Viser innlegg med etiketten påskekrim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten påskekrim. Vis alle innlegg

6. april 2024

Bokomtale: Det kom et brev fra München av Håkan Nesser

Gyldendal 2024
Speletid 10:43
Lånt lydbok BookBites

Nytt hyggeleg møte med Barbarotti

Egentleg er ikkje feelgood-krim "min tekopp", men det finst unnatak. Når innhaldet, plottet, skrivestilen og språket er på nivå med denne boka - då må eg berre gi meg "ende over", som det heiter. 74 år gamle Håkan Nesser viser i denne boka både forteljarglede, vitalitet og kreativitet.

Eg var så heldig at eg fekk tilgang til lydboka i påsken, og dette er perfekt turlytting. Eventuelt peiskoslesing.

Handlinga er lagt til juletider 2020, det vil sei midt i koronapandemien. Dei fire søskena Rute har ikkje møtt kvarandre på lang tid, men no skal dei feira jul i lag. Det er eldstemann Ludvig (og "livsledsagersken" hans) som har invitert brødrene Lars og Leif og veslesyster Louise, samt Louise si dotter Linn og Lars si kone Ellen til herskapshuset i det snørike og fiktive Sillingbo. Det viser seg at Ludvig er alvorleg sjuk, og under opphaldet kallar han inn til eit møte kun for søskena. Etter dette møtet vert stemninga dårlegare og julekosen endå meir krampaktig enn før.

Så - natt til fyrste juledag skjer eit mord. Barbarotti og Backman entrar scenen, - det vil sei huset. På grunn av dårleg ver og av smittevernomsyn må dei juleferierande bli buande i huset der mordet har funne stad - saman med etterforskarane. Barbarotti er overtydd om at mordaren er ein av dei som oppheld seg i huset. Men kven av dei? Kva kan motivet vera? Kva er bakgrunnen for at Rute-søskena ikkje har hatt kontakt? 

Omgivelsane og deler av tematikken minner om ein Agatha Christie-roman - og det er sjølvsagt hensikten. Ein får sterke assosiasjonar til klassisk britisk "puslespelkrim" når ein les.

Før ein kjem så langt som til det omtalte mordet får me ein lang innleiing der me vert presenterte for alle dei involverte personane. Det kjem klart fram at det handlar om ein familie som skjuler hendingar som fann stad for lenge sidan - og som ingen vil sei noko om. Det kjem nokre hint i denne delen av boka, utan at ein egentleg tenkjer over det. 

Boka er stillfarande, langsam og pratsam - men har likevel god framdrift sidan forteljarperspektivet vekslar jamnleg. Etterforskinga dreg ut i tid med nye puslespelbrikker og teoriar etter at alle har forlate Sillingbo. Når løysinga ser ut til å vera opplagt og alt virkar avgjort, kjem det eit overraskande brev frå München.

Om eg skal pirka på noko med denne boka, må det bli den innlagde "spøkelseshistoria". Den er etter mi meining noko malplassert, men handlinga elles vart ikkje forringa av dette innslaget. 

Det er alltid hyggeleg å "møta" Gunnar Barbarotti. Den underfundige og sympatiske etterforskaren og den slagferdige kollegaen og sambuaren hans Eva Backman er eit etterforskarpar ein blir oppriktig glad i. Persongalleriet elles vert skildra med varme og humor, i andre høve heller melankolsk - eller med ironisk snert der det passar inn.

Det kom et brev fra München er nummer åtte i serien om Barbarotti, men kan godt lesast åleine. Det er ein "snill", velskriven og underhaldande kriminalroman som eg verkeleg kan anbefala.

Andre bloggmeiningar: Tine sin blogg

23. mars 2024

Kort om: Løvinnen av Sven Petter Næss

Aschehoug 2024
Speletid 6:45
Lånt lydbok BookBites

Hovudpersonen i denne krimserien har mykje til felles med andre meir eller mindre kjende krimheltar: Ein sympatisk, smart og sjølvstendig politietterforskar med sterk rettferdigheitssans. Og som vanleg i krimromanar er han ofte på kant med sine overordna. Men bakgrunnen til Harinder Singh er noko annleis enn det som er vanleg; som namnet tilseier kjem han frå ein indisk sikh-familie.

