Viser innlegg med etiketten Vera Henriksen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vera Henriksen. Vis alle innlegg

16. april 2019

Favorittforfattarar: U og V

Då var det på tide å halda fram med den alfabetiske gjennomgangen av favorittforfattarane mine. Når det gjeld U og V var det ikkje så mange å velja i - men eg har plukka ut to dyktige kvinnelege forfattarar - ei for kvar bokstav.


Foto: Aschehoug.no

Unni Lindell

Norsk forfattar og journalist f. 1957.

Svært produktiv og populær og mest kjent som kriminalforfattar. Lindell er dama bak krimheltane Cato Isaksen og Marian Dahle - og det sjarmerande vesle spøkelset Nifse Nella. Samt ein heil del andre interessante folk og dyr (som katten Knut). Barnesitatbøkene hennar er også svært populære.

Unni Lindell fekk Rivertonprisen i 1999 for Drømmefangeren og fekk prisen på nytt no i år for Dronen. 

Eg tykkjer krimromanane til Lindell er fascinerande lesing. Ho tek ofte utgangspunkt i vanlege menneske med vanlege liv som opplever noko ekstraordinært - og får det gjerne til å bli skikkeleg skummelt.

Foto: Aschehoug.no

Vera Henriksen

Norsk forfattar 1927 - 2016.

Produktiv og populær var også Vera Henriksen.
Forfattarskapet hennar har betydd mykje for meg personleg. Då eg var ung las eg mange av dei historiske romanane hennar, noko som førte til at eg vart skikkeleg interessert i den sjangeren. Då eg gjenlas Sigrid-trilogien og Bent Jonsson-serien for eit par-tre år sidan var det på nytt store leseopplevingar for meg.

Henriksen sine forteljingar er fengslande fyrst og fremst fordi dei er så historisk korrekte, men også fordi ho var så dyktig i formidlinga av det tidlause, det mellommenneskelege og det allmenngyldige.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Omsider nærmar eg meg slutten av den alfabetiske gjennomgangen - og det har sanneleg teke si tid. Slik er det når ein ikkje har ein tidsfrist å forhalda seg til. Bokstaven W hoppar eg over. Eg er klar over at det finst forfattarar på den bokstaven også, men ingen av dei passar inn for meg her i denne spalta. Og det finst vel knapt forfattarar (eller andre) med namn som byrjar på bokstavane X, Z og Æ, så dei kjem eg også til å droppa.
I neste avsnitt - det nest siste - kjem ein presentasjon av ein forfattar på Y og ein på Ø. I det siste innlegget kjem to forfattarar på Å samt ein oppsummering av dette "prosjektet".

30. november 2017

Oppsummering november

Påbyrja i september, fullført i november:
Vera Henriksen - Beretningen om Jon Bentsson: Klangen av en lutt/ Ildens sang - Historisk roman - Lånt papirbok privat

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Ann Cleeves - Blått lyn - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Matt Wesolowski - Seks historier - Britisk krim - Lytteeksemplar

Lest i november:
Katrine Sele - Jølster hotell - historier frå eit asylmottak - Dokumentar - eBokBib
Tom Egeland - Lasaruseffekten - Norsk krim - Lånt papirbok privat
S.K. Tremayne - Ildbarnet - Britisk krim - Lånt lydbok biblioteket
Peter May - Svarthuset - Britisk krim - Kjøpt papirbok

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Nathan Hill - Nøkken - Amerikansk roman - Lånt lydbok biblioteket
Jørgen Jæger - Guden - Norsk krim - Kjøpt papirbok

Påbyrja i november, utsett til eit seinare høve:
Yuval Noah Harari - Sapiens. En kort historie om menneskeheten - Israelsk - Populærvitenskap/dokumentar - eBokBib


  • 4 papir, 2 lyd, 1 ebok 
  • 5 lånt, 1 kjøpt, 1 fått 
  • 5 krim, 1 historisk roman, 1 dokumentar
  • 3 norske, 4 britiske
  • 3 kvinner, 4 menn 
  • "Nye" forfattarar: Wesolowski, Tremayne, May, Sele
Pr. 30.11. har eg lest 95 bøker, så det ser ut til at eg skal nå 100 bøker dette året òg. 

14. november 2017

Omtale: Beretningen om Jon Bentsson av Vera Henriksen

Aschehoug 2004
843 sider
Papirbok lånt privat

Beretningen om Jon Bentsson er ein dobbeltroman; Klangen av en lutt frå 2001 og Ildens sang som kom ut fyrste gong i 2002. Forteljinga er framhald av den meir kjende Beretningen om Bent Jonsson (Trollsteinen, Pilegrimsferd, Blåbreen, Staupet og Skjærsild) som eg med stor glede gjenlas tidlegare i år.

Henriksen tek føre seg den same tematikken i begge desse store bokverka. Det handlar kort sagt om sosiale og religiøse motsetningar i tida etter reformasjonen og dei konsekvensane det hadde for samfunnet og for enkeltmenneske.

Men medan eg storkosa meg gjennom den fyrste bokserien, vart dette ei heilt anna leseoppleving. Misforstå meg ikkje - det er Vera Henriksen det er snakk om her, så boka er sjølvsagt ikkje dårleg - men ho er tidvis veldig tung og treg. Eg skal prøva å gjera greie for kvifor eg ga Beretningen om Bent Jonsson (heretter kalla Bent-bøkene) terningkast 6 og Beretningen om Jon Bentsson (heretter kalla Jon-bøkene) "berre" terningkast 4.

Opplevinga av at Jon-bøkene er tungt lesestoff skuldast fyrst og fremst at dei historiske detaljane er så overveldande. For Vera Henriksen var det svært viktig at fakta rundt historiske hendingar, personar og stader var så korrekte som muleg. Det er jo egentleg positivt, men tidvis i desse bøkene har dei historiske opplysningane og kjeldematerialet fått for stor plass. Det har rett og slett gått på bekostning av sjølve historia. I Bent-bøkene balanserte forfattaren fint mellom det menneskelege, det dramatiske og det historiske. I Jon-bøkene er det etter mi meining for mykje faktainformasjon. For å sei det litt fleipete: Hadde Vera Henriksen så uendeleg med bakgrunnsstoff frå Bent-bøkene at ho prøvde å skvisa inn mest muleg av dette inn i Jon-bøkene?

Eg har brukt to månader på lesinga av denne siste boka, noko som er uvanleg lenge. Av dei vel 840 sidene er omlag 100 sider forklaringar, kjeldehenvisingar og andre opplysningar frå forfattaren. Det er altså enno meir informasjon å henta for den som måtte ha interesse for det..

