29. juli 2015

Lobotomisten og Heksedoktoren av Eirik Husby Sæther

Dette er to bøker som har stått i hylla mi lenge. Gong på gong har eg tatt fram Lobotomisten for å lesa - og like mange gonger har eg sett boka på plass igjen. Det gufne omslaget gjorde at eg kvidde meg for å byrja lesinga.
Men no har eg då omsider fått lest begge to. Lobotomisten har eg kjøpt sjølv, Heksedoktoren fekk eg tilsendt frå forlaget for eit par år sidan. Eg vel å omtala dei under eitt fordi bøkene heng tett saman. Det går ikkje an å lesa berre Lobotomisten, fordi ein ikkje får nokon oppklaring/avslutning av historia der. Ein kan heller ikkje lesa berre Heksedoktoren, fordi det der stadig vert vist til hendingar og personar som ein vart kjent med i den fyrste boka.


Lobotomisten                           Heksedoktoren
Juritzen 2012                              Juritzen 2013
505 sider                                      368 sider

Lobotomisten er ein iskald, skremmande og svært spennande thriller. Det er forståeleg at enkelte lesarar avbryter og/eller "mistar" historia og handlingstrådane i alt blodet og all hjernemassen. Her er nemleg ekstremt detaljerte og ekle skildringar av tortur, vald og drap. Sjølv skumma eg meg gjennom dei blodigaste og sterkaste scenene. Groteske handlingar blir utbroderte på ein - etter min smak - unødvendig måte i denne boka. Ein del kunne/burde vore overlatt til lesaren sin fantasi.

Men boka inneheld så mykje meir enn dette ekle. Det er faktisk ganske så interessant å lesa om slike uvante problemstillingar som vert tatt opp her, frå ulike vinklar og om ein antagonist som er så hinsides all normalitet. Boka er velskriven og velkomponert, men som nemnt; også for meg trekker alt blodet og gørret ned heilskapsinntrykket. Du bør ikkje lesa desse bøkene om du har lett for å bli kvalm..

Lesaren får bli kjend med tre unge menn. Me møter politimannen Daniel som har fått ei vanskeleg forsvinningssak på bordet. Han diskuterer saka med barndomskameraten Tom som studerer psykologi og som er i gang med ei masteroppgåve om ondskap. At han sjølv har og har hatt diverse traumer held han skjult for omverda. Me får òg stifta bekjentskap med studenten Johannes, som ein raskt skjønnar er sjølve Skurken med stor S i denne historia. Forfattaren får godt fram dei motstridande og vanskelege kjenslene til Johannes. Religiøs fanatisme og avlegse psykologiske behandlingsmåtar står sentralt. Gradvis vert dei sjuke planane til mannen - og bakgrunnen for det heile - avdekka. Spenninga i boka ligg ikkje i kven som er gjerningsmann, men i kva, korleis og kvifor, samt i korleis ugjerningane kan stoppast. Som sagt innleiingsvis endar boka uavklart - og eg valde difor å lesa oppfølgjaren ganske kort tid etterpå.

I Heksedoktoren er mykje av handlinga lagt til Brasil, nærare bestemt i fattigstrøka i Rio de Janeiro. For å vita kva som skjer med karakterane i Lobotomisten er det ein absolutt fordel å ikkje venta for lenge før ein tek til på bok nummer to.

Johannes har no egentleg forlate sin Gud. I staden er han i ferd med å bli tiltrekt av svart magi. Tom har òg "skifta beite". Han har forlate studiane og heimlandet for å bli leigesoldat/ leigemordar - men fyrst og fremst er han ute etter hevn. Boka er ein skikkeleg pageturner - eg las ho ut på eit par dagar - og spenninga bygger seg gradvis opp mot den siste og avgjerande konfrontasjonen - som ein veit vil finna stad. Forfattaren legg vekt på - og fokuserer mykje på - hovudpersonane sine tidlegare opplevingar, tankar og kjensler. På den måten vert handlingane meir "forståelege" for lesaren.

