Det umulige må vera ein av dei mest spesielle krimbøkene eg har lese. Egentleg er det ikkje krim heller, meir ein roman med enkelte krimelement. I denne boka finn ein svært lite av det som vanlegvis kjenneteiknar krimsjangeren. Så etter endt lesing har eg tenkt gjennom kva som gjorde at eg - trass i desse "manglane" - likte boka ganske godt. Nedanfor skal eg prøva å gjera greie for det.
Innleiingsvis var eg litt forundra/forvirra og ein smule irritert på alle detaljane og det rolege tempoet. Men sidan eg veit at Belinda Bauer er ein dyktig forfattar som veit korleis ho skal bygga opp ei god historie - vart det til at eg heldt fram med lesinga. Etter kvart vart historia interessant og spennande - og i tillegg; både morosam og gripande.
Den ytre handlinga er ganske sær, men det viser seg at det byggjer på verkelege hendingar. Bauer har bygd forteljinga si rundt faunakriminalitet, nærare bestemt om illegal egghandel, samt om eggsamling og eit heilt spesielt egg. Ikkje visste eg at det fantest noko som heiter oologi (læra om fugleegg og hekkebiologi) eller at det finst nettverk for folk som driv med reirplyndring og innsamling av sjeldne egg! Men som alltid; eg googlar ofte når eg les, og i dette tilfellet vart det ein del googling undervegs - og mykje googling i etterkant. Så eg kan til dømes nemna at så seint som i mars i år vart ein mann her i landet dømt til fengselsstraff for fuglekriminalitet. Heilt utruleg, og dessutan forkasteleg så klart. Kunne han ikkje heller ha samla på frimerker?
Men tilbake til Det umulige. Handlinga i boka går føre seg på to tidsplan, 1920-talet og 2020-talet. Dei to mest sentrale forteljarstemmene er eggsamlarjenta Celie i fortid og autisten Patrick i notid. Og det er framfor alt desse karakterane som fengar i denne historia.
Me befinn oss i det engelske grevskapet Yorkshire, der uendelege mengder med sjøfugl hekkar i dei stupbratte klippene. Modige ungdommar let seg fira ned i tau for å samla sjeldne egg for å selja dei til samlarar. Ein av klatrarane er Celie, eit bleikt og forsømt barn, og så lita og tynn at ho klarar å få tak i eit uhyre sjeldent eksemplar av eit lomvi-egg. Familien til Celie er fattig, og sjølv om ho får skammeleg lite betalt for jobben, er desse pengane med på å endra liva deira.
I notid - omlag 100 år etter - møter me Patrick og naboen og bestevenen hans, Snodige Nick. Begge dei to unge mennene bur saman med mødrene sine og brukar mesteparten av fritida si på dataspel. Så blir Nick og mora utsette for eit ganske brutalt ran. Det einaste som blir stole er ei fin øskje som inneheld eit gammalt egg. Dette hadde Nick lagt ut på Ebay ein kort periode, men han fjerna det då han fann ut at handel av fugleegg ikkje lenger er lovleg. Med eitt er Patrick og Nick i gang med ei høgst alternativ etterforsking, på jakt etter folk som ikkje skyr nokon midlar for å få tak i sjeldne samlarobjekt. Dette byr på visse utfordringar, då Patrick er "på spekteret" og ikkje fungerer så bra sosialt. Han bryr seg til dømes ikkje om å kommentera slikt som for han er heilt openbart:
[Nick:] "Kompis! Du er et geni! Patrick trakk på skuldrene. Han svarte ikke på meningsløse påstander. "
Forfattaren skildrar venskapet mellom Patrick og Nick på ein fin måte. Patrick er truverdig og blir ikkje gjort narr av, men dei pussige situasjonane som oppstår mjukar opp denne forteljinga. Også forholdet mellom Celie og den einaste som bryr seg om henne, "idioten" Robert, er skildra med hjertevarme.
Vekslinga mellom dei to tidsplana/forteljingane er oversiktleg og naturleg. Men oppbygginga og samankoblinga skjer på ein så langsam måte at det kan oppfattast som kjedeleg og tregt.
Eg vil ikkje hevda at det er "feil" å kalla Det umulige for ein krim- eller spenningsroman, men det er ei uvanleg krimhistorie med eit originalt plott.
Eg kan anbefala lydboka, Jannike Kruse les med innleving, god diksjon og i eit passande tempo.
Om eit par veker, den 21. juni, vert skogfinnane sin dag markert mange stader. Sidan 1999 har skogfinnar hatt status som nasjonal minoritet i Noreg og i 2022 fekk dei sitt eige flagg.
Skogfinnane er etterkommarar av ei finskspråkleg folkegruppe som utvandra frå Finland og inn i Sverige på slutten av 1500-talet. Etter kvart trakk mange endå lenger vestover og frå midten av 1600-talet busette mange seg på austlandet, særleg i det skogsområdet som no vert kalla Finnskogen i Innlandet fylke. Dei tok med seg tradisjonane sine; både språk, kultur, byggeskikk og jordbruksteknikkar.
Språket deira døydde ut på midten av 1900-talet, men kulturen vert i dag teke vare på og halde levande gjennom fleire arrangement og ulike organisasjonar. Forfattaren Åsta Holth (1904-1999) hadde eit sterkt personleg engasjement for skogfinnekulturen. I Finnskog-trilogien fortel ho om skogfinnane sin kultur og deira harde liv som nybyggarar og innvandrarar.
Den fyrste boka i trilogien er Kornet og freden som kom ut fyrste gong i 1955. Med denne boka fekk Holth sitt litterære gjennombrot. Seinare kom Steinen blømer (1963) og Kapellet (1967). Eg tykte det var greitt å lesa dei samla og rett etter kvarandre i dette eittbindsverket. Samstundes har eg teke meg god tid med lesinga og lese mykje anna innimellom.
Handlinga i den fyrste boka startar på slutten av 1600-talet der me blir kjende med Pål Tyyskiäinen og kona hans, Kerttu Mullikka. Sidan føl me etterkommarane deira utover på 1700- og 1800-talet. Holth skildrar, detaljert og med innsikt, livet på Finnskogen. Det handlar om hardt arbeid og slit, om skiftande årstider, om frykt for uår og rovdyr. Det handlar vidare om utanforskap, diskriminering og fattigdom, men også om samhald og (glimt av) lykke. Ho skriv direkte og som oftast frå eit kvinneperspektiv. Det er sterkt å lesa om dei tøffe kåra som kvinnene på Finnskogen hadde; om tider med svolt og naud, om (altfor mange) graviditetar og barnefødslar, om fjøsstell, handarbeid og husarbeid og om ulike omsorgsoppgåver som måtte ivaretakast.
Menneska sitt forhold og nærleik til naturen står sentralt i bøkene:
Kjenner du våren i skogane i nord? Det er der det er vår. Enda han kjem ikkje med brask og bram, han smyg på tå som ein lørdagsfriar. Han kviskrer stilt og smeikande og kakker lint på ruta. Han ber berre om ein liten prat gjennom dørsprekken. Men han banker snart sterkare, noe snur på seg og puster søvntungt der inne. Og våren blir meir og meir høgmælt, han nynner, plystrer, syng - til slutt knasar han ruta, stormer inn og tek henne i fang. Henne - skogens vaknande jord. Han er strid og mjuk, han er overmodig og vill og glad, og samstundes græt han saman med henne tårer av lengt og letting. Jorda blir varm i fangtaket hans. Og livet bobler, i strupen på orrhanen som danser med raue bryn, i tiuren med det frodande og knepprande nebbet, i brestande knoppar og susande sava, i det englekvite mylder av kvitveis og i hestehovens overmodige solfarge. Bån skulle komma til om våren. Alle bån skulle bli fødde til stigande verme og veksande lys.
