21. februar 2019

Bokhyllelesing: Atten grader minus av Stefan Ahnhem

Aschehoug 2017
637 sider

Papirbok fått i gåve

Leseutfordringa Bokhyllelesing er eit prisverdig tiltak som vert styrt av Hedda og bloggen hennar Boktanker. Utfordringa er fleksibel og har som mål at folk skal få lest noko frå stablane sine med uleste bøker. Sjølv har eg ikkje så veldig mange i ulesthylla mi; eg kan nok telja dei på to hender. Årsaka til at eg har få ventebøker er at eg fyrst og fremst er ein lånar, ikkje ein kjøpar - og eg tek sjeldan imot leseeksemplar.

Tema for bokhyllelesinga i januar var raud bok; "Les ei bok med rødt omslag" - og jammen hadde eg ei raud bok på vent: Atten grader minus som eg fekk i julegåve i 2017. Takka vere leseutfordringa har eg no omsider lest ut boka. Årsaka til at eg utsette lesinga såpass lenge er at ho er så sabla tjukk - og dessutan hadde eg lest nokre halvlunkne omtalar. Eg var heller ikkje altfor begeistra for Den niende graven av same forfattar som eg las i 2016. Offer uten ansikt har eg ikkje lest.

Ut frå tittelen på boka skulle ein kanskje tru at handlinga kunne vera lagt til polare område eller andre iskalde miljø, men det er det ikkje: Det handlar om temperaturen i fryseboksen. I denne boka finst nemleg ein mordar som brukar fryseboksar som torturredskap og mordvåpen..!

Protagonistane er dei same som i Den niende graven og handlinga er lagt til Danmark og Sverige; til Helsingør og Helsingborg. Denne gongen handlar det altså om ein særdeles utspekulert seriemordar som i tillegg til å ta ofra sine av dage på grusomt vis, stel identitetane deira og tømmer bankkontoane deira. I ein annan handlingstråd handlar det om ei gruppe ungdommar som mishandlar og tek livet av nokre stakkars heimlause. Plottet er skremmande, komplekst og kreativt - og litt rotete. Det hadde vore ein fordel om forfattaren hadde kutta ut ein tråd eller to: Ei strammare redigering hadde gjort Atten grader minus til ei mykje betre bok. Tidvis er det grøssande spennande, men på den andre sida er det også tidvis kjedeleg og tregt - særleg i byrjinga når alle handlingstrådane og persongalleriet skal presenterast. Det finst rett nok fleire spenningstoppar - særleg mot slutten - og historia får stadig nye vriar og tvistar. Hovudpersonen Fabian Risk er ein sympatisk mann som vert utsett for umenneskeleg press både på jobb og privat.

Forfattaren nyttar kjende krimthrillerverkemiddel som korte kapittel, kjappe sceneskift og cliffhangers. Eit anna kjent trekk i krimsamanheng er karakterane; sjølvgode og idiotiske politisjefar, etterforskarar med rusproblem og etterforskarar med samlivsvanskar, samt ein gjerningsperson med ekstrem vond oppvekst og hevnmotiv for sine ugjerningar. Ein har lest det før, mange gonger. Men - sidan eg fann denne boka fleire hakk betre enn den forrige, kjem eg nok til å lesa den nyaste boka til Stefan Ahnhem; Motiv X.

Andre bloggmeiningar:
Bjørn - Bjørnebok - som er lunken
Marianne - ebokhyllami - som er veldig begeistra

18. februar 2019

Nomineringar til Bokbloggerprisen 2018

Det er klart for femte (eller er det sjette?) omgang av Bokbloggerprisen. Eg har aldri engasjert meg så veldig i dette og har slutta å vera med på samlesingane, men eg pleier å nominera og stemma. Såpass kan ein gjera når ein er bokbloggar, har eg tenkt. Sidan sist har det funne stad visse justeringar i reglementet, utviding av klassar samt endring i nominasjonsfrist. No er det eit utvida bokbloggarbegrep som gjeld og "mikrobokbloggarar" på Instagram, Snapchat, Twitter og Youtube har nominasjons- og stemmerett på linje med oss tradisjonelle bokbloggarar. Som du sikkert forstår er eg lunken til endringane, men eg innrettar meg til det som er blitt bestemt. Endringane er i alle fall såpass store at namnet på prisen bør endrast ved neste høve - til SoMe-prisen eller noko slikt.

Nok om det og over til fjorårets norske bøker. Innan fristen for nominering i går las eg i alt 27 som kunne vera aktuelle for nominasjon til Bokbloggerprisen 2018; 21 i klassen for skjønnlitteratur og 6 i sakprosaklassen. Eg les ikkje bøker innan kategorien barne- og ungdomslitteratur; den nye prisklassen.

