28. desember 2022

Statistikk: Leseåret 2022

Før ein blar over til 2023 i kalendaren, kan det vera på sin plass med eit lite tilbakeblikk på året som har gått. Årsstatistikken er laga for min eigen del, samt for eventuelle lesarar/følgjarar som kan ha ei viss interesse av dette.
Eg reknar med at eg vert ferdig innan årsskiftet med den eine av dei to bøkene eg held på med i skrivande stund (Edderkoppen), så den er rekna med i årsoppsummeringa.

(Fjorårets tal i parentes)

Til saman
109 bøker (116)
- over 500 sider: 14 (12)

Sjanger
61 krim-, thriller- og spenningsromanar (75)
13 andre romanar (11)
33 sakprosa (25)
- av desse 10 biografiar (12)
2 novellesamlingar (5)

Format
23 papirbøker (35)
23 ebøker (18)
63 lydbøker (63)

Alder
72 av bøkene var utgitt i åra 2010 - 2021
30 i 2022 (36)
- av dei 13 norske (19)
Utgitt før 2010: 7 (9)

Kjelder
61 lånt - privat, bibliotek og BookBites (61)
41 Storytel-abonnement (45)
7 kjøpt sjølv (7)
Fått i gåve 0 (3)
Lese-/lytteeksemplar: 0 (0)

Terningkast
Terningkast 6: 1 bok (1)
Terningkast 5: 28 bøker (26)
Terningkast 4: 64 (76)
Terningkast 3: 16 (10)
Terningkast 2: 0 (3)
Terningkast 1: 0 (0)

Forfattarar
27 "nye" forfattarar (24)

Kjønn
86 bøker skrivne av menn (77)
25 av kvinner (43)

Nasjonalitet
64 bøker skrivne av norske forfattarar (62)
19 av svenske forfattarar (18)
9 britiske (13)
8 amerikanske (4)
5 danske (2)
2 finske (0)
1 fransk (3)
1 islandsk (1)

I 2022 las eg flest bøker av
David Baldacci, Gunnar Staalesen og Jens Henrik Jensen - 3 bøker av kvar.
- For alle dei øvrige vart det ei og to av kvar.
- Med unnatak av to ('304 dager' og 'Full spredning') har eg fullført alle påbyrja bøker.

Elles er hovudpunkta frå statistikken følgjande:
- Fordeling på sjanger er omlag som i fjor (og i alle år), dvs. stor overvekt av krimromanar.
- Overraskande mange sakprosabøker.
- Langt over halvparten av årets bøker er av norske forfattarar.
- Ufatteleg skeiv kjønnsfordeling. (Det blir verre og verre, og det heng saman med lesesmaken min)
- Nesten alle bøkene eg las var anten lånebøker eller abonnementbøker (Storytel). Eg seier nei takk til gratis leseeksemplarar, men brukar likevel lite pengar på bøker.
- Det formatet eg brukar desidert mest er lydbøker (gjennomsnittleg 5,25 pr. månad) - og det vert færre og færre papirbøker (gjennomsnittleg 2 stk pr. månad)

Lesemål 2022

109/100 bøker totalt
13/10 mursteinar (over 500 sider)
10/10 biografiar
23/10 annan sakprosa
10/15 bokomtalar
28/20 nye forfattarar

5 av 6 delmål vart nådd med god margin, men heller ikkje dette året vart det så mange bokomtalar som ønska/forventa. Sidan mange bøker har blitt vurdert/omtalt i diverse mini-/samleomtalar seier eg meg likevel nøgd.

Lesemål 2023?
Det er egentleg ikkje noko viktig om eg når lesemåla eller ikkje, så eg har funne ut at det ikkje er noko poeng i å ha slike mål. Det får halda at eg fører statistikk gjennom heile året. For statistikk og oppsummeringer - det skal det framleis bli!

Årets beste leseoppleving
og einaste terningkast 6 vart januarboka Etter åndemaneren av Kim Leine. Eg ga dessutan toppkarakter til gjenlesinga av hundreårs-trilogien til Gunnar Staalesen.


Fortsatt god romjul! 
Ynskjer alle eit godt nytt leseår!

22. desember 2022

Bokomtale: Karolines kjærlighet av Kim Leine

Cappelen Damm 2022
414 sider
Lånt ebok BookBites

Kim Leine - mest kjent for Grønlandstrilogien - 'Profetene i Evighetsfjorden', 'Rød mann/sort mann' og 'Etter åndemaneren' - har starta på eit heilt nytt og heilt annleis prosjekt. 
Ut frå tittelen på boka skulle ein nesten tru at det er ein dameroman. Det er det ikkje. Det er også noko heilt anna enn 1700-talet og "galskap og gørr på Grønland". 

Karolines kjærlighet er fyrste bok i ein ny trilogi. Handlinga er lagt til "nesten notid" og me befinn oss innan det som kan kallast spenning-/politisk-/agentroman-sjangeren. 

Me møter Karoline Blicher i 2013. Ho er på dette tidspunktet utstasjonert som assisterande forsvarsattachè i Moskva. Samstundes går det rykter i det diplomatiske og politiske miljøet om ein nær foreståande russisk invasjon/anneksjon av Krim. Karoline vert i samband med dette oppfordra til å bli "ekstra godt kjent med" Mikhail Petrov, ein mann tilknytta det russiske kulturdepartementet - men ein forstår at han har andre forbindelsar og truleg andre motiv. Det noko spesielle oppdraget fører til at Karoline får eit heitt forhold til Petrov. Men høgdepunktet under Moskvaopphaldet er likevel, etter Karoline sitt syn, møtet med sjølvaste Vladimir Putin. 

Etter ei tid gjer den russiske etterretningstenesta eit forsøk på å verva Karoline til si teneste - og opphaldet i Moskva vert avslutta. Tilbake i Danmark legg Karoline tilsynelatande alle kort på bordet til den danske etterretningstenesta. Karoline konsentrerer seg etter kvart meir om heimlege saker og vert politisk aktiv i det populistiske og nasjonalkonservative partiet Demokratisk Alliance. Men kjenslene og kjærleiken hennar er framleis i Moskva. 

Karoline sin ekskjæreste er journalist og kjem på sporet av noko som både russisk etterretning og dansk media er ute etter - men for Karoline kan ei eventuell avsløring vera svært øydeleggjande, både personleg, familiært og profesjonelt. 

Dette er opptakta til boka og det som etter kvart skal bli ein trilogi. Boka er innhaldsrik og Kim Leine er ein framifrå forteljar. Men når ein tenkjer på (og kanskje ubevisst; samanliknar med) Grønlandstrilogien - er denne ganske tam. Eg forventa noko heilt anna enn det eg fekk - og eg måtte liksom justera forventningane mine undervegs i lesinga. Då eg hadde fått "ommøblert" inne i hovudet mitt vart det etter kvart ei god leseoppleving. Men starten er veldig treg, og eg meiner at framdrifta tidvis er for dårleg. I alle fall sidan boka vert marknadsført som ein "intens spenningsroman". 

Karolines kjærlighet er meir interessant enn spannande. Eg ser på boka som ein bra start på det som altså skal bli ein trilogi. Handlinga og karakterane i boka er oppdikta, men bakteppet er realistisk og tematikken er aktuell. Hendingar det siste året har synt oss at koblingane mellom dansk (og nordisk) høgrepopulisme og russisk nasjonalisme ikkje er så urealistisk som ein skulle tru. 

Karoline er ein fascinerande og forholdsvis truverdig karakter - som slett ikkje er vidare sympatisk. Tvert om; ho har nokså ekstreme haldningar og syner rett som det er sider av seg sjølv som er heller usmakelege. 

Hovudtema i boka er korleis Karoline brukar makta si og på den andre sida; korleis ho vert brukt av andre. Kvar er lojaliteten hennar? Kva og kven er Karoline sin egentlege kjærleik? Kva og kven er det ho sviktar? Kva kan ho tapa på vegen mot det målet ho har sett seg? For målet - i alle fall så lenge - det er å bli statsminister i Danmark. 

Sjølv om boka ikkje vart heilt innertiar for meg, ser eg fram til å lesa meir om Karoline.

4. desember 2022

Kort om: Løpe ulv av Kerstin Ekman

Aschehoug 2022
176 sider
Lånt papirbok privat

Løpe ulv er ei kort bok og ei stillfarande forteljing - som rommar mykje meir enn ein skulle tru. Boka handlar om jakt og hundehald, om å bli gammal, om å sjå tilbake på det levde livet. Men framfor alt handlar det om klima og miljø; om nærleiken til og endringar i naturen.

