Viser innlegg med etiketten Jørgen Brekke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jørgen Brekke. Vis alle innlegg

21. juni 2026

Norsk krim 2026

Eg omtalar som regel årets norske krimbøker i samleinnlegg. I desse korte omtalane/vurderingane prøver eg å formidla det som (for meg) er mest vesentleg. Så langt i år har eg lese desse tre:

Alt skal bli støv av Jørgen Brekke
Gyldendal 2026
300 sider
Lånt ebok BookBites

Den 9. boka i Singsaker-serien startar slik at lesaren skal bli engasjert alt frå byrjinga av forteljinga. Etter ein urovekkande prolog held det fram med eit møte med eit offer for ei kommande brutal valdshending. "Tilfeldigvis" går dette føre seg ikkje så langt frå der Odd Singsaker oppheld seg, og lesaren er dermed umiddelbart midt inne i handlinga. 

Alt tyder på at det er ei sak av typen "familietragedie", der far har drepe familien sin og deretter teke sitt eige liv. Singsaker - som no er blitt pensjonist - tvilar på at det er så enkelt, og gjer si eiga gransking. Han har dessutan førstehandskunnskap på korleis politiet ser på saka i og med at kona hans Felicia er ein av etterforskarane. 

Eg likar karakteren Odd Singsaker og har etter kvart blitt godt kjend med han. Han er sympatisk, empatisk og har ein sterk rettferdigheitssans. I denne forteljinga skal denne sansen føra til både bisarre og farlege situasjonar.

Alt skal bli støv er bra, men ikkje den beste boka i serien, - eg har konkludert med eit terningkast 4+.


Fartsblind av Agnes Matre
Gyldendal 2026
311 sider
Lånt ebok Biblio

Sjette avsnitt i Bengt Alvsaker-serien, og etter å ha lese alle dei tidlegare bøkene er eg vel kjent med både serie, hovudpersonar og skrivestil. 

Matre er dyktig når det gjeld plott, oppbygging, aktualitet og at alt skal vera så realistisk som muleg. Både teknisk og taktisk etterforsking vert skildra utførleg og detaljert. Greitt nok, men det går til ein viss grad ut over framdrift og spenning. 

I utgangspunktet er dette såkalla bygdekrim, men som handlinga i boka viser kan organisert kriminalitet spre seg til små stader. Vidare handlar det om manglande bemanning og manglande kommunikasjon mellom ulike instansar. Det kan føra til at sårbare og einsame ungdommar lett kan bli rekrutterte inn i kriminelle miljø. 

Fartsblind er ein lettlest kriminalroman med relevant og aktuell tematikk. Terningkast 4.

Rovfugl av Jarle Sten Olsen
Kagge 2026
327 sider
Lånt papirbok biblioteket

Ny serie og ny forfattar for meg dette, og i slike tilfelle er eg alltid skeptisk-spent. Men dette lovar bra. Plottet er godt samanskrudd og spørsmåla om kven, kvifor og korleis driv handlinga framover. 

Handlinga er lagt til Telemark, og hovudperson er etterforskar Kim Utler. Han er tilstades på ein politisk debatt der ein gjerningsperson fyrer av eit skot mot statsministeren. Men vedkommande "bommar" på det som truleg er målet, og ein politimann vert drepen. 

Ein annan handlingstråd består av dagboksnotatar skriven av ein person som befann seg i Kosovo i 1999. Korleis desse sakene heng saman er lenge uklart, men får ei logisk oppklaring etter kvart.

Rovfugl er ei bra bok, sjølv om denne Kim Utler irriterer meg. Han er for usikker og for tam etter min smak. 
Terningkast 4-.

30. april 2026

Oppsummering april 26 og tertialstatistikk

Påbyrja i mars, fullført i april:
David Lagercrantz - Memoria (Rekke og Vargas #2) - Svensk krim - Lyd Storytel 
Martin Baldysz - Stille grender - Norsk krim (Ryer-serien #1) - Lånt ebok BookBites

Lese i april:
Malin Persson Giolito - Motiv - Svensk krimnovellesamling - Lyd Storytel
Elly Griffiths - En følelse av død (Ruth Galloway #4) - Britisk krim - Lyd Storytel
Jørgen Brekke - Alt skal bli støv (Odd Singsaker #9) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Jarle Sten Olsen - Rovfugl (Kim Utler #1) - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Val McDermid - Bildene hvisker (Karen Pirie #6) - Britisk (skotsk) krim - Lyd Storytel
Val McDermid - Bak løgnen (Karen Pirie #7) - Britisk (skotsk) krim - Lyd Storytel
Eleanor Barraclough - Historiens glør - Britisk historisk dokumentar - Lånt ebok BookBites

Langlesing - skal fullførast i mai:
Åsta Holth - Finnskog-trilogien - Norsk - Roman(ar) - Papirbok fått i gåve

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Håkan Nesser - Det finmaskede nettet (Barbarotti #10) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Tomm Kristiansen - På Parfymefloden og andre reiser - Norsk dokumentar/reiseskildring - Lyd Storytel




5 lyd, 3 ebøker, 1 papir
4 lånt, 5 abonnement
7 krimromanar, 1 krimnoveller, 1 historisk dokumentar
3 norske, 2 svenske, 4 britiske
Nye forfattarar: Baldysz, Olsen, Barraclough

April vart ein OK+ lesemånad. Ikkje så variert akkurat, då eg for tida les nesten berre krim og spenning, kun ispedd litt sakprosa av og til. (Eller - når eg tenkjer meg om har det vel vore slik nokre år..) 

Historiens glør er ei overraskande interessant bok, der me får kunnskap om vikingtida sett med britiske auge. Barraclough har fokus på kva arkeologi og skriftlege kjelder kan fortelja om "vanlege folk", og er til dømes eit bra supplement til Hardråde av Tore Skeie. Forfattaren ser ut som ho er 14, men ho er velutdanna og har mellom anna doktorgrad i norrønt. Terningkastet - ein (sterk) 4'ar - er strengt, men eg følte så sterkt på at eg ville ha meir. Meir tekst, fleire forklaringar, fleire teoriar og særleg; fleire illustrasjonar og kart.

Av høgdepunkt i april må nemnast Stille grender og Malin Persson Giolito si glimrande novellesamling Motiv
Alt skal bli støv og Rovfugl skal eg komma tilbake til i ein framtidig samleomtale. 

Tertialstatistikk 

Etter 4 månader av 2026 kan eg visa til følgjande tal:
  • 32 bøker, fordelt slik på sjanger:
    - 23 krim- og spenningsromanar
    - 2 andre romanar
    - 2 novellesamlingar
    - 5 sakprosa
  • 15 lyd-, 13 ebøker, 4 papirbøker
  • 19 lånt, 13 Storytel-abonnement, 
  • 11 norske, 8 svenske, 6 britiske, 4 amerikanske, 1 dansk, 1 fransk, 1 australsk
  • Terningkast: 13 5'arar, 15 4'arar og 4 3'arar. 

25. november 2024

Haustlesing: Norsk krim 2024

Som vanleg er eg bakpå når det gjeld omtalar, så her kjem eit skippertakinnlegg. 

Som eit eksperiment, og for å vera effektiv, har eg for fyrste gong (i bloggsamanheng) teke i bruk kunstig intelligens. Eg har naturlegvis kvalitetssikra og bearbeida innhaldet slik at eg kan stå for det som står skrive, men det er kanskje blitt litt annleis enn om eg ikkje hadde brukt KI.
Reaksjonar/kommentarar nokon?


Den ingen ser av Terje Bjøranger
Cappelen Damm 2024
379 sider
Lånt ebok BookBites

Forfattaren tek opp fleire aktuelle og vanskelege tema i denne boka. Stikkord er tvangsekteskap, æreskriminalitet og gjengkriminalitet, og me møter fleire uskuldige menneske som vert utsette for grove truslar og vald.

"Dei som ikkje blir sett" er to jenter som lir under det som kan kallast æreskultur. Bjøranger har sjølv jobba med temaet i fleire år, så handlinga framstår som truverdig og realistisk. 

