Viser innlegg med etiketten biografisirkel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten biografisirkel. Vis alle innlegg

28. april 2019

Biolesesirkel: Odd Børretzen - Barndom

Cappelen Damm 2004
Speletid 4:42
Lydbok Storytel

Lydboka Barndom består av to små bøker; Min barndoms verden og Kristian Kvart og jeg, fyrste gong utgitt i hhv 1997 og 1998. Det var både hyggeleg og nostalgisk å høyra forfattaren sjølv lesa. Børretzen hadde ein heilt spesiell stil som kjem tydlegast fram når ein lyttar til stemma hans.

Dette blir ein svært kort omtale av to korte, men gode bøker. Det er ikkje så lett å få formidla kor fine dei er. Men altså - har du Storytel-abonnement - last ned Barndom og få ei humrande god leseoppleving!

Eg har høyrt boka i samband med Moshonista sin biolesesirkel, som denne månaden har tema Funny. Barndom er ikkje "funny" i tydinga latter og gapskratt, men det er absolutt ei underfundig og humoristisk bok, med skråblikk og naivt undrande betraktningar. Boka er heller ingen sjølvbiografi i tradisjonell forstand, men ei erindringsbok der ein får eit innblikk i ein avgrensa del av livet til forfattaren, samt nokre gode tidsbilete frå ei svunnen tid.

I Min barndoms verden fortel Børretzen om tidlege barndomsminner frå oppveksten på Grorud i Oslo. "Barndommens verden" er ikkje så stor for nokon av oss, og det var den heller ikkje for vesle Odd. Han var ein tenksam og litt engsteleg liten gut, full av fantasi og spørsmål. Børretzen var fødd i 1926, så han vaks opp i "dei harde tredveåra". Han og familien leid inga naud, men ein kan heller ikkje sei at han hadde noko priviligert oppvekst.

I Kristian Kvart og jeg fortel Odd Børretzen om ungdomstid og pubertet. Han fortel om krigen og om ein ny kvardag der alt var farleg, om knappheit på materielle ting, men der fantasien blomstra. Og aller mest opptatt var den unge Odd av damer. Han var (som dei fleste pubertetsgutar, vil eg tru) veldig opptatt av det andre kjønn, men var samstudes så sjenert og redd at han lenge måtte nøya seg med å sjå på og fantasera om damene.

Odd Børretzen hadde ein unik formidlingsevne, han kunne vera både treffande, reflekterande og herleg sjølvironisk.
Børretzen døydde i 2012, nær 86 år gammal. Han fekk eit langt og innhaldsrikt liv og heldt konsertar, ga ut bøker og spelte inn plater til nesten siste stund.

 Søndag er "smakebit-dag" på bloggen Flukten fra virkeligheten. Her er ein liten smakebit frå Min barndoms verden:


17. desember 2018

Biolesesirkel: Alt fra Hulken av Bernt Hulsker

Forlaget Nord 2018
182 sider
eBokBib


I dag er Bernt Nikolai Hulsker mest kjent som fast deltakar i VGTV sitt magasin Foppall og den tilhøyrande podcasten. Her får han utfalda seg med engasjement, friske uttalelsar og sleivspark oppover og nedover og hit og dit.

Som aktiv fotballspelar var han også ein friskus. I ungdommen spelte han på fleire ulike lokalklubbar før han vart oppdaga og kjøpt av Molde i 1999. Seinare spelte han for Vålerenga, AIK, Start og til sist var han utlånt til Stabæk. Etter 2010-sesongen la han opp.

Hulsker har skjønt det. Fotball er fyrst og fremst underhaldning. Skal du nå ut til publikum må du by på deg sjølv, i alle fall til ein viss grad. I denne sjølvbiografien fortel Hulsker mange artige historiar frå oppveksten og om ymse hendingar på og utanfor fotballbana. Nokre episodar er utvilsamt pynta på medan andre virkar å vera ganske sanne. Alt om Hulken er ingen djup biografi og heller ikkje noko strålande litterært verk, men som underhaldningsbiografi er boka meir enn OK lesing. Eg har humra og flira meg gjennom dei 182 sidene og landar på terningkast 4. Av og til er det godt å lesa ei bok der ein ikkje treng å tenkja; berre lena seg tilbake og la seg underhalda.