Tittelen på boka speglar namnetradisjonen i sikhismen. Alle mannlege sikhar heiter Singh (som betyr 'løve') og alle kvinnelege sikhar heiter Kaur (som betyr 'prinsesse' eller 'løvinne'). I boka møter me mange sterke kvinner - og ein kan gjerne kalla dei løvinner.

I Løvinnen - den femte boka i serien - handlar det om ei svært vanskeleg sak, ei sak som etter kvart blir veldig personleg for Harinder.
Ein kjent advokat og naboen hans vert skotne ned og drepne på gata i Oslo. Dobbeldrapet rystar alle, særleg sidan det eine offeret er kjendis. Er dei blitt utsette for tilfeldig og blind vald? Er det eit hevndrap sidan advokaten akkurat har bidrege til å dømma to politifolk i ei lei sak? Eller noko heilt anna? Vitner manglar og spora er vage - men mordaren har gjort ein tabbe: Det vert funne ei tomhylse på staden. Undersøkingar viser at våpenet som er avfyrt tilhøyrer Amandeep Kaur - niesa til Harinder. 
Dermed vert Harinder naturleg nok teken av saka, men han klarar sjølvsagt ikkje å halda seg heilt vekke - og tyr til alt han har av kontaktar og verkemiddel for å finna niesa si. Amandeep har vore på rømmen i lang tid og var sist sett som leigesoldat i Afrika. Så dukkar eigedelane hennar opp hos foreldra hennar i Oslo. 

Det er skikkeleg politikrim dette, av den stødige og solide sorten. Boka har godt driv og er ganske spennande. Eg ser det som positivt at Næss held grepet om lesaren utan å ty til nærgåande skildringar av bestialitetar. Språket er godt og ujålete, og handlinga framstår som truverdig og realistisk. 

Løvinnen
passar veldig bra som påskekrim - og eg vil spesielt anbefala lydbokversjonen. Ivar Nergaard er ein av våre beste og mest rutinerte opplesarar - og no har eg lært at Kaur ikkje skal uttalast "kaur" - men "kor". Ein lærer sanneleg mykje (både nyttig og unyttig) når ein lyttar til krim!

Andre bloggmeiningar: Henning bokhylle

Andre aktuelle påskekrimtips: 
Redebyggeren
Sorgsankeren

20. mars 2024

Kort om: Redebyggeren av Merete Junker

Gyldendal 2024
296 sider
Lånt ebok BookBites 

Her får du eit bra påskekrimtips. Redebyggeren er ei velskriven krimforteljing med eit relativt truverdig persongalleri og eit passe intrikat og greitt oppbygd plott. 

Mette Minde - for tida busett i Finnmark - får melding om at onkelen hennar er død under mystiske omstendigheiter, og at ho er den næraste arvingen hans. Det merkelege er at denne onkelen er ukjent for ho, for mor hennar braut all kontakt med broren og med alle andre i heimbygda Seljord, for lenge sidan. No må Mette bli kjent med det ho har arva; ein gard med store skogeigedommar, og med hundar og hestar. Ho vil gjerne vita meir om denne delen av familien sin og ho er - sidan ho har både politifagleg og journalistisk bakgrunn - svært interessert i det som er uklart omkring dødsfallet til onkelen. Dessutan er ho svært nysgjerrig på kva som gjorde at mora aldri vende tilbake. Er det nokon som veit?

Dette er fjerde bok i serien om Mette Minde, men kan godt lesast åleine. Sjølv har eg lese alle dei tre foregåande bøkene (Jenta med ballongen, Tvillingen, Pumasommer), men eg hugsar lite/ingenting av innhaldet. Når eg sjekkar med Bokelskere ser eg at eg har gitt alle terningkast 4. Bøkene i Mette Minde-serien (og dei andre bøkene til Junker) har egentleg ikkje festa seg i minnet. 

Ein 4'ar betyr for meg grei krim - og det vert også "dommen" min over denne leseopplevinga: Eg skulle gjerne hatt meir spenning og nerve og mindre tørrprat om trivialitetar, men det er ei grei krimbok; lettlest, oversiktleg og passe lang. 