Bok nummer 5 i serien om Charlie Robertsen er ein viktig og engasjerande roman som tek opp alvorlege tema. Historia er sterk og fascinerande og gir eit truverdig bilete av eit aktuelt samfunnsproblem.
Terningkast 5.


Blind hevn av Bjørn Bakken
Lind & co 2024
Speletid 7:14
Lånt lydbok BookBites

Bjørn Bakken, for oss bokbloggarar kanskje mest kjent som bokbloggkollega Bjørnebok, er ute med si tredje bok i Sørlandskrim-serien. Bloggen hans blir ikkje lenger oppdatert noko særleg, og sjølv om det er litt trist, så kan ein forstå det. No er det nok skriving av eigen krimserie som gjeld, og ikkje andre sine bøker.

Det er ein fordel å lesa bøkene i rett rekkefølge, men elles blir tidlegare hendingar forklart og repetert i starten av Blind hevn. Som dei to føregåande er dette ei ganske spennande og underhaldande bok, med bra framdrift og eit stødig språk. 

Lydbøkene i serien er blitt veldig populære - og det forstår eg godt. Ivar Nergaard si innlesing tilfører leseopplevinga noko ekstra - og gjer at eg legg til eit plussteikn:
Terningkast 4+.


Det blinde vitnet av Jørgen Brekke
Gyldendal 2024
302 sider
Lånt ebok BookBites

Nestenpensjonist Odd Singsaker er tilbake - med ei siste sak? Dette er bok nummer 8 i serien, men ho kan fint lesast som ei frittståande bok. Eg har lese og likt alle dei føregåande og hadde difor høge forventningar - som i stor grad vart innfridde. 

Historia startar med ei uvanleg hending: ei blind kvinne hevdar å ha sett (!) eit drap i naboleilegheita si. Kort tid etter vert den blinde kvinna funnen død. Dermed vert ei komplisert etterforsking sett i gang. 
Kan svaret ligga i fortida til kvinna? Kva har ho gjort, kvar har ho vore, kven har ho kjent? Dette får lesaren vita litt om undervegs via nokre dagboknotatar. 

Boka er ikkje så lang, men etter mi meining kunne deler av handlinga vore utkutta. Eg tykkjer t.d. at det er forstyrrande og irrelevant å lesa om bruk av tarotkort. Når forfattaren skal gjera det ekstra mystisk reagerer eg visst stikk motsett av det som truleg har vore føremålet. 
Terningkast 4.


I begynnelsen var mørket av Karin Fossum
Cappelen Damm 2024
285 sider
Lånt papirbok privat

Som alltid skriv Karin Fossum drivande godt, og som alltid er karakterane hennar heilt unike. Dette er fjerde bok i Eddie Feber-serien.

Tittelen gir bibelske assosiasjonar, og omslagsbiletet får ein til å tenkja på Hamlet - utan at eg kan sjå at det har relevans til handlinga i boka. 

Det er ingen tradisjonell krim og det handlar lite om vanleg politietterforsking. Men her skjer fleire brutale drap, og det handlar mykje om psykologi og vitneåtferd - og aller mest handlar det om kva utanforskap og einsemd kan føra til.

I begynnelsen var mørket er ei bra bok, men Fossum har vore betre før. Så dermed "berre": Terningkast 4+.

Svikere av Espen Skjerven
Liv forlag 2024
325 sider
Lånt ebok BookBites

Dette er fjerde bok i serien om Tom Greyston, sjølv har eg kun lese den tredje (Kleptokratiet) tidlegare. Det er kanskje årsaka til at eg ikkje er fullt så begeistra for boka som "alle" andre

Ikkje for det; det er ei velskriven og velkomponert bok, men for meg vart karakterane, også hovudpersonane, uklare og vage. Eg er ikkje blitt kjent med dei og forstår ikkje kva dei tenkjer og kvifor dei reagerer som dei gjer.
Til tider er det også noko overforklarande.

Plottet er originalt og innleiinga "passe ekkel". Stikkord for handlinga elles er likskjendingar, korrupsjon, konspirasjonsteoriar, miljøkriminalitet og miljøekstremisme. 
Terningkast 4.


Stille som snø av Ørjan N. Karlsson
Gyldendal 2024
Speletid
Lånt lydbok BookBites

I den tredje boka i Jakob Weber-serien er handlinga lagt til Bodø og Lofoten, og forfattaren skildrar natur og omgjevnader på ein bra måte.
Det er ei trist og opprørande historie som blir fortalt, og det vert elles teke opp ulike aktuelle tema. 
Etterforskarane sine privatliv tek litt stor plass i handlinga, men utan at det går noko særleg ut over framdrifta. Weber sjølv er ein sympatisk protagonist som har nokre utfordringar og som slit med å strekka til på ulike område. 

Også denne boka har tendensar til overforklaringar, og eg oppfattar forteljarmåten som omstendeleg. Men etter ei noko saktegåande midtparti aukar spenninga og tempoet mot slutten.
Terningkast 4.


Messe for en morder av Gard Sveen
Cappelen Damm 2024
383 sider
Lånt ebok BookBites

Andre bok i serien om politietterforskarane Ulf Sommer og Agnete Ness handlar om to saker som alt frå start av (truleg) har ein samanheng. Det handlar om ein farleg fange som har rømt og om eit forsvunne barn. Barnet er fangen si dotter. 

Sakene er skikkeleg utfordrande og med stigande spenning får lesaren følgja dei ulike etterforskingsstega og sjå korleis det utviklar seg. Det er sjølvsagt lagt ut både spor og villspor og dei ulike vitna er ofte upålitelege og/eller løgnaktige. 

Boka er ein type puslespelkrim som er både velskriven og velplotta, og for denne lesar framstår innhaldet som ganske realistisk. 
Terningkast 4+.

- - - - - - - - - - - - - -

Fleire omtalar av årets norske krimbøker (mine terningkast i parentes)

30. september 2024

Oppsummering september 24

Påbyrja i august, fullført i september:
Eystein Hanssen - Konkong (Nora Wold #2) - Norsk krim - Lyd Storytel
Terje Bjøranger - Den ingen ser (Charlie Robertsen #5) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Lese i september:
Bjørn Bakken - Forklarelsens øyeblikk (Sørlandskrim #2) - Norsk krim - Lyd Storytel
Bjørn Bakken - Blind hevn (Sørlandskrim #3) - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Unni Lindell - Dukken i tauet (Snø #3) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Jørn Øyrehagen Sunde - Kongen, lova og landet - Norsk historisk/biografisk dokumentar - Lyd Storytel
Jørgen Brekke - Det blinde vitnet (Odd Singsaker #8) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tore Skeie - Jomfruen fra Norge - Norsk historisk/biografisk dokumentar - Lydbok Storytel

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Tore Skeie - Alv Erlingsson. Fortellingen om en adelsmanns undergang - Norsk historisk/biografisk dokumentar - Lydbok Storytel
Jussi Adler-Olsen - Sju m2 med lås (Avdeling Q #10) - Dansk krim - Lånt papirbok privat


5 lydbøker, 3 ebøker
4 lånt, 4 abonnement
6 krim, 2 sakprosa
8 norske 
Nye forfattarar: Øyrehagen Sunde

Fyrst no i oppsummeringa oppdaga eg at det vart kun norske bøker i september. Det er uvanleg, og heilt tilfeldig. Det som derimot er heilt vanleg er at det vart mykje krim.

Dessutan har eg vendt tilbake til middelalderen. I samband med den nasjonale feiringa av at landslova er 750 år i år har det blitt publisert ein heil del stoff om lovgivaren Magnus Lagabøte og om sjølve lova. Jørn Øyrehagen Sunde si bok handlar, som tittelen på boka indikerer; både om rettshistorie generelt og om tida denne kongen levde spesielt. Boka er interessant på ein nerdete måte og vert opplest av ein tydeleg engasjert og kunnskapsrik forfattar.
Tore Skeie er ein annan kunnskapsrik og strålande formidlar av norsk historie, og eg anbefalar bøkene hans på det varmaste. 

