15. oktober 2024

Samleinnlegg: Middelalderen

I denne samleomtalen skal det handla om høgmiddelalderen; i norsk historie rekna som perioden frå ca. år 1130 til ca. 1350; med andre ord frå då vikingtida tok slutt og til svartedauden kom. Bøkene nedanfor er veldig interessante og fortel mykje om denne dramatiske tida. I "mitt system" har eg kategorisert dei som historisk/biografiske dokumentarar. For meg fører lesing av slike bøker alltid til ein del nettsøk; eg vil gjerne lesa meir om personane og den historiske perioden. Dersom du som les dette også er interessert i vidare lesing har eg lagt inn ein del lenker.

Det handlar om følgjande historiske personar:
 - Ingerid Ragnvaldsdotter - norsk dronning, fødd ca 1108, død ca 1170
 - Magnus 6. Håkonson (Lagabøte) - norsk konge, fødd 1238, død 1280
 - Alv Erlingsson - norsk adelsmann, fødselsår ukjent, død 1290
 - Ingeborg Håkonsdotter - norsk kongsdotter og svensk hertuginne, fødd 1301, død ca 1361

Ingen av bøkene er "reine" biografiar, det handlar meir om tida dei levde i og om samfunnet rundt dei.  Hovudpersonane er likevel den raude tråden i kvar enkelt bok. 


Dronning Ingerids land av Mona Ringvej
Spartacus 2023
318 sider
Papirbok fått i gåve

I 1130 døydde kong Sigurd Jorsalfare, og i tida etter var landet prega av uro, konflikt og strid om kongemakta. Striden om makta hadde blodige og bisarre utslag og som dronning hamna Ingerid midt oppe i arvestrider og maktkampar. 
Ekteskap innan dei kongelege kretsane var storpolitikk den gongen - og Ingerid (som var av svensk kongsslekt) vart gifta bort alt som 12-åring. Gjennom ekteskap nummer to, med kong Harald Gille, vart ho norsk dronning. Då han vart myrda vart dei mindreårige sønene hans kongar, både "den ekte" som han hadde med Ingerid og "den uekte" som han hadde med frilla si. Barnekongane fekk seinare tilnamna Inge Krokrygg og Sigurd Munn. Kjeldene nemner ikkje Ingerid si rolle i samband med formyndarstyre, men forfattaren meiner at kongsmora må ha hatt ein svært sentral plass i styringa. Alt tyder på at ho var ei kvinne som hadde og søkte makt. Ingerid var gift fire gonger og fekk minst 10 barn, både i og utanfor ekteskap. 

Mona Ringvej har ein open og undrande skrivestil og fortel kva som er sannsynleg - og ho filosoferer over kva sagalitteraturen (Heimskringla, Fagrskinna, Morkinnnskinna, Sverressoga m.fl.) ikkje fortel om. Ringvej gir kvinnene ein plass i historia og gir oss eit anna syn enn det sagalitteraturen formidlar. Det er også interessant at forfattaren ruskar litt i ettermælet til kong Sverre og birkebeinarane.


Kongen, lova og landet av Jørn Øyrehagen Sunde
Kagge 2023
Speletid 9:00
Lyd Storytel

Undertittel: Kong Magnus Lagabøter, landslova av 1274 og det landet han skapte. 
Me skal nokre generasjonar fram i tid frå dronning Ingerid - og til den einaste kongen i denne perioden som ikkje førte krig. I staden bygde han landet på fredeleg vis med lover. Landslova av 1274 var den fyrste riksdekkande lova for Noreg og dessutan den fyrste som var skriftleg. 
Magnus skal ha fått utdanninga si av fransiskanarane i Bergen, og landslova syner at folk skulle ha ei viss omsorg for dei fattige. For eksempel vart grusomme skikkar som ordinga med gravgangsmenn fjerna. 
«Kongen, lova og landet» er både rettshistorie, politisk historie og kulturhistorie. Forfattaren skriv om eit samfunn som var prega av 100 år med borgarkrigar og politisk dragkamp mellom kongemakt og kyrkjemakt. Vidare skildrar han ein framsynt konge og gjer grundig greie for sjølve lovgjevingsprosjektet. 
Far til Magnus, den mektige Håkon 4. Håkonsson (han som vart frakta over fjellet som lite barn), førte ein aggressiv utanrikspolitikk og regjerte då Noregsveldet var på det største. Kong Magnus hadde andre ambisjonar og interesser, for å sei det slik. Rikspolitikken og utanrikspolitikken endra seg då også raskt etter at kong Magnus døydde av sjukdom i 1280. 

Kong Magnus var gift med Ingeborg Eiriksdotter, den fyrste dronninga som vart krona i Noreg. Henne får me lesa meir om i neste bok: 


Alv Erlingsson av Tore Skeie
Cappelen Damm 2010
Speletid 9:32
Lyd Storytel 
(ikkje lenger tilgjengeleg)

Undertittel: Fortellingen om en adelsmanns undergang.
Enkedronning Ingeborg fekk (eller tok?), som dronning Ingerid over, ei sentral rolle som rådgjevar for sønene Eirik og Håkon, som begge vart kongar. Ein av støttespelarane hennar var Alv Erlingsson.
Alv tilhøyrde ein mektig adelsfamilie og var ein mektig mann, så fallet hans var skikkeleg brutalt. Han enda opp som sjørøvar og vart lyst fredlaus - og til slutt henretta ved steile og hjul

Forfattaren og historikaren Tore Skeie skriv med innleving og kunnskap. Det er ei svært godt fortalt bok, ei bok som egentleg handlar meir om politikken, samfunnsstrukturen og tida hovudpersonen levde i - enn Alv sjølv. Borgarkrigstida var på dette tidspunktet over, men forholda til nabolanda Sverige og Danmark var utfordrande, og med stadig skiftande alliansar. 

Mykje av innhaldet i denne boka overlappar boka om Magnus Lagabøte over - og det same gjeld også for boka nedanfor. 
Kongelege og adelege arrangerte ekteskap var eit slags våpen i danninga av politiske, strategiske og militære alliansar. Det gjer inntrykk å lesa om at små barn - særleg døtre - vart brukte som eit middel for å oppnå slik makt.
"På samme måte som kongene giftet sine døtre inn i utenlandske kongehus, giftet de norske aristokratene seg inn i hverandres slekter. Strategiske ekteskap var den viktigste framgangsmåten for å bygge allianser med andre toneangivende familier, livsviktig for å holde seg innflytelsesrike i et urolig og stadig skiftende politisk landskap."
Meir om slik alliansebygging også i neste bok:

Jomfruen fra Norge av Tore Skeie
Cappelen Damm 2015
Lyd Storytel (ikkje lenger tilgjengeleg)

Boka er ein oppfølgar av Alv Erlingsson-boka, men er sjølvstendig og ei litt anna type bok. Dei mest sentrale personane i boka er kong Magnus Lagabøte og dronning Ingeborg sine søner Eirik 2. Magnusson og Håkon 5. Magnusson. I tillegg får me lesa om maktspel, intrigar og skiftande alliansar i og mellom dei norske, danske og svenske kongehusa. Konflikta mellom svenske kong Birger, hertug Erik og hertug Valdemar er heilt grotesk

Jomfrua som tittelen viser til er kong Håkon 5. og dronning Eufemia si dotter - som også heitte Ingeborg (og av og til Ingebjørg) - det same som farmora. Alt som liten baby vart Ingeborg Håkonsdotter lova bort til den svenske hertugen Erik Magnusson som då var rundt 20. Ho vart gift som 12-åring og fekk fyrste barnet då ho var 15. Ganske groteske greier det òg. 