Handlinga er lagt til byrjinga av 1600-talet; ei uroleg tid der den katolske kyrkja kjempa hardt mot protestantismen. Ei gruppe som var sterkt engasjert i motreformasjonen var jesuittane. Hovudperson i Klangen av en lutt og Ildens sang er jesuitten Jon. Han er dessutan luttspelar, teolog og spion.

Faren Bent er blitt ein gammal mann når Jon vender tilbake til Lom etter 25 år. Han har sett og opplevd mykje rundt omkring i Europa. Han er på flukt og fryktar at han er forfølgd av mektige og farlege motstandarar, men får etter kvart slått seg til ro. Jon fortel om det han har opplevd på vandringane sine til far sin og syster si - og det er nettopp Jon sine opplevingar som tek mest plass i boka. Jon skjulte spionasjeoppdraga sine ved å ta musikaroppdrag rundt omkring i fleire fyrste- og kongehus. Slik fekk han eit omfattande kontaktnett - men ikkje alle var til å stola på.

Parallelt får ein vita kva som skjer i lokalsamfunnet og i familien, forholdet mellom far og son og etter ei tid; forholdet mellom Jon og den unge enka Hilde. Dette med giftarmål vert problematisk i og med at Jon egentleg er bunden til ordensløfter om lydigheit og sølibati. Som jesuitt og katolsk prest kan han ikkje inngå ekteskap, men heime på Lom må han halda den katolske delen av livet sitt hemmeleg. Kva vert konsekvensane for han sjølv og ein eventuell familie med tanke på det omflakkande og utfordrande livet han har levd? Kjem Jon til å bryta med dei prinsippa som han alltid har stått for og trudd på? Kan han starta på nytt og leva eit enkelt og vanleg liv? Slik han ser det har han alt gjort seg skuldig i fleire dødssynder - og han har sett grusomme hendingar som heksebrenning og tortur, noko som har gjort han til ein tvilar.

Slik kan innhaldet i Jon-bøkene samanfattast, men det handlar om mykje mykje meir. Skildringane av 1600-talets Europa og menneska som levde den gongen er interessant å lesa om, men som sagt over; det er veldig detaljert, omfattande og overveldande. Persongalleriet er så rikt at det kjennest uoverkommeleg, enkelte personar (som hovudpersonen sjølv) er fiktive, men veldig mange er historiske.

Det eg tykte var spesielt fint med Bent-bøkene var det tidlause og det allmenngyldige i forteljinga. Desse aspekta er mindre til stades i Jon-bøkene. Mine tidlegare svært positive leseopplevingar med Vera Henriksen sine historiske romanar gjorde at forventningane mine var skyhøge i høve Jon-bøkene. Vurderinga mi avspeglar at desse forventningane ikkje vart innfridde fullt ut.

Eg likar forteljarmåten og komposisjonen og er glad for at eg omsider fekk lest forteljinga om Jon - og at eg fekk vita korleis det gjekk med Bent og dei andre i familien.

Avslutninga er litt spesiell sidan forfattaren "blandar seg inn" i romanen og presenterer to alternativ for lesaren. Det eine alternativet er at Jon slår seg til ro i Lom for all framtid. Det andre alternativet er at Jon etter ei opprivande hending reiser tilbake til det katolske Sør-Europa for å ta eit oppgjer med fortida. Dette alternativet er dramatisk - og djupt tragisk.

10. juli 2017

Gjenlesing: Staupet og Skjærsild av Vera Henriksen

Gjenlesinga av fyrste del av Beretningen om Bent Jonsson vart ei stor leseoppleving for meg - så mektig at eg laga eit langt og begeistra innlegg i høve utfordringa Bokhyllelesing. No er eg ferdig med andre og siste del og eg har på ny hatt nokre gode lesestunder. Dette innlegget blir ein kort gjennomgang og oppsummering - og ein varm anbefaling til alle om å lesa desse "tidlause" bøkene.

Staupet kom ut fyrste gong i 1975, Skjærsild i 1977. Den utgåva eg har lånt og lest er ei samleutgåve som Aschehoug ga ut i 2000.

I boka Blåbreen (bok nummer tre) vender Bent omsider heim til Lom og Anne, for godt - trur han. Det er urolege tider på 1560-talet; tida er prega av gamle og nye skikkar, religionstrid med reformasjon og motreformasjon - og vanskar med det danske styret. Bent føler seg tiltrekt av nye humanistiske tankar og slit framleis med religiøse og moralske funderingar. Han oppdagar også ein villskap og råskap hos seg sjølv som han ikkje klarar å rå med. Samstundes har han ansvar for gard, hushaldning og barn og vert ein av dei fremste mennene i bygda - og med det; makt og posisjon. Han saknar ikkje lenger det adelskapet han gav avkall på, men Bent er heile vegen eit søkjande menneske, på mange måtar og på fleire plan.

Ein ny generasjon har vakse til når me møter att Bent og familien i Staupet. Det har gått 18 år og Bent dreg til København for å leggja ei sak mellom kyrkja og bøndene i Lom fram for kongen. Samstundes vitjar han morsætta si og på heimvegen stoppar han i Bergen der han oppsøkjer henne som har blitt hans fortrulege og elskerinne; Anne Pedersdotter, også kjent som Anne Absalons. I Skjærsild handlar det m.a. om rettssaka mot Anne Pedersdotter - som er ein verkeleg historisk person. Ho vart dømt til døden og brent på bålet i 1590. (Er du interessert i å lesa meir om henne kan du lesa denne LokalhistorieWiki-artikkelen)

På heimebane får Bent andre utfordringar, som å ta stilling til om frilledottera hans skal få gifta seg med den mykje eldre fetteren hans. Han har hatt eit heller anstrengt forhold til både kona Anne og den eldste sonen deira i lenger tid, medan han kjenner seg nær dottera Live. Dei har også luttspelinga som ei felles interesse.

Bent og Anne får tilsaman ti barn, men som vanleg i tidlegare tider; ikkje alle veks opp. Sonen Jon er sterkt religiøs, har nære kjensler for tidlegare katolske tradisjonar og ynskjer å utdanna seg til jesuittprest. Dette er noko Bent godt kan forstå, men når han tenkjer på kva hans eigen far måtte gjennomgå vert han uroleg.

Avslutningsvis i denne bokserien får ein sjå kor sårbare me menneske er; når pesten bryt ut i bygda må Bent ta avskil med fleire familiemedlemer og andre som har stått han nær. Trass i sorg og skuldkjensle trur Bent at han skal kunna finna fred når han på sine eldre dagar flytter tilbake til barndomsheimen i Smiugjelsøygarden. Difor kjenner eg som lesar óg ein slags fred når siste bok er utlest.

