31. oktober 2014

Bokomtale: Broren av Olav W. Rokseth

Lydbokforlaget 2014
Speletid: 10:25
Opplesar: Ivar Nergaard

Kjelde: Lydfil frå Lydbokforlaget

Dette er ei imponerande bra bok! Ho er velskriven, svært spennande og utruleg aktuell. Historia har mykje til felles med og kan minna om Aslak Nore sin thriller frå 2012; En norsk spion - men utgangspunktet for Rokseth si historie er annleis:

Fem år gamle Daniel er dødssjuk og har berre veker att å leva. Det einaste som kan redda han er ein beinmargstransplantasjon frå faren Alex. Men faren er sakna; han forsvann på uklart vis under eit opphald i Afghanistan. Difor reiser Jonas, Alex sin bror og Daniel sin onkel, til dette svære krigsherja landet for å finna han. Som nål i ein høystakk, skulle ein tru - men Jonas har sjølv gjort teneste i landet og har sine kontaktar.

Det vert ei nervepirrande reise med fleire umenneskelege utfordringar. Ein får også eit ekstra spenningsmoment med kampen mot klokka; tida er i ferd med å renna ut for vesle Daniel.
Parallellt med historia om Jonas som deseperat leitar etter bror sin, får lesaren vita at Alex lever. Men noko har skjedd med han; når me møter han heilt i starten av boka har han nyleg blitt avhøyrt og torturert:
".. Jeg så at Thomson likte hvordan jeg reagerte da han spurte meg om jeg kunne drepe Jonas. Han vil ikke ha en medarbeider som bærer på forstyrrende traumer. Han vil ikke ha en psykopat. Han vil ha en maskin som kan utføre jobben for ham, med den nådeløshet, handlekraft og praktiske intelligens som behøves. Han vil ha en som tåler smerte, tåler forsakelse, tåler andres lidelse. Jeg passer ham utmerket.."
Historia tek fleire uventa vendingar og vert fortalt på ein svært intens måte. Me får innblikk i den afghanske fjellheimen, om narkotikaproduksjon og korleis dei vestlege etterretningsorganisasjonane arbeider. Forfattaren fortel det heile på ein filmatisk måte: Det er enkelt å sjå for seg dei fundamentalistiske taliban-soldatane og den fattige og krigstrøytte lokalbefolkningen. Kvinnene si stilling og posisjon under ulike forhold er også eit tema i boka.

Broren vart for meg ei god leseoppleving, særleg fordi boka er så aktuell. I desse dagar trekker dei siste ISAF/NATO-styrkane seg ut av Afghanistan, og i går kom nyhenda om at Noreg sender 120 soldater til Irak og Afghanistan for å bidra i kampen mot IS.
Sidan 2004 har 8000 norske menn og kvinner tenestegjort i Afghanistan, og forfattaren reflekterer i denne boka rundt Noreg sitt engasjement i landet. Eit anna aktuelt tema som vert omhandla, er unge nordmenn som av ulike årsaker let seg rekruttera til "heilag krig" i fjerne land.

Ivar Nergaard si opplesing av lydboka bidreg til å heva leseopplevinga ytterlegare.
Takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplar.

28. oktober 2014

Bokhandlerprisen 2014 - dei nominerte

I dag vart nominasjonane til årets pris offentleggjorde. Eg seier berre: Heia Tore Renberg!
  • Anne B. Ragde, «Jeg har et teppe i tusen farger», Oktober
    Ikkje lest av meg enno, og vert heller ikkje prioritert
  • Carl Frode Tiller, «Innsirkling 3», Aschehoug
    Har lydboka på vent. Skal lesast, dvs. lyttast til med det fyrste
  • Frode Granhus, «Djevelanger», Schibsted
    Har lest og vurdert til Terningkast 4, sjå omtale
  • Jan-Erik Fjell, «Rovdyret», Juritzen
    Skal lesast, før eller seinare.
  • Jon Michelet, «En sjøens helt: Gullgutten», Oktober
    Har lyst til å byrja på denne romanserien, men er ikkje kommen i gang enno
  • Lars Mytting, «Svøm med dem som drukner», Gyldendal
    Har lydbok på vent
  • Siri Pettersen, «Råta», Gyldendal
    Kjem ikkje til å bli lest av meg
  • Tore Renberg, «Angrep fra alle kanter», Oktober
    Har lest. Terningkast 5, kjempebra! Min favoritt av desse. Omtale
  • Trude Teige, «Jenta som sluttet å snakke», Aschehoug
    Har lest. Sånn passe, terningkast 3. Omtalen min.
  • Unni Lindell, «Brudekisten», Aschehoug
    Har lest. Terningkast 5, spennande og grøssande, les omtale