Eg vart positivt overraska over språket Åsta Holth brukar. Det er veldig spesielt; nynorsk og noko radikal bokmål samt enkelte dialektord og -uttrykk. Sannsynlegvis meinte forfattaren at nynorsk var nærast hennar eiga dialekt, og med dette særeigne språket skapte ho ein heilt spesiell skrivestil. Andre ting som imponerer er forfattaren si formidlingsevne og hennar kunnskap om natur, kultur, folketru og tradisjonar.
Persongalleriet er stort, noko som er naturleg når handlinga går over eit par hundre år og fleire generasjonar. Nokre av personane kjem me under huda på medan andre berre flagrar forbi. Åsta Holth skal ha basert personane sine på verkelege menneske i si eiga slekt.
Finnskog-trilogien er eit stort og interessant romanverk, skrive med engasjement og i eit særeige språk.
For nokre år sidan las eg Britt Karin Larsen sin serie frå Finnskogen, og eg likte dei bøkene veldig godt. Larsen og Holth tilhøyrer kvar sin generasjon, og bøkene deira kan kanskje ikkje samanliknast - men eg tykkjer at dei utfyller kvarandre. Der Larsen er poetisk og svevande, har Holth meir fokus på det konkrete og på detaljar i høve levemåte og buforhold. Men kjærleiken til Finnskogen - den har dei felles. Ein annan ting dei har felles er at bøkene deira gir oss ei påminning om at landet vårt har vore fleirkulturelt i fleire hundre år.
Meir lesestoff om skogfinnar og Finnskogen kan du finna her:
Så er forteljinga om Gunnar Barbarotti over. Det vart ti bøker, det same som Van Veeteren-serien, og det finst óg ei bok der begge er med, De venstrehendtes forening. 21 bøker tilsaman altså - og som forfattaren påpeikar i etterordet i Det finmaskede nettet: slår ein saman tal bokstavar i namna Barbarotti og Van Veeteren - får ein 21. (Eg nemner dette fordi kodar og tal er ein del av forklaringa på mysteriet som vert omhandla i denne siste boka.)
Den fyrste boka om Van Veeteren kom ut i 1993 og har tittelen Det grovmaskede nettet - og etter vel 30 år er ringen slutta med Barbarotti og Det finmaskede nettet. Fiffig. Og samstundes så interessant at eg rett og slett får lyst til å lesa alle 21 bøkene ein gong til, og då i rett kronologisk rekkefølge, - noko eg ikkje gjorde fyrste gong.
Det er fleire grunnar til at eg er begeistra for Nesser sine bøker. Noko av det eg tykkjer er så bra er at han alltid har intrikate historiar, gjennomtenkte plott, fine skildringar, elegante overgangar, og eit godt og stødig språk. Dessutan trur eg at eg har same form for humor som Nesser. Eg humrar rett som det er av den tørre humoren. Over ironiske og artige karakteristikkar, skarpe observasjonar, pussige ordspel og merkelege tankerekker. Men framfor alt meiner eg at det er karakterane som gjer bøkene så leseverdige. Hovudpersonar og bipersonar er tydelege og vert skildra med forståing og hjertevarme. Dei framstår som oftast både sterke og svake, og med både gode og mindre gode eigenskapar.
Til vanleg er det krim av den raske, mørke og meir hardbarka typen eg likar best, men eg har altså likevel stor sans for Nesser sine meir litterære og saktegåande krimromanar. Barbarotti-serien (og dels Van Veeteren-serien) er ein type feelgood-krim. Sjølv om det er krim og det handlar om mord, vald, ondskap og galskap, gjer humoren og ironien at det vert mindre ubehageleg å lesa om. Det underfundige og kvardagsfilosofiske er dessutan blitt meir påfallande i dei siste bøkene. Så ja, feelgood som sagt, men ikkje av det overforklarande og fordummande slaget. Eg vil påstå at Nesser sine krimromanar passar både for ihuga krimlesarar og for folk som elles ikkje les noko særleg av denne sjangeren.
Men tilbake til Det finmaskede nettet. Gunnar Barbarotti og sambuaren/kollegaen Eva Backman er i ferd med å avslutta arbeidslivet sitt. Som pensjonistar skal dei flytta til Gotland, der også Asunander, den tidlegare sjefen deira, har busett seg. Asunander er svært oppteken av ei uløyst kriminalsak og ynskjer hjelp frå dei nybakte pensjonistane. (Forfattaren bur forresten sjølv på øya, men for tida er han i fengsel)
Saka har koblingar til Gotland, og Barbarotti og Backman granskar, søker, leitar og pratar seg gjennom saka. Det er litt snirklete, litt pludrete, litt langsamt, - men absolutt underhaldande. Eg trudde at eg såg samanhengar og at eg skjønte mysteriet ganske tidleg, men Nesser kjem sjølvsagt med ein uventa vri og ei overraskande løysing.
Boka har fleire ulike perspektiv, tydelege forteljarstemmer, er lettlest og har bra driv. Skrivestilen er typisk Nesser; lett tilgjengeleg, men finurleg. Sjølv om det (mest sannsynleg) er siste bok i serien kan ho lesast åleine - og kanskje også som ein introduksjon til serien/forfattarskapet.
Avslutninga er emosjonell utan å vera klissete sentimental.
Eg elskar alle dei 21 bøkene om Van Veeteren og Barbarotti, men når det er sagt; eg elskar ikkje alle like mykje. Slik eg hugsar dei no er favorittane mine følgjande: Tilbakekomsten (Van Veeteren #3), Carambole (Van Veeteren #7), Svalen, katten, rosen, døden (Van Veeteren #9), Menneske uten hund (Barbarotti #1), En helt annen historie (Barbarotti #2) og De sørgende (Barbarotti #5). Eg las alle desse i "førbloggtid". Eller kanskje eg las dei medan eg hadde den andre bloggen (som no er sletta).
I påsken las eg Stille grender, ein historisk krim skriven på nynorsk. Eg visste lite om boka og ingenting om forfattaren frå før, men det vart ei overraskande bra leseoppleving. Historia er fengande og original og forfattaren kan skriva. Eg set dessutan pris på forfattarar som utfordrar og fornyar krimsjangeren, noko Baldysz har lukkast med. Samstundes finn ein mange element som ein elles kan finna i klassisk tradisjonell krim.
Stille grender er fyrste bok i det som skal bli ein serie. Hovudpersonar er eit søskenpar frå Ålesund som i denne forteljinga skal etterforska eit særdeles brutalt drap som har funne stad i den avsidesliggande (fiktive) Mardalen.
Året er 1902. Den unge og ambisiøse overkonstabelen Johan Ryer tek med seg systera Sonja som assistent til Mardalen. Dette fordi Johan meiner at ho er både klok, analytisk og uredd. Og visst er Sonja skarp og modig, men lesaren får tidleg vita at ho har eit rusproblem. Johan forventar at det skal gå greit å etterforska og oppklara drapet, men så enkelt blir det ikkje. Mardalen er eit lukka samfunn sterkt prega av konflikta mellom eigarane av dei to største gardane i grenda. Offeret er dotter til den eine av desse storbøndene. Stemninga er spent og uhyggeleg og mange av dei lokale er uvillige til å snakka om kva dei har sett og/eller høyrt.
Tidsbileta og miljøskildringane er gode; ein kan sjå for seg landskapet og naturen. Ja, ein kan faktisk sei at naturen framstår som ein eigen karakter, med den mørke skogen, dei bratte fjellsidene og den store fjorden - som bind Mardalen saman med omgjevnadene. Personteikningane er tydelege, slik at ein lett kan skilja dei enkelte frå kvarandre. Om noko skal pirkast på, er det at enkelte av karakterane på dette viset vert noko karikerte. Ein kan òg hevda at Johan er i overkant naiv og at Sonja er altfor dristig.
