31. august 2019

Oppsummering august 19

Påbyrja i juli, fullført i august:
Malin Persson Giolito - Utover enhver rimelig tvil - Svensk krim - Lyd Storytel
Cilla og Rolf Börjlind - Springflo - Svensk krim - Kjøpt papirbok (OTS)

Lest i august:
Mikael Niemi - Koke bjørn - Svensk roman - Lånt papirbok privat
Leif G.W. Persson - Kan man dø to ganger - Svensk krim - Lånt lydbok eBokBib
Tor Åge Bringsverd - Gobi 4: Min prins - Norsk roman - Lyd Storytel
J.D. Barker - Den fjerde ape - Amerikansk krim - Kjøpt ebok
Agnes Lovise Matre - Iskald - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
Tor Åge Bringsverd - Gobi 5: Baghdad - Norsk roman - Lyd Storytel

Påbyrja i august, fullførast i september:
Are Kalvø - Hyttebok frå helvete - Humor/satire - Papirbok fått i gåve
Jørgen Brekke - Menneskehunger - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib



4 lyd, 2 papir, 2 ebøker
3 lånt, 3 abonnement, 2 kjøpt
5 krim, 3 romanar
3 norske, 4 svenske, 1 amerikansk
5 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Börjlind x 2, Barker

Ekstremt travelt på jobb for tida, noko som har gått litt ut over lesinga, men særleg blogginga denne månaden. Eg har håp om at ting skal roa seg litt i løpet av september slik at eg får skriva litt om dei bøkene eg har lest.

7. august 2019

Tommi Kinnunen - ein finfin finne

Eg har begrensa erfaring med finsk litteratur og finske forfattarar. Eg kan vel telja dei på ei hand; Sofi Oksanen, Arto Paasilinna og Tove Jansson er dei eg kjem på i farten - og no kan eg leggja til eit nytt bekjentskap; Tommi Kinnunen. Eg fekk Der fire veier møtes av denne forfattaren anbefalt på det sterkaste - og sjølv om eg var skeptisk (eg blir gjerne det av sterke anbefalingar), starta eg på boka. Det viste seg å vera ein ualminneleg bra roman. Så bra at eg rett etterpå også las oppfølgjaren Lyset bak øynene. Eg set pris på slike uventa positive leseopplevingar. Tommi Kinnunen skriv finfine bøker.

Boka er meir kjend med eit anna omslag,
men eg har valgt å bruka det du ser her.
Dette coveret er mykje finare, tykkjer eg, men er
kanskje litt for romantisk?

Der fire veier møtes

Pax 2016
308 sider
Lånt papirbok privat


Ein slektsroman som handlar om vanskelege par- og familieforhold, om ting som vert halde skjult i årevis og om kvardagsleg strev og slit. Tema som kan virka velkjent og velbrukt i litteratursamanheng, men dette er likevel ikkje ein heilt vanleg roman med heilt vanleg innhald.

Kinnunen har nemleg bygd opp boka på ein heilt spesiell måte; ukronologisk og med fire ulike forteljarstemmer. Dei enkelte kapitla er avsluttande små historiar, som noveller, med detaljerte skildringar og skarpe tidsbilete. Lesaren får, via dei ulike perspektiva, gradvis og langsamt, innblikk i ein stor familie. Om forholda dei har til kvarandre, om generasjonsmotsetningar, om at ein kan kjenna seg uendeleg einsam sjølv m ein er ein del av stor familie i eit folksamt hus. Og om forholda i bygda og om korleis samfunnet utanfor har endra seg på ulikt vis dei siste hundre åra.

Der fire veier møtes er forfattaren sin debutroman, og eg er verkeleg imponert. Både innhaldet i boka og måten ho er oppbygd på gjorde inntrykk. Terningkast 5.


Lyset bak øynene

Pax 2017
331 sider
Lånt papirbok privat

Dette er ein frittståande oppfølgjar der me møter att mange av dei same personane som i den fyrste boka. Hovudkarakterane er Helena, som er blind, og nevøen hennar, Tuomas, som er homofil. Dei er begge utanfor "normalen" og dei forstår kvarandre - og likevel ikkje.

Livet vert ikkje alltid som forventa, noko både Helena og Tuomas får erfara. Me får følgja dei to hovudpersonane frå tidleg barndom, gjennom utfordrande ungdomsår og i vaksen alder. Sidan dei høyrer til to ulike generasjonar er det også i denne boka litt hopp att og fram i tid.

Lyset bak øynene skildrar sterke kjensler og er heilt på grensa til å bli oversentimental, men er innafor grensa. Det er ei gripande bok som etter kvart gjorde like sterkt inntrykk som Der fire veier møtesTerningkast 5-.

5. august 2019

Sommarlesing del 2: Mikroomtalar og oppsamlingsheat

Superkorte overfladiske omtalar er vel betre enn ingen omtalar? Fleire av bøkene nedanfor er forlengst utlest og enkelte av dei; alt tildels gløymde. Google bøkene om du vil lesa meir om dei.


Kald angst av Mads Peder Nordbo
(Gyldendal 2019)
Dansk krim, handling frå Grønland. Framhald av Jenta uten hud. Uvant miljø og interessante protagonistar. Terningkast 4.

Heksens tid av Arni Thórarinsson
(Cappelen Damm 2010)
Ny forfattar for meg. Islandsk krim med mørke stemningar og langsam stil. Irriterande opplesar forringa leseopplevinga. Terningkast 3-.

Frosten og døden av Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden
(Samlaget 2018)
Bok nummer fire i bygdekrimserien med handling frå Lom. Lettlest og enkel, men ikkje banal. Fine miljøskildringar, litt dårleg tempo. Terningkast 3+.

Jeg er nummer 13 av Øistein Borge
(Font 2018)
Den tredje (og hittil beste) i Bogart Bull-serien. Groteske og avanserte drapsmetodar. Bra driv og spennande avslutning. Terningkast 4+.



Ikke et lik for mye av Jørgen Jæger
(Juritzen 2018)
Ei samling noveller av ujamn kvalitet, dei fleste med overraskande avslutningar. Ole Vik er med i fleire av forteljingane. Terningkast 4.

Intrigo av Håkan Nesser
(Gyldendal 2018)
Fem svært gode/velskrivne/underfundige noveller/kortromanar, kun ei av dei (tittel: 'Tom'), er nyskriven. Gledeleg gjenlesing med 'Rein' og den geniale 'Kjære Agnes', samt ytterlegare to historiar. Terningkast 5.

Utover enhver rimelig tvil av Malin Persson Giolito
(Cappelen Damm 2018)
Ingen snarvegar her; historia om eit muleg justismord er både truverdig og grundig utført. Litt for omstendeleg, noko som går ut over spenninga. Terningkast 4+.

Springflo av Cilla & Rolf Börjlind 
(Gyldendal 2011)
Fyrste bok i serie, omsider tatt fram frå hylla. Brukbar spenning, mange handlingstrådar, fleire originale karakterar. Lite truverdig, men likevel lovande. Terningkast 4.