I etterordet informerer Henriksen om kjelder, kjeldebruk og språk, gjer greie for historiske personar som ein møter i bøkene og forklarar ord og uttrykk. Forfattaren seier at denne serien er ein roman oppdelt i fem bøker:
"Hendelsene oppleves gjennom hovedpersonen, Bent Jonsson, som til å begynne med er overflatisk og selvopptatt, men som gradvis, fra bok til bok, får dypere innsikt i sine medmennesker såvel som i seg selv. Bøkene veksler mellom utadvendte og innadvendte i Bents utvikling."
Ho forklarar dette om sjølve innhaldet i bøkene:
".. romanen har en rekke tema eller aspekter. Der er handlingsromanen, og der er det historiske og kulturhistoriske aspektet. Der er reformasjonens historie og teologi, og der er, både fra kristen og generell religiøs synsvinkel, det religionssymbolske og mystikken. Psykologisk er der det personlige, det miljøbestemte, det allmennmenneskelige og det symbolske."
Vera Henriksen var ein strålande formidlarar av kunnskap om norsk historie og skreiv bøker som festar seg hos lesaren. Forfattarskapet hennar har betydd mykje for meg i mange år. Takka vere bøkene hennar vart eg interessert i historie og betatt av historiske romanar - og i sin tur førte det til at eg også las alle middelalder-romanane til Sigrid Undset. Både Undset og Henriksen sine bøker fortener stadig nye lesarar. Eg trur dei aller fleste kan finna noko gjenkjenneleg og lesbart i bøkene deira.

30. juni 2017

Oppsummering juni og fyrste halvår

Påbyrja i mai, fullført i juni:
Øistein Borge - Det som aldri dør - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Fred Vargas - Mannen med de blå sirklene - Fransk krim - Lånt papirbok biblioteket
Eirik Jensen og Thomas Winje Øijord - Attentatet - Norsk krim - Lånt lydbok biblioteket

Lest i juni:
Ruth Ware - I en mørk mørk skog - Britisk krim - Lånt lydbok biblioteket
Jan Boris Stene - I djevelens klør - Norsk historisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Agnes Lovise Matre - Skinnet bedrar - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Alf R. Jacobsen - 1945: Hat, hevn, håp - Norsk historisk dokumentar - Lytteeksemplar
Ingrid Brekke - Angela Merkel: Et europeisk drama - Norsk biografi/dokumentar - Lånt ebok eBokBib
Jørgen Brekke - Avgrunnsblikk - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
A.J. Kazinski - Drømmetyderens død - Dansk krim - Kjøpt lydfil
Vera Henriksen - Beretningen om Bent Jonson del IV og V: Staupet og Skjærsild - Historiske romanar - Lånt papirbok privat
Monica Kristensen - Amundsens siste reise - Norsk historisk dokumentar/biografi - eBokBib

Påbyrja i juni, fullførast i juli:
Sacha Betthyany - En forbrytelse i familen - Historisk/personleg beretning - Lånt papirbok biblioteket
Khaled Hosseini - Og fjellene ga gjenlyd - Afghansk-amerikansk roman - Storytel




(Biletet over syner 12 bøker, men det korrekte talet for juni er 13. Henriksen si bok er to bøker i ei)
  •  4 papir, 4 lyd, 5 ebøker
  •  11 lånt, 1 kjøpt, 1 fått 
  •  8 krim, 2 historiske romanar, 1 biografi, 1 polarhistorisk dokumentar/biografi, 1 krigshistorisk dokumentar
  •  10 norske, 1 svensk, 1 dansk, 1 fransk
  •  7 kvinner, 6 menn
  • "Nye" forfattarar: Jensen, Øijord, Ware, Stene, Matre, I. Brekke

Stikkord for lesinga mi fyrste halvår 2017 er historie, norsk, sakprosa og krim. Elles snakkar vel desse tala (og tommel opp/ned) for seg sjølv:

Lesemål og 2017 så langt

  1. 60/110 bøker totalt 👍
  2. 2/10 mursteinar (over 600 s.) 👎
  3. 10/24 norske utgitt i 2017
  4. 0/5 1001-bøker 👎
  5. 9/12 bøker frå før 2000 👍
  6. 5/5 gjenlesingar 👍
  7. 5/10 biografiar
  8. 7/14 annan sakprosa
  9. 3/6 frå bokhylla
  10. 21/34 bokomtalar 👍

1. mai 2017

Oppsummering april

Påbyrja i mars, fullført i april:
Kurt Aust - Vredens dag - Historisk krim - Lånt papirbok privat
Anders de la Motte - MemoRandom - Svensk krim - eBokBib

Lest i april:
Arnaldur Indridason - Glemt - Islandsk krim - Lånt lydbok biblioteket
Lars Mæhle - Den stille flokken - Norsk krim - eBokBib
Arne Dahl - Utmarker - Svensk krim - Kjøpt papirbok
Hans Olav Lahlum - Et kvart liv - Biografi - Storytel lyd og ebok
Vera Henriksen - Beretningen om Bent Jonsson I - III: Trollsteinen, Pilegrimsferd, Blåbreen - 3 historiske romanar - Lånt papirbok privat
Michel Bussi - Etter styrten - Fransk krim - Lånt lydbok biblioteket
Eystein Hanssen - De ingen savner - Norsk krim - Lånt papirbok privat og lydbok Storytel

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Britt Karin Larsen - Av lys er du kommet - Norsk roman - Lånt papirbok privat
Jan Mehlum - To komma åtte sekunder - Norsk krim - Lytteeksemplar
Jason Timbuktu Diakité - En dråpe midnatt - Svensk biografi - eBokBib



Ikkje berre årets fyrste terningkast 6 - men heile to seksarar i same månad! Det har ikkje hendt før, i mi bloggtid. 9 bøker, men den eine er tre-i-ein - så det vart 11 bøker tilsaman - noko som er eit greit resultat for lesemånaden april.
  •  5 papir, 2 lyd, 2 ebøker, 1 kombinert lyd og ebok, 1 kombinert lyd og papir
  •  9 lånt, 1 abonnement, 1 kjøpt
  •  6 krim, 1 historisk krim, 3 historiske romanar, 1 biografi
  •  7 norske, 2 svenske, 1 islandsk, 1 fransk
  • "Nye" forfattarar: de la Motte, Bussi, Hanssen

20. april 2017

Bokhyllelesing: Trollsteinen og Pilegrimsferd

Så - omsider - er eg klar med eit nytt bidrag i samband med bokhyllelesing 2017. Tredje runde har tema "Les et verk som enten er skrevet eller lagt til perioden mellom 1350-1700" og fjerde runde "Les ei skandinavisk bok utgitt mellom 1945 og 1990". Dei to fyrste bøkene i Beretningen om Bent Jonsson passar fint inn her. Handlinga i bøkene er lagt til 1500-talet og dei kom ut fyrste gong i hhv 1970 og 1971.