Forfattaren Kerstin Ekman, fødd i 1933, leverer framleis. Det er svært imponerande. Etter mi meining er denne boka, om ikkje akkurat eit mesterverk, så i alle fall ei utruleg fin leseoppleving. 

Hovudperson og forteljarstemme er 70 år gamle Ulf Norrstig. Han er  leiar i det lokale jaktlaget og pensjonert skogforvaltar. Ulf har vore jeger i alle år og skote mange dyr. Når me møter han innleiingsvis sit han ein vintermorgon i ei gammal campingvogn med kikkert og rifle innan rekkevidde. Og så dukkar det opp ein heilt spesiell ulv:
"Jeg så de lyse øynene hans, litt skråstilt med en smal, mørk ring rundt. Og håret inne i ørene så jeg. Det var en smal, svart kant rundt dem også. Ellers fremsto han i hvitt og grått. Forbeina var veldig lyse. Jeg vet ikke hvor lenge det kan ha vart. Det var som om tiden ikke fantes."
Møtet med ulven skal komma til å endra Ulf sitt liv og tankegang. Han vert heilt overvelda og vurderer ikkje ein gong å skyta dyret. Han identifiserer seg sjølv med ulven på ein måte - han "løper ulv".
Ulf fortel ikkje om møtet med ulven til nokon, heller ikkje til kona Inga. Dette trass i at dei har levd lenge i lag og har eit godt og nært forhold til kvarandre. Ekman skildrar samhaldet mellom dei to; verdien av å ha ein støttande livspartnar ved si side når livet blir vanskeleg. Inga forstår at noko er galt sidan den elles så fåmælte mannen hennar er endå tausare enn før. Ulf vert alvorleg sjuk og er samstundes på veg inn i eit indre mørke. 
 
Menneskeskapte klimaendringar og uforsvarleg skog- og viltforvaltning er bakteppet i romanen. Ekman fortel om kvardagslege lokale hendingar og set det inn i eit større globalt perspektiv på ein overbevisande måte. Ho verken romantiserer eller dømmer, men set i gang refleksjon og ettertanke hos lesaren. 

Forholdet mellom menneske, natur og dyr vert skildra på ein fin måte. Her er Ulf på tur med den nye hunden sin:
"Han løp. Han var lykkelig. Hunder med sitt korte, intense liv har alltid gitt meg glede. De vet ingenting om døden og heller ikke om utdøelse. De har fått meg til å forstå og å føle deres glede i nuet. Gleden i å løpe. Å være hjemme i store områder. Å finne vann. Jeg sitter og ser på drivende dis og skyer mens jeg venter på ham."
Løpe ulv er ei veldig bra bok som verkeleg kan anbefalast. 
Andre bloggmeiningar: Med bok og palett, Bentebing's weblog, LeffesLab, Claus leser, Ågots bokblogg

Denne korte omtalen blir lagt inn som eit smakebit på søndag-bidrag på bloggen Betraktninger.

1. desember 2022

Oppsummering november 22

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Gert Nygårdshaug - Quintessence - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Jens Henrik Jensen - Gladiator - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites

Lest i november:
Kim Leine - Karolines kjærlighet - Dansknorsk roman - Lånt ebok BookBites
Alfred Fidjestøl - Mine kamper - Biografien om Drillo - Norsk biografi - Lyd Storytel
Knut Nærum - Sitt ned og hold kjeft - Norsk humor/satire - Lyd Storytel
Kerstin Ekman - Løpe ulv - Svensk roman - Lånt papirbok privat
Emelie Schepp - Bjørnen sover - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Jane Casey - Oppgjør - Britisk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Torkil Damhaug - Hund uten grav - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tomm Kristiansen - Afrikanske fortellinger - Dokumentar/ Personleg beretning - Lyd Storytel

5 lyd, 2 ebøker, 1 papir
5 lånt, 3 abonnement
3 krim, 3 andre romanar, 1 biografi, 1 humor
3 norske, 2 svenske, 1 dansknorsk, 1 dansk, 1 britisk
5 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Fidjestøl

November vart ein lesemånad på det jamne; 8 fullførte bøker og greie leseopplevingar. 

Månadens høgdepunkt: Løpe ulv, utan tvil. At boka vart nominert til Nordis Råds litteraturpris er ikkje ufortent. Bloggomtale kjem.
Biografien om Drillo likte eg óg veldig godt, men så er eg vel å merke meir enn gjennomsnittleg fotballinteressert. Fokus i boka er (mest) på fotballkampar og ikkje (så mykje) på mennesket Egil Olsen.

Månadens nedtur: Sitt ned og hold kjeft av Knut Nærum. Ironisk om sjølvtillit og sjølvhjelpsbøker. Litt humring og gode poeng innimellom, men sidan boka kom ut i 2010 har ho gått ut på dato. 
Oppgjør - bok 2 i Meave Kerrigan-seiren - vart eit knepp ned frå forrige bok. Krimhistoria er OK, men boka inneheld altfor mykje uinteressant fyllstoff som burde vore luka vekk.

"Eitt knepp ned" vart det også for forfattarane Kim Leine, Gert Nygårdshaug, Jens Henrik Jensen og Emelie Schepp. Bra bøker for all del, men dei har alle levert betre ved tidlegare høve.
Omtale av Quintessense er alt publisert. Omtale av Karolines kjærliget kjem. Og kanskje dei andre blir med i ein kommande samleomtale.

Eg er i skrivande stund i gang med to veldig bra bøker, så årets siste lesemånad byrjar i alle fall bra. 

22. november 2022

Bokomtale: Quintessence av Gert Nygårdshaug

Cappelen Damm 2022
247 sider
Lånt ebok BookBites

Gert Nygårdshaug (f. 1946) debuterte alt i 1966 og dette er den 43. boka han har gitt ut. Den nye boka hans har ein heilt uforståeleg tittel, - noko som var med på å gjera meg veldig nysgjerrig. Det er alltid stas med ny bok frå Nygårdshaug, men så veit ein liksom aldri kva han kan finna på. Eg har erfart fantastiske leseopplevingar - men også små nedturar når det gjeld bøkene hans.

Det er nokre element som alltid er med i Nygårdshaug sine bøker: Klima og miljø-problematikk, astronomi og gastronomi. Samt sære/rare namn på karakterane og gjerne kjempelange setningar med berre semikolon og komma. Dette siste er det ikkje så mange eksempel på i denne boka, så ho er lett å lesa. Men kjærleiken til naturen, fascinasjonen for stjerner, galaksar og universet og interessa for god mat og godt drikke - alt det er i høgste grad til stades i Quintessence.

Hovudperson i boka er Olion Soleng. Han er barnebarn av Gotvin Soleng som me møtte såvidt i Afrodites basseng og som er hovudperson i Prost Gotvins geometri og Fortellernes marked. Det er såleis ein fordel å ha eit visst innblikk i Nygårdshaug sitt forfattarskap før ein les Quintessence. Då skjønnar ein også at ein må vera open for surrealistiske krumspring og usannsynlege hendingar. 

Tilbake til Olion. Han er 33 år, jobbar på statsministerens kontor og er fullstendig upolitisk. Men så, på ein av dei aller fyrste sidene skjer det noko: Den overvektige fru statsminister døyr i ei bisarr ulukke rett framfor augene på Olion og nokre andre sjokkerte vitne. Denne hendinga vert starten på eit nytt liv for Olion; eit nytt liv der han opplever fleire uforklarlege ting, der han møter ei ung kvinne som han blir betatt av og der han reiser tilbake til forfedrane sin heimstad. Og der den tidlegare så upolitiske Olion plutseleg befinn seg midt i ein politisk demonstrasjon med parolen "nei til monokulturelt landbruk!"

Elles er det ikkje så enkelt å gje noko handlingsreferat, for utover at Olion flyttar til Nord-Østerdalen skjer det egentleg ikkje så veldig mykje. Det er lite framdrift; det er tankar, prat, pludring og kvardagar - og enkelte pussige situasjonar. Undervegs får ein også, som vanleg frå denne forfattaren, stadig nye miniforedrag om ulike forhold. Romantikk og erotikk er det også plass til, samt nokre velfortente spark til byråkratar og politikarar.

Men den generelle bodskapen i denne boka, som i tidlegare Nygårdshaug-bøker, er dette: å ta vare på jorda og naturen og å ha respekt for framande kulturar og urfolk sine verdiar.

Når Nygårdshaug vender seg til lesarane sine på Facebook er gjerne overskriftene: Sprute mitt blekk! Juble min penn! Daske mitt tastatur! Eg set pris på den sprudlande forteljargleda, den leikne fantasien og den sære humoren.