Eg nominerte følgjande bøker:

Ingar Johnsrud - Korset (Kriminalroman)

Sakprosa

Lars Lillo-Stenberg - Nini (Biografi)

Det er høve til å nominera sju i kvar klasse. Eg vurderte å nominera fleire, men valde å ta med kun seks skjønnlitterære bøker og ei innan sakprosa. Det vil sei at eg nominerte terningkast 5-bøkene mine.

Bøkene med flest stemmer samanlagt skal presenterast i ei langliste og deretter ei kortliste. Vidare skal kortlistebøkene samlesast fram til avstemminga i august. Prisutdelinga skal finna stad i september.

Eg skulle gjerne ha nominert Rød mann sort mann av Kim Leine til Bokbloggerprisen 2018, for det var den aller beste leseopplevinga mi for fjoråret. Men - sidan Leine er dansk-norsk og sidan boka kom ut på dansk (litt) før ho kom ut på norsk - var forteljinga frå Grønland uaktuell. Dessverre.

16. februar 2019

Biolesesirkel: Anders Heger om Thorbjørn Egner

Cappelen Damm 2012
Speletid: 14:18
Lydbok Storytel


Då eg vaks opp i oldtida på 1960-talet hadde me ikkje fjernsyn (!) så eg høyrde ofte på Barnetimen for de minste på radioen. På den tida kunne ein høyra Alf Prøysen som sang om sparegrisen sin og Anne Cath. Vestly som fortalde om Ole Aleksander Filibom-bom-bom. Samt Thorbjørn Egner og den koselege stemma hans - som det skal handla om her. Då eg gjekk i småskulen var det Egner sine lesebøker som var i bruk. Me las om Ola-Ola Heia og om familien Grønn i Humlegata.

Eg las om Karius og Baktus og om hendingar i Kardemommebyen og Hakkebakkeskogen til ungane mine då dei var små. No for tida kosar eg meg når eg les i dei same bøkene - for barnebarnet mitt. Barnebøkene til Thorbjørn Egner lever: Stadig nye generasjonar får glede av den barnekulturen han skapte - og den vert stadig vidareutvikla.

Thorbjørn Egner (1912-1990) sine bøker er blitt oversette til fleire språk og selde i store opplag. Av prisar han vart tildelt kan nemnast St. Olavs Orden, Oslo bys kulturpris, Peer Gynt-prisen, Bokkunstprisen og Spellemannprisen. Biografen Anders Heger (f. 1956) er forfattar, spaltist, samfunnsdebattant og tidlegare forlagsdirektør. Han mottok Brageprisen for biografien om Agnar Mykle i 1999.

I Anders Heger sin biografi om Thorbjørn Egner får me vita mykje om forfattaren, gjendiktaren, reklamemannen, biletkunstnaren, dramatikaren, visesangaren, komponisten, radiostemma og familiemannen. Han var ein multikunstnar og eit arbeidsjern som foretok ei forholdsvis stor klassereise; frå Kampen til Ekely. Heger held fram Egner si rolle som nasjonsbyggar og dreg parallellane til Einar Gerhardsen. "Alle skal med" er eit slagord me kjenner frå arbeidarrørsla - og det er ein filosofi som er gjeldande både i Hakkebakkeskogen og i Kardemomme By. Kardemommeloven "Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill – og for øvrig kan man gjøre som man vil" kan sjåast på som enkel og naiv, men det handlar djupast sett om toleranse og samhald, om å ta omsyn til andre og å ha respekt for kvarandre. På den andre sida: Enkelte tekstar av Egner har gått ut på dato. "Visa om vesle Hoa" er, sett meg dagens auge; upassande, rasistisk og politisk ukorrekt.

Egner var ein perfeksjonist og det som me i dag kallar ein kontrollfreak. Han hadde eit mildt vesen, eit blidt smil og ei roleg framferd - men samstundes eit sterkt kontrollbehov og behov for detaljstyring.

Alle kjenner Klatremus, Morten Skogmus, Bamsefar og Brumlemann. Alle har eit forhold til Kasper, Jesper og Jonathan, politimester Bastian og Tante Sofie. Kvar henta Egner ideane sine frå? Korleis fekk han tid til alt når han skulle ta hand om alt sjølv? Anders Heger sin biografi gir svar på dette - og meir til. Forfattaren har hatt tilgang til dokumentasjon og dessutan hatt familien sitt arkiv til rådvelde i samband med skrivinga. Heger skriv egentleg bra, men som så ofte elles når det gjeld biografiar; det er for oppramsande og vert for omfattande. Biografien om Thorbjørn Egner er interessant - men ikkje interessant nok.

Dersom du klikkar deg inn i Moshonista sin blogg kan du lesa om andre forfattarbiografiar.