Redebyggeren har god framdrift med korte kapittel og raske perspektivskift. Handlinga er enkel og kvardagsleg, med forholdsvis truverdige karakterar og hendingar. Eg grubla aldri over kva som skulle bli løysinga/forklaringa i denne historia, så den kom ganske overraskande for meg. Men ved nærare ettertanke er det heile ganske opplagt. 

11. mars 2024

Kort om: Sorgsankeren av Heine Bakkeid

Aschehoug 2024
Speletid: 7:05
Lånt lydbok BookBites

Årets fyrste norske krim for meg vart Sorgsankeren av Heine Bakkeid - den femte og siste boka i serien om Thorkild Aske. Eg trudde eg hadde lese alle dei fire foregåande, men eg har faktisk ikkje lese den fyrste, 'Jeg skal savne deg i morgen'. 

Sorgsankeren er ingen kosekrim. Ikkje på nokon måte. Fyrst og fremst fordi stemninga er mørk og dyster, men også fordi deler av boka handlar om drap og overgrep på barn. I tillegg er hovudpersonane desperate og muligens utilreknelege.
Og det regnar og regnar, nesten heile tida.. 

Handlinga tek til kort tid etter forrige bok, St. Avenger. Den historia enda med at hovudmannen bak eit pedofilt nettverk vart pågripen og fengsla. Men det er fleire i dette nettverket, og det viser seg at enkelte av dei framleis er aktive. Det har mellom anna Kurt Vinje fått merka - og i rein desperasjon ber han Thorkild Aske om hjelp. Dette trass i at dei to hadde eit mildt sagt turbulent møte forrige gong dei traff kvarandre. No er nevøen til Kurt blitt kidnappa, og gjerningspersonen har nokre spesielle krav før guten kan sleppast fri: Kurt sitt oppdrag er å ta livet av fire personar og han skal dokumentera at han har gjort det. På kva måte - og kvifor - skal Thorkild bidra i ei slik grotesk sak?

Både Thorkild og Kurt er tidlegare politimenn og har kjennskap til ulike kriminelle miljø. Som einslege og einsame rusmisbrukarar har dei heller ikkje noko særleg å tapa. Dei to fartar rundt i ein lånt bubil i ein desperat jakt etter ledetrådar, spor og gjerningsperson, og ei gammal bortføringssak viser seg å vera ein nøkkel. Når dei etterforskar sakene på sin alternative måte held dei seg ikkje alltid innafor lova. Kan det likevel vera etisk og moralsk riktig - med tanke på kva som står på spel? 

Det er ikkje noko særleg med lyspunkt i denne forteljinga. Den einaste som lettar litt på stemninga innimellom er Thorkild sin psykologkompis Ulf.

Boka er vanskeleg å legga frå seg og har ein jamn stigande spenningskurve. Det er ein kamp mot klokka og ein kamp mot ein særdeles ond og utspekulert gjerningsperson. I og med at ein veit at det er siste bok i serien, er ein gjerne ekstra spent på korleis det heile skal enda. 

Boka - og serien - er gjennomgåande mørk og dyster, men etter mi meining er avslutninga verdig og oppklarande. 
Sorgsankeren anbefalast - om du ikkje er altfor sensibel med tanke på tematikken. 

Andre bloggmeiningar: Artemisias verden

27. mars 2021

Kort om: Beatrice av Lina Bengtsdotter

Gyldendal 2021
Speletid 7:13
Kjøpt lydfil

Svensk bygde-/småbykrim, den tredje i serien om politietterforskar Charline "Charlie" Lager. Dei to fyrste er Annabelle og Francesca, og eg likte begge veldig godt. Bøkene bør lesast kronologisk. 

I alle tre bøkene finn ein (i krimromansamanheng) gjenkjenneleg og velbrukt tematikk, men Bengtsdotter har funne sin eigen stil og sin eigen spesielle hovudperson. Ho skriv godt, skildrar skiftande stemningar, "held trykket oppe" heile vegen og kjem med eit par overraskingar undervegs. 

Vesle Beatrice er berre ni månader - og ho er forsvunnen. Kvar er ho? Kven tok ho? Kvifor? Lever ho? Presset på Charlie og dei andre etterforskarane er stort, både frå overordna, pårørande og presse. 
Foreldra er svært velståande og fyrste teori er at det er ei kidnappingsak. Men tida går og det kjem ingen krav om løysepengar. Fleire involverte ynskjer ikkje å fortelja alt dei veit og/eller har sett. Dermed vert det - frustrerande nok for etterforskarane - vanskeleg å sjå heile biletet. 