Så ja - eg kosa meg medan eg las denne boka, nesten heilt til slutt. For den opne og brå avslutninga fann eg ikkje heilt ut av. Kanskje eg må låna boka ein gong til og lesa det siste kapittelet på nytt? Eg forstår framleis ikkje kva "quintessence" betyr.. 

17. november 2022

Norsk krim 2022 del 4

Nye bøker i Anton Brekke-serien og K2/Patricia-serien denne hausten:

Cassandra-saken av Jan-Erik Fjell
Bonnier norsk forlag 2022
Speletid 9:50
Lånt lydbok BookBites

12 år etter at den fyrste boka Tysteren kom ut er Fjell klar med bok nummer ni om Anton Brekke. Serien har vore ein suksess; forfattaren har etablert seg som ein av landets beste og mest leste krimforfattarar og bøkene hans er oversette til fleire språk. Lista er såleis lagt høgt når ein skal ta til på den niende boka. 

Anton, no eks-kriposetterforskar, har det ikkje heilt greitt i denne boka. Han trivst ikkje som "navar", og når ei ung dame henvender seg til han om ei (muleg) uoppklart kriminalsak, tek han på seg eit slags privatdetektivoppdrag. Anton finn raskt ut at alt er ikkje slik som det skal vera i den aktuelle saka. Mykje tyder på eit justismord.
Magnus Torp, Anton Brekke sin "sidekick" i bokserien, jobbar parallelt med ei anna drapssak. Som lesar blir ein ikkje veldig overraska over at dei to sakene har ein samanheng.

Samspelet mellom Brekke og Torp er noko av det som gjer serien leseverdig. Dette samspelet og samarbeidet er etter kvart blitt betre og meir truverdig. Cassandra-saken er ei grei krimbok; lettlest, velskriven og med bra flyt. Enkelte overraskingar får ein også undervegs, og plottet er forståeleg og heng saman. Men eg saknar litt meir spenning, litt meir nerve.

Helge Winther-Larsen si lydbokstemme passar bra til Anton Brekke si forteljarstemme.
Terningkast 4+.

Søskenmysteriene av Hans Olav Lahlum
Cappelen Damm 2022
298 sider
Lånt ebok BookBites

Lahlum sin retrokrimserie er no kommen til bok nummer 10 og året 1973. Kolbjørn Kristiansen, K2, har òg komme på kant med sin gamle arbeidsplass og har etablert seg som privatdetektiv. Oppdraga står ikkje akkurat i kø, men så får K2 (som Brekke) besøk av ei ung dame med ei heilt spesiell utfordring. Og som i boka over handlar det om at det truleg var feil person som vart pågripen og dømd i ei tidlegare drapssak. 

Denne serien er heilt annleis enn andre nye krimseriar, samstundes som serien er tru mot dei klassiske formlane innan kriminallitteratur. Her er det langsamt, puslespelaktig og omstendeleg - men slett ikkje uinteressant. 
K2 sitt kjærleiksliv og forholdet til Patricia er heldigvis litt meir neddampa denne gongen. Innimellom er K2 (og Lahlum) ufrivillig morosame; det er litt irriterande, men mest sjarmerande.
Eg ser på Søskenmysteriene som mellom dei beste bøkene i serien.
Terningkast 4.

7. november 2022

Haustlesing: Svensk seriekrim

Dei tre bøkene nedanfor er alle nummer to i serie. Er "den vanskelege andreboka" ein myte eller er det noko i det?

Synkehull av Tove Alsterdal
Gyldendal 2022
339 sider
Lånt ebok BookBites

Bok nummer 2 i serien der den unge politietterforskaren Eira Sjödin er hovudperson. Handlinga er lagt til Nord-Sverige, så ein kan sei at det er svensk bygdekrim - eller nordkalott-krim.

Forfattarar som Åsa Larsson, Stina Jackson, Liza Marklund og Mikael Niemi, ja faktisk også Arne Dahl har alle skrive bøker med handling frå dei nordlegaste delane av Sverige, men den som sette landsdelen på krimkartet var Kerstin Ekman.
Somme har sagt at denne boka tydeleg er inspirert av Ekman og hennar Hendelser ved vann, men det er å dra det altfor langt. Vel har Tove Alsterdal ein god penn, men ho er ikkje på Ekman-nivå.

Alsterdal skildrar både personar, relasjonar, natur og miljø på ein levande måte, men det er veldig langsamt - til tider nesten stilleståande. Den fyrste boka Rotvelte er også langsam, men mangel på tempo er meir påfallande her. Det er naturleg og realistisk at ei drapsetterforsking går seint og står i stampe, men skal ein lesar halda på interessa gjennom ei heil bok bør handlinga ha ei viss framdrift. Det ligg likevel ei underliggjande spenning der - som stig mot ei dramatisk (men forventa) avslutning. Terningkast 4-.


Rottekongen av Pascal Engman
Gyldendal 2021
397 sider
Lånt papirbok privat

Denne forfattaren hadde gått "under radaren" for meg og eg gjekk rett på bok 2 i om Vanessa Frank. Den er overraskande bra; velskriven, velkomponert og med god framdrift. Hovudpersonen er kul og gjerningspersonane skikkeleg fæle.

Tematikken er ubehageleg: Det handlar om menn som hatar kvinner; såkalla incels. Det vil sei menn i ufrivillig sølibat og som føler seg oversett og avvist av kvinner - og som lagar seg eit digitalt nettverk.

Startar forrykande - sidan flatar det meir ut - men så dreg det seg til igjen mot slutten. Boka er samfunnsaktuell, spennande og engasjerande. Ho er lettlest med korte kapittel frå ulike perspektiv. Dei mange sidehistoriane vert fletta inn i hovudhistoria på ein oversiktleg og overbevisande måte. Terningkast 5-.


Lekene av Bo Svernström
Cappelen Damm 2021
Speletid 12:15
Lyd Storytel

Bok 2 om politietterforskar Carl Edson - men denne er egentleg ganske frittståande og kan lesast åleine. Enno eit ubehageleg tema som dessverre også er realistisk; barn som dreper barn - og som sannsynlegvis er uskuldige. 

Då Robert var 11 år gammal drap han sin jamngamle leikekamerat Max. Eller gjorde han det? Sjølv hugsar han ingenting av hendinga - men det har så klart prega han heile livet. Mange år etter vert han kontakta av journalisten Lexa som gjerne vil skriva om saka. Omlag samstundes vert ei ung jente funnen død i det same området som Robert har opphalde seg. Merkelege hendingar og mystiske tilfeldigheiter fører politiet til Robert - medan Robert, på si side, vert opprørt, sint og forvirra. Samstundes hugsar han meir og meir av det som hende den gongen for lenge sidan. Kan Lexa hjelpa han? Kan ho stola på han? Er Robert eit offer eller ein kaldblodig barnemordar? 

Lekene vart aldri så intenst spennande som den fyrste boka, Ofrenes offer, men det er så absolutt ein bra (men litt for lang) krimthriller. Eg likar at forfattaren kjem med nye innspel og overraskande tvistar undervegs. 
Haakon Strøm er ein god opplesar av lydboka. Terningkast 4+.

1. november 2022

Oppsummering oktober 22

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Øistein Borge - De nakne - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Bo Svernström - Lekene - Svensk krim - Lyd Storytel

Lest i oktober: 
Hans Olav Lahlum - Søskenmysteriene - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Pascal Engman - Rottekongen - Svensk krim - Lånt papirbok privat 
Tomm Kristiansen - Mørk safari - Biografi/dokumentar - Lyd Storytel
Levi Henriksen - Ned ned ned - Noveller - Lyd Storytel
Jan-Erik Fjell - Cassandra-saken - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Tove Alsterdal - Synkehull - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Påbyrja og ikkje fullført
Nina Lykke - Full spredning - Norsk roman  [avbraut]

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Gert Nygårdshaug - Quintessence - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Jens Henrik Jensen - Gladiator - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites

4 lyd, 3 ebøker, 1 papir
5 lånt, 3 abonnement
6 krim, 1 biografi, 1 novellesamling
5 norske, 3 svenske
7 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Kristiansen, Engman (+ Lykke)

Høgdepunkta i oktober vart (noko overraskande) ei bok av ein (til no) ukjent svensk krimforfattar, ein biografi utgitt fyrste gong i 1998 og ei novellesamling frå 2004.

Rottekongen er nummer to i serie, men den fyrste eg har lest av Pascal Engman. Den ga meirsmak.
Eg hadde heller aldri lest noko av Tomm Kristiansen før, men kjenner godt til han som journalist og tidlegare Afrika-korrespondent. Mørk safari er biografien om Henry Stanley (han som kom med den velkjende replikken «Dr. Livingstone, I presume?») og er interessant, grundig, lærerik og velskriven. Samt godt opplest av forfattaren sjølv.
Den tredje boka som får terningkast 5 av meg denne månaden er novellesamlinga Ned ned ned av Levi Henriksen. Eg likar romanforfattaren Henriksen, men er enno meir begeistra for novelleforfattaren. I novellene i denne boka vert det fortalt om dei nære ting og om store og små utfordringar livet gir. Også denne lydboka vert lest av forfattaren.

