Viser innlegg med etiketten Heine Bakkeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Heine Bakkeid. Vis alle innlegg

18. desember 2025

Norsk krim 2025 del 2

 Dette har vore ein sterk krimhaust! Her kjem ein ny samleomtale.

Nattseileren av Heine Bakkeid
Kagge 2025
440 sider
Lånt ebok BookBites

For ei bok! For ei ubehageleg - og fascinerande - leseoppleving! Nattseileren er ingen kosekrim, her er det verkeleg mørkt, både på det ytre og det indre plan. Stemninga er uhyggeleg, handlinga rystande, galskapen rår - og vêret er naturlegvis skikkeleg dårleg. 

Bakkeid, mest kjent for serien om Thorkild Aske, har med dette utgitt ein frittståande og nervepirrande thriller, og det er lenge eg las noko liknande. Fekk nesten Stephen King-assosiasjonar, men Nattseileren er meir realistisk - og dermed meir skremmande.

Hovudpersonen Jakk er psykisk sjuk, og me møter han medan han er på rømmen frå psykiatrisk sjukehus. Er han så gal og så farleg som enkelte trur? Er han på hevntokt? Kva skjedde den gongen då systera hans Jenny forsvann? Kven skjuler sanninga? Som lesar er ein lenge usikker på kva som er motivet, kvifor han handlar som han gjer. Men gradvis og via tilbakeblikk får me vita meir av kva som har skjedd tidlegare - og det er ikkje sikkert at det er Jakk som er den farlegaste..

Me får også følgja lensmannen Annemor Anger og politibetjenten Helene Jakobsen si etterforsking. Det kjem etter kvart fram kvar Jakk skjuler seg, men korleis nå fram til dei involverte når stormen rasar og infrastrukturen er lamma?

Nattseileren er ei dramatisk, opprørande og trist historie som blir verande hos lesaren lenge etter avslutta lesing. Boka er så intens at ein nesten kvir seg for å lesa vidare, i frykt for kva som kan skje. Eit soleklart og sterkt terningkast 5.

De svarte enkene av Ingar Johnsrud
Aschehoug 2025
Speletid 11:52
Lytteeksemplar frå forlaget

Dette er også ei veldig spennande bok, men på ein heilt annan måte enn den over. Eg likte godt den forrige boka Patrioter, og slo til då forlaget tilbaud meg leseeksemplar. For meg vart det då lydbok. (Ver obs på at om du lyttar til boka kan det vera krevjande å halda styr på alle trådar og karakterar.)

Historia startar med at eit Herculesfly styrtar over Østersjøen. Ombord er åtte ukrainske soldater og tre norske besetningsmedlemmar. Samstundes, i Oslo, vert ein person drept i en parkeringskjellar. Alt dette skjer på sjølvaste 17. mai.
Det handlar vidare om krigen i Ukraina og kommande fredssamtalar. Men i boka er det verken president Trump eller europeiske leiarar som står bak, men norske styresmakter, - i all hemmelegheit. Jens Meidel er nyutnemnd justisminister og blir involvert i verdenspolitikken medan han må handtera intrigar og politisk maktkamp, samt kjærleiksforhold og familieforviklingar. Eit anna maktspel som finn stad er mellom E-tenesta og PST. 

Boka er aktuell, truverdig og realistisk, har eit voldsomt tempo og driv og er ein skikkeleg sidevendar. Det er planlagt at dette blir ein trilogi, så eg ser fram til neste bok! Terningkast 5.


Taperen av Terje Bjøranger
Cappelen Damm 2025
303 sider
Lånt ebok BookBites

Forfattaren held seg til tematikken frå dei føregåande bøkene i serien om Charlie Robertsen; æresrelatert kriminalitet, gjengkriminalitet og samfunnet si berøringsangst. Dette er bok nummer 6 i serien.

Den såkalla æreskulturen er det mange som lir under, både kvinner/jenter og menn/gutar, i dagens Noreg. I Taperen møter me eit ungt par på flukt frå Nabifamilien; ein kriminell klan. Men sjølv i Chile og under ny identitet er ikkje dei to trygge. Samstundes, i Sverige, er ein annan klan i konflikt/krig med Nabiklanen. 

Charlie Robertsen, vår "helt", er egentleg degradert på grunn av gjentekne tvilsame og utradisjonelle arbeidsmetodar. Men så blir han involvert i ei ekstraordinær etterforskargruppe; ei arbeidsgruppe med utvida fullmakter, for om mogleg å få has på kriminelle bakmenn og klanar. Det blir etter kvart veldig spennande - og skremmande realistisk.