Charlie har ein destruktiv livsstil, prega som ho er av ein vanskeleg oppvekst. Bakgrunnen hennar vert i denne saka både ein styrke og ein svakheit. For det skal visa seg - også denne gongen - at saka har ein viss kobling til Charlie sin barndom.
Karakterane er elles gjennomgåande "heile" og truverdige. Det som ikkje er truverdig er at Charlie får halda fram sentralt i etterforskingsarbeidet når det er så åpenbart at ho ikkje er i balanse. 

I ei sidehistorie møter me dei to jentene Sara og Lo Moon som held til i ein psykiatrisk institusjon for ungdommar. Det er egentleg denne delen av boka som gjer at eg trillar terningkast 5. 

Beatrice er passe lang, veldig lettlest og ein skikkeleg pageturner. Historia har nerve, er gripande og dei ulike trådane vert nøsta opp i på ein overbevisande måte. Boka kan godt anbefalast som påskelektyre.

Lydboka er glimrande lest av Bodil Vidnes-Kopperud.


25. mars 2021

Kort om: Åtte perfekte mord av Peter Swanson

Cappelen Damm 2021
254 sider
Lånt papirbok biblioteket

Dette er ei heilt ny bok som passar bra som påskelesing: Åtte perfekte mord byr på eit puslespel-aktig kriminelt mysterium som ein kan kosa seg med framfor peisen, i sofakroken eller ved hytteveggen. Boka er òg ein hyllest til krimsjangeren og Agatha Christie og andre kriminalforfattarar.

Hovudperson og forteljarstemme er Malcolm "Mal" Kershaw, eigar av ein bokhandel med kriminalromanar som spesialitet. Bokhandelen har ein tilhøyrande bokblogg, og der har Mal laga fleire ulike lister, m.a. ei som omhandlar åtte perfekte mord.
Som bokbloggar tykkjer eg naturlegvis at eit slikt utgangspunkt for handlinga i ein roman er veldig artig.

Mal vert kontakta av ein FBI-agent som har funne ut at ein heil del ulykker/mystiske dødsfall den siste tida kan ha ein viss samanheng med blogglista. Kan det verkeleg vera snakk om at ein mordar brukar lista som inspirasjon? Mal befinn seg plutseleg midt i ei etterforsking, og han innser raskt at han kan sjåast på som ein mistenkt. Eller er han eit offer? Både på eiga hand og saman med FBI-agenten prøver Mal å finna ut kva som kan ha skjedd. Det vert ikkje enkelt - for her er det trass alt snakk om perfekte mord..

Mange av dei krimlitterære referansane i boka er ukjente for meg. Men dei tre Agatha Christie-romanane 'Mord etter alfabetet', 'Doktoren mister en pasient' og 'Dermed var det ingen' kjenner eg godt til. Dei har alle ein viss betydning for både saka og handlinga i boka. 

Mal er ein mangesidig karakter, og lesaren får tidleg kjennskap til at han er ein ber på ei stor sorg. Gradvis får me vita at han har andre og mørkare hemmelegheiter. Men kva er løgn og kva er sanning? 

Erfarne krimlesarar stolar aldri heilt på forteljaren. Her ligg det liksom i korta at ein skal bli overraska undervegs; og det gjer at ein forventar det uventa. Ein vert med andre ord ikkje så veeeldig overraska når forteljinga tek nye og heilt andre vegar enn det ein skulle tru. 

Åtte perfekte mord er elegant og original, meir interessant enn spennande. Boka er overraskande langsam, for eg brukte forholdsvis lang tid på dei 254 sidene.
Dersom du likar kriminalhistoriar med fiffige og finurlege krumspring er Åtte perfekte mord - heilt perfekt.

5. april 2019

Gule bøker. Påskekrimtips 2019

Det nærmar seg påske og aviser/nettstader/bloggar fløymer nesten over av krimboktips. Det er flott, tykkjer eg, for det kjem ut vanvittig mykje bra krim (samt ein del som ikkje er så bra..) Hittil i år har eg omtrent ikkje lese noko anna enn krim og spenning - men eg har framleis massevis av nye krimbøker på vent.