Så over til krimmen. Eg likte alle dei seks bøkene, men Lindell og Bjøranger sine skil seg ut som ekstra bra. Eystein Hansen si Kokong vart for meg eit knepp ned i høve Svart landskap og Jørgen Brekke har også vore betre før. Elles er eg imponert over kva Bjørn Bakken har fått til med Sørlandskrimmen sin. Bøkene er underhaldande og velskrivne og inneheld aktuell tematikk. Han gjer det kanskje litt vanskeleg både for seg sjølv og for lesaren når han undervegs legg inn ekstra mange overraskingar og twistar. Men altså - har du ikkje lese bøkene til Bjørnebok, tykkjer eg at du bør gi dei ein sjanse.

7. september 2023

Norsk krim 2023 del 2

Krimhausten har starta bra - og her kjem ein ny samleomtale. 

Krimsjangeren rommar mengder av stilartar og undersjangrar og dei tre bøkene nedanfor er ulike i stil, form og innhald. Ein kan likevel leggja merke til fellesnemnaren her; at dei er korte. Og kort er (som oftast) godt etter mi meining; (altfor) ofte er krimromanar (altfor) omfattande. 

Farvel, Farah Diba av Karin Fossum
Cappelen Damm 2023
315 sider
Lånt papirbok privat

Eg har alltid høge forventningar til ei ny bok frå ein av våre beste (krim)forfattarar, og denne gongen vart forventningane i høgste grad innfridde.
Den tredje boka i serien om Eddie Feber kan godt lesast åleine.

Åttebarnsfaren Feber er sympatisk, empatisk og klok - og vert i denne historia djupt engasjert i saka om ein sakna seksåring.
Lesaren veit frå fyrste stund at vesle Kandis er blitt bortført av ein eldre mann. Kva er motivet bak ei slik handling? Parallelt får me følgja Feber og kollega Margot si etterforsking. Klarar dei å finna Kandis før det er for seint? 

Medan ein les kjenner ein på ein undertone av ubehag og uro. Fossum formidlar tankane til offer, gjerningsperson, pårørande og etterforskarar på ein overbevisande måte. 
Farvel Farah Diba er ei bok som "var med meg" lenge etter fullført lesing - noko som er eit kvalitetsstempel.
Terningkast 5.

Nattens bok av Jørgen Brekke
Gyldendal 2023
294 sider
Lånt ebok BookBites

Dette er ein frittståande krimthriller, originalt komponert og med eit fiffig plott.
Kanskje litt for fiffig og originalt. Eg opplever boka som rotete sidan det er så mange hopp fram og tilbake i tid og rom. Sjølv om det kjem forholdvis tydeleg fram kven som har forteljarstemme og kortid det skjer, tykkjer eg at desse hoppa forstyrrar framdrifta. 

Språket er flytande og personskildringane tydelege, og boka byr
elles på både spenning og overraskande tvistar. Litt vel usannsynleg til tider, men det funkar. 
Terningkast 4.


Haiene av Øistein Borge
Cappelen Damm 2023
237 sider
Lånt ebok BookBites

Sjette bok om Bogart Bull, ein etterforskar-serie som er både underhaldande og velskriven. 

Handlinga i Haiene er lagt til Mallorca, der forfattaren er busett. Utgangspunktet er eit særdeles mystisk likfunn; ei ung kvinne som har vore sakna i fleire år. Kven har drept henne? Kvar har ho vore i den tida ho var sakna? Og kva med mannen som har sona ei lang fengselsstraff for å ha drepe henne - for lenge sidan?

Historia er godt samanskrudd, men så veldig spennande og engasjerande vart det aldri.
Terningkast 4-.

Les også: 
Norsk krim 2023 del 1 

3. september 2023

Oppsummering august 23

Påbyrja i juli, fullført i august:
Jens Henrik Jensen - Kullmannen - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
Espen Skjerven - Kleptokratiet - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Lest i august: 
Jan Ove Ekeberg - Vikingtiden på 200 sider - Dokumentar - Lyd Storytel
Tomm Kristiansen - Cape Town i regnbuens tid - Dokumentar - Lyd Storytel
Karin Fossum - Farvel Farah Diba - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Åsne Seierstad - Afghanerne - Dokumentar - Lyd Storytel
Jørgen Brekke - Nattens bok - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
David Baldacci - Konspirasjonen - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Lucinda Riley - Mordene på Fleat House - Britisk krim - Lyd Storytel
Øistein Borge - Haiene - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i august, fullførast i september:
Camilla Läckberg og Henrik Fexeus - Sekten - Svensk krim - Lyd Storytel + Lånt papirbok privat
Thomas Bagger - Mannen i tre deler - Dansk krim - Lånt papirbok privat

6 lyd, 1 papir, 3 ebøker
5 lånt, 5 abonnement
7 krim,  3 dokumentarar
7 norske, 1 dansk, 1 amerikansk
7 menn, 3 kvinner
Nye forfattarar: Skjerven, Riley

Månadens høgdepunkt: To svært gode dokumentarar (Seierstad og Kristiansen, om hhv Afghanistan og Sør-Afrika) og ein svært god krimthriller (Fossum). 

Månadens nedtur: Kullmannen. Nina Portland-serien held på langt nær same kvalitet som Oxen-serien av same forfattar. I tillegg Fleat House, men den hadde eg ærleg talt ikkje så høge forventningar til.

Elles kan ein legga merke til at det vert færre og færre papirbøker. Ebøkene er ikkje akkurat i ferd med å erstatta papirbøkene for meg, men hittil i år har eg lese like mange e- og papirbøker. Lydbok er likevel det formatet eg brukar aller mest.

29. mai 2022

Norsk krim 2022 del 1

Då har eg lest tre av årets norske utgjevingar innan krimsjangeren. Alle tre er bra bøker - "heilt grei krim" - men ingen av dei vart innertiar for meg. Dette har sjølvsagt samanheng med dei forventningane eg hadde på førehand. Eg meiner at både Dahl, Aust og Brekke har levert betre tidlegare.


Lazarus av Kjell Ola Dahl
Aschehoug 2022
Speletid 9:09
Lånt lydbok BookBites

Handlinga er lagt til 2. verdenskrig og utgangspunkt for historia er det same som i Kureren - det norske eksilmiljøet i Stockholm. Lazarus er ein velskriven agent-thriller og historisk spenningsroman. Det er tydeleg at forfattaren har gjort grundig research og at han er oppriktig interessert i tematikken og i denne historiske perioden. Han skildrar korleis folk i eksil og i motstandsrørsla levde i uvisse - at dei knapt kunne stola på nokon.

Ein norsk flyktning får i oppdrag å finna ut av ei sak der ein kurer på veg til Noreg med illegale aviser og dokument til Heimefronten vart drept. Er det ein utru tenar som har avslørt noko til fienden? Eller er det nokon i Heimefronten som har gjennomført ei likvidering? Kva er i tilfelle årsaka til det?

Boka byr på ytre og indre dramatikk, levande tidsbilete og gode miljøskildringar. Språket er stødig og virkar å vera "tidsriktig". Boka er interessant og stemningsfull, men forteljarstilen er så langsam at det er lett å mista taket i handlingstrådane.
Terningkast 4+.

Rødt kort av Kurt Aust
Aschehoug 2022
536 sider
Lånt ebok BookBites

Dette er ei bok eg verkeleg såg fram til. Eg tykkjer nemleg at Kurt Aust er ein framifrå forfattar av både historisk krim og notidskrim. Som i Dødt løp har forfattaren henta inspirasjon frå sportsverda. Men medan Dødt løp handla om sykkelsport, handlar Rødt kort om fotball. Ein treng ikkje vera fotballekspert for å skjønna/lika boka, men er ein fotballinteressert er boka ekstra interessant og underhaldande.