Boka handlar om hevn og hevnlyst og behovet for eit oppgjer med det onde. Denne boka er ikkje fullt så kvalmande ekkel som Lobotomisten, men inneheld meir action. Heksedoktoren er heller ikkje så intens som den fyrste boka. Her ligg spenninga og framdrifta meir i det psykologiske og det ukjente.

Heksedoktoren
gir også eit interessant og rystande innblikk i det fargerike og mangfaldige - men også fattige, kriminelle og brutale livet i slummen i Rio. Berre nokre få steinkast frå dei velståande bydelane Copacabana og Ipanema ligg favela'en Santa Marta. Boka skildrar godt skilnaden på fattig og rik - ein ser kor grotesk og grusomt dette miljøet er. Kampen for tilværet - og å overleva - i favela'en er skremmande, farleg og tilfeldig.

Desse bøkene byr på sterke historiar om uhyggelege hendingar, fortalt på ein særs dyktig måte. Trass i enkelte lause trådar og nokre logiske bristar: Det er ein heilt spesiell intensitet og driv i desse bøkene som gjer at eg gir Lobotomisten og Heksedoktoren - samla sett - terningkast 5.

16. juli 2015

Sommarlesing - del 2: Lyd. Eit samleinnlegg

Eg kan liksom aldri få sagt det sterkt nok og ofte nok; kor glad eg er i lydbøker. Sjølv om eg alltid, alltid! har (minst) ei vanleg papirbok som eg les i, har eg vant meg til å ha ei lydbok tilgjengeleg i tillegg. Det gir meg variasjon og høve til å lesa utan å sitja i ro - og det er viktig for meg. Det er òg blitt ein vane å lesa fleire og ulike bøker samstundes.

For å få ei fullgod lydbokoppleving spelar sjølve opplesarstemma ei stor rolle. Ei stemme som ein ikkje heilt vert fortruleg med eller i eit tempo som ikkje passar kan gjera at ei elles bra bok oppfattast som heller dårleg. Og omvendt: Ei ordinær forteljing kan løftast opp i nye høgder med ei dyktig og passe engasjert opplesarstemme.

Nedanfor finn du nokre av bøkene eg har hatt i øyrene i det siste. Den fyrste er samlesingsboka for juli i samband med bokbloggerprisen 2014. Denne månaden er det Ingvild Rishøi si kritikerroste novellesamling Vinternoveller som vert samlest. Eg valde lydbokversjonen.


Vinternoveller av Ingvild H. Rishøi
Lydbokforlaget 2014
Speletid 3:38, opplesar Kaia Varjord


Å lytta til nokre noveller innimellom all anna lesing har vore OK. Eg tykte desse novellene var bra, men egentleg er ikkje denne boka "min stil".
Eg oppfattar alle tre novellene som lettfattelege, "ekte", litt vonde og ubehageleg nære - men for meg vart det for sentimentalt - på grensa til patetisk. Det handlar om relasjonar mellom vaksne og barn - og alle dei vaksne har det til felles at dei er utanfor på ein eller annan måte. Om folk som ikkje maktar å ta tak i liva sine og tilværet sitt. Om omsorg, kjærleik og maktesløyse. Og om håp om ei betre framtid.
Varjord si litt barnslege stemme passar godt til boka. Terningkast 3.


1001 natt av Vetle Lid Larssen
Cappelen Damm 2013
Speletid 11:03, opplesar Anders Ribu


Ei interessant bok frå ein god forteljar. Dette er ein historisk dokumentarroman om eit - for dei fleste av oss - heilt ukjent tema: Det europeiske slaveriet i Nord-Afrika på 1700-talet. Larssen følgjer den dramatiske historia til to norske sjømenn som vart slavar i Alger. Her er fakta og fiksjon, dåtid og notid, - og resultatet er både spennande og lærerikt.
Det som trekker ned for meg er det arrogante i skrivestilen: Alle sjømannsuttrykka som er heilt uskjønelege og alle dei franske orda (som òg er "greske" for meg). Ribu si stemme passar godt til lydboka; han les passe "pompøst" og med tydeleg diksjon. Terningkast 4.


