen 2014
479 sider
Lånt på biblioteket


I løpet av kort tid skjer fleire dramatiske ting i Fjellberghavn. Eit barnelik vert funne på fjellet, ei død kvinne vert funne drivande i sjøen og under eit grovt ran vert ein vektar skoten og drept. Lensmann Ole Vik er framleis sjukmeld etter all dramatikken i Stemmen, og Cecile Hopen får mykje å hanskast med.

Dette er bok nummer 7 i Jørgen Jæger sin krimserie. Boka fekk ei viss merksemd og oppslag i VG for ei tid tilbake fordi forfattaren (mis)brukar ein viss nolevande verkeleg person som han skriv inn i handlinga - nemleg Jens Stoltenberg. Den tidlegare statsministeren vert i boka beskulda for både valdtekt og drap!
Eg er enig i dei som finn akkurat dette påfunnet usmakeleg. Sidan Jæger har dikta opp staden der mesteparten av handlingane utspelar seg; Fjellberghavn, kunne han godt brukt ein fiktiv statsminister også, meiner eg.

Eg tykkjer Ridderkorset er liksomspennande og liksomdramatisk og at dette er eit tilbakesteg i forhold til den forrige boka, som ikkje var så verst. Forfattaren gjer eit forsøk på å gjera boka realistisk og samfunnsaktuell, men lukkast ikkje særleg godt med forsøket. Eg finn det også irriterande med alle detaljar og uvesentlegheiter og med at forfattaren overforklarar. Enkelte ting kan og bør overlatast til lesaren sjølv! Eg vert litt frustrert når eg ser løysingane lenge før etterforskarane gjer det.

Persongalleriet er oversiktleg og språket flytande, - men spenninga er dessverre fråverande. Det er forutsigbart, klisjèfylt og handlinga er prega av dei tidlegare nemnde uvesentlege detaljane som gjer at historia får dårleg framdrift. Hovudpersonane Cecilie og Bernhard framstår for meg som "uekte" trass i at forfattaren gjer dei kvardagslege og gjerne vil ha lesaren til å "tru på" dei.

Ridderkorset har fått god mottaking frå både lesarar og anmeldarar, så nok ein gong føler eg meg både slem og sær sidan eg er så "lunken". Boka er ikkje direkte dårleg, men er heller ikkje så veldig god. Skal eg vera ærleg - og det skal ein jo - er eg ikkje så begeistra for bøkene til Jæger. Likevel har eg faktisk lest alle saman. Uforståeleg, også for meg sjølv.
Eg vil rå Jørgen Jæger til å friskmelda Ole Vik og heller ta fram att det meir kosekrim-aktige som prega dei fyrste bøkene i serien. For sjølv om eg heller ikkje likar at det er for koseleg, vil eg heller ha kos enn krampaktig liksomrealisme.

31. januar 2014

Oppsummering januar

Påbyrja i desember, fullført i januar:
Stephen King, Roald Dahl, John Steinbeck, Ray Bradbury m.fl. - Stemmen i natten og andre grøsserhistorier - Krimnoveller - Lydbok lånt på biblioteket

Lest i januar:
Samuel Bjørk - Det henger en engel alene i skogen - Norsk krim - Papirbok fått i julegåve
Gunnar Tjomlid - Placebodefekten - Norsk dokumentar/populærvitenskap - Papirbok lånt av bror
Ingvar Ambjørnsen - Natten drømmer om dagen - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Arne Garvang - En helt tilfeldig forbrytelse - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Ketil Bjørnstad, Tom Egeland, Helga Flatland m.fl. - Julefortellinger - Noveller - Papirbok lånt av mor
Monika Yndestad - Jentene fra balletten - Norsk krim - Kjøpt papirbok
Jørgen Jæger - Stemmen - Norsk krim - Gratis e-bok
Kari Nygaard - Reisen til Bella Coola - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket - avbraut
Tana French - Skogen - Irsk spenning - Lydbok lånt på biblioteket
Nikolaj Frobenius - Mørke grener - Norsk thriller - Papirbok lånt på biblioteket
Gerard Donovan - Vinter i Maine - Amerikansk roman - Kjøpt pocket
Gert Nygårdshaug - Prost Gotvins geometri - Norsk roman - Kjøpt lydfil

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Jerker Eriksson og Håkan Sundquist - Pythias anvisninger - Svensk krim - Kjøpt pocket
Cecilie Enger - Mors gaver - Norsk roman - Lydfil fått frå Lydbokforlaget

Skjermdump frå bokelskere.no
Mange fine leseopplevingar i januar, som vart ein månad prega av at eg var pjusk, - difor vart eg stort sett sitjande i ro i godstolen med ei bok; eg har knapt vore utanfor døra - utanom på jobb. Det vert heilt sikkert ikkje så mykje lesing i februar, for då skal vinter-OL og TV-titting prioriterast eit par veker.

Ha ein fin lese- og OL-månad alle! :-)

26. januar 2014

Bokomtale: Stemmen av Jørgen Jæger

Juritzen forlag 2012
511 sider
Gratis ebok (Norli)

Bok nummer seks om lensmann Ole Vik i Fjellberghavn startar forrykande og høgdramatisk. Ei biljakt fører til at lensmannen vert hardt skada og forsvinn inn i koma - og der blir han verande gjennom stort sett heile boka. Kollegaen hans, Cecilie Hopen, vert kidnappa ved det same høvet og funnen att medvitslaus i Drammen; i lasterommet på ein bil saman med to lik - dei to mennene som bortførte henne.
Hovudrolla i Stemmen vert dermed overlate til Cecilie, og ho spelar også ei vesentleg rolle når det gjeld oppklaringa av mysteriet.

Eg har lest alle bøkene i Ole Vik-serien og ser på dei meir som kosekrim enn som politikrim. Dramatikken og spenningen er der til ein viss grad, - samstundes handlar det mykje om kvardagane og privatlivet til dei enkelte karakterane - for mykje etter min smak. Personskildringane er ganske vage og flate - og dei stereotype personane finn ein også i Stemmen. Me møter att den valdelege og tvers gjennom usympatiske politimannen Kristian Kvamme og får bli kjend med den overhyggelege og overkjekke etterforskaren ved Drammen politikammer, Bernhard Ro og sjefen hans, den dobbeltarbeidande og trippelbekymra Marte Mellingen.

Det er skurken - drapsmannen - som vert kalla Stemmen - fordi Cecilie faktisk har høyrt den karakteristiske stemma hans. Etter kvart vert det også klart at vedkommande haltar og at han har ein spesiell oppdragsgjevar. Drammen vert med eitt ein uhyggeleg by og det vert skikkeleg skummelt for hovudvitnet Cecilie som gradvis hugsar meir av kidnappinga og drapa.

Eg har brukt lang tid på boka. Ho er med andre ord ikkje spennande nok. Dei øvrige hendingane i boka står ikkje i stil med den actionfylte opninga.

Eg likar at Jæger har flytta mesteparten av handlinga til ein verkeleg by - Drammen - frå dei oppdikta plassane Fjellberghavn og Borg - det gir det heile eit meir autentisk preg. Eg tykkjer bøkene i serien vert stadig betre, men er fortsatt ikkje superimponert. Her er for mange klisjear, for mange uvesentlege detaljar og ting som eg har lest før, på ein måte, - men språket er effektivt og har bra flyt.


Konklusjon: Stemmen er grei. Lettlest, uproblematisk og grei krim. Karakter 4 minus.