Hovudperson og den mest sentrale forteljarstemma tilhøyrer den norske fotballproffen Zac Utheim. Han har tidlegare spelt for fleire klubbar i Europa og har hatt ei heilt grei karriere. Men landslagsspelar er han ikkje, av litt spesielle årsaker som kjem fram etter kvart. 
At Utheim melder overgang frå italiensk Serie A og storklubben Roma til britisk Championship (nest øverste divisjon) og den vesle (fiktive) fotballklubben Exeter United vert sett på som oppsiktsvekkande. Men Utheim har sine grunnar til å skifta beite; han skal ikkje berre spela fotball i Exeter, han har også eit anna oppdrag. I tillegg har han ein heilt personleg grunn.

Exeter United slit økonomisk etter pandemien, som mange andre småklubbar i Europa. Vidare slit dei med utru medarbeidarar, kravstore supporterar, kritiske journalistar og dårlege sportslege resultat. Det foregår både sportsvasking og kampfiksing, utpressing og drap. For å "redda" klubben er det enkelte som er villige til å gå over lik. 

Eg likte boka, men ho er dessverre tidvis noko langsam og prega av gjentakingar. Ei oppstramming kunne ha heva leseopplevinga. No landa eg på terningkast 4+.


Formørkelsen og dens lys av Jørgen Brekke
Gyldendal 2022
290 sider
Lånt ebok BookBites

Poetisk tittel på denne boka tykkjer du kanskje? Ikkje så rart - tittelen er henta frå ei diktsamling av Stein Mehren; Corona - Formørkelsen og dens lys. Corona altså - eller korona som er meir normal skrivemåte - og vesentleg for handlinga i boka. Både koronapandemien, sidan handlinga er lagt til mars 2020, og dessutan at korona betyr "kransen" rundt sola som er synleg ved solformørkelsar. Ein av dei sentrale karakterane i boka er ein kunstnar som har formørkelse og lys som gjentakande motiv. 

True Crime-forfattar Helene Paus - som me vart kjende med i Nå er natten alt - er hovudperson. Ei kvinne påstår å ha opplevd ein brutal overfallsvaldtekt for mange år sidan. No er ho dødssjuk - og ho henvender seg til Helene fordi ho har bevis som peikar mot ein namngjeven person; ein verdenskjent filmregissør og biletkunstnar. Ein kollega av Helene jobbar med ei uoppklart forsvinningssak der same mann/namn har dukka opp. Som om ikkje det var nok kan han koblast til nokre overgreps- og drapssaker i USA. 
Dei mange spora kan tyda på at vedkommande er gjerningspersonen - men er det ikkje for opplagt? Kan det vera nokon andre som står bak? Nokon som rettar søkelys på denne mannen for å flytta fokus? Og: Korleis få kontakt med mannen som har busett seg på ei øy langt ute i havgapet - medan pandemi og nedstenging gradvis lammar samfunnet?

Handlinga går føre seg på fleire tidsplan og lesaren får vita kva som har hendt, sakte og gradvis. Boka er på berre 290 sider, men virkar lenger. Det er nemleg lenge ganske saktegåande - før det dreg seg til mot slutten. Eg likte boka ganske godt, men tykkjer nok at film- og kunstreferansane tek for stor plass. Eg er heller ikkje så begeistra for (over)forklaringane me får heilt til sist. 
Terningkast 4.

30. april 2022

Oppsummering april 22

Påbyrja i mars, fullført i april:
Jens Henrik Jensen - Frosne flammer - Dansk krim - Lånt papirbok privat
Gunnar Staalesen - 1999 Aftensang - Norsk roman - Kjøpt lydfil
Gunnar Staalesen og Jo Gjerstad - Hundreårsboken - en håndbok til 1900, 1950, 1999 - Norsk dokumentar - Lånt nasjonalbibliotekets nettbibliotek

Lest i april:
Samuel Bjørk - Ulven - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Max Seeck - Jenta under isen - Finsk krim - Lånt lydbok BookBites
Jeff Abbott - Adrenalin - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Hunter Biden - Alt det vakre - Amerikansk sjølvbiografi - Lånt papirbok biblioteket
Bernard Minier - Dalen - Fransk krim - Lånt papirbok privat
Sofie Sarenbrant - Hvil i fred - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Harlan Coben - En venn av familien - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Jørgen Brekke - Formørkelsen og dens lys - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Kjell Ola Dahl - Lazarus - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Jens Henrik Jensen - Lupus - Dansk krim - Lånt papirbok privat


5 lyd, 4 papir, 2 ebøker
8 lånt, 2 abonnement, 1 kjøpt
8 krim, 1 roman, 1 dokumentar, 1 biografi
4 norske, 3 amerikanske, 1 svensk, 1 dansk, 1 finsk, 1 fransk
10 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Abbott, Biden, Sarenbrant

April vart ein laber bloggemånad og ein bra lesemånad. Med påskefri og heimepåske vart det høve til å lesa meir enn vanleg og med det fine veret me fekk i midten av månaden vart det uteaktivitetar med tilhøyrande lydbøker.

Høgdepunkt i april vart avslutninga av Hundreårstrilogien, men også Ulven og Dalen gav meg gode leseopplevingar. Ulven er fjerde bok i serien om Holger Munch og Mia Krüger, men den fyrste kronologisk sett. Handlinga går nemleg føre seg før fyrste bok, og er slik sett "bok null". Dalen er femte bok i serien om Martin Servaz. Kanskje ikkje den beste i serien, men betre enn forrige (Konfirmanten, som heller ikkje er dårleg).

Årets fyrste biografi vart Hunter Biden sin mykje omtalte sjølvbiografi; Alt det vakre. Den er bra den, men mesteparten av innhaldet er alt kjent gjennom media, så boka vart dermed ikkje så gripande og overraskande som ho kunne ha vore.

Årets fyrste norske krim (utgitt i år)vart Jørgen Brekkes Formørkelsen og dens lys. Den var slett ikkje dum. Det er heller ikkje den boka eg lyttar til i skrivande stund; Lazarus av Kjell Ola Dahl. Bloggomtalar av desse to bøkene kjem seinare, i ein eller annan form. 

Jenta under isen var OK pluss, Hvil i fred var OK minus, for å sei det enkelt og raskt oppsummert. Det kjem kanskje ein samleomtale etter kvart.
Eg likar godt Jens Henrik Jensen sin serie om Oxen. Truleg kjem det ein serieomtale når eg er ferdig med Lupus.

Harlan Coben sin serie om Myron Bolitar er også ein serie som eg finn leseverdig. Serien består av 11 bøker (hittil) og eg har lest mange av dei, ukronologisk og med ujamne mellomrom. En venn av familien er bok 6 og mellom dei betre i serien.
Ein annan amerikanar, Jeff Abbott, var ny for meg - og her starta eg på bok 1 serien om Sam Capra. Eg kjem muligens til å lesa fleire, men er usikker. Boka med tittelen Adrenalin er ikkje dårleg, men vart "litt mykje". Litt for mykje adrenalin, for mykje vald og skyting, altfor mange tilfeldigheiter. Men - med ein interessant hovudperson og eit fiffig utspekulert Jason Bourne-liknande plott.

31. oktober 2020

Oppsummering oktober 20

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Jørgen Brekke - Nå har natten alt - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
S.J. Bolton - De utvalgte - Britisk krim - Lyd Storytel

Lest i oktober:
Tore Renberg - Tollak til Ingeborg - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Øistein Borge - Bastarden - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Anne-Britt Harsem - Den mørke hemmeligheten i Tysfjord - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Alex Michaelides - Den tause pasienten - Britisk krim - Lånt lydbok BookBites
Unni Lindell - Nabovarsel - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Håkan Nesser - Den sørgmodige bussjåføren fra Alster - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Hans Olav Lahlum - Reiulf Steen - historien, triumfen og tragediene - Biografi - Lyd Storytel
Gert Nygårdshaug - Den tredje engelen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tor Bomann-Larsen - Svaret. Haakon & Maud 6 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
Frits de Bourg - Dykket - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Ken Follett - Aftentid og morgengry - Britisk historisk roman - Kjøpt papirbok
M.J. Arlidge - Den som ikke har gjemt seg nå - Britisk krim - Lånt ebok BookBites



6 lyd, 3 papir, 3 ebøker
7 lånt, 4 abonnement, 1 kjøpt
8 krim, 1 annan roman, 2 biografiar, 1 dokumentar
9 norske, 2 britiske, 1 svensk
9 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Harsem, Michaelides

Eg er svært nøgd med blogge- og lesemånaden oktober! Heile 12 bøker lest og mange av dei var skikkeleg gode leseopplevingar. Dessutan har eg fått skrive 3 bokomtalar og 1 samleomtale - så dermed føler eg meg meir ajour enn på lenge. 

