Viser innlegg med etiketten Amerikansk krim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Amerikansk krim. Vis alle innlegg

6. desember 2023

Bokomtale: Den uvillige av John Hart

Cappelen Damm 2022
Speletid 13:02
Lyd Storytel

Boka innleiar med nokre ord til ettertanke frå ein ukjent soldat:

"Vi de uvillige, ledet av de ukvalifiserte til å drepe de uheldige, dør for de utakknemlige." 

Når ein skal ta til på ei bok av John Hart kan ein ikkje forventa ei lettlest og koseleg leseoppleving. Den uvillige stadfestar dette. Boka er mørk, dyster og valdeleg - men også svært velskriven. 

Handlinga er lagt til North Carolina, USA, i 1972. Omgjevnader og landskap er kjent frå tidlegare bøker av Hart, og det same gjeld deler av tematikken; vanskelege oppvekstvilkår, dysfunksjonelle familiar, lokalsamfunn prega av krise, vald og kriminalitet. Bakteppet i denne forteljinga er dessutan ein krig (Vietnamkrigen) som hadde store konsekvensar, både politisk og menneskeleg. 

Hovudpersonen er Gibson (Gibby) French, 18 år og yngstebarnet i familien. Dei to eldre brødrene hans, tvillingane Robert og Jason, har tenestegjort i Vietnam. Robert fall i krigen og Jason kom heim, men med sår og arr på kropp og sjel, og vart involvert i kriminelle aktivitetar. Når historia startar har Jason akkurat sona ferdig ei fengselsstraff - og han vil gjerne bli kjent med veslebroren på ny.
Men Gibby er i skvis. Foreldra vil ikkje ha noko med Jason å gjera og forbyr også Gibby å ha kontakt med han. Gibby, på si side, er nysgjerrig på broren og det livet han fører. Samstundes er han svært bevisst på at han sjølv er og har vore overbeskytta, spesielt av mor si. Faren er politimann og det gjer alt endå meir problematisk. 

Jason har planlagt ein perfekt dag saman med veslebroren; ein dag med bilkøyring, festing og damer. Men slik blir det ikkje. Ei av kvinnene blir i etterkant funnen drept på ein svært bestialsk måte, og Jason blir mistenkt for å ha teke livet av henne. Gibby blir brått og brutalt vaksen av denne hendinga, og det skal også få store konsekvensar for andre. 

I ein annan handlingstråd møter me X, ein mystisk dødsdømt fange som har stor makt og som rår over uendeleg med ressursar. Dette trass i at han snart skal henrettast. Det er kanskje vanskeleg å tru på denne delen av historia, men eg valde å "godta" dette premisset - noko som er vesentleg for resten av handlinga og for sjølve leseopplevinga. 

Den uvillige er ein rå thriller, skriven på ein måte som gjer lesaren så oppslukt at ein ikkje klarar å leggja boka frå seg. Det er spenning og skrekk, det er intensitet og desperasjon, det er overraskingar og vendingar. Dei fleste karakterane har noko dei slit med og mange er prega av verknadene av krigen. Kvar einaste karakter er "komplett" og "fleirdimensjonal", også bikarakterane, som Gibby sine vener Chanse og Becky. Me kjem veldig nær faren i familien, sidan han - naturleg nok - engasjerer seg så veldig. Han kjempar fleire kampar, både bokstaveleg og i overført tyding. Mora derimot, er fjern, både kjenslemessig og på andre måtar. Foreldra er øydelagde av bitterheit, sorg og sakn og det ser ikkje ut til at dei kan "reparerast". Korleis kan dei bli i stand til å takla det som er i ferd med å skje no? 

Mykje av spenninga i boka handlar om korleis Gibby handlar og reagerer. Er han i stand til å ta dei rette vala i den ekstreme situasjonen som har oppstått? Den karakteren som er mest samansett og som gir sterkast inntrykk er likevel Jason.
Om noko skal innvendast med boka, må det vera avslutninga. Den er mildt sagt overraskande, og det er muleg at forfattaren dreg det altfor langt her. 

John Hart er ein meisterleg historieforteljar og har alltid fleire "lag" i forteljingane sine. I denne boka er han innom fleire tema og kjensler: Familie, kjærleik, venskap, lojalitet, tap, sorg, sinne, skam, angst, smerte. I tillegg inneheld boka ein skarp kritikk av dåtidas (og kanskje notidas) politi- og påtalemakt og retts- og fengselsvesen.

I boka vert det sett søkelys på dei skadelege verknadene fengsel og krig gjer med enkeltmenneske, familiar og lokalsamfunn. Ein kan stilla spørsmål som: Kan kriminalitet bremsast og stoppast med harde straffer? Korleis ta vare på og følgja opp krigsveteranar?

Boka passar ikkje for alle, til det er handlinga for brutal og valdeleg. "Skrekkfilmskurkane" X og Reese vert framstilt som så ekstremt onde og kyniske at det nesten er uforståeleg at det går an å skapa noko slikt. Samstundes veit me at ondskap og kynisme er eit reellt problem innan visse miljø. Eg meiner det difor er innafor å visa ei slik "vrangside" av samfunnet. 

John Hart sine bøker er frittståande og ein treng ikkje ta omsyn til kronologi. Eg trur eg har lese alle bøkene hans - Løgnenes konge, Ved elven, Det siste barnet, Brødrene fra Iron House, Syndenes forlatelse og Mørkets testament. Med unnatak av sistnemnde var dei alle sterke og gode leseopplevingar.

Kyrre Haugen Sydnes (mest kjent som kaptein Sabeltann) er opplesar av lydboka. Eg tykte han hadde for dårleg diksjon i starten, men det gjekk seg til. Det er effektfullt (og godt gjort) at han les så lågmælt, og likevel med så stort engasjement.

25. mars 2021

Kort om: Åtte perfekte mord av Peter Swanson

Cappelen Damm 2021
254 sider
Lånt papirbok biblioteket

Dette er ei heilt ny bok som passar bra som påskelesing: Åtte perfekte mord byr på eit puslespel-aktig kriminelt mysterium som ein kan kosa seg med framfor peisen, i sofakroken eller ved hytteveggen. Boka er òg ein hyllest til krimsjangeren og Agatha Christie og andre kriminalforfattarar.

Hovudperson og forteljarstemme er Malcolm "Mal" Kershaw, eigar av ein bokhandel med kriminalromanar som spesialitet. Bokhandelen har ein tilhøyrande bokblogg, og der har Mal laga fleire ulike lister, m.a. ei som omhandlar åtte perfekte mord.
Som bokbloggar tykkjer eg naturlegvis at eit slikt utgangspunkt for handlinga i ein roman er veldig artig.