Bjøranger har bakgrunn som politiadvokat i Kripos og veit kva han snakkar om når han skriv om kriminelle klanar/familiar, æresdrap og negativ sosial kontroll. 
Også Taperen får terningkast 5.

Alliansen av Aslak Nore
Aschehoug 2025
399 sider
Lånt ebok BookBites

Alliansen blir kategorisert som roman av forlaget, og det er sikkert riktig, men eg tek likevel boka med her i denne krimsamleomtalen. Serien om familien Falck (Alliansen er bok 3) er ikkje vanleg krim, men ein politisk thriller - litt i same gate som Ingar Johnsrud si bok over her og Kim Leine sin Karoline-trilogi. Men der Leine festar grepet om lesaren si interesse for kvar bok, skjer det motsette her. I alle fall for denne lesar. 

I Alliansen tykkjer eg at det blir for mange ord og for mange stereotype karakterar. Men det er slett ikkje uspennande, og det er gjort eit imponerande stykke arbeid når det gjeld research for å få til ei så omfattande forteljing som dette er. 

Det vart dessverre ein prikk mindre på terningen denne gongen.
Terningkast 4.

Gjøkungegåten av Hans Olav Lahlum
Kagge 2025
440 sider
Lånt ebok BookBites

Sorry Lahlum, dette held ikkje. Eg er mellom dei som (hittil) har likt retroserien om K2 og Patricia, men denne 13. boka er seig. Eg set egentleg pris på at Lahlum har sin eigen stil, at bøkene hans har visse nerdete innslag og litt (ufrivillig?) humor. Dette er også til stades i Gjøkungegåten, men alt blir så altfor omstendeleg og gjentakande. 

I "notid" - som i dette tilfellet er 1974 - vert K2 involvert i ei tragisk og mystisk sak. Ein ungdom har nettopp fått vita at han vart adoptert som liten. Same dag som han skal møta den biologiske mor si, døyr ho under uklare omstendigheiter. Oppdraget til K2 er å finna ut kven som er biologisk far, men han etterforskar også rundt dødsfallet. Deretter vert det fletta inn ei historie frå 1950-talet. 
K2 løyser sjølvsagt til slutt mysteriet, med god hjelp fra rådgjevaren Patricia, etter ei langvarig og langsam etterforsking.
Terningkast 3.

2. desember 2025

Oppsummering november 25

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Anne Holt - Diamanter og rust (Hanne Wilhelmsen #13) - Norsk krim - Lånt papirbok privat
May Lis Ruus - Alle mine barn kom hjem (Lise Lotte Mehl #1) - Norsk krim - Lyd Storytel

Lese i november:
Espen Skorstad - Den fabelaktige narsissisten - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Arill Riise - Der ingen var einsam - Norsk dokumentar/ personleg beretning - Lyd Storytel
Hans Olav Lahlum - Gjøkungegåten (K2 og Patricia #13) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Arne Dahl - Stolleken (Opcop #2) - Svensk krim - Kjøpt lydfil 
Heine Bakkeid - Nattseileren - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Marte Michelet - Det har skjedd verre ting i utlandet - Norsk biografi/ personleg beretning - Lånt ebok BookBites
Ingar Johnsrud - De svarte enkene (Jens Meidell #2) - Norsk krim - Lytteeksemplar

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Terje Bjøranger - Taperen (Charlie Robertsen #6) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Arnaldur Indriðason - Kongen og klokkemakeren - Islandsk historisk roman - Lyd Storytel

5 lyd, 3 ebøker, 1 papir
4 lånt, 3 abonnement, 1 kjøpt, 1 fått
6 krim, 3 sak
8 norske, 1 svensk
Nye forfattarar: Ruus, Skorstad, Riise

6 av novemberbøkene mine er frå årets bokhaust. Eg har vore heldig som har fått låna ein del nye norske krimromanar i det siste, og i tillegg fekk eg tilbod om å få tilsendt De svarte enkene frå forlaget. I prinsippet tek eg ikkje imot lese-/lytteeksemplar, men i dette høvet gjorde eg eit unntak. Eg angrar ikkje på det, boka er veldig bra. Av dei norske krimutgjevingane er det likevel Nattseileren som har gjort mest inntrykk. Det er ei sterk og mørk forteljing, og det kjem nok ein samleomtale av desse bøkene på bloggen etter kvart. 