Lindeman & Sachs av Kjell Ola Dahl
Lydbokforlaget 2006
Speletid 13:57, opplesar Christoffer Staib


Underhaldande og treffande i såpeoperastil frå ei ganske nær fortid. Om finansakrobatikk, misunning og begjær etter pengar, makt og sex.
Lesaren får bli kjend med to familiar, Lindeman og Sachs, og får følgja to-tre generasjonar frå 1973 til 1987 - ei spennande tid sett frå eit børs- og finansperspektiv. Samstundes som det vert fortalt om oljeeventyr, jappetid og børskrakk får ein også tilbakeblikk på kulturelle og samfunnsmessige forhold. Persongalleriet er variert og ganske stort og kan oppfattast truverdig - men er vel egentleg noko karikert.
Boka er overraskande lettfatteleg og opplest med innleving og engasjement av Christoffer Staib. Terningkast 4.


Elizabeth er borte av Emma Healey
Cappelen Damm 2015
Speletid 10:16, opplesar Kirsti Grundvig


Eg vart skuffa over denne boka som på ingen måte fortener all merksemda ho har fått. Forventningane mine vart ikkje innfridd - dette er ei tannlaus historie.
Forteljarstemma er demente Maud, - og det var interessant og spesielt i starten - men slitsamt og irriterande i lengden. Handlar om ei 80 år gammal gløymsk dame som leitar etter venninna si. Her finst enkelte komiske situasjonar, samt visse sentimentale og triste element. Boka har fått merkelappen "krim", men det passar dårleg etter mi meining. Forteljinga har dårleg driv og er uspennande. Opplesinga er OK. Terningkast 2.


Den usynlige mannen fra Salem av Christoffer Carlsson
Lydbokforlaget 2015
Speletid 09:09, opplesar Nicolay Lange-Nielsen


Enno ei bok som ikkje innfridde heilt, sjølv om ho er ualminneleg stemningsfull og melankolsk. Eit mysterium frå fortida og ei oppvekstskildring kobla til ei "vanleg" kriminalgåte.
Handlar om familiar i oppløysing, utfordrande oppvekstvilkår og gamle venskap. Om kvifor og korleis ein kan havna på skråplanet og "kjøret", om kor tilfeldig livet er. Lite spenning, kun litt action i det siste avgjerande oppgjeret.
Boka er så stillferdig fortalt at det er lett å mista konsentrasjonen når ein "les" som lydbok. Opplesarstemma er behageleg å lytta til. Terningkast 4.


Zack av Mons Kallentoft og Markus Lutteman
Lydbokforlaget 2015
Speletid 12:05, opplesar Torbjørn Harr


Temamessig har denne ein del til felles med boka til Carlsson over, men dette er ein krimthriller med full rulle og action frå fyrste side. Underhaldande og "lett", men tematikken er blodig alvor. Hovudpersonen og antihelten Zack Herry er gjenkjenneleg; ein politimann med rusproblem, uro, dametekke, handlekraft og vanskeleg barndom. Han opererer ofte på feil grense av lovverket, - er kul, tøff og macho samstundes som han er ein vandrande nervebunt. Klisjeaktig altså, men det funkar som berre det.
Handlinga er voldsom og inneheld barske valdsskildringar. Det skjer mange ufyselege mord i kjølvatnet av prostitusjon, trafficking og organisert kriminalitet. At sjefen og kollegaene til Zack vert framstilte som sympatiske og oppegåande, var ei positiv overrasking og ein "ny vri" krimlitteraturmessig sett. Boka er velskriven, spennande, aktuell, har verknadsfulle temposkifte, gode miljøskildringar og fleire interessante karakterar. Lydboka er godt (men tidvis litt for teatralsk) opplest. Dette er starten på ein ny serie (Herkulesserien), og eg skal definitivt lesa neste bok. Av Kallentoft sin forrige krimserie (den med årstidene) har eg kun lest Midtvinterblod - og den likte eg ikkje. Zack derimot - den landar på terningkast 5.