Mal vert kontakta av ein FBI-agent som har funne ut at ein heil del ulykker/mystiske dødsfall den siste tida kan ha ein viss samanheng med blogglista. Kan det verkeleg vera snakk om at ein mordar brukar lista som inspirasjon? Mal befinn seg plutseleg midt i ei etterforsking, og han innser raskt at han kan sjåast på som ein mistenkt. Eller er han eit offer? Både på eiga hand og saman med FBI-agenten prøver Mal å finna ut kva som kan ha skjedd. Det vert ikkje enkelt - for her er det trass alt snakk om perfekte mord..

Mange av dei krimlitterære referansane i boka er ukjente for meg. Men dei tre Agatha Christie-romanane 'Mord etter alfabetet', 'Doktoren mister en pasient' og 'Dermed var det ingen' kjenner eg godt til. Dei har alle ein viss betydning for både saka og handlinga i boka. 

Mal er ein mangesidig karakter, og lesaren får tidleg kjennskap til at han er ein ber på ei stor sorg. Gradvis får me vita at han har andre og mørkare hemmelegheiter. Men kva er løgn og kva er sanning? 

Erfarne krimlesarar stolar aldri heilt på forteljaren. Her ligg det liksom i korta at ein skal bli overraska undervegs; og det gjer at ein forventar det uventa. Ein vert med andre ord ikkje så veeeldig overraska når forteljinga tek nye og heilt andre vegar enn det ein skulle tru. 

Åtte perfekte mord er elegant og original, meir interessant enn spennande. Boka er overraskande langsam, for eg brukte forholdsvis lang tid på dei 254 sidene.
Dersom du likar kriminalhistoriar med fiffige og finurlege krumspring er Åtte perfekte mord - heilt perfekt.

26. februar 2021

Vinterlesing: Diverse krim

Her kjem eit nytt samleinnlegg med korte omtalar/vurderingar i stikkordformat; ei slags rundreise i krim. Det er interessant at det finst så mange ulike stilartar og krimtradisjonar rundt omkring. Kvaliteten er òg ganske varierande, og ingen av desse vart innertiarar for meg. Det er muleg at eg er for kresen og/eller har for høge forventningar.

Den øverste her kan passa inn i 1. runde av leseutfordringa Bokhyllelesing på bloggen Boktanker. Tema for januar var nemleg "bok med blått omslag".

Eg startar rundreisa i Sverige denne gongen. 


Broder Jacob av Emelie Schepp
Gyldendal 2019
397 sider
Kjøpt pocket, Bokhyllelesing: Blå bok

- Femte bok i serien om Jana Berzelius, statsadvokat med bakgrunn som barnesoldat.
- Gjennomgåande og eit ekstra spenningsmoment i serien at Jana ynskjer å halda bakgrunnen sin hemmeleg.
- Godt plott, mange spenningstoppar.
- Bisarre drap: Kvinner med samansydde føtter, funne i sjøen - slik at dei skal likna på havfruer.
- Etter kvart veldig urealistiske og usannsynlege hendingar, men spenninga vert halden ved like.
- Terningkast 4+.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Så reiser me vidare til Danmark..

Vinterland av Kim Faber og Janni Pedersen 
Aschehoug 2020
573 sider
Lånt papirbok privat

- Fyrste bok i serien om Martin Juncker.
- Svært lovande, svært bra. Gler meg til neste.
- Finurleg plott og aktuell tematikk.
- Vêrforhold som står i stil med handlinga; iskaldt og uframkommeleg.
- Sympatiske hovudpersonar med menneskelege og allsidige trekk.
- Boka er litt for lang og litt for omstendeleg. Hadde gitt ein prikk ekstra på terningen om det hadde blitt stramma opp ein del.
- Terningkast 4.

Jentene fra englandsbåten av Lone Theils
Cappelen Damm 2019
Speletid 10:54
Lyd Storytel

- Fyrste bok i serien om Nora Sand. Kun utgitt på lyd.
- Nysgjerrig journalist, mykje dyktigare i etterforskingsarbeid enn politiet og rotar seg inn i farlege situasjonar: Jepp, har lest det før. (Egholm, Läckberg, Schulman, Yndestad, Teige m.fl.)
- Handling frå England og litt frå Danmark.
- Bra plott, dårleg stil.
- Damekrim på sitt verste, med romantikk og fjolleri. Neste bok fristar ikkje i det heile tatt.
- Terningkast 3-.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

England og britisk krim er neste stopp..

Dødsdømt av S.J. Bolton
Cappelen Damm 2018
Speletid 10:58
Lyd Storytel

- Sjølvstendig bok, ikkje del av serie.
- Uhyggeleg og marerittaktig start, dyktig utført.
- Katt og mus-leik: Desperat flukt kontra desperat jakt. 
- Kamp mot klokka, veldig intenst.
- Innimellom tilbakeblikk i roleg tempo.
- Urealistisk, men likevel engasjerande og frykteleg spennande.
- Litt for mange krumspring og litt for mange trådar å halda styr på når ein brukar lydbok.
- Terningkast 4+.

Gullungen av C.J. Tudor
Cappelen Damm 2018
Speletid 10:16
Lyd Storytel

- Sjølvstendig bok.
- Ikkje så bra som Krittmannen.
- Meir thriller enn krim.
- Krampaktig, kunstig stemning.
- Frisk skrivestil.
- Men den sarkastiske forteljarstemma vert slitsam i lengden.
- Overraskande slutt.
- Terningkast 3+.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Kva er greia med desse forfattarinitialane (i dette tilfellet S.J. og C.J.) egentleg? For å gjera forfattaren sitt kjønn uklart? Litt sånn mystisk, som J.K. Rowling var, før ho vart "avslørt"?
(For ordens skuld: Både Bolton og Tudor er kvinner. Og Bolton brukar, som ein ser på omslaget, av og til sitt heile/verkelege namn.)

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Til slutt går ferda til USA..

Myrkongens datter av Karen Dionne
Pioner 2019
Speletid 9:00
Lyd Storytel

- Villmarksthriller 
- Flotte skildringar frå marsklandskapet i Upper Peninsula, Michigan.
- Kidnapping, årelangt fangenskap, skuld, lojalitet.
- Urealistisk, ulogisk, lite truverdig.
- Men miljøskildringane berga eit
- terningkast 4-.

Den sjette mannen av David Baldacci
Cappelen Damm 2017
Speletid 10:39
Lyd Storytel

- Femte bok i serien om eks Secret Service agentane, no privatetterforskarane, Sean Maxwell og Michelle Maxwell.
- Actionfylt og eventyraktig.
- Stødig og sjølvsikker stil.
- Stadig nye moment og overraskingar.
- Terningkast 4.

