29. januar 2017

Bokhyllelesing: Lycke av Mikaela Bley + litt Sandhamn

Cappelen Damm 2016
349 sider
Papirbok fått i gåve

Utfordringa og leseprosjektet Bokhyllelesing har som føremål å lesa hittil uleste bøker frå eigne hyller, etter felles kriteriar. I årets fyrste runde er temaet les ei bok med blått omslag. Eg valde ei bok som ikkje har samla støv så veldig lenge: Eg fekk boka i bursdagsgåve i september i fjor.

Eg har, som mine faste blogglesarar veit, ei særleg interesse for svensk krim. Difor er det spennande og interessant med nye namn, men eg tykkjer verkeleg at å utropa Mikaela Bley som "Sveriges nye krimdronning" kun på grunnlag av denne debutboka - det er å ta hardt i.

Lycke vart ei høgst middelmådig leseoppleving for meg. Dette er ei krimbok for nybyrjarar; lettlest, fortlest - og fortgløymt. For meir røynde krimlesarar vert dette for enkelt og for tamt. Det er tydeleg at Bley har vore inspirert av forfattarar som Camilla Läckberg og Liza Marklund, men ho når ikkje opp til desse.

Det handlar om Lycke - ei åtte år gammal jente som forsvinn utan å etterlata seg spor. Foreldra er ekstremt sjølvopptekne og har meir fokus på å motarbeida kvarandre enn å vera bekymra for den forsvunne dottera. Stemora er likegyldig, media er grafsande og politiet er udugelege. Den einaste som prøver å gjera noko for å spora opp jenta er "vår heltinne", TV-journalisten Ellen Tamm. Denne Ellen har både guts, mot og erfaring, men vert elles framstilt på ein særs klisjéaktig måte. I det heile er det mykje som ikkje stemmer med denne boka med tanke på realisme og truverdigheit.

Når ein tenkjer på kor opprørande og hjerteskjerande temaet i boka egentleg er, vil eg hevda at forteljinga er forbausande lite engasjerande og uspennande. Eg virkar negativ her, men poenget er vel helst at eg føler meg snytt. Her er nemleg forventningane skrudd opp altfor mange hakk i høve marknadsføring og blurbs.

Enkelt språk, korte setningar, oversiktleg plott og tydelege perspektivskift gjer boka enkel å følgja og rask å lesa. Likevel er eg snill når eg gir terningkast 3.

Du finn oversikt over fleire OTS-bøker med blått omslag på bloggen Boktanker.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Eg "slengjer på" enno ein kort bokomtale i dette blogginnlegget. Dei to bøkene har såpass mykje felles at det er naturleg. Dei er begge skrivne av svenske kvinnelege forfattarar og begge er i kategorien lettlest publikumsvenleg underhaldningskrim. Samstundes er det ein del som er forskjellig. Med tanke på tema i utfordringa finn ein også her, dersom ein ser godt etter, eit blåskjær på omslaget. Boka er ikkje henta frå bokhylla mi, men frå biblioteket sine utlånshyller.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -


Cappelen Damm 2016
Speletid 10:59
Opplesar Håkon Strøm

Medan Lycke er ei debutbok, er I maktens skygge bok nummer 7 i ein serie frå ein veletablert forfattar. For meg er Viveca Sten eit heilt nytt bekjentskap, men eg har fått med meg at krimserien hennar er populær.

Folk som likar Camilla Läckberg sin serie frå Fjällbacka likar sikkert denne serien frå Stockholmsskjærgarden óg. Sjølv er eg lei av Fjällbackaserien - fordi bøkene er så like. Har du lest ei bok har du lest alle liksom. Eg har inntrykk av at det same gjeld Sandhamn-serien.

Eg likte ikkje denne boka noko særleg, og det skuldast framfor alt at dette er dameromankosekrim. Plottet er lettfatteleg og persongalleriet oversiktleg - og ein har liksom lest det før - mange gonger. Her er mykje fokus på "dameting" som interiør, utsjånad og barnepass. Den mannlege helten er tafatt, etterforskinga amatørmessig og saka vert løyst ved hjelp av kvinneleg intuisjon. Eller flaks, som det óg heiter.

Sten har for så vidt gjort bra handverk. Boka er logisk, enkel og har ei grundig oppbygging. Det baud heller ikkje på noko problem å starta lesinga langt ute i serien.
Det som trekker ned er alle klisjéane og trivialitetane, dei stereotype karakterane, overforklaringane, mangelen på spenning og ein særdeles treig start.
Eg forventa betre frå ein bestseljande og forholdsvis kjend forfattar. Terningkastet avspeglar dette.

Om eg kjem til å lesa fleire av bøkene i denne serien? Neppe.
Svensk krim pleier å bety kvalitetskrim - men det stemmer ikkje alltid.