Eg likte godt alle dei tre sakprosa-bøkene og kan anbefala dei - sjølv om eg ikkje har gitt dei "meir" enn terningkast 4. (Marte Michelet si bok er "nesten ein 5'ar") 

Som tidlegare nemnt har eg venta på norsk oversetjing av serien om Opcop-gruppen i årevis, og den som ventar på noko godt ventar som kjent ikkje forgjeves. Stolleken er andre bok i serien og er ei fantastisk bok, - med føresetnad av at ein kjenner Arne Dahl og A-gruppen frå tidlegare.

I desember ventar fleire norske ferske krimbøker; til dømes Terje Bjøranger, Jan Mehlum og Aslak Nore sine nyaste utgjevingar. Eg ser dessutan fram til å lesa Levi Henriksen si nyaste bok, Lyset som ingen ser. Den boka skal vera eit framhald av den fine Snø vil falle over snø som har falt, så det spørs om eg ikkje skal lesa (ev. lytta til) denne på nytt igjen før eg tek fatt på den nye. 

Ynskjer alle ei fin adventstid! 

11. januar 2025

Fjorårets beste krimbøker

Egentleg var eg ferdig med oppsummering av leseåret 2024, men så dukka det opp ein interessant artikkelserie på nettstaden krimlitteratur.com. Bidragsytarane der har plukka ut krimfavorittane sine for året som gjekk - og dermed vart eg inspirert til å gjera (noko av) det same. 

I 2024 las eg 31 krimbøker som vart utgitt i 2024; 15 norske og 16 omsette. 10 av dei 31 ga eg terningkast 5. Ikkje så verst egentleg, for eg er ganske kresen..
Når eg summerer opp viser det seg at mine 10 beste frå 2024 består av tre norske og sju omsette krimromanar. 

Norske


Heine Bakkeid: Sorgsankeren
 
Den femte boka i Thorkild Aske-serien er ei veldig bra bok og vart av den grunn ein av årets norske høgdepunkt for meg. Stemninga er mørk og dyster, hovudpersonen er hardkokt og desperat og gjerningspersonen er særdeles ond og utspekulert. 'Sorgsankeren' er velskriven, godt plotta og har eit veldig driv.

Terje Bjøranger: Den ingen ser
 
Denne boka er det mange som har nemnt som ein av dei beste i 2024 - og det er eg enig i. Bok nummer 5 i serien om Charlie Robertsen er ein viktig og engasjerande roman som tek opp alvorlege tema. Historia er sterk og fascinerande og gir eit truverdig bilete av aktuelle samfunnsproblem. 

Unni Lindell: Dukken i tauet 
Tredje bok i serien om Lydia "Snø" Winther er velskriven, velplotta og velkomponert. Forfattaren har behalde det kjende krimuniverset frå tidlegare bøker/seriar og tek samstundes opp nyare tematikk som kunstig intelligens, gaming og gentesting.

Utanlandske
Dei omsette er fire svenske, to danske og (overraskande!) ei australsk.

Arne Dahl: I sirkelens sentrum 
Fyrste bok i ny serie frå sjølvaste Arne Dahl er ein knallbra kriminalroman; ei godt oppbygd historie med dramatiske hendingar og vendingar. Boka har eit spennande og aktuelt tema og eit intrikat plott. Forfattaren kan krimhandverket og brukar verktøya effektivt.

Håkan Nesser: Det kom et brev fra München 
Nummer åtte i serien om Barbarotti er ein "snill" og underhaldande feelgood-krim der innhald, plott, skrivestil og språk er på eit høgt nivå. Omgivelsane og deler av tematikken minner om klassisk britisk puslespelkrim.

Lars Kepler: Søvngjengeren 
Bok ti i Joona Linna-serien er handlingsrik, perspektivrik og svært spennande, - og som alltid frå dette forfattarparet; mørkt, skummelt og blodig. Så veldig realistisk er det ikkje, men Søvngjengeren er ein bladvendar som gir deg puls!

Lina Bengtsdotter: Flammene 
Svensk bygdekrim, ikkje del av serie. Stikkord for handlinga er vonde hemmelegheiter, vanskelege oppvekstmiljø og dysfunksjonelle familiar. 'Flammene' er ei gripande historie med stemning og truverdige karakterar.
Den 10. og siste boka i Avdeling Q-serien er både underhaldande og spennande. Persongalleriet er mangfaldig og det vert fleire gjensyn med karakterar frå tidlegare bøker. Alt i alt ei verdig avslutning av ein knallbra serie - og det er fornuftig av forfattaren å gi seg på topp.