Smaken er som kjent som baken, også blant krimelskarar: Nokre vil ha langsam psykologisk uhygge, andre vil ha action og full fart. Nokre vil lesa snill og enkel krim, andre vil ha utfordrande og raffinerte tekstar. Nokre likar skjærgårdskrim og andre likar urban noir. Nokre vil ha overnaturlege grøss, andre vil ha samfunnskritisk realisme. Men felles for oss alle (som les krim) er vel at me vil lesa noko som kan gi oss ei flukt frå røyndommen; noko som kan opplevast som spennande og underhaldande og som samstundes inneheld velkjende krimlitterære formlar og klisjéar.

Eg gjer ein liten vri med tipsa mine - og håpar dei kan passa for folk med ulik krimsmak. Bøkene eg har plukka ut i dette innlegget er gule, dvs. at omslaget inneheld (eller har eit lite skjær av) gulfarge. Her er bøker eg har lest og likt, men også bøker som eg har på vent og ser fram til å lesa. Alle er utgitt i 2018 og 2019, og dei fleste er norske og svenske. Rekkefølga er tilfeldig.


Dronen av Unni Lindell
Årets Rivertonvinnar - og det er fortent. Lindell er knallgod på stemningsskildingar og spenningsoppbygging. Dronen er ein velskriven og stillfaren pageturner, perfekt som påskelesing.

Korset av Ingar Johnsrud
Burde etter mi meining óg ha vore nominert til Rivertonprisen. Kjempebra avslutning av trilogien med skiftande tempo, uforutsigbare hendingar og ein heilt spesiell hovudperson.

Gutten som elsket rådyr av Samuel Bjørk
Denne var Riverton-nominert. Eg har boka liggjande på nattbordet mitt og reknar med å ta til på den ganske snart. Dei to fyrste i serien var bra og denne siste har fått usedvanleg gode kritikkar.

1793 av Niklas Natt och Dag
Særdeles velskriven og sterk bok frå mannen med det spesielle namnet. Ein brutal og fengslande historisk kriminalroman.


Paradisets hjerte av Roar Sørensen
Leiken og sprudlande med alvorlege undertonar, handling frå Filippinene. Den fjerde boka i Stingo-serien kan godt lesast åleine då den ikkje byggjer spesielt mykje på dei føregåande.

En grav for to av Anne Holt
Handling frå langrennsmiljø, den fyrste i ny serie og ein introduksjon til eit spennande etterforskarpar. Holt har lang røynsle i krimfaget og held stadig koken.

Tre timer av Anders Roslund
Det svenske forfattarparet er halvert av naturlege og triste årsaker, men Roslund leverer varene åleine. Intens spenning, truverdige karakterar og aktuell tematikk.

Bristepunktet av Belinda Bauer
Ikkje lest enno, men den står høgt på ynskjelista mi. Nominert til Bookerprisen, noko som bør bety kvalitet. Denne boka er både smart, stilig og skarp, vert det sagt.


De venstrehendtes forening av Håkan Nesser
Nesser har ikkje falma med åra. Det har heller ikkje krimheltane hans, Van Veeteren og Barbarotti, gjort. I denne boka møtest dei to når ei gammal drapssak skal oppklarast. Stor underhaldning og skrivekunst på høgt nivå.

Coffin Road av Peter May
Ikkje på langt nær så bra som Lewistrilogien, men slett ikkje dårleg. Fine natur- og miljøskildringar, og handlinga er då også lagt til fascinerande Hebridene.

Koke bjørn av Mikael Niemi
Ikkje lest, men ut frå omtalar har eg stooore forventningar. Historisk krim og sanselege skildringar høyrest forlokkande ut. Står på venteliste til lydbok.

Kastanjemannen av Søren Sveistrup
Heller ikkje lest, men den er nyleg henta på biblioteket. Har ikkje lest noko av denne danske forfattaren tidlegare. Boka har fått mykje merksemd og skal vera god. Mykje tyder på at dette vert påskelesing for meg.

Motiv X av Stefan Ahnhem
Den gulaste boka i dette innlegget har eg heller ikkje lest enno. Har fått mykje ros, og eg håpar å få tak i denne snart.