24. januar 2017

Krigskrim og retrokrim

Historisk krim kan vera så mangt. Her følgjer kortomtalar av to stk. krigskrim og ein retrokrim. Eg registrerer at svart og raudt med kvit skrift er fargane som går att på omslaga. Er det snakk om omslagstrendar eller tilfeldigheiter?

Tårn av Bernt Rougthvedt
Cappelen Damm 2013
234 sider, lånt papirbok privat

Handlinga i denne boka er lagt til Oslo i tida 1944-45, dvs. at me befinn oss heilt i sluttfasen av andre verdenskrig. Boka er skriven i ein overraskande frisk stil og er ganske underhaldande. Her er lite av gravalvoret som ofte pregar bøker med handling frå denne tida.

I Tårn møter ein vakre kvinner, barske menn og slemme skurkar, og det handlar om dobbeltspel, agentverksemd, svik og likvideringar. Hovudperson og "helt" er journalisten Erik Fjeld, ein mann med kontaktar både med okkupasjons-makta, motstandsrørsla og politimyndigheiter. Han er ein superagent-figur, ein slags krysning mellom James Bond og Max Manus. Likevel tykkjer eg at han framstår som heller usjarmerande.

Boka er passe lang; om denne historia hadde vore meir omfattande hadde det blitt berre rør - for oppbygginga er nemleg litt rotete. Men eg fann boka såpass interessant at eg gir eit terningkast 4.


Sovende hunder av Roar Ræstad
Vigmostad & Bjørke 2014
421 sider, lånt papirbok biblioteket

Handlinga i denne boka er lagt til Trondheim i 1942 og me får følgja ein politimann si jakt på ein slu mordar.

Eg er imponert over Ræstad sine miljøskildringar; her må forfattaren ha gjort ein kjempejobb når det gjeld research. Omgivelsane virkar å vera realistiske og autentiske, ned i minste detalj.

Når det gjeld sjølve kriminalgåta vart eg ikkje så imponert. Det virkar som om forfattaren har vore for ambisiøs og gapt over for mykje. Eg tykkjer handlingstrådane er usamanhengande og at karakterane er uklare.
Store deler av boka har dårleg framdrift. Til tider tykte eg det var skikkeleg tregt og tungt. Men Gabriel Navarseth vart eit interessant bekjentskap, så eg har alt bestemt meg for å gje neste bok, Elven, ein sjanse.
Sovende hunder får terningkast 3.


Sporvekslingsmordet av Hans Olav Lahlum
Cappelen Damm 2016
431 sider, lånt ebok eBokBib

Lahlum held høgt tempo i skrivinga si av retrokrimserien om K2 og Patricia. Dette er bok nummer seks og handlinga er her lagt til året 1973. Boka er dedisert til Astrid Uhrenholt Jacobsen, og forfattaren har då også lagt deler av handlinga til eit langrennsmiljø:
Det handlar om drap på ein talentfull ung skiløpar. I løpet av etterforskinga viser det seg at ugjerninga kan ha samanheng med eit uoppklart drap og ei forsvinningssak frå fortida. Saka inneheld spor og villspor, hovudspor og sidespor.

Som alltid i denne serien; boka er stemningsfull og byr på gode tidsbilete frå perioden. Den snirklete, korrekte, detaljerte og oppramsande stilen er også blitt eit varemerke. Her er alt kronologisk og (nesten) alt vert fortalt gjennom augene til Kolbjørn K2 Kristiansen. I denne boka finn me eit unntak frå regelen, sidan Patricia, den stadig hemmelege hjelparen og kjæresten hans, får sleppa til med sine tankar og kjensler mot slutten.

Eg likar denne serien og tykkjer det er befriande med ein krimforfattar som går sin eigen veg, som er nyskapande og finn sin eigen stil. Samstundes er han trufast når det gjeld dei krimklassiske "formlane" og klisjéane som høyrer til. Terningkast 4+.

22. januar 2017

Smakebit på søndag: Camille av Pierre Lemaitre

Lydbokforlaget 2017
Speletid 10:48
Opplesar Anders Ribu
Lytteeksemplar


Dette er ei rykande fersk lydbok, fabelaktig opplest og ein storarta avslutning av trilogien om Camille Verhoeven. Ikkje fullt så nervepirrande og heller ikkje med så mange sjokkerande overraskingar som i dei føregåande Irene og Alex, men også dette er ei uhyre velskriven, velkomponert og spennande forteljing.

Lemaitre har ei fabelaktig evne til å skildra dramatiske hendingar. Det er så knivskarpt og så detaljert at det er som å sjå ein (sakte) film. Midt inne i actionscenene flettar han gjerne inn refleksjonar, reaksjonar og karakteristikkar. Språket er elegant, men også ironisk - slik at ein vert sitjande å humra litt samstundes som det handlar om vald, blod og gru. Det er godt gjort av ein forfattar å få fram så ulike reaksjonar samstundes.