Jens Henrik Jensen: Pilegrim
Eg har ikkje blogga om den sjette boka om Oxen (men eg laga ein gong ein serieomtale av dei fire fyrste bøkene). 'Pilegrim' er ikkje så rå og brutal som 'Gladiator', men er ei spennande historie med god spenningsoppbygging. Hovudpersonane er interessante og framstår som "fleirdimensjonale". Det er spesielt interessant å følgja Oxen sine tankar og handlingar sidan han har bakgrunn som jegersoldat med PTSD-problematikk. Kan lesast som frittståande bok, men då går ein glipp av samanhengar og utviklingstrekk.

Emma Viskic: Den skyldige
Heilt til slutt; det mest nyskapande og eksotiske innslaget av mine topp ti frå 2024. Eg har ikkje blogga om 'Den skyldige' heller, men her vart eg både imponert og fascinert. Omgivelsane er originale, historia er engasjerande og boka er elles kjenneteikna av intensitet og høgt tempo. Protagonisten har eit handicap som gjer at han ser på verda på ein alternativ måte; etterforskaren Caleb Zelic er nemleg døv. Perspektivet er dermed heilt annleis enn det som er vanleg i krimlitteratur-samanheng. 
Neste bok har norsk tittel 'Ildfall' og kjem i mars.



Eg kunne i tillegg ha lagt til Karolines krig (som eg ga ein femmar) i denne lista, for eg ser at bokbloggar Tine har den boka med i sine utvalde omsette bøker. Men denne boka blir (av forlaget) kategorisert som roman og ikkje krimroman.


1. april 2024

Oppsummering mars 24

Påbyrja i februar, fullført i mars:
Heine Bakkeid - Sorgsankeren (Thorkild Aske #5) - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Tina Frennstedt - Skjærsild (Cold case #3) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket og lyd Storytel

Lese i mars:
Jane Casey - La de døde snakke (Maeve Kerrigan #7) - Britisk krim - Lyd Storytel
Merete Junker - Redebyggeren (Mette Minde #4) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Sven Petter Næss - Løvinnen (Harinder Singh #5) - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Arne Dahl - I sirkelens sentrum (Nova-serien #1) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Christina Olséni og Micke Hansen - Den frosne politimannen (Ystadsmordene #1) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites [avbraut]
Håkan Nesser - Det kom et brev fra München (Barbarotti #8) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Marit Reiersgård - Liksteinen (Verner Jacobsen & Bitte Røed #5) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i mars, fullførast i april:
Bernard Minier - Lucia (Lucia Guirrero #1) - Fransk krim - Lånt ebok BookBites
Tor Bomann-Larsen - Den evige sne - Norsk dokumentar/polarhistorie - Lyd Storytel


Sidetal: 2928
1 papir, 1 papir + lyd, 4 lyd, 2 ebøker
6 lånt, 2 abonnement
8 krim
4 norske, 3 svenske, 1 britisk
4 menn, 4 kvinner
Nye forfattarar: Ingen
(Forfattarparet Olséni & Hansen er nye for meg, men tel ikkje sidan eg ikkje fullførte boka)

Påsken er høgsesong for krimlesing, og for meg vart mars ein veldig kriminell månad, - eg las nemleg berre krim. Fire av årets norske, to av årets svenske, samt ei svensk bok frå 2022 og ei britisk frå 2020.

Månadens høgdepunkt: Den fyrste i Arne Dahl sin nye serie og den 8. i Håkan Nesser sin serie om Barbarotti. Dahl og Nesser er blant favorittane mine, og begge innfridde; både I sirkelens sentrum og Det kom et brev fra München er sterke femmarar. 
Eg likte alle dei fire norske krimbøkene, og då spesielt Sorgsankeren.

Månadens nedtur: "Kosekrimmen" Den frosne politimannen - som eg ikkje gadd å fullføra. Svensk krim betyr ikkje alltid kvalitetskrim.

(Også Nesser si bok kan karakteriserast som kose-/feelgoodkrim, men her snakkar me om intelligent humor og snert. Olséni/Hansen si bok er berre dum og irriterande).

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Kvartalstatistikk

  • 22 bøker, fordelt slik på sjanger:
    - 16 krim- og spenningsromanar
    - 1 historisk roman
    - 1 novellesamling
    - 4 sakprosa
  • 3 papirbøker, 8 ebøker, 12 lydbøker
  • 17 lånt, 5 Storytel-abonnement
  • 9 norske, 9 svenske, 2 danske, 2 britiske

11. mars 2024

Kort om: Sorgsankeren av Heine Bakkeid

Aschehoug 2024
Speletid: 7:05
Lånt lydbok BookBites

Årets fyrste norske krim for meg vart Sorgsankeren av Heine Bakkeid - den femte og siste boka i serien om Thorkild Aske. Eg trudde eg hadde lese alle dei fire foregåande, men eg har faktisk ikkje lese den fyrste, 'Jeg skal savne deg i morgen'. 