Falken av Tom Egeland
Aldeles blodfersk, utgjevinga kjem på eit strategisk bra tidspunkt med tanke på påsken. Det er ingen Bjørn Beltø-roman denne gongen, men Egeland har synt før (Ulvenatten) at han beherskar thrillersjangeren. Gler meg til denne.

En høyere rettferdighet av Hjorth og Rosenfeldt
Nettopp lest og eg anbefalar verkeleg Sebastian Bergman-serien. Her er det viktig med kronologi.

Krigernes fred av Lasse Gallefoss
Les denne no. Imponerande bra så langt. Handling frå krigen og etterkrigstida. Lærerikt, perspektivrikt og truverdig på fleire område.



Då ynskjer eg alle ei retteleg fin påske!


Andre bloggar med påskekrimtips:
Lukten av trykksverte
Bjørnebok

4. april 2017

Påskekrim 2017 - 20 gode tips

Kva kan vera betre enn å setja seg i solveggen eller ved peisen med ei skikkeleg spennande bok? Påsken er blitt den absolutte høgtida for krimbøker her i landet - og her er mine tips til deg som likar å lesa om mystikk, spenning, mord, etterforsking og oppklaring av brotsverk: Til saman 20 ulike bøker som alle er innan krim-, spennings- og/eller thriller-sjangeren. Mine subjektive terningkastvurderingar finn du i parentesane nedanfor.

Bøker er ikkje ferskvare - heller ikkje krimbøker. Dersom du har meir sans for klassisk krim, kan du sjekka ut påskekrimtipsa mine frå 2013. Desse tipsa kan eg fortsatt gå god for. Du kan også finna nokre brukbare tips i innlegget frå 2015. Her og no skal det imidlertid handla mest om krimbøker utgitt i løpet av 2016/2017. Nokre av dei er komne i pocket, noko som gjer dei meir praktiske med tanke på påskesekken.

For omlag eit år sidan gav Torkil Damhaug ut En femte årstid; ein knakande god kriminalroman som forfattaren nyleg og vel fortent vart tildelt Rivertonprisen for. Eg las boka i påsken i fjor og kan verkeleg anbefala den (terningkast 5+). Boka er ein psykologisk thriller og er frittståande.

Av nyare frittståande thriller-/ spenningsromanar som kan høva som påskelektyre vil eg halda fram desse:

  • John Hart: Syndenes forlatelse (terningkast 5)
    Dramatisk, mørk og uhyre velskriven amerikansk krimthriller. 
  • Ane Riel: Harpiks (4+)
    Melankolsk og original thriller frå dansk debutant.
  • Peter Swanson: Den tikkende kvinnen (4) og De som fortjener det (5-)
    Fengande, lettleste og fortleste spenningsromanar. 
  • Håkan Nesser: Elleve dager i Berlin (4)
    Egentleg ingen krim, men ei langsam, alternativ og småpussig feelgood/mystikk-bok.

Mykje - det meste - av det som vert gitt ut innan krimsjangeren er likevel seriekrim.

Ein treng slett ikkje byrja med den fyrste boka i ein romanserie - sjølv har eg erfart fleire gonger at det fungerer fint å starta eit stykke ut i ein serie. Dersom boka fell i smak kan ein så ta til på tidlegare bøker. Men det er også klart at ein går glipp av enkelte utviklingstrekk og samanhengar dersom ein ikkje les kronologisk. Ofte er det slik at handlinga i ei bok får konsekvensar for dei påfølgjande bøkene. Av seriekrim utgitt det siste året kan eg anbefala følgjande:

  • Robert Galbraith: Ondskapens kall (5-)
    Bok tre i J.K. Rowlings sjarmerande Cormoran Strike-serie. Når gjøken galer og Silkeormen bør lesast før denne.
  • Pierre Lemaitre: Camille (5+)
    Her er det faktisk ein føresetnad at ein har lest Irene og Alex fyrst. Fantastisk trilogi frå denne franske forfattaren.
  • Yrsa Sigurdardottir: Dragsug (4)
    Islandsk sidevendarkrim, bok nummer to om Huldar og Freyja. DNA er den fyrste.

Svenskane er suverene når det gjeld seriekrim:
  • Lars Kepler: Kaninjegeren (5)
    Uhyggeleg, brutal og intenst spennande. Del 6 i Joona Linna-serien - men kan lesast som sjølvstendig bok.
  • Joakim Zander: Broren (5)
    Kjempespennande og frittståande framhald av Svømmeren.