Med tanke på kva som hende med Irene og Alex, dei to kvinnene som bok ein og to handla om, må eg sei at eg var svært spent på denne boka som heiter Camille. Kva i alle dagar skulle bli Camille sin lagnad? Det tenkte eg ein heil del på medan eg las. Spenningsnivået er høgt gjennom heile boka, og ein kan sei at dette usikkerheitsmomentet skapte ein ekstra "spenningsdimensjon".

Det er ikkje så lett å skriva eit samandrag av handlinga fordi ein gjerne avslører for mykje. La meg berre kort sei at utgangspunktet er eit ekstremt brutalt ran og at ein av ofra for denne ugjerninga er Anne, den nye kjæresten til Camille.
"En hendelse blir betraktet som avgjørende når den vipper livet ditt fullstendig ut av balanse. [..] Som for eksempel tre skudd fra en pumpehagle mot kvinnen du elsker. Det er det Camille snart skal oppleve.."
Anne overlever valden ho vert utsett for, men medan ho er til behandling vert ho utsett for eit nytt angrep. Er det ransmennene som vil kvitta seg med eit vitne, eller ligg det noko anna bak? Camille er rådvill og redd og må etter kvart ty til kreative løysingar og alternative etterforskingsmetodar.

Forfattaren knyter hendingar i dei to fyrste bøkene saman med denne siste. Eg gir denne boka ein femmar på terningen, men for heile trilogien har eg mest lyst til å gi terningkast 6. Då er det ein føresetnad at ein les bøkene samanhengande og i rett kronologisk rekkefølge.

Camille vart ei super lytteoppleving og eit verdig punktum for denne trilogien. Eg føler faktisk at det er litt vemodig no når eg har lest ut denne siste boka, men eg kjenner meg også viss på at Pierre Lemaitre kjem til å skriva gode og leseverdige bøker i framtida.

Fleire søndagssmakebitar og boktips kan du finna på bloggen Flukten fra virkeligheten.

19. januar 2017

Bokomtale: Amundsen av Espen Ytreberg

Sidan eg ikkje får betalt av Freia for å halda bloggepause, kjem det også i dag eit blogginnlegg frå meg..
. . . . . . . . . . . . . . . . .

Tiden 2016
234 sider
Kjelde: eBokBib

Verkeleg ei interessant lita bok om ein berømt polarhelt. Eg har lest fleire biografiar i det siste der Amundsen har vore bifigur, men her er han altså hovudperson. Og det er ingen biografi, men ein roman.

Det handlar for ein stor del om den bragden som Amundsen er mest kjent for; erobringa av Sydpolen - kappløpet som han "vann" framfor engelskmannen Robert Scott og hans mannskap.
Det handlar om førebuingar, planlegging, gjennomføring og etterspel. Om store visjonar, vanskelege vertilhøve, ekstremt slit og utfordrande konfliktsituasjonar. Om ambisjonar, eventyrlyst, mot og pågangsmot. Om korleis Nordpol-planar vart til Sydpol-planar. Om korleis Roald Amundsen manipulerte omverda, skaffa seg økonomiske midlar på falske premissar og "lurte" Fridtjof Nansen slik at han fekk dra med polarskipet Fram. Om kor opptatt han var av at erobringa skulle kunna dokumenterast.

Amundsen sitt store ideal og førebilete var Fridtjof Nansen. Ein innbiller seg gjerne at dei var jamngamle i og med at dei var samtidige og fordi dei ofte vert nemnde i same andedrag, - men i innleiinga i denne boka møter me barnet Roald Amundsen som deltek i hyllesten når den unge Nansen kjem tilbake frå Grønlands-ekspedisjonen. Der og då vert draumane om framtidige bragder lagde hos Amundsen, skal ein tru Ytreberg. (Nansen vart fødd i 1861, Amundsen i 1872)

Det som fungerer best i denne boka er skildringa av Sydpol-ekspedisjonen, tredje Fram-ferd. Ytreberg får fram kor vanvittig dristig og ambisiøs denne ferda var. Ein kjenner kulden, svolten, smertene og uvissa gjennom alle dei 99 dagane sjølve marsjen til polpunktet varte. Forfattaren får også fram kor spesielt, farleg og vakkert landskapet på Antarktis er. Den kyniske bruk- og kast-tankegangen av alle hundane er ei anna sak som gir sterkt inntrykk. Eg fann det også interessant å bli meir "kjend med" dei øvrige ekspedisjons-deltakarane. Samhandlinga, samtalane og samarbeidet mellom dei er skildra på ein truverdig måte. Ytreberg fortel om kor stor rolle Roald Amunsen sin storebror, Leon Amundsen, hadde i samband med ekspedisjonen; som forretningsførar, planleggjar, mediekontakt (som det heiter i dag), økonomikontakt og - på ein måte; "støttekontakt" for broren etter heimkomsten.

