30. august 2018

Bokhyllelesing: Vinter over verden av Ken Follett

Cappelen Damm 2013
903 sider
Lånt papirbok privat

Her kjem ein kort og litt forsinka omtale av boka eg las i samband med juni/juli-runden av Bokhyllelesing. Tema for runden var tjukk bok - og denne mursteinen høver såleis godt, sjølv om eg ikkje har henta boka frå mi eiga bokhylle.

Andre del av Ken Follett sin århundre-trilogi er lagt til perioden 1933 til 1948. Andre verdenskrig er naturlegvis sentralt i handlinga, men det er inga krigsbok. Hovudpersonane er stort sett borna til karakterane i den fyrste boka (som eg las i samband med bokhyllelesinga i fjor sommar); Kjempenes fall. Dei fleste av dei "gamle" personane er med i handlinga, men har ei meir tilbaketrekt rolle denne gongen. Andre bikarakterar er verkelege historiske personar; me får glimt av både Hitler, Stalin, Churchill og Roosevelt. På slutten av Vinter over verden har mange frå andregenerasjonen fått born igjen, så i tredje og avsluttande bok På grensen til evigheten handlar det om tredje generasjon.

Dramatikken i boka finst på fleire plan; personleg, kulturelt, ideologisk og storpolitisk. Ved å fortelja om store verdenshendingar gjennom augene til enkeltpersonar i ulike familiar, ulike miljø og ulike land, får lesaren både underhaldning og historieundervisning.
Dei gjennomgripande og omveltande hendingane kjem veldig nær: Follett har "plassert" karakterane sine der det skjedde; nokon ser på Riksdagsbrannen i Berlin og andre deltek i den spanske borgerkrigen. Nokon opplever Blitzen i London og andre flyangrepet på Pearl Harbour. Nokon kjempar for livet i ruinar og andre deltek i prøvesprenging av atombomber. Nokon jobbar nær makta og andre jobbar i det skjulte i motstandsrørsler og med etterretning. Sjølv om ein "veit korleis det går" er det veldig spennande - for ein har jo inga aning om kva som hender med "våre" personar.

Krigen fører til store endringar for både nasjonar og enkeltmenneske - og etter freden i 1945 startar ein ny konflikt; Den kalde krigen. Her anar me at det kjem meir dramatikk i neste bok.

Vinter over verden har eit svært stort persongalleri og oversikta over familiane og personane fremst i boka er til god hjelp. Boka er elles handlingsrik, perspektivrik og ordrik. Som i Kjempenes fall finst det ein del flate personskildringar og enkelte småpinlege erotiske skildringar. Av og til vert Ken Follett liksom så overtydeleg.

Samla sett hadde eg ei god leseoppleving med Vinter over verden. No ser eg fram til å lesa den avsluttande boka i trilogien.

21. august 2018

Kort om: Mørkets testament av John Hart

Font 2018
523 sider

Lånt papirbok biblioteket

Eg har lest og likt alle bøkene til John Hart. Difor skulle ein tru at eg gleda meg til denne nyaste boka óg - men det gjorde eg faktisk ikkje. Tvert imot; på førehand var eg skikkeleg skeptisk. Eg las nemleg ein plass at forfattaren brukar overnaturlege element som ein del av handlinga i Mørkets testament. Slike ting har eg ikkje heilt sans for - og dessutan trudde eg ikkje at det kunne passa inn i ein oppfølgjar av Det siste barnet og miljøet som vert skildra i den.

Det skulle visa seg at skepsisen min ikkje var uberettiga. Fyrste del av boka er OK+, men andre del er heilt forferdeleg. Sjølv om eg altså var førebudd på enkelte uforklarlege/unormale/overnaturlege vinklingar, vart eg skuffa. Dette vart for mykje for meg. Det vart heller verken skummelt eller nifst - berre dumt. John Hart skal ha for at han prøver seg på noko heilt anna - men eg håpar inderleg at han kjem med noko meir jordnært i neste bok.

