28. november 2018

Snart jul igjen

Eg er ikkje særleg "julete" av meg; eg tykkjer det er altfor mykje mas og (kjøpe)press i samband med desember og advent. Ofte har eg mest lyst til å melda meg ut av heile jula og julehysteriet - men så går jo ikkje det heller. Det er eit paradoks at juleførebuingar - som egentleg skal vera så hyggeleg og koseleg - fører til at folk stressar seg forderva.

Samstundes er eg glad me har julemånaden óg, me treng kos og lys og varme i vintermørket. Løysinga er å gjera det beste ut av det; senka skuldrane og å unngå å samanlikna seg med "alle andre". Nokre av oss finn roen med julemusikk, juleforteljingar og juledikt. Kva som skal til for at det skal bli julestemningsfullt er sjølvsagt høgst individuelt, men nedanfor finn du favoritt-julediktet mitt.

Arild Nyquist skreiv Nå er det jul igjen i 1972 vart det bråk, - diktet hamna faktisk i Stortinget, der det vart lese opp frå talarstolen "til skrekk og advarsel" over innkjøpsordninga. Det etablerte og seriøse litteratur-Noreg likte ikkje slikt tøys. Dikter Arild døydde i romjula 2005 og han fekk truleg oppleva at diktet vart ein klassikar. (Og apropos: Tema for Anita sin diktlesesirkel for november er klassikarar.)

Nå er det jul igjen!


Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!

Ja, nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!

Og grauten koker!
Og grauten koker!
Og grauten koker!
Og grauten koker!

Ja nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!

Og spurven sitter!
I ne-e-e-ket!
Og jæææ-æææii stapper!
Min lange pipe!

Og synger:

Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!

Og bestefar kommer!
Og bestefar kommer!
Og bestefar kommer!
Og han er nisse!

God kveld, du gamle!
God kveld, du gamle!
God kveld, du gamle!
Sett fra deg stokken!

Ta av deg maska!
Her har du flaska!
Ta av deg maska!
Her har du flaska!

Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!

Og vi synger salmer!
Under juletrepalmer!
Og vi synger salmer!
Under juletrepalmer!

Og jeg pakker opp skrujernet!
Og jeg pakker opp skrujernet!
Og jeg pakker opp skiskraperen!
Og jeg pakker opp skiskraperen!

Takk onkel Petter!
Takk tante Laura!
Den der var grei den!
Den der var grei den!

Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!

Og ribba smaker!
Og her er kaker!
Og ribba smaker!
Og her er kaker!

En liten dram til?
Litt mere sursild?
Litt mere sursild
Litt mere sursild...

Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!

Ja nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!
Nå er det jul igjen!

18. november 2018

Haustlesing - "Nye" krimforfattarar

Eg les mykje krim, og tykkjer difor at det er interessant å få tips om (for meg) ukjende krimforfattarar. Her følgjer ein samleomtale med bøker frå ein tysk, ein britisk og ein dansk krimforfattar: Ein historisk krim, ein politikrim og ein spenningsroman.


Den våte fisken av Volker Kutcher
Bazar 2011
508 sider
Lånt papirbok biblioteket


Handlinga er lagt til mellomkrigstida, nærare bestemt til Weimarrepublikken. Det uvande bakteppet gjer boka interessant. Dette var ei tid med store utfordringar, både politisk og menneskeleg. Hovudpersonen er ein ung politimann i Berlin.

TV-serien Babylon Berlin baserer seg på denne boka. Eg såg nokre få TV-glimt og fekk då eit heilt anna inntrykk av stemninga enn den eg fekk gjennom boka. Medan eg las tenkte eg at det var grått, mørkt og langsamt. TV-bileta var derimot fargesterke og med raske sceneskift. Serieskaparane har lagt vekt på det dekadente og sære, men i boka har ikkje dette noko særleg fokus.

Eg oppfatta fyrste del av Den våte fisken som omstendeleg, uoversiktleg og tunglest. Eg las likevel vidare i håp om at det skulle bli betre etter kvart. Det vart det egentleg ikkje, men eg fullførte då heile boka. Terningkast 3.


Nå ser du meg av S.J. Bolton
Cappelen Damm 2014
Speletid 12:10
Storytel


Det "kryr" av dyktige britiske krimforfattarar og det skal godt gjerast å få med seg alt som blir utgitt. Sharon Bolton, eller S.J. Bolton som ho óg vert kalla, er ein av dei eg ikkje har lest noko av tidlegare.