Slik Ytreberg framstiller Amundsen, var det ingen stolt og lukkeleg mann som vende heim etter sydpolferda. Han var sjølvsagt nøgd med at han nådde målet sitt, men her virkar han usikker, sur og tverr. Kvifor? Ei av forklaringane er at han ventar på anerkjenning frå Nansen, ei anna at Hjalmar sin lagnad plagar han, - men eg tykkjer ikkje boka gir klart nok svar på kvifor Amundsen ikkje er heilt i balanse.
Det forundrar meg at Amundsen vert skildra på den måten. Eg har, på grunnlag av Ragnar Kvam sine biografiar om Hjalmar Johansen og De fire store og Per Egil Hegge sin biografi om Otto Sverdrup, fått eit heilt anna bilete av mannen. Men igjen; dette er ein roman og ein kan difor ikkje sei at Ytreberg tek feil. Korleis Amundsen egentleg var som person er det vanskeleg å vita noko sikkert om i dag.

Amundsen - en roman (kjedeleg tittel, vil eg påstå) er ein biografisk roman der forfattaren baserer seg på mange ulike skriftlege kjelder, ikkje minst dagbøkene til Hjalmar Johansen, Kristian Prestrud, Olav Bjaaland, Helmer Hanssen, Sverre Hassel og Oscar Wisting. (Sistnemnde er forresten liksom oldefar til den fiktive William Wisting, kjend frå Jørn Lier-Horst sine kriminalromanar.) Eg skulle ønska at boka hadde vore meir omfattande. Denne boka handlar om ein avgrensa periode av Roald Amundsen sitt liv, men eg skulle gjerne lest meir om resten av livet hans, om Maud-ekspedisjonen og særleg den dramatiske avslutninga.

Andre bloggmeiningar: Moshonista, GroskroPervoluto

Frå høgre: Amundsen, Bjaaland, Hassel og Wisting framfor teltet "Polheim" på Sydpolen
den 14. desember 1911. Hanssen var fotograf. (Skjermbilete frå http://frammuseum.no)
I boka vert det fortalt om kor viktig denne fotograferinga og poseringa var for Amundsen.

17. januar 2017

Samleinnlegg: Vinterlesing - Norsk seriekrim

Det finst "uendeleg" med norske krimheltar - og det dukkar stadig opp nye historiar om dei og deira virke. Både Mikael Brenne, Hanne Wilhelmsen og Orla Os er "gamle kjenningar" som eg har følgd frå starten av.


Den som forvolder en annens død av Chris Tvedt
Gyldendal 2016
366 sider, lånt papirbok privat

Eg ser på advokat Mikael Brenne som ein slags fetter av privatetterforskar Varg Veum. Eg beskuldar slett ikkje Chris Tvedt for plagiat eller noko - men Tvedt sine bøker har svært mykje til felles med Gunnar Staalesen sine. Dei to forfattarane har den same stødige og grundige skrivestilen, det same skråblikket på samfunnet, det same oppriktige engasjementet og den same kjærleiken til heimbyen sin - Bergen. Samanlikninga er altså positivt meint.

Som ein kan forstå av tittelen er dette advokatkrim, og det er slett ikkje så kjedeleg som ein kanskje skulle tru. Bok seks i serien er eit etterlengta gjensyn med advokat Brenne som her får fleire utfordringar, både privat og profesjonelt. Den som forvolder en annens død er velskriven, underhaldande og interessant - men gjorde ikkje like sterkt inntrykk på meg som enkelte andre bøker av denne forfattaren har gjort.
Terningkast 4.


I støv og aske av Anne Holt
Vigmostad & Bjørke 2016
379 sider, lånt papirbok privat

Dette er Hanne Wilhelmsen og Anne Holt i godt gammalt slag. Holt skriv levande og flytande og er som alltid samfunnsaktuell. Ho byggjer finurlege plott som lesaren ikkje har problem med å følgja. Kjappe sceneskift, varierande og utfyllande perspektiv og effektiv spenningsoppbygging gjer boka svært drivande. Sidene vender seg sjølv medan ein les.

Bok nummer ti i serien om Hanne Wilhelmsen handlar i stikkordform om mord, justismord, høgreekstremisme og hevn, - og om gamle kriminalsaker som (sjølvsagt) heng saman med nye.

Samarbeidet mellom den sære Hanne og den like spesielle makkeren hennar er interessant og fornøyeleg å lesa om. Det er fint at forfattaren legg inn litt tørr humor innimellom alt det triste og alvorlege.
Terningkast 4+.



De dødes hus av Jorun Thørring
Aschehoug 2016
398 sider, lånt ebok eBokBib

Store deler av handlinga i denne boka er lagt til eit "skummelt" gammalt vinslott i Bordeaux. Perfekte kulissar for ein kriminalroman, skulle ein tru. "Klassisk" plott der hendingar i notid har samanheng med hendingar i fortid: eit hevnmotiv som har sitt opphav tilbake i krigens dagar då ein familie søkte til dette slottet på flukt frå nazistane. Vekslinga i tid - mellom 1942, 1978 og 2001 - er elegant utført. Det same gjeld skifte av synsvinklar.