King og Maxwell av David Baldacci
Cappelen Damm 2017
Speletid 11:15
Lyd Storytel

- Sjette og førebels siste i serien.
- Veldig mykje "tilfeldig" som skjer.
- Hovudpersonane vert utsette for store utfordringar, vil dei klara å ordna opp denne gongen òg?
- Grei underhaldning.
- Terningkast 4.


Ikke gi slipp av Harlan Coben
Cappelen Damm 2021
Speletid 9:58
Lyd Storytel

- Populær, verdenskjent og produktiv krimforfattarar
- Sjølvstendig bok, ikkje del av serie.
- Men ein gammal "kjenning", Myron Bolitar, dukkar opp i ei birolle.
- Veldig amerikansk og typisk Coben; gjenkjenneleg stil, miljø og tema.
- Truverdige karakterar, stadige overraskingar.
- Terningkast 4+.

27. august 2020

Sommarlesing del 2. Internasjonal krim

På tide med eit nytt samleinnlegg med korte omtalar/vurderingar i stikkordformat. Her handlar det om krim frå mange land, om ulike stilartar og forskjellige krimtradisjonar.

Eg startar denne "reisa" midt i Europa med
Fransk krim.

En sang for druknede sjeler av Bernard Minier
Aschehoug 2018
637 sider
Papirbok lånt privat

- Andre bok i Martin Servaz-serien vart ei mykje betre leseoppleving for meg enn den fyrste, noko som truleg skuldast at eg no las boka sjølv og ikkje nytta lydbok
- Gjensyn med den same onde og superskumle antagonisten.
- Elegant, ordrikt og "typisk fransk".
- Artig med fotball-VM 2010 som bakgrunnsteppe.
- Komplisert og raffinert plott.
- Mange handlingstrådar.
- Svært mange karakterar. Ein del interessante, andre tildels "flate".
- Underhaldande og med fleire spenningstoppar.
- Men altfor lang.
- Terningkast 4

Tiden er en morder av Michel Bussi
Cappelen Damm 2018
Speletid 15:32
Lydbok Storytel

- Frittståande thriller.
- Handling frå Korsika i 1989 og 2016.
- Kan ei grusom "ulykke" frå fortida får ei forklaring?
- Lettlest om familiehemmelegheiter og -forviklingar.
- Etter kvart ganske spennande.
- Dameroman-preget trekker ned heilskapsinntrykket.
- Terningkast 4-.

Me reiser så over kanalen og til ein annan type krimtradisjon - og ein forfattar som held tradisjonen ved like.
Britisk krim

Til jord skal du bli av John Harvey
Cappelen Damm 2014
Lånt ebok BookBites

- Andre bok i serien om Frank Elder, ein truverdig og sympatisk (eks-)politimann med sterke og svake sider.
- Både Elder, ekskona hans og dottera deira slit med dei traumatiske opplevingane i fyrste bok.
- Samstundes vert Elder engasjert i drapet på ein tidlegare kollega. Ved å følgja i fotspora hennar i den saka ho etterforska håpar han å finna ut kva som hende.
- Gode miljøskildringar og presise personskildringar.
- Ikkje altfor spennande historie, men velskrive og grundig.
- Terningkast 4.
I mørket av John Harvey
Cappelen Damm 2014
Lånt ebok BookBites

- Tredje bok i Elder-serien - og den beste hittil. (Den fjerde og førebels siste er ikkje oversatt til norsk enno)
- Enno mørkare stemning enn dei foregåande.
- Greie overgangar mellom Elder sitt personlege liv og etterforskinga.
- Gripande, realistisk og urovekkande lesing.
- Ei god bok, men heller ikkje denne gongen blir det så intenst og spennande som det vert lagt opp til.
- Terningkast 4+.


Så over til ein forfattar som på mange måtar har funne sin eigen stil. Dette er
Irsk krim

Inntrengeren av Tana French
Cappelen Damm 2018
Speletid 15:32
Lydbok Storytel

- Bok 6 i den ukronologiske Dublin Murder Squad- serien.
- Same etterforskarpar som i bok 5 - og korleis forholdet mellom dei utviklar seg er like spennande som den ytre handlinga.
- På minussida: Sakte tempo, omfattande, omstendeleg.
- På plussida: Uhyre velskrive og velformulert, med snert og med klokskap.
- Gode dialogar og avhøyrsscener.
- Opplesar Ivar Nergaard gir både liv og nerve til handlinga i boka.
- Terningkast 4+.

Neste forfattar skriv óg godt og er ein typisk representant for
Amerikansk krim

Tidens spill av David Baldacci
Cappelen Damm 2018
Speletid 11:53
Lydbok Storytel

- Del 3 i Maxwell & King-serien.
- Underhaldande og lettlest, men likevel ikkje heilt enkel handling.
- Hovudpersonane er som vanleg "overjordisk" smarte, dyktige og heldige - men dei har også sine djupare og sårbare sider.
- Mange mord, masse dramatikk.
- Terningkast 4.

Et enkelt geni av David Baldacci
Cappelen Damm 2018
Speletid 11:07
Lydbok Storytel

- Del 4 i Maxwell & King-serien.
- Treg start, men etter kvart svært så engasjerande.
- Michelle Maxwell med urovekkande åtferd, må få psykologhjelp.
- Hemmelege tenester, kodeknekking, agentverksemd, dopsmugling, drap.
- Ei 11 år gammal jente med eksepsjonelle evner er ein sentral karakter.
- Mange overraskingar undervegs og uhyre spennande avslutning.
- Ivar Nergaard er som vanleg ein dyktig opplesar.
- Terningskast 4+.

Avslutningsvis tek me turen til den andre sida av jorda og det som kallast "aussie noir" -
Australsk krim.

Krattlandet av Chris Hammer
Cappelen Damm 2018
Speletid 13:01
Lydbok Storytel

- Ny forfattar for meg, og då tek det som vanleg litt tid å komma i gang skikkeleg.
- Uvant miljø, spesiell natur.
- Omstendeleg handling, noko rotete og mange "uklare" karakterar.
- Påklistra romantikk og klissete avslutning.
- Dårleg opplesing. Anbefalar ikkje lydboka i dette tilfellet.
- Terningkast 3-.

13. september 2019

Sommarlesing del 3: Internasjonal krim

Heilt kort om nokre krimbøker eg har lest denne sommaren.