Nokre fleire norske krimtips:
  • Gunnar Staalesen: Storesøster (5-)
    Bok nummer tjue om Varg Veum kan lesast for seg. Fin blanding av humor og alvor, stødig kvalitetskrim.
  • Jan-Erik Fjell: Lykkejegeren (5-)
    Ei tempofylt og original historie, den femte i Anton Brekke-serien - men kan lesast åleine.
  • Gert Nygårdshaug: Budbringeren (4+)
    Fantasifull og underfundig med spesielle karakterar. Drum-serien er ukronologisk.
  • Anne Holt: I støv og aske (4+)
    Har fått litt lite merksemd, men er ei god bok. Dette er nummer ti i serien om Hanne Wilhelmsen, men ho står seg godt som sjølvstendig bok.
  • Unni Lindell: Jeg vet hvor du bor (5)
    Den fyrste boka i ein ny serie - som også er eit framhald av Cato Isaksen-serien. Grøssande god; Lindell leverer alltid.
  • Hans Olav Lahlum: Sporvekslingsmordet (4+)
    Interessant 1970 tals-krim. Den 7. boka i serien om K2 og Patricia kan også lesast for seg sjølv.
  • Jo Nesbø: Tørst (5)
    Nesten unødvendig å nevna denne, for Nesbø kjem uansett til å bli påskens mest leste dette året. Harry Hole-bok nr. 11 kom ut i strategisk tid i så måte.



Sjølv har eg tenkt å lesa diverse halvgamle og halvnye krimbøker som har overvintra på hytta i påsken. I tillegg har eg skaffa meg Utmarker av Arne Dahl - og deretter kjem det an på kva som vert tilgjengeleg i eBokBib.


Med dette ynskjer eg alle blogglesarar ein kriminelt god påske!

21. april 2014

Lest og ulest påsken 2014

For meg pleier det vanlegvis å vera fjell-, ski- og hyttepåske. Kvikklunsj-, snø- og turpåske. Av ulike årsaker vart det ikkje slik i år. Heile påsken har eg vore heime, og det har vore ganske så greit det også. Eg har pusla i hus og hage, slappa av på verandaen og starta opp sykkelsesongen. Berre innimellom har eg lengta til snøen og hytta - og til stabelen med uleste krimbøker som har overvintra der.

Men akkurat bøker har eg rikeleg med tilgang til heime òg. Eg har lest to krimbøker i påsken; Gapestokk av Monika Yndestad og Før du døde av søstrene Camilla Grebe og Åsa Träff. Eg vart ikkje kjempebegeistra for nokon av dei, men begge var greie nok: Lettleste og lettgløymde. Omtale kjem seinare, i alle fall når det gjeld den fyrstnemnde boka.
I skrivande stund er eg halvveges i Allahs tårer av Rikard Spets. Dette er ikkje krim, men ein macho actionthriller som verkeleg osar av testosteron - og eg likar det! På nattbordet ligg novellesamlinga Påskekrim 2014. Den har eg ikkje lest ferdig.

Som språk- og dialektinteressert har eg kosa meg med Grautmål av Arve Uglum og Øystein Vangsnes. Boka er ei hyllest til - og ei forklaring på - mange dialektord frå Sogn og Fjordane. Underhaldande og opplysande. Det same kan seiast om boka Krimquiz av Fredrik Wandrup og Tom Stalsberg. I påsken passar det jo godt med quiz'ar i ulike variantar.

Men eg har lest litt "seriøst" stoff også. Ei bok som verkeleg gjorde inntrykk på meg var Frihetens øyeblikk. Dette er den fyrste boka i Jens Bjørneboe sitt hovudverk, Bestialitetens historie. Dette er bøker som må lesast på ein heilt annan måte enn når ein sluker ei krimbok. Eg valde, som eg ofte gjer, lydbokversjonen av Frihetens øyeblikk, og den er fabelaktig opplest av Nils Ole Oftebro. Anbefalast! Omtale kjem nok, men ikkje før eg har fått lest alle tre bøkene.