Tempoet er ganske langsamt, men framdrifta er likevel til stades sidan det skjer så mykje dramatisk. Stemninga er elles mørk og klaustrofobisk og det kjem fram mange hemmelegheiter og mykje kjensler som ulmar under den elles rolege overflata. Stille grender er ein innhaldsrik, stemningsfull og interessant krimroman som verkeleg kan anbefalast. For mi eiga leseoppleving var det positivt at ikkje alt var så beint fram. Eg forsto ikkje kven som sto bak ugjerningane før det vart avslørt.
Eg ser fram til neste bok i serien. Eg vil gjerne bli meir kjent med Johan og Sonja og er nysgjerrig på bakgrunnen og oppveksten deira. Og eg tenkjer: Sidan denne boka er lagt til 1902 er det kanskje nærliggjande å tru at den neste kan komma til å handla om bybrannen i Ålesund i 1904?
Lyset de døde ser er ein oppfølgar til Snø vil falle over snø som har falt, Levi Henriksen sin debutroman frå 2004. Som i den fyrste boka (og dei fleste andre bøkene til Henriksen) er handlinga lagt til den fiktive bygda Skogli utanfor Kongsvinger. Hovudperson og forteljarstemma er også i denne boka Daniel Kaspersen, som når forteljinga tek til nyleg er blitt enkemann. Tida på året er óg den same i begge bøkene; det er desember og jul. Vinter, kulde og snø.
Norske samtidsromanar er ein sjanger eg vanlegvis ikkje bryr meg om. Levi Henriksen sine bøker er eitt av få unntak.
Bokahandlar om familie, om kjærleik og om døden. Om å komma heim og om å vera einsam. Levi Henriksen skriv kjenslevart og usentimentalt om sorg, sakn, trøyst og håp.
I Snø vil falle over snø som har falt møter Daniel sin store kjærleik, Mona. Livet har, etter alt det turbulente som fann stad i den boka, blitt stabilt. Men så blir Mona sjuk og døyr. Lyset de døde ser startar slik:
«Mona døde en tirsdag. På den andre sida av senga begynte Sebastian å gråte stille mens han holdt morens hånd mellom begge sine. Jakobine sto med ryggen til og ansiktet vendt ut mot parkeringsplassen, mot det store åpne, mot snøen som falt. Inne i seg hadde Daniel Kaspersen samme følelse som når du står i en heis og det i hele kroppen kjennes som om den går nedover, selv om pila viser det motsatte.»
Daniel og dei vaksne borna reagerer forskjellig på dødsfallet og taklar sorga på ulike måtar. Daniel, som fyrst er som lamma, reagerer med sinne på døden. Å snakka om kjensler er vanskeleg for han, så han blir egentleg ein handlingens mann. Han skal ordna opp, både i høve gamlelensmannen og den uoppklarte saka hans og i høve Jakobine og dei utfordringane ho står i. Forfattaren tek her opp dei ulike sidene ved mannsrolla og farsrolla. På den eine sida er Daniel ein stillferdig familiemann, på den andre sida har han ei aggressiv framferd som kjem til uttrykk når han veit (eller føler) at folk som står han nær blir utsette for ting dei ikkje skulle blitt utsette for.
Romanen skildrar korleis det er å mista nokon og om alle tankane som kjem når ein skal gå vidare i sitt eige liv etter eit slikt tap. Eg tykkjer Lyset de døde ser er ei god og stemningsfull bok og ein fin oppfølgjar. Ho inneheld mange sitatvenlege formuleringar og har dessutan visse element frå krimsjangeren, noko som driv handlinga framover.
I alle bøkene til Levi Henriksen finn ein mange referansar frå musikken. I denne boka er ein sang med Marianne Faithful sentral:
Fyrste fullførte bok i 2026 vart, om ikkje ein innertiar, så i alle fall ei vellukka leseoppleving. Hardråde er ei perfekt bok for alle historieinteresserte - og særleg for alle som har interesse for vikingtida og middelalderen.
Etter flotte leseopplevingar med Alv Erlingsson, Jomfruen fra Norge og Hvitekrist av same forfattar hadde eg store forventningar til denne nye boka - og gledeleg nok vart forventningane innfridde.
Som tittelen på boka viser er hovudpersonen kong Harald III Sigurdsson (1015-1066) eller Harald Hardråde som han vart heitande i ettertid. Det handlar om tida han levde i og om den verda han var ein del av og reiste i. Det handlar om samfunnsstrukturar, maktforhold, menneskesyn, religion, kultur og politikk. Mellom anna.
Det eg visste om Harald Hardråde frå før kan kort oppsummerast slik; halvbror til Olav Haraldsson (den heilage), deltok i slaget på Stiklestad 15 år gammal, forlot deretter landet før han kom attende som konge, gift med dronning Ellisiv og far til Olav Kyrre, døydde i slaget ved Stamford Bridge i 1066. Samt at dette slaget markerte slutten på vikingtida. No veit eg mykje meir, både når det gjeld Harald sjølv og samtida hans.
Sett med notidsbriller var samfunnet på 1000-talet hardt og valdeleg. Noreg var eit boklaust samfunn på den tida, fyrst på 1200-talet vart kongesogene nedskrivne. Forfattaren har sjølvsagt nytta dei norrøne kjeldene, og i tillegg er det vist til engelske, normanniske, slaviske, bysantinske og arabiske kjelder. Dei utanlandske kjeldene har stort sett blitt nedskrivne nærare Harald Hardråde si levetid og dermed truleg meir truverdige enn t.d. Heimskringla, Morkinnskinna og ymse skaldekvad. Resultatet av arbeidet med reserarch og gransking av dei ulike kjeldene har gjort dette til ei svært interessant bok. Ho gir eit levande portrett av ein heilt spesiell mann som levde i ein heilt spesiell tidsalder.
Det er sjølvsagt mykje om livet for nesten 1000 år sidan me ikkje veit. Forfattaren strekar då også under dette fleire gonger. Mykje er "sannsynleg", noko er "usikkert" eller "ikkje usannsynleg", nokre hendingar er truleg legender og eventyr, som likevel kan bygga på det som verkeleg hende. Noko som er heilt sikkert er at Harald (og støttespelarane hans) reiste svært langt; etter tapet på Stiklestad rømde han via Sverige til Rus-riket, fyrst til Novgorod (norrønt: Holmgard) og sidan til Kyiv der han hadde slektningar. Etter nokre år som leigesoldat hos Jaroslav 1. gjekk ferda vidare til Konstantinopel (norrønt: Miklagard, i dag Istanbul), på den tida hovudstad i det bysantiske riket. Også her vart Harald leigesoldat, og Skeie fortel om ulike dramatiske, brutale og i enkelte høve bisarre hendingar der Harald truleg/sannsynlegvis deltok. I alle fall tente han godt; han hadde tent seg opp rikeleg med både sølv og annan rikdom då han etter nokre år vende tilbake til Noreg som tronpretendent. Så rik var han at han fekk løyve av fyrsten av Kyiv å gifta seg med dottera hans.
Krona og arverekkefølga til dei norske, danske og engelske kongehusa var ustabile. Etter 1030 hadde Noreg stort sett vore under dansk styre, og Knut den mektige rådde ein periode over eit rike som besto av både Noreg, Danmark og England. Då Knut gjekk bort førte det til uro, slag, stridigheiter og maktkampar mellom mange ulike personar, familiar og varierande konstellasjonar. Harald Hardråde hadde gjennom livet synt ein brutal vilje til makt og meinte han hadde rett til å bli konge også i England. Det skulle det ikkje bli noko av, for som kjent tapte han slaget i 1066.