8. februar 2019

Bokomtale: De venstrehendtes forening av Håkan Nesser

Gyldendal 2019
525 sider
Lånt papirbok biblioteket

Håkan Nesser er ein av mine desiderte favorittar og Van Veeteren og Barbarotti er to av mine favorittkarakterar. Så gjett om eg har kosa meg med denne nye boka av favorittforfattaren - der begge desse karakterane er med! Og møtet mellom dei to, som finn stad heilt mot slutten og som eg har sett slik fram til undervegs - det er så riktig og så fint.

Det heile byrjar med ein slags oppvekstskildring frå 1960-talet. Og er det noko Håkan Nesser kan, er det oppvekstskildringar frå denne tidsperioden (Og Piccadilly Circus ligger ikke i Kumla, Kim Novak badet aldri i Genesaretsjøen). Me møter Marten og Rejmus, to gutar som dannar ein klubb for venstrehendte. Klubben vert utvida med nokre få andre medlemmer som har same "feil" som dei sjølve. Her finn dei venskap og fellesskap - men etter ei tid skjer det noko fatalt som gjer at medlemmene går kvar til sitt og klubben vert nedlagt.

Vel tjue år etter - i 1991 - samlast fem menneske frå "De venstrehendtes forening" igjen - og det dramatiske skjer: Fire menneske brenn inne, ein femte er sporlaust vekke. Politiet konkluderer med at femtemann er gjerningsperson og skuldig i mordbrann. Vel tjue år etter denne hendinga igjen - i 2012 og boka si notid - vert den femte personen funnen. Han er død - drept - på omlag same tid som dei andre fire. Alt tyder på at politiet tok feil den gongen. Den ansvarlege for etterforskinga i 1991 var førstebetjent Van Veeteren frå politiet i Maardam.

Pensjonisten Van Veeteren får høve til å sjå på saka på nytt. Samtalar med noverande og tidlegare etterforskarar samt nye opplysningar og avhøyr fører til fornya gransking. Mykje gammalt grums kjem til overflata når ein byrjar å grava i ei så innfløkt sak. Eitt av spora fører til klubben for dei venstrehendte og dei hendingane som fann stad då gruppa vart oppløyst. Eit anna spor fører til Sverige - og her kjem så sjølvaste Gunnar Barbarotti inn i handlinga.

Den tiande og siste Van Veeteren-boka (Tilfellet G) kom ut i 2005 og den femte og siste Barbarotti-boka (De sørgende) kom i 2013 - og at det skulle komma ei oppfølgjingsbok no var høgst overraskande - men altså svært gledeleg. Å møta Van Veeteren og Barbarotti på nytt er som å treffa gamle kjende: Gamle kjende som ein framleis og etter lang tid har god kjemi med. Eg tek meg sjølv i å nikka og smila når både Münster, Jung, Ewa Moreno, Ulrike Fremdli, Eva Backman og Sorgsen dukkar opp.

Plottet er finurleg og språket er stilsikkert. Dei mange trådane vert samanknytte og sakene oppklart på ein overbevisande måte. Handlinga går føre seg på tre ulike tidsplan og det er mange ulike forteljarstemmer. Gamle gode Van Veeteren er den personen me får følgja tettast.

Nesser sine bøker handlar ofte om det som betyr mest for oss menneske: Livet, døden og kjærleiken. Så også i De venstrehendtes forening. Han er like morosam, melankolsk, ironisk og språkleg elegant som han pleier å vera. Eit anna kjenneteikn som går igjen i forfattarskapet er tempoet; nærare bestemt at det går så langsamt. Snirklete setningar, langsam handling, mange tankar og refleksjonar og rikeleg med digresjonar. Boka bør også helst lesast sakte; dersom ein les i actionkrimtempo går ein glipp av ting. Til vanleg likar eg ikkje at bøkere blir altfor pratsomme og ordrike, men når det gjeld Håkan Nesser stiller det seg annleis. Alt pratet er "riktig"; ingenting er overflødig eller unødvendig. Når boka er utlest ser ein at alt har hatt ei meining.

De venstrehendtes forening er 525 herlege sider med underhaldning og spenning og eg gir ein sterk femmar. Nesser skriv betre enn dei fleste, han skildrar både folk og kjensler på ein spesielt innlevande og truverdig måte. Boka står seg fint på eiga hand og ein treng ikkje å ha lest dei to seriane på førehand. Men for oss som har lest og likt dei tidlegare bøkene er alt det gjenkjennelege ekstra stas.

Andre bloggmeiningar: Tine sin blogg

3. februar 2019

Vinterlesing: Krim og spenning

Det har hopa seg opp med uomtalte bøker: På tide med eit skippertakinnlegg igjen.