Den fjerde ape av J.D. Barker

Goliat 2019
378 sider
Kjøpt ebok


Her møter me ein seriemordar av det mest spinnville og utspekulerte slaget og ein politietterforskar med både kløkt, forstand, integritet - og ei fortid. Den fjerde ape er fyrste bok i serie, og den ga verkeleg meirsmak.

Plottet er genialt, tempoet høgt og spenninga formidabel - nesten heile tida. Boka er difor ein pageturner av dei sjeldne. Skildringane er svært blodige og til tider noko voldsomme.

"Se7en møter Nattsvermeren" heiter det på omslaget - og det stemmer, i alle fall til ein viss grad. Eg er ikkje noko filmmenneske, men både 'Se7en' og 'Nattsvermeren' er blant mine få filmfavorittar.

Den fjerde ape får terningkast 5.


Bristepunktet av Belinda Bauer

Cappelen Damm 2019
351 sider
Lånt papirbok biblioteket


Bauer konstruerer finurlege plott og byr alltid på overraskingar. Bristepunktet er meir ein thriller enn ein kriminalroman. I og med at boka er frittståande får ein eit ekstra spenningsmoment i og med at det ikkje er nokon "krimhelt" som skal følgjast vidare. Dermed kan alt muleg skje.

Forteljarstemmene er både unike og ulike, og ein får fleire perspektiv og forskjellige handlingstrådar som nærmar seg kvarandre utover i boka.

Eg likte denne godt, men Bauer kan faktisk enno betre. Terningkast 5-.


Krittmannen av C.J. Tudor

Cappelen Damm 2018
Speletid 9:51
Lydbok Storytel


Dette er ein fantasifull og underhaldande krimthriller. Oppbygginga er gjenkjenneleg frå utallige andre krimbøker: Dramatiske hendingar i fortida som aldri har fått ei forklaring, noko som fører til uventa hendingar i notid og til sist; ein endeleg konfrontasjon.

Boka byr på gode tidsbilete, truverdige karakterar og uventa tvistar. Eg forventa likevel meir sidan boka har fått så stor merksemd. Krittmannen var ei heilt grei leseoppleving, men eg er ikkje superimponert. Konkluderer med eit terningkast 4+. 


Vuggesang av Leïla Slimani

Cappelen Damm 2019
202 sider
Lånt papirbok biblioteket


Slett ikkje så verst denne heller, men eg vil hevda at boka er veldig oppskrytt. Forfattaren spelar på uhyggestemning og på ei muleg upåliteleg forteljarstemme.

Alt på fyrste side får vita at det handlar om eit lite barn som er blitt drept. Kva kan ha ført til ei slik uhyrleg handling? Boka skildrar korleis eit ektepar vert avhengig av ein dagmamma/hushjelp til å få familie-, arbeids- og dagleglivet til å gå i hop. Gradvis får lesaren vita at alt ikkje er som det skal vera med denne personen.

Det er positivt at boka er såpass kort. Terningkast 4.


20. mai 2019

Vårlesing del 2: Heilt kriminelt

Det vert lite blogging for tida. Våren og forsommaren fører til at ein prioriterer andre aktivitetar og gjeremål. Men eg les då ein del - og for å komma litt meir ajour her på bloggen er det greit og praktisk med samleomtalar.

Det går som vanleg mest i krim sidan eg er interessert i det - og eg skammar meg slett ikkje over at eg les mest slik litteratur. Når ein les krim lærer ein mykje, både om samfunnet og om menneskesinnet. Og det gler meg verkeleg at det finst andre som brenn for god krimlitteratur:
I den nyoppstarta podkasten Helt kriminelt set Elin Brend Bjørhei og Ellen Gustavsen Simensen fokus på mangfaldet innan kriminallitteratur og snakkar om kva krim er. Dei tek for seg aktuelle trendar og bøker og inviterer også med seg kjende krimforfattarar. Den fyrste episoden handlar om undersjangeren psykologisk thriller og er ganske interessant. Eg skal følgja med på denne podkasten framover.

Alle bøkene nedanfor er heilt kriminelle, sjølvsagt - men svært så ulike med omsyn til skrivestil og innhald. Dei seks bøkene er då også frå fem ulike nasjonar.

Livredd av S.J. Bolton

Cappelen Damm 2014
Speletid 11:58
Lydbok Storytel


Bok nummer to i serien om Lacey Flint er nifs, velskriven og svært spennande. Her befinn me oss i grenselandet mellom psykologisk thriller og etterforskarkrim. Stil- og handlingsmessig kan Bolton minna om andre britiske krimforfattarar; eg tenkjer på Val MacDermid, litt på Belinda Bauer - og muligens litt Mo Hayder. I denne boka handlar det om ein gjerningsperson som ser ut til å hypnotisera unge kvinner til å ta livet av seg - på høgst uvanlege og dramatiske måtar. Lacey Flint går undercover for å finna ut av saka.
Pluss for tempo og spenning, men handlinga elles er såpass urealistisk at Livredd ikkje når heilt opp. Men eg skal absolutt lesa meir av denne serien. Terningkast 4+.


Høstdåd av Anders de la Motte

Aschehoug 2019
543 sider
Lånt papirbok privat


Svenske de la Motte er blitt mektig populær her i landet, og det er forståeleg. Han er dyktig; skriv godt og fortel stemningsfulle historiar. I Høstdåd handlar det om venskap, oppvekstvilkår og familieforhold, og om ei tragisk hending i fortida som har fått konsekvensar for eit heilt lokalsamfunn. Det vert skifta tydeleg og forståeleg mellom tidsplan og synsvinklar.

Boka er nummer to i de la Motte sin årstidskrimserie, men er ein sjølvstendig roman. Sensommer og Vinterild er dei to andre som alt er utkomne. Den fjerde, Våroffer, kjem i 2020. Her er vakre naturskildringar, mørk stemning og truverdige karakterar. Men eg tykkjer forteljarmåten er litt seig og at boka er for lang. Det tek utruleg lang tid før den endelege oppklaringa finn stad. Terningkast 4.



Kommer alltid tilbake av Christina Erikson

Goliat 2019
393 sider
Lånt ebok eBokBib


Det finst utruleg mange kvinnelege svenske krimforfattarar - og det dukkar stadig opp nye. Dette er ein brukbar og lovande krimdebut. Boka er lettlest og har både spenning og driv. Kommer alltid tilbake er den fyrste i ein planlagd serie.

Boka handlar kort sagt om psykopati og seriemord. Hovudperson er kriminaletterforskar Elias Svenson som får bistand av ein forfattar som er ekspert på - og har erfaring med - psykopatar. Boka byr på ei nær og ubehageleg skildring av korleis ein psykopat manipulerer omgjevnadene sine.