Når det er sagt: Mørkets testament er ei velskriven bok. Stemninga er gjennomgåande mørk og intens - og det er slett ikkje uspennande. Naturskildringane er ganske fantastiske; det er som ein kjenner med alle sansar korleis tilværet i villmarka/sumpen er. Men når Hart etter kvart kjem dragande med spøkelsar og synske, levande døde og døde levande, monster som forsvinn og landskap som flyttar på seg - vel, då steilar eg. Det heng ikkje på greip og eg blir aldri engasjert. Eller som anmeldar Ingvar Ambjørnsen i Dagbladet seier: "John Hart går seg vill i sin egen litterære hengemyr."

Me møter dei to gutane me vart kjend med i Det siste barnet; Johnny og Jack. Det har gått ti år sidan dei dramatiske hendingane som fann stad og dei har gått kvar sin veg i livet. Jack har utdanna seg innan jus og Johnny har blitt einebuar i villmarka, men dei er fortsatt nære vener. Når Johnny får bruk for ein advokat stiller sjølvsagt Jack opp for venen sin. Johnny er trygg og fri når han oppheld seg i sumpen og "nokon" held ei beskyttande hand over han. Men når "uvedkommande" nærmar seg området vert dei ofte råka av ei uforklarleg angst. Med god grunn, skal det visa seg. For dette "noko" er ondt, grusomt, skremmande og dukkar opp uforvarande og overalt.

Har du sans for onde spøkelsar og gamle segner og eventyr er det slett ikkje umuleg at du kjem til å lika Mørkets testament. Dersom du ikkje bryr deg om slikt så bør du finna noko anna å lesa.

For meg vart det altså ei skuffande leseoppleving. Konklusjonen er eit svakt terningkast 3.

Andre (og meir positive) bloggmeiningar:
Tine sin blogg
Artemisias verden

17. august 2018

Biolesesirkel: David Vogt om Carsten Borchgrevink

Underteikna fekk den store æra av å bestemma tema for augustrunden av Moshonistas biolesesirkel. Sidan eg har ei sær(leg) interesse for tidlegare tiders polferder og polfararar - og i tillegg har lest fleire interessante polfararbio'ar i samband med biosirkelen - brukte eg ikkje lang tid på å velja tema. For å utvida kategorien og muligens då gjera det lettare for andre biolesedeltakarar vart kategorien utvida til også å gjelda andre villmarksfararar. Eller som Ingalill kallar det; Polfar-ing og Villmark-ing. 

"Min mann" i denne runden er polarforskar og polarpioner Carsten Egeberg Borchgrevink (1864 - 1934). Nokre av dykk såg kanskje TV-dokumentaren om denne gløymde polarhelten? Serien på fire episodar er ei spennande filmatisk framstilling av det denne boka handlar om og den er framleis tilgjengeleg på Nett-TV. Borchgrevink var leiar for den aller fyrste overvintringsekspedisjonen i Antarktis i 1898 - men enda opp som fattig og ukjent.

Forfattaren David Vogt er arkeolog, tilsett ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo og oldebarn av ein av ekspedisjonsdeltakarane.

Vår glemte polarhelt av David Vogt

Aschehoug 2012
288 sider, lånt ebok eBokBib

Carsten Egeberg Borchgrevink vart fødd i Christiania i 1864 og hadde norsk far og engelsk mor. I 1888 utvandra han til Australia, der han jobba m.a. som landmålar og som naturfaglærar. Då skipet Antarctic av Tønsberg la til i Melbourne hamn i samband med ein kvalfangstekspedisjon i 1894, såg unge Borchgrevink sin sjanse til å bli med på eit spennande eventyr. Ekspedisjonen mislukkast når det gjaldt kvalfangst, men vart historisk fordi ei lita gruppe frå skipet greidde å komma seg i land på Kapp Adare. Mellom dei ivrigaste var Borchgrevink, og han var truleg det aller fyrste mennesket som sette sin fot på Antarktis - nokon gong.

I 1890-åra var Antarktis ein stor kvit flekk på kartet. Dei einaste som hadde vore i nærleiken av kontinentet, var ein britisk ekspedisjon under leiing av den engelske oppdagaren James Clark Ross i 1841. Denne Ross vart opphavet til dei i dag velkjende stadnamna Rosshavet og Rossbarrieren.