Det er umuleg å trekka fram eit enkelt høgdepunkt fordi eg har lest såpass mange bra bøker. Hans Olav Lahlum sin biografi om Reiulf Steen er rett og slett ein av dei beste politiske biografiane eg har lest nokon gong. Del 6 i biografiverket Haakon & Maud, Svaret, har eit oppsiktsvekkjande innhald, men er noko tyngre å lesa enn dei føregåande bøkene. Nabovarsel startar grøssande skummelt, slik me veit Lindell kan det, men undervegs endrar det seg noko slik at eg ved dette høvet "berre" gir terningkast 4. Eg hadde nemleg skyhøge forventningar til denne boka.

Både Tollak til IngeborgDen tredje engelen og Den sørgmodige bussjåføren fra Alster er gode bøker, kvar på sin måte, og kan anbefalast på det varmaste. Og dei er ikkje dårlege Bolton, Brekke, de Bourg og Borge sine bøker heller. 

Sterkast inntrykk gjorde dokumentaren frå Tysfjord; om "Liv" og hennar historie. Anne-Britt Harsem fortel i denne boka om ei jente som vart utsett for vald, mishandling og misbruk i heile barndommen. "Liv" bar alle teikn på at ho var utsett for vald og seksuelle overgrep, men det var ingen som sa frå og ingen som gjorde noko. Det er ei heilt utruleg; grusomt og hjerteskjerande. Det er mange som i ettertid kan føla på både skuld og skam. Les forkorta versjon i VG

Største nedtur og skuffelse kom med den overhypa og oppskrytte Den tause pasienten. Den var etter mi meining uspennande og treg og inneheld for mykje psykosnakk og kunstprat. Må likevel innrømma at eg vart overraska over løysinga på det heile, så eg spanderer eit terningkast 3. 

Til slutt kan eg nemna at eg lånte og leverte tilbake ei bok - ulest - denne månaden. Den psykologiske thrilleren Krypdyrmemoarer, som har fått så mykje merksemd, vart henta på biblioteket. Trass i høge terningkast og sal til utlandet kjende eg på ein veldig uvilje mot boka, så eg kom aldri i gang med den. 
Og når eg tenkjer meg om: Det er lurare å satsa på bøker som eg har lyst til å lesa. 

13. oktober 2020

Norsk krim 2020

Hausten 2020 er ein uvanleg sterk norsk krimhaust. For sanneleg har dei utgitt nye bøker alle saman i sommar/haust: Jo Nesbø, Karin Fossum og Unni Lindell. Tom Egeland, Jørgen Jæger og Jørgen Brekke. Jan-Erik Fjell, Jørn Lier Horst og Frode Eie Larsen. Anne Holt, Merete Junker og Hans Olav Lahlum. Gert Nygårdshaug, Kjell Ola Dahl og Jan Mehlum. Alle kjente og (meir eller mindre) kjære for oss som er glade i krim. Nokre av årets bøker har eg lest, nokre ventar eg på å få lesa, andre vert ikkje prioritert enno og skal lesast på eit seinare tidspunkt.

Bakom synger døden (Fossum) har alt blitt omtalt her (i samleomtale saman med eit par svenskar) og Kongeriket (Nesbø) har fått ein eigen omtale. Her kjem fem andre korte vurderingar/omtalar. 

Gråsonen av Jan-Erik Fjell
Capitana 2020
352 sider
Lånt ebok BookBites

Hyggeleg gjensyn med Anton Brekke og Magnus Torp. Ei mistenkeleg drukningsulukke har muleg samanheng med ei gammal sak som Anton var involvert i då han var ung politiaspirant. Mykje tyder på at politiet tabba seg ut og pågreip feil person den gongen. 

Eg likar Fjell sin skrivestil og forventningane mine var høge til den 7. boka i serien. Dei vart i stor grad innfridde. Boka er enkel og lettlest, men manglar litt av den nerven og dei uventa vendingane som tidlegare bøker i serien har hatt.
Dermed vert det eit knepp ned frå forrige bok, GjemselTerningkast 4.


Andre guder av Jørgen Brekke
Vigmostad Bjørke 2020
145 sider
Lånt ebok BookBites

Fyrste del i ein planlagt bokserie med dei ti boda som tema. Tanken er at det skal komma ut ti romanar om kvart sitt bod, skrivne av ti ulike, norske forfattarar. 

Fyrste bod er "Du skal ikkje ha andre gudar enn meg" og Brekke sitt bidrag i samband med det er ein krimroman av typen kortroman/lang novelle. Det handlar om eit slags trekantdrama, og me får to av dei impliserte sine versjonar av det som skjer. 

Ei (krim)bok treng slett ikkje vera omfangsrik og tjukk for å vera god, men Andre guder er for tynn, både innhaldsmessig og  bokstavleg. Terningkast 3.


Nå har natten alt av Jørgen Brekke
Gyldendal 2020
381 sider
Lånt ebok BookBites

Enno ei bok av Brekke, og dette var "andre boller". Her prøver han seg på psykologisk thriller-sjangeren, og det er ganske vellukka. Eg får assosiasjonar til Torkil Damhaug sine bøker, men Brekke går ikkje så djupt inn i menneskesinnet som det Damhaug gjer.

Som i boka til Fjell over handlar det om eit muleg justismord. Både tilståing og DNA-funn tyder på at vedkommande som vart sikta og dømt for valdtekt og drap på unge Liv var den skuldige. Sju år etter vert ein forfattar oppsøkt av syster til offeret med nye opplysningar. Kan det verkeleg vera ein annan gjerningsperson? 

Eg likte måten boka er bygd opp på og korleis historia endrar seg etter
kvart som me får kjennskap til dei ulike personane sine handlingar. 
Terningkast 4+.


Hjerteløs av Jørgen Jæger
Capitana 2020
463 sider
Lånt ebok BookBites

Så; enno ein Jørgen. Denne gongen Jæger. 
Det handlar om våre gamle kjenningar Ole Vik, Cecilie Hopen og om liv og virke i Fjellberghavn. Sidan det er 12. bok i serien er omgjevnadene kjende for oss, men Jæger skal ha for at han alltid er oppdatert og skriv om samfunnsaktuelle problemstillingar. Ein kan sei at Jæger er politisk korrekt, men av og til er det det som er det rette.

I Hjerteløs er det Cecilie Hopen som må leia opptil fleire vanskelege saker, medan Ole Vik er mest opptatt av familien og Marte si helse. Journalistdrap, organtjuveri, mafiaverksemd og flyktningpolitikk er stikkord for handlinga. 
 Terningkast 4+.


Kongen av Tom Egeland
Capitana 2020
431 sider
Lånt papirbok privat

Frittståande, men me møter att enkelte karakterar frå tidlegare bøker. Startar veldig friskt, etter kvart litt tregt, før det vert rimeleg spennande mot slutten. 

Det handlar om finansakrobatikk og mafiaverksemd og påkjenningar som dei grotesk rike kan bli utsett for, som for eksempel kidnapping og utpressing. Tankane går gjerne til TV-serien Exit og til det som no vert kalla Lørenskog-saka - utan samanlikning elles.

Kongen er OK tidtrøyte, men Egeland har levert betre før.
Terningkast 4.