Eg kan anbefala både Cassandra-saken, Synkehull, Lekene og De nakne, men tykkjer nok at både Fjell, Alsterdal, Svernström og Borge har levert betre ved tidlegare høve. Søskenmysteriene av Hans Olav Lahlum er mellom dei beste i retrokrimserien om K2 og Patricia, men eg kan likevel ikkje strekka meg lenger enn til terningkast 4+. 

Nina Lykke har gitt ut ny bok no i haust, og det har fått ei viss merksemd. Eg fann då ut at det var på tide for meg å lesa Full spredning - Brageprisvinnar i 2019. Eg var skeptisk på førehand, for norske samtids- og samlivsromanar er ikkje akkurat mi greie. Vel - eg gjorde eit forsøk, men det viste seg at skepsisen var på sin plass. Eg likte rett og slett ikkje den masete og klagande forteljarstemma/hovudpersonen og den dårlege humoren - så eg ga opp.

I november skal eg prøva å få litt meir liv i denne bloggen. Det har vore lite aktivitet dei siste månadene.
(Eg skriv dette her for å leggja litt press på meg sjølv)

6. oktober 2022

Norsk krim 2022 del 3

Her kjem nokre korte og kjappe omtalar/vurderingar av tre nye norske krimbøker. Det handlar om den 13. boka i Harry Hole-serien, den andre i Unni Lindell sin nye serie om Lydia Winther ("Snø") og bok 5 i serien om Bogart Bull. Eg likte alle tre bøkene veldig godt, og dei hadde vel "fortent" grundigare omtalar enn det du kan lesa nedanfor. Men slik vart det.


Blodmåne av Jo Nesbø
Aschehoug 2022
487 sider
Lånt papirbok privat (+ lånt lydbok BookBites)

Ei bok eg berre måtte ha tak i med ein gong ho kom ut. Slik har det egentleg vore sidan eg las den fyrste Harry Hole-boka i 1997. Eg er stor fan av Jo Nesbø sin skrivestil og veldig glad i og fascinert av antihelten Harry Hole.
Forventningane var såleis høge til denne, og eg må sei dei vart innfridde - etter kvart. For boka startar ganske tregt - og eg vart litt frustrert av at eg ikkje kom skikkeleg inn i handlinga med ein gong.
Forfattaren brukar nemleg ein del tid - mange sider og mange ord - på å presentera nye og gamle karakterar, skissera problemstillingar og bygga opp handlingstrådar. Biletet vert gradvis klårare og dermed stig også spenninga. Ein vert skikkeleg nysgjerrig på kva som skal skje vidare - og uroleg for korleis det heile skal enda.

Når me møter Harry Hole i starten av boka befinn han seg i Los Angeles, i ferd med å drukna seg sjølv i sorg og alkohol. Men gjennom eit nytt bekjentskap får han eit oppdrag som fører han til Oslo. Tilbake i heimbyen - og med det livsviktige oppdraget - er Harry med eitt ein annan person; framleis sliten, men skjerpa, måtehalden og faktisk litt kul. Ved hjelp av gamle kontaktar set han saman ei merkeleg og alternativ etterforskargruppe med base på Radiumhospitalet. Etterforskinga er krevjande og saka er både mystisk og uhyggeleg. Det er absolutt ingen kosekrim dette; innhaldet er tidvis ganske så makabert. Jo Nesbø presenterer også i denne boka svært spektakulære drapsmetodar.

Elles vil eg ikkje sei så mykje om handlinga, men kan nemna at me får følgja Harry rundt omkring i ulike miljø der han møter fleire karakterar frå tidlegare bøker i serien. Eit heilt nytt bekjentskap for lesaren - og for Harry sjølv - er ein liten gut. Det viser seg at Harry er biologisk far til barnet.

Blodmåne er både spennande og underhaldande. Nesbø har skrudd saman ei velskriven historie med mange overraskande vendingar. Avslutninga gjer at eg gler meg skikkeleg til bok nummer 14!

Då eg var godt i gang med boka, vart lydbokutgåva plutseleg tilgjengeleg i BookBites. Eg anbefalar lydbok dersom du har evne og høve til å vera konsentrert nok. Dennis Storhøi si stemme passar nemleg perfekt til denne boka.
Terningkast 5.


Fremmedlegeme av Unni Lindell
Bonnier norsk forlag 2022
382 sider
Lånt papirbok privat

Ei bok som greip tak i meg frå fyrste side. Alt i prologen merkar ein stemninga; ei uhyggestemning som varer ved gjennom heile forteljinga.
Mykje av handlinga dreiar seg om vald i nære relasjonar. Om valdelege menn og farlege kvinner. Om flukt og om hevn. Om partnervald og partnerdrap. Om kor makteslause og handlingslamma offentlege etatar ofte kan vera i slike situasjonar. Om konsekvensar for barn som opplever slike ting.

Hovudperson er den unge politietterforskaren som blir kalla Snø (eit rart kallenamn som eg er i ferd med å venna meg til) og som me vart kjent med i Nabovarsel. Trass i private utfordringar tek ho på seg altfor mykje arbeid. Snø har nokre sosiale "manglar" som av og til fører henne inn i vanskelege dilemma og farlege situasjonar.

Partnervald og -drap er dessverre eit aktuelt og realistisk tema. At ofra tek hevn (så til dei grader) er ikkje like realistisk, men eg kan godt "kjøpa" at ein person som har vore utsett for vald som barn, har eit drapsmotiv som vaksen. Lindell overgår seg sjølv og er meir på Jo Nesbø-nivå når det gjeld spektakulær og grotesk drapsmetode i denne historia. Ikkje spesielt sannsynleg dette heller, men pluss for god fantasi.

Korte kapittel, skummel stemning, raske sceneskift og tilsvarande kjappe endringar av synsvinkel gjer boka drivande og spennande. Overraskande hendingar og interessante protagonistar gjer boka ytterlegare leseverdig. 
Terningkast 5.

De nakne av Øistein Borge
Cappelen Damm 2022
251 sider
Lånt ebok BookBites

Dette er også ei veldig bra bok, men samanlikna med dei to bøkene over, er denne litt enkel og ganske tam. Og samanlikna med Harry Hole og Snø er Bogart Bull velsigna normal.

Som forholdsvis gammal småbarnsfar befinn nemnde Bull seg på ein heilt annan plass i livet enn i dei fyrste bøkene i serien. Bull er både samvittigheitsfull og sympatisk og har lett for å komma i kontakt med folk. Dette skal komma til nytte når jobben som etterforskar fører han til Danmark og ei spesiell drapssak. 

Opphavet til saka er, som så ofte i krimromansamanheng, å finna i fortida. Motivet er hevn - men i dette tilfellet er hevnmotivet ganske spesielt. Gjennom ei forteljarstemme i kursiv får me ei rystande og trist skildring frå eit liv i den beinharde og kyniske pornobransjen - og ikkje minst; det som førte vedkommande inn i denne bransjen.

Persongalleriet er passe stort og boka er passe lang. Eit ekstra pluss for godt og stødig språk.
Terningkast 4+.

30. september 2022

Oppsummering september 2022

Påbyrja i august, fullført i september:
Håkan Nesser - Sjakk under vulkanen - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Bjørn Bakken - Lang lang rekke - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites

Lest i september:
Jo Nesbø - Blodmåne - Norsk krim - Lånt papirbok privat + lånt lydbok BookBites
Øyvind Strømmen - Giftpillen - Norsk sak/debatt - Lyd Storytel
Bjørn Hatterud - Mjøsa rundt med mor - Personleg beretning - Lyd Storytel
Unni Lindell - Fremmedlegeme - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Are Kalvø - Våre venner kinesarane - Norsk humor - Lyd Storytel
Richard Osman - Mannen som døde to ganger - Britisk krim - Lånt lydbok BookBites

Simon Stranger - 304 dager - Norsk roman - Lyd Storytel -  [Avbraut]

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Øistein Borge - De nakne - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Bo Svernström - Lekene - Svensk krim - Lyd Storytel



5 lyd, 2 papir, 1 ebok
5 lånt, 3 abonnement
5 krim, 1 personleg beretning, 1 humor, 1 sak/debatt
6 norske, 1 svensk, 1 britisk
7 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Bakken, Strømmen, Hatterud.