Eg tykkjer at Bokhandlerprisen er mykje meir interessant enn den superseriøse og høgtravande Brageprisen.
Det er dei tilsette i norske bokhandlar som stemmer fram vinnaren i Bokhandlerprisen. I fjor gjekk prisen til Cecilie Enger og boka «Mors gaver», året før til Per Pettersson og «Jeg nekter» og i 2011 var det Jørn Lier Horst og «Vinterstengt» som vann. Prisen for i år skal delast ut 25. november.

Eg heiar altså på Renberg og Angrep fra alle kanter
Kven heiar du på?


 bokklubben.no

22. oktober 2014

Bokomtale: Ingen er så trygg i fare av Gunnar Staalesen

Gyldendal 2014
366 sider
Kjelde: Lånt privat


15. oktober fylte Varg Veum 72 år - og på denne dagen kom den 17. romanen i krimserien ut (i tillegg er det utgitt to novellesamlingar, slik at dette faktisk er bok nummer 19). Eg hadde høge forventningar til Ingen er så trygg i fare, for dette er ein bokserie eg har følgd sidan 1977 - og for meg tronar Varg Veum heilt på toppen av alle norske krimfigurar.

Me er i Bergen i 2002 og "vår mann" er i kjempetrøbbel denne gongen.
I opningsscenen vert Veum vekt tidleg ein morgon av politiet - han vert arrestert, sikta for bruk og "besittelse" av barnepornografi. PC'en hans er full av nedlasta bilete av barn som vert misbrukt på det grovaste.

Både han sjølv og lesaren veit at dette umuleg kan stemma - men det skal bli enno mykje verre.
Etter ei tid dukkar det opp meir handfaste bevis: Fotografi som syner Varg Veum i ferd med å forgripa seg på ei mindreårig jente. Bileta ser ikkje ut til å vera manipulerte.

Kva kan ha skjedd? Kven vil Veum så vondt? Korleis i alle dagar skal han klara å reinvaska seg? Rett nok har han vore langt nede og han hugsar lite, så tynga av sorg og sterkt alkoholisert som han har vore - men langt nede kan han vel ikkje ha hamna? Varg Veum - som alltid tek dei svakaste sitt parti, og som i si tid fekk sparken frå jobben sin i barnevernet fordi han gjekk til fysisk angrep på ein person som hadde misbrukt ein mindreårig?
Varg Veum har hamna midt i eit mareritt - og han er sørgeleg åleine, - men ved hjelp av venninna si, advokaten sin og etter kvart ein dataekspert, startar han sitt livs mest krevjande og personlege etterforsking. Han tek utgangspunkt i eit par mislykka saker og enkelte glimt frå hendingar som skjedde medan han var rusa. Det er mange trådar og personar å halda styr på, men det er likevel ikkje vanskeleg for lesaren å halda fokus.

Ingen er så trygg i fare er ei svært bra bok med fleire viktige tema. Det er viktig å setja søkjelys på tematikken sjølv om det er både hesleg og grufullt. Det handlar litt om datakriminalitet, men fyrst og fremst om overgrep og misbruk av små barn, om asylsøkjarbarn som forsvinn, om vaksne og mektige menn som ikkje skyr nokon midlar for å bli tilfredsstilte, verken seksuelt eller økonomisk. Tittelen på boka, henta frå ein velkjend dåpssalme, er ein grotesk kontrast til barna som det fortalt om i denne romanen.

Forteljarstemma og forteljarstilen er velkjend "staalesensk", prega av svart humor, ironi og ikkje minst; sjølvironi.
Staalesen er utvilsamt ein forfattar som jobbar mykje med språket. Dei fine formuleringane, dei overraskande bileta og den naturlege dialogen kjem ikkje av seg sjølv. Her har mange andre (kriminal-)forfattarar mykje å læra.
Staalesen har "levert varene" som det heiter - igjen. Boka er frittståande og viser i berre liten grad til hendingar i tidlegare bøker. Så om du ikkje har lest alle dei føregåande bøkene i serien, kan du trygt lesa denne.