Sorgsankeren er ingen kosekrim. Ikkje på nokon måte. Fyrst og fremst fordi stemninga er mørk og dyster, men også fordi deler av boka handlar om drap og overgrep på barn. I tillegg er hovudpersonane desperate og muligens utilreknelege.
Og det regnar og regnar, nesten heile tida.. 

Handlinga tek til kort tid etter forrige bok, St. Avenger. Den historia enda med at hovudmannen bak eit pedofilt nettverk vart pågripen og fengsla. Men det er fleire i dette nettverket, og det viser seg at enkelte av dei framleis er aktive. Det har mellom anna Kurt Vinje fått merka - og i rein desperasjon ber han Thorkild Aske om hjelp. Dette trass i at dei to hadde eit mildt sagt turbulent møte forrige gong dei traff kvarandre. No er nevøen til Kurt blitt kidnappa, og gjerningspersonen har nokre spesielle krav før guten kan sleppast fri: Kurt sitt oppdrag er å ta livet av fire personar og han skal dokumentera at han har gjort det. På kva måte - og kvifor - skal Thorkild bidra i ei slik grotesk sak?

Både Thorkild og Kurt er tidlegare politimenn og har kjennskap til ulike kriminelle miljø. Som einslege og einsame rusmisbrukarar har dei heller ikkje noko særleg å tapa. Dei to fartar rundt i ein lånt bubil i ein desperat jakt etter ledetrådar, spor og gjerningsperson, og ei gammal bortføringssak viser seg å vera ein nøkkel. Når dei etterforskar sakene på sin alternative måte held dei seg ikkje alltid innafor lova. Kan det likevel vera etisk og moralsk riktig - med tanke på kva som står på spel? 

Det er ikkje noko særleg med lyspunkt i denne forteljinga. Den einaste som lettar litt på stemninga innimellom er Thorkild sin psykologkompis Ulf.

Boka er vanskeleg å legga frå seg og har ein jamn stigande spenningskurve. Det er ein kamp mot klokka og ein kamp mot ein særdeles ond og utspekulert gjerningsperson. I og med at ein veit at det er siste bok i serien, er ein gjerne ekstra spent på korleis det heile skal enda. 

Boka - og serien - er gjennomgåande mørk og dyster, men etter mi meining er avslutninga verdig og oppklarande. 
Sorgsankeren anbefalast - om du ikkje er altfor sensibel med tanke på tematikken. 

Andre bloggmeiningar: Artemisias verden

20. november 2021

Haustlesing del 2: Norsk krim 2021

Også denne hausten er det utgitt ein del bra norske krimbøker. Her er mine inntrykk, kort oppsummert, når det gjeld tre av dei. 

St. Avenger av Heine Bakkeid
Aschehoug 2021
Speletid 10:50
Lånt lydbok BookBites 

 - Bok nummer 4 i serien om Thorkild Aske.
 - I denne boka får me svar på kvifor Aske mista jobben og vart rusmisbrukar og suicidal.
 - Eit likfunn fører til ny etterforsking i ei gammal sak.
 - Treg start, men bihistoria frå fortida held på interessa.
 - Overraskande vinklingar og truverdige karakterar.
 - Framleis trist og dyster stemning, men ein anar eit visst håp når det gjeld Aske sin situasjon.
 - Eg skjønnar ikkje tittelen. St. Avenger?? Kva er det? Gjekk eg glipp av noko medan eg lytta til boka?
 - Lydboka er forøvrig opplest av Ivar Nergård, på sedvanleg stødig vis.
 - Terningkast 4.

Skyldig av Sven Petter Næss
Aschehoug 2021
Speletid 6:03
Lånt lydbok BookBites 

 - Tredje bok i serien om Harinder Singh
 - Sympatisk og rimeleg truverdig hovudperson.
 - Handling kort fortalt: Ein person vender tilbake til heimplassen etter å ha sona ferdig straffa si. Var det rett person som vart dømt den gongen? Harinder tek saka.
 - Heilt grei krim: Stødig, skikkeleg, godt oppbygd. 
 - Hemmelegheiter og mystiske hendingar
 - men manglar ein del når det gjeld intensitet og nerve.
 - Den beste i serien til no. Terningkast 4+.

