23. februar 2022

Serieomtale: Adam Fawley-serien av Cara Hunter

Likar du britisk politikrim? Då tenkjer eg t.d. på dei "klassiske" bøkene/seriane til Elizabeth George, P.D. James og Colin Dexter - og krimheltar som Lynley, Dalgliesh og Morse. I tilfelle får du her omtale av ein veldig bra serie innan det som kan karakteriserast som "tradisjonell" og "realistisk" britisk krim. 

Cara Hunter bur og lever i heimbyen til nemnde Detective Chief Inspector Morse; Oxford - og handlinga i bøkene hennar er òg lagt til denne byen. Hovudpersonen, Detective Inspector Adam Fawley, har ikkje så mykje til felles med Morse, men han er absolutt ein sympatisk mann og ein menneskeleg leiar av etterforskarteamet sitt. 

Forfattaren er inspirert at true crime og har gitt bøkene ein dokumentarisk stil. Innimellom sjølve forteljinga presenterer forfattaren m.a. rapportar, epostar, SMS'ar, kommentarar frå sosiale media og avisartiklar med tilhøyrande kommentarfelt. Alt dette er ikkje noko avbrot i forteljinga, men det utdjupar, strekar under, gir andre synsvinklar på det som hender og får handlinga til å virka autentisk. Det kjem stadig nye "brikker" i form av elektroniske funn, tekniske bevis, avhøyr og vitne inn i det omfattande puslespelet som ei drapssak ofte er. Deretter vert det etterforskarane sin jobb er å finna ut om og kvar dei enkelte brikkene skal leggjast. Å løysa ei drapssak er arbeidskrevjande for mange over lang tid. 

Etterforskarane sitt privatliv og dynamikken i etterforskargruppa har ein naturleg plass i handlinga. Frustrasjonar, motsetningar, samarbeidsklima og arbeidsforhold vert fletta inn i handlinga elles. Samfunnsforhold og økonomiske forhold er òg ein del av bakteppet. 

Eg tykkjer serien vert betre og betre for kvar bok. Ein kan lesa bøkene enkeltvis, men for å bli skikkeleg kjend med hovudpersonane og for å forstå samanhengar er det naturlegvis ein fordel å lesa bøkene i rett rekkefølge. Eg las dei fyrste to bøkene i fjor og har så vidt nemnd dei i samleomtalar her og her. No har eg nettopp lest nummer 3 og 4 i serien.

Kronologien er slik:

  1. Hjemmets lune rede (Close to home)
  2. I mørket (In the dark)
  3. Ingen utvei (No way out)
  4. Alt dette raseriet (All the rage)
    To bøker er enno ikkje oversette til norsk
  5. The whole truth
  6. Hope to die

Bøkene i serien har hyppige perspektivskift, noko som gjer dei raske å lesa. Fawley si forteljarstemme er i 1. person, dei andre i 3. person. I tillegg vert det som oftast nytta presensform, noko som gjer at lesaren kjem nærare det som hender. Handlinga er truverdig og som oftast basert på vanlege folk sine liv og på noko som kunne ha skjedd. Om menneske som tek feil val, som lyg eller som skjuler noko, som er på feil plass til feil tid, og som av slike årsaker set seg sjølv i ein umuleg/vanskeleg situasjon. 

Hjemmets lune rede

Adam Fawley og kona Alex (som er advokat) har ei stor sorg; sonen deira Jack som tok sitt eige liv berre 12 år gammal. Denne sorga påvirkar både ekteskapet, forholdet til kollegaer og til sakene som vert etterforska. I den fyrste boka handlar det om eit forsvunne barn, og den saka går sjølvsagt ekstra sterkt inn på Fawley. 