17. oktober 2014

Bokomtale: Linnés dystre lærdom av Lars Mæhle

Samlaget 2014
333 sider

Kjelde: Meldareksemplar

Protagonisten i denne boka er den noko ubalanserte psykologen Ina Grieg. Me vart fyrst kjend med ho i fjorårets Den mørke porten; ein svært bra krimdebut frå Lars Mæhle si side.
Ina har altså eit utradisjonelt yrke til krimhelt å vera - ho er også småbarnsmor, forholdsvis lukkeleg gift, aktiv med kick-boksing og - mørkeredd.

Og nettopp mørkredsel og uhyggestemning er det ein heil del av i denne boka. Linnés dystre lærdom er meir ein thriller enn ein krimroman; forfattaren spelar på lesarene sine "angst-strenger"; frykta for det mørke og ukjende.

Ein annan ting ein lesar kan kjenna seg att i, er kjensla av uvisse - blanda med forventning - når ein skal møta att gamle klassekameratar etter mange år.

Ina kjenner på desse motstridande kjenslene når ho vert bedd i gjenforeningstreff. Ho er i utgangspunktet avvisande til ein slik reunion, men bestemmer seg så for å møta opp - fyrst og fremst for å finna ut kva dei andre veit om kva som hende med klassevennina Sonja den gongen for så lenge sidan. Mobbeofferet Sonja forsvann nemleg på mystisk vis i 1984 - og Ina har etter den hendinga slite med skuldkjensle sidan ho ikkje gjorde noko for å stoppa den omfattande mobbinga og plaginga.
Så Ina reiser tilbake til barndomsbygda og konfronterer både den eine og den andre med mysteriet kring Sonja si forsvinning. Sjølve klassefesten vert ganske mislykka for hennar del, men det vert klart at fleire tykkjer denne gamle saka er ubehageleg og at dei ønskjer at ting skal verta gøymt og gløymt. Så skjer eit nytt drap - og Ina sjølv kjem i alvorlege vanskar.

Den spesielle tittelen Linnés dystre lærdom syner til personen som i si tid vart mistenkt for bortføring og drap på Sonja. Ungguten Tom Kaser vart kalla "botanikeren" - han var ein einstøing som var oppteken av planter og natur - og Carl von Linné si lære om klassifisering. Sjølv om Tom aldri vart tiltalt og det aldri vart funne noko lik, vart Tom sett på som gjerningspersonen av folk i bygda.

Linnés dystre lærdom inneheld fine og stemningsskapande skildringar av skog og natur og er ei spennande og fengslande bok. Handlinga går føre seg på fleire tidsplan, og parallellt med at Ina viklar seg inn i mysteriet, får lesaren gradvis vita meir av det som skjedde med Sonja. Språket er leikande lett - forfattaren nyttar eit lesevenleg og moderne nynorsk.
Det som kan innvendast med boka er sjølve plottet, som er vel søkt og usannsynleg, men alt i alt var dette ei positiv leseoppleving.

15. oktober 2014

Bokomtale: Våpenskjold av Thomas Enger

Lydbokforlaget 2014
Speletid: 10:26
Opplesar: Christoffer Staib

Kjelde: Lytteeksemplar

Dette er ei brukbar bok - dersom ein klarar å oversjå/overhøyra alle språkblomstrane og klisjéane. For meg vart ikkje Våpenskjold så god leseoppleving. Eg vart - etter kvart som eg lytta - meir opptatt av det pinleg dårlege språket og den elendige språkvasken enn innhaldet i boka. Her har forfattar/forleggar/redaktør gjort ein for dårleg jobb, rett og slett.
Eg likte veldig godt starten på serien om journalisten Henning Juul. Den fyrste boka Skinndød var god på så mange måtar; svært spennande, interessant plott og godt komponert. Eg likte også bok nummer to Fantomsmerte, men med Blodtåke starta nedturen - og denne held fram i Våpenskjold.

Henning Juul sin personlege tragedie er den sentrale raude tråden og det bærande elementet i bokserien. I denne fjerde boka jaktar han vidare på kven som sto bak og kva som egentleg hende då huset til familien vart påtent, sonen mista livet og Henning sjølv vart hardt skada.

Parallellt jobbar ekskona og Aftenposten-journalisten Nora med ei forsvinningssak. Nora vert personleg engasjert og involvert sidan ho var studievenninne med den sakna. Det handlar om ein steinrik familie med våpenskjold og mange mørke hemmelegheiter og der engasjementet og den journalistiske gravinga fører Nora opp i utfordrande og farlege situasjonar. Og så viser deg seg då, til slutt, at Henning sine undersøkingar og Nora si sak heng saman...
Som eit ekstra "krydder" i handlinga er Nora blitt gravid med Henning sin kollega og rival Iver. Det heile blir liksom-dramatisk, liksom-utfordrande og såpeopera-aktig.