31. august 2020

Oppsummering august 20

Påbyrja i juli, fullført i august:
Gard Sveen - Drømmenes gud - Norsk krim - Lyd Storytel
John Harvey - I mørket - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Alf R. Jacobsen - Djevelens kobber - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket

Lest i august:
Tana French - Inntrengeren - Irsk krim - Lyd Storytel
Jan-Erik Fjell - Gråsonen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tore Renberg - Mannen som elsket Yngve - Norsk roman - Lyd Storytel
Tom Egeland - Kongen - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Chris Hammer - Krattlandet - Australsk krim - Lyd Storytel
David Baldacci - Et enkelt geni - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Jørgen Brekke - Andre guder - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i august, fullførast i september:
Audun Molde - Pop - en historie - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel
M.J. Arlidge - Nei nei gutt - Britisk krim - Lånt ebok BookBites


5 lyd, 3 papir, 2 ebøker
5 lånt, 5 abonnement
9 krim, 1 annan roman
6 norske, 1 britisk, 1 irsk, 1 amerikansk, 1 australsk
9 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Hammer

Ein ny bra lesemånad er unnagjort. Sterk overvekt av krim som vanleg, men det var gjenlesing av "klassikaren" Mannen som elsket Yngve som førte til årets fyrste seksar. Har både sett filmen og lest og lytta til boka tidlegare, men den utgåva eg no har lytta til er ei nyinnspeling der forfattaren sjølv les. Og det løfta leseopplevinga til eit enno høgare nivå.

I august las eg óg tre av årets norske krimromanar. Både Gråsonen og Kongen er grei underhaldning, men eg meiner at både Tom Egeland og Jan-Erik Fjell kan betre enn det dei får vist her. Jørgen Brekke har óg vore mykje betre i tidlegare bøker. Andre guder er ei tynn forteljing i dobbel forstand.

Djevelens kobber (utgitt 2014) hadde eg aldri høyrt om før eg tilfeldigvis kom over boka på biblioteket. Det er ein svært bra historisk kriminalroman med handling frå andre verdenskrig og tida rett etter krigen og kan verkeleg anbefalast til alle krim- og historieinteresserte. Alf R. Jacobsen er mest kjend som forfattar av krigsdokumentarar, men han beherskar også krimsjangeren på ein framifrå måte.


7. oktober 2019

Norsk krim 2019 del 2


Haust og krimlesing passar godt i hop, tykkjer eg. Her er tre ferske norske krimbøker som du kan kosa deg med i haustmørke kveldar.

Menneskehunger av Jørgen Brekke

Gyldendal 2019
347 sider
Lånt ebok eBokBib

Eit nytt møte med politiførstebetjenten, småbarnspappaen og nestenpensjonisten Odd Singsaker. Dette er bok nummer 7 i serien. Bøkene har gitt meg ganske forskjellige leseopplevingar, så eg var difor spent på denne nye.

Forfattaren gir her eit spark til både gourmetkokkar og matanmeldarar, noko eg tykkjer er fornøyeleg. Menneskehunger er i det heile ei underhaldande bok. Her kan ein lesa om gamle lik, nye lik, kroppsdelar som forsvinn og kroppsdelar som vert attfunne på uventa stader. Samt ei gammal oppskrift som muleg kan ha noko med kannibalisme å gjera. Litt grotesk innhald altså, men det heile er såpass usannsynleg at det er "spiseleg" for dei fleste, vil eg tru.

Brekke har ein god penn; han skriv lett og krydrar godt. Undervegs smaka eg på ein 5'ar, men eg har lagt meg på ei litt streng linje og landar på eit terningkast 4+.


Tredje gang du dør av Øystein Wiik

Lydbokforlaget 2019
Speletid 15:43
Kjøpt lydfil

Wiik presenterer ein ny "helt" denne gongen. Helt i hermeteikn, for det er litt vanskeleg å finna sympatiske trekk ved Hauk Alving. Utgangspunktet for denne ville historia er at Alving, som er avdanka skodespelar, har pressa den grotesk rike elskerinna si for ein formue. Men i staden for overlevering av pengar oppstår det eit basketak som fører til at Alving drep ein person i sjølvforsvar. For å sleppe unna konsekvensane av denne handlinga skjuler Alving liket samstundes som han tek den døde sin identitet. Dette får naturlegvis følgjer, for det finst også vitner til hendinga.

Og så ballar det på seg, i det uendelege, med den eine groteske hendinga etter den andre. Tenk deg ein blanding av den gamle krimfarsen "Skulle det dukke opp flere lik er det bare å ringe" og filmparodien "Kill Buljo", samt ein dæsj av den aktuelle NRK-serien "Exit". Historia er fullstendig sprø og vill, men Øystein Wiik får det heile likevel til å henga saman.

Eg meiner at boka er for lang. Ho burde absolutt vore stramma opp ein del; eit par av handlingstrådane virkar å vera noko påklistra. Tredje gang du dør er ein rein underhaldningskrim blotta for realisme og truverdigheit, men har du sans for spektakulære handlingar, brutale skildringar og barsk humor er dette eit funn.

Øystein Wiik er som alltid ein fabelaktig opplesar av lydboka. Terningkast 4.


Gjemsel av Jan-Erik Fjell

Capitana 2019
447 sider
Lånt ebok eBokBib

Den sjette boka i Anton Brekke-serien er veldig bra. Det er tydeleg at Gjemsel er grundig gjennomarbeida og at forfattaren har brukt tida godt sidan Lykkejegeren kom ut i 2016. Oppbygging og skrivestil er elles gjenkjenneleg frå dei tidlegare bøkene i serien, men forfattaren vert stadig meir stødig og sjølvsikker. Det er noko eg kan lika.

Ein annan ting eg likar er det internasjonale i handlinga. Dei ulike handlingstrådane hoppar i tid og rom og er litt forvirrande i starten, men ein skjønnar jo at alt heng saman med alt. Mykje av spenninga i boka dreiar seg om kva denne samanhengen er og korleis dette kan løysast. Ikkje alt er like truverdig, men alle lause trådar vert nøsta opp i.

Hovudpersonen Anton Brekke trakkar ikkje rundt i salaten i same grad som tidlegare; han har nemleg fått "understell"-problem og viser seg frå ei meir sårbar side. Dermed har kollega Magnus Torp fått ei meir synleg rolle i denne boka. Samspelet mellom dei to er noko av det som gjer serien leseverdig.

Jan-Erik Fjell er ein dyktig plottmakar med frodig fantasi. Gjemsel er ei velskriven bok som byr på overraskingar og stigande spenning. Her fleskar eg til med eit terningkast 5-.

30. september 2019

Oppsummering september 19

Påbyrja i august, fullført i september:
Are Kalvø - Hyttebok frå helvete - Humor/satire/dokumentar - Papirbok fått i gåve
Jørgen Brekke - Menneskehunger - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib

Lest i september: 
Frank Aarebrot og Kjetil Evjen - Reformasjonen - den store historien - Historisk dokumentar - Lånt lydbok eBokBib
Anne Mette Hancock - Likblomsten - Dansk krim - Lånt papirbok privat
Christoffer Carlsson - Den fallende detektiven - Svensk krim - Lydbok Storytel
Øystein Wiik - Tredje gang du dør - Norsk krim - Kjøpt lydfil

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Lars Mytting - Søsterklokkene - Norsk historisk roman - Lånt papirbok privat
Jan-Erik Fjell - Gjemsel - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib


2 papir, 3 lyd, 1 ebok
3 lånt, 1 abonnement, 1 kjøpt, 1 fått
4 krim, 1 dokumentar, 1 humor
4 norske, 1 svensk, 1 dansk
5 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Evjen, Hancock

Lesemånaden september vart så som så; kun seks fullførte bøker. Både Kalvø si bok og alle krimbøkene var bra, men ikkje superbra. Mest underhaldande var utan tvil Øystein Wiik si bok; eg lo høgt fleire gonger medan eg las, dvs. lytta. Herregud for ein fantasi den mannen har! (Terningkastet avspeglar at eg har visse innvendingar óg. Dette skal eg grunngi nærare i ein samleomtale som kjem om ikkje så brått..)

Overraskande nok, også for meg sjølv, var det Aarebrot si bok om reformasjonen som vart høgdepunktet denne månaden. For ei formidlingsevne den mannen hadde!