Boka har altså eit tema som er "vanleg" i krimromansamanheng, men Hunter har ein eigen vri på historia om 8-åringen Daisy som tilsynelatande vert borte midt blant mange andre på ein fest i sin eigen heim. Men var ho verkeleg til stades? Ingen la egenteleg merke til ho, og ingen såg at ho forlot festen. Både far, mor, bror, naboar og vener har sine versjonar av handlingsforløpet. Funn av nokre blodige strømpebukser gjer familien - og politiet - skikkeleg bekymra. 

Gislingham, Quinn, Everett og dei andre i Fawley sitt team jobbar beinhardt medan folk og media vert stadig meir engasjerte, urolege og omsynslause.
Terningkast 4.

I mørket

Ei kvinne og eit barn vert funne innelåste i ein kjellar, knapt i live og sterkt traumatiserte. Ingen veit kven dei er og ingen er sakna. Den gamle senile mannen som bur i huset veit og skjønnar ingenting. Er dei to ofra mor og son? DNA-analysar gir etter kvart eit overraskande svar. Men kva har egentleg hendt? Kor lenge har dei vore innesperra? Nokre år tidlegare forsvann ei ung kvinne som budde i nærleiken på mystisk vis. Er det ein samanheng?
Twittermeldingar, epost-utvekslingar og avisartiklar vert fletta inn i historia for å belysa ulike sider av saka. 

Saka vert spesielt vanskeleg for Adam Fawley, også på eit personleg plan. Kona Alex kjem til å få ei viss rolle i oppklaringa. Elles vert ein gradvis meir kjend med Fawley sitt team, og etterforskarane sitt privatliv har forholdsvis stor plass. Rivaliseringa mellom etterforskarane Quinn og Gislingham går mot eit oppgjer og får ei ny avklaring.

I mørket byr på jamt stigande spenning og overraskande vendingar. 
Terningkast 4+.

Ingen utvei

Boka startar med ei sterk skildring av ein voldsom brann i eit bustadhus. Brannfolka som kjem til staden finn to barn; det eine er sterkt skada og det andre er død. Men kvar er foreldra? Ligg dei døde ein plass i brannruinane eller har dei to borna vore åleine heime?
Etter kvart kjem det fram at brannen var påsett. Kven kan stå bak ei så ond handling?

I tilbakeblikka får me bli meir kjend med familien som budde i huset som brann. Her kjem det gradvis fram mykje grums; både omsorgssvikt og psykiske lidingar, pengeproblem og arveoppgjer.

Fawley har ei meir tilbaketrekt rolle i denne boka, sidan han har problem på heimebane. Dermed får fungerande leiar Gislingham, degraderte Quinn samt kollegaene Everett og Somer mesteparten av ansvaret for å løysa ei vanskeleg og profilert sak. 

Ingen utvei er ei velskriven bok med eit godt samanskrudd plott. 
Terningkast 5-.

Alt dette raseriet

Ei ung jente vert funnen i ein forkommen tilstand, og alt tyder på at ho er blitt utsett for eit overgrep. Men ho vegrar seg for å snakka med politiet og nektar å bli undersøkt. Det ho ynskjer å halda hemmeleg er at ho er ein transperson.

Trass motstand frå jenta og familien hennar set Fawley og teamet hans i gang med å undersøka saka. Og så vert enno ei jente busett i det same området meldt sakna...

Fawley ser at sakene har uhyggeleg mange likskapar med ei tidlegare sak han var sterkt involvert i for mange år sidan. Kan det vera ein copycat? Eller var det feil gjerningsperson som vart dømt den gongen? Alt dette er vanskeleg å finna ut av. Lettare blir det ikkje når Fawley får beskjed om å trekka seg ut av saka.

Eitt tema i denne boka er hatkriminalitet. Eit anna tema er korleis det er å vera pårørande og deltakar i kriminalsaker når pressa og sosiale media er så tett på heile tida. Eit tredje tema er kor grusomme ungdommar kan vera med kvarandre.

Alt dette raseriet er ei svært spennande bok. Ikkje dirrande neglebitande spenning, men med ei underliggjande og urovekkjande handling som bygger opp spenninga gjennom boka. Forfattaren tek opp mange aktuelle problemstillingar og får dette fram på ein overbevisande måte. 
Terningkast 5.

