24. mai 2023

Dikt og slikt: Den annsame

Kvifor har me det så travelt heile tida?
Diktet nedanfor handlar om at ein aldri stoppar opp for å kjenna at ein lever og om å ikkje sjå menneska rundt seg. 

Jan-Magnus Bruheim (1914-1988) var frå Skjåk og debuterte i 1941 med diktsamlinga «Stengd dør.» Han ga ut 29 diktbøker og 19 barnebøker i løpet av forfattarskapet sitt.

Bilete henta frå https://www.janmagnusbruheim.no/
 
Den annsame

Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske som han møter,
dei ansar han aldri på.

Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes på dagen.
Han står der, studd over stav
og spør: Kva har livet gjeve
og kvar er det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på vegen
men nådde han aldri att.


Frå samlinga «Årringar» (1987)

23. mai 2023

Vårlesing: Terningkast 4-bøker

Eit nytt samleinnlegg med korte omtalar/vurderingar.

Skyggeriket av Kim Faber og Janni Pedersen
Aschehoug 2023
410 sider
Lånt ebok BookBites

- Fjerde bok i serien om Martin Juncker.
- Underhaldande, velskriven og ganske spennande.
- Interessant tematikk; klimaterror, kostskular, hemmelege losjar, maktmisbruk, likvideringar.
- God flyt og godt samanskrudd historie.
- Gode personskildringar, ein blir godt kjent med hovudpersonane. Men enkelte av bikarakterane er nokså klisjé-aktige.
- Eg likar den mørke humoren.
- Likevel: Ikkje fullt på høgde med dei tidlegare bøkene, så eit knepp ned frå Kveleren
- Terningkast 4+.

Skoddehav av Kristina Ohlsson
Gyldendal 2023
495 sider
Lånt papirbok privat

- Tredje bok i serien om brukthandlaren, bokelskaren og amatøretterforskaren August Strindberg.
- Likskapen med Camilla Läckberg sin Fjällbackaserie er påfallande. 
- Bra underhaldning og veldig lettlest.
- Gjennomtenkt og godt oppbygd plott.
- Tek opp aktuelle tema
- men også ein del unødvendige trivialitetar. Bakekonkurransen og venen Henrik sine damehistoriar kunne godt vore kutta ut.
- Terningkast 4.


Nedtelling av Tina Frennstedt
Vigmostad Bjørke 2021
486 sider
Lånt ebok BookBites

- Andre bok i Cold Case-serien.
- Som den fyrste boka Forsvunnet er handlinga basert på ei verkeleg (kald) sak.
- Har sans for Tess Hjalmarsson, kul og skarp hovudperson.
- Historia går føre seg i "Kurt Wallander-land" (Ystad og omegn i Skåne, kjent frå Henning Mankell sin krimserie) som gjer omgivelsar og landskap gjenkjennbart. 
- Viser kor øydeleggjande uoppklarte drapssaker er, spesielt for dei etterlatte, men ofte óg for heile lokalsamfunn.
- Godt komponert, bra tempo.
- Sakleg, truverdig og realistisk - og kanskje meir interessant enn spennande.
- Terningkast 4+.

Dorthea Bjørk av Bjørn Bottolvs
Liv forlag 2022
215 sider
Lånt papirbok biblioteket

- Ein forfattar som til no "har gått under radaren" for meg.
- Psykologisk thriller av typen "muleg upåliteleg forteljarstemme".
- Å ta del i hovudpersonen Dorthea sine tankar og liv er ganske ubehageleg. På den eine sida får ein medynk og sympati med henne, og på den andre sida forstår ein at ho har gjort noko fælt.
- Fleire uventa hendingar og vendingar.
- Oversiktleg persongalleri, bra framdrift.
- Akkurat passe lang (kort).
- Terningkast 4.


Nine Elms-morderen av Robert Bryndza
Cappelen Damm 2021
Speletid 13:14
Lydbok Storytel

- Fyrste bok i serie, frå endå ein ny forfattar for meg.
- Barskt, bestialsk og tildels grotesk. 
- Likevel ein lovande start på serien, for historia er velskriven og spennande.
- Handlinga får meg til å tenkja på både Hannibal LecterJurek Walther og Jack the Ripper.
- Lite truverdig avslutning og gudskjelov usannsynleg historie.
- Litt for omstendeleg og tidvis dårleg tempo trekker óg ned.
- Terningkast 4.