Borchgrevink vart nok som besatt av Antarktis etter deltakinga på Antarctic. Han jobba lenge og målbevisst med å få finansiell støtte til sin eigen ekspedisjon - og lukkast med det. Det er ikkje tvil om at han skrytte på seg meir polar erfaring og kunnskap enn han faktisk hadde for å få det til. Kvalfangstskuta Pollux (ombygd av Colin Archer og omdøypt til Southern Cross) vart innkjøpt. Hundar, utstyr og proviant vart skaffa og mannskap innhenta. Ekspedisjonen segla under engelsk flagg fordi størstedelen av finansieringa kom frå ein engelsk mediemogul, men største del av mannskapet var norsk. Målet med ekspedisjonen var å finna den magnetiske sørpol og om muleg å gjera framstøyt mot sjølve polpunktet, samt å samla inn biologiske, zoologiske, metereologiske, geografiske og geologiske data.

Ferda sørover var strevsam, men gjekk bra. I februar 1899 nådde ekspedisjonen Kapp Adare der det vart oppretta ein permanent base. Dei to hyttene som vart oppsette der eksisterer framleis og er i dag sett på som eit viktig kulturminne. Southern Cross vende tilbake til New Zealand før isen vart for tjukk og ti menn gjorde seg klare for overvintring på det ugjestmilde Antarktis. Ingen av dei ti visste korleis overvintringsforholda var, og dei var alle forholdsvis unge og uerfarne. Forutan ekspedisjonsleiar Borchgrevink var desse nordmennene med på den fyrste overvintringa: Lege Herulf Kløvstad, vitenskapeleg assistent Anton Fougner, zoolog Nicolai Hanson, assistent og kokk Kolbein Ellefsen og samane Ole Must og Per Savio som var ansvarlege for hundane. I tillegg deltok den australske astronomen og fysikaren Louis Bernacchi og dei to britane William Colbeck (magnetisk observatør og kartograf) og Hugh Evans (zoolog-assistent).

Borchgrevink var språkmektig, ein dyktig planleggjar og var god på logistikk, men var ingen god leiar for mennene sine. Det vart snart problem og konfliktar i gruppa, og mesteparten av dette skuldast nettopp Borchgrevink si framferd. Men med eitt unntak overlevde alle den iskalde og stormfylte vinteren. Den unge zoologen Nicolai Hanson vart sjuk på ferda sørover og vart gradvis dårlegare. Trass i at ekspedisjonen hadde brukbart med medisinsk utstyr og at både legen og dei andre gjorde det dei kunne for han, sto ikkje livet til å redda. Nicolai Hanson døydde utan at han fekk sjå si vesle dotter og vart den fyrste som vart gravlagd på Antarktis. Blant etterkommarane hans er David Vogt, forfattaren av boka.

Under opphaldet gjorde deltakarane fleire viktige vitenskaplege observasjonar. På heimturen fann dei bukta som nokre år seinare vart basen til Roald Amundsen, dei kartla Rossbarrieren og foretok sledeturar innover området med hundesledar. Slik danna ekspedisjonen grunnlag for seinare polarekspedisjonar og andre meir berømte polfararar, som Schackleton, Scott og Amundsen.

Då Carsten Borchgrevink etter kvart vende tilbake til England vart det lite merksemd og verdsetjing. Noko skuldast nok at Borchgrevink var ein kontroversiell person og at den egoistiske stilen hans hadde ført til eit dårleg forhold til dei andre ekspedisjonsdeltakarane. Ei anna årsak var at Borchgrevink var norsk og at det britiske polarforskingsmiljøet var meir opptatt av Robert Scott sin foreståande Antarktis-ekspedisjon. I Noreg vart han til ein viss grad hylla som den pioneren og føregangsmannen han var, men sidan ekspedisjonen egentleg var britisk vart merksemda heller lita også her i landet. Og snart kom det andre polarheltar og polarekspedisjonar som oppnådde meir enn det Southern Cross-ekspedisjonen gjorde.
Carsten Borchgrevink vende aldri tilbake til Antarktis. Han døydde i Oslo i 1934.