Men Ingeborg var ikkje berre ei brikke og ei fødemaskin. Då både faren og ektemannen døydde vart den vesle sonen hennar (3 år) konge - både i Noreg og i Sverige. Hertuginne Ingeborg deltok heilt sikkert både i rådgjeving og styring, men kjeldene er noko uklare på dette punktet. Det ein veit er at då Ingeborg gifte seg på nytt med ein dansk hertug, vart det sett på som ein tryggleikspolitisk trussel. Dermed mista ho mykje personleg gods og vart fråteken politisk kontroll og makt.

Når ein lyttar til lydbok går ein gjerne litt i surr i alle Håkon'ane, Erik'ane, Magnus'ane og Ingeborg'ane. Eg tykkjer likevel at forfattaren gjer forteljinga om denne kaotiske og dramatiske tida i skandinavisk historie både levande, spennande og forholdsvis oversiktleg. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

I samband med desse bøkene må eg i tillegg anbefala podkasten Kongerekka med Are Sende Osen. Her fortel programskaparen alternativt og humoristisk om norsk historie - men han får liksom fram essensen likevel. 

Lenke til podkast-episoden om Håkon 5

30. september 2024

Oppsummering september 24

Påbyrja i august, fullført i september:
Eystein Hanssen - Konkong (Nora Wold #2) - Norsk krim - Lyd Storytel
Terje Bjøranger - Den ingen ser (Charlie Robertsen #5) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Lese i september:
Bjørn Bakken - Forklarelsens øyeblikk (Sørlandskrim #2) - Norsk krim - Lyd Storytel
Bjørn Bakken - Blind hevn (Sørlandskrim #3) - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Unni Lindell - Dukken i tauet (Snø #3) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Jørn Øyrehagen Sunde - Kongen, lova og landet - Norsk historisk/biografisk dokumentar - Lyd Storytel
Jørgen Brekke - Det blinde vitnet (Odd Singsaker #8) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tore Skeie - Jomfruen fra Norge - Norsk historisk/biografisk dokumentar - Lydbok Storytel

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Tore Skeie - Alv Erlingsson. Fortellingen om en adelsmanns undergang - Norsk historisk/biografisk dokumentar - Lydbok Storytel
Jussi Adler-Olsen - Sju m2 med lås (Avdeling Q #10) - Dansk krim - Lånt papirbok privat


5 lydbøker, 3 ebøker
4 lånt, 4 abonnement
6 krim, 2 sakprosa
8 norske 
Nye forfattarar: Øyrehagen Sunde

Fyrst no i oppsummeringa oppdaga eg at det vart kun norske bøker i september. Det er uvanleg, og heilt tilfeldig. Det som derimot er heilt vanleg er at det vart mykje krim.

Dessutan har eg vendt tilbake til middelalderen. I samband med den nasjonale feiringa av at landslova er 750 år i år har det blitt publisert ein heil del stoff om lovgivaren Magnus Lagabøte og om sjølve lova. Jørn Øyrehagen Sunde si bok handlar, som tittelen på boka indikerer; både om rettshistorie generelt og om tida denne kongen levde spesielt. Boka er interessant på ein nerdete måte og vert opplest av ein tydeleg engasjert og kunnskapsrik forfattar.
Tore Skeie er ein annan kunnskapsrik og strålande formidlar av norsk historie, og eg anbefalar bøkene hans på det varmaste. 

Så over til krimmen. Eg likte alle dei seks bøkene, men Lindell og Bjøranger sine skil seg ut som ekstra bra. Eystein Hansen si Kokong vart for meg eit knepp ned i høve Svart landskap og Jørgen Brekke har også vore betre før. Elles er eg imponert over kva Bjørn Bakken har fått til med Sørlandskrimmen sin. Bøkene er underhaldande og velskrivne og inneheld aktuell tematikk. Han gjer det kanskje litt vanskeleg både for seg sjølv og for lesaren når han undervegs legg inn ekstra mange overraskingar og twistar. Men altså - har du ikkje lese bøkene til Bjørnebok, tykkjer eg at du bør gi dei ein sjanse.

25. september 2024

Kort om: Dukken i tauet av Unni Lindell

Bonnier norsk forlag 2024
381 sider
Lånt ebok BookBites

Unni Lindell er ein favorittforfattar og eg gler meg alltid til å lesa bøkene hennar. Nesten utan unntak blir forventningane mine innfridde - og det vart dei også med årets bok.
Eg har lese mange bøker av Lindell; barnesitatbøker, antologiar, julehefter, - men for meg er ho fyrst og fremst ein dyktig kriminalforfattar.

Cato Isaksen, Marian Dahle og Lydia "Snø" Winther er, gjennom 15 bøker, blitt kjende og kjære karakterar. Dette er tredje bok i Snø-serien, og sidan Marian Dahle (tidvis) er leiaren hennar, vert det gamle krimuniverset til Unni Lindell "halde levande". Samstundes tek ho i denne boka opp nyare tematikk som kunstig intelligens, gaming og gentesting.

Ei lita jente, Lucy, forsvinn frå barnehagen der ho går. Politi, tilsette og frivillige leitar desperat etter henne, men spor manglar og det er få vitne. Når det blir funne ei dokke opphengt i eit tre vert det slått full alarm. Ei liknande dokke med tilsvarande kjenneteikn vart nemleg funne då to andre i den same familien forsvann utan andre spor for omlag 30 år sidan. For etterforskarane handlar det no om å grava i den kalde saka og samanlikna med denne nye. Kva er samanhengen? Kven kjenner til alle detaljar frå den gamle saka?

Lesaren får vita at Lucy er blitt kidnappa av ein noko ustabil person, men at ho blir teken vare på, - i alle fall inntil vidare. For kven veit kva denne kidnapparen kan finna på sidan vedkommande lever i ei slags alternativ verd. 

Boka handlar om "fedrenes synder", om relasjonar og familieforhold, om gener og arv. Eg hadde faktisk rett i mistanken min om kven kidnapparen kunne vera. Likevel vart løysinga overraskande, for eg såg aldri korleis og kvifor. 

Eg la merke til at anmeldaren i VG saknar meir driv. Eg er litt enig, men tenkjer at den noko langsame starten gjer lesaren meir nysgjerrig på og interessert i karakterane. Drivet og spenninga tek seg då også kraftig opp utover i boka. Dukken i tauet er ei velskriven, velplotta og velkomponert historie som eg anbefalar.

Andre bloggmeiningar: Artemisias verden, Den kriminelle bokverden, Hverdagsnett

2. september 2024

Oppsummering august 24

Påbyrja i juli, fullført i august:
Arne Dahl - Himmeløyet (A-gruppen #10) - Svensk krim - Lyd Storytel
Emma Viskic - Den skyldige (Caleb Zelic #1) - Australsk krim - Lånt ebok BookBites

Lese i august: 
Arne Dahl - Elleve (A-gruppen #11) - Svensk krim - Lyd Storytel
Jørgen Jæger - Skjebnedøgn (Ole Vik #14) - Norsk krim - Lyd Storytel
Robert Galbraith - Lange skygger (Cormoran Strike #5) - Britisk krim - Kjøpt ebok
Thomas Bagger - Stamina (Task Force 14 #3) - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
Eystein Hanssen - Svart landskap (Nora Wold #1) - Norsk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i august, fullførast i september:
Eystein Hanssen - Konkong (Nora Wold #2) - Norsk krim - Lyd Storytel
Terje Bjøranger - Den ingen ser (Charlie Robertsen #5) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites


5 lydbøker, 2 ebøker
2 lånt, 4 abonnement, 1 kjøpt
7 krim
2 norske, 2 svenske, 1 dansk, 1 britisk, 1 australsk
Nye forfattarar: Viskic

Det vart fleire gode leseopplevingar i august, for øvrig ein månad der eg ikkje las ei einaste papirbok. 