Orla Os, etterforskar og rettsmedisinar knytta til Paris-politiet og opphaveleg nordnorsk, er ein uvanleg - men ikkje særleg interessant - karakter. Dei øvrige karakterane er heller ikkje særleg truverdige. Eg vart difor ikkje så veldig engasjert i dei to parallelle historiane.
De dødes hus er lettlest, men for meg er det negativt at forfattaren overforklarar. Mykje av spenninga forsvann undervegs på grunn av alle dei sjølvsagde utgreiingane. Og den oversøte epilogen er verkeleg heilt unødvendig. Terningkast 3.

14. januar 2017

Favorittforfattarar: E

Del fem i gjennomgangen av favorittforfattarane mine - og heller ikkje denne gongen var det vanskeleg ut å plukka ut ein mann og ei kvinne som har skrive bøker som har betydd mykje for meg.

Foto:Linda Engelberth

Edvard Hoem

Norsk forfattar f. 1949.

Hoem er i løpet av dei siste par åra blitt ein Favoritt med stor F for meg. Eg har teke føre meg dei fleste historisk-biografiske romanane hans - og er fascinert av forteljarmåten og imponert over kunnskapen hans. Han skildrar folk og miljø med respekt, engasjement, openheit og forteljarglede. Språket hans er stilsikkert og poetisk.

Edvard Hoem har gitt ut over 40 bøker; romanar, skodespel, dikt, essays og biografiske verk. Han er også kjend som salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. Det store gjennombrotet kom med romanen Kjærleikens ferjereiser i 1974. For den boka og for Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk råds litteraturpris. I 2013 fullførte han sitt fire band store og kritikarroste biografi om (dobbeltgjengaren sin) Bjørnstjerne Bjørnson.

Edvard Hoem er ein allsidig, folkekjær og markant forfattar - og han er ein framifrå opplesar av sine eigne bøker. Akkurat no er han aktuell med Land ingen har sett - ei bok som eg kan anbefala på det varmaste.


Amerikansk kriminalforfattar f. 1949

Kanskje ikkje den heilt store favoritten no lenger, men opp gjennom åra har eg lest og likt "utallige" bøker frå denne produktive forfattaren.

Dette er dama bak radarparet Lynley og Havers som mange kjenner frå TV-skjermen. George er altså amerikansk, men i bokserien skildrar ho dei ulike sidene av det britiske samfunnet så godt at sjølv engelsmennene reknar ho som ei av sine eigne. Det er då også BBC som har produsert TV-seriane om det umake paret: Sir Thomas Lynley; den perfekte og adelege og Barbara Havers; frå den heilt andre kanten av den sosiale rangstigen. Samspelet og samhandlinga mellom dei to er svært godt skildra i bøkene og er med på å gjera dei til gode leseopplevingar.

Elizabeth George debuterte med Mørkets gjerninger i 1988 og den 18. og førebels siste (utgitt på norsk) er Bare en ond handling frå 2013.


To namn som for meg er "nesten-favorittar" på E er krimklassiske Edgar Allan Poe og den friske svenske krimkometen Emelie Schepp.

Mange har sikkert den italienske forfattaren Elena Ferrante som ein soleklar favoritt-E. Eg óg prøvde meg på Mi briljante venninne for ei tid tilbake, men det vart det ikkje spesielt vellukka, for å sei det slik..

Kven har du som favoritt på E?

Ernest Hemingway og Erich Maria Remarque?
Erlend Loe og Erik Fosnes Hansen?
Eystein Hansen og Eirik Husby Sæther?

... eller E.L. James?

11. januar 2017

Kort om: Ondskapens kall av Robert Galbraith

Cappelen Damm 2016
Speletid: 18:15
Opplesar: Morten Røhrt

Lånt på biblioteket

J. K. Rawling brukar namnet Robert Galbraith når ho skriv kriminalromanar. Dette er bok nummer tre i serien om Cormoran Strike og Robin Ellacot. Serien er velskriven, spennande og original. Protagonistane er interessante, spesielle og tildels truverdige.

I bøkene finn ein element som ein kjenner att frå klassisk britisk krim med mange mistenkte og ulike motiv, men serien inneheld meir action og har meir makabre undertonar. Kombinasjonen saktegåande puslespelkrim, råskap og mystikk samt hovudpersonar som engasjerer - den er uslåeleg. Når ein kan leggja til at forfattaren skriv med humor, snert og sjarm forstår du sikkert at dette er verkeleg gode leseopplevingar.