Eg trur serien hadde vorte betre dersom forfattaren ikkje hadde vore fullt så ambisiøs. Det hadde vore nok med to bøker liksom. For både Blodtåke og Våpenskjold inneheld fantastisk mykje unyttig og uvesentleg fyllstoff; det er ikkje spennande å lesa om trivialitetar som innkjøp av mat, toalettbesøk og dusjing. Eventuelt burde forfattaren ha teke seg betre tid. Tid til å byggja opp truverdige karakterar og ei gjennomarbeida forteljing. Den einaste karakteren som det går an å tru på er Henning Juul sjølv, - og han er eg i ferd med å bli lei av.

Grunna alt det som irriterte meg medan eg lytta, heldt eg på å gje boka karakteren 2, men avslutninga er såpass lovande at eg likevel konkluderer med (ein svak) terningkast 3.
Trass i at eg vart skuffa over Våpenskjold kjem eg nok til å lesa den femte og siste boka i serien når den kjem ut. Forfattaren har klart å få meg såpass interessert at eg må sjå korleis det går med stakkars Henning Juul til slutt.
Christoffer Staib gjer ein heilt grei jobb som opplesar av denne og dei andre lydbøkene i serien.
Takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplar.

14. oktober 2014

Nytt frå Avdeling Q

Den sjette boka i den populære Avdeling Q-serien kjem ut i Danmark neste fredag, den 24. oktober. Tittelen er Den grænseløse. Eg gledar meg til at boka kjem ut på norsk! - det skjer vel til vinteren ein gong. Slik blir den nye boka presentert på Jussi Adler-Olsen sitt danske forlag:
Midt i sin sædvanlige hårdt tilkæmpede morgenlur med benene på kontorbordet i kælderen på Politigården, får Carl Mørck, leder af Afdeling Q, en opringning fra en bornholmsk kollega. "Ja, undskyld, jeg forstyrrer dig, men måske har du lidt tid til at høre på mig." Men Carl er afvisende, da han bliver klar over, at han er ved at blive prakket en ny sag på, og så bliver røret i den anden ende lige så stille lagt på. Kun få timer efter er konsekvenserne fuldstændig uforudsigelige og Carls egenrådige assistent Rose mere rasende end normalt.  
Hårdt presset fører han Afdeling Q ind i en sytten år gammel og ekstremt tragisk sag om en ung, livsglad kvinde, der forsvandt fra sin højskole og blev fundet hængende dræbt i et træ. Den særdeles jordbundne Carl står nu foran en besværlig og mystisk efterforskning, alt imens en dygtig manipulator med jernvilje beskytter sig selv og sine med alle tilgængelige midler og ikke lader nogen eller noget komme i vejen..
Dette høyrest unekteleg spennande ut! Eg er, som så mange andre, veldig begeistra for serien om Carl, Assad og Rose i Avdeling Q. Jussi Adler-Olsen sine krimromanar inneheld gode plott og nervepirrande spenning, spesielle (men likevel) truverdige karakterar, samfunnsaktuelle saker og ikkje minst; ironi og humor. Bøkene bør lesast kronologisk fordi ein elles går glipp av ein del handlingstrådar: Kvinnen i buret, Fasandreperne, Flaskepost fra P, Journal 64 og Marco-effekten. Alle har toppa bestseljarlistene både i Danmark, Noreg og mange andre land.

Har du lyst til å sjå kva bøker andre bokbloggarar ventar på?
Då bør du ta ein tur innom bloggen Beathes bokhylle!

Red. 24. oktober:
I dag er lanseringsdagen - og nettsida bok365.no melder at fyrsteopplaget er på heile 230.000! Ein kjapp titt på ymse danske avisnettsider syner at boka har fått ei god mottaking

11. oktober 2014

Bokomtale: Jenta som sluttet å snakke av Trude Teige

Lydbokforlaget 2014
Speletid: 8:03
Opplesar: Nina Woxholtt


Den nyaste boka om Kajsa Coren har handling frå ei lita vestlandsbygd og er enkel, grei og fortlest krim.
I den vesle bygda Losvika har det skjedd to uforklarlege drap - på far og dotter. Kajsa, som har flytta tilbake til barndomstraktene sidan sist, er "tilfeldigvis" til stades når det eine drapsofferet vert funne. Politiet står utan spor - og så skjer det enno eit brotsverk: Ei ung jente, nabo til dei to drapsoffera, vert meld sakna. Mykje tyder på at alle sakene har ein samanheng. Uhygga sprer seg i det vesle lokalsamfunnet, som det så klisjeaktig heiter.