Tema for desemberutgåva av Moshonista sin biolesesirkel er Gretne Gamle Gubber og valet av denne biografien treng difor ein forklaring: Bernt Hulsker er slett ikkje nokon gammal mann (fødd i 1977), men han er i alle fall fotballpensjonist. Han er dessutan smilande og blid på coverbiletet, så difor eit anna bilete der han ser meir gretten ut:

Her har Bernt Hulsker fått raudt kort av dommar Tommy Skjerven.
Han er visst ikkje heilt enig, for å sei det slik.

Foto: Schrøder, Tor Erik/SCANPIX

15. april 2018

Biografisirkel: Edvard Munch - liv og kunst

Biografisirkelen går sin gang - og sidan eg har delteke kvar einaste gong dei siste åra føler eg meg nærast forplikta til å delta - uansett kategori. Biografilesing er ofte nyttig og lærerikt og fleire gonger i løpet av biosirkeldeltakinga er augene mine blitt opna for nye tema, personar og forfattarar.
Men denne gongen var det like før eg skulka unna - for Anita har nemleg valgt ein kategori som eg ikkje er så veeeldig interessert i: Biletkunstnarar.

Eg tykkjer som oftast at såkalla kunst er rart og/eller stygt og giddar t.d. aldri å gå på kunstutstillingar. Men eg har har såklart høyrt om Edvard Munch (og sett både Skrik og Vampyr og Madonna) og (flaks for meg) fann eg ei 70 siders illustrert bok om Munch skriven av ein museums-pedagog. Marit Lande har skrive fleire kunstbøker for barn og ein skulle då tru at dette er på eit passande nivå for ein heller skeptisk-negativ biolesar. Boka/guiden/kortbiografien Munch - Liv og kunst kom ut på (det no oppløyste) Aventura forlag i 1995 og eg las eboka på nb.no.

Edvard Munch (1863 - 1944) sitt liv og kunst er blitt grundig skildra i mange bøker, t.d. i Atle Næss sin kritikarroste 600 siders biografi og Karl Ove Knausgård si bejubla bok Så mye lengsel på så liten flate.

Sidan Munch vart ein så stor, kjent og viktig kunstnar, finst det mengder av kjeldemateriale - og eg var nysgjerrig på korleis alt dette kunne samanfattast på berre 70 sider. Lande byrjar med barndom og oppvekst: Edvard Munch var mykje sjuk då han var barn. Faren var strengt religiøs, mora og systera døydde unge. Desse barndomsminna skapte eit sterkt behov for å uttrykka seg gjennom bilete, fortel Lande. Ein finn visstnok mange eksempel på korleis han brukte sjukdom, sorg og liding i arbeida sine.

Som alle veit fekk Munch stor suksess med kunsten sin og han hadde ein lang karriere. Men var han lykkeleg? Neppe. Han hadde eit grunnleggjande pessimistisk livssyn og etter kvart vart livet hans prega av alkoholproblem, angst, paranoia, uro, mykje jobb, hektisk reiseverksemd og kjærleikssorg. Han vart aldri ferdig med det turbulente forholdet til Mathilde (Tulla) Larsen - det forholdet enda med at han skaut seg sjølv i handa.

Avslutningsvis vert det fortalt at Edvard Munch døydde fredeleg på Ekely i 1944 og at han testamenterte alle arbeida sine til Oslo kommune.

Eg tykkjer Marit Lande har fått tak i essensen i livet og kunsten til Edvard Munch og at ho får formidla det på ein grei måte. Boka inneheld (heldigvis) lite kunstteori, men det vert stadig vist til korleis kunstnaren sine sinnsstemningar spelte inn på arbeida hans; om korleis teknikk og motiv speglar kunstnaren sitt sjeleliv.