Eg las dei fem bøkene i serien for mange år sidan - og har lenge hatt planar om å lesa dei på nytt, fordi eg tykte dei var så fantastisk fine den gongen. No er eg i gang - og eg kan "avsløra" at det atter vart gode leseopplevingar for meg. Det tok ikkje lang tid før eg vart sugd inn i handlinga - og det var spesielt interessant å finna ut kor lite/mykje ein hugsa frå forrige gong. For ordens skuld: Eg har ikkje bøkene i mi eiga bokhylle, men har lånt samleutgåva (dei tre fyrste bøkene) av ein nær familiemedlem.

Handlinga i pentalogien er frå Bøverdalen og er lagt til tida etter reformasjonen. Noreg låg under dansk herredøme og krone den gongen og det var urolege tider. Mange av personane i bøkene er historiske, men sjølve hovudpersonen, Bent Jonsson Smiugjelsøygarden, er fiktiv. Titlane på bøkene er Trollsteinen, Pilgrimsferd, Blåbreen, Staupet og Skjærsild. Som i Sigrid-trilogien er det ein del "indre dramatikk" i desse bøkene; religiøse grubleriar og filosofiske tankerekker - som innimellom kjedar meg litt. For meg er det meir interessant å lesa om den ytre dramatikken; om historiske hendingar og om korleis menneska tilpassa seg dei skiftande tidene, både praktisk, politisk, kulturelt, medmenneskeleg og mellommenneskeleg. 1500-talet var ei tid med sterke sosiale, religiøse og kulturelle motsetningar.

Det som vert fortalt om i Trollsteinen og Pilegrimsferd skjedde i ei fjern fortid, men likevel opplever eg at ein kjem nær både folk og miljø når ein les. Vera Henriksen fortel om kvardagsliv og høgtider, giftarmål og gravferder, skikk og bruk og tradisjonar - på ein levande måte. Ho skildrar moral og umoral og gjer greie for endring av lover og normer. Måten folk oppfører seg på og måten dei forheld seg til kvarandre på er ikkje så mykje annleis i dag. Menneska på 1500-talet hadde lengslar, forventningar og kjensler som notidsmenneske kan kjenna seg att i.

Visdalen er ein sidedal til Bøverdalen. Denne dalen midt i Jotunheimen har eit rikt kulturlandsskap og ein kan her finna mange spor etter menneskeleg aktivitet frå svundne tider; det gjeld t.d. ferdsel, jakt, seterdrift og utvinning av jern og kleberstein. Her finn ein også Smiugjelsøygarden, farsgarden til Bent Jonsson.

Trollsteinen
Me møter Bent Jonsson for fyrste gong sommaren 1562 når han er på veg heim til Lom etter eit lengre studieopphald i Danmark. På morssida slektar Jon på dansk adel og på farssida er han av bondeætt frå Bøverdalen. Han har studert teologi ved universitetet i København, men har ikkje blitt prestevigsla - han har ambisjonar om å bli universitetslærar. Me får ikkje greie på så mykje av barndoms- og ungdomstida til Bent i denne fyrste boka, men det synest klart at overgangen frå eit overklasseliv i Danmark til det enkle livet i dalen er stor. Føremålet med heimturen er å overbringa mora arven hennar i og med at morfaren nyss har gått bort, samt å vitja slektningane sine. Opphaldet skal komma til å bli utfordrande og vanskeleg - på fleire plan - og varar lenger enn planlagt.

Bent Johnson er eit symbol for den brytningstida det vert fortalt om. Han opplever at folk har vanskeleg for å tilpassa seg den nye lutherske læra. Sjølv er han også ein tvilar, for han ser at det er uheldige sider ved at folk vert tvinga til å slutta med det religiøse livet dei var vant til. Han slit også med dei motstridande forventningane som slektningane hans på begge sider har til han.

Dramatiske hendingar i familien fører til at Bent blir verande i dalen over vinteren. Naturen lagar også dramatikk: Kyrkja på Galde vert tatt av flaumen og garden Glømsdal vert råka av steinras. Som alltid vert menneska små når naturkreftene set inn. Bent møter skepsis i bygda, men fleire og fleire set pris på å ha ein slik velutdanna, velhalden og veltalande person mellom seg.

Henriksen skildrar det vanskelege forholdet Bent har til mora Magdalene, saknet etter faren som døydde då Bent var unggut, den varme velkomsten han får av farbroren Tore og motstanden han opplever at Sylfest; ein annan farbror, syner. Han får eit sjokkerande gjensyn med Live, tvillingsystera - som har "mista vettet" - eller er det mørke makter som herjar med henne? Med gamlepresten herr Gudbrand, som i skjul held seg til den katolske trua, har han ein god samtalepartner, medan han har problem med å forhalda seg til den nye "rettruande" presten. Han etablerer eit godt venskap med Lasse Glømsdal, og møter kjærleiken i Lasse si syster, Anne. Anne Glømsdal vert framstilt som stolt og sterk og på mange måtar ein likeverdig partner til Bent - men tradisjonelt og etter lova hadde kvinnene på denne tida begrensa med rettigheiter.

Bent er oppriktig glad i Anne og kan tenkja seg å gifta seg med henne, men den store store kjærleiken er det vel ikkje. Å gifta seg av kjærleik var det dessutan få som gjorde; ekteskap var som regel ei praktisk, politisk og familiær sak. Så Bent slit - med sine eigne og familien sine forventningar om ei heilt anna framtid. Skal han ta over ein liten gard som har vore vanstyrt i fleire år - eller skal han reisa attende til Danmark og ta imot det adelsbrevet som han truleg kan få? Han tenkjer mykje på kva som er rett og galt; om synd, bot, skam, skuld og tilgjeving. Men Bent får eit stadig nærare og inderlegare forhold til Anne - og det går slik som det gjerne går; Anne blir gravid. Bent og Lasse inngår dermed ein avtale der Bent forpliktar seg til å gifta seg med Anne etter at han har avklart si eiga stilling og framtid med dei danske slektningane sine. Bent gir seg sjølv ein frist på tre år - og boka vert avslutta med at han reiser attende til Danmark.

Det var mykje eg hugsa att frå boka etter meir enn 30 år - overraskande mykje faktisk. Det som eg hugsa best og som gjorde mest inntrykk på meg då eg las boka fyrste gong var skildringa av det nesten-incestuøse forholdet mellom Bent og Live. Og det slår meg no også; at Vera Henriksen var ein modig forfattar som kunne skriva om slike vanskelege og tabubelagte tema. Det eg hadde gløymt var kva lagnad Live fekk til slutt - og eg tenkjer no at det måtte vel berre enda slik som det gjorde..