Nå ser du meg er fyrste bok i serien om politikvinna Lacey Flint. Det er ein politikrim der hovudpersonen vert ualminneleg sterkt involvert i ei pågåande seriemordarsak. Under lesinga fekk eg assosiasjonar til både Mo Hayder, Val McDermid og Minette Walters sine bøker.

Splitter gale seksual-, sadist- og seriemordarar er heldigvis høgst uvanleg, men det finst nokre eksempel på slike monster frå det verkelege. Den mest bestialske, myteomspundne og uoppklarte av dei alle er Jack the Ripper. I Nå ser du meg handlar det om ein som kopierer metodane til den skremmande drapsmannen som terroriserte London på 1880-talet.

Nå ser du meg er ingen kosekrim: Sarte sjeler må vera obs på at boka inneheld nokså blodige skildringar. Terningkast 4.



Hengte hunder av Jens Henrik Jensen
Lydbokforlaget 2018
Speletid 12:22
Lånt lydbok biblioteket


Fyrste del av trilogien Oxen lovar bra. Krigsveteran og eks-elitesoldat Niels Oxen er hovudperson og (anti)helt i ei småspennande krimforteljing frå den danske villmarka. Denne Oxen har meldt seg ut av samfunnet etter traumatiske opplevingar og slått leir i skogen saman med hunden sin. Her (over)lever han av det naturen byr på og det han kan finna på avfallsplassar. Ein dag finn han tilfeldigvis ein hengd hund og ein livlaus person. Offeret viser seg å vera ein så mektig mann at etterretningstenesta vert kobla inn i saka.

Oxen vert fyrst mistenkt for ugjerninga, men saka utviklar seg og han vert delvis mot sin vilje involvert i etterforskinga. Det dukkar nemleg opp fleire døde menn og fleire hengde hundar. Hyppige perspektivskift og ulike forteljarstemmer gjer historia uforutsigbar, men det heile blir vel vidløftig og konspiratorisk til tider. Terningkast 4. 

14. november 2018

Bokomtale: Når barnet ditt ikkje vil leve lenger av Knut Røneid

Sjølvpublisert 
176 sider
Kjøpt papirbok

Dette er utan tvil den boka som har gjort sterkast inntrykk på meg - nokon gong. Grunnen er personleg: Forfattaren er min eigen bror. Det handlar om sonen hans Kristoffer som tok sitt eige liv i 2015, 18 år gammal. Knut har i denne boka fortalt historia om korleis han som far har opplevd tida før og etter.

Det er utfordrande å skriva om boka sidan saka er så trist og når ein står forfattaren så nær, men eg har lova bror min å skriva ein ærleg omtale - og det skal han få. Eg gir ikkje terningkast. I dette tilfellet er det meiningslaust. Eg er på ingen måte nokon "nøytral" lesar.

Å mista eit barn er det verste ein forelder kan oppleva, det er det ingen tvil om. Å finna sin eigen son død må vera ei sjokkerande oppleving som ein aldri kjem over. Å få vita at guten tok livet av seg sjølv er hjerteskjerande.

Når barnet ditt ikkje vil leve lenger er ein svært personleg dokumentar. Det handlar likevel lite om private forhold: Dei einaste som vert namngitt er ektefellen Reidun og Kristoffer sjølv. Me som kjenner familien veit godt kva og kven det handlar om. Andre - som ikkje kjenner dei involverte - kan likevel ha stor nytte av boka.

Sjølv om eg var førebudd på mesteparten av innhaldet vart det utruleg sterk lesing; eg brukte lang tid på dei 176 sidene. Ikkje fordi boka er tung og vanskeleg, men fordi det vart så intenst og nært - og eg følte difor behov for pausar. Knut legg ikkje skjul på noko og fortel ope og ærleg om sine eigne kjensler, om familien si enorme sorg og om kor vanskeleg tida etterpå har vore - spesielt høgtider og merkedagar - men også kvardagar. Om tunge tankar og om meiningslause byråkratiske problem. Om kor lite som skal til før sorga set ein ut av spel. Om alle spørsmåla som melde seg i ettertid: Burde me ha skjønt? Burde me ha sett? Og dernest; kvifor? Kva var årsaka til at ein velfungerande og omtenksam ungdom kunne gjera noko slikt mot dei han var glad i?

