23. juni 2020

Kort om: Beste sommerkrim 2020

Goliat 2020
220 sider
Kjøpt sjølv

Likar du å lesa krimnoveller? Då kan eg anbefala denne boka.

Dette er ei bok som held akkurat det ho lovar, nemleg ei "perfekt bok til deg som vil ha korte og intense krimfortellinger, om du soler deg ute i hagen, er på stranda og bader, eller sitter i sofaen." Dei ti novellene er korte, velskrivne og byr på den uventa avslutninga som ein gjerne forventar av ei krimnovelle.

Eg har erfart at mange krimantologiar gjerne inneheld fleire veldig gode noveller, og så kanskje ei eller to dårlege, dumme og/eller uskjønelege. I denne samlinga er absolutt alle novellene gode.
Bidragsytarane til samlinga er Unni Lindell, Torkil Damhaug, Jørgen Brekke, Agnes Matre, Geir Tangen, Knut Nærum, Roar Ræstad, Frode Eie Larsen, Jorun Thørring og Heine Bakkeid. Alle velkjende namn for dei fleste krimlesarar, vil eg tru.

Forordet er ved Geir Tangen, som presenterer novellesamlinga på sedvanleg overbegeistra vis. To av novellene hadde eg lest tidlegare; dei frå Unni Lindell og Torkil Damhaug. Begge to er imidlertid så bra at det ikkje gjorde noko å lesa dei på nytt, tvert imot. Om eg skal velja meg eit par favorittar frå samlinga må eg ta fram bidraga til nettopp Damhaug, samt Bakkeid si novelle. Den mest morosame novella er den frå Knut Nærum og den med det mest overraskande sluttpoenget kjem frå Agnes Matre.

Samlinga kunne godt vore større og inneheldt fleire noveller, men boka egnar seg godt til å ta med i tursekken/handveska/badebagen slik ho no er. Ver obs på at dei omlag 20 siste sidene i boka er reklame for (tekstutdrag frå) ei anna bok frå Goliat forlag; Fuglekikkeren.

Eg les ofte og gjerne krimnoveller, men ei novellesamling kan aldri gi meg like mykje som ein krimroman. Boka får likevel eit stort og blankt terningkast 4.

22. juni 2020

Kriminell vårlesing

Nytt samleinnlegg med stikkordomtalar.
Eg byrar med eit par ferske frittståande svenske krimromanar.

Skyggejegeren av Camilla Grebe
Gyldendal 2020
413 sider
Lånt ebok BookBites

- Overraskande bra, den beste eg har lest av Grebe.
- Vart tildelt Glassnøkkelen.
- Frittståande altså, men mot slutten møter me nokre karakterar kjent frå tidlegare bøker.
- Fire tidsperiodar; 1944, 1971, 1985 og 2019.
- Kvinneperspektiv; ein blir kjent med politikvinner frå dei ulike periodane.
- Kvinnelege offer, utsette for uhyggelege og utspekulerte ugjerningar.
- Syner haldningane/utfordringane kvinner møter, privat og på jobb.
- Gode tidsbilete og miljøskildringar.
- Nokre overraskingar undervegs, men ikkje heilt uventa løysing.
- Terningkast 5-.

Våroffer av Anders de la Motte
Aschehoug 2020
518 sider
Lånt ebok BookBites

- Ikkje dårleg, men veldig oppskrytt og hypa.
- Den svakaste av dei fire bøkene i årstidskvartetten.
- Passa godt at eg las denne ferdig den 30 april.
- Velkomponert og stemningsfullt, særleg tilbakeblikka.
- Personar som tek feil/merkelege/ulogiske val.
- I utgangspunktet gode, men etter kvart påklistra og jålete naturskildringar.
- Treg skrivestil. Meir stemning enn spenning.
- Serien kan lesast ukronologisk, det er positivt.
- Terningkast 4-.


Eg held fram med ei bok som har stått ulest i hylla i nokre år.
Det handlar stadig om svensk krim.


Den tredje stemmen av Cilla og Rolf Börjlind
Gyldendal 2015
455 sider
Kjøpt pocket (OTS) + svensk lydbok (Storytel)

- Del to i serien om Tom Stilton og Olivia Rönning.
- Mange trådar og karakterar.
- Til tider rotete og vanskeleg å halda oversikt.
- Lite truverdig handling, mykje tilfeldig.
- Gode personskildringar, desse menneska virkar ekte.
- Interessante og samfunnsaktuelle problemstillingar.
- For lang, burde vore redigert betre.
- Pocketboka har for lita skrift (i alle fall for oss halvgamle lesarar).
- Terningkast 4.

Så over til norsk krim.