Munch - liv og kunst er kort, grei og gjennomillustrert - men eg vart ikkje særleg engasjert og fekk heller ikkje noko lyst til å lesa meir om Munch.

16. februar 2018

Biolesesirkel: Bernt Rougthvedt om Abelone Kristensen

Tema for årets fyrste runde i Moshonistas biografisirkel er Uoppdragne piker. Eg valde meg Bernt Rougthvedt si bok om den legendariske Abelone Kristensen; Saken mot Abelone.

Abelone Konstance Kristensen (1858 - 1920) var "kjendis" i Kristiania for vel hundre år sidan. Ho eigde eit etablissement i Karl XIIs gate på Vaterland der kjøp og sal av både det eine og det andre gjekk føre seg. Vaterland var eit belasta og overbefolka slumområde på den tida og både gauking (produksjon og sal av brennevin), bondefangeri, prostitusjon og anna kriminalitet florerte. Då Abelone sin ektemann Lauritz vart drept av ein kunde i 1893 førte det til stor oppstandelse og mykje oppstyr - og det vart i ettertid av hendinga dikta opp ulike legender og myter rundt Madam Kristensen.

Bernt Roughtvedt har i arbeidet med denne boka gravd i gamle arkiv og dokument for å prøva å gjera greie for sanninga. Abelone skal ha vore ei staseleg kvinne og var sikkert ein karismatisk person og ein fascinerande skikkelse som gjorde inntrykk på folk (menn) som møtte henne.

Ein kan finna mykje saftig og pirrande stoff i samband med Abelone og hennar aktivitetar, - men det er klart; det er mykje tragisk óg. Medan ein les tenkjer ein på alle dei vanskelege sosiale problema som fanst i visse deler av hovudstaden. Det var stor klasseskilnad på den tida - noko som viser att i dei rettssakene som Abelone vart involvert i: Mannen som drap Lauritz Kristensen vart frikjend. Medan Abelone ei tid seinare vart dømd for "rufferi og horehushold" - og måtte sona for det.

Dessverre er boka Saken mot Abelone skuffande svak, etter mi meining. Oppramsingar av namn og saker og mykje sitat gjer innhaldet mindre interessant og engasjerande enn det kunne ha blitt. Det er også lite biografisk materiale. Det skuldast delvis at Abelone ynskte å halda bakgrunnen sin og privatlivet sitt skjult, noko som har ei logisk forklaring; mor hennar var prostituert og Abelone vart fødd på Tukthuset. Ho vaks opp i ein fosterfamilie og byrja sjølv med sal av sex i ung alder. Seinare etablerte ho både butikkar og serveringsstader samstundes som ho opererte som bordellmamma og "rufferske" (kvinneleg hallik). Mykje tyder på at ho prostituerte seg i fleire tiår. Det er sannsynleg at ho i løpet av denne tida må ha gjennomgått abortar, pådratt seg kjønnssjukdommar og opplevd valdsepisodar.

Eg tykkjer forfattaren har gjort for lite ut av det kjeldematerialet han har hatt til rådvelde. Han skal imidlertid ha ros for at han har ei balansert framstilling av Abelone. På den eine sida var ho ei kynisk forretningskvinne som utnytta andre vanskelegstilte kvinner. På den andre sida vart ho urettferdig og urettmessig behandla av omverda.

Lydboka vart tilgjengeleg på Storytel for kort tid sidan og har ei speletid på kun 5 og ein halv time. Opplesar Cathrin Gram les heilt greit, men litt seint.

15. desember 2017

Biolesesirkel: Stein Østbø om Ronni Le Tekrø

Då kategorien "hårete" vart lansert som kategori i Moshonista sin biolesesirkel, var min fyrste tanke å lesa/skriva om ein av desse gamle, hårete og skjeggete polarfararane. Eg har nemleg hatt stor glede av å lesa om polarhistorie i samband med biosirkelen. No fann eg imidlertid ingen polarbio'ar som kunne høva og eg måtte tenkja nytt - og hamna såleis innan eit anna tema som eg tykkjer er interessant; musikk.