I september vart det tilbake til normalen når det gjeld talet på leste bøker. Men åtte fullførte bøker er innafor, tykkjer eg.
Høgdepunkta i månaden vart dei nyaste bøkene til mine gamle favorittar Håkan Nesser, Jo Nesbø og Unni Lindell. Både Sjakk under vulkanen, Blodmåne og Fremmedlegeme innfridde - og det er eg veldig nøgd med.

Debutboka til Bjørn Bakken er overraskande bra, men det er klart: ho kan ikkje måla seg med dei tre over. Lang lang rekke har ein frisk skrivestil og aktuell tematikk, samt dyktige Ivar Nergaard som lydbokopplesar. Ein oppfølgjar er òg kommen ut, og om/når den vert tilgjengeleg i lydbokformat og med Nergaard som opplesar, skal den lesast.

Eg anbefalar Øyvind Strømmen si informative og tankevekkande bok om konspirasjonsteoriar; Giftpillen. For meg som har vore fast lyttar av konspirasjonspodden i mange år, var det ikkje så mykje nytt stoff. Men medan podden som oftast fokuserer på det sære og latterlege ved konspirasjonsteoriar, er Strømmen sin bodskap at slikt tankegods er farleg

Månadens nedtur vart den oppskrytte Mjøsa rundt med mor - som eg fullførte, men som ikkje gav meg noko særleg, og Våre venner kinesarane - som eg humra til innimellom, men som egentleg er utgått på dato. 
Oppskrytt er også Mannen som døde to ganger. Kosekrim er visst ikkje mi greie.

Eg avbraut 304 dager etter kun ein times lytting. Boka er sikkert ikkje dårleg, men lydbokstemma (forfattaren sjølv) irriterte meg. Eg får heller lesa boka sjølv på eit seinare tidspunkt. 

22. september 2022

Bokomtale: Sjakk under vulkanen av Håkan Nesser

Gyldendal 2022
380 sider
Lånt ebok BookBites

Dersom du forventar neglebitande spenning og masse action vil du nok bli skuffa over denne boka. For her er det ærleg talt lite spenning. Framdrifta er heller ikkje allverden. Likevel likte eg boka veldig godt - og det må nesten forklarast - og forsvarast?

Vel - det denne boka eventuelt "manglar" vert oppvege av andre kvalitetar: elegante formuleringar, fine refleksjonar, underfundig humor, sære karakterar, overraskande vendingar og eit heilt spesielt skråblikk på samfunnet. Samt ein hovudperson med særpreg: Gunnar Barbarotti er ein snill, sympatisk og filosofisk mann. Nysgjerrig, men også likegyldig. Skarp, men også naiv. Vittig, men også melankolsk. Han har opplevd ting både privat og profesjonellt som gjer at han ser menneske, hendingar og samanhengar på andre måtar enn det andre gjer. Dessutan snakkar han rett som det er med Vårherre.

Håkan Nesser er ein av yndlingsforfattarane mine og det er sjeldan at han skuffar meg. Eg vart veldig glad då eg såg at det skulle komma ei ny bok i Barbarotti-serien - og då det viste seg at eboka var tilgjengeleg på BookBites vart eg nesten overlukkeleg. 

Innleiingsvis er boka ganske rar og ein smule forvirrande. Me møter ein forfattar som startar på ein kortroman som tilsynelatande har ei handling nær opptil den nemnde forfattaren sitt liv. På eit forfattararrangement får han eit spørsmål frå publikum som han oppfattar som skremmande - og så, plutseleg ein dag, er forfattaren sporlaust forsvunnen. Kan manuset hans sei noko om kva som har hendt? Det blir det Barbarotti og medarbeidarane hans si oppgåve å finna ut av. 
Og snart forsvinn det ein annan forfattar, på ein annan kant av landet.. 

Handlinga er lagt til 2019-2020, og etterforskinga vert etter kvart prega av - og komplisert av - koronapandemien og tilhøyrande tiltak. At enkelte er ekstra einsame i det nedstengte samfunnet har ulike konsekvensar. Også Barbarotti, som har stor familie/bonusfamilie, føler seg einsam. Sambuar og kollega Eva Backman er nemleg koronafast på den andre sida av kloden. 

Sjakk under vulkanen er ei koseleg og underhaldande bok. Ikkje den beste frå Nesser og heller ikkje den beste i serien, men likevel svært leseverdig. Den noko uforståelege tittelen blir forklart i boka, og får meg til å tenkja på den fyrste boka i serien, som også har ein merkeleg tittel: Menneske uten hund. Som erfaren Håkan Nesser-lesar oppdaga eg referansar til andre Nesser-bøker t.d. Borkmanns punkt og Det grovmaskede nettet. Eg tykkjer det er artig med slike ting.

Saka og etterforskinga står i stampe lenge, slik som kriminalsaker ofte gjer når det gjeld verkelege saker i den verkelege verda. Likevel opplever eg at Nesser held eit grep i lesaren si interesse. Det gjeld å "flyta med" i forfattaren si pludring og Barbarotti si grubling. Avslutninga/oppklaringa av mysteria med dei forsvunne forfattarane er litt brå, i alle fall med tanke på kor lang og langsam resten av boka er. Men forteljinga heng saman og ein får ein uventa ekstra tvist på slutten.

Konklusjonen er at Sjakk under vulkanen er ei veldig bra bok. Håkan Nesser held framleis koken og held stadig på sin eigen snirklete (men elegante) stil. Skrivestilen har liksom eit tempo som passar til hovudpersonen.
Og som alltid hos Nesser finn ein humor og ironi, men også djupt alvor. 

Eg anbefalar Barbarotti-serien så varmt eg kan. Kronologien er slik:

  1. Menneske uten hund
  2. En helt annen historie
  3. Fortellingen om herr Roos
  4. De ensomme
  5. De sørgende
  6. Den sorgfulle bussjåføren fra Alster
  7. Sjakk under vulkanen
    I tillegg er Barbarotti ein bikarakter i De venstrehendtes forening.
Andre bloggmeiningar: Tine har også lest og likt boka

31. august 2022

Oppsummering august 22

Påbyrja i juli, fullført i august:
Sigbjørn Mostue - Taus savanne - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Jon Krakauer - Inn i villmarken - Dokumentar/biografi - Lyd Storytel

Lest i august: 
Jan Mehlum - Ut av tiden - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Mimir Kristjansson - Jon Michelet - en folkets helt - Norsk biografi - Lyd Storytel
Karin Fossum - Natteløperen - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Sigmund Falch - Varme hender frå Løten - Norsk humor - Lånt ebok BookBites
Sigmund Falch - For mange tommeltotter - Norsk humor - Lånt lydbok BookBites
Levi Henriksen - Tolv ord fra Oskar Maier - Norsk biografisk roman - Lyd Storytel
Peter May - En stille død - Britisk krim - Lånt papirbok biblioteket
Lotta Luxenburg - Forsvunnet - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Thomas Hylland Eriksen - Appenes planet - Norsk fakta/dokumentar - Lyd Storytel
Thor Gotaas - Norske utedoer - Norsk fakta/dokumentar - Lyd Storytel
Jan Eggum - Så langt har alt gått bra - Norsk sjølvbiografi - Lyd Storytel
David Baldacci - Sammensvergelsen - Amerikansk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i august, fullførast i september:
Håkan Nesser - Sjakk under vulkanen - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Bjørn Bakken - Lang lang rekke - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites

10 lyd, 3 papir, 1 ebok
7 lånt, 7 abonnement
6 krim, 3 biografiar, 1 biografisk roman, 2 humor, 2 fakta
10 norske, 2 amerikanske, 1 svensk, 1 britisk
12 menn, 2 kvinner
"Nye" forfattarar: Krakauer, Luxenburg, Eggum.

August vart bortimot "tidenes månad" med omsyn til tal leste bøker. Heile 14 stykk, men må leggja til at blant desse er det eit par veldig tynne/korte bøker. Litt ulike sjangrar, og som ein kan sjå av terningkasta vart det stort sett greie leseopplevingar. Lydbøker er det formatet eg nyttar mest for tida, og eg er ein meir aktiv og bevisst brukar av Storytel og BookBites no enn tidlegare.

Månadens høgdepunkt vart Mimir Kristijansson sin biografi om Jon Michelet. Det er ei svært velskriven og lettlest bok: Nærgåande, utan å vera dyneløftande - og grundig, utan å vera altfor detaljert. Dessutan: Nils Ole Oftebro er ein nærast perfekt opplesar av lydboka.

Prøvde meg på ein ny svensk krimforfattar, Lotta Luxenburg. 'Forsvunnet' er litt rotete, litt for ambasiøs, altfor lang. Her vart det dessutan fråtrekk for lydbokstemma. Men hovudpersonane er levande skildra og tematikken er hjerteskjerande, så det er heller ikkje ei dårleg bok. 