Eg treng vel ikkje nemna at eg er veldig spent på dei neste to bøkene. Håpar dei kjem ut på norsk om ikkje så lenge! Cliffhangeren på slutten av fjerde bok var av det uuthaldelege slaget. 

9. februar 2022

Bokomtale: Heksejakt av Max Seeck

Aschehoug 2021
Speletid 12:50
Kjøpt lydfil

Denne fyrste delen av ein trilogi skal vera seld til meir enn 40 land. At boka vart så ettertrakta, samt at eg las nokre sprikande omtalar, gjorde meg svært nysgjerrig på Heksejakt. Eg la difor inn lydboka som ønske på BookBites for fleire månader sidan. Utan respons. Til slutt vart det til at eg kjøpte lydfil. 

Direkte feilkjøp vart det ikkje, for boka er veldig bra - lenge. Kombinasjonen nordic noir og skrekk er både smart og stemningsfull, men då må avslutninga stå i stil med innleiing og handlinga elles. Dessverre heldt det ikkje heilt inn her. Nedanfor skal eg prøva å gjera greie for kvifor eg meiner det.

Eg trur ikkje at eg har lest finsk krim tidlegare og forfattaren er såleis heilt ukjent for meg.

Byrjinga av boka lovar godt; eg vart umiddelbart trekt inn i ei heilt uvanleg historie. Ei kvinne vert funnen brutalt myrda i ein luksusvilla ved sjøen. Offeret er plassert og "pynta" på ein måte som kan tyda på eit ritualdrap. Mannen hennar er krimforfattar, og han har skildra eit tilsvarande drap i ein av bøkene sine. Mistenkt nummer ein er (som alltid) ektemannen, men han har alibi for det tidspunktet drapet finn stad. Etter eit fyrste innleiande avhøyr forsvinn han og mykje tyder på at han er blitt neste offer. Snart skjer det eit nytt drap. Og så endå eitt... Alle nokså spektakulære og iscenesette - og kopiert frå forfattaren sine bøker. 

Mysteriet veks i takt med etterforskarane sin frustrasjon. Etterforskarane får litt av kvart å stri med, for undervegs vert det lagt ut mengder av spor - og villspor. Det virkar dessutan som om gjerningspersonen - eller gjerningspersonane? - heile tida er i forkant av etterforskinga. Den me får følgja nærast er etterforskingsleiar Jessica Niemi, både gjennom etterforskinga av desse drapssakene og gjennom tilbakeblikk til nokre opplevingar ho hadde i Venezia då ho var ung. Vanlegvis er slike parallellhistoriar med på å utfylla/utvikla handlinga i ei bok, men her funkar det ikkje. Når samanhengen blir avslørt heilt på slutten ser ein at tilbakeblikka har vore meir forstyrrande enn utviklande for historia. 

Elles er både Jessica, leiaren hennar og kollegaene hennar interessante bekjentskap. Forfattaren får godt fram dynamikken og "kjemien" mellom dei og korleis dette endrar seg undervegs i ei krevjande tid. Jessica held enkelte ting i livet sitt hemmeleg for dei andre. Akkurat det kunne vore interessant, men eg "kjøper ikkje" forklaringa. Forfattaren har her kun konstruert eit ekstra lag mystikk. Meir interessant er det at fleire av dei kvinnelege ofra har ytre likskapar med Jessica sjølv. 

Kulissane i boka består av snø, is, kulde, mørke og skog - og nærast perfekte for ei slik forteljing. Heksejakt er til tider både spennande, skremmande, engasjerande og underhaldande. Faktisk litt Lars Kepler-aktig, med korte kapittel, cliffhangers og overraskingar. Dette gjer boka til ein sidevendar, men avslutninga - den er skuffande flat. All mystikken, alle hinta og all oppbygginga endar i eit antiklimaks. Samantreffa og tilfeldigheitene er for mange. Nokre trådar blir også hengande i lause lufta, men det er forsåvidt greit sidan det er fyrste bok i trilogi.