Nærare bestemt puddelrock - eller hair metal, beslekta med både powerpop, glam-metal, heavy metal og glamrock. Puddelrocken var særleg populær på 1980-talet, då moten for både menn og kvinner var masse, høgt, krøllete og gjerne tupert hår. Me som var unge den gongen kan hugsa tilbake til den tida der ein jamnleg/ofte tok permanent og gjerne brukte opp ein heil boks hårspray når ein skulle på fest.. I dag ser slike hårsveisar heilt idiotisk/harry ut, men den gongen var det skikkeleg stilig!

Puddelrock er melodiøs rock, ofte med fengande refreng og røffe gitarriff. Dei smaklause videoane ein laga på den tida er heldisvis utdaterte på alle måtar, men er ein del av "rockekulturen" og tidsbiletet. Eg elskar denne musikken og blir nostalgisk og i godt humør når eg høyrer på 80-tals hits frå band som er typiske innan sjangeren: Bon Jovi, Def Leppard, Whitesnake, Cinderella, Dokken, Skid Row og Mötley Crüe - samt svenske Europe og norske Stage Dolls og TNT.

Og - no nærmar eg meg poenget her; i samband med biorunden har eg lest om TNT sin frontfigur og gitarist Ronnie Le Tekrø. Eg fann boka på Storytel og ho er ikkje spesielt ny; ho vart skriven i 2007 og kom ut på lyd i 2016. Forfattaren Stein Østbø er mest kjend som musikkanmeldar i VG. Han har også skrive ei bok om Bruce Springsteen og ei om Elias Akselsen.


Hekta. Ronni Le Tekrø - Et liv i rock
Cappelen Damm 2016
Speletid 6:03

Opplesar Bjørn Eivind Aasland
Lydbok Storytel

Rolf Ågrim Tekrø heiter han egentleg, og dette er historia om vegen frå guterommet til internasjonalt kjende konsertscener. Det er også historia om TNT, Noreg sitt største tungrockband gjennom tidene. Og det er ei stadfesting av at mytene om sex, drugs & rock'n'roll har ein del sanning i seg. Eg tykkjer bakgrunnsstoffet er fascinerande og at Ronni Le Tekrø er ein sympatisk kar og ein fantastisk gitarist, men denne boka er ikkje særleg god.

Østbø hoppar att og fram i tid og vil gjerne fortelja alt på ein gong. Eg tykkjer det er usystematisk og forvirrande at det verken vert fortalt kronologisk eller tematisk. Boka inneheld gjentakingar og oppramsingar, noko som gjer lesinga/lyttinga treg og kjedeleg. Dessutan er det lite nytt. Både konfliktane med Tony Harnell, samarbeidet med Terje Rypdal og Tekrø sin eigen hasjbruk - alt dette er kjent frå tidlegare. At han har fem barn med tre ulike kvinner visste eg ikkje frå før, men det er ærleg talt heller ikkje så interessant.

Å lesa om barndommen og oppveksten hans er derimot litt interessant. Ronni var eit barn som gjerne vart hekta på ting, og då han fekk gitar som 12-åring sat han inne og øvde, øvde og øvde. Han var "fødd med eit rockeimage" og hadde eit stort talent - og berre 14 år gammal starta han eige band. Han vart oppdaga av Morten "Diesel" Dahl og Dag Ingebriktsen i samband med eit nytt rockeprosjekt i 1982 - og resten er historie, som det heiter.

Dersom du vil lesa om TNT og Ronni Le Tekrø - bruk heller Google og Youtube - då finn du det meste, både gammalt og nyare stoff. Du finn t.d. bilete som tyder på at Ronni er like langhåra den dag i dag. Og i motsetnad til dei fleste andre mannfolk på 50+, kler han å vera såpass hårete. I alle fall; denne boka kan du glatt hoppa over.  Terningkast 2.