Alt i alt ei grei krimbok som etterlet seg ein del lause trådar. Eg forventar at desse vert teke tak i ved seinare høve. Terningkast 4-.


Galgen av Yrsa Sigurðardóttir

Kagge 2019
383 sider
Lånt papirbok privat


Over til Reykjavik og Island og populære Yrsa. Ho er vanlegvis dyktig når det gjeld å skapa uhyggestemning, men eg saknar det litt i denne boka - sjølv om innhaldet forsåvdt er skummelt nok.

Eg les serien om Huldar og Freja litt ukronologisk - og det er muleg at eg har gått glipp av (eller gløymt) forhistoria mellom dei to hovudpersonane. I alle fall er det noko irriterande uavklart i forholdet mellom dei to. Huldar er altså drapsetterforskar og Freja er barnevernstilsett - og som alltid når det er barn med i biletet i ei kriminalhistorie; det er hjerteskjerande og engasjerande. Vesle Siggi sine opplevingar er dessverre ikkje uvanlege.

Galgen er ei lettlest bok med brukbart driv, i alle fall mot slutten. Innleiinga er litt treg. Terningkast 4.


Min søsters grav av Robert Dugoni

Gursli Berg 2016
453 sider

Lånt ebok eBokBib

Så skal me til USA; til ein liten småby i delstaten Washington. Forfattaren er ny for meg, men boka ga meirsmak. Min søsters grav er fyrste bok i serien om politietterforskaren Tracy Crosswhite. I den saka det vert fortalt om her vert ho ekstremt personleg engasjert: Det vert funne levningar etter ein person i eit fjellområde. Personen som er funnen viser seg å vera Tracy si syster, som forsvann for over tjue år sidan.

Boka er ein etterforskarkrim, ein advokatkrim, ei oppvekstskildring og ein thriller. Det er både spennande og engasjerande lesing, men løysinga er ein smule søkt - samstundes som eg forventa ei liknande forklaring. Avslutninga er klissete dårleg og trekker ned heilskapsinntrykket. Terningkast 4.



Den rasende horden av Fred Vargas

Aschehoug 2012
347 sider

Lånt papirbok biblioteket

Så til slutt; rosina i pølsa i dette innlegget: Franske Fred Vargas og hennar heilt spesielle etterforskarteam. Eg les serien om Jean-Baptiste Adamsberg ukronologisk - men det har lite å bety for leseopplevingane.

Fred Vargas er ein forfattar som leikar seg med krimsjangeren, ho har ein frodig fantasi og befolkar bøkene sine med dei mest absurde karakterar. Ein kan humra seg gjennom skildringane og karakteristikkane, men det finst nok eit alvor her. No har eg ikkje god  kjennskap til dei franske samfunnsforholda, men eg anar at det ligg ein kritikk av både styresmakter og politiorganisering i bøkene hennar.

I denne forteljinga får Adamsberg og medarbeidarane hans eit oppdrag på landsbygda i Normandie. Ei ung kvinne har hatt eit "syn" og blitt varsla om kommande dødsfall på konkrete personar. Det viser seg å stemma. Korleis kan dette ha seg? Vargas tek utgangspunkt i myter og segn i denne forteljinga, men har ei rasjonell (men ikkje heilt sannsynleg) forklaring på hendingane.

Den rasende horden har ein langsam skrivestil, men er både spennande, morosam og uhyre velskriven. Terningkast 5.

21. august 2018

Kort om: Mørkets testament av John Hart

Font 2018
523 sider

Lånt papirbok biblioteket

Eg har lest og likt alle bøkene til John Hart. Difor skulle ein tru at eg gleda meg til denne nyaste boka óg - men det gjorde eg faktisk ikkje. Tvert imot; på førehand var eg skikkeleg skeptisk. Eg las nemleg ein plass at forfattaren brukar overnaturlege element som ein del av handlinga i Mørkets testament. Slike ting har eg ikkje heilt sans for - og dessutan trudde eg ikkje at det kunne passa inn i ein oppfølgjar av Det siste barnet og miljøet som vert skildra i den.

Det skulle visa seg at skepsisen min ikkje var uberettiga. Fyrste del av boka er OK+, men andre del er heilt forferdeleg. Sjølv om eg altså var førebudd på enkelte uforklarlege/unormale/overnaturlege vinklingar, vart eg skuffa. Dette vart for mykje for meg. Det vart heller verken skummelt eller nifst - berre dumt. John Hart skal ha for at han prøver seg på noko heilt anna - men eg håpar inderleg at han kjem med noko meir jordnært i neste bok.

Når det er sagt: Mørkets testament er ei velskriven bok. Stemninga er gjennomgåande mørk og intens - og det er slett ikkje uspennande. Naturskildringane er ganske fantastiske; det er som ein kjenner med alle sansar korleis tilværet i villmarka/sumpen er. Men når Hart etter kvart kjem dragande med spøkelsar og synske, levande døde og døde levande, monster som forsvinn og landskap som flyttar på seg - vel, då steilar eg. Det heng ikkje på greip og eg blir aldri engasjert. Eller som anmeldar Ingvar Ambjørnsen i Dagbladet seier: "John Hart går seg vill i sin egen litterære hengemyr."

Me møter dei to gutane me vart kjend med i Det siste barnet; Johnny og Jack. Det har gått ti år sidan dei dramatiske hendingane som fann stad og dei har gått kvar sin veg i livet. Jack har utdanna seg innan jus og Johnny har blitt einebuar i villmarka, men dei er fortsatt nære vener. Når Johnny får bruk for ein advokat stiller sjølvsagt Jack opp for venen sin. Johnny er trygg og fri når han oppheld seg i sumpen og "nokon" held ei beskyttande hand over han. Men når "uvedkommande" nærmar seg området vert dei ofte råka av ei uforklarleg angst. Med god grunn, skal det visa seg. For dette "noko" er ondt, grusomt, skremmande og dukkar opp uforvarande og overalt.

Har du sans for onde spøkelsar og gamle segner og eventyr er det slett ikkje umuleg at du kjem til å lika Mørkets testament. Dersom du ikkje bryr deg om slikt så bør du finna noko anna å lesa.

For meg vart det altså ei skuffande leseoppleving. Konklusjonen er eit svakt terningkast 3.

Andre (og meir positive) bloggmeiningar:
Tine sin blogg
Artemisias verden

23. mai 2018

Samleinnlegg: Forsommarlesing

Bloggen har visst gått inn i dvale i det siste; sommaren er kommen, sola skin og andre aktivitetar fristar meir enn blogging og skriving av bokomtalar. Skippertaksamleomtale følgjer.