Ringmannen av Jan-Erik Fjell
Strawberry 2021
Speletid 10:44
Lånt lydbok BookBites 

 - Nummer 8 i Anton Brekke-serien.
 - Men her er det kollegaen Magnus Torp som egentleg har hovudrolla, Anton er sett på sidelinja etter hendingar i forrige bok.
 - Eit brutalt drap har skremmande likskapar med eit tidlegare uoppklart drap på ein annan kant av landet. Korleis kan det henga saman?
 - God parallell-historie.
 - Ringmannen er opplest av ein ringrev; Helge Winther-Larsen.
 - Saknar den tørre humoren frå tidlegare bøker. Her er det dystert heile vegen.
 - Har gitt enkelte av bøkene i serien karakter 5, men denne når ikkje heilt opp der.
 - Terningkast 4.

1. november 2021

Oppsummering oktober 21

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Val McDermid - Brennende hat - Britisk krim - Lyd Storytel
Kristina Ohlsson - Stormvakt - Svensk krim - Lånt papirbok privat

Lest i oktober: 
Val McDermid - Dødes tale - Britisk krim - Lyd Storytel
John Harvey - Stilleben - Britisk krim - Lyd Storytel
Abid Raja - Min skyld - Norsk sjølvbiografi - Lånt ebok BookBites
Cara Hunter - I mørket - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Heine Bakkeid - St. Avenger - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Gert Nygårdshaug - Den grønne øya - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
William Shaw - Dødeland - Britisk krim - Lyd Storytel
William Shaw - Gravens hemmeligheter - Britisk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Jens Henrik Jensen - Mørke menn - Dansk krim - Papirbok fått i gåve
Kaveh Rashidi - Kanskje du er frisk? - Norsk fakta - Lyd Storytel


6 lyd, 3 ebøker, 1 papirbok
5 lånt, 5 abonnement
8 krim, 1 roman, 1 biografi
3 norske, 6 britiske, 1 svensk
6 menn, 4 kvinner
"Nye" forfattarar: Raja

Oktober vart ein ny lesemånad på det jamne. Ein haug med britisk krim, pluss eitt norsk og eitt svensk innslag innan same sjanger. Pluss ein sjølvbiografi og ein roman. Av dei ti bøkene var det berre ei papirbok. Eg er (som så mange andre) ein lesar som gradvis har endra lesevanar og format; frå papir til ebok og lydbok.

Nesten berre terningkast 4-bøker altså, og eg føler at den eine 4'aren må forklarast. Det gjeld Den grønne øya av Gert Nygårdshaug. 
Det er (egentleg) ei veldig god bok, ei kort og lettlest forteljing med eit alvorleg tema til ettertanke. "Normalt sett" ville eg nok gitt den ein 5'ar. Men dette er frå ein forfattar som har produsert SÅ mykje bra - alt frå Honningkrukken til Mengele Zoo, frå Fortellerens marked til Den tredje engelen - og eg forventa noko meir. Meir originalitet, meir kompleksitet, meir absurd humor, meir uforutsigbart innhald. Det var altså mine høge forventningar som gjorde at eg landa på terningkast 4 i dette tilfellet. 

Abid Raja får terningkast 5. Ikkje fordi han skriv så eksepsjonelt godt, men fordi han er så grenselaust open og ærleg og fordi han syner ei uvanleg evne til sjølvinnsikt. Ein kan sei mykje om Raja; til dømes at han tek (for) mykje plass, - men dette er han veldig klar over sjølv. Og i boka får me vita kvifor. Eg trur Min skyld - en historie om frigjøring er den mest leseverdige politiske sjølvbiografien eg har lest nokon gong. 

I november skal eg lesa ei anna bok som eg har skyhøge forventningar til, og som eg er veldig spent på. Det er Gunnar Staalesen si oppfølgingsbok av hundreårstrilogien; 2020 Post festum. No er det omlag 20 år sidan eg las den nemnde trilogien (1900 Morgenrød, 1950 High Noon og 1999 Aftensang) og den tilhøyrande Hundreårsboken (som er ei "handbok" med kart, slektstavler og bilete knytt til trilogien) - og det er begrensa kva eg hugsar av innhaldet. Det eg hugsar - og veit - er at eg var vilt begeistra for bøkene den gongen og at eg alltid tenkjer på dei som nokre av mine absolutte favorittar.