10. mai 2023

Dikt og slikt: Løvetannens bønn

Harald Sverdrup (1923-92) var ein såkalla modernistisk lyrikar som i si tid var relativt kontroversiell. Han utfordra gjerne det som vart sett på som korrekt med dei erotiske og satiriske dikta sine. Men Sverdrup var også ein fin naturlyrikar, noko ein kan sjå eksempel på i dette diktet: 

Løvetannens bønn

Blås på meg barn!
Fang mine stigende stjerner
og kikk på min gule sol
- som brenner i gressets grønne himmel
med alle de undrende øyne.

La de små barn komme til meg
for de vet ikke hva ugress er.


Les diktet "Stemmeseddel" (Boktips.no)

Les diktet "Øvelser i hjemlig diskriminering" (Bok365.no)

Wikipedia

6. mai 2023

Kort om: Bomullsengelen av Susanna Alakoski

Samlaget 2023
Speletid 15:01
Lånt lydbok BookBites

Bomullsengelen er fyrste del av ein planlagt kvartett. Me befinn oss i Finland og serien handlar om kvinneliv og arbeidsliv frå starten av 1900-talet og fram til våre dagar. I Bomullsengelen har forfattaren teke utgangspunkt i si eiga bestemor sitt liv. 

Handlinga tek til med at hovudpersonen Hilda vert fødd i 1905. Fødselen er såpass traumatisk for mor hennar at mora aldri vert seg sjølv igjen. Både far og mor til Hilda er dermed fråverande; mora med si "stiresjuke" og faren som har reist til Amerika. Hilda veks såleis opp med tanter, filleonklar, søskenbarn og gamle Sanna-täti - i det som vel må seiast å vera ein lykkeleg barndom, etter forholda. For forholda er nemleg vanskelege på den finske landsbygda; livet og tilværet prega av fattigdom, uår og krig.

Rett etter konfirmasjonen vert Hilda gravid - med presten. Konsekvens: Hilda må forlata heimplassen og alle ho har blitt knytta til gjennom oppveksten. Ho må starta på nytt, utan pengar og utan nettverk, og får seg jobb på ein annan gard. Her vert ho kjend med Helli som vert ein sentral person i livet hennar framover. Hilda og Helli arbeider hardt for kost og losji og har aldri fri. Kanskje ventar det ei betre framtid på bomullsfabrikken i byen? 

Eg-personen Hilda har forteljarstemma og det meste vert fortalt og skildra frå hennar perspektiv. I tillegg finst det ei allvitande stemme. Når Alakoski viser korleis verdenspolitikken, samfunnsutviklinga og den teknologiske og økonomiske utviklinga påverkar - og endrar - enkeltindivida sine liv, - då er det denne allvitande og meir forklarande stemma som overtek for Hilda.

I boka kan ein lesa om striden mellom dei kvite og dei raude, om fyrste og andre verdenskrig, om arbeidarkamp og kvinnekamp.

Bomullsengelen kunne vore ein mektig roman. Kunne vore, fordi at eg føler at eg "mistar taket" i Hilda undervegs i lesinga. Kunne vore, fordi eg tykkjer det er for detaljert og for repeterande. Kunne vore, fordi framdrifta ikkje er god nok. 

Eg har altså visse innvendingar, men det er ikkje noko dårleg bok. I enkelte sekvensar får eg faktisk assosiasjonar til både Vargskinnet-trilogien (Kerstin Ekman) og Finnskogen-serien (Britt Karin Larsen) - og det seier ikkje lite. Men dessverre så "forsvinn" dei fine skildringane og betraktningane i ulike (unødvendig) detaljrike saksopplysningar. Det virkar som om Alakoski ikkje heilt har funne form og stil enno. 

Om eg kjem til å lesa neste bok? Ja, det trur eg. I den er det Hilda si dotter Greta som er hovudperson. 

Lydboka er veldig bra opplest av Gjertrud Jynge. Ho får fram både det sårbare i Hilda og det fandenivoldske i Helli, og har skikkeleg dreis på finske ord og namn. Det høyrest i alle fall slik ut for meg som ikkje kan finsk.

Andre bloggmeiningar: Lillasjel

3. mai 2023

Dikt og slikt: Innlegg i debatten om sykemeldinger

Sykkelsesongen er godt i gang, og for ein elsykkel-entusiast som meg er det rein og skjær lykke. Elsykkellykke.