Eg kunne ha skrive mykje meir om kva denne innhaldsrike boka handlar om, men eg nøyer meg med å avslutningsvis sei: Les! Boka er både underhaldande og lærerik, skriven av ein forfattar med ei eineståande god formidlingsevne.
Undervegs i lesinga av Hardråde kom eg på at eg for mange år sidan las romanen Kongespeil av Vera Henriksen. Den boka handlar faktisk óg om Harald Hardråde. Eg noterer meg at Kongespeil bør gjenlesast.
Har du lyst til å høyra ei meir lettbeint framstilling av Harald Hardråde sitt liv kan eg anbefala podcasten Kongerekka med Are Sende Osen.
Eg har lese mange bøker av denne forfattaren, både seriar og frittståande bøker - og ho skriv alltid bra og har gode gjennomtenkte plott. Men enkelte av bøkene hennar, dei som inneheld overnaturlege element og spøkeri og uavklarte hendingar - dei har eg problem med.
No har eg lese dei to fyrste bøkene i Yrsa sin nye serie Svart is-kvartetten. Det skal altså komma fire bøker i denne serien (dei er alt utkomne på Island), men ho må gjerne komma med fleire - for her er forfattaren på det eg meiner er "rett spor". For meg er det nemleg viktig med ein rasjonell (om ikkje alltid realistisk) forklaring på krimgåter. Fyrst då får eg ei god leseoppleving.
Eg byrja lesinga av denne fyrste boka som lydbok, men det gjekk ikkje. Heldigvis hadde eg tilgang også til papirutgåva. Nina Voxholtt er kan hende ein bra skodespelar, men ho er verkeleg ikkje nokon bra opplesar av lydbøker.
Nok om det - for dette er ei bra bok! Eg var skeptisk på førehand, fordi boka har fått så veldig ulike og sprikande omtalar.
For meg vart det ei rystande, grøssande og mørk leseoppleving, akkurat slik som eg likar det. Sigurðardóttir veit kva ho skal spela på for å få til den riktige uhyggen hos lesaren, og eg tykkjer det er dyktig gjort. Bakteppe: dårleg vêr, barsk natur, aude landskap, skummelt hus, mystiske lydar og spesielle familieforhold. Historia er fæl: mor, to barn og ein au pair vert funne drepne. Faren i familien er borte. Det ser med andre ord ut som ei opplagt sak, ei familietragedie. Men rettsmedisinar og etterforskarar finn relativt tidleg ut at så "enkelt" er det ikkje.
Det heile vert fortalt frå to synsvinklar over to tidslinjer: Politimannen Týr i notid og au pairen Sóldís i tida før drapa finn stad. Det er Sóldís si historie som er mest urovekkande og ubehageleg å lesa - i og med at me veit (alt frå starten) at ho kjem til å bli drept. Men sjølv om lesaren "veit korleis det går" er det veldig, veldig nervepirrande.
Vokt dine hender Bonnier norsk forlag 2025
398 sider Lånt papirbok privat
I den andre boka er handlinga lagt til Vestmannaeyjar. Vêret er (naturlegvis) også dårleg i denne forteljinga, noko som gjer lokalsamfunnet avsondra og handlinga i boka nokså klaustrofobisk. Når eg går inn på Google maps (noko eg ofte gjer når eg les) ser eg at naturskildringane stemmer bra med verkelegheita. Men i Street view er det dagslys og det ser ut som det er sommar, medan det i boka er vinter, mørkt, glatt, snø og vind.
Også i denne boka er det ulike perspektiv og to ulike tidsplan. Denne måten å fortelja historia på er effektiv og aukar både spenningsnivået og framdrifta. Ein må berre lesa vidare.
Forteljarstemmene tilhøyrer rettsmedisinar Iðunn og medisinstudenten Traustir. I starten er Traustir glad og forventningsfull fordi han skal treffa igjen gamle studiekameratar. Dei skal riktig nok i ei gravferd fyrst, men etterpå er det planen at dei skal mimra, festa og ha det kjekt saman nokre dagar. Men det blir ikkje noko kjekt gjensyn. Tvert om utviklar det seg til eit grusomt mareritt.
Dette er ei superspennande bok som ga meg både gåsehud og puls. Det flatar bittelitt ut på slutten, - det er naturleg sidan det er ganske mange trådar som skal nøstast opp i.
Vokt dine hender kan lesast som frittståande bok, men eg set pris på å lesa i rett rekkefølge slik at eg blir meir kjent med etterforskarane sine personlege liv og erfaringar. I den fyrste boka får me vita ein heil del om Týr sin bakgrunn, i den andre er Iðunn mest sentral, - og eg reknar med at det er Karó som blir i fokus i neste bok.
Omsider. Dette er ei bok eg har venta på lenge. I fleire år faktisk. Viskleken, den fyrste boka i Opcop-serien, kom nemleg ut på svensk alt i 2011 - men fyrst no i 2025 på norsk.
Er boka såleis utgått på dato? Egentleg ikkje. Men undervegs i lesinga av denne boka har det slått meg kor raskt kommunikasjons- og informasjonsteknologien har utvikla seg. Handlinga er lagt til 2008-09 då sosiale media ikkje var så utbreidd og digitale møte var "nesten magisk".
Hviskeleken er både ein politikrimroman og ein politisk thriller, så det er ein fordel om lesaren er interessert i internasjonal politikk, internasjonal kriminalitet og globale økonomiske prosessar. Tittelen spelar på leiken hviskeleken der poenget er at ord/informasjon gjerne blir forvrengt i kvart ledd i kjeda. På engelsk heiter leiken Chinese whispers.
Opcop er ei ny og hemmeleg operativ eining innan Europol, leia av Paul Hjelm. Med seg på hovudkontoret i Haag har han Arto Söderstedt og Jorge Chavez, og frå Sverige jobbar også Kerstin Holm og Sara Svenhagen for gruppa. Alle desse er folk som mange lesarar kjenner godt frå serien om A-gruppen, - og handlinga i Hviskeleken bygger på den serien, og ganske direkte på bok 10, Himmeløyet. Opcop sine medlemmar er frå ulike nasjonar og har ulike bakgrunner. I denne fyrste boka framstår "dei nye" som litt vage, men eg reknar med at dei blir tydelegare i neste bok.
Handling: I samband med eit G20-møte i London døyr ein ung kinesar i ei merkeleg ulukke. Rett før han somnar inn kviskrar han nokre ord i øyra til Arto Söderstedt. Kort tid etter vert ei amerikansk kvinne funne myrda i den same byen. Inni (!) liket ligg ei melding adressert til Opcop-gruppa. Men gruppa er hemmeleg, kven har lekka informasjon? På meir heimlege trakter, i Nacka, er ein i ferd med å finna ut av ein samanheng mellom barnepornografi, utpressing og mafiaverksemd. Ein heilt annan tråd består av epostar skrive av ein person som kallar seg Ariadne. Her vert det hinta om ei forferdeleg hending som snart skal finna stad. Andre stikkord for handlinga er finanskrisa, 11. september og internasjonal organisert kriminalitet. Og alt heng saman med alt, på ulike finurlege måtar.
Det er mange handlingstrådar og mange karakterar å halda styr på, og alt dette krev ein viss konsentrasjon av lesaren/lyttaren. Lydboka er veldig bra opplesen av Jan Martin Johnsen, den same som er opplesar av serien om A-gruppen. Han les så tydeleg og så behageleg at det går heilt fint å følgja med på handlinga.