1. oktober 2020

Oppsummering september 20

Påbyrja i august, fullført i september:
Audun Molde - Pop - en historie - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel
M.J. Arlidge - Nei nei gutt - Britisk krim - Lånt ebok BookBites

Lest i september:
Heine Bakkeid - Vi skal ikke våkne - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Jo Nesbø - Kongeriket - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Tor Bomann-Larsen - Makten. Haakon & Maud 4 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
Jørgen Jæger - Hjerteløs - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Kristina Ohlsson - Henrys hemmelighet - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Erlend Loe - Helvete - Norsk roman - Lyd Storytel
Tor Bomann-Larsen - Æresordet. Haakon & Maud 5 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Jørgen Brekke - Nå har natten alt - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
S.J. Bolton - De utvalgte - Britisk krim - Lyd Storytel


4 lyd, 4 papir, 1 ebok
5 lånt, 4 abonnement
5 krim, 1 annan roman, 2 biografiar, 1 dokumentar
7 norske, 1 britisk, 1 svensk
8 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Molde

September kom og gjekk. Eg trur det er den fyrste månaden utan eit einaste blogginnlegg etter at eg byrja å blogga i 2012. Årsaka til manglande bokblogging ligg ikkje i skrivesperre eller lesesperre, men i tid. Rettare sagt kva eg prioriterer å bruka den begrensa fritida mi på. 

Månadens høgdepunkt: Kongeriket - ein svært sterk 5'ar. Omtale av Jo Nesbø si nyaste bok kjem om kort tid. 

Eg likte óg veldig godt dei tre sakprosabøkene som eg har lytta til innimellom all krimlesinga. Det gjeld del 4 og 5 i biografiverket om Haakon og Maud, opplest av forfattaren sjølv og Audun Molde sin gjennomgang av pop-historia, lest av Håvard Bakke. 

Og når ein er inne på lydbok og opplesing; ingen les Erlend Loe sine bøker som Erlend Loe sjølv. For fyrste gong har eg lytta til ei "live" bokopplesing. Eg humra meg gjennom Helvete saman med Loe og publikum i Litteraturhuset. Sjølve boka og handlinga var kanskje ikkje så stor lesesoppleving, men stemninga var djevelsk god!

5. juni 2018

Norsk krim 2018 del 1

Det gjekk nesten fem månader før eg las mi fyrste norske 2018-bok, men no er eg omsider i gang. Her kjem fyrste samleomtale.

Møt meg i paradis av Heine Bakkeid

Aschehoug 2018
460 sider, lånt papirbok biblioteket

Dette er ein oppfølgjar, men eg hoppa rett på bok nummer to om antihelten Thorkild Aske. At ein ikkje kjenner til heile bakgrunnshistoria til hovudpersonen har ikkje noko å bety for leseopplevinga.

Møt meg i paradis er spennande, velskriven og velkomponert. Korte kapittel og eit avgrensa persongalleri gjer ho i tillegg nokså lettlest. Og for ei samling med skakkøyrde individ og dysfunksjonelle familieforhold!
I tillegg til den pillemisbrukande Aske møter me fleire besyndarlege personar - og eg tykkjer nok at forfattaren dreg det vel langt. Det vert til tider nokså overdrive og karikert - og dermed lite truverdig. Samstundes er det desse overdrivingane som gjer boka så fascinerande som ho faktisk er.

Eg likar bøker der ein finn grotesk fantasi og svart humor og kan av den grunn konkludere med ei bra leseoppleving. Når eg likevel ikkje gir toppkarakter skuldast det mest at eg tidleg skjønte kven av dei involverte som sto bak fleire av ugjerningane. Eg likar helst å bli overraska når saker skal oppklarast. Det vart eg berre delvis i dette høvet. Terningkast 4+.

For meir om handlinga og andre meiningar; les gjerne omtalane til Tine, Anita og Bjørn.


Barføtt over isen av Ingebjørg Berg Holm

Vigmostad Bjørke 2018
248 sider, lånt ebok eBokBib

Dette er oppfølgjaren til Stjerner over mørke under som Ingebjørg Berg Holm fekk mykje merksemd og gode kritikkar for.

Me skal på nytt tilbake til Hurumlandet på 1870-talet og til lensmann Thomas Tinnvik sitt liv og arbeid. Denne gongen skal me bli meir kjend med lensmannen sitt indre liv. Tinnvik vert personleg involvert i ei ranssak som etter kvart vert til ei drapssak. Denne involveringa består av eit nært venskap med offeret og varme kjensler for ein av dei mistenkte - ein ung mann.