David Vogt fortel om ekspedisjonen med innleving og på ein oversiktleg måte. Det er ein dokumentar og biografi, men samstundes ei dramatisk og spennande forteljing. Han gir eit balansert bilete av Borchgrevink og dei andre medlemene av ekspedisjonen. Me får også vita korleis det gjekk med dei i ettertid og kva ettermæle dei fekk. Mykje av dette er tragisk og trist. Forfattaren har støtta seg på mange ulike skriftlege kjelder og skriv flytande og greitt. Resultatet er ei verkeleg interessant og lærerik bok.

12. august 2018

Sommarlesing 2018 - Ymse krim del 2

I denne del 2 av ymse sommarkrimlesing får du vita kva eg meiner om ein svensk, ein fransk og ein islandsk kriminalroman.

Evas siste vitne av Tove Alsterdal

Kagge 2017
429 sider, lånt papirbok privat

Alsterdal har mykje på hjertet i denne velskrivne kriminalromanen, minst like mykje som i Ingen vei tilbake som eg las tidlegare i år. Så mykje faktisk, at det går litt ut over sjølve kriminalhistoria.

Boka har fleire forteljarstemmer, dei to viktigaste er Eva og Niklas. Gjennom deira auge får ein historia om då eks-mannen til Eva vart drept medan ho sjølv slått bevisstlaus. Kva var det - egentleg - som hende? Eva vert mistenkt for å stå bak drapet, og ho har gjort ting og oppført seg på ein måte som gjer at det ikkje er så rart at ho vert mistrudd. Naboen Niklas vert involvert sidan saka ser ut til å ha vide forgreiningar.

Evas siste vitne kombinerer Alsterdal eit ganske så finurleg plott med samfunnskritikk og psykologisk innsikt. Ein nedlagd psykiatrisk institusjon er høveleg skummel kulisse for historia. Dei alternerande forteljarstemmene supplerer kvarandre og heilt til det siste er ein usikker på korleis det heile heng saman.
Terningkast 4.



Istider av Fred Vargas

Aschehoug 2018
469 sider, papirbok lånt biblioteket


Fred Vargas sine bøker er befolka med dei særaste karakterane du kan tenkja deg. I tillegg har ho ein særeigen forteljarstil og ein skarp og elegant penn. Istider er bok nummer 8 i Adamsberg-serien. Enno ein gong har Vargas gitt lesarane sine ein svært underhaldande kriminalroman med avansert handling.

Det heile startar med at ei kvinne blir funnen død i eit badekar. Alt tyder på sjølvmord, men så blir det funne eit spesielt symbol på åstaden. Deretter vert enno ein død person - og eit liknande symbol - funne. Har dei to ofra noko felles? Kva er samanhengen?
Dette blir litt av ei nøtt å finna ut av for Adamsberg og mannskapet hans. Spora fører til Island og ei tragisk hending som fann stad der ti år tidlegare. Spora fører også til ein organisasjon som interesserer seg for Den franske revolusjonen og som dyrkar Robespierre.

Istider inneheld mange digresjonar og absurde hendingar og innvikla tanketrådar. Det er difor ikkje noko lettlest bok, men eg kan likevel anbefala ho. Berre ver obs på at du bør ta deg tid og vera open for forfattaren sine krumspring.
Terningkast 5.

 

Skumring av Arnaldur Indridason

Cappelen Damm 2017
Speletid 10:22, Storytel

Skumring har fått svært gode kritikkar rundt om, men dessverre fann ikkje eg heilt ut av det med denne boka. Det var skuffande, for eg har likt så godt det meste av det Indridason har gitt ut tidlegare. Denne boka (og den foregåande Skuggasund) er rett og slett for treg og for uspennande.

Handlinga er lagt til 1941, og miljøskildringar og tidsbilete er som alltid hos Indridason; upåklageleg. Boka er også lærerik fordi forfattaren flettar inn interessante historiske fakta i forteljinga. 

Skumring er ikkje noko dårleg bok, men Indridason kan så mykje betre.
Terningkast 3.



Les også:
Sommarlesing - Ymse krim - del 1
Norsk krim 2018 - del 1
Norsk krim 2018 - del 2