Coffin Road av Peter May

Goliat forlag 2018
318 sider
Lånt ebok eBokBib


Etter Lewis-trilogien var forventningane høge til denne enkeltståande kriminalromanen. Og la meg fyrst nemna dei delene av boka som faktisk innfridde:
Skildringar av natur og verforhold på Hebridene er fantastiske. Ein ser det spesielle landskapet klårt og tydeleg og kjenner vinden ta tak i kroppen medan ein les. Forteljinga er godt samanskrudd og ein forstår at dei ulike handlingstrådane skal bli nøsta opp i etter kvart.

Når det gjeld sjølve handlinga er eg meir kritisk - for her er ikkje forfattaren så veldig original. Eg får Jason Bourne-assossiasjonar innleiingsvis sidan det vert fortalt om ein mann utan hukommelse som vert skylt i land på ei strand. Denne mannen gjer merkelege og lite sannsynlege val og er ærleg talt ikkje så veldig truverdig. Det handlar vidare om ei ung jente som leitar etter far sin, eit likfunn på ei lita øy og nokre mystiske og vekkgøymde bikuber. Og me møter på nytt politietterforskar George Gunn (frå Lewis-trilogien).

Coffin Road får terningkast 5 for stil og terningkast 3 for innhald. Konklusjonen min vert då altså terningkast 4.


Husdyret av Camilla Grebe

Gyldendal 2018
489 sider
Lånt papirbok biblioteket


Overraskande bra, for det eg har lest av denne forfattaren før har ikkje vore allverden. Dette er ein krimthriller med eit fiffig plott, interessante synsvinklar og "god" uhyggestemning.

Også i denne boka er ein person med hukommelsetap sentral i handlinga, og det er ikkje til å komma frå at eg tykkjer dette er eit noko "oppbrukt" tema og ein lite truverdig og oppkonstruert problemstilling. Her dreiar det seg om at ein person med ein demensliknande tilstand har sentrale oppgåver i samband med krevjande politietterforsking, noko som sjølvsagt er heilt tullete.
Sett vekk frå denne innvendinga er Husdyret ei grei bok. Terningkast 4-.


Uglen av Samuel Bjørk

Vigmostad Bjørke 2015
523 sider
Lånt papirbok privat


Nok ein god kriminalroman frå mannen med pseudonymet Samuel Bjørk. Ikkje fullt så heseblesande og bestialsk som Det henger en engel alene i skogen, og med tanke på sidetalet skal ein vera glad for det.

Så truverdig er ikkje denne historia heller, men det funkar som berre det likevel. Greie skildringar, raske sceneskift, passe stort persongalleri, god framdrift og masse action. Samt eit etterforskarpar som er passe sært.
Terningkast 4+.



En grav for to av Anne Holt

Lydbokforlaget 2018
Speletid 12:37
Lånt lydbok biblioteket, opplesar Anne Ryg


Eg lånte denne litt motvillig sidan boka visstnok skulle ha klare parallellar til Johaugsaka, men det skulle visa seg at Anne Holt har brukt ei heilt anna vinkling i denne kriminalromanen. (Eg er mellom dei som ikkje har så sterke sympatiar med Johaug. For herregud, ho er ei vaksen dame på 30, ikkje ein jentunge på 13 - og må ta ansvar for sine eigne handlingar. Sutring er ikkje spesielt sjarmerande)

I En grav for to vert ein presentert for eit nytt og eksentrisk etterforskarpar og handlinga er lagt til eit miljø knytt til landslaget i langrenn. Det handlar om toppidrett og høge ambisjonar, om doping og  planta dopingbevis, om bedrag og pengesnusk og om etterforskingsspor og skispor. Forteljinga er ganske spennande og brukbart engasjerande. Ros også til den dyktige opplesaren Anne Ryg. Terningkast 4+.


Udyr av Kurt Aust og Kin Wessel

Lydbokforlaget 2018
Speletid 11:28
Lånt lydbok biblioteket, opplesar Dennis Storhøi


Kurt Aust er allsidig og tenkjer alternativt når han skal snekre saman plott. Det har han synt tidlegare med den historiske krimserien sin og i Tour de France-krimmen Dødt løp. Aust har skrive Udyr saman med kona Kin Wessel. Saman har dei også utført eit imponerande researcharbeid i samband med skrivinga.

Hovudperson er den pensjonerte legen Axel Anker som reiser til Masai Mara i Kenya for å feira 60-årsdagen sin. Her havnar han midt oppi eit drama som handlar om kyniske krypskyttarar og jakta på elfenbein. Omgjevnadene er spesielle i krimsamanheng og det gjer boka interessant - ei stund. Etter kvart tek skildringane av den afrikanske villmarka og dyrelivet overhand, noko som fører til dårleg framdrift i og med at sjølve krimgåta kjem i bakgrunnen.

Med litt oppstramming kunne dette blitt ei verkeleg bra bok, for ein skjønnar at problematikken det vert foralt om er verkeleg og aktuell. Storhøi si litt slitne stemme passar bra til lydboka. Eg landar også her på terningkast 4