Den stille uke av Sven Petter Næss
Aschehoug 2019
427 sider
Lånt papirbok biblioteket

- Las denne i påsken, perfekt tima.
- Oversiktleg, gjenkjenneleg miljø.
- Enkelt plott og lettlest.
- Men det enkle er av og til det beste.
- Velskrive, elegante overgangar.
- Kvardagsdrama, truverdig handling.
- Av og til noko overtydeleg.
- Sympatisk hovudperson.
- Terningkast 4.

Britisk krim er noko eg har sans for, både tradisjonell puslespelkrim, politikrim og psykologiske thrillerar.
I følgjande bok får ein litt av alt dette.


Fuglekikkeren av William Shaw
Goliat 2018
303 sider
Lånt ebok BookBites

- Ikkje så bra som førehandsomtalane tilsa, men slett ikkje dårleg heller.
- Ny forfattar for meg og fyrste bok i trilogi.
- Treg start, som så ofte når eit nytt miljø og nye karakterar skal introduserast.
- Den mest sentrale forteljarstemma held noko skjult for omverda - og for lesaren.
- Spenninga ligg i kva dette inneheld og kva konsekvensar det kan få for vedkommande.
- To parallelle historiar, ei i notid og ei i fortid.
- Interessant og lettlest.
- Ei grei fyrste bok, og eg skal lesa resten av trilogien etter kvart.
- Terningkast 4+.


Så - endeleg - ei bok (og ein serie) ein får både gåsehud og åndenød av. Eg likar dei barnslege titlane i denne serien; ein sterk kontrast til innhaldet. Handlinga er lagt til Southampton, og det dreiar seg om skikkeleg skummel og utspekulert seriemordarkrim .


Dukkehuset av M.J. Arlidge
Vigmostad Bjørke 2016
406 sider
Lånt ebok BookBites

- Del 3 i Helen Grace-serien.
- Fascinerande hovudperson/"helt".
- Samt mange interessante karakterar i etterforskarteamet.
- Kidnapping, overgrep, brutale drap.
- Kamp mot klokka.
- Ein intelligent, ressurssterk og splitter pine gal mordar.
- Korte kapittel og raske perspektivskift.
- Høgt tempo, spennande frå start til slutt.
- Overraskande vendingar og stigande intensitet.
- Terningkast 5.

Er du med på leken av M.J. Arlidge
Vigmostad Bjørke 2017
432 sider
Kjøpt ebok 

- Del 4 i Helen Grace-serien.
- Ein pyroman/drapsmann/terrorist tenner på bustadhus og andre bygningar ulike stader i byen - samtidig.
- Stort press frå overordna og media for Helen og teamet hennar.
- Tidspresset er også denne gongen ein spenningsfaktor.
- Litt for lang; spenninga vart avløyst av ei kjensle av utålmodigheit.
- Stødig og sjølvsikker språkføring.
- Forfattaren har lagt lista høgt og mine forventningar er tilsvarande høge. Difor eit lite hakk ned denne gongen, til
- Terningkast 4+.

Kronologi Helen Grace-serien:
3. Dukkehuset
4. Er du med på leken
5. Nei nei gutt
6. Den som ikke har gjemt seg nå
7. Elsker elsker ikke

11. juni 2020

Bokomtale: 1794 av Niklas Natt och Dag

Cappelen Damm 2020
444 sider
Lånt papirbok biblioteket

Den forrige boka 1793 bergtok - og sjokkerte! - mange krimlesarar. Oppfølgjaren 1794 sjokkerer ikkje i same grad, men det er mykje bestialitetar, skitt og elendigheit i denne óg. Dei hjerteskjerande og rystande skildringane av levekåra til dei som befann seg på botnen av det svenske samfunnet anno 1794 gir verkeleg inntrykk. Det er i det heile ei dyster, overbevisande og spennande forteljing.

Hovudperson er som i forrige bok, palten (seperasjonsvakten) Mickel Cardell, og elles møter me igjen enkelte av karakterane derifrå - og fleire nye. På nytt handlar det om eit mysterium og eit uhyggeleg grovt - fruktansvärt - brotsverk; denne gongen om drapet på unge og vakre Linnea.

Erik Tre Rosor er, som namnet viser, av høg og adeleg byrd. Som barn møter han Linnea og deira nære forhold veks til gryande og sterk kjærleik. Men Linnea tilhøyrer ein lågare samfunnsklasse, så eit ekteskap er uaktuelt. Meiner Erik sin far. Guten får i staden eit "tilbod" om eit opphald på den dåverande svenske kolonien Saint-Barthélemy. Erik sine opplevingar på den karibiske øya er rystande lesing.
Etter ei tid døyr Erik sin far, og han vender tilbake til Sverige og Linnea. Bryllaup vert planlagt og feira på storslagent vis, men bryllaupsnatta endar på ein tragisk måte. Unge Linnea vert funnen død og maltraktert og Erik vert sendt til galehuset. Kva har skjedd? Mickel Cardell får i oppdrag å finna ut av saka.