Eg likte godt 'En stille død' av Peter May, men landa likevel "berre" på terningkast 4. Eg forventa liksom noko meir frå forfattaren av 'Lewistrilogien'. Når ein har høge forventningar til ei bok vert lista lagt høgare, så det same gjeld egentleg også bøkene til Levi Henriksen, Jan Mehlum og Sigbjørn Mostue. Dei har alle levert betre ved tidlegare høve.

Elles har eg kobla av med to humorbøker frå Sigmund Falch, med fakta og ettertanke (og litt humor) frå Thomas Hylland Eriksen og med fakta og drittprat (og meir humor) frå Thor Gotaas. Og sanneleg har eg humra meg gjennom sjølvbiografien til Jan Eggum òg.
Det er viktig å fylla på med litt humor innimellom!

17. august 2022

Norsk krim 2022 del 2

Tre av våre mest røynde krimforfattarar har nyleg gitt ut bøker. Tom Egeland kom med den 10. boka i Bjørn Beltø-serien, Jan Mehlum med den 20. boka i Svend Foyn-serien og Karin Fossum med bok 2 i den nye serien hennar om Eddie Feber.

Metusalem-prosjektet av Tom Egeland
Bonnier norsk forlag 2022
456 sider
Lånt papirbok privat

Arkeologen Beltø leiar eit utgravingsprosjekt der det vert gjort opptil fleire overraskande funn. Ikkje lenge etter vert ein av deltakarane i prosjektet drept - og ein heilt spesiell gjenstand forsvinn. Og så skjer eit nytt drap..
Dermed er me i gang med ei ganske så underhaldande og interessant forteljing. Eg har lest alle dei tidlegare bøkene i serien og er blitt veldig glad i antihelten Bjørn Beltø - sjølv om bøkene har variert, både i kvalitet og innhald.

I Metusalem-prosjektet handlar det om norrøne gudar, om bibelske mystiske kjempar og om oppdaginga av Vinland. Mellom mykje anna. Handlinga går føre seg rundt omkring i fleire land på kloden.
Boka kan karakteriserast som ei eventyrforteljing og eg likte godt det eg las - lenge - men etter mitt syn held det ikkje heilt til mål. Årsaka kan eg ikkje sei her fordi eg då røpar noko vesentleg av handlinga. Boka er også minst 100 sider for lang.

Eg likar at boka er krydra med tørr humor og sjølvironi og at sceneskifta og perspektiva er tydelege for lesaren. Eg er også imponert over all researchen forfattaren må ha gjort på førehand. For forbausande mykje av det som vert fortalt er historisk og vitenskapeleg korrekt. Eg kosa meg egentleg meir med etterordet/oppslagsverket på slutten enn sjølve boka.
Terningkast 4.


Ut av tiden av Jan Mehlum
Gyldendal 2022
Speletid 9:22
Lånt lydbok BookBites

Svend Foyn er ein annan serie-/antihelt som eg er blitt godt kjent med etter kvart. Den fyrste boka i serien (Gylne tider) kom ut i 1996, men Foyn er ikkje blitt stort eldre på desse åra. Slik er det i bokverda.
Advokat Foyn sine faste følgesvener Hulda (hunden, som heller ikkje er blitt så veldig gammal), Jaguaren (bilen) og Alice (tilogfrå-kjæresten) er sjølvsagt med. Men ein annan kjenning frå tidlegare bøker - overrettssakførar Salvesen - går ut av tida i denne boka. Det er Foyn sjølv som finn han, knivstukken og drept. (Dette skjer heilt i starten av boka, så det er ingen spoiler)

Det viser seg at Salvesen har hatt kontakt med folk frå fleire ytterleggåande miljø. Kan motiv for drapet finnast i desse ekstreme miljøa eller er det ein heilt annan forklaring?
Som alltid jobbar Foyn på sida av den offisielle etterforskinga og gjerne med alternative metodar, heilt på grensa av det som er lovleg. Forteljarstemma er sakleg, men også herleg sarkastisk når det passar slik. Andre kjenneteikn med denne boka (og serien) er samfunnsaktuelle tema og høg grad av realisme. 

Eg likte boka, men kunne nok ønskt meg meir driv og spenning.
Det er sjølvaste Nils Nordberg som er opplesar av lydboka. Han gjer jobben på ein strålande måte.
Terningkast 4+.


Natteløperen av Karin Fossum
Cappelen Damm 2022
186 sider
Lånt papirbok privat

Eg vart veldig paff då eg fekk boka i hende. Ho er så tynn! 
Men er det nokon som er i stand til å fortelja ei stor historie med få ord - så er det Karin Fossum.
Her finst ikkje fyllstoff, her er ikkje ein einaste overflødig setning eller replikk. Boka - ein psykologisk thriller meir enn ein krim - er altså truleg grundig gjennomarbeida.

Fossum har lagt bort Konrad Sejer og presenterte den nye etterforskaren sin, Eddie Feber, i forrige bok. Me vert litt betre kjend med han denne gongen. Han framstår som ein spesiell, sjarmerande og dyktig politimann, men framleis tykkjer eg at han er litt "vag". Eg vil tru at det kjem fleire bøker etter kvart slik at me får sjå ein meir tydeleg Feber, for å sei det slik. 

I Natteløperen er det forbrytaren lesaren får eit nærgåande bekjentskap med. Fossum er flink til å spela på kjensleregisteret til lesaren; vekselvis tykkjer ein veldig synd i denne personen og andre gonger kjenner ein meir på ubehag, skrekk og frykt. Og eg kan godt sitera meg sjølv frå ein tidlegare omtale: "Eg veit egentleg ikkje om nokon som skildrar skakkøyrde personar på ein så overbevisande måte som nettopp Fossum."

Eg klagar ofte på at bøker er for tjukke, for omstendelege og/eller langtekkelege. Det er absolutt ikkje tilfelle her. Denne er heller litt for kort. Handlinga er ikkje superspennande, men har ein nerve og noko foruroligande som ein kjenner på heile vegen. Og avslutninga? Den er trist, men i ettertid ser eg at historia faktisk ikkje kunne ha enda på ein annan måte.
Terningkast 5-.

14. august 2022

Sommarlytting: Nordisk krim

Eg er skikkeleg bakpå når det gjeld bokomtalar for tida. Sjølv om eg er heilt klar på at eg ikkje har kapasitet/ork/vilje til å skriva om alle bøkene eg les, vil eg gjerne dela nokre tankar og synspunkt om enkelte av dei.  


Natriumklorid av Jussi Adler-Olsen
Aschehoug 2022
Speletid 14:30
Lånt lydbok BookBites

- Hyggeleg gjensyn med Carl, Rose, Assad og Gordon i Q-gjengen!
- Dette er bok 9 (av 10), og det nærmar seg ei oppklaring av den saka som har vore gjennomgåande og underliggjande gjennom heile serien: Kva skjedde egentleg den gongen då kollegaen/venen Hardy vart skoten og skada for livet?
- Serien bør difor lesast i kronologisk rekkefølge.
- Handlinga i denne boka er lagt til desember 2020 og pandemien er dermed eit naturleg bakgrunnsteppe.
- Natriumklorid betyr salt - og i boka vert salt brukt både som drapsmetode og som signatur for ein svært spesiell seriemordar.
- Forfattaren brukar verkemidlar og grep som held spenninga ved like gjennom heile boka. Han smører "tjukt på" som vanleg, men nettopp difor er boka underhaldande og engasjerande.
- Sidan eg har lest alle dei 8 tidlegare bøkene som lydbok, vart det sjølvsagt lyd denne gongen også. Stemma til Helge Winther-Larsen er heilt perfekt for denne serien.
- Terningkast 5.


Isbryter av Kristina Ohlsson
Gyldendal 2022
Speletid 14:15
Lånt lydbok BookBites

- Bok 2 i serien om brukthandlar August Strindberg. Som namnet tilseier er han litteraturinteressert - og han har eit uvanleg yrke for ein protagonist.
- Samarbeidet med (og forholdet til) politietterforskar Maria Martinsson er i ferd med å gå over i ein annan fase. Kvar på sin kant etterforskar dei ulike saker som (sjølvsagt) har ein viss samanheng.
- Dei beste partia i boka er historia om to barn utsett for omsorgssvikt.
- Veldig lettlest og med eit plott som er lett å følgja, men for dårleg framdrift og tempo. Fyrste halvdel av boka er ufatteleg treg. 
- Enkelte overraskingar undervegs, men stort sett forutsigbart. Dette, saman med tendens til overforklaringar, gjorde at leseopplevinga berre vart sådär
- Forfattaren kan betre enn det ho syner her. (Mios blues, Lotus blues)
- God opplesing av Bodil Vidnes Kopperud
- Terningkast 3.