Den siste boka om A-gruppen Himmeløyet er fantastisk, epilogen Elleve sådär. Australske Emma Viskic si debutbok Den skyldige er overraskande god, det same gjeld Eystein Hanssen og hans Svart landskap. I Stamina held Thomas Bagger fram med sterke skildringar av grove og brutale handlingar, så sterke at det nesten tippar over i parodi. Men berre nesten.
Jørgen Jæger si 14. bok om Ole Vik, Skjebnedøgn, er ikkje dårleg, men boka blir for enkel samanlikna med Dahl, Bagger, Hanssen - og Galbraith.

Lange skygger er femte bok i serien om privatetterforskarane Cormoran Strike og Robin Ellacott av Robert Galbraith (pseudonym for J.K. Rawlins). Bokserien vert presentert som "klassisk krim med moderne vri", noko som er veldig presist og dekkande for innhaldet. Boka er på 924 sider, har eit stort og fargerikt persongalleri, fleire sidehistoriar og ei særdeles kompleks forsvinningsgåte. Her er humor og alvor, sorger og gleder, hat og kjærleik - frå ein forfattar heilt utanom det vanlege. Det som trekker ned for meg er omfanget; det hadde ikkje gjort noko om eit par av bihstoriane var blitt kutta ut. (Som for Harry Potter-serien blir bøkene også i denne serien tjukkare og tjukkare. Den aller nyaste boka - som kjem ut i desse dagar faktisk - er på 1070 sider)

Det vart berre (serie)krim i august, og mykje tyder på at det blir sameleis i september. Er så vidt i gang med Terje Bjøranger si nye bok, og eg har den avsluttande boka i Avdeling Q-serien (Jussi Adler-Olsen) på vent. Dessutan veit eg at både Karin Fossum og Unni Lindell kjem med nytt i løpet av månaden og at den siste boka til Anders Roslund blir tilgjengeleg på Storytel om kort tid. 

23. august 2024

Serieomtale: A-gruppen av Arne Dahl

Serien om A-gruppen består av 11 bøker. Kvar bok er frittståande, men det er ein fordel å lesa dei i rett rekkefølge. Kronologien kan du finna nedanfor.

Jan Arnald brukar pseudonymet Arne Dahl i krimromanane sine. Han har gitt ut omlag 20 kriminalromanar i fire ulike seriar: A-gruppen er den fyrste serien, deretter kom Opcop-serien (4 bøker, ikkje utgitt på norsk og eg har heller ikkje lese dei), deretter Berger & Blom-serien (5 bøker) og tidlegare i år kom den fyrste i Nova-serien.
Arnald/Dahl bygger vidare på den tradisjonen som Sjöwall & Wahlöö danna med Martin Beck-serien, og både lesarar og kritikarar er samstemte om at dette er ein svært dyktig forfattar. 

Bokserien om A-gruppen er samfunnskritiske etterforskingsromanar med heller kompliserte plott, iblanda ein heil del filosofi, og alt dette krydra med humor og satire. Hovudpersonar er medlemene i det svenske Rikskriminalens spesialenhet for internasjonale voldsforbrytelser - A-gruppen. Eininga vart oppretta m.a. som ein reaksjon på den mislykka Palme-etterforskinga. Politifolka i gruppa har spisskompetanse på ulike felt, dei er handplukka til eininga og har utvida fullmakter. 

Bøkene kom ut i åra 1998 - 2008 og handlinga er lagt til omlag same tid. Dei gir eit godt tidsbilete av det svenske samfunnet - og det globale - rundt tusenårsskiftet. Dette er jo ikkje så lenge sidan, men det er tydeleg at den teknologiske og digitale utviklinga har endra seg betrakteleg desse åra. Tenk berre på at det på slutten av 90-talet ikkje fantest smarttelefonar, sosiale media var eit ukjent begrep og internettet var, om ikkje i sin barndom, så kanskje i sin ungdom.

Personskildringane er heilt fantastiske, som lesar vert ein oppriktig glad i alle hovudpersonane. Ein føler at ein kjenner dei, ein følgjer med på korleis dei har det - kvar for seg og saman - og korleis dynamikken i gruppa utviklar seg. Dei framstår som verkelege og trivelege menneske med normale tankar og kjensler. Alle har i tillegg nokre heilt ekstraordinære kvalitetar. 

Bøkene er spennande og veldig underhaldande, men dei er også filosofiske, melankolske og til ettertanke. Det gode og varierte språket, det fargerike persongalleriet, dei kompliserte og aktuelle sakene og dei overraskande vendingane gjer bøkene til verkeleg gode leseopplevingar. 

Det er andre gong eg les serien kronologisk, denne gongen i lydbokformat. Opplesar Jan Martin Johnsen er veldig dyktig, han får fram skiftande stemningar og engasjement samstundes som han les tydeleg i eit passe tempo.

Kort om hovudpersonane


Frå fyrste stund (og bok) er desse med:
Paul Hjelm. Som sagt er heile A-gruppen hovudpersonar, men det er Hjelm som er den mest sentrale. Han er i 40-åra, i starten av serien er han gift med Cilla, to tenåringsbarn. Har i fyrste bok eit kort og intenst forhold til kollega Kerstin, men det virkar som det ikkje blir noko meir. Glad i jazz. Skarp og filosofisk, intelligent og intellektuell. Etter kvart går han over til avdelinga for interngransing, men har framleis samarbeid med A-gruppen.
Kerstin Holm. Nyinnflytta frå Göteborg i bok 1, jamngammal med Paul og er/blir "hans andre hjernehalvdel". Eminent etterforskar og avhøyrsekspert. Syng i kyrkjekoret. Singel og skilt frå ein valdeleg ektemann. Både sterk og sårbar. Veldig sentral i bok 4. Operativ leiar av A-gruppen frå bok 6.
Gunnar Nyberg. Hadde tidlegare valdelege tendensar då han var Sveriges største politimann. No nyslanka og bamsesnill. Syng i kyrkjekoret saman med Kerstin. Slår inn dører når det trengst. Skilt, får ny kjæreste i bok 3. 
Arto Söderstedt. Albino og finlandsvensk, gift og far til fem. Grublande type, men også full av handlekraft. Bakgrunn som jurist og tidlegare forsvarsadvokat.
Viggo Norlander. Verdens snillaste - og eit monster bak rattet. Veldig singel, men plutseleg småbarnsfar og får sambuar som nesten 50-åring i bok 2. Får helsemessige utfordringar i bok 9.
Jorge Chavez. Av chilensk herkomst og omtalar seg sjølv som svartskallepurk. Liten, hissig, listig, kreativ. Blir kjæreste med Sara Svendhagen i bok 3.
Jan Olov Hultin. Sjef i bok 1 til 4. Ein pussig skrue med overblikk og ei fast og mild hand over gruppa. Nesten-pensjonist, inkontinent. 

Seinare blir gruppa utvida med:
Sara Svendhagen. Resultatorientert, dyktig, ser samanhengar. Tendens til å bli for engasjert. Eit hovud høgre enn partneren Jorge, utan at det plagar nokon av dei.
Lena Lindberg. Dukkar opp i bok 5, henta inn av Kerstin. Ung, sterk, fargerik, sjølvstendig. Blir ikkje skikkeleg kjent med henne før i bok 7.
Jon Andersson. Overført som følge av interngransking. Mobbeoffer, skaphomse. Går gjennom store endringar i bok 5.

Kort om bøkene

1. Misterioso

Me vert gradvis introdusert for hovudpersonar og miljø - og det er raskt klart at dette er ei krimbok utanom det vanlege. Også sjølve krimgåta og gjerningsperson er av det uvanlege slaget. Det same kan seiast om språket, dialogane og dei elegante overgangane frå den eine forteljarstemma til den andre. Dette trass i at forfattaren enno ikkje heilt har funne "stilen sin" her i den fyrste boka. 
Fleire svenske forretningsmenn blir funne drept i sine eigne heimar, og etterforsking viser at gjerningspersonen har lytta til eit heilt spesielt jazzopptak medan vedkommande har utført ugjerninga si. Det er behov for nokre ekstraordinære etterforskarar som kan tenkja kreativt, pragmatisk og metodisk - det er med andre ord ei sak for den nyoppretta A-gruppen. Media omtalar drapa som "maktmordene" - og gruppa kjenner sterkt på forventningar/krav om ei snarleg oppklaring. 