Diktet nedanfor er henta frå (den forlengst nedlagde) bloggen Sykkeldikt og pedalpoesi. Det inneheld ein artig leik med ord og er i kategorien "lettbeint og ironisk" - men ein kan ana eit visst alvor bak.

Tittelen på diktet er altså Innlegg i debatten om sykemeldinger.

Krank
#elsykkellykke
Krankere
Krankest

Nav
Navere
Navest

Syk
Syklere
Syklest

Ikke gi mannen en stav
Når den brekker

Ikke gi pasienten en sykemelding
Når han knekker

Gi ham en sykkel med gir
Slik at han morgenmøtet rekker!


Forfattar er Andrew Kroglund, norsk skribent, samfunnsdebattant og foredragshaldar.
Ifølge Wikipedia har han m.a. jobba i Regnskogfondet, WWF og Forum for utvikling og miljø og vore aktiv i MDG.
Han er no generalsekretær i Besteforeldrenes klimaaksjon.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Faste og observante lesarar har kanskje lagt merke til at eg laga berre to innlegg i "Dikt og slikt" i april. Ei tid framover blir det slik, tenkjer eg, altså to-tre diktinnlegg i månaden. Det er ikkje så mykje "jobb" å laga desse innlegga, men eg har som alltid begrensa med tid og kapasitet. Og eg vil gjerne gjera det skikkeleg når eg fyrst skal presentera dikta/tekstane "mine".

1. mai 2023

Oppsummering april 23

Påbyrja i mars, fullført i april:
Bernard Minier - Jakten - Fransk krim - Lånt papirbok biblioteket
Jo Nesbø - Rotteøya og andre fortellinger - Noveller - Lyd Storytel

Lest i april:
Paula Hawkins - Langsom ild - Britisk krim - Lyd Storytel
John Kåre Raake - Isen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Trude Teige - Løgnere - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Stein P. Aasheim - Trango. Triumf og tragedie - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Hilde Reikrås og Ingunn Røren - Det mørkeste rommet - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Tina Frennstedt - Nedtelling - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Ken Follett - Aldri - Britisk roman - Lyd Storytel
Bjørn Bottolvs - Dorthea Bjørk - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Susanna Alakoski - Bomullsengelen - Finsk roman - Lånt lydbok BookBites

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Kurt Aust - Kongefrykt - Norsk historisk krim - Lånt ebok BookBites
Robert Bryndza - Nine Elms-morderen - Britisk krim - Lyd Storytel


7 lyd, 2 papir, 2 ebøker
6 lånt, 5 abonnement
6 krim,  2 andre romanar, 2 dokumentarar, 1 krim-novellesamling
6 norske, 2 britiske, 1 svensk, 1 fransk, 1 finsk
6 menn, 6 kvinner
Nye forfattarar: Aasheim, Raake, Reikrås, Røren, Bottolvs, Alakoski

Ekstra ferie-/fridagar førte til at det vart heile 11 fullførte bøker i april. Med vår og brukbare temperaturar vert det naturleg nok meir utandørs aktivitetar, men heldigvis kan mange av desse kombinerast med lydboklytting. 

Dei sterkaste leseopplevingane vart Aldri og Det mørkeste rommet. Den fyrstnemnde fordi me kvar einaste dag, i alle nyhendesendingar, får ei påminning om at verdensfreden er skjør. Den andre fordi det er ei bok som skildrar ei verkelegheit som ein verkeleg skulle ønska ikkje fantest.

Det mørke rommet er historia om politietterforskinga rundt Dark Room, skriven av etterforskingsleiar Hilde Reikrås i samarbeid med journalist Ingunn Røren. I dette rommet er det verkeleg mørkt. Det er ubehageleg og rystande lesing, men som Reikrås seier: «Det finnes barn der ute som må leve med dette, og da er det minste vi voksne kan gjøre å klare å lese om det».

Sidan det er 1. mai i dag er det eit passande høve å nemna arbeidarromanen Bomullsengelen som eg óg las i april. Mykje av handlinga er lagt til bomullsfabrikken i den finske byen Vasa og alt det slitet og arbeidet hovudpersonen Hilda må stri med. Eg har starta på ein kort omtale som truleg vert publisert i nær framtid.