Den andre siden av loven av Michael Connelly
Gyldendal 2012
393 sider, lånt papirbok biblioteket

Connelly er ein svært populær og produktiv forfattar. Eg har googla meg fram til at han har skrive 20 bøker i Harry Bosch-serien og 6 i serien om Mickey Haller i tillegg til eit par frittståande bøker. I Den andre siden av loven (The Reversal) er det Haller som er hovudperson medan Harry Bosch har ei viktig birolle. Dei to er halvbrødre, og det hadde sikkert vore lurt å lesa bøkene kronologisk slik at ein hadde hatt eit meir grunnleggjande kjennskap til familieforhold og andre forhold.

Det som er spesielt med denne boka er at begge heltane til Connelly er med, og at forsvarsadvokat Haller for ein gong skuld jobbar for aktoratet. Det handlar om ei gammal drapssak som vert ført for retten på nytt. Haller trur oppdraget skal bli grei skuring - men det skjer naturlegvis ikkje. Den andre siden av loven er altså advokatkrim, noko som kanskje høyrest kjedeleg ut. Etter mi meining er det slett ikkje kjedeleg, men det er ganske langsamt - sjølv med hyppige perspektivskift og synsvinklar og overraskingar undervegs.

Det amerikanske rettssystemet er heilt annleis enn det norske, men det virkar likevel ikkje framandt. Eg tok meg sjølv i å nikka gjenkjennande til skildringa av rettslokalet, juryordninga, samt dommar og advokatane sine roller. Sidan handlinga foregår i Los Angeles fekk eg også fleire assosiasjonar til LA Law som gjekk på TV på 1980/90-talet.

Eg las eit par bøker av denne forfattaren for fleire år sidan, men dei kan ikkje ha gjort så veldig inntrykk sidan eg har gløymt kven av bøkene det var. Denne boka vart plukka ut ganske så tilfeldig i og med at det ikkje var så mange Connellybøker tilgjengelege på "mitt" bibliotek. Den mest kjende Mickey Haller-boka er Loven i en Lincoln. (I filmen The Lincoln Lawyer er det glattkjekkasen Matthew McConaughey som har hovudrolla, noko som eg tykkjer er "feil").

Michael Connelly er ein stødig og grundig forfattar og Den andre siden av loven er på mange måtar ei skikkeleg og ordentleg bok. Men så er det avslutninga då.. For meg vart siste del av boka eit antiklimaks som gjer at eg ikkje kan gå høgare enn til terningkast 4.


Annabelle av Lina Bengtsdotter
Gyldendal 2018
358 sider, lånt ebok eBokBib


Så over til svensk krim - og til ein lovande debutant. Her handlar det om ei sakna ungjente og om ein etterforskar med rusproblem som gjennom arbeidet med saka møter sitt eige vanskelege oppvekstmiljø og fortrengde barndomsminner. Lest det før? Javisst, men eg tykkjer likevel at dette er ei bra bok.

Gjennom ulike forteljarstemmer og forskjellige tidsplan vert det avslørt kva som har gått føre seg av mørke hemmelegheiter og traumatiske opplevingar. Hovudpersonen Charlie Hager er litt slitsam og ho tek nokre merkelege og uheldige val undervegs i etterforskinga.

Boka er spennande, drivande og fortlest. Tematikken er velkjend, men Bengtsdotter har ein spesiell stil. Eg ser fram til framtidige bøker frå denne forfattaren. Terningkast 4.


Ingen vei tilbake av Tove Alsterdal
Kagge 2016
474 sider, lånt papirbok privat


Dette var ein alle tiders krimthriller, og eg forstår ikkje heilt kvifor eg ikkje har lest noko av denne forfattaren tidlegare. Boka er omfangsrik og har eit rimeleg komplisert plott med ei handling som går føre seg på to ulike kontinent, men forfattaren har ei stødig hand over det heile.

Protagonisten har eit noko uvanleg yrke i krimlitteratur-samanheng. Helene Bergman er arkitekt og opplever at systera hennar tek livet av seg. Ho får opplysningar om at ho muligens har fått "hjelp" til å avslutta livet sitt og vert etter kvart involvert i ei omfattande sak. Saka har truleg forgreiningar til landet systrene opphavleg kom frå; Argentina.

Ingen vei tilbake er ein innhaldsrik kriminalroman med mange trådar og eit omfattande persongalleri. Boka er svært interessant og velskriven og anbefalast varmt. Terningkast 5.

29. oktober 2017

Kort om: De som faller av Noah Hawley

Lydbokforlaget 2017
Speletid: 13:31
Kjelde: Lånt på biblioteket

I vår kom det ut to bøker som handlar om flystyrt: Den eine Etter styrten las eg for ei tid tilbake og den andre De som faller no nyleg. For ein person som ikkje er altfor glad i å fly er det ikkje så morosamt å lesa om fly som ramlar ned - så eg ville ikkje lesa bøkene rett etter kvarandre.
Likevel - eg likte begge. Dei er heilt ulike i form og innhald, men begge er innan spenningssjangeren og begge har altså ei flyulykke som utgangspunkt for handlinga.

I Etter styrten overlever (kanskje) ein person, i De som faller er det to personar som bergar livet. Sistnemnde bok har tittelen Before the fall på originalspråket - og den tittelen passar betre til innhaldet. Mykje av det som vert fortalt foregår nettopp før fallet/flystyrten.

Det nemnde flyet er ein privatjet tilhøyrande ein svært rik familie. Ein tåkete kveld skal familien på fire fly heim frå Martha's Vineyard til New York. Vertskapet har invitert med seg kunstnaren Scott og eit vennepar til å bli med på turen. Ombord er også tre besetningsmedlemer og ein livvakt. Etter 18 minuttars flyging skjer det fatale: Flyet styrtar i havet. Berre Scott og ein fire år gammal gut kjem frå ulykka i live. Scott må symja 16 kilometer - med hjernerystelse, skulder ut av ledd og med fireåringen på ryggen, i storm, i mørket. Utruleg? Jepp. Og såpass heltemodig at Scott, mot sin vilje, blir ein mediasensasjon.

Handlinga i boka vekslar så mellom Scott sine opplevingar i etterkant av ulykka (og redninga) samt det som var opptakten til hendinga. Me får kvar og ein av dei som oppheldt seg i flyet sine livshistoriar, korleis dei møttest og kva dei sa og gjorde på den korte tida flyturen varte. Alt dette er forsåvidt interessant, men når ein får så mange perspektiv vert det litt rotete og gjentakande - og det går ut over framdrifta av forteljinga. At hovudpersonen har hukommelsetap er på sett og vis eit velkjent og utbrukt forteljargrep.