Beinrester av Johan Theorin
Gyldendal 2022
Speletid 14:44
Lånt lydbok BookBites

- Ölandskvartetten vart ein kvintett! Og mykje tyder på det kjem fleire bøker.
- Var veldig spent på denne, for eg var så begeistra for dei tidlegare bøkene.
- Kjekt å møta gamle Gerlof igjen. Han hugsar godt og er rask i tankegangen, men er blitt dårleg til beins.
- Gode miljøskildringar, får fram det unike i landskapet.
- Fleire ulike tidsplan, fleire brotsverk som viser seg å ha ein viss samanheng. 
- Dramatisk avslutning - og Gerlof befinn seg sjølvsagt midt i dramatikken.
- Ganske langsam, utan å vera irriterande treg. 
- Boka er nesten like god som forventa.
- Lasse Kolsrud si litt slitne stemme passar bra til boka.
- Terningkast 4+.


Paradis City av Jens Lapidus
Cappelen Damm 2021
Speletid 11:39
Lydbok Storytel

- Enkeltståande bok, ikkje del av serie.
- Ein dystopisk thriller. Ikkje heilt ulikt tidlegare bøker frå Lapidus, men her dreg han det lenger. 
- Innhaldet er til ettertanke, historia er både interessant og skremmande.
- Meeen - ikkje så bra som Stockholm Noir-bøkene.
- Boka er mørk, plottet er komplekst og handlinga noko usannsynleg.
- Vart ingen innertiar for meg, då eg ikkje er så begeistra for sjangeren.
- Men opplesaren Bendik Østbye Johannessen er veldig flink, så dermed eit plussteikn etter terningkastet.
- Terningkast 4+.

1. august 2022

Oppsummering juli 22

Påbyrja i juni, fullført i juli:
Jens Lapidus - Paradis City - Svensk krim - Lyd Storytel
Tom Egeland - Metusalem-prosjektet - Norsk krim - Lånt papirbok privat

Lest i juli:
Kristina Ohlsson - Isbryter - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Harlan Coben - Gutten fra skogen - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Jussi Adler-Olsen - Natriumklorid - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
Snorre Valen - Utøyakortet - Norsk sak/debatt - Lyd Storytel
Stian Bromark - Ingen fred å finne - Norsk sak/debatt - Lyd Storytel
Niklas Natt och Dag - 1795 - Svensk historisk krim - Lånt papirbok privat
Johan Theorin - Beinrester - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Tonje Brenna - 22. juli og alle dagene etterpå - Norsk sak/debatt/biografisk - Lyd Storytel

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Sigbjørn Mostue - Taus savanne - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Jon Krakauer - Inn i villmarken - Dokumentar/biografi - Lyd Storytel

8 lyd, 2 papir
5 lånt, 5 abonnement
6 krim, 1 historisk krim/roman, 3 sak/debatt/22. juli
4 norske, 4 svenske, 1 dansk, 1 amerikansk
8 menn, 2 kvinner

"Nye" forfattarar: Valen, Bromark, Brenna.

Halve månaden har eg hatt ferie og dermed høve til både lesing og ymse andre gjeremål og aktivitetar. Det vart ekstra mange lydbøker i juli. Lydbøker er liksom mi form for multitasking; å lesa/lytta medan eg gjer andre ting. 

Månaden kan oppsummerast kort med at eg hadde fleire bra leseopplevingar frå fleire bra forfattarar. Aller best denne månaden vart den niande boka i Avdeling Q-serien og den avsluttande boka i Niklas Natt och Dag sin trilogi. 

22. juli var det 11 år sidan den verste terrorhandlinga som har ramma Noreg fann stad. I løpet av åra som har gått, har det komme ut mange bøker om tematikken, både sakprosabøker og romanar. Eg har lese (lytta til) tre av dei denne månaden. Alle dei tre forfattarane minner oss om at terroren var ei politisk handling og oppfordrar til å ta debatten. Det er eit faktum at terroristen sitt tankegods og vrangforestillingar framleis "lever". Konspirasjonsteoriane og hatet mot Arbeidarpartiet må snakkast om og takast på alvor. Aldri teie. Aldri gløyme.

1. juli 2022

Oppsummering juni 22

Påbyrja i mai, fullført i juni:
Tony Fischier - Mannen som forsvant - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Douglas Stuart - Unge Mungo - Skotsk roman - Lånt ebok BookBites

Lest i juni:
Kadafi Zaman - Den norske drømmen - Norsk biografi - Lyd Storytel
Espen Rostrup Nakstad - Kode rød - Norsk dokumentar/biografi - Lyd Storytel
Ragnar Hovland - 400 mil frå Sogndalsfjøra - Norsk langnovelle/kortroman/humor - Lånt ebok BookBites
H. K. Fauskanger - Skarlagenssalen - Norsk historisk krim - Kjøpt papirbok (OTS)
Jane Casey - Brent - Britisk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i juni, fullførast i juli:
Jens Lapidus - Paradis City - Svensk krim - Lyd Storytel
Tom Egeland - Metusalem-prosjektet - Norsk krim - Lånt papirbok privat


4 lyd, 1 papir, 2 ebøker
3 lånt, 3 abonnement, 1 kjøpt
2 krim, 1 historisk krim, 1 roman, 1 kortroman, 1 biografi, 1 dokumentar/biografi
4 norske, 2 britiske, 1 svensk
6 menn, 1 kvinne

"Nye" forfattarar: Fischier, Zaman, Nakstad, Casey.

Juni månad har vore kjempetravel med omsyn til både jobb og fritid, noko som avspeglar seg i månadsoppsummeringa. Få bøker lest og ingen innlegg her på bloggen. Slik vert det av og til. 

Månadens høgdepunkt vart nok ein gong Douglas Stuart. Unge Mungo er mørkare og meir valdeleg enn Shuggie Bain (vinnar av Booker Prize 2020), men utgangspunktet/bakteppet er den same i begge desse sosialrealistiske romanane: fattigdom, arbeidsløyse, alkoholmisbruk, omsorgssvikt, homofili. Unge Mungo skildrar ung vakker kjærleik, men også brutale overgrep. Boka er sterk lesnad; såpass sterk at eg måtte ta pausar undervegs. 

Ikkje akkurat høgdepunkt, men 400 mil frå Sogndalsfjøra vart i alle fall eit humrande "gjensyn" med Ragnar Hovland - ein forfattar eg ikkje har lest noko av på fleire år.

Ei anna ganske positiv leseoppleving var fyrste bok i Meave Kerrigan-serien; Brent av Jane Casey. Alltid kjekt å finna nye bra krimforfattarar og -seriar. Når eg skriv ganske betyr det at det er ein god del som kan pirkast på (som at boka er altfor lang), men gode miljøskildringar og ein interessant hovudperson gjer at eg sikkert kjem til å lesa meir av denne serien. 

Meirsmak ga også Mannen som forsvant, Tony Fischier si fyrste bok om politimannen Niklas Ragnvik. Innleiingsvis noko dårleg framdrift kanskje, men etter kvart får ein brukbar spenning og god underhaldning. 

Kadafi Zaman sin sjølvbiografi Den norske drømmen er også bra, men samanlikninga med Abid Raja si bok Min skyld var ikkje til å unngå - og då vart denne litt tam - og kanskje litt for politisk korrekt.

Månadens nedtur 1: Espen Rostrup Nakstad er ein mann eg har stor respekt for og tillit til. Måten han har stått fram i media gjennom pandemiperioden, pedagogisk og roleg, har vore veldig bra. Men boka hans Kode rød er berre sånn passe; oppramsande og overforklarande.

Månadens nedtur 2: Skarlagenssalen er ein velskriven og "tidsriktig" klassisk kriminalroman - men som er ufatteleg langsam og treg. Boka har samla støv i bokhylla mi i mange år, så eg er nøgd med at eg omsider har fått lest ho. No er i alle fall boka plassert i bokbyttehylla på jobben min. Det kan henda at nokon andre kan få meir glede av boka enn det eg fekk.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Sjølv om det ikkje vart så mange bøker i juni, syner halvårsstatistikken at eg ligg eg framfor skjema:

Statistikk etter fyrste halvår

  • 55 bøker, fordelt slik på sjanger:
    - 30 krim-, thriller- og spenningsromanar
    - 8 andre romanar
    - 17 sakprosa
  • 28 lydbøker, 14 papirbøker, 13 ebøker
  • 31 lånt, 17 Storytel-abonnement, 7 kjøpt

Lesemål 2022

55/100 bøker totalt
12/10 mursteinar (over 500 sider)
4/10 biografiar
13/10 annan sakprosa
8/15 bokomtalar
17/20 nye forfattarar

To av måla er alt nådd - så eg var nok for "forsiktig" då eg sette opp årets lesemål.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Ynskjer alle ein god (lese)sommar!