7. juli 2015

Topp ti - overhypa bøker

Artig tema i Top Ten Tuesday i dag: "Top Ten Hyped Books I've Never Read".

Det skal innrømmast. Eg les faktisk mange slike bøker. Altså; bøker som forlaga pøser mengder av marknadsføringskroner på og som difor får (ufatteleg) mykje (ufortent) merksemd - og som i sin tur vert bestseljarar. Eg les både Nesbø, Horst og Kepler - samt Samartin, Dan Brown og Gillian Flynn. Ja, eg har faktisk vore borti Mytting og Moyes òg (med tanke på fjorårets mest overhypa og oppskrytte bøker Svøm med dem som drukner og Et helt halvt år).


Det er mange andre bøker som er "overhyped" og som eg ikkje har lest og/eller aldri kjem til å lesa.
Her er eit utval:
  1. E. L. James - Fifty Shades of Grey (Nei takk)
  2. Paolo Coelho - Alkymisten (Absolutt ikkje "my cup of tea")
  3. Stephenie MeyerThe Twilight Saga (Eg er for gammal til slikt)
  4. Helen Fielding - Bridget Jones' dagbok (Eg har sett filmen. Det er nok)
  5. Jojo Moyes - Den ene pluss en (Eg har lest Et helt halvt år. Det er nok)
  6. Vanessa Diffenbaugh - Blomstenes hemmelige språk (Æsj nei, virkar klissete)
  7. Sophie Kinsella - Shopaholic-bøkene (Kunne ikkje falt meg inn)
  8. Karl Ove Knausgård - Min kamp 1 - 6 (For navlebeskuande og for overveldande)
  9. Siri Pettersen - Odinsbarn. (Eg las to sider på biblioteket ein gong. Passar berre ikkje for meg)
  10. J.R.R. Tolkien - Ringenes herre. (Tru meg, eg har prøvd. Omlag 50 sider - og ga opp)

5. juli 2015

Bokomtale: Dødt løp av Kurt Aust

Aschehoug 2015
446 sider
Kjelde: Lånt ebok - eBokBib

Tour de France, verdens største og best kjende sykkelritt, er utgangspunkt for Kurt Aust sin nye kriminalroman. Forfattaren er nok over gjennomsnittet interessert i dette populære etapperittet. Han har tidlegare har gitt ut fleire historiske kriminalromanar, men i denne boka er det notida som gjeld - og den tradisjonsrike og prestisje- og skandalefylte tour'en altså.

I Dødt løp er kvart kapittel oppdelt etter etappane i Tour de France, frå og med prologen og til målgangen på Champs-Élysées i Paris tre veker seinare. Det er ikkje nødvendig å vera Tour de France- eller sykkelekspert for å ha glede av boka, men det er nok ein fordel å vera bittelitt interessert i sporten. Forfattaren har heldigvis ikkje brukt så mange uttrykk frå "fagterminologien" og det vert forklart kva den gule, kvite og prikkete trøya betyr, for eksempel. Ein får eit lærerikt innblikk i tour-sirkuset og den taktiske planlegginga av etappane, samt nokre landskapsskildringar frå ulike delar av Frankrike.

Hovudperson og den dominerande forteljarstemma er den unge nordmannen Erik Norse. Han er ein ung mann med "ei fortid" (som det heiter) - og debuterer i TdF som hjelperyttar for laget sitt. Men - han har også eit anna oppdrag; som undercover-agent for Interpol. Bakgrunnen for dette er at ein sykkelmekanikar på eitt av dei deltakande laga vert funnen drept ei tid før rittet. Før han døydde skal han ha sagt noko som kan indikera at løpsfiksing eller ulovleg gambling var under planlegging under årets tour. Politiet og rittleiinga kontaktar den unge og lovande syklisten Erik og lagar ein avtale med han.