Det sentrale spørsmålet i boka er korleis flyulykka kunne skje; om det var teknisk feil, menneskeleg svikt, sabotasje eller andre ting. Etter kvart lanserer enkelte media konspiratoriske teoriar om at Scott, som overlevande, må ha hatt ein finger med i spelet. Sidan han ikkje hugsar noko om det som skjedde er det vanskeleg for han å argumentera imot. Svaret på gåta vert å finna når den svarte boksen og taleregistratoren vert funnen.

Ifølge marknadsføringa er De som faller ein intens thriller. Tja til det. Eg tykkjer ikkje det er så himla intenst - men eg kan vera enig i at det er ei velkomponert og fascinerande historie.
Eg forsto egentleg ganske tidleg korleis det heile måtte henga saman. Sjølve avslutninga og løysinga på mysteriet er omlag som forventa og har ei "naturleg" forklaring.

Opplesar av lydboka Espen Klouman Høiner er eit nytt namn for meg. Han er veldig flink.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok, Min bok- og maleblogg, Tine sin blogg

20. mars 2017

Kort om: Den tikkende kvinnen av Peter Swanson

Cappelen Damm 2017
279 sider
Kjelde: Lånt papirbok privat

Dette er ein underhaldningsthriller av det finurlege slaget. Både den norske tittelen Den tikkende kvinnen og den originale The girl with a clock for heart er merkeleg og litt uforståeleg, men boka er grei tidtrøyte og ho kan absolutt anbefalast som påskekrimlesing. Boka er frittståande og inngår ikkje i ein serie.

Handlinga er lagt til Boston, USA. Den vanlege og velmeinande George Foss møter den vakre ungdomskjæresten sin på nytt etter tjue år. Ho er i knipe og ber George om hjelp, noko han seier ja til. Liana Decter er ei kvinne med ei mystisk fortid; ho har ein uklar identitet og ein kriminell bakgrunn. Snart er George fanga i eit nett av løgner, bedrag, vald og forfølgjingar.

For George er det uklart om Liana er eit offer eller om ho står bak ein særdeles utspekulert plan. Er George eller Liana eller begge offer for eit komplott? Vert George brukt av Liana? Dersom han er det - kven andre kan han stola på? Dersom ikkje - korleis skal han komma seg ut av den salaten han har trakka opp i? George har all grunn til å tvila på Liana sin versjon, men finn også ut at andre har motiv for å hevna seg på henne. I ei parallell historie frå ein annan tidsperiode vert sanninga om Liana/Audrey/Jane avslørt. Eller?

Den tikkende kvinnen er ei uvanleg historie fortalt på ein spesiell måte. Her vert vanvittige forfølgjings- og valdsscener avløyst av syrlege karakteristikkar, som igjen vert avløyst av gode miljøskildringar, vittige situasjonar og puslespel-etterforsking.
Eg fekk assosiasjonar til både Pulp Fiction og til Hodejegerne medan eg las. Boka har høg sidevendarfaktor og er svært spennande, men er også noko forutsigbar.
Og avslutninga heng litt i lause lufta, i dobbel forstand...

10. desember 2016

Bokomtale: Syndenes forlatelse av John Hart

Lydbokforlaget 2016
Speletid 15:56
Opplesar Bendik Østbye Johannessen

Kjøpt lydfil

John Hart sine bøker er verkeleg gode. Dette seier eg trass i at han skriv om trasige og tragiske tema som løgner og svik, skam og sorg, vald og urett, overgrep og drap. Han skriv om dysfunksjonelle familiar og om lokalsamfunn i oppløysing.
Eit anna gjennomgangstema i bøkene hans er forsømde barn - barn som har blitt utsette for omsorgssvikt og fysisk og psykisk mishandling.

Forfattaren har ei heilt unik evne til å skildra smertefulle opplevingar og dramatiske hendingar. Historiane hans er gjennomgåande dystre, mørke og melankolske. Karakterane er ofte desperate og makteslause og gjerne prega av ein vond barndom og oppvekst.

John Hart sine bøker er frittståande og ein treng ikkje ta omsyn til kronologi. Eg har lese alle bøkene hans - Løgnenes konge, Ved elven, Det siste barnet og Brødrene fra Iron House. Sterke og gode leseopplevingar alle saman. Syndenes forlatelse er like god, og kanskje enno betre, enn dei føregåande når det gjeld språk og spenningsoppbygging.

Når det gjeld sjølve kriminalgåta tykkjer eg det haltar litt, og eg meiner vel også at Hart i denne boka dreg det heile for langt. Det er mange drap og mykje vald, blod og smerte. Ikkje for det - når det gjeld menneskeleg ondskap er visst ingenting umuleg, det har fleire tilfelle frå det verkelege livet vist oss.

Dei to hovudpersonane i denne krimthrilleren er begge politifolk og etterforskarar - men her befinn dei seg på "den gale sida." Elizabeth Black har teke på seg ansvaret for å ha tatt livet av to valdtektsmenn og er suspendert. Saka har skapt nærast hysteriske tilstandar i media og er blitt politisk: Politikvinna er kvit, dei to ofra svarte. At dei to torturerte og misbrukte ei ung jente på grusomaste vis vert ikkje teke omsyn til. Samstundes slepp Elizabeth sin tidlegare kollega og mentor Adrian Wall fri etter 13 års fengselsstraff for eit drap som han, etter det me forstår, ikkje har begått. Frikjenninga set i gang ein grusom valds- og drapsspiral.
Elizabeth og Adrian har ei felles fortid og eit felles mål om å oppklara drapssaker i notid og i fortid. Det handlar om å reinvaska seg sjølv og beskytta dei ein bryr seg om medan ulike krefter, frå både den eine og andre sida av lova, kjempar for at ting skal haldast skjult. Elizabeth er sterkt knytta til to ungdommar. Dei to barna er begge forsømde på kvar sin måte, og begge spelar ei viss rolle i to ulike saker som viser seg å henga saman.
Politiet er makteslause, enkeltpersonar tek seg til rette. Mistankar og mistydingar. Falske bevis og manglande bevis. Vitner utan truverdigheit. Løgner, svik og bedrag. Gjerningspersonen kjem nærare og nærare. Spenninga stig og stig. Og det vert stadig funne fleire drapsoffer.

Lesaren får presentert eit mangfaldig og spesielt persongalleri. Enkelte av dei kjem me svært nær, faktisk ubehageleg nær. Å ta del i ein forstyrra og gal seriemordar sine tankar er nokså skremmande. Ubehageleg er også møtet med ein fengselsdirektør frå Helvete. Eg oppfattar elles boka som sterkt kritisk til det amerikanske rettsvesenet, fengselsvesenet og påtalemakta.