Som i dei fleste andre bøkene til Arne Dahl er også denne krydra med mytologi-, musikk- og litteraturreferansar. Hviskeleken er ei svært bra bok; stilsikker og effektiv, velkomponert og veldig spennande.
Opcop-serien består av fire bøker, og det er altså på høg tid at norske lesarar og lyttarar får tilgang til dei. Eg håpar at det ikkje går altfor lang tid før bok to kjem på norsk. Eg har prøvd å lytta til 'Hela havet stormar' på svensk - den er tilgjengeleg på Storytel - men eg ga opp. Litt fordi det er ei komplisert handling, men mest fordi opplesaren les litt utydeleg for mine "norske øyre".
Bok nummer ni i Barbarotti-serien er her! For oss som er fans av forfattar Nesser og førstebetjent Barbarotti er det ei gledeleg hending - og dessutan perfekt timing med tanke på påskekrimsesongen.
Ung manns ferd mot natt er ikkje den beste boka i denne serien, men Håkan Nesser skriv alltid godt. Det er enkelte kjenneteikn som går att i spenningsromanane hans; sakte tempo, mange samtalar, underfundig humor, filosofiske betraktningar og presise miljøskildringar. Samt kompliserte kriminalgåter, ofte med fleire overraskingar undervegs.
Mellom det sympatiske sambuar- og etterforskarparet Gunnar Barbarotti og Eva Backman er det ei koseleg og avslappa stemning, - ei stemning i skarp kontrast til dei grove valdshandlingane dei etterforskar.
Me befinn oss i den fiktive byen Kymlinge, der ein gymlærar er blitt funnen skoten og drepen i heimen. Avhøyr av bekjente og kollegaer avslører at den drepne ikkje var særleg godt likt, men kven kan ha hatt motiv for å ta livet av han? Etterforskinga står meir eller mindre i stampe - og det skjer eit nytt mord. Same våpen, også denne gongen utan spor og utan noko klårt motiv, og dei to ofra har tilsynelatande ingen felles referansar.
Men lesaren veit. Ganske tidleg vert det avslørt kven som står bak ugjerningane, utan at det egentleg går ut over engasjement og spenning. Sjølv om tittelen på boka seier ganske presist kva det handlar om. Gjerningspersonen sine tankar og handlingar vert skildra på ein glimrande måte. Her får ein innsikt i korleis ein smart og empatisk tenåring er blitt øydelagt av omsorgssvikt, mobbing og utanforskap.
Ein må ikkje lesa bøkene i serien kronologisk. Ung manns ferd mot natt står seg fint åleine.
Eg fekk visse assosiasjonar til 'Kim Novak badet aldri i Genesaretsjøen' medan eg las denne boka. Det skuldast fyrst og fremst at forfattaren skildrar så bra korleis tenåringsgutar tenkjer og handlar, og dernest det faktum at hovudpersonen i den boka har same fornamn som gjerningspersonen i denne boka.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Håkan Nesser har hatt stor suksess etter at han debuterte som forfattar i 1988. Han har skrive 48 bøker selde i omlag 20 mill. eks over heile verda. Eg har gjort ei oppteljing og funne ut at eg har lese 36 av bøkene hans. Han er, og kjem alltid til å bli, ein favoritt hos meg - uansett.
Det er likevel både overraskande og trist at Nesser i desse dagar er i nyhendebiletet fordi han er dømd til fengselsstraff grunna grov skattekriminalitet. Har han handla bevisst? Hatt dårlege økonomiske rådgjevarar? Sjølv hevdar han si uskuld, men dommen på 18 månader er no stadfesta.
I samband med det tenkjer eg at Nesser bør bruka tida framover til lesa seg opp om svenske skattereglar og til å gjera research til ei framtidig Barbarotti-bok.
For mange av oss er det heilt ubegripeleg at amerikanarane kunne velja ein uberekneleg, løgnaktig, narsissistisk, mannssjåvinistisk og rasistisk president i 2016 - og på nytt i 2024. Denne boka bidreg til å gjera dette ubegripelege litt klårare.
Innleiingsvis fortel forfattaren om kor optimistisk han var med tanke på det amerikanske samfunnet då Barack Obama vart vald som president i 2008. Då såg det ut til at USA var på veg til å bli eit velfungerande fleirkulturelt demokrati. Han tok feil. I etterpåklokskapens lys seier han: "Det jeg ikke forsto, er hvor dypt rasismen i det amerikanske samfunnet stikker, og hvordan det amerikanske samfunnet er uforståelig uten at man kjenner denne rasismens historie".
Raknes meiner at USA si historie følgjer eit fast mønster. Kvar gong afroamerikanarane har fått ein rett eller oppnådd noko, har det komme voldsomme tilbakeslag og motreaksjonar. Det skjedde til dømes etter borgarkrigen då slaveriet formelt sett vart avskaffa, men der undertrykkinga og rasismen heldt fram, både i nord og i sør, i andre former.
USA har aldri teke noko oppgjer med den rasistiske historia si. Forfattaren hevdar at amerikanarane har brukt strategiar som kvitvasking, bagatellisering, fortrenging og rein historieforfalsking når det gjeld desse vanskelege sidene av si eiga historie. For det er ei grusom historie; om slaveri, massakrar, lynsjingar og apartheid. Om undertrykking og diskriminering så systematisk og gjennomført at det ikkje er til å tru.
Boka er bygd rundt fire personar som brukte store delar av livet sitt til å kjempa for borgarrettar og mot rasisme: slaven og forfattaren Frederick Douglass, sosiologen og aktivisten W.E.B. Du Bois (som eg aldri hadde høyrt om før), fredsprisvinnaren Martin Luther King og den tidlegare presidenten Barack Obama. (På omslaget er også bilete av to kvinner som kjempa den same saka; Ida Wells og Rosa Parks, men desse blir berre nemnde såvidt i boka)
Den raude tråden elles i boka er den amerikanske sjølvstendefråsegna frå 4.juli 1776 der det heiter: «Vi mener at dette er selvklare sannheter: at alle mennesker er født like, og at de har fått visse umistelige rettigheter av sin skaper». Teksten til fråsegna vart hovudsakleg skriven av Thomas Jefferson, ein av USA sine landsfedrar, men sjølv slaveeigar - og følgjeleg rasist. Afroamerikanarane vart ikkje kvitt slavelenkene før i 1865, og det skulle gå endå eit hundreår før dei fekk stemmerett.
Hvit makt er ei lærerik, lettlest og veldig bra bok. Forfattaren har fått med seg mykje på dei vel 200 sidene. For å forstå dagens politiske situasjon er det nyttig med kunnskap og fakta om historia. Me er mange som er bekymra for demokratiet i USA. Og i desse dagar kan ein legga til: bekymra for framtida for oss alle.
Sangen Land of the free med The Killers er inspirert av saker som Sandy Hook-massakren, Eric Garner-drapet, muren mot Mexico, samt det faktum at USA er ein nasjon bygd på immigrasjon. I 2020 ga bandet ut ein ny akustisk versjon av låta og la til oppdatert tekst basert på drapet på George Floyd. Det er ein fin protestsang - stillferdig og samstundes samfunnskritisk.
Salet av dystopiske bøker auka i USA etter presidentvalet i november. Mellom anna klatra 'The Handmaid's Tale', 'Tjenerinnens beretning' på norsk, meir enn 400 plassar på bestseljarlista, kan ein lesa på bok365.no.
At ein 40 år gammal dystopi får ny aktualitet i samband med valet er eit sterkt signal - og er i høgste grad forståeleg. Sjølv starta eg på boka rett etter (gjen)innsettinga av president Trump no i januar. Plutseleg vart eg veldig bevisst på at dette er ein klassikar (1001-bok) eg absolutt burde ha lese.