Hårete ja! Coveret på det mest kjende TNT-albumet; Tell no tales frå 1987.
Plata fekk Spellemannprisen og inneheld m.a. superhiten 10000 Lovers (in one).
Frå venstre: Morten "Diesel" Dahl, Tony Harnell, Ronnie Le Tekrø og Morty "Black" Skaget.

15. oktober 2017

Biolesesirkel: Born to run av Bruce Springsteen

Tema for oktoberrunden av biografisirkelen er mett. Eg likar godt å delta i denne utfordringa, og sjekka difor både Storytel og bibliotekhyller for biografiar om kokkar og "spiseforstyrra" folk - eller andre som kunne assosierast med ordet mett. Eg fann ingenting. Bortsett frå biografien om Ingrid Espelid Hovig og Ingeborg Senneset si bok Anorektisk som begge kunne vore aktuelle, men dei hadde eg inga interesse av.
Kva skulle eg gjera? Eg var i gang med Bruce Springsteen sin sjølvbiografi, - kunne den passa? Kan den seiast å vera skriven av ein mann "mett på suksess"? Vel - ingenting tyder på at Springsteen har nådd noko metningspunkt. I ein alder av 68 held han stadig koken. Men ein kan sei at han er såpass mett at han har funne plass og tid til å skriva si eiga historie om sitt eige liv. Han skreiv jo også i si tid ein låt med tittelen 'Hungry Hart'... Med desse (tynne) grunngjevingane fann eg ut at Born to run kan kvalifiserast og kategoriserast som litt mett.


Cappelen Damm 2016
Lydbok Storytel
Opplesar: Håvard Bakke

Born to run er, som så mange andre sjølvbiografiar, svært omfangsrik; papirboka er på 526 sider. Den norske versjonen på Storytel er tredelt; bok 1 har speletid 7t 50 min., andre del er på 6:21 og tredje og siste bok varer i 5t 20 min. Eg trur det er smart å dela opp lyttinga slik at ein ikkje blir "overmett" ;-)
Håvard Bakke si stemme passar svært godt til boka, men på Storytel kan du også finna boka på originalspråket lest av forfattaren sjølv. Hadde eg vore god nok i engelsk hadde eg naturlegvis valgt det alternativet.

Springsteen har brukt lang tid på boka, heile sju år. Det har ført til at boka er gjennomarbeida og grundig, men i tillegg; unødvendig detaljert.

At Bruce Springsteen kan skriva, veit me frå før. Han har skrive låtar og gode sangtekstar som 'Born to run',  'The River', 'Born in the U.S.A.', 'My Hometown', 'I'm on fire', 'Human Touch', 'Streets of Philadelphia', 'Radio Nowhere' - for å ta nokre av dei mest kjende.

Forfattaren Springsteen er dyktig; sjølvbiografien er både velskriven, ryddig og interessant - og han er overraskande open og personleg. På same måte som han gir alt på konsertane sine, gir han alt i denne boka.

Eg ser det som vanskeleg/umuleg å gi noko handlingsreferat; det kan fort bli altfor oppramsande sidan boka er så innhaldsrik. Når det gjeld karrieren hans viser eg til Wikipedia-artikkelen (som truleg er blitt ekstra lang grunna opplysningar som stammar frå denne sjølvbiografien).

Musikken går som ein raud tråd gjennom livet til The Boss og i denne boka. Ein kan lesa om korleis 'Born in the U.S.A.' vart ein av tidenes mest misforståtte sangar og om korleis systera sitt liv vart til sangen 'The River'. Springsteen fortel om kva og kven som har inspirert han og behovet han har hatt for å endra/fornya det musikalske uttrykket sitt. Store musikalske opplevingar saman med The E Street band og som soloartist vert skildra med glød og engasjement. Fleire av låtane hans gjenspeglar røttene og oppveksten i Freehold, New Jersey. I stikkordform handla barndommen om: enkle kår, irsk og italiensk herkomst, arbeidarklassemiljø, katolsk oppdragelse og ein heim der det vart dansa og spelt musikk - men der det også ofte var dårleg stemning.