No i kveld, på den aller siste påskedagen, har eg avslutta lyttinga til En by som Alice av Nevil Shute. Dette er ei langsam og omstendeleg, men ganske fin bok. Ho er ein klassikar som vel bør lesast av ein bokelskar, men eg tykkjer ho ber preg av at ho vart skriven på 50-talet. Boka byggjer på verkelege hendingar og er såleis interessant og gripande, men mange av haldningane er håplaust gammaldagse og gammalmodige.

Her er nokre glimt frå sykkelturen eg var på i går, påskedag. Ein fantastisk og strålande dag med (unormalt) flott vêr! Bileta syner Luster frå si beste side og eg tok dei med mobiltelefonen min.

 Sola speglar seg i Lustrafjorden.

 Fjellet Molden er lett gjenkjenneleg.

 I midten, heilt innerst i fjorden, ligg Skjolden.

Nes kyrkje til venstre her.

10. april 2014

Repost: Klassiske påskekrimtips

Ikkje fordi eg er doven, men fordi eg har det litt travelt for tida. Dette er ein repost frå den gamle bloggen. Fjorårets påskekrim-bloggpost er like aktuell i år.

- - - - - - - - - -

For meg er påskekrim klassisk krim av whodunnit-typen, gjerne i Agatha Christie-stil. Det vil seie puslekrim; ei mordgåte, ein intellektuell leik der forfattaren utfordrar lesaren til å avsløra mordaren/forbrytaren før forfattaren sin hovudperson finn ut av løysinga. Elles i året les eg helst nyare, meir hardbarka og actionfylte krimbøker, men puslekrim passar betre framfor peiselden på hytta, tykkjer eg.
Med "klassisk krim" meiner eg nærare bestemt dei klassiske detektivforteljingane av britisk tradisjon. (I motsetnad til den amerikanske tradisjonen, som er forteljingane om "den hardkokte privatdetektiven", f.eks. Raymond Chandler - som skapte Philip Marlowe, - eller Gunnar Staalesen sin Varg Veum, for å ta eit nyare og nærare eksempel).
Agatha Christie er i ein klasse for seg, så produktiv som ho var. Ti små negerbarn, Mord på Orientekspressen og Doktoren mister en pasient er geniale og har overraskande og utfordrande plott. Både Hercule Poirot og Miss Marple har sine tilhengarar, - sjølv er eg veldig svak for den belgiske herremannen. Dorothy Sayers og hennar figur Lord Peter Wimsey er eit anna klassisk krimlitterært alternativ. Sir Arthur Conan Doyle, opphavet til Sherlock Holmes, bør alle krimelskarar kjenna til. Klassikaren Hunden fra Baskerville er fin, om du likar litt grøssande påskestemning. 
John Dickson Carr (Carter Dickson) og Ellery Queen var amerikanske krimforfattarar, men begge heldt seg innan den britiske krimtradisjonen. Har du ikkje lese Sort messe av John Dickson Carr tidlegare, kan du bruka påsken til å lesa denne framifrå krimklassikaren. 
Av nyare dato, og innan ein sjanger som kan kallast "klassisk politikrim", finn ein Colin Dexter sine romanar om Inspektør Morse og P. D. James sine bøker med Adam Dalgliesh i hovudrolla. Begge er velkjende gjennom dei mange TV-seriane. Bøkene er sjølvsagt betre enn filmatiseringane. Vil spesielt anbefala Intriger og begjær og Det svarte fyret. Her vert òg lesaren utfordra til å finna løysing på mysteria, - men som oftast vert ein overraska på slutten. I same gate er amerikanske Elizabeth George, bøkene hennar om Lynley og Havers er erkebritiske og klassiske i stil og innhald.
Norske klassiske krimromanar som kan høva å ta med i påskesekken, er De dødes tjern av Bernhard Borge (Andre Bjerke) og Jernvognen av Stein Riverton (Sven Elvestad). Eg trur ein kan lesa De dødes tjern kvar påske, - og verta like skremd kvar gong! 
Hans Olav Lahlum sine "retrokrimbøker" er òg puslekrim av den klassiske typen. Lahlum har Christie og Conan Doyle som inspirasjonskjelder og føredøme.
Det er interessant og nyttig å lesa om at etterforsking og oppklaring av brotsverk før i tida skjedde utan hjelp av epost, internett og mobiltelefonar!