3. juni 2022

Oppsummering mai 22

Påbyrja i april, fullført i mai:
Kjell Ola Dahl - Lazarus - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Jens Henrik Jensen - Lupus - Dansk krim - Lånt papirbok privat

Lest i mai:
Unni Lindell - Ti kuer i Horten - Humor/barnesitat - Lånt lydbok BookBites
Kurt Aust - Rødt kort - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Douglas Stuart - Shuggie Bain - Britisk (skotsk) roman - Lyd Storytel
Are Sende Osen - Kongerekka - Norsk fakta/humor - Lånt ebok BookBites + lyd/podkast
Kim Faber og Janni Pedersen - Kveleren - Dansk krim - Lånt lydbok BookBites
Minette Walters - Endetid - Britisk historisk roman - Lånt papirbok privat
Petter Nyquist og Eivind Hofstad Evjemo - Petter uteligger, en fortelling fra gata - Norsk dokumentar/biografi - Lyd Storytel
Jørn Lier Horst - Sak 1569 - Norsk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Tony Fischier - Mannen som forsvant - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Douglas Stuart - Unge Mungo - Skotsk roman - Lånt ebok BookBites


6 lyd, 2 papir, 2 ebøker
7 lånt, 3 abonnement
5 krim, 1 historisk roman, 1 annan roman, 1 humor, 1 humor/fakta, 1 dokumentar/biografi
6 norske, 2 danske, 2 britiske
8 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Stuart, Osen, Nyquist, Evjemo

Fleire bra leseopplevingar i mai, men det er ikkje tvil om kva som vart månadens høgdepunkt; nemleg Shuggie Bain. Eg trur eg aldri kjem til å gløyma Shuggie! Boka gjorde sterkt inntrykk og eg vurderte terningkast 6, men landa på ein sterk 5'ar. I skrivande stund er eg i gang med ein ny roman av Douglas Stuart; Unge Mungo.

Månadens nedtur er like soleklar. Endetid av Minette Walters er ikkje direkte dårleg, men sto ikkje til forventningane - og er ufatteleg treg. Walters, mest kjent som krimforfattar ('Døden i ishuset', 'Olive tok en øks', 'Kjerringbissel') er tilbake etter ein lang skrivepause med ein heilt annan sjanger; historisk roman. Men eg tykkjer altså ikkje at det er heilt vellukka. Skal du lesa om tida då England vart råka av Svartedauden vil eg heller anbefala I all evighet av Ken Follett. 

Som ein kan sjå har eg også gitt boka til Petter "uteligger" Nyquist terningkast 5. Ikkje fordi det er noko strålande litterært verk, men fordi tema ruspolitikk og rusreform er så viktig. I boka får ein fleire eksempel på at å straffa rusmisbrukarar ikkje virkar. Tvert imot. Eg ser på boka som eit innlegg i kampen for ein meir human narkotikapolitikk.

29. mai 2022

Norsk krim 2022 del 1

Då har eg lest tre av årets norske utgjevingar innan krimsjangeren. Alle tre er bra bøker - "heilt grei krim" - men ingen av dei vart innertiar for meg. Dette har sjølvsagt samanheng med dei forventningane eg hadde på førehand. Eg meiner at både Dahl, Aust og Brekke har levert betre tidlegare.


Lazarus av Kjell Ola Dahl
Aschehoug 2022
Speletid 9:09
Lånt lydbok BookBites

Handlinga er lagt til 2. verdenskrig og utgangspunkt for historia er det same som i Kureren - det norske eksilmiljøet i Stockholm. Lazarus er ein velskriven agent-thriller og historisk spenningsroman. Det er tydeleg at forfattaren har gjort grundig research og at han er oppriktig interessert i tematikken og i denne historiske perioden. Han skildrar korleis folk i eksil og i motstandsrørsla levde i uvisse - at dei knapt kunne stola på nokon.

Ein norsk flyktning får i oppdrag å finna ut av ei sak der ein kurer på veg til Noreg med illegale aviser og dokument til Heimefronten vart drept. Er det ein utru tenar som har avslørt noko til fienden? Eller er det nokon i Heimefronten som har gjennomført ei likvidering? Kva er i tilfelle årsaka til det?

Boka byr på ytre og indre dramatikk, levande tidsbilete og gode miljøskildringar. Språket er stødig og virkar å vera "tidsriktig". Boka er interessant og stemningsfull, men forteljarstilen er så langsam at det er lett å mista taket i handlingstrådane.
Terningkast 4+.

Rødt kort av Kurt Aust
Aschehoug 2022
536 sider
Lånt ebok BookBites

Dette er ei bok eg verkeleg såg fram til. Eg tykkjer nemleg at Kurt Aust er ein framifrå forfattar av både historisk krim og notidskrim. Som i Dødt løp har forfattaren henta inspirasjon frå sportsverda. Men medan Dødt løp handla om sykkelsport, handlar Rødt kort om fotball. Ein treng ikkje vera fotballekspert for å skjønna/lika boka, men er ein fotballinteressert er boka ekstra interessant og underhaldande.

Hovudperson og den mest sentrale forteljarstemma tilhøyrer den norske fotballproffen Zac Utheim. Han har tidlegare spelt for fleire klubbar i Europa og har hatt ei heilt grei karriere. Men landslagsspelar er han ikkje, av litt spesielle årsaker som kjem fram etter kvart. 
At Utheim melder overgang frå italiensk Serie A og storklubben Roma til britisk Championship (nest øverste divisjon) og den vesle (fiktive) fotballklubben Exeter United vert sett på som oppsiktsvekkande. Men Utheim har sine grunnar til å skifta beite; han skal ikkje berre spela fotball i Exeter, han har også eit anna oppdrag. I tillegg har han ein heilt personleg grunn.

Exeter United slit økonomisk etter pandemien, som mange andre småklubbar i Europa. Vidare slit dei med utru medarbeidarar, kravstore supporterar, kritiske journalistar og dårlege sportslege resultat. Det foregår både sportsvasking og kampfiksing, utpressing og drap. For å "redda" klubben er det enkelte som er villige til å gå over lik. 

Eg likte boka, men ho er dessverre tidvis noko langsam og prega av gjentakingar. Ei oppstramming kunne ha heva leseopplevinga. No landa eg på terningkast 4+.


Formørkelsen og dens lys av Jørgen Brekke
Gyldendal 2022
290 sider
Lånt ebok BookBites

Poetisk tittel på denne boka tykkjer du kanskje? Ikkje så rart - tittelen er henta frå ei diktsamling av Stein Mehren; Corona - Formørkelsen og dens lys. Corona altså - eller korona som er meir normal skrivemåte - og vesentleg for handlinga i boka. Både koronapandemien, sidan handlinga er lagt til mars 2020, og dessutan at korona betyr "kransen" rundt sola som er synleg ved solformørkelsar. Ein av dei sentrale karakterane i boka er ein kunstnar som har formørkelse og lys som gjentakande motiv. 

True Crime-forfattar Helene Paus - som me vart kjende med i Nå er natten alt - er hovudperson. Ei kvinne påstår å ha opplevd ein brutal overfallsvaldtekt for mange år sidan. No er ho dødssjuk - og ho henvender seg til Helene fordi ho har bevis som peikar mot ein namngjeven person; ein verdenskjent filmregissør og biletkunstnar. Ein kollega av Helene jobbar med ei uoppklart forsvinningssak der same mann/namn har dukka opp. Som om ikkje det var nok kan han koblast til nokre overgreps- og drapssaker i USA. 
Dei mange spora kan tyda på at vedkommande er gjerningspersonen - men er det ikkje for opplagt? Kan det vera nokon andre som står bak? Nokon som rettar søkelys på denne mannen for å flytta fokus? Og: Korleis få kontakt med mannen som har busett seg på ei øy langt ute i havgapet - medan pandemi og nedstenging gradvis lammar samfunnet?

Handlinga går føre seg på fleire tidsplan og lesaren får vita kva som har hendt, sakte og gradvis. Boka er på berre 290 sider, men virkar lenger. Det er nemleg lenge ganske saktegåande - før det dreg seg til mot slutten. Eg likte boka ganske godt, men tykkjer nok at film- og kunstreferansane tek for stor plass. Eg er heller ikkje så begeistra for (over)forklaringane me får heilt til sist. 
Terningkast 4.