Familien har likevel betydd svært mykje for Springsteen gjennom heile livet. Det same har vener og kompisar - og i biosirkelsamanheng er det interessant å lesa om venskapet med Steven van Zandt og Patti Smith. Og så er det alle damene! Etter det ein forstår var det mange forhold, kjærestar og one night stands. Med Bruce Springsteen sin karisma og popularitet var det ikkje vanskeleg å skaffa seg kvinneleg selskap, men han trakk seg vekk når det byrja å bli alvor og snakk om varige forhold. Han var nok heller ikkje klar for ekteskapet då han gifta seg fyrste gong i 1984. Den einaste skandalen han har forårsaka/gjennomlevd var då det vart kjent at han hadde eit forhold til bandmedlem og noverande kone Patti Scialfa medan han var gift med si fyrste kone. Omsider fann han ekte kjærleik - og ro: No har Springsteen og Scialfa vore gifte i 26 år og dei har tre vaksne barn.

Bruce Springsteen såg fleire av venene sine på 1960- og 70-talet gå til grunne av narkotikamisbruk og hadde ein far som oppførte seg skremmande når han drakk alkohol. Han valde difor å vera - om ikkje heilt edru - så i alle fall måtehalden. I boka er han open om sine tunge stunder og fortel at han har gått til samtaleterapi i årevis. Det skal fansen vera glad for. Utan hjelp hadde nok ikkje denne mannen blitt noko superstjerne.

Eg tykte som nemnd over at biografien er interessant, men at det tidvis blir litt for pompøst og svulstig, i tillegg til at det er vel deltaljert - og dermed langtekkeleg. Frå før hadde eg eit inntrykk av at Bruce Springsteen er ein usedvanleg sympatisk person og artist - og dette inntrykket er blitt forsterka gjennom lesinga av denne boka.
Eg set stor pris på det Springsteen syner av integritet, vitalitet og musikalitet. Eg har aldri vore nokon blodfan, men eg har likt musikken hans og har t.d. LP-plata 'The River' frå 1980 liggjande ein plass..

Karrieren hans har vore langvarig og suksessrik og det finst uendeleg med konsertopptak og videoklipp på Youtube. Eg har plukka ut eit klipp som syner kor fin type Springsteen er. Dette er frå ein konsert i London i 2013 der mora og den yngste systera hans får vera med på scenen:


19. august 2017

Biolesesirkel: En av oss av Åsne Seierstad

Kagge 2013
532 sider
Papirbok lånt på biblioteket

Fire år etter bokutgjevinga og seks år etter terroråtaka 22. juli 2011 har eg no lest den kjende og viktige boka En av oss. Fyrst no følte eg meg "klar" - men det vart likevel sterk lesnad.

Tema for biolesesirkelen denne gongen er ondskap/galskap, og eg assosierer desse eigenskapane - både ond og gal - med Anders Behring Breivik. Alle kan vel vera enige om at han er ond i og med at han drap 77 menneske den gongen. Men er/var han gal? Det stridest dei lærde om.

Det var i rettssaka i 2012 usemje om Breivik var strafferettsleg tilrekneleg. To par rettssakkyndige vurderte då den mentale tilstanden hans og kom til to ulike konklusjonar. Det eine paret kom fram til at han var psykotisk og at han difor måtte dømmast som utilregneleg og til tvunge psykisk helsevern. Det andre paret meinte at han ikkje var psykotisk.
Diagnosane dyssosial og narsissistisk personlighetsforstyrrelse tilsa at Breivik ikkje var "gal nok"; han var i juridisk forstand tilrekneleg og kunne straffast. Dommarane i Oslo tingrett var enige i den sistnemnde vurderinga, og på det grunnlaget vart Anders Behring Breivik dømd til 21 års forvaring for massemord og terrorisme.