Antagonisten i Ondskapens kall er ein skikkeleg fæl mann. Det handlar m.a. om seriedrap, valdtekter og fjerning av kroppsdeler. Boka startar med at Robin får tilsendt ei pakke til kontoret. Pakka inneheld eit avkappa bein av eit menneske og ein tekst som betyr noko heilt spesielt for Strike. Det virkar som om det er Strike som er "målet" - men lesaren får vita at gjerningspersonen også er ute etter Robin.
Vedkommande som sende pakka vil ramma både detektivbyrået og dei to som jobbar der. Strike veit at det finst nokre personar i hans eiga fortid som kan vera kapable til ein slik brutalitet og ondskap som her vert vist. Politiet har på si side fokus på feil plass og feil person, og handlinga i boka består mykje i Cormoran og Robin si alternative etterforsking. Granskinga deira fører dei til ulike bisarre, mørke og skremmande miljø.

Samstundes med opprullinga av saka (eller sakene, for det skal skje fleire drap..) får ein følgja med på privat- og kjærleikslivet til Robin og Cormoran. Det er sterke kjensler mellom dei to, men begge skjuler det så godt dei kan for den andre parten. Begge er dessutan opptatt på kvar sin kant. Sentralt i boka/serien er spørsmålet om dei nokon gong kan bli eit par.

Kvart kapittel vert innleia med eit sitat frå ein sang av Blue Öyster Cult. Tittelen på boka er også henta frå ein BÖC-låt, Career of Evil. Dette er slikt som skapar ein rocka god stemning, tykkjer eg. Det er absolutt ein fordel å lesa bøkene serien kronologisk, så har du ikkje lest Når gjøken galer og Silkeormen tidlegare bør dei lesast før du tek til på denne.

Ondskapens kall er omfangsrik; papirutgåva er på 525 sider og lydboka på over 18 timar. Dette kan virka avskrekkande for mange, men det er altså ei kriminelt bra bok; ein smart og underhaldande kriminalroman med uventa vendingar. Eg ser verkeleg fram til bok nummer fire.

Andre bloggmeiningar:
Edgeofaword, Betraktninger, Flukten fra virkeligheten

8. januar 2017

Bokbloggerprisen 2016 - mine nominerte

Eg las i alt 24 bøker som kunne vera aktuelle for nominasjon til Bokbloggerprisen 2016; 19 i klassen for skjønnlitteratur (15 av desse innan krim-/spenningsjangeren) og 5 i open klasse (4 sakprosa + 1 novellesamling). Ein har høve til å nominera heile 7 bøker innan kvar klasse, men det vart til at eg nominerte kun 3 i open klasse. Fristen for nominasjon gjekk ut i går.

Av mine nominerte er 3 bøker utgitt av Oktober, 2 kjem frå Cappelen Damm, 2 frå Gyldendal og 1 frå kvar av forlaga Aschehoug, Juritzen og Vigmostad & Bjørke. Eg nominerte desse bøkene, i prioritert rekkefølge:

Skjønnlitteratur - "Årets norske roman inkl. krim"
  1. Tore Renberg: Du er så lys 
    Årets beste leseoppleving for meg
  2. Edvard Hoem: Land ingen har sett
  3. Torkil Damhaug: En femte årstid
  4. Unni Lindell: Jeg vet hvor du bor
  5. Gunnar Staalesen: Storesøster
  6. Jan-Erik Fjell: Lykkejegeren
  7. Gert Nygårdshaug: Budbringeren
Open klasse - "sakprosa, lyrikk, barne- og ungdomslitteratur m.m."
  1. Torgrim Sørnes: Bøddel
  2. Asbjørn Jaklin: Brent jord 1944-1945
  3. Frode Grytten: Menn som ingen treng
I morgon kjem "fasiten", dvs. då vert langlista publisert og me får vita kven av bøkene frå 2016 som har fått flest stemmer av dei deltakande bokbloggarane.
Eg har nok ikkje tru på at "mine" bøker kjem med i "finalen", med unnatak av Renberg og Grytten - kanskje. Me får sjå - og ta det som det kjem.

- - - - - - - -

Red. 9.1.
Langlistene vart som følgjer:

Årets roman:
•  Leiligheten av Nora Szentiványi (Oktober)
•  Jane Ashlands gradvise forsvinning av Nicolai Houm (Tiden)
•  Du er så lys av Tore Renberg (Oktober)
•  Hviskeren av Karin Fossum (Cappelen Damm)
•  Hennes løgnaktige yter av Selma Lønning Aarø (Cappelen Damm)
•  Arv og Miljø av Vigdis Hjort (Cappelen Damm)

Open klasse:
•  Bøddel av Torgrim Sørnes – dokumentar (Vigmostad og Bjørke)
•  60 damer du skulle ha møtt av Jenny Jordahl og Marta Breen – tegneserie (Forlaget Manifest)
•  Um sakne springe blome, av Cathrine Blaavinge Bjørnevog – lyrikk (Samlaget)
•  To Søstre av Åsne Seierstad – dokumentar (Kagge)
•  Blodskraft av Lise Grimnes – ungdomsroman (Aschehoug)
•  Lars er LOL av Iben Akerlie – ungdomsroman (Aschehoug)

Dermed må eg sei meg nøgd sidan begge mine topp-plasseringar er "inne i varmen". Litt overraskande at Sørnes vart med og at Grytten ikkje nådde opp. Utanom Renberg og Sørnes har eg kun lest Fossum av desse. Og eg meiner det er gledeleg med ein krimnominasjon sjølv om Fossum ikkje leverer sitt beste med Hviskeren.