Eg slit skikkeleg med Søsterklokkene; etter 2 veker lesing er eg kommen omlag halvveges. Eg kjem nok til å fullføra, men boka fengar ikkje noko særleg. Deler av innhaldet er greit nok, men det er så tregt og seigt. Ikkje er eg spesielt interessert i stavkyrkjer heller..
Omtalar kjem, både av Reformasjonen og av Mytting si bok.

31. juli 2018

Oppsummering juli

Påbyrja i juni, fullført i juli:
Ingar Johnsrud - Korset - Norsk krim - Kjøpt lydfil
Kim Leine - Rød mann, sort mann - Dansk/norsk roman - Lånt papirbok privat
Kjell Ola Dahl - Søsteren - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib

Lest i juli:
Arnaldur Indridason - Skumring - Islandsk krim - Lydbok Storytel
Jørgen Brekke - Alle kan drepe - Norsk krim - eBokBib
Tove Alsterdal - Evas siste vitne - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Torbjørn Færøvik - Orientekspressen - Norsk reiseskildring/fakta - Lyd Storytel
David Vogt - Vår glemte polarhelt - Norsk biografi/dokumentar - eBokBib

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Ken Follett - Vinter over verden - Britisk roman - Lånt papirbok privat
Jo Nesbø - Macbeth - Norsk krim - Lånt papirbok privat



  • 2 papir, 3 lyd, 3 ebøker
  • 5 lånt, 1 kjøpt, 2 abonnement
  • 5 krim/spenning, 1 historisk roman, 1 biografi/dokumentar, 1 reiseskildring/dokumentar
  • 6 norske, 1 dansk-norsk, 1 islandsk
  • 1 kvinne, 7 menn 
  • "Nye" forfattarar: Vogt
Så vart det omsider sommarferie; i skrivande stund er det feriedag nummer to - og det ausar ned og tordnar og lynar. Det er herleg at lufta vert litt forfriska etter den ulideleg kvelande varmen me har hatt i det siste. Eg har verken ferieplanar eller ferieleseplanar - men nokon sydentur vert det ikkje, for å sei det slik.. Det er avslappande og godt å ta ting på sparket når ein elles i året er nøydd til å gå etter planar, klokke og kalender heile tida.

Høgdepunkt i juli lesemessig sett vart naturlegvis Kim Leine si sterke og frodige forteljing frå Grønland Rød mann/sort mann. I tillegg er det grunn til å halda fram Ingar Johnsruds krimroman Korset, Torbjørn Færøvik sin stødige og lærerike reisedokumentar med Orientekspressen og David Vogt sin interessante biografi om Carsten Borchgrevink. Dersom det skulle vera biolesedeltakarar som ikkje veit kva dei skal lesa i neste runde kan eg verkeleg anbefala boka Vår glemte polarhelt.

20. juli 2018

Norsk krim 2018 del 2

Lesing og gjennomgang av årets norske kriminalromanar held fram. No har eg ikkje som mål å lesa alle krimbøkene som vert utgitt i 2018; eg plukkar ut kun dei eg trur/veit eg vil lika. Men forventningane mine vert ikkje alltid innfridde.

Korset av Ingar Johnsrud

Lydbokforlaget 2018
Speletid 13:32, kjøpt lydfil


Ingar Johnsrud skriv på ein sjølvsikker måte og handterar dei mange trådane og det innfløkte plottet i denne boka med stødig hand. Det er imponerande godt gjort. Korset er tredje og avsluttande del av trilogien der politietterforskarane Fredrik Beier og Kafa Iqbal er hovudpersonar - og for ein avslutning!

Boka handlar om saker som har forgreiningar til nasjonal og internasjonal politikk, handel med narkotika og biologiske og andre våpen, om korrupsjon og ondskap, om hevn og svik, om konspirasjonar og terror. Både Fredrik og Kafa vert personleg involverte, på fleire plan. Dette er kanskje i overkant oppkonstruert og usannsynleg, men i ei bok av denne typen er det OK. Utover i boka finn etterforskarane stadig nye spor og villspor og ein får fleire spenningstoppar.

Johnsrud repeterer/oppsummerer tidlegare hendingar på ein forståeleg måte slik at Korset fint kan lesast som ein frittståande kriminalroman. Opplesar Ivar Nergaard toppar leseopplevinga - og eg konkluderer med eit terningkast 5. 


Søsteren av Kjell Ola Dahl

Gyldendal 2018
349 sider, lånt ebok eBokBib


I denne boka får ein gjensyn med etterforskarane Gunnarstranda og Frølich som mange kjenner frå tidlegare Dahl-bøker. Det er Frank Frølich som er hovudperson og forteljarstemme i Søsteren.

Sidan sist har Franken slutta i politiet og starta sitt eige etterforskingsfirma. Det går ganske dårleg - men så, ganske plutseleg, får han mange oppdrag frå fleire ulike oppdragsgivarar. Sakene og personane er ulike, men alle har ei viss tilknytning til kvarandre.

Kjell Ola Dahl er ein stødig forfattar og han konstruerer alltid truverdige og passe innfløkte plott. Søsteren kan ikkje måla seg med Rivertonvinnar Kureren, men det er ei heilt grei bok. Terningkast 4.



Alle kan drepe av Jørgen Brekke

Juritzen 2018
362 sider, lånt ebok eBokBib


Bok nummer seks i Singsaker-serien er slett ikkje dårleg, men etter mi meining er dette den svakaste i serien. Brekke og helten hans Odd Singsaker tok meg med storm med Nådens omkrets og eg har stort sett hatt positive leseopplevingar med dei påfølgjande bøkene. Brekke har ein frisk og original stil og ein frodig fantasi. Eg likar å bli skikkeleg overraska når eg les krim og det har eg ofte blitt av denne bokserien.

Singsaker og Felicia er i ammetåka denne gongen - noko boka også ber preg av, på ein måte. Det er noko langsamt og tamt over heile forteljinga. Dei to alternerande handlingstrådane - den eine i notid og den andre frå sommaren 1992 - gjer at det likevel er eit visst driv.

Den forrige Singsakerboka Avgrunnsblikk var veldig bra, så det er å håpa at Brekke no tek seg ein god pause i skrivinga og kjem tilbake med noko betre enn Alle kan drepeTerningkast 3.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Les samleomtale av Heine Bakkeid, Ingebjørg Berg Holm og Frode Granhus sine bøker:
Norsk krim 2018 del 1

6. august 2017

Sommarlesing: Norsk krim

Eg les ganske mykje krim - omlag halvparten av alle bøker eg les er innan krim- og spenningssjangeren. Når det gjeld norsk krim, vil eg gjerne følgja med og vera oppdatert - men eg verken kan eller vil lesa alt som vert utgitt og omtalt. Til det vert det utgitt for mange krimbøker av det eg vil påstå er av middelmådig kvalitet. Så eg er stadig vekk på leit etter verkeleg god norsk krim, gjerne av den typen der sjangeren vert variert, utfordra og utvida og der ein kan læra noko; om samfunnet, om menneskesinnet, om historie - eller andre ting. Eg likar også å bli skikkeleg overraska medan eg les.

Bøkene nedanfor er svært ulike både i form og innhald, men er "greie", lesverdige og underhaldande. Med unnatak av Kalypso, som kom ut i fjor, er alle frå 2017.


Det som aldri dør av Øistein Borge
Font forlag 2017
295 sider, eBokBib

Boka er ikkje tjukk, men kunne med fordel ha vore stramma opp ein del meir; fyrste halvdel har nemleg litt dårleg framdrift. Etter kvart vert det meir engasjerande og mot slutten er det riktig så spennande.

Det som aldri dør er betre enn den fyrste boka Den syvende demonen. Denne heng betre saman og har tydelegare skiftingar. Hovudpersonen er den same som me kjenner frå forrige bok; den velmeinande og sympatiske Bernhard Bull.

Boka har eit interessant, truverdig og originalt bakteppe sidan handlinga er lagt til Nord-Irland i fortid og notid. Miljøskildringane er levande og gode. Personskildringane er etter mitt syn svakare; eg tykkjer fleire av karakterane er uklare og vage. Nokre kunstige og merkelege dialogar trekker også ned heilskapsinntrykket, men eg vurderer likevel leseopplevinga mi til terningkast 4+.