2. Ondt blod

Velkomponert og godt samanskrudd historie som handlar om ondskap i ulike former. 
Eit særs brutalt drap skapar sjokkbølger i Sverige. Spor peikar mot ein utspekulert seriemordar som herja i USA for fleire år sidan. Ifølge FBI er han død, er det ein copycat som no er på ferde?
Korleis stoppa vedkommande? Korleis ser mordaren ut? Kvar er han? Korleis kan han heile tida vera i forkant av etterforskinga? 
Spørsmåla er mange og saka nesten uhandterleg for medlemmane i A-gruppen.
 
3. Blind jakt 
(Upp till toppen av berget) 

Ei historie og eit plott med mange trådar; litt forvirrande i starten, men etter kvart svært fascinerande. Handlinga er egentleg for komplisert til at ein kan gje noko samandrag, men det byrjar i alle fall med eit barslagsmål og sluttar med noko heilt anna. Undervegs handlar det om terror, gjengkriminalitet, pedofile nettverk, spionasje og kontraspionasje. 
Den raude tråden er forvandlingar og endringar og det vert stadig vist til Ovids metamorfoser. Sært, men interessant - og faktisk; relevant for handlinga. 

4
. Europa blues

Denne boka inneheld mykje! Startar med funn av nokre menneskerestar i jerveburet i ein zoologisk hage og held fram med eit makabert mord på ein 90 år gammal professor. Gresk mytologi og rasebiologisk forsking er andre element.
Spor fører etterforskinga til stader rundt i store deler av Europa og til enkelte menneske si mørke fortid. 
Som i alle bøkene i serien spelar privatlivet til medlemmane i A-gruppen ei viktig rolle. Gleder og sorger frå privatlivet deira inngår som ein naturleg del av handlinga.

5. Skjulte dyp
 (De största vatten)

Godt samanskrudd og skikkeleg spennande bok. Her vert lesaren engasjert på ulike måtar; ein finn både humor og alvor - både bisarre situasjonar og skarpe skildringar av utfordringar samfunnet og enkeltmenneske står ovanfor. 
Hovudhistoria er mord på ein asylsøkar. Den skuldige er politimann, men drapet har skjedd utan vitne og med eit svært uklart motiv.
Kerstin er i sentrum av handlinga, enkelte ting i fortida innhentar henne på overraskande vis.

6. En midtsommernattsdrøm

Fleire alvorlege hendingar, som at ein polsk sjukepleiar vert drepen med øks og at ein TV-sjef vert skoten og drepen, gjer at A-gruppen har mykje å stri med. Ikkje overraskande er det ein viss samanheng mellom desse hendingane.
I tillegg må gruppa takla omorganisering og ny leiing, samt at ein av dei blir skulda for noko svært alvorleg. 
Når alt skal oppklarast har faktisk også Shakespeare sitt stykke En midtsommernattsdrøm noko å sei. 

7. Dødsmesse

Ei fantastisk bra bok og eg siterer utdrag frå ein tidlegare omtale:
"Dei ulike historiane og den oppdelte handlinga vert presentert i akkurat passe dosar og det heile flyt riktig fint (....) Språkleg sett er det variert, elegant og stilsikkert. Dei mange lause trådane vert nøsta opp på ein overbevisande måte. Dødsmesse er ei svært underhaldande og spennande bok med både aktuelle og historiske hendingar, gode og originale skildringar, meisterleg komponert og med ein veldig bra avslutning. Stort meir kan ein egentleg ikkje forlanga av ei bok."

8. Mørketall

Boka startar med klipp frå avhøyr av pårørande og vitne i samband med at ei ung jente er sakna. Opplysningane som kjem fram er motstridande: Kva har dei egentleg sett og høyrt? Avhøyrsteknikkar og tolking/sortering av fakta er viktig for å finna ut kva som har skjedd. 
Fleire oppsiktsvekkande og brutale hendingar følgjer. Og ja, alt har ein samanheng, i eit svært intrikat plott.

9. Etterskjelv

A-gruppen vert verkeleg sett på prøve når det skjer eit terroråtak på ei t-bane i Stockholm. Frykt blant publikum og hysteriske tilstandar i pressa gjer at presset på etterforskarane vert uhyre vanskeleg å takla. Enklare blir det heller ikkje når det er intern uro i organisasjonen.  
Terroren får også eit etterspel - eller etterskjelv - både for enkeltmenneske og for samfunnet. Skildringa av eit kaldare og meir brutalt samfunn er tankevekkande og realistisk, og eg tykkjer at språket og stilen i boka avspeglar dette. 

10. Himmeløye

Fantastisk opning på denne boka, der forfattaren frå eit slags fugleperspektiv zoomar inn og ut på dei forskjellige hovudpersonane. 
Det vert vist til fleire tidlegare episodar frå dei føregåande bøkene, og trådane vert samla på elegant, men også på ein vemodig måte.
A-gruppen får eit par utfordrande saker å jobba med, men det er mykje som tyder på at A-gruppen skal leggjast ned. Gruppa er også prega av at ein av dei er blitt alvorleg sjuk. Paul Hjelm, som no jobbar utanfor gruppa, får eit heilt spesielt og superhemmeleg oppdrag. 
Avslutninga av boka er spennande, overraskande, elegant og veldig veldig fin. 

11. Elleve

Den aller siste boka er den mest spesielle. Det er ein slags epilog, og det er slett ikkje noko dårleg bok - men det er den som passar meg minst. Det blir liksom for høgtravande og "svevande" for meg. På den andre sida forstår eg forfattaren sitt behov for å plassera medlemmene i A-gruppen i ei meir "litterær setting".
Utgangspunktet er novellesamlinga Dekameronen av Giovanni Boccaccio, som skal vera eit mesterverk i verdenslitteraturen.
Eg viser elles til eit tidlegare blogginnlegg.

5. august 2024

Oppsummering juli 24

Påbyrja i juni, fullført i juli:
Arne Dahl - En midtsommernattsdrøm (A-gruppen #6) - Svensk krim - Lyd Storytel
Mona Ringvej - Dronning Ingerids land - Norsk dokumentar/biografi - Lånt ebok BookBites

Lese i juli:
Arne Dahl - Dødsmesse (A-gruppen #7) - Svensk krim - Lyd Storytel
Arne Dahl - Mørketall (A-gruppen #8) - Svensk krim - Lyd Storytel
Jo Nesbø - Kongen av Os (Kongeriket #2) - Norsk roman - Lånt papirbok privat
Arne Dahl - Etterskjelv (A-gruppen #9) - Svensk krim - Lyd Storytel
Pascal Engman - Bestselger (Vanessa Frank #6) - Svensk krim - Lånt lydbok Bookbites
Stefan Ahnhem - Byttet - Svensk krim - Lånt lydbok Bookbites

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Arne Dahl - Himmeløyet (A-gruppen #10) - Svensk krim - Lyd Storytel
Emma Viskic - Den skyldige (Caleb Zelic #1) - Australsk krim - Lånt ebok BookBites



6 lyd, 1 papir, 1 ebok
4 lånt, 4 abonnement
7 krim/spenning, 1 historisk biografi
6 svenske, 2 norske
Nye forfattarar: -

I juli har det vore ferie og mykje sosialt/familiært, så dermed forholdsvis lite lesing og lite ingen blogging. Er inne i siste ferieveka no og har for fyrste gong i ferien teke fram PC'en. 

Eg har halde fram med å lytta meg gjennom serien om A-gruppen, og denne serien er minst like god ved andre gongs lesing. Har i skrivande stund berre att eit par timar lytting av bok 10 Himmeløyet. Deretter følgjer bok 11, "epilogen" med tittelen Elleve. 