For å ha utbytte av denne boka bør du ha ein viss fascinasjon for det mørke og makabre. Natt og Dag byr nemleg på detaljerte skildringar av sadistisk-pervers vald og andre onde gjerningar. Enkelte meiner at han dreg det vel langt til tider, og det kan eg tildels vera enig i. Samstundes veit ein at enkelte av dei hendingane det vert fortalt om kunne ha hendt i verkelegheita. Eg tenkjer her spesielt på det som vert fortalt frå slaveøya og frå sinnsjukehuset. Og deler av Stockholm var nok prega av fattigdom, sjukdom og stank på 1790-talet - akkurat slik som forfattaren skildrar det.

Språket i boka er vakkert, tykkjer eg. Litt snirklete og gammaldags og passar såleis til den tida det vert fortalt om. Dei skiftande perspektiva og ulike forteljarstemmene gjer at lesaren heile tida får nye moment og teoriar å forhalda seg til. Dette gjer det veldig spennande, men óg foruroligande og skremmande. Det er nemleg ikkje grenser for kva Natt och Dag utset karakterane sine for. Skildringane er levande og ofte ubehageleg detaljerte. Stemninga i boka er som sagt dyster og mørk - mørkare enn i 1793, der ein kunne ana eit lite lysskjær og eit glimt av håp.
Eg ser uansett fram til tredje og siste del i denne Bellman Noir-serien. Neste bok har naturlegvis tittelen 1795 og kjem til neste år.

2. juni 2020

Oppsummering mai 20

Påbyrja i april, fullført i mai:
Zeshan Shakar - Tante Ulrikkes vei - Norsk roman - Papirbok fått i gåve
M.J. Arlidge - Dukkehuset - Britisk krim - Lånt ebok BookBites

Lest i mai:
David Baldacci - Et eneste sekund - Amerikansk krim - Lyd Storytel
M.J. Arlidge - Er du med på leken - Britisk krim - Kjøpt ebok
Alf R. Jacobsen - Farlig farvann - Krigsdokumentar - Lånt ebok BookBites
Stefan Ahnhem - Motiv X - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Stefan Ahnhem - X måter å dø på - Svensk krim - Lånt lydbok biblioteket
William Shaw - Fuglekikkeren - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Ninni Schulmann - Svar meg hvis du hører meg - Svensk krim - Lånt papirbok privat / Lyd Storytel
Gard Sveen - Bjørnen - Norsk krim - Lyd Storytel
Aksel Lund Svindal og Torbjørn Ekelund - Større enn meg - Sjølvbiografi - Lyd Storytel
Sigbjørn Mostue - Himmelen skal gråte blod - Norsk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Bjørn Andreas Bull-Hansen - Jomsviking - Norsk historisk roman - Lånt ebok BookBites
Cilla og Rolj Börjlind - Den tredje stemmen - Svensk krim - Kjøpt papirbok og lyd Storytel


6 lyd, 4 ebøker, 1 papir, 1 kombinert papir og lyd
5 lånt, 4 abonnement, 2 kjøpt, 1 fått
9 krim/spenning, 1 roman, 1 biografi, 1 dokumentar
5 norske, 3 svenske, 3 britiske, 1 amerikansk
11 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Shakar, Shaw, Mostue, Svindal/Ekelund

Mai vart ein veldig bra lesemånad: Heile tolv bøker og heile fem terningkast 5. Både Fabian Risk-serien (Ahnhem) og Helen Grace-serien (Arlidge) anbefalast for dei krimkresne. Største positive overrasking vart likevel den Riverton-nominerte Himmelen skal gråte blod. Trass i enkelte lettvinte løysingar og nokre lite sannsynlege hendingar baud boka på nervepirrande spenning, mykje action og glimrande underhaldning.

Er du interessert i krigshistorie bør du lesa Farlig farvann. Alf R. Jacobsen er rett og slett ein mester innan denne sjangeren. Og er du bittelitt sportsinteressert vil eg anbefala sjølvbiografien til Aksel Lund Svindal. For ein idrettsmann han var og for eit forbilde han er.

Fuglekikkeren var heilt grei, men nådde ikkje heilt opp til dei forventnigane eg hadde. Og Tante Ulrikkes vei? Sorry, den fann eg ikkje heilt ut av. Det vart ei ny stadfesting på at norske samtidsromanar ikkje passar for meg. Dessutan las eg egentleg berre Mo si historie, for eg skjønte ikkje språket til Jamal. Eg er truleg for gammal og bur på feil kant av landet.