Boka kom altså ut fyrste gong i 1985, på norsk i 1987, og har sidan komme ut i millionvis av eksemplarar i utallige opplag på mange ulike språk. Historia har dessutan blitt til både film, opera og TV-serie.
Tjenerinnens beretning skildrar eit kristenfundamentalistisk USA; ein totalitær stat som heiter Gilead. Hovudpersonen er kvinna Offred og alt blir fortalt frå hennar perspektiv. I starten var lesinga nokså forvirrande, for eg kjende ikkje "universet" og forsto ikkje kva som var "notid" og kva som var tilbakeblikk. Etter kvart blir det klårare.
Samfunnet har gått gjennom ei omfattande endring, det gjeld både samfunnsøkonomi, kommunikasjon og infrastruktur, og i tillegg har forureining og miljøkatastrofar ført til infertilitet og befolkningssvikt. Det styrande leiarskapet - eit patriarkalsk diktatur med eit brutalt og valdeleg maktapparat - kontrollerer absolutt alt. Dei fleste kvinnene har ingen rettigheiter lenger; dei får ikkje jobba, har ikkje pengar, får ikkje lesa bøker, får ikkje snakka saman eller ha annan kontakt med andre. Folk er elles sorterte etter strengt oppsette kategoriar i eit ekstremt hierarkisk system.
Offred er innan kategorien "tjenerinne". Det vil sei at sidan ho er i fertil alder og "fødedyktig" er ho gjort til eit slags avlsdyr og ei potensiell fødemaskin som tilhøyrer eliten/førarane og konene deira. Dersom ho ikkje er lydig vil ho bli hengt eller sendt til "koloniane" for å døy ein langsam død. Ho har heller ikkje fått behalda sitt verkelege namn. Offred kjem av "of Fred" - ho er Fred ("føraren") sin eigedom. Ho har vore (er) gift og har ei dotter, men om dei to framleis er i live er uvisst. Håpet om at dei finst der ute ein plass gjer at Offred trass alt held ut. Held ut fornedring og undertrykking. Held ut absurde påbod og merkelege forbod. Held ut regelmessige rituelle valdtekter.
Tjenerinnens beretning er ei god bok med ei skremmande handling. Alt foregår i ei dystopisk verd, men nokre tema er ikkje så fjernt frå det me kan sjå i den verkelege verda i dag. Til dømes vart den landsomfattande retten til sjølvbestemt abort fjerna i fjor då høgsterett i USA skrota Roe vs. Wade-dommen. Eit anna døme er Taliban sin kvinnefiendtlege og undertrykkande politikk i dagens Afghanistan.
Margaret Atwood har sjølv kalla romanen "spekulativ fiksjon" og har i fleire høve streka under at alt i boka er slikt som verkeleg har hendt ein eller annan gong i menneska si historie. Ho skal elles ha henta inspirasjon frå mellom anna den islamistiske revolusjonen i Iran i 1979 og framveksten av kristenkonservative krefter i USA på 1970- og 80-tallet då ho skreiv boka. Dessverre er fortejinga om eit fiktivt diktatorisk USA aktuelt - også i dag. Handlinga er på ein måte realistisk, sjølv om ein egentleg ikkje kjenner att samfunnet.
Tjenerinnens beretning er ein roman som vekkjer sterke kjensler. Det er ei interessant og gjennomtenkt bok, skriven med galgenhumor og med snert - og ho har ein viktig bodskap. Det er ubehageleg å lesa om alt det grusomme som skjer, men ein kan også ana eit glimt av håp.
Eg "las" boka som lydbok. I ettertid ser eg at eg kanskje burde hatt papir- eller ebok tilgjengeleg óg, fordi eg då ville ha skjønt meir av spranga att og fram i tid. Lydboka er forøvrig glimrande opplest av Bodil Vidnes-Kopperud.
Serien om Arn består av trilogien Veien til Jerusalem, Tempelridderen og Riket ved veiens ende, samt den frittståande oppfølgjaren Arven etter Arn. Bøkene kom ut fyrste gong i tida 1998 - 2001.
Handlinga er lagt til korsfarartida, dvs. tidleg middelalder. Det er ei svær forteljing på omlag 1800 sider tilsaman. Forfattaren har bygd på - og henta inspirasjon frå - legender, arkeologiske funn og verkelege historiske hendingar og personar. Tematikken er tidlaus: Det handlar om ære og skam, tru og vantru, kjærleik og hat, intrigar og alliansar. Mellom anna.
Eg las bøkene for mange år sidan og har lenge hatt ynskje om lesa dei på nytt - og no har eg gjort det. Eg vart kanskje ikkje like betatt denne gongen, men meiner framleis at denne serien er ei stor og god leseoppleving. Denne gongen gjekk eg for lydbokformatet.
Hovudpersonen er altså Arn Magnusson (fødd omlag år 1150) som er ein fiktiv karakter. Samfunnet var veldig uroleg, omskifteleg og brutalt på den tida det her er snakk om - og dermed er det ein veldig kontrast når Arn framstår som snill, diplomatisk, kunnskapsrik, handlingskraftig, framsynt og tolerant. Altså egentleg altfor god til å vera truverdig, litt supermann, litt glattpolert og til tider litt "Carl Hamiltonsk" om du vil. Men eg har valt å sjå vekk frå slike (i denne samanheng bagatellmessige) innvendingar.
Veien til Jerusalem Som lite barn vart Arn sendt til kloster. Bakgrunnen var ein ulykke der vesle Arn heldt på å døy og foreldra i desperasjon og takksemd lova å gi han til Gud dersom han fekk leva. I klosteret får Arn opplæring i filosofi, skrivekunst, legekunst og latin. Av munken Guilbert, som har vore tempelriddar i Det heilage landet, får han dessutan læra våpenkunst på høgt nivå. Arn vender tilbake til farsgården når han er 17, og oppdagar då at verda - og han sjølv - er blitt heilt annleis. Gjennom barndomsvenen Knut Eriksson blir Arn involvert i rivaliseringa og stridigheitene mellom dei ulike ættene som kjempa om makta i (det som etter kvart vart) Sverige. Omlag på same tid møter Arn den store kjærleiken; Cecilia Algotsdotter. Det blir planlagt bryllaup trass i at familiane er skeptiske til forholdet. Men så skjer noko som gjer at dei blir skilde frå kvarandre i 20 lange år.
Tempelridderen I denne boka får me følgja Arn som tempelriddar og borgherre i Gaza og Cecilia som nonne på Gudhem kloster. Begge skal oppleva mangt og gå gjennom mange prøvelsar. Det mest fascinerande i boka er det som handlar om det historiske Gaza - og her kan ein trekka linjene til dagens situasjon i området. Måten Guillou framstiller dei kristne korsfararane og muslimane (sarasenarane) på er veldig interessant. Vidare skildrar forfattaren fleire møte mellom to kloke leiarar som har respekt for kvarandre; tempelriddaren Arn Magnusson og den muslimske hærføraren Saladin. Mot slutten av boka er både Arn og Cecilia ferdige med soningstida si, men problema er likevel ikkje over.
Riket ved veiens ende Arn kjem tilbake til heimlandet, prega av alt det dramatiske han har opplevd, og med mykje rikdom og kunnskap om m.a. handel. Omsider vert Arn og Cecilia foreinte og startar på livet saman, men det blir ikkje heilt som forventa. Noko er personleg og noko skuldast krefter utanfrå; begge står nær personar som kjempar om kongsmakt. Storpolitikken og kampar om makt og kongekrone fører til blodige slag med fatale konsekvensar for samfunn og enkeltpersonar.