Forfattaren syr over same lest som i dei tidlegare bøkene i serien når Kajsa og den nye politiektemannen hennar så spelar ei viktig rolle i oppklaring av desse mystiske og brutale hendingane. Forutsigbart altså, men likevel litt overraskande og ganske dramatisk på slutten.
Boka handlar også om overgrep i eit strengt bedehusmiljø - eit tema som er grotesk og opprørande, men som egentleg er "oppbrukt" i mange andre bøker tidlegare.

Dei ulike handlingstrådane og forteljarstemmene er enkle å følgja. Ja, eg blir faktisk litt irritert og oppgitt over at me får servert det heile i så bittesmå teskeier. Lesaren treng ikkje å bli forklart alt muleg; me kan tenkja litt sjølve også. Eg skulle dessutan ønska at nynorskbrukaren og nynorsk-prisvinnaren Trude Teige hadde skrive krimbøkene sine på nynorsk. Det hadde passa mykje betre inn i miljøet som ho skildrar, samt at dialogane hadde vorte meir ekte.

Jenta som sluttet å snakke er grei som lydbok. Her er alt så overforklarande at ein nesten ikkje treng å følgja med for å forstå handlinga. Nina Woxholtt har ei behageleg og tydeleg stemme, men ho les litt for sakte etter min smak.

Takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplar.


10. oktober 2014

Bokomtale: Oslo Noir av Aslak Nore

Lydbokforlaget 2014
Speletid: 12:36
Opplesar: Espen Sandvik

Kjelde: Lytteeksemplar 

Eg vart veldig imponert over den forrige boka til Aslak Nore, spionthrilleren En norsk spionog var difor veldig spent på denne.
I Oslo Noir møter me att den same hovudpersonen, Peter Wessel, - men i ei anna tid og i heilt andre omgjevnader.
Historia går føre seg i Oslo på 1990-talet og handlar om ulike ungdoms- og oppvekstmiljø. Lesaren får bli kjend med den unge og "uferdige" Peter og familien, venene og oppveksten hans.

Eit superkort handlingsreferat:
Sommaren 1997, ein ungdomsfest på beste vestkant, eit par drap kamuflerte som overdosedødsfall og ein pose ecstasy på avvege. Alt dette involverer mange personar og fører til fleire actionfylte jakt- og fluktscener - og til slutt; eit endeleg oppgjer.

Oslo Noir har, i motsetnad til før nemnde En norsk spion, mange ulike forteljarstemmer. Det vert skildra kor tilfeldig det kan vera at ein havnar på feil eller rett side av lova. Ungdommar som er i ferd med å skli ut vert ikkje "sett" av sine eigne samstundes som politi og hjelpeapparat vert ståande makteslause. Andre kan vera i ferd med å rota seg inn i vanskar og kriminalitet - men har nettverk og ressursar nok til å komma seg ut av det kriminelle og destruktive tilværet.

Tittelen på boka er sikkert inspirert av Stockholm Noir-trilogien til Jens Lapidus, som handlar om fleire ulike kriminelle frå ulike miljø og nasjonalitetar. Lapidus er meir elegant, meir original og mykje råare enn Nore, men kan hende er Stockholm ein råare by enn Oslo? Oslo Noir fortel om ein by som har forandra seg, i dag ser me ein annan form for kvardagsrasisme og framandfrykt enn på 90-talet. Etter det eg kan forstå er eitt av poenga til forfattaren at Oslo på mange måtar var ein meir uskuldig by i 1997, både i narko-samanheng og når det gjeld ekstremisme. Politikarane og styresmaktene var heller naive og forsto nok heller ikkje dei mørke sidene og kreftene i dei gjengbaserte narkokriminelle miljøa.

For meg personleg er miljøet som vert skildra i denne boka (nesten) like fjernt som macho-/militær-/agent-miljøet i En norsk spion. Ein del av språket i boka er også fjernt og nesten uskjøneleg for meg. Alle miljø har jo sine "faguttrykk" og sitt eige "stammespråk", - for eksempel det spesielle ungdomsspråket eller sosiolekta/etnolekta som ein finn i Oslo. Altså ungdom av ulik bakgrunn som brukar sjargongane sine og slanguttrykka sine og skaper eit slags nytt språk eller dialekt. Slik markerer dei seg og viser kva slags identitet og sosial tilhøyrigheit dei har.
I denne boka finst eksempel på både kebab- og salsa-norsk, raddisspråk og vestkant-sosiolekt. Aslak Nore er nok ein forfattar som er veldig bevisst på dette med språk; han får fortalt mykje gjennom korleis karakterane snakkar; dialogane framstår som "ekte". Miljøskildringane elles virkar "riktige" og typisk nittitals.