Seierstad sine To søstre har eg på vent og den skal lesast ved høve. Lønning Aarø har eg også notert meg tidlegare. Når det gjeld dei andre avventar eg til kortlistene kjem før eg seier noko bestemt. Her er opptil fleire titlar som eg stiller meg undrande/avvisande til.

- - - - - - - -

Red. 24.1.
Kortlistene vart slik:

Årets roman:
•  Vigdis Hjorth: Arv og miljø
•  Nicolai Houm: Jane Ashlands gradvise forsvinning
•  Tore Renberg: Du er så lys

Open klasse:
•  Åsne Seierstad: To søstre
•  Catherine Blaavinge Bjørnevog: Um sakne springe blome
•  Torgrim Sørnes: Bøddel 

I tillegg skal det stemmast over ein "joker" mellom dei gjenverande seks nominerte. Akkurat den avstemminga får gå sin gang utan meg. Eg registrerer at "mine to" (Du er så lys og Bøddel) framleis er med - og at dei dermed får enno meir merksemd enn det dei alt har fått. Det er bra.

6. januar 2017

Bokomtale: Max, Mischa & Tetoffensiven av Johan Harstad

Gyldendal 2015
1104 sider
eBokBib

Somme stader står det at denne romanen er på 1087 sider, andre stader at det er 1104 sider. Eg las eboka og då varierer sidetalet alt etter kor store fontar ein vel. På mobilen min hadde boka omlag 2400 sider... Poenget mitt er at dette er ei gigantisk, enorm bok - på fleire måtar - og eg sleit med å komma meg gjennom. Eg byrja på boka i midten av november og vart ikkje ferdig før på nyttårsafta.

Sidan Max, Mischa & Tetoffensiven har fått så utruleg mange gode omtalar, vart eg frista til å lesa denne mursteinen. Eg var også svært begeistra for Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet av same forfattar då eg las den for eit par år sidan - og forventa meg ei liknande fascinerande forteljing. Vel - eg vart vonbroten. Denne boka vart aldri - på langt nær - like interessant og gripande. Eg trur det har mest med at miljøet som vert skildra i denne boka var så framandt for meg. Mesteparten av handlinga er lagt til New York, USA og eit omskifteleg kulturmiljø. Fleire av film-, teater- og musikkreferansane i boka forsto eg ikkje.

Men Apocalypse now har eg sett - og den filmen er sentral i boka og betyr mykje for hovudpersonen og hovudforteljarstemma; teaterregissøren Max Hansen. Betyr mykje gjer også skodespelaren Shelley Duvall som ein kan sjå på omslaget. For meg - og dei fleste andre? - er Duvall mest kjent som den skrekkslagne kona til Jack Nicholson i The Shining. For Max er i all fall Duvall ei draumekvinne. Når den sekstenårige Max fell for den sju år eldre kunstnaren Mischa - som er kliss lik Duvall - har han på ein måte alt møtt Den Rette.

Fyrste del av boka handlar om Max sin oppvekst utanfor Stavanger, med syster og foreldre med AKPml-sympatiar, med kameratar og utprøving av grenser. Det vert bestemt at familien skal flytta til USA sidan faren jobbar som pilot. Flyttinga er imot Max sin vilje så det går ei tid før han finn seg til rette i det nye landet, men så kjem Mordecai inn i livet hans. Det vert starten på eit varig og sterkt - men også utfordrande - venskap. Alt dette er fint skildra.
Parallellt med Max si forteljing om forholdet til Mischa og Mordecai, om foreldra som går frå kvarandre, utdanning og etter kvart arbeidsliv, om fascinasjonen hans for Vietnamkrigen, får me høyra om livet til ein annan mann som faktisk deltok i den krigen. Owen - eller Ove som han opphavleg heitte - er den lenge sakna onkelen til Max. Etter kvart skal dei få kontakt - og det vert også eit venskapsforhold utanom det vanlege.

Det er slitsamt å lesa om denne Max-karakteren. Eg oppfattar han som sutrete, negativ og sjølvopptatt. Samstundes er han tiltakslaus og brukar mykje tid på å venta på at andre folk rundt han skal ta tak i det som han burde tatt tak i sjølv. Han er rett og slett irriterande og usympatisk og eg orkar liksom ikkje å bry meg om han.
Eg vart forresten ikkje særleg engasjert i dei andre karakterane heller.
Fyrste halvdel av boka har bra flyt og brukbart tempo, men skrivestilen er krevjande. Her får ein setningar som går over fleire sider, det er laaaange avsnitt og lite luft - og dermed sparsamt med "pusterom". Etter kvart tek det til å bli kjedeleg.