I djevelens klør av Jan Boris Stene
Vigmostad & Bjørke 2017
281 sider, papirbok lånt på biblioteket

Eit skikkeleg gammaldags kriminalmysterium der handlinga er lagt til eit fornemt hotell utanfor Trondheim - i år 1917. Stene er ein forfattar som tydeleg har lest sin Stein Riverton og sin Bernhard Borge. Truleg har han også vore inspirert av John Dixon Carr, Agatha Christie og Dorothy Sayers - og særleg frå Sir Arthur Conan Doyle sitt forfattarskap. Etterforskarane Falkener og Wilberg minner sterkt om Sherlock Holmes og Dr. Watson.

Personskildringane er ikkje spesielt bra her heller, men det er på ein måte med å understreka det klassiske i boka: Verken Doyle eller Christie gjekk særleg djupt inn i psyken til karakterane sine. Det er det personane gjer, seier og ikkje seier som er avgjerande - ikkje det dei tenkjer og føler.

Boka er vel ikkje så voldsomt spennande, men ho har absolutt underhaldande kvalitetar. Eg set pris på at ein forfattar går tilbake til kriminallitteraturen sine røtter. Terningkast 4.


Forliset av Frode Granhus
Vigmostad & Bjørke 2017
313 sider, eBokBib

Storslagne naturskildringar er blitt ei av varemerka for "Lofotkrimmen" til Granhus. I denne boka er den ubehagelege og gjennomtrengande kulden med på å skapa ei ekstra uhyggestemning. Men elles er det nesten for mykje av det gode; dei mange naturskildringane og skildringar av ver og uver gjer at handlinga stoppar litt opp og fjernar noko av drivet og tempoet som elles er greit nok.

Dette er bygdekrim der handlinga er lagt til ein stad "der ingen skulle tru at nokon kunne bu". I femte avsnitt av serien er det duka for nye utfordringar og mystiske hendingar for hovudpersonen; lensmann Rino Carlsen. Eit makabert likfunn har ein viss samanheng med eit forlis for nokre år tilbake. I ei sidehistorie får ein møta ein fastspent pasient på eit underleg sjukehus. Plottet er ganske innfløkt, men saka får ei naturleg om enn ikkje heilt truverdig løysing. Terningkast 4.


Avgrunnsblikk av Jørgen Brekke
Juritzen 2017
316 sider, eBokBib

Jørgen Brekke og Odd Singsaker har sjarmert meg nok ein gong - og eg gledar meg til neste bok. Dette er verkeleg spennande og drivande lesing! Singsaker er ein fin og menneskeleg type som eg er blitt glad i.

På elegant og oversiktleg vis får lesaren presentert tre ulike historiar som gradvis vert fletta saman. Handlinga er lagt til tre ulike tidsperiodar og det vert hoppa att og fram i tid. Men sidan dei korte kapitla vert innleia med månad, årstal og perspektiv er det ikkje vanskeleg for lesaren å halda fokus.

Innleiinga av boka er uhyggeleg sterk sidan det handlar om eit barn som tek livet av ein tyrannisk far. Elles får ein i boka eit innblikk i wiccabevegelsen; ein slags hekseklubb eller noko som paradoksalt nok kan kallast ein "hedensk religion".
Avgrunnsblikk er ei intrikat og interessant forteljing skriven med ein lett og ledig penn. Terningkast 5.


Kalypso av Ingar Johnsrud
Lydbokforlaget 2016
Speletid 12:09, lydbok lånt på biblioteket

Ei bok eg har utsatt og grugleda meg til. Eg tykte den forrige boka Wienerbrorskapet var bra, men at ho var unødvendig valdeleg - og difor har eg hatt denne på vent ei tid.
Men altså, denne Johnsrud er fabelaktig. Dette er ein sidevendar; ei intens, intelligent, actionfylt og superspennande forteljing - logisk oppbygd og med uventa hendingar og interessante karakterar. Stemninga er mørk - og ein er heile tida uroleg for korleis det skal gå.

Eg tippar Johnsrud har Jo Nesbø som føredøme. Hovudpersonen Fredrik Beier kan i alle fall seiast å vera ein slags fjern fetter av Harry Hole. Dei er like smarte, like rufsete og like rusavhengige. Og like sårbare. Beier sin kollega Kafa Iqbal framstår som litt uinteressant, men epilogen i denne boka antyder at det kjem ein oppfølgjar der me kjem meir inn i livet og under huda hennar..

Ivar Nergaard les som alltid med sjarm og innleving, men er ikkje like stødig som han brukar å vera - eller er det Johnsrud sin feil? Eller les Nergaard trykkleifane? Eg er usikker her.

Eg vart positivt overraska over denne boka. Valdsskildringane er ikkje like ubehagelege og utbroderte som sist, men dersom eg skal framheva noko negativt med Kalypso så er det dette; alle kroppsvæskene. Eg tåler ein god del ekle skildringar ettersom eg les ein del slikt, men her er det myyykje blod, hjernemasse, avføring og andre menneskelege avsondringar. Og mykje likstank. Sarte lesarar bør difor finna noko anna å lesa enn denne.
Trass i desse innvendingane gir eg boka terningkast 5.

30. juni 2017

Oppsummering juni og fyrste halvår

Påbyrja i mai, fullført i juni:
Øistein Borge - Det som aldri dør - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Fred Vargas - Mannen med de blå sirklene - Fransk krim - Lånt papirbok biblioteket
Eirik Jensen og Thomas Winje Øijord - Attentatet - Norsk krim - Lånt lydbok biblioteket

Lest i juni:
Ruth Ware - I en mørk mørk skog - Britisk krim - Lånt lydbok biblioteket
Jan Boris Stene - I djevelens klør - Norsk historisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Agnes Lovise Matre - Skinnet bedrar - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Alf R. Jacobsen - 1945: Hat, hevn, håp - Norsk historisk dokumentar - Lytteeksemplar
Ingrid Brekke - Angela Merkel: Et europeisk drama - Norsk biografi/dokumentar - Lånt ebok eBokBib
Jørgen Brekke - Avgrunnsblikk - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
A.J. Kazinski - Drømmetyderens død - Dansk krim - Kjøpt lydfil
Vera Henriksen - Beretningen om Bent Jonson del IV og V: Staupet og Skjærsild - Historiske romanar - Lånt papirbok privat
Monica Kristensen - Amundsens siste reise - Norsk historisk dokumentar/biografi - eBokBib

Påbyrja i juni, fullførast i juli:
Sacha Betthyany - En forbrytelse i familen - Historisk/personleg beretning - Lånt papirbok biblioteket
Khaled Hosseini - Og fjellene ga gjenlyd - Afghansk-amerikansk roman - Storytel




(Biletet over syner 12 bøker, men det korrekte talet for juni er 13. Henriksen si bok er to bøker i ei)
  •  4 papir, 4 lyd, 5 ebøker
  •  11 lånt, 1 kjøpt, 1 fått 
  •  8 krim, 2 historiske romanar, 1 biografi, 1 polarhistorisk dokumentar/biografi, 1 krigshistorisk dokumentar
  •  10 norske, 1 svensk, 1 dansk, 1 fransk
  •  7 kvinner, 6 menn
  • "Nye" forfattarar: Jensen, Øijord, Ware, Stene, Matre, I. Brekke

Stikkord for lesinga mi fyrste halvår 2017 er historie, norsksakprosa og krim. Elles snakkar vel desse tala (og tommel opp/ned) for seg sjølv:

Lesemål og 2017 så langt

  1. 60/110 bøker totalt 👍
  2. 2/10 mursteinar (over 600 s.) 👎
  3. 10/24 norske utgitt i 2017
  4. 0/5 1001-bøker 👎
  5. 9/12 bøker frå før 2000 👍
  6. 5/5 gjenlesingar 👍
  7. 5/10 biografiar
  8. 7/14 annan sakprosa
  9. 3/6 frå bokhylla
  10. 21/34 bokomtalar 👍