Meir skal ikkje røpast av handlinga her, for boka byr på fleire overraskingar. Eg likte boka og det spesielle bakgrunnsteppet med sykkelritt og sykkelmiljø. Det var interessant og originalt.
Dødt løp er ei velskriven og grei krimbok - super som underhaldnings- og sommarlektyre. Handlinga i boka, med sine hopp i tid og rom, er enkle å følgja. Det meste framstår som "ekte" og "autentisk" sjølv om mykje av det som vert skildra egentleg er svært så urealistisk. Plottet er sånn passe finurleg.

Personskildringane i boka er eg ikkje så veldig nøgd med - utan at det har spesielt mykje å bety for sjølve leseopplevinga. Eg opplever dei fleste karakterane som "grunne", stereotype og klisjeaktige. Det finst eitt unnatak; sjølve hovudpersonen Erik Norse. Han står fram med ulike sider og eigenskapar, både positive og negative.

Kurt Aust skriv overraskande innsiktsfullt om sjølve Tour de France; det er tydeleg at forfattaren har lest seg opp på historia om - og alle diskusjonane rundt - dette sykkelrittet. Slik skildrar han Erik si oppleving av oppstiginga til det berømte og berykta fjellet Alpe d'Huez:
"... det var fire svinger igjen.
Krampa kom plutselig, satte seg i beina som smertelyn. Fikk meg til å gispe og blotte tenner.
Tre svinger. Jeg måtte ta en krampetablett. Måtte. Men jeg turte ikke slippe styret. Kunne ikke. Fingrene var låst.
To. Hele kroppen var krampe, hylte i smerte. Sykkelen sitret som om den hadde feber. Måtte tenke på noe annet..."
Konklusjonen blir at Dødt løp er ein forfriskande og annleis, men ikkje så veldig spennande thriller, som passar best for sportsinteresserte.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Årets Tour de France er så vidt kommen i gang. I skrivande stund er det att omlag 5 mil av den andre etappen. Eg er ikkje hekta på dette rittet (slik som visse familiemedlemer er) og skal ikkje følgja med på TV-sendingane heile tida; for meg er det greitt nok å få med seg dei siste 10-15 minuttane av etappane, evt. ein oppsummering i etterkant. Eg håpar at årets ritt blir spennande, dopingfritt, at dei norske deltakarane Boasson Hagen og Kristoff gjer det bra og at det ikkje skjer noko som minner om hendingane i denne boka.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Også denne omtalen vert lenka som eit Smakebit på søndag-innlegg.
Kvar søndag finn ein mengder med smakebitar, boktips og bokbloggtips i bloggen Flukten fra virkeligheten.

2. juli 2015

Oppsummering juni

Påbyrja i mai, fullført i juni:
Ragnar Kvam jr. - Thor Heyerdal 1. Mannen og havet - Biografi - Papirbok lånt på biblioteket
Kjell Ola Dahl - Lindeman & Sachs - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket

Lest i juni:
Asbjørn Jaklin - Rød sone - Norsk krim - Lånt ebok
Arnaldur Indridason - Hjemstavn - Islandsk krim - Papirbok lånt av mor
Emelie Schepp - Merket for livet - Svensk krim - Lånt ebok
Eirik Husby Sæther - Lobotomisten - Norsk krim - Kjøpt papirbok
Emma Healey - Elisabeth er borte - Britisk krim - Lydbok lånt på biblioteket
Britt Karin Larsen - Slik treet faller - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
Christoffer Carlsson - Den usynlige mannen fra Salem - Svensk krim - Lydbok lånt på biblioteket

Påbyrja i juni, fullførast i juli:
Kurt Aust - Dødt løp - Norsk krim - Lånt ebok
Elizabeth George - Bare en ond handling - Britisk krim - Kjøpt pocket



Eit litt meir normalt tal bøker lest denne månaden; 2 ebøker, 3 lydbøker og 4 papirbøker. Dette var som planlagt og forventa.
Kva som vart høgdepunkt og "lågpunkt" i juni er lett å sjå ut frå terningkasta.
Slik treet faller var fantastisk fin og Elizabeth er borte fall ikkje i smak.