Arven etter Arn Arn er forlengst død når handlinga tek til i denne frittståande oppfølgjaren, så her er det etterkommarane det handlar om. Det er dessutan ei forteljing om korleis Sverige vart til eit samla land. Hovudperson er Birger Magnusson, Arn sitt barnebarn, - og me får følgja han frå han er ein ung gut og til han blir ein eldre mann. Ein kan kjenna att mange av Arn sine eigenskapar i Birger, men Birger framstår som barskare og meir omsynslaus. Birger Magnusson var ein verkeleg historisk person (levde 1210 - 1266) og er i ettertid mest kjent som Birger Jarl, riksforstandar, formyndarregent og grunnleggar av Stockholm. Han vart aldri konge, men var ei tid den egentlege regenten i landet. To av sønene hans vart kongar og ei dotter vart dronning av Noreg. Historiske fakta kombinert med fantasifull dikting fungerer fint. Arven etter Arn er (som dei andre bøkene i serien) ei lærerik og underhaldande bok, krydra med episodar og skildringar som gir liv til personane og driv i handlinga.
Bøkene er filmatisert (to filmar og ein TV-serie) - og det er også laga ein dokumentar om Arns rike der forfattaren sjølv er guide. I tillegg kan eg anbefala den glimrande dokumentarserien Historia om Sverige som ligg på NRK nett-TV.
I den 10. og siste boka om Avdeling Q er det tid for oppsummering, avslutning og samling av trådar. Forfattaren har sidan starten vore klar på at bokserien skulle omfatta 10 bøker - og no må me ta farvel med Carl, Assad, Rose og Gordon, ein gjeng fiktive menneske som mange lesarar er blitt oppriktig glad i gjennom serien. I den siste boka møter me igjen gamle kjenningar frå tidlegare bøker - og ringen vert på ein måte slutta. Har du ikkje lese serien vil eg rå til å lesa bøkene i kronologisk rekkefølge. Eg trur ikkje det gir nokon meining i å lesa Sju m2 med lås om du ikkje har lese dei foregåande.
Jussi Adler-Olsen skriv for å underhalda lesarane sine, og det har han hatt stor suksess med. Han er mellom dei mestseljande og aller mest popuære forfattarane, både i Danmark, Noreg og mange andre land. Han skriv gode forteljingar og er god på vekslingar: veksling mellom humor og alvor - og veksling mellom medkjensle med enkeltvindivid og kritikk av samfunnstilhøve.
I Avdeling Q jobbar dei med gamle saker, som oftast saker som er spesielt vanskelege og spesielt valdelege, og ofte med internasjonale forgreiningar. Etterforskingsmetodane er gjerne utradisjonelle og på kanten av det som er lovleg og akseptert. Bok nummer 9 slutta med at Carl vart pågripen i samband med at det er funne ein koffert på loftet i bustaden hans. Carl er - sjokkerande og ubegripeleg for både han sjølv og folk rundt han - mistenkt for drap og korrupsjon i samband med den gamle boltepistolsaka, - saka som me har fått små glimt av gjennom heile serien. I bok 10 får me løysinga, men før det skjer skal både Carl og mange andre gjennomgå mykje. Den formelle leiaren leiaren for Avdeling Q, som Carl har hatt eit OK forhold til, gjer ingen ting for å hjelpa han. Rose, Assad og Gordon får beskjed om å ikkje blanda seg inn - noko dei sjølvsagt gjer likevel. Carl er då også heilt avhengig av assistanse utanfor fengselet, for han er på ingen måte trygg der. Mektige bakmenn har utlova ein raus dusør til den som klarar å ta livet av Carl.
Nokre bøker i serien har hatt litt dårleg framdrift, men det gjeld ikkje denne. Nesten 500 sider kan virka avskrekkande for enkelte, men eg tykte ikkje at boka er for omfattande. Det er gjort plass til eit stort persongalleri, mange bihistoriar og fleire interessante handlingstrådar. Me møter lovbrytarar av mange typar og på mange nivå, og me møter folk som gjer sitt ytterste for å løysa ei særs vanskeleg sak.
Eg tykkjer at Adler-Olsen har fått til ei verdig avslutning av Avdeling Q-prosjektet sitt. Sju m2 med lås er ei bok med mange spenningstoppar og der det flatar noko ut mot slutten. Slik må det vel bli når det er mange ulike trådar som skal nøstast opp i. Slutten kunne fort blitt klissete og sentimental, men eg oppfattar han ikkje som det. Avslutninga er oppsummerande, oppklarande og rett og slett fin.
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
(Eg tenkte eg skulle ha avslutta med "andre bloggmeiningar" her, men eg har faktisk ikkje funne andre bloggomtalar så langt)
Bonnier norsk forlag 2024 381 sider Lånt ebok BookBites
Unni Lindell er ein favorittforfattar og eg gler meg alltid til å lesa bøkene hennar. Nesten utan unntak blir forventningane mine innfridde - og det vart dei også med årets bok. Eg har lese mange bøker av Lindell; barnesitatbøker, antologiar, julehefter, - men for meg er ho fyrst og fremst ein dyktig kriminalforfattar.
Cato Isaksen, Marian Dahle og Lydia "Snø" Winther er, gjennom 15 bøker, blitt kjende og kjære karakterar. Dette er tredje bok i Snø-serien, og sidan Marian Dahle (tidvis) er leiaren hennar, vert det gamle krimuniverset til Unni Lindell "halde levande". Samstundes tek ho i denne boka opp nyare tematikk som kunstig intelligens, gaming og gentesting.
Ei lita jente, Lucy, forsvinn frå barnehagen der ho går. Politi, tilsette og frivillige leitar desperat etter henne, men spor manglar og det er få vitne. Når det blir funne ei dokke opphengt i eit tre vert det slått full alarm. Ei liknande dokke med tilsvarande kjenneteikn vart nemleg funne då to andre i den same familien forsvann utan andre spor for omlag 30 år sidan. For etterforskarane handlar det no om å grava i den kalde saka og samanlikna med denne nye. Kva er samanhengen? Kven kjenner til alle detaljar frå den gamle saka?
Lesaren får vita at Lucy er blitt kidnappa av ein noko ustabil person, men at ho blir teken vare på, - i alle fall inntil vidare. For kven veit kva denne kidnapparen kan finna på sidan vedkommande lever i ei slags alternativ verd.
Boka handlar om "fedrenes synder", om relasjonar og familieforhold, om gener og arv. Eg hadde faktisk rett i mistanken min om kven kidnapparen kunne vera. Likevel vart løysinga overraskande, for eg såg aldri korleis og kvifor.
Eg la merke til at anmeldaren i VG saknar meir driv. Eg er litt enig, men tenkjer at den noko langsame starten gjer lesaren meir nysgjerrig på og interessert i karakterane. Drivet og spenninga tek seg då også kraftig opp utover i boka. Dukken i tauet er ei velskriven, velplotta og velkomponert historie som eg anbefalar.
Marit Reiersgård er omsider tilbake med ei ny bok i serien om politietterforskarane Bitte Røed og Verner Jacobsen. Dette er femte bok i serien, den forrige Det de døde vet kom ut i 2018.
Handlinga er lagt til Drammen og til Hallingdal. Tittelen på boka viser til ei gammal lokal segn om ein likstein som finst på fjellet i nærleiken av Flå. Dermed har lesaren alt fått litt uhyggestemning - før ein tek til på sjølve lesinga.