Forfattaren byggjer opp ei melankolsk og mørk stemning og ei underliggjande uhygge - ganske langsamt. I Barføtt over isen er det lagt meir vekt på stemningar, språklege verkemiddel og indre psykologisk drama enn det som er vanleg innan norsk krimlitteratur. Tidvis vert dette litt for svulstig og kunstig etter min smak.
Eg gir Barføtt over isen terningkast 4.

Åshild, Beathe og Tine har òg lest og likt denne boka.



Forsvinningen av Frode Granhus

Vigmostad Bjørke 2018
Speletid 8:43, lånt lydbok eBokBib

Frode Granhus døydde sist haust og Forsvinningen kom ut i mars i år, på det som ville ha vore forfattaren sin 53-årsdag. Det er veldig trist at livet og forfattarskapet enda så altfor tidleg, men eg er takksam for dei lesestundene Granhus gav meg.

Begrepet Lofotkrim kjem for alltid til å vera knytt til namnet Frode Granhus. Han lever vidare gjennom bøkene sine - og det må vera ei viss trøyst for dei etterlatte.

I Forsvinningen handlar det om to ulike saker; ei grotesk mishandlingssak i notid og ei mystisk forsvinningssak i fortid. Lensmann Rino Carlsen etterforskar notidssaka saman med assistenten sin, men spora fører ingen stad og dei famlar i blinde. Gamlelensmannen Berger Falch, som byrjar å dra på åra og er prega av sjukdom og einsemd, har aldri gløymt ei forsvinningssak frå 1972. For å ha noko meiningsfullt å fylla dagane med, startar han si eiga gransking av den gamle saka. Det skal visa seg at dei to sakene heng saman. Naturlegvis, slik er det jo i kriminalromanar.

Siste bok i Rino Carlsen-serien er lettlest og lettfordøyeleg. Karakterane er truverdige, dialogane er ekte og miljøskildringane er levande. Handlinga er noko forutsigbar og framstillinga delvis overforklarande, men det samla inntrykket mitt er at dette er ein stødig og gjennomarbeida krimroman. Avslutninga er sentimental, men akkurat i dette tilfellet kjennest det "riktig".

Eg anbefalar lydboka. Opplesar Nils Johnson gir med si røyst og sitt tonefall leseopplevinga eit ekstra løft. Terningkast 4.

Andre vurderingar av boka finn du i bloggane til Bjørn, Anita og Åshild.

31. mai 2018

Oppsummering mai 2018

Påbyrja i april, fullført i mai:
Michael Connelly - Den andre siden av loven - Amerikansk krim - Lånt papirbok biblioteket
Pierre Lemaitre - Brudekjolen - Fransk krim - Lånt lydbok biblioteket

Lest i mai:
Tove Alsterdal - Ingen vei tilbake - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Alexander McCall Smith - Moral for vakre piker - Skotsk/botswansk krim - Storytel
Robert Ludlum - Hvem er Jason Bourne? - Amerikansk krim - Kjøpt papirbok (OTS) + lydbok Storytel
Lina Bengtsdotter - Annabelle - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Heine Bakkeid - Møt meg i paradis - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Asbjørn Bakke - Erik Bye - Norsk biografi - Lånt ebok eBokBib
Frode Granhus - Forsvinningen - Norsk krim - Lånt lydbok eBokBib
Conn Iggulden - Stormfugl - Britisk historisk roman - Lånt ebok eBokBib


  • 4 papir, 2 lyd, 1 kombinert papir og lyd
  • 5 lånt, 1 kjøpt, 1 abonnement
  • Alle 7 innan sjangeren krim/spenning
  • 2 svenske, 2 amerikanske, 1 norsk, 1 fransk, 1 skotsk-botswansk
  • 2 kvinner, 5 menn 
  • "Nye" forfattarar: Alsterdal, Bengtsdotter, Bakkeid

(Eg er så utslått av maivarmen at eg ikkje orkar å skriva noko meir utfyllande om lesinga denne månaden..)
I juni har eg mykje spennande på vent; eg har planar om å lesa bøker av t.d. Fred Vargas, Peter May, Kim Leine, Jo Nesbø, Ken Follett og Conn Iggulden.

Min nye besteven; elsykkelen.
Biletet er teke ved Lustrafjorden 17. mai
Lesemål 
- etter 5 månader er tala slik:

40/100 bøker totalt
3/8 mursteinar (over 600 s.)
2/25 norske utgitt 2018
5/12 utgitt før 2000
4/10 biografiar
1/15 annan sakprosa
2/6 frå bokhylla
13/40 bokomtalar
14/30 "nye" forfattarar
6/20 Storytel