Pilegrimsferd
Handlinga i denne boka tek til omlag der Trollsteinen sluttar; med at Bent kjem tilbake til Danmark og "det andre livet" sitt. Hjå morfamilien får Bent omsorg, men også ansvar og plikter - og god tid til å områ seg. Det er eit priviligert liv, men det er slett ikkje utan bekymringar. Bent sine lukkelege stunder vert ofte avløyst av tungsinn og grubling. Medan det knapt vert nemnt at far til Bent var teologiutdanna i den fyrste boka, vert det her greia vel ut om dette. Gjennom gamle brev som faren skreiv til morbroren Bent Bille får Bent Jonsson vita korleis og kvifor faren tvilte og sleit i forhold til tru og teologi. Faren sine tankar, haldningar og handlingar skal komma til å prega Bent i lang tid - og fører m.a. til at han reiser og oppheld seg i Paris for ei tid.

Lesaren får eit meir nyansert bilete av hovudpersonen i bok nummer to. Bent er utruleg søkjande og undrande - og ofte fylt av indre motsetningar og uro. Når han trur at han har fått svar på det som opptek han - då dukkar det opp andre spørsmål og utfordringar. Perspektivet er også vidare; ut mot Europa og dei straumane som finst der. Det ulmar - bokstaveleg talt - i fleire land i samband med religionskrigar, forfølging og straff, reformasjon og motreformasjon. På den andre sida er humanistiske tankar og ynskje om fridom for enkeltmenneske idear som er i ferd med å spre seg.

Etter ei langvarig og mangfaldig reise - på mange plan - gjer Bent som far hans gjorde før han; han vender tilbake til Lom - til Smiugjelsøygarden og til Anne og barnet deira. Det skjer ikkje utan ein djup indre kamp.

Pilegrimsferd er på mange måtar tyngre å lesa enn den fyrste boka, men ho er vel så interessant. Ein kan i denne boka tydeleg leggja merke til korleis Vera Henriksen har arbeidd med språket. Det er ei anna språkføring og det vert nytta andre formuleringar når det handlar om det danske overklasse- og akadermikarmiljøet; meir snirklete og "fordanska". Når handlinga går føre seg i fjellbygdene i Noreg er det meir kvardagsleg, konkret og direkte - noko som også er heilt naturleg.

Med tanke på at eg hugsa att mykje av handlinga i Trollsteinen, er det underleg å merka at eg hadde fullstendig gløymt kva Pilegrimsferd handla om. Det er berre nokre få hendingar eg hugsar frå då eg las boka fyrste gong. Eg skjønnar ikkje heilt kvifor det er slik. Kanskje det skuldast at eg den gongen var for ung til å forstå dei mange påkjenningane Bent gjekk gjennom? Det skal uansett bli interessant å finna ut kva som er gjenkjennbart i dei neste tre bøkene. Eg kjem til å ta fatt på Blåbreen umiddelbart etter at eg har skrive ferdig dette blogginnlegget, men deretter trur eg kanskje at eg treng ein pause frå middelalderliv og middelaldertankar før eg tek til på dei to siste bøkene; Staupet og Skjærsild.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Har du ikkje lest noko av Vera Henriksen? Vel - då har du mange svært gode leseopplevingar til gode! Grunnen til at eg har skrive eit såpass utfyllande handlingssamandrag er å få fleire til å lesa bøkene hennar. Eg håpar at enkelte kan bli frista til å ta fatt på historia om Bent Jonsson.
Her får du lenker til bibliografi (Wikipedia) og dei digitaliserte bøkene hennar (Nasjonalbiblioteket)

1. august 2016

Oppsummering juli

Påbyrja i juni, fullført i juli:
C.J. Sansom - Mørk ild - Britisk historisk krim - Lånt papirbok privat
Belinda Bauer - Mørke dager - Britisk krim - Lydbok Storytel

Lest i juli:
Vera Henriksen - Sølvhammeren - Norsk historisk roman - Kjøpt lydfil
Vera Henriksen - Jærtegn - Norsk historisk roman - Kjøpt lydfil
Cecilie Skog - Antarktis - Bio/dokumentar - Lånt papirbok biblioteket
Jon Michelet - Skytteren (En sjøens helt 2) - Norsk roman - eBokBib - avbraut
Hilary Mantel - Falkejakt - Britisk historisk roman - Lånt papirbok biblioteket
Vera Henriksen - Helgenkongen - Norsk historisk roman - Kjøpt lydfil
Håkan Nesser - Marr - Svensk roman - Lydbok Storytel

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Alice Munro - Alice Munros beste: Noveller i utvalg - eBokBib
Tom Egeland - Djevelmasken - Norsk krim - Lånt papirbok privat



Oppsummert:
  • 0(!) ebøker, 5 lyd, 3 papir
  • 3 lånt, 3 kjøpt, 2 abonnement
  • 1(!) krim, 1 historisk krim, 4 historiske romanar, 1 annan roman, 1 biografisk dokumentar
  • 4 norske, 3 britiske, 1 svensk
  • 2 menn, 6 kvinner 
  • "Ny" forfattar: Skog
Det vart fleire historiske romanar i juli - og slike bøker gir meg ofte gode leseopplevingar. Eg har hygga meg med gjenlesing av Sigrid-trilogien (Vera Henriksen) og storkosa meg med dramatikk og politikk frå 1500-talet (C.J. Sansom og Hilary Mantel). Innimellom har eg så lest nokre Alice Munro-noveller, noko biografisk-polardokumentarisk (Cecilie Skog), noko mørk krim (Belinda Bauer) og noko krigsseglarhistorie (Jon Michelet). Den sistnemnde avbraut eg lesinga av etter eit par kapittel; boka passa meg ikkje akkurat no, og lånetida i eBokBib vart plutseleg ute. I tillegg har eg høyrt Håkan Nesser som opplesar av sin eigen kortroman Marr samt starta på den nyaste Bjørn Beltø-boka.
Konklusjon: Ein finfin lesemånad! - trass i at eg ikkje fekk tid til å lesa alle bøkene eg hadde planar om. Eg har visst vore altfor sosial i ferien ;-)
(Legg merke til at eg ikkje har lest ein einaste "svenskekrim" i juli. Det må gjerast noko med.)

29. juli 2016

Sigridtrilogien: Sølvhammeren, Jærtegn og Helgenkongen

Sølvhammeren var debutromanen til Vera Henriksen. Boka kom ut i 1961 og vart følgd opp av Jærtegn og Helgenkongen dei to påfølgjande åra. Eg var berre 17-18 år gammal då eg las Sigrid-trilogien fyrste gong. Då vart eg fullstendig betatt og medriven av forteljinga om Sigrid Toresdatter frå Bjarkøy, livet hennar og samfunnet rundt henne. 