3'aren til Bestselger av Pascal Engman treng ei forklaring. Eg er jo egentleg veldig glad i lydbokformatet, men enkelte bøker (dei som er noko komplekse og/eller inneheld mange trådar og karakterar) egnar seg ikkje. Bestselger er ei slik bok. Om eg hadde lese boka sjølv vil eg tru at eg kunne gitt minst ein prikk ekstra. Eg likar egentleg stilen til Engman, men her er han for pratsam og rotete. Når ein lyttar til boka altså. Kan legga til at eg berre har lese to av dei føregåande bøkene i serien.

Byttet er ein thriller som minner sterkt om bøkene til Peter Swanson. Eg likar mykje betre Ahnhem sin serie om Fabian Risk, men litt mot min vilje vart eg fascinert av historia i Byttet. 

Jo Nesbø er som alltid dyktig, men Kongen av Os er ein roman prega av ein del tomprat og gjentakingar. Veldig treg start, men spenninga stig gradvis til ein dramatisk avslutning. 

2. juli 2024

Oppsummering juni 24

Påbyrja i april, fullført i juni:
Mona Ringvej - Landet mot nord - Norsk historisk dokumentar - Papirbok fått i julegåve

Påbyrja i mai, fullført i juni:
Arne Dahl - Misterioso (A-gruppen #1) - Svensk krim - Lyd Storytel
Inger Johanne Øen - Det du eier evig (Silja Frost #1) - Lånt ebok BookBites

Lese i juni:
Arne Dahl - Ondt blod (A-gruppen #2) - Svensk krim - Lyd Storytel
Sigbjørn Mostue - Skyggefolket (Even Stubberud #3) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Arne Dahl - Blind jakt (A-gruppen #3) - Svensk krim - Lyd Storytel
Arne Dahl - Europa blues (A-gruppen #4) - Svensk krim - Lyd Storytel
Gert Nygårdshaug - Skomakeren (Melkior Mussenden #4) - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Arne Dahl - Skjulte dyp (A-gruppen #5) - Svensk krim - Lyd Storytel
Sarah Penner - Giftmakersken - Amerikansk roman - Lånt papirbok privat

Påbyrja i juni, fullførast i juli:
Arne Dahl - En midtsommernattsdrøm (A-gruppen #6) - Svensk krim - Lyd Storytel
Mona Ringvej - Dronning Ingerids land - Norsk dokumentar/biografi - Lånt ebok BookBites


5 lyd, 2 papir, 3 ebøker
4 lånt, 1 fått, 5 abonnement
7 krim, 2 andre romanar, 1 sak
5 svenske, 4 norske, 1 amerikansk
Nye forfattarar: Ringvej, Øen, Penner

Blogging og omtalar vart det minimalt med i juni, men eg har fått lese ein heil del! Det vart ein noko spesiell lesemånad i og med at eg (gjen)las 5-6 bøker i same krimserie. Serien består av totalt 11 bøker og dei resterande 5-6 skal lesast i løpet av juli. Denne type strekklesing har eg ikkje gjort før "i bloggtid", men eg har lese heile krimseriar i løpet av kort tid tidlegare. Leseopplevinga blir meir intens når ein les på ein slik måte, - men det passar naturlegvis ikkje for alle seriar. Serien vera ekstraordinær - som serien om A-gruppen er. Ein lang serieomtale kjem seinare i sommar. 

Skyggefolket er ein ny spennande actionkrim/thriller frå Sigbjørn Mostue. Bakteppet for handlinga er klima og miljø-problematikk og andre globale problemstillingar. Forfattaren er tydeleg engasjert og boka er skremmande aktuell.

Eg har brukt lang tid på Mona Ringvej si bok Landet mot nord. Her får ein presentert 22 personar frå ulike epokar, alle meir eller mindre representative for si tid. Boka krev at lesaren er tålmodig, men er både lærerik og interessant. Så interessant at eg no har starta på ei ny bok av same forfattar. Les gjerne Knut Hoem si bokmelding.

Så over til det som ikkje fall i smak.

Giftmakersken har ein spennande tittel og eit veldig pent omslag, men det er egentleg det einaste positive eg kan sei om denne boka. Historia frå fortida er OK, men notidshistoria er rett og slett svak og har eit irriterande dameromanpreg. Styr unna denne!

Det du eier evig er egentleg grei til å vera debutbok. Øen skriv godt, men historia blir litt flat og for omstendeleg. Kvardagskrim treng ikkje vera kjedeleg, men denne boka er faktisk det. 

Skomakeren er ikkje Nygårdshaug på sitt beste, for å sei det slik. Det betyr ikkje at det er ei dårleg bok, for her er både humor og alvor og forteljarglede. Men med tanke på tidlegare bøker frå denne forfattaren har ein visse forventningar - som ikkje vart innfridde ved dette høvet. Eg tykkjer framfor alt han han gjentek seg sjølv for mykje i denne serien (KlokkemakerenNøkkelmakeren, Regnmakeren)

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Kort halvårsstatistikk

  • 51 bøker, fordelt slik på sjanger:
    - 33 krim- og spenningsromanar
    - 5 andre romanar
    - 1 novellesamling
    - 12 sakprosa, av dei 5 biografiar
  • 29 lydbøker, 14 ebøker, 9 papirbøker
  • 29 lånt, 21 Storytel-abonnement, 1 fått
  • 21 svenske, 20 norske, 5 britiske, 2 danske, 1 islandsk, 1 fransk, 1 amerikansk

20. juni 2024

Dikt og slikt: Det er den draumen

Lenge sidan sist Dikt og slikt-innlegg her på bloggen - men til gjengjeld deler eg her og no det finaste diktet eg veit om. 


DET ER DEN DRAUMEN

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Frå samlinga Dropar i austavind (1966)

Diktet er (naturlegvis) også med i samlinga Olav H. Hauges vakraste dikt (Samlaget 2014).
Forlaget presenterer boka slik: 

"Olav H. Hauge (1908-1994) er etterkrigstidas fremste norske lyrikar. Mange av dikta hans har blitt felleseige og har gått inn i norsk litteraturhistorie som klassikarar. No har Samlaget samla over 100 av dei vakraste dikta til Hauge i ei praktfull gåvebok. 
Hauges dikt har nådd langt ut i verda og er blitt gjendikta til nær 30 ulike språk. Hauge har ein eineståande appell på tvers av generasjonane, og dikta har gjort han til ein av våre kjæraste lyrikarar."

1. juni 2024

Oppsummering mai 24

Påbyrja i april, fullført i mai:
Mikael Ressem - Levende død (Erik Sandström #1) - Svensk krim -  Lyd Storytel
Tove Alsterdal - Dyphavn (Eira Sjödin #3) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket

Lese i mai:
Robert Bryndza - Shadow Sands-mysteriet (Kate Marshall #2) - Britisk krim - Lyd Storytel
Mikael Ressem - Kodenavn Styx (AMU/SNG #1) - Svensk krim -  Lånt lydbok BookBites
Sarah Pearse - Sanatorium - (Elin Warner #1) - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Mikael Ressem - Kodenavn Hades (AMU/SNG #2) - Svensk krim -  Lånt lydbok BookBites
Mikael Niemi - Stein i silke - Svensk roman - Lånt papirbok privat
Sara Strömberg - Skygger (Vera Bergström #1) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Øystein Morten - Jakten på Sigurd Jorsalfare - Norsk dokumentar/biografi - Lyd Storytel

Påbyrja i april, fullførast i juni:
Mona Ringvej - Landet mot nord - Norsk historisk dokumentar - Papirbok fått i julegåve

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Arne Dahl - Misterioso (A-gruppen #1) - Svensk krim - Lyd Storytel
Inger Johanne Øen - Det du eier evig (Silja Frost #1) - Lånt ebok BookBites


6 lyd, 2 papir, 1 ebok
6 lånt, 3 abonnement
7 krim, 1 annan roman, 1 biografi/dokumentar
6 svenske, 2 britiske, 1 norsk
Nye forfattarar: Ressem, Pearse, Strömberg, Ringvej

Månadens høgdepunkt: Stein i silke. Gripande, interessant, spennande. 