I Drammen vert ein mann funnen død; han er drept og nokon har lagt han i ei gammal rosemåla kiste. Verner Jacobsen er etterforskingsleiar i ei vanskeleg sak der det nesten ikkje finst spor. Samstundes er Bitte Røed i Flå; det er avtalt at ho skal møta Siri, ei gammal veninne. Men i siste liten har Siri avlyst avtalen. Bitte blir bekymra og tek kontakt med folk som kjenner Siri. Det viser seg at ingen veit kvar ho oppheld seg.
Eg røper vel ikkje for mykje når eg avslører at dei to sakene heng saman..
Reiersgård er god på kvardagsleg uhygge; ho skriv godt og med innleving. Etterforskarane sitt privatliv og forhold får passe stor plass, tykkjer eg. Det er som krydder i den øvrige handlinga.
Liksteinen er ei lettlest og stemningsfull bok som har eit finurleg og godt oppkonstruert plott. Miljøskildringane er fine og ein får sjå hendingar frå fleire ulike perspektiv. Litt for detaljert og overforklarande til tider kanskje, men utan at det går ut over heilskapsinntrykket. Avslutninga er spennande og veldig dramatisk for alle dei involverte.
Liksteinen og andre stadnamn med "lik i" er vanlege overalt her i landet. Nokre gonger har namnet opphav i gamle gravferdsskikkar og andre gonger i konkrete ulukker eller hendingar. I mi eiga heimbygd har me Likhella; ein flat stein eit stykke oppe i fjellsida. Her la dei frå seg lika og kvilte då fleire personar omkom i ei rasulukke i 1807. Det var tungt (på fleire måtar) når dei døde skulle berast ned frå fjellgarden til bygda og gravplassen.
Egentleg er ikkje feelgood-krim "min tekopp", men det finst unnatak. Når innhaldet, plottet, skrivestilen og språket er på nivå med denne boka - då må eg berre gi meg "ende over", som det heiter. 74 år gamle Håkan Nesser viser i denne boka både forteljarglede, vitalitet og kreativitet.
Eg var så heldig at eg fekk tilgang til lydboka i påsken, og dette er perfekt turlytting. Eventuelt peiskoslesing.
Handlinga er lagt til juletider 2020, det vil sei midt i koronapandemien. Dei fire søskena Rute har ikkje møtt kvarandre på lang tid, men no skal dei feira jul i lag. Det er eldstemann Ludvig (og "livsledsagersken" hans) som har invitert brødrene Lars og Leif og veslesyster Louise, samt Louise si dotter Linn og Lars si kone Ellen til herskapshuset i det snørike og fiktive Sillingbo. Det viser seg at Ludvig er alvorleg sjuk, og under opphaldet kallar han inn til eit møte kun for søskena. Etter dette møtet vert stemninga dårlegare og julekosen endå meir krampaktig enn før.
Så - natt til fyrste juledag skjer eit mord. Barbarotti og Backman entrar scenen, - det vil sei huset. På grunn av dårleg ver og av smittevernomsyn må dei juleferierande bli buande i huset der mordet har funne stad - saman med etterforskarane. Barbarotti er overtydd om at mordaren er ein av dei som oppheld seg i huset. Men kven av dei? Kva kan motivet vera? Kva er bakgrunnen for at Rute-søskena ikkje har hatt kontakt?
Omgivelsane og deler av tematikken minner om ein Agatha Christie-roman - og det er sjølvsagt hensikten. Ein får sterke assosiasjonar til klassisk britisk "puslespelkrim" når ein les.
Før ein kjem så langt som til det omtalte mordet får me ein lang innleiing der me vert presenterte for alle dei involverte personane. Det kjem klart fram at det handlar om ein familie som skjuler hendingar som fann stad for lenge sidan - og som ingen vil sei noko om. Det kjem nokre hint i denne delen av boka, utan at ein egentleg tenkjer over det.
Boka er stillfarande, langsam og pratsam - men har likevel god framdrift sidan forteljarperspektivet vekslar jamnleg. Etterforskinga dreg ut i tid med nye puslespelbrikker og teoriar etter at alle har forlate Sillingbo. Når løysinga ser ut til å vera opplagt og alt virkar avgjort, kjem det eit overraskande brev frå München.
Om eg skal pirka på noko med denne boka, må det bli den innlagde "spøkelseshistoria". Den er etter mi meining noko malplassert, men handlinga elles vart ikkje forringa av dette innslaget.
Det er alltid hyggeleg å "møta" Gunnar Barbarotti. Den underfundige og sympatiske etterforskaren og den slagferdige kollegaen og sambuaren hans Eva Backman er eit etterforskarpar ein blir oppriktig glad i. Persongalleriet elles vert skildra med varme og humor, i andre høve heller melankolsk - eller med ironisk snert der det passar inn.Det kom et brev fra München er nummer åtte i serien om Barbarotti, men kan godt lesast åleine. Det er ein "snill", velskriven og underhaldande kriminalroman som eg verkeleg kan anbefala.
I sirkelens sentrum er Dahl sin 21. roman. Det er ei bok som byr på jamnt stigande spenning og der ein blir introdusert for fleire interessante karakterar. Sidan dette er fyrste bok går det litt tid før ein blir kjend med dei ulike menneska og personlegdomane. Som i serien om A-gruppen handlar det ikkje om ein enkelt protagonist, men om ei heil etterforskingsgruppe. Perspektivet skiftar mellom deltakarane i teamet, og i tillegg finst det ei allvitande forteljarstemme.
Handlinga tek til med at ein bil blir sprengt i lufta, og deretter følgjer eit anna eksplosivt angrep. Begge angrepa har ein kryptisk - men også direkte - beskjed til kriminalsjef Eva Nyman. Då alt tyder på at det kan skje ei opptrapping vert det oppretta eit spesialteam med Nyman som leiar.
Det nyoppretta NOVA-teamet har fått ei klimaterror-sak på bordet. Den som peikar seg ut som mistenkt er den gåtefulle Lukas Frisell - politimannen som hoppa av etaten - og samfunnet - etter å ha mislukkast i ei tidlegare profilert sak. Kan han vera i stand til - og ha ressursar til - å gjennomføra så kompliserte angrep som det her er snakk om? Antagonisten er i alle fall like smart og oppfinnsam som det Frisell har vist seg å vera. Enkelte i NOVA er overtydde om at det er Frisell som står bak, eller i det minste har nøkkelen til det som har skjedd - og skal skje. For å komma vidare - og for å forhindra eit nytt katastrofalt angrep - er teamet nøydde til å samarbeida med eks-politimannen.
Samhaldet i NOVA-gruppa er sterkt, men også skjørt. Det skal bli spennande å sjå korleis forholda dei imellom utviklar seg framover. Alle dei fem medlemane har sine spesielle kjenneteikn, både når det gjeld utsjånad, temperament, livsstil og personlegdom. Det er Sonja Ryd som framstår som hovudperson i denne boka. Ho arbeider hardast og tenkjer kjappast, men slit med private utfordringar. Ein kan sei at Sonja Ryd er NOVAs Paul Hjelm og at Eva Nyman liksom er Jan-Olov Hultin (den som har lese serien om A-gruppen forstår kva eg meiner).
I sirkelens sentrum er ein knallbra kriminalroman; ei godt oppbygd historie med dramatiske hendingar og vendingar. Eg har sans for politikollektiv-romanar og eg likar forteljarteknikken og stilen. Boka har eit spennande og aktuelt tema og eit intrikat plott. Her er vekslande tempo, treffsikre karakteristikkar og truverdige hovudpersonar. Arne Dahl kan krimhandverket og brukar verktøya effektivt. Dessutan: Ein cliffhanger av det uuthaldelege slaget gjer at eg knapt klarar å venta på neste bok!
Eg kunne ha gitt boka ein seksar, men føler vel at forfattaren har enno meir å gå på.