Vera Henriksen er den forfattaren som har inspirert meg mest til å lesa historiske romanar. Det er t.d. Henriksen si "skuld" at eg for fleire år sidan las Sigrid Undset sine middelalderromanar om Olav Audunssøn og om (den meir kjende) Kristin Lavransdatter. For Sigrid-bøkene har mykje til felles med bøkene om Kristin. Det gjeld spesielt dei religiøse og moralske grubleriane til Sigrid og Kristin, men også evna dei to forfattarane har til å skildra daglegliv og samfunnsliv samstundes som det vert fortalt om det vakraste av alt: kjærleiken. Men i motsetnad til Henriksen sine bøker har Undset sine aldri frista meg til gjenlesing. 

Sigrid-trilogien fenga meg denne gongen også. Det er såpass lenge sidan sist gong eg las desse bøkene - og eg har lest uendeleg mange bøker i mellomtida - men på nytt vart eg gripen og er stadig imponert over korleis Vera Henriksen får formidla denne forteljinga frå ei fjern fortid. Forfattaren flettar inn sagalitteratur, segner og norrøn mytologi og gir eit innblikk i vikingtidas lov og rett. Bøkene fortener mykje ros; dei er "tidlause" fordi det handlar mykje om mellommenneskelege relasjonar. Ein får levande og gode skildringar og interessante tidsbilete når det gjeld hus og heim, moral og kultur, daglegliv og høgtider, seder og skikkar. Kvinnesyn, kjønnsroller, seksualmoral og -umoral er andre stikkord.

Trilogien fortel om ein avgjerande og spesiell epoke i norsk historie. Karakterane i bøkene er stort sett verkelege historiske personar, og Vera Henriksen har dikta vidare på dei slik at dei har fått liv og sjel, på ein måte. Ein veit egentleg svært lite om den historiske Sigrid Toresdatter; ho vert berre nemnd eit par gonger i Heimskringla. Forfattaren har altså gitt hovudrolla til ein lite kjent person (Sigrid) rundt ein svært kjent person (Heilag Olav) for på den måten å få fram ein ny og annleis synsvinkel på hendingane som fann stad.

For meg er desse bøkene gode leseopplevingar. Det som trekker ned i mi vurdering er den religiøse grublinga som det er litt mykje av i bok to og tre. Den "indre dramatikken" og alle dei filosofisk-etisk-religiøse tankerekkene kjedar meg. Eg likar betre å lesa om den ytre dramatikken som gjekk føre seg i denne brytningstida.

Lydbokversjonen av bøkene kan også anbefalast; Janne Kokkin les litt sakte, men tydeleg og med innleving. Eg lytta til alle tre bøkene rett etter kvarandre no i sommarferien, men kan hende er det lurast å ta ein pause mellom kvar enkelt bok for meir å "fordøya" innhaldet.
Eg har kjøpt lydfilene av Lydbokforlaget - då blir dei lagt rett i Lydbok-appen på telefonen. Praktisk!





Handlinga i bøkene er lagt til Inn-Trøndelag ca. år 1010 - 1050. Når ein i dag køyrer gjennom dette området legg ein merke til det vide utsynet, dei store gardane og dei mange skilta som gjeld "severdigheter". Her er det nemleg rikeleg med fornminner; helleristingsfelt, gravhaugar, bygdeborger, rydningsrøyser, bautasteinar og arkeologiske funn - for her har det budd folk sidan steinalderen. Her var Frostatinget, landets eldste lagting. Her finn me Stiklestad og andre historiske stadnamn, samt kyrkjer, andre bygningar og kulturlandskap som vitnar om at dette var eit maktsentrum, politisk og kulturelt.
Garden Egge var eit sentralt høvdingsete i gammal tid og dei som budde der spelte ei viss rolle då kong Olav Haraldsson regjerte i landet. Her budde Sigrid Toresdatter, Olve Grjotgardson og Kalv Arneson - og me skal altså tusen år tilbake i tid.
(Obs! Det førekjem ein del spoilers i handlingsreferata nedanfor)

Sølvhammeren

Når me møter Sigrid Toresdatter fyrste gong er ho ei vilter og vakker ungjente. Ho har mista begge foreldra sine som lita og er mykje yngre enn dei to brødrene sine, Tore og Sigurd. Som 15-åring vert Sigrid lova bort til Olve Grjotgardsson frå Egge. Sigrid er noko uvillig, ho har ikkje lyst til å fara så langt avstad og bli bortgifta til ein "gammal bonde" - men det blir som broren Tore har bestemt. Sigrid opplever det fyrste møtet med Olve som vanskeleg og pinleg, men dei to vert gifte - i ein seremoni som inneheld bloting og ofring til dei gamle gudane.

Sigrid reiser med ektemannen til Egge. Dei to har gjensidig respekt for kvarandre, snakkar godt saman og forholdet deira utviklar seg til det ein kan kalla ekte kjærleik - trass i aldersskilnaden. Henriksen framstiller Sigrid og Olve som reflekterte og kloke, men dei har også mindre sympatiske egenskapar. Dette er nemleg heilstøypte karakterar som vert svært levande og truverdige for lesaren. Forholdet mellom Sigrid og svigermora Tora er problematisk i byrjinga. Det er ikkje berre-berre å overlata ansvaret og nøklane til ei så ung husfrue på ein så stor gard, men etter kvart får Sigrid eit visst overtak på Tora.

Fleire bipersonar vert presenterte i denne fyrste boka; menneske som skal komma til å bety mykje i Sigrid si framtid. Dei viktigaste er presten Anund og skalden Sigvat.

Olve er, i tillegg til å vera husbonde og eigar av fleire gardar i Trondheimen, hovgode på Mære, representant i Frostatinget og er ofte ute på tokt. Når han er borte frå Egge kjenner Sigrid seg åleine, ho lengtar heim til Bjarkøy og folka sine der. Ho søkjer trøyst i arbeidet som må gjerast på garden og i veven og vevkunsten sin. Medan ho går gravid med det fyrste barnet får ho vita at Olve har ei frille på ein av dei andre gardane sine - og dette har ho vanskeleg for å akseptera. Sigrid vert så desperat at ho prøver å ta livet sitt ved å gå på fjorden, men vert berga. Kort tid etter føder ho sonen Grjotgard - og etter dette vert mykje endra i tilhøvet til Olve, Tora og fleire folk i bygda. Sigrid veks med oppgåvene og blir handsama med respekt og vørdnad.