Månadens nedtur: Sanatorium. Oppskrytt, langtekkeleg, liksomskummelt. Samt ein ekstremt lite kompetent etterforskar. 
Kodenavn Styx og Kodenavn Hades er forsåvidt "ganske OK" bøker, men oversetjinga og den merkelege "bearbeidinga" til norske forhold - gjer at dei får stryk.

Mona Ringvej sin norgeshistorie Landet mot nord er veldig interessant lesing. Eg har valt å bruka ein del tid på boka, og les i ho mellom andre bøker. Det er naturleg sidan ho er oppdelt i 22 enkelthistoriar. 

Eg har planlagt å bruka deler av sommaren på gjenlesing av Arne Dahl sin serie om A-gruppen. Den fyrste boka Misterioso kom ut på svensk alt i 1999, og eg las ho i 2012. Det har altså gått tolv år (og mange bøker) sidan forrige lesing. Denne gongen satsar eg på lydbokformatet. Heile serien er tilgjengeleg i Storytel med dyktige Jan Martin Johnsen som opplesar.
Gjenlesing av bøker er noko eg har varierande erfaring med, men eg er ganske trygg på at eit nytt "møte" med folka i A-gruppen vil bli positivt. 

27. mai 2024

Vårlesing: Svensk seriekrim

Korte omtalar og vurderingar av svenske krimbøker lese og lytta til i det siste.

Dyphavn av Tove Alsterdal
Gyldendal 2024
346 sider
Lånt papirbok biblioteket

Tredje bok om Eira Sjödin, framhald av Rotvelte og Synkehull

Når me møter politikvinna Eira i denne (avsluttande?) boka er ho gravid - og ho er dermed friteken frå dei tyngste oppgåvene. I staden får ho ansvar for ei kald sak; nokre likrestar som er funne i elva. Det skal visa seg at dette likevel blir ei tung sak for henne, både fysisk og psykisk. 

Alsterdal skriv som alltid godt, og ho flettar inn ein heil del interessant historisk kunnskap. I saka som Eira etterforskar finst det koblingar både til Ådalskonflikten i 1931 og til ulike politiske konfliktar på 1960-talet. Ikkje overraskande er det også koblingar til Eira si eiga familiehistorie. Det dukkar elles opp mange interessante karakterar i handlinga. Avslutninga er fin og avklarande.

Dersom du likar langsam og stemningsfull bygdekrim er denne trilogien midt i blinken.
Sjølv konkluderer eg med eit terningkast 4+.


Skygger av Sara Strömberg
Kagge 2023
Speletid 10:48
Lånt lydbok BookBites

Meir svensk bygdekrim - og til ei bok og ein forfattar som vart tildelt Deckarakademins pris for beste svenske debut 2021. 

Handlinga er lagt til Åre - Storlien-traktene, det vil sei på norskegrensa. Hovudperson er Vera Bergström, ein litt uvanleg krimhelt som eg fekk litt sans for sidan ho er så utypisk. Vera er 50+, skilt, barnlaus, deprimert og slit med overgangsplager. Ho har blitt oppsagt frå jobben som redaktør i ei lokalavis og når handlinga tek til jobbar ho som skuleassistent. 

Når ei kvinne vert funnen død under mystiske omstendigheiter får Vera i oppdrag å skriva ein reportasje om korleis det mulege drapet pregar bygda. Politiet virkar å vera uinteresserte/inkompetente medan Vera vert meir og meir engasjert.

Historia er grei, karakterane truverdige og skildringane gode, men boka er langsam og med dårleg framdrift. 
Eg gir terningkast 4-, og då er eg snill.


Den andre søsteren av Peter Mohlin og Peter Nyström
Kagge 2022
Speletid 10:42
Lydbok Storytel

Andre bok i serien om John Adderley. Ein heilt annan type krim enn dei to over, her er det god framdrift og det er urbant og hektisk. 
Sjølve krimgåta handlar om to søstre som driv ei dating-nettside saman. Den eine søstera er veldig vakker og den andre er grusomt vansira i ansiktet. Så blir den vakre drept og den ikkje-vakre trur ho veit kven som gjorde det - og kvifor.

Hovudperson og etterforskar Adderley er tidlegare FBI-agent og lever no i Karlstad med ny identitet. I den fyrste boka Det siste livet fekk me vita ein del om bakgrunnen hans og i denne boka blir me ytterlegare kjend med han. I desperasjon og av omsyn til sin eigen tryggleik byrjar han å manipulera bevis og vitner i den pågåande saka. Heilt usannsynleg at noko slikt kan skje sjølvsagt, men det gir boka ein ekstra spenningsdimensjon.

Handlinga elles er heller ikkje særleg realistisk, men historia heng godt saman og karakterane er interessante.
Terningkast 4.

(Når ein ser på omslaget ser det ut som om også denne boka har fått pris. Det stemmer ikkje, men forfattarparet var nominerte for beste svenske debut i 2020 med forrige bok.)

----- ----- ----- ----- ----- ----- 

Så over til ein svensk krimforfattar som har gått under radaren for meg. Mikael Ressem er uvanleg produktiv og har gitt ut fleire krimseriar - men eg hadde faktisk aldri høyrt om han før ei av bøkene hans tilfeldigvis dukka opp som forslag i Storytel-appen.
Eg har no prøvd meg på to av seriane, men det er kun den eine eg kjem til å lesa meir av.


Levende død av Mikael Ressem
Lind & Co 2021
Speletid 10:23
Lydbok Storytel

Fyrste bok i ein serie som faktisk består av heile 18 bøker, av dei er i alle fall fem utkomne på norsk. Fyrste bok er langt frå perfekt, men er likevel ein lovande start for ein bokserie. Protagonisten har eit uvanleg yrke i krimromansamanheng; Erik Sandström er nemleg ambulansearbeidar. Men han har noko anna som går igjen blant krimheltar; eit alvorleg rusproblem.

Handlinga er lagt til Gävle ved midtsommar. I eit rutineoppdrag fraktar Erik og kollegaen hans ei ung kvinne til sjukehus. Pga. stikksår i armen reknar ein med at ho har teke overdose, og ho døyr etter nokre dagar. For politiet er saka opplagt, men Erik og politikompisen Patrik meiner det er noko som slett ikkje stemmer. 

Enkelte gjentakingar, noko overforklarande stil og overdose med medisinske ord og uttrykk trekker ned heilskapsinntrykket, så eg konkluderer med terningkast 4-.

Til slutt nokre få ord om dei to fyrste bøkene i SNG-serien.

Kodenavn Styx og Kodenavn Hades av Mikael Ressem
Lind & Co 2024
Lånt lydbøker BookBites

Kodenavn Styx startar friskt og eg vart raskt engasjert. Det handlar om ei akuttmedisinsk utrykningseining som jobbar opp mot etterretningstenesta i samband med at det er motteke ein terrortrussel. Dette er skikkeleg action, høgt tempo og bra underhaldning. Tenkte eg. Og så spennande at handlinga er lagt til Noreg! Trudde eg.  

Men det viser seg at desse bøkene ikkje berre er oversette til norsk. Faktisk er heile handlinga flytta over grensa og namn på både stader og folk er "fornorska". Eg oppdaga/forsto ikkje dette før eg var i gang med bok 2. Men etter å ha søkt litt på nettet fann eg då ut at Västerås var blitt til Stavanger, KG Segerstedt var blitt til KG Solbakken og Sjukvårdens nationella insatsgrupp (SNG) var blitt til Akuttmedisinsk utrykningsenhet (AMU).