Oslo Noir er ein velskriven spenningsroman, men i store deler av boka manglar ein svært vesentleg ting - nemleg spenning. Mykje av handlinga vert liksom så forutsigbart, alt frå starten av skjønnar ein at enkelte av karakterane kjem til å hamna i skikkeleg trøbbel. Når Peter Wessel spring for livet gjennom Oslo-gatene, veit me jo at det "går bra" sidan han i høgste grad er frisk og levande i En norsk spion. Den detaljerte lokalgeografien og dei uendeleg mange gatenamna er sikkert interessant om ein bur eller er godt kjend i Oslo, - for oss andre er desse detaljane småirriterande.

Eg ser på Oslo Noir er ein grei gjennomgang av hovudpersonen sin bakgrunn, - ein slags forklaring på korleis han er blitt som han er blitt. Eg håpar neste bok frå Aslak Nore handlar om ein Peter Wessel meir lik han me møtte fyrste gong; ein vaksen, reflektert og tøff actionhelt.

Espen Sandvik gjer ein finfin jobb som opplesar av lydboka. Han har ei ung stemme og får godt fram dei forskjellige dialektane/sosiolektane som dei ulike karakterane har.
Takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplar!

6. oktober 2014

Bokomtale: Nøkkelmakeren av Gert Nygårdshaug

Juritzen forlag 2014
255 sider
Kjøpt ebok - frå forfattaren si nettside for kr 99,-
http://gertnyg.com/ebok/ 


Ny bok frå Nygårdshaug - igjen! Dette er ein særs produktiv og forteljarglad forfattar, til glede for oss som har sans for underhaldande, originale og forunderlege forteljingar.

Nøkkelmakeren er ein slags fabel og me møter att det same persongalleriet og det same miljøet som i Klokkemakeren - og det handlar framleis om Tiden med liten og stor T. Om "for-Tiden, frem-Tiden og nå-Tiden". Om Tiden som er ute av rytme fordi naturen er ute av rytme.

Rundt landsbyen der Melchior Mussenden og kona Mathilde bur finst det store kornåkrar. Herr Mussenden går gjerne til vertshuset Det Gylne Aks for å nyta god mat og drikke og for å treffa dei andre medlemmene av Dueskytterforeningen. Dei filosoferer over så mangt og diskuterer smått og stort.
Ein dag kjem ein mystisk mann som kallar seg Nøkkelmakeren og slår seg ned i landsbyen. Han har med seg digre koffertar og er i stand til å låsa opp både fysiske låsar og andre stengsler. Via svære antenner er han i stand til å hacke seg inn i ulike system. Dette fører til ulike tiltak frå deira Mektige Allierte si side - og urmakar Mussenden og dei andre innbyggjarane i landsbyen vert utsette for mange underlege hendingar.

Nøkkelmakeren er ei underhaldande bok som i tillegg gir lesaren kunnskap og utfordrande tankar.
Her får ein kvardagspludring, absurde hendingar og innfløkt filosofi - alt på ein gong. Det er ikkje nødvendig å lesa Klokkemakeren fyrst. Forfattaren seier at desse to bøkene er parallell-romanar og at boka er
"Tilegnet de som ikke er slaver av Tidens ubegripelighet og derved kronologiens nødvendighet."
For meg var Nøkkelmakeren ei god leseoppleving. Både denne og Klokkemakeren anbefalast varmt, - og det er altså hipp som happ om du les den eine eller den andre fyrst eller sist.
Forfattaren nyttar eit noko snirklete, gammaldags språk og er sparsam med teiknsetjing, - særleg med punktum. Dersom du ikkje har lest noko særleg av Nygårdshaug tidlegare, vert det gjerne litt spesielt. Men tru meg - du kjem kjapt inn i den nygårdhaugske måten å skriva på.


Les også:
Haustbøker på vent
Omtale av Klokkemakeren
Omtale av Mengele Zoo - som feirar 25-års jubileum i dag!
Sommerfugleffekten - Intervju med GN - D2.no