Sigrid set si lit til Odin, Tor og Frøy og trur på vetter, diser og ånder - og på skjebnen. For henne er kristendommen framand og fjern, men på nabogarden Steinkjer finst både prest og kyrkje sidan folka der har teke til seg den nye trua. For Olve er kristendommen og bibelens bodskap kjent, sidan han i unge år har vore utanlands og tilegna seg kunnskap om så mangt. Han trur på ein allmektig guddom, men meiner at han då like godt kan halda seg til åsatrua og dei gamle skikkane. Den nye religionen kjem i konflikt med det som er viktigast for både Olve og Sigrid; ætta si ære, hevn og gjengjelding. "Å snu det andre kinnet til" var utenkjeleg for dei fleste som var oppfostra i den gamle trua.

Kampen om makta i samfunnet, striden mellom høvdingmakt og kongemakt og mellom den gamle og den nye trua er sjølve essensen av handlinga i Sølvhammeren. Sigrid Toresdatter befinn seg midt i desse store samfunnsendringane sidan broren Tore Hund og ektemannen Olve har sentrale roller i maktkampen. Boka vert avslutta med slaget på Nesjar i 1016, då Olav Haraldsson vann over fleire av dei mektige jarlane. Med denne sigeren tok Olav Haraldsson eit viktig steg mot den norske trona og innføringa av kristendommen.

Jærtegn

I oppfølgjaren Jærtegn er stemninga dyster frå fyrste stund. Det er uår i landet og utbrot av ein pestsjukdom. Sigrid og Olve mistar to små barn i pesten. Dette skjer trass i at dei har prøvd alt og påkalla alle makter; dei har bedt til helgenar og ofra til dei gamle gudane. Sigrid er knust og veit ikkje kva eller kven ho skal tru på.

Olav Haraldsson har teke kongsnamn og regjerer med hard hand. Kongsmennene fer rundt overalt i landet og "kristnar" folk på valdeleg og blodig vis. Det tradisjonelle gildet på Mære får ein tragisk utgang; Olve vert stukken ned av ein av kongsmennene, på direkte ordre frå kong Olav sjølv. Sigrid sitt fyrste møte med kongen skjer medan ho knelar framfor ein døyande Olve. Dette vert som ein kan skjønna eit nytt hardt slag for Sigrid. Men det skal bli enno verre: Sigrid sitt hat mot kong Olav og det han står for skal bli ytterlegare forsterka. For henne er det naturleg å tenkja på hevn, ho er bitter og eggar mennene rundt seg. Samstundes snakkar ho ofte og gjerne med Amund prest om tru og tvil.

Kongen bestemmer at Sigrid skal giftast bort til ein av dei fremste mennene sine; Kalv Arneson frå Giske. Sigrid tenkjer praktisk og aksepterer tilbodet - og ho har egentleg ikkje noko val. Kalv vert kongen sin lendmann og Sigrid sin nye husbond. Her snakkar me om eit fornuftsekteskap og ikkje om kjærleik, men dei to har det egentleg bra saman.

Sentralt i Jærtegn er hendingane som førte fram til slaget på Stiklestad. Me får vita kvifor Kalv snur og blir kongen (og sine eigne brødre) sin motstandar. Bondehæren leia av Kalv "vinn" som kjent slaget - men konsekvensane vert annleis. Nesten umiddelbart etter at Tore Hund drep kongen på valplassen snur stemninga i bondehæren. Folk tolkar "alt" som teikn frå Gud og enkelte meiner at mystiske ting skjer med liket til kongen. Grunnlaget for utallige legender og myter vert skapt.
Hatet mot kong Olav har vore glødande hjå Sigrid i lang tid og har halde ho oppreist i den nye kvardagen. Når ho får høyra om utfallet av slaget blir ho ikkje så glad som forventa - i staden føler ho seg underleg tom.

Helgenkongen

Det nærmar seg slutten på Vikingtida. Slaget på Stiklestad (for 986 år sidan i dag) vart eit symbolsk vendepunkt for innføringa av kristendommen og kongedømme her i landet. Gradvis vert det meir kyrkjer og fleire prestar. Berre eitt år etter at Olav Haraldsson fall vert kan kanonisert, dvs. kåra som heilag.
Sigrid klarar fint å tilpassa seg nye kristne skikkar, men ho klarar ikkje heilt å tru på kristendommen - og har ingen tru på at det var noko heilag med kong Olav. Det nye danestyret fører generelt til fornya misnøye og uro. Verken Kalv Arneson eller Einar Tambarskjelve - to av landets mektigaste menn - er nøgd med Svein Alfivason.

Også Sigrid slit i denne tida; med skuldkjensle, med trua, med sorg og tunge tankar - og med ektemannen. Broren Tore som ho alltid har vore så knytta til, har reist på pilegrimsferd etter Stiklestadslaget - og i eit "syn" forstår Sigrid at han har døydd. Slik forfattaren skildrar det, lir nok både Sigrid og Kalv av det som i dag kallast depresjonar. Men dei er begge sterke og strie og gradvis kjem dei seg vekk frå tungsinnet og søkjer tilbake til kvarandre.

Etter kvart kjem Kalv i konflikt med den mektige og maktglade Einar Tambarskjelve, så familien og storparten av huslyden flyktar difor frå Egge og buset seg på Orknøyane i mange år. Heile livet har Sigrid vore eit søkjande menneske som ikkje klarar å slå seg til ro med enkle forklaringar. Av natur er ho hevnlysten og aggressiv, men under opphaldet på Orknøyane, langt frå kjende trakter, finn ho likevel ei slags fred med seg sjølv og med Vårherre.

I heimlandet er det framleis uroleg, kongsmakta er ein periode delt mellom Magnus Olavsson ("den gode" - son til Olav Haraldsson) og Harald Sigurdsson ("Hardråde" - halvbror av Olav Haraldsson). Etter at Harald vert einekonge, aksepterer Kalv eit tilbod om at huslyden får venda tilbake til Egge mot at Kalv blir kongen sin mann. Det får tragiske konsekvensar då Kalv fell for kongen sitt svik. Sigrid vert enke for andre gong - og på nytt vert ho sorgfull og bitter. Men omsider får også Sigrid nok av hevnlyst og maktbegjær. Avslutninga av boka og trilogien er vakker og uendeleg vemodig.


Sluttord:

Eg tykkjer det har vore kjekt å følgja Sigrid Toresdatter gjennom heile livet - enno ein gong. Eg har liksom levd meg inn i verda hennar, på godt og vondt. Ein skal ha i bakhovudet medan ein les at tankesettet og samfunnsstrukturen naturlegvis var heilt annleis den gongen enn i dag. For eit notidsmenneske er det ikkje så lett å skjønna alt det Sigrid gjer, tenkjer på og står for.

Vera Henriksen var ein ypperleg forteljar, men det er klårare for meg no enn tidlegare at trilogien ber preg av å vera ein debut. Likevel; desse bøkene har betydd så mykje for meg i mange år - så ein toppkarakter er på sin plass. Eg likar Sølvhammeren best av dei tre.