Det er fullstendig unødvendig, irriterande og tullete å "oversetta" på ein slik måte. Eg skjønnar ikkje kva motiv forlag og oversettar Monika Yndestad har hatt for å gjera det. 

Dei norske utgåvene av Kodenavn Styx (terningkast 3) og Kodenavn Hades (terningkast 2) kan ikkje anbefalast. 

16. mai 2024

Takk, Mr Sansom

Foto henta frå forfattaren si Facebookside
Den britiske forfattaren C.J. Sansom er død, 71 år gammal. Det er veldig trist at forfattaren av den populære og kritikarroste Shardlake-serien har gått bort. Tilfeldigvis døydde forfattaren berre eit par dagar før premieren på TV-serien basert på den fyrste boka Oppløsning

Christopher John Sansom vart fødd i 1952 i Edinburgh. Han utdanna seg til jurist og tok sidan også doktorgrad i historie. I debutromanen Oppløsning (Dissolution) kombinerte han begge fagfelta sine og tok lesarane inn i tudor-England i ein spennande og gripande roman om kloster, forræderi og død. Etter kvart vart det sju omfangsrike bøker om Shardlake. 

Eg er vanlegvis ikkje så begeistra for filmar/seriar basert på bøker eg har lese, men ut frå det eg har sett av ulike klipp ser det ut til at serieskaparane har fått fram den same stemninga som bøkene byr på - og at skodespelaren Arthur Hughes er ein truverdig Matthew Shardlake.

(Kan legga til at Sean Bean neppe er ein like truverdig Thomas Cromwell, men det er sikkert ein smakssak - og eg er dessutan påverka av Hillary Mantels versjon av Cromwell gjennom Wolf Hall-bøkene Ulvetid, Falkejakt og Speilet og lyset)

Sjå trailer her:

Mange nye vil no møta Shardlake, Barak og dei andre for fyrste gong gjennom TV-serien, og i samband med det vil eg anbefala bøkene på det varmaste. I alle fall om du er interessert i historie generelt og tudortida spesielt. Dette var ei politisk og ideologisk brytningstid med sterke religiøse og maktpolitske krefter - og motkrefter. Sansom fortel, levande og frå ulike miljø, korleis livet i ei slik kaotisk og dramatisk tid kunne utarta seg. Eg er imponert over måten han klarte å veva mystikk og spenning inn i dei komplekse historiske forteljingane sine. Språk, oppbygging, miljøskildringar, personskildringar, historiske detaljar, intrigar - alt dette er veldig bra og gjer bøkene til ekstra gode leseopplevingar.

Takk for bøkene, Mr Sansom. Kvil i fred.

30. april 2024

Oppsummering april 24

Påbyrja i mars, fullført i april:
Bernard Minier - Lucia (Lucia Guirrero #1) - Fransk krim - Lånt ebok BookBites
Tor Bomann-Larsen - Den evige sne - Norsk sportsdokumentar/polarhistorie - Lyd Storytel

Lese i april:
Øystein Morten - Jakten på Olav Tryggvason - Norsk dokumentar/biografi - Lyd Storytel
Eva B. Ragde og Trude Teige - På åstedet - Norsk dokumentar/true crime - Lånt ebok BookBites
Øystein Morten - Eirik Raude - Norsk biografi/dokumentar - Lyd Storytel
Aslak Nore - Ingen skal drukne (Familien Falck #2) - Norsk roman - Lånt papirbok biblioteket
Bergsveinn Bergisson - Den svarte vikingen - Norsk biografi/dokumentar - Lyd Storytel
Peter Mohlin og Peter Nyström - Den andre søsteren (John Adderley #2) - Svensk krim - Lyd Storytel
Alex Michaelides - Vreden - Britisk-kypriotisk krim - Lånt papirbok biblioteket  [avbraut]
Øystein Morten - Jakten på Olav den hellige - Norsk biografi/dokumentar - Lyd Storytel
Val McDermid - 1979 - Britisk krim (Allie Burns #1) - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Mona Ringvej - Landet mot nord - Norsk historisk dokumentar - Papirbok fått i julegåve
Mikael Ressem - Levende død (Erik Sandström #1) - Svensk krim -  Lyd Storytel
Tove Alsterdal - Dyphavn (Eira Sjödin #3) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket

6 lyd, 2 papir, 2 ebøker
4 lånt, 6 abonnement
3 krim, 1 roman, 4 biografiar, 2 dokumentarar
6 norske, 1 svensk, 1 britisk, 1 islandsk, 1 fransk
Ny forfattar: Eva B. Ragde

Ein god del av lesetida mi i april "var eg" i vikingtida. Eg "var" også på ski i fleire olympiske vinterleikar og i polare strøk ('Den evige sne'). Vidare "var eg" i Glasgow som journalist i '1979', eg "var med" i familieforviklingar og politisk dramatikk i 'Ingen skal drukne', samt "deltok" i etterforskingar i notid ('Lucia', 'Den andre søsteren') og i nær fortid ('På åstedet').
Så det vart så absolutt ein variert lesemånad. 

Eg avbraut lesinga av 'Vreden'. Den fenga ikkje, har dameromanpreg og eg likte verken karakterar eller skrivestil. Eg var faktisk heilt på nippet til å avbryta '1979' óg; den er ufatteleg treg i starten og kan knapt kallast krim eller thriller, men tek seg kraftig opp etter kvart. 

28. april 2024

Vårlesing: Vikingtida

Vikingtid og middelalder har interessert og fascinert meg lenge, - og eg trur grunnlaget for interessa vart skapt då eg som tenåring las Sigrid-trilogien for fyrste gong. Opp gjennom åra har eg lese mykje om denne epoken, både skjønnlitterære bøker og sakprosa. Eg har ofte tenkt at eg er rar som har ei slik sær interesse, men har oppdaga at eg ikkje er åleine om det. Populariteten til bøker, TV-seriar og filmar om vikingar og vikingtida er visstnok stor.

Øystein Morten sine bøker om vikingkongane Olav Tryggvason og Olav den heilage har fått svært gode kritikkar, og i dette innlegget skal eg stadfesta at dei er velskrivne, interessante og underhaldande bøker. Andre vikingbøker som har fått gode omtalar er Den svarte vikingen av Bergsveinn Bergisson (meir om den også nedanfor) og ikkje minst Hvitekrist av Tore Skeie. Sistnemnde kjem med ny bok (om Harald Hardråde) til hausten, og det ser eg fram til.

Den vikingboka eg likte best (av dei eg har lese i det siste) er historia om oppdagaren Eirik Raude - og eg startar denne samleomtalen med den boka. 


Eirik Raude av Øystein Morten
Vigmostad Bjørke 2022
Speletid 11:25
Lyd Storytel


Øystein Morten er religionshistorikar og sakprosaforfattar - og sidan i fjor haust er han ordførar i Rollag kommune. Han har truleg ikkje så mykje tid til skriving, reising og gransking no for tida, men når han eingong gir seg i politikken bør han absolutt halda fram med å gi ut bøker. For eg vil gjerne ha meir! 