Forfattaren får godt fram kjensla av å bli jaga og trua, men etter kvart blir det for mykje - slik at det nesten blir komisk og parodisk. Hint til hekseri, det okkulte og det overnaturlege tek heldigvis ikkje altfor stor plass. Men sjølv med rasjonelle forklaringar er ikkje handlinga særleg truverdig.

Konklusjonen er at dette vart ei noko ambivalent leseoppleving. Heksejakt er eit eksempel på ei bok der mykje vert øydelagt av ein dårleg avslutning. Men eg ser at det er potensiale her, og eg trur faktisk at eg kjem til å lesa neste bok. Bok 2, Jenta under isen, er nettopp kommen ut på norsk.

Opplesar av lydboka er Duc Mai-The. Han har sine særpreg, men les tydeleg og med det eg oppfattar som ekte innleving.

Andre bloggmeininga:

2. februar 2022

Oppsummering januar 22

Påbyrja i desember, fullført i januar:
Kim Leine - Etter åndemaneren - Dansk/norsk historisk roman - Lånt papirbok privat (+ lånt ebok)

Lest i januar:
Tana French - Den mørke almen - Britisk krim - Lyd Storytel
Thomas Karlsen - Hoppuka - Norsk sportsdokumentar - Lyd Storytel
Gustafson & Kant - Singöspionen - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Audun Dybdahl - Klima, uår og kriser i Norge - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Chris Tvedt - Djevelen i detaljene - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Arnaldur Indriðason - Den tause moren - Islandsk krim - Lånt lydbok BookBites
Are Kalvø - Meininga med livet eller: Yes sir I can boogie - Norsk humor - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i januar, fullførast i februar:
Hans Olav Lahlum - Sneen var ren - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Max Seeck - Heksejakt - Finsk krim - Kjøpt lydfil


5 lyd, 1 papir, 2 ebøker
5 lånt, 3 abonnement
4 krim, 1 historisk roman, 2 dokumentarar, 1 humor
4 norske, 1 dansk-norsk, 1 svensk, 1 irsk, 1 islandsk
7 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Gustafson, Kant, Dybdahl

Januar vart ein lesemånad på det jamne, totalt sett. Ingen av dei andre bøkene eg las kunne måla seg med den leseopplevinga Etter åndemaneren gav meg. Det var då heller ikkje å forventa.

Den mørke almen er forsåvidt ei interessant og velskriven historie, men aaaaltfor lang og treg. Så den vart eg skuffa over. Med Den tause moren var det egentleg omvendt: Etter å ha lest nokre skikkeleg trege Indridason-bøker tidlegare, var denne overraskande bra. 

Eg har alltid vore sportsinteressert, så Hoppuka (om den tysk-austerrikske hoppveka) var ei interessant bok. Her får ein både reiseskildring, nostalgi og funfacts. Eg trudde denne Karlsen var ny forfattar for meg, men så viste det seg at han er mannen bak den svært gode biografien om Claus Lundekvam.

Moroklumpen Are Kalvø leverer som alltid. Denne gongen med Meininga med livet. Eller: Yes Sir, I can boogie og er "eit forsøk på å forstå vår tid og finne meininga med livet gjennom den popmusikken folk i Noreg har høyrt på dei siste femti åra". Det handlar her om den popmusikken folk faktisk har høyrt på – og ikkje den dei påstår at dei har høyrt på, noko Kalvø meiner er to heilt ulike ting. 

"Når eg les oppvekstromanar frå den tida eg sjølv vaks opp, då stussar eg alltid over at hovudpersonane gjerne høyrer på sånt som The Smiths. Vi høyrde ikkje på The Smiths. Vi høyrde på T’Pau. Det var omtrent tjue stykke i Noreg som høyrde på The Smiths på åttitalet. Alle har vorte forfattarar."