Vera Henriksen skreiv fleire andre vikingtid-romanar som eg kan anbefala:
Dei enkeltståande romanane Dronningsagaen, Kongespeil og Runekorset samt enno ein trilogi; Bodvars saga (Odins ravner, Spydet og Ravn og due). Dei populærvitenskaplege bøkene Sagaens kvinner og Skjebneveven må òg nemnast. Her får ein møta mange fascinerande kvinneskikkelsar frå saga og mytologi. I tillegg gjer Henriksen her meir greie for kvinnesynet i vikingtida.

To andre bokbloggarar har "samlest" Sigrid-trilogien i sommar. Ta ein kikk innom bloggane til Hedda og Birthe; Boktanker og Melucinesplace, for å lesa enno meir og få andre meiningar og vinklingar!

5. juni 2013

Planar for sommaren

Dette er eit blogghopp-innlegg om Sommarlektyre som Anitas blogg har teke initiativ til.
Sjå lenkefunksjonen nederst i denne bloggposten. Bli med du og då vel!

Plutseleg er me inne i den lysaste og trivelegaste tida i året. Kvar vart det av våren? Som dei fleste andre er eg reint svimmel av at tida går så fort. For korleis skal ein få tid til å lesa alt det ein ønskjer å lesa? Kva skal lesast sommaren 2013? Den tre veker lange sommarferien skal brukast til så mangt, ein kan ikkje sitja på terrassen og lesa heile tida heller...


Eg les sjelden/aldri verkeleg tung litteratur; det er ikkje meg. Verda er full av andre bøker eg heller vil lesa. Om sommaren vert det gjerne enno lettare lesestoff enn elles i året. Eg har ikkje noko fastlagd leseliste for sommaren, for litt av hyggen med å lesa er nettopp å ta ting på sparket.

Ein må dessutan prøva å variera litt; etter at ein har lese ein fartsfylt actionkrim, må ein kanskje roa ned med noko som må lesast sakte. Når eg les både lydbok og papirbok, må eg også passa på den rette miksen. Det går fint å lesa to bøker samstundes dersom dei er ulike nok. Er dei for like i stil og innhald, vert det rot i hovudet mitt og eg byrjar å blanda saman handlingar og personar. Sommarleseplanen for meg er ein kombinasjon av spontanitet og planlegging.


Desse bøkene skal heilt sikkert lesast i løpet av sommaren:


Jo Nesbø
- Politi
Som så mange andre, er eg stor fan av Harry Hole-serien. Bøkene vert lest umiddelbart etter at dei kjem ut. Boka skal lånast av mi snille mor som bur i nærleiken og som er trufast Bokklubb-medlem. Og sjølv om eg gler meg som ein liten unge til Politi: Den aggressive marknadsføringa og dei ørtogførti epostane med tilbod om å førehandstinga boka  i r r i t e r a r  meg!!

Dan Brown - Inferno
Ein annan opphausa bestseljar som eg skal låna av mor. Boka har fått altfor mykje merksemd etter mi meining, men eg må innrømma at eg er litt svak for både Dan Brown og Robert Langdon.

Gillian Flynn - Åpne sår
Debutboka til Flynn står i bokhylla og ventar. Likte veldig godt Mørke rom, medan Flink pike var litt nedtur.

Lars Mæhle - Den mørke porten
Nynorsk krim! Berre det er eit godt argument til å lesa denne boka. Meldareksemplar fått frå Samlaget. Bør lesast snart.

Tom Kristensen - Korsbæreren
Lydbok lest av innlesarfavoritten min, Ivar Nergaard. Heldige meg har motteke gratis lydfil frå Lydbokforlaget. Har ikkje lese noko av Kristensen før, byrjar like godt med den siste. Forventar ei fartsfylt og spennande leseoppleving.

A. J. Kazinski - Den siste gode mann
Enno ei lydbok motteke frå Lydbokforlaget, ein kritikarrost dansk krimroman. Spent på denne, sidan eg ikkje har lest noko av forfattaren før. Likar vanlegvis godt dansk krim.

Arne Dahl - Dødsmesse
Eg kosar meg med serien om A-gruppen, og har det siste halvåret lese dei fyrste fem bøkene i serien. Bok nummer 6, En midtsommernattsdrøm, las eg i 2010, så eg må nett skumma gjennom den for å få med meg utviklingstrekka og samanhengen i serien. Dødsmesse er sjuande bok (av 10)  i serien.

Så over på noko som ikkje er krim:


Cecilia Samartin - Drømmehjerte
Lånte denne av mor mi i fjor sommar, men er enno ikkje lest. Samartin har ein noko svulstig og klisjèfylt språkbruk, men historiane hennar er gode. Så denne skulle passa bra som sommarlektyre.

Jan Guillou - Brobyggerne
Kjøpte denne for mange månader sidan, bør lesast snart. Likar godt Guillou sine bøker, både Arn-serien og Carl Hamilton-serien. Dette er bok nummer ein i ein ganske ny serie.

Johan Harstad - Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet
Nok ei bok som har stått ulest i hylla lenge.

Gert Nygårdshaug - Mengele Zoo
Har vore på leseplanen lenge, har lånt lydbokversjonen på biblioteket. Opplesar Helge Winther-Larsen.

Kanskje vert det tid til noko repriselesing i ferien?


Eg har lenge hatt lyst til å lesa Vera Henriksen sin mellomalderserie og Sigrid-trilogien på nytt. Desse bøkene gjorde eit djupt inntrykk på meg då eg las dei fyrste gong, for over 30 år sidan.

Sølvhammeren, Jærtegn og Helgenkongen - Sigrid-trilogien - har handling frå Steinkjærtraktene på 1000-talet; ei tid prega m.a. av gammal norrøn gudetru og brutal tvangskristning. Eg hugsar bøkene som lærerike, levande og med glimrande skildringar av menneske og den tida dei levde i.

Mellomalderserien; Trollsteinen, Pilgrimsferd, Blåbreen, Staupet og Skjærsild, handlar om ein annan historisk epoke med store omveltningar. Hovudperson er Bent Jonsson frå Smiugjelsøygarden i Lom, og handlingane er lagde til tida etter reformasjonen.

Eg trur det hadde vore interessant å lesa alle desse bøkene på nytt no, i meir vaksen alder. Vera Henriksen er ein svært kunnskapsrik forfattar, og utruleg dyktig på å formidla denne kunnskapen. Bøkene hennar gjer lesaren klokare, både når det gjeld norsk historie og når det gjeld menneskesinnet.

Då står det att å ønskja alle ein retteleg fin lesesommar!