Max, Mischa & Tetoffensiven inneheld mange fine skildringar - men dei er ofte utmattande detaljerte. Eg føler at Harstad ikkje ser sine eigne (og lesaren sine) begrensingar. Det vert altfor mange ord, altfor lange setningar, for omfattande utbroderingar, for mange trådar som vert hengande i lause lufta.

Etter 600-700 sider var eg så lei at eg tok til å lesa på skrå - det må innrømmast. Store deler av den etterlengta (og apokalyptiske) avslutninga berre skumma eg gjennom for å bli ferdig. Det var inga god kjensle.

Boka har sine kvalitetar - det er klart - eg hadde ikkje lest ho ut dersom det ikkje var noko som var positivt og leseverdig. Fleire av formuleringane er nyskapande og sitatvenlege og ein vert sitjande og nikka medan ein les. Men likevel altså; alle seksarane og superlativane som denne boka har fått - dei er eg ikkje enig i.

3. januar 2017

Lesemål og leseplanar 2017

Heller ikkje i år ynskjer eg å ha for detaljerte leseplanar og rigide lesemål, men ei rettesnor kan vera god å ha.
Tida er inne for å gå gjennom dei lesemåla eg hadde for 2016. Korleis gjekk det? Var lesemåla gjennomførbare? Kan enkelte av dei gjentakast no i 2017? Her kjem ein gjennomgang punkt for punkt.

1. Lesa 120 bøker og færre bøker enn i 2015: 106/120. Mål delvis oppnådd. Eg las betydeleg mindre enn i forfjor. Mål for 2017 blir å lesa bittelitt fleire enn i 2016.

2. Minst 6 bøker på meir enn 600 sider: 9/6. Mål nådd med god margin. Her kan eg utfordra meg sjølv enno litt meir.

3. Årets norske utgjevingar: 24/24. Mål oppnådd akkurat.

4. Samlesing av kortlista til BBP 2015. Ikkje talfesta og heller ikkje oppnådd. Eg las 4 av 7 - men likte berre to av dei. Dette punktet går ut for 2017. 

5. Eldre litteratur, dvs. frå før 2000: 12/20. Mål ikkje nådd.

6. Gjenlesing: Ikkje talfesta, men eg har gjenlest 8 bøker og seier meg nøgd med det. Målet er oppnådd.

7. Biografiar: 9/10. Nesten i mål.

8. Annan sakprosa: 14/12. Mål nådd.

9. Bokhyllelesing: Ikkje talfesta og inga deltaking. Stryk.

10. Bokomtalar: 34/40. Brukbart resultat sjølv om målet ikkje vart nådd fullt ut.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Med bakgrunn i gjennomgangen over vert dette mine konkrete og talfesta lesemål for 2017:

1. 110 bøker totalt
2. 10 mursteinar (dvs. bøker på minst 600 sider)
3. 24 norske utgitt i 2017
4. 5 1001-bøker (nytt punkt, erstattar BBP-lesinga)
5. 12 bøker frå før 2000
6. 5 gjenlesingar
7. 10 biografiar
8. 14 annan sakprosa
9. 6 bokhyllelesingsbøker
10. 34 bokomtalar

1. januar 2017

Oppsummering desember

Påbyrja i november, fullført i desember:
John Hart - Syndenes forlatelse - Amerikansk roman - Kjøpt lydfil
Johan Harstad - Max, Mischa & Tetoffensiven - Norsk roman - eBokBib

Lest i desember:
Anne Holt - I støv og aske - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Edvard Hoem - Land ingen har sett - Norsk historisk roman - Lånt lydbok biblioteket
Chris Tvedt - Den som forvolder en annens død - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Robert Galbraith - Ondskapens kall - Britisk krim - Lånt lydbok biblioteket
Bernt Rougthvedt - Tårn - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Sigmund Falch - Slemmaste dokka i Dramman - Humor/satire - Lånt papirbok privat
Aina Stormo og Katia Gjerding Wiegand - Jesperpus - Dokumentar - Papirbok fått i julegåve

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Jorun Thørring - De dødes hus - Norsk krim - eBokBib
Richard Herrmann - Seks skudd ved stengetid - Kriminalhistorisk dokumentar - Storytel


  •  5 papir, 3 lyd, 1 ebok
  •  7 lånt,  1 kjøpt, 1 fått i julegåve
  •  5 krim/spenning, 2 andre romanar, 1 dokumentar, 1 humor
  •  7 norske (4 av desse frå 2016), 1 amerikansk, 1 britisk
  •  6 menn,  3 kvinner
  • "Nye" forfattarar: Rougthvedt, Stormo, Wiegand
Likte best: Land ingen har sett
Likte minst: Max, Mischa & Tetoffensiven