Det heiter at Eirik Raude  "oppdaga" Grønland, sjølv om det alt fantest folk og busetnader der då han kom dit i år 982. Men han og dei andre norsk-islandske landnåmsmennene grunnla dei fyrste norrøne busetnadene på øya - og det var han som gav øya namn. Elles er han kanskje mest kjent som far til Leiv Eirikson, mannen som "oppdaga" Amerika rundt år 1000. At han vart kalla "raude" hadde truleg samanheng med at han hadde raudt hår og skjegg, og det er muleg at han hadde eit heftig temperament. Han var i alle fall knytt til drapssaker både i Noreg og på Island, noko som gjorde at han vart dømd fredlaus. Ein annan årsak til at Eirik Raude for til Grønland var at det der på denne tida fantest mengder av ein verdifull ressurs: Kvalross

Forteljinga om Eirik Raude (fødd ca. 940 - død ca. 1002) byggjer på nokre få setningar i dei islandske sagaene. Desse setningane vert tolka (og utvida) av forfattaren, og han formidlar det heile vidare til oss lesarar på ein pedagogisk måte. Forfattaren byr dessutan på seg sjølv: Parallelt med at han granskar dei få skriftlege kjeldene som finst, inviterer han lesaren med på reiser til både Island og Grønland. Han skildrar natur, farvatn og omgjevnader og deler frustrasjonar og oppturar. Han fortel at han snakkar med ekspertar på ulike fagfelt og at han kjøper avansert VR-utstyr når koronanedstenging gjer at han ikkje kan reisa fysisk. 

Øystein Morten har ei fenomenal formidlingsevne, og som Åsmund Ådnøy (solvberget.no) skriv: "Hvis Indiana Jones og Lars Monsen hadde vært brødre og hatt en tredje bror, ville det vært Øystein Morten." 

Lydboka vert opplesen av forfattaren sjølv, også dette vert utført på ein god måte. 
Terningkast 5.

Då Øystein Morten var på Island i samband med innhenting av bakgrunnsstoff, lånte han hytta til forfattaren Bergsveinn Birgisson. Det vert òg ofte vist til boka om Birgisson sin fjerne forfar.

Den svarte vikingen av Bergsveinn Birgisson
Vigmostad Bjørke 2020 (Spartacus 2013)
Speletid 10:30
Lyd Storytel

Forfattaren er islending og etterkommar i 30. ledd etter Geirmund Heljarskinn, hovudpersonen i denne boka. Tidlegare har eg lese Birgisson si bok Mannen fra middelalderen som eg likte godt - og eg las (litt av) romanen han vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for, Svar på brev frå Helga. Den likte eg ikkje i det heile tatt. Men boka om forfaren, denne svarte vikingen, likte eg ganske godt. 

Dette er sakprosa med skjønnlitterære element. Me skal nemleg svært langt tilbake i tid (800-talet) og forfattaren har i enkelte sekvensar dikta fram hendingar og samtalar. Dei skriftlege kjeldene er få og vage, og ofte sprikande. Desse har forfattaren vurdert opp mot kvarandre og gjerne samanlikna med segner og myter. Han har også støtta seg på vitenskaplege metodar og arkeologiske, lingvistiske og genealogiske funn.

Geirmund Heljarskinn altså, ein fascinerande mann med eit uvanleg liv og ei fargerik bakgrunn. Faren Hjør var høvding/konge på Avaldsnes (Karmøy) og mora Ljuvfina kom frå Bjarmeland og var av eit sibirsk urfolk. Geirmund hadde som mora mongolsk utsjånad og mørk hud - "heljarskinn". På nettsida Avaldsnes kan ein lesa meir om desse folka og sjå korleis ein tenkjer seg at familien såg ut. Etter at Harald Hårfagre tok over makta her i landet reiste Geirmund til Island. Han var ein av dei fyrste landnåmsmennene og dreiv internasjonal handel, mellom anna med kvalrosstenner frå Sibir og slavar frå Irland og Skottland. 

Den svarte vikingen vart nominert til Brageprisen 2013 for beste sakprosabok. Ikkje ufortent, for her er mykje interessant, men sjølv "datt eg av lasset" innimellom. Diktinga blir litt vidløftig, og det andre stoffet er ofte for detaljert, for repeterande og for springande. Som Øystein Morten gjer i sine bøker, skriv Birgisson seg sjølv inn i handlinga, men her er det ikkje så vellukka. 

Lydbokopplesar Endre Hellestveit les tydeleg og greit med passeleg engasjement.
Terningkast 4.

Det er altså sparsamt med skriftleg dokumentasjon bevart når det gjeld både Eirik Raude og Geirmund Heljarskinn. For dei to kongane nedanfor, Olav I Tryggvasson og Olav II Haraldson, er det i grunnen omvendt. Her er det nesten for mykje, fordi det vart dikta fram så mange vandrehistoriar, segner og legender om dei. Snorre og dei andre islandske sogeskrivarane sette saman sagaene sine omlag to hundreår etter at desse kongane levde. Dei bygde på endå eldre historiar og alle helteforteljingane vart nok pynta på og tilpassa det rådande samfunnssynet som fantest på 1200-talet. Det er opplagt at element er blitt lagt til og/eller trekt frå - og at enkelte historiar berre er tull og oppspinn. Øystein Morten har ikkje berre granska kongesagaene nøye; han har i tillegg brukt andre meir samtidige (og dermed sannsynlegvis meir truverdige?) kjelder.


Jakten på Olav den hellige av Øystein Morten
Spartacus 2013
Speletid 5:58
Lyd Storytel

Det er egentleg heilt utruleg at me aldri blir "ferdige med" denne kongen som levde for 1000 år sidan, men Morten kjem med nye vinklingar og interessante teoriar i denne boka. Det er ei todelt "jakt" det blir fortalt om. På den eine sida er det ei jakt etter det som kanskje er restane av deler av liket hans og på den andre sida; ei forteljing om mennesket Olav Haraldsson og samtida hans. 

Jakten på Olav den hellige er ei ganske kort bok (papirutgåva er på 256 sider), men forfattaren går grundig til verks. Han fortel utførleg om samfunnsforholda, storpolitikken og dei mange og skiftande alliansane som leda opp til den store konfrontasjonen då kongen fall på Stiklestad den 29. juli 1030. Det handlar også om kva som skjedde etterpå, både med maktforholda i Noreg - og med sjølve liket. 

Boka er interessant og lettlest. Til tider er det noko oppramsande, men Øystein Morten skriv med ein lett penn og med glimt i auga.
Eg vart dessverre aldri heilt fortruleg med opplesaren av lydboka. Den totale lese-/lytteopplevinga vart dermed eit terningkast 4. 


Jakten på Olav Tryggvason av Øystein Morten
Vigmostad Bjørke 2019
Speletid 9:25
Lyd Storytel

Denne kongen levde i siste halvpart av 900-talet, og han var konge i Noreg berre i fire-fem år. Likevel er han "kjent" for folk flest, også i dag. Det er egentleg veldig rart. 

Forfattaren peikar på at dei eldste skriftlege kjeldene er sprikande, og at det difor er vanskeleg å sei kva som er sant og ikkje. Når forfattaren reiser i fotspora til Olav Tryggvasson blir det ei ganske omfattande reise, på kryss og tvers i Nord-Europa. Arkeologiske funn og andre spor tyder på at ein del av det Snorre og andre sagaforfattarar fortel om, stemmer - men det er minst like mykje som ikkje er sant. 

Jakten på Olav Tryggvasson er ei underhaldande bok der forfattaren pirkar borti vedtekne "sannheiter". Olav Tryggvasson var i alle fall neppe så sprek og tapper som sagaene vil ha det til, og han likna heilt sikkert ikkje på Fritjof Nansen. (Teiknaren Erik Werenskiold brukte naboen Nansen som modell då han illustrerte den norske praktutgåva av Heimskringla i 1899.)

Kvar er Svolder, staden der Olav Tryggvasson fall i eit slag i år 1000? Det er det ingen som veit heilt sikkert, men Øystein Morten meiner at det er snakk om øya Ven i Øresund - og at det ikkje fann stad i år 1000, men i 999. Forresten er det ikkje sikkert at kongen døydde ved Svolder/Ven heller. Ei av legendene som oppsto i ettertid var at han overlevde, flykta og levde resten av levetida som munk i Midtausten. 

Det fungerer fint med lydbok, men det er greitt å ha tilgang til kart og oppslagsverk medan ein lyttar. Her er forfattaren sjølv opplesar av boka. Terningkast 4+.