Som regel er eg meir opptatt av sjølve historia som blir fortalt enn av språket. Språk og tekst blir også gjerne litt meir fjernt når ein lyttar til ei bok enn om ein les ho sjølv. Men i dette tilfellet la eg verkeleg merke til språket; dei nærast poetiske og draumande skildringane, dei presise formuleringane, dei elegante overgangane, - og dessutan korleis uttrykksformer og dialogar skiftar - alt etter perspektiv.
Opplesaren av lydboka formidlar dei varierande forteljarstemmene på ein god måte.

Eg gir Syndenes forlatelse terningkast 6 for stil og 4 for innhald.

2. november 2015

Bokomtale: Den ubehagelige sannheten av William Landay

Cappelen Damm 2015
429 sider

Kjelde: Lånt ebok (eBokBib)

Etter suksessen med Til Jacobs forsvar har også debutromanen til William Landay, Mission Flats, blitt utgitt på norsk - med (den uspennande) tittelen Den ubehagelige sannheten.

I likskap med den Til Jacobs forsvar har denne boka ei overraskande avslutning og ei heilt spesiell forteljarstemme; ei stemme som vender seg til lesaren på ein direkte måte.
Ein kan godt sei at dette er krim for vidarekomne; litt langsamt og med eit komplekst plott og eit mangfaldig persongalleri.
Det handlar om moral og umoral, sanning, kvite løgner og andre løgner; om at alle saker har fleire sider. Sanninga er ikkje alltid rett og løgnene er ikkje alltid feil. Her er det ikkje snakk om "dei gode" på den eine sida og "dei onde" på den andre sida. Det viser seg at absolutt alle har ting dei vil halda skjult for andre og for omverda. Og forresten - er det ikkje slik at det - av og til - er betre og meir moralsk at sanninga ikkje vert kjend?

I ein liten småby utanfor Boston har 24 år gamle Ben Truman "arva" politisjeftittelen frå far sin. Egentleg hadde Ben forlatt heimstaden for å studere historie, men då mora viste tegn på demenssjukdom flytta han tilbake. Faren takla ikkje kvardagen og utfordringane med ein uberegneleg ektefelle.
I småbyen er det lite kriminalitet, og kvardagane og gjeremåla på den lokale politistasjonen er greie å forhalda seg til for den unge politisjefen. Men så ein dag finn Ben liket av ein framståande statsadvokat i ei hytte i området. Funnet - som viser seg å vera eit drap - har samanheng med det harde kriminelle miljøet i storbyen Boston.

Saka fører Ben til dei tøffe gatene og gjengmiljøa i storbyen - og til samarbeid med  advokatar og politifolk, også av ein meir tvilsam type. Politiet har ein hovudmistenkt, men Ben får kjennskap til ei hemmeleg historie om hevn frå tjue år tilbake - og tviler på at vedkommande er skuldig. Saka er mykje meir komplisert enn det ser ut som - og Ben får merka at han har mektige og farlege motstandarar.
Lesaren følgjer Ben si jakt på sanninga, ute i dei utrygge gatene, blant meir eller mindre skuldige kriminelle - og blant meir eller mindre korrupte politifolk. Ben blir prega; kven kan han stola på? Korleis ta vare på eigen integritet? Og - kan lesaren stola på Ben?

Den ubehagelige sannheten er ein god og utradisjonell kriminalroman.
Forfattaren er utdanna jurist, har jobba som statsadvokat og har difor ei litt anna vinkling på kriminalsaker enn det som er vanleg innan krimlitteraturen. Eg vil tru at dersom du likar bøkene til t.d. John Grisham, Harlan Coban og John Hart, vil nok også Landay sine bøker falla i smak.
Boka er skriven i eit velformulert og ledig språk, har gode dialogar og stødige og presise miljøskildringar. Til debutbok å vera er dette imponerande.

6. mai 2014

Coben og Molitar på vent

Mitt fyrste møte med Harlan Coben og krimhelten hans, Myron Bolitar, vart vellukka: Eg skal definitivt lesa meir av denne forfattaren - og om denne hovudpersonen. Eg har lytta til På grunn av et løfte - ei godt komponert, underhaldande og spennande bok med eit heller innvikla plott; akkurat slik som eg likar det. Eg vil ikkje ha det "for enkelt". Lydboka er godt lest av Chrisoffer Staib - med engasjement og innleving.

Dermed fekk eg også ein heil haug fleire bøker på vent, for dette er bok nummer åtte i serien om Myron Bolitar. Eg kjem sikkert ikkje til å lesa alle, men no veit eg at dette er ein bra serie. Om det skulle dukka opp ei Coben-bok, kan eg "slå til".

Kronologien i serien er slik:
    1. Livstegn (Deal breaker)
    2. Harde slag (Drop shot)
    3. En siste sjanse (Fade away)
    4. Feil side av veien (Black spin)
    5. En venn av familien (One false move)
    6. Siste detalj (The Final detail)
    7. Den siste du møter (Darkest fear)
    8. På grunn av et løfte (Promise me)
    9. Dypt savnet (Long lost)
    10. Ringer i vann (Live Wire)

    Eg hadde ikkje store vanskar med å starta lesinga langt ute i serien; både hovud- og bipersonar som har vore med i tidlegare bøker vert presenterte på ein forståeleg måte. Myron Bolitar er ein Mann med stor M: kul, tøff, rappkjefta, hardtslåande og handlekraftig. Men han er også sympatisk og velmeinande - og eg fall pladask for han, det må eg berre tilstå. Myron er "typisk amerikansk"; tidlegare basketballspelar, sidan advokat og deretter PR-agent i New York. Kollegaene hans i byrået er utruleg fargerike - og Coben skildrar dei godt og med snert. Ikkje alt er like truverdig, men det er stilsikkert, underhaldande og engasjerande.

    Ein ting slo meg då eg las På grunn av et løfte. Denne boka kom ut i 2006; før Facebook og smarttelefonar vart allemannseige. Så no, berre nokre få år seinare, virkar mykje av det som skjer i boka gammaldags og tungvint. Framveksten og utviklinga av sosiale media har ført til ein annan kvardag for oss alle.

    Harlan Coben er ein av dei verkeleg store amerikanske thrillerforfattarane. I tillegg til Myron Bolitar-serien har han skrive fleire enkeltståande romanar, samt starta på ein ungdomsbokserie der nevøen til Bolitar er hovudperson.

    Ute etter leseinspirasjon og boktips?
    Klikk deg inn i Beathes bokhylle og sjå fleire ventebøker der!