Boka gir svar på kvifor Kristoffer ikkje orka å leva lenger. Det heile er djupt, djupt tragisk. Knut gjer greie for detaljane i saka - og rettar skarp kritikk mot dei som etter hans meining fortener det.

Mykje av innhaldet er vondt og vanskeleg å lesa om, men boka gir framfor alt eit rørande bilete på sorg og foreldrekjærleik. Knut gir uttrykk for stor takksemd for støtta han og familien har fått frå mange hald; frå bygdefolk og nærmiljø, frå kollegaer og arbeidsgjevar - og trekker spesielt fram organisasjonen LEVE.

LEVE driv informasjonverksemd og arbeider for openheit omkring sjølvmord. Kvart år er det omlag 600 menneske som tek sitt eige liv her i landet, så det er i høgste grad eit samfunnsproblem det er snakk om her. Knut og Reidun valde óg å vera opne om kva som hadde hendt med Kristoffer - fyrst og fremst for at andre skal unngå å oppleva det same som dei. Auka kunnskap og større openheit rundt sjølvmord er eksempel på sjølvmordsførebyggande tiltak.

Det finst elles ingen "rett" måte å sørga på. Eg vil tru at det er like mange måtar å sørga på som det finst sørgande. Sorgarbeid tek i alle fall TID og det går gjerne i bølger. Nokre ser ut til å takla det "fint", det vil altså sei at dei ber sorga inni seg. For Knut har skrivinga av dette bokmanuset og å slita seg ut på sykkel vore rett "medisin".  Livet gå vidare, som det heiter. Sjølv når alt ser som mørkast ut, finst det lyspunkt.
"Ein kan sørge og sakne i veker, månader og år, men ein MÅ holde ut, fordi det er alltid nokon som treng deg. Kanskje det ikkje kjennest slik ut, men dersom du har eit barn som har begått sjølvmord, så har du alltid nokon andre som treng deg. Du MÅ holde det gåande, enda så vondt det er, fordi nokon andre treng deg."
Ein føler seg gjerne usikker og hjelpelaus i møte med etterlatte etter sjølvmord. Kva kan ein sei liksom? Vel - ein treng ikkje sei så mykje. Eit handtrykk eller ein klem er nok.

Sjølv om Når barnet ditt ikkje vil leve lenger omhandlar ei ufatteleg trist sak, er det ei lettlest og godt komponert bok. Kapitla er korte, logiske og oversiktlege, språket er ganske flytande. Nokre få korrekturleifar finst, men sjølv ein rettskrivingsnazist som meg overser det. Knut er sakleg, fornuftig og forbausande open. Han skriv med snert og formulerer seg godt. Det syner han jamnleg óg på bloggen 1-2, 1-2, testing, testing der han m.a. skriv om sykkelturar og fjellturar, om musikk og film - og om norsk narkotikapolitikk.

Det er ikkje så enkelt å gi ut ei bok for ein amatørforfattar. Knut har teke kontakt med både store og små forlag, men vart avvist. Som kjent er det kun ein brøkdel av dei manusa forlaga får inn som vert tekne inn i varmen og utgitt. Løysinga var å gi ut boka sjølv - og eg meiner det er berre positivt. Ved å gi ut boka sjølv har ho blitt akkurat slik forfattaren har ynskt. Dersom ein forlagsredaktør hadde fått kloa i Knut sitt manus ville nok vedkommande ha bearbeida og omstrukturert ein god del - men eg trur at leseopplevinga dermed ikkje ville ha blitt så bra - så ekte.

Kristoffer var eit stille og snilt barn og ein høfleg og sympatisk ung mann. Eg skulle gjerne sett at det fantest eit bilete av han i boka slik at folk som ikkje kjende han kunne sjå kor flott han var.

Knut har skrive ei leseverdig bok til ettertanke for nokon kvar. Temaet er viktig og dessverre: stadig like aktuelt.

- - - - - - - - - -

Vil du lesa meir om temaet? Har du eller nokon du kjenner opplevd noko liknande? Då er du kanskje interessert i å kjøpa og lesa denne boka. Ta i tilfelle kontakt med underteikna på beroene@gmail.com eller skriv i kommentarfeltet så skal eg formidla kontakt.

Slik ser forfattaren ut. Foto: sognavis.no