Rettssaka er også eit tema og har forholdsvis stor plass i denne boka. En av oss er tilpassa eit internasjonalt publikum og det har nok vore viktig for forfattaren å gjera greie for norsk rettspraksis og lovgjeving. Seierstad var til stades i rettssalen dei ti vekene saka varte og har hatt tilgang til dokument som politiavhøyr, politirapportar, dei rettsmedisinske vurderingane, Breivik sitt manifest samt andre "allmenne" kjelder som bøker og nettartiklar. I tillegg har ho samtala med pårørande og overlevande frå Utøya og regjeringskvartalet, intervjua dåverande statsminister og hatt eit møte med mor til gjerningsmannen. Vener, naboar, kollegaer og familiemedlemer har på si side bidrege til å gi eit innblikk i Breivik si vanskelege barndom- og ungdomstid. Forfattaren sende også ein førespurnad om eit intervju med den dømde. Førespurnaden vart avvist.

Slik eg tolkar dei opplysningane som kjem fram i denne boka, var Breivik i psykisk ubalanse då han etter å ha budd for seg sjølv ei tid flytta tilbake til mor si. På gutterommet brukar han all si tid på spelet World of Warcraft. Han er som besatt av spelet og lever gjennom det, nesten døgnet rundt - i eit par år. Når denne besettelsen går over finn han ein ny verden - på internett. Nettstader som Gates of Vienna og Jihad Watch er innbydande for han; her finn han meiningsfeller som Fjordman som han vert svært inspirert av. Her finst høgreekstremistiske tankar som passar til den forståing Breivik har av verda: han finn begrep som multikulturalisme og kulturmarxisme. Hovudmotstandarane hans vert frå no av ikkje virtuelle monster, men levande menneske; fyrst og fremst muslimar - og dernest medlemar/sympatisørar av Arbeiderpartiet.

Gradvis veks det fram ein grusom plan på gutterommet. Alle tankar og planar vert dokumentert i det 1500 siders manifestet som han distribuerer like før terroråtaka finn stad.

Boka er god og tankevekkjande. Ho er særdeles velskriven og uhyre interessant. Seierstad forsvarar ikkje terroristen, - på ingen måte. Ho gir heller ingen skråsikre svar på kva som kan ha gjort Anders Behring Breivik til terrorist og massemordar, men det er klart at omsorgssvikt og avvisning i tidlege barneår kan vera ei forklaring på kvifor han vart så inneslutta, einsam og sjølvoppteken.
Han vart aldri "ein av oss" sjølv om han prøvde å få innpass. Han vart avvist av sin eigen far, av vener, av Frimurerlosjen og av FrpU. At grunnen til avvisingane låg på han sjølv og at han hadde eit forvrengt syn på menneska og samfunnet rundt seg - det såg han ikkje.

Me hugsar vel alle kvar me var, kva me gjorde og kva me tenkte i dagane etter 22. juli. Gradvis seig grusomheitene og omfanget av desse inn over oss. Lista over namna på alle ofra var så uendeleg, ufatteleg lang. Ofra var så unge, sorga var så stor. Me gjekk i rosetog og "var alle AUF'arar".

En av oss er ein dokumentar og ingen rein biografi, men det vert fortalt så grundig som råd er om Breivik sin oppvekst og bakgrunn. Det er svært verknadsfullt at dette vert kryssklippa med nokre av Utøya-ofra sin bakgrunn. Skildringane av nedslaktinga som fann stad på Utøya er detaljerte, nøkterne og hjerteskjerande. Det er óg vondt å lesa om manglande beredskap, dårleg kommunikasjon og fatale mistydingar. I ettertid er mykje av dette blitt avdekka og offentleggjort gjennom 22. juli-kommisjonen sin rapport. Å få alt repetert i denne boka er framleis rystande.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Andre bloggmeiningar om En av oss: Reading Randi, Rose-Marie, Så rart

Du kan lesa om andre biografiar innan tema ondskap/galskap dersom du klikkar deg inn på
Moshonista sin blogg.

18. juni 2017

Biolesesirkel: Ingrid Brekke om Angela Merkel

Kagge 2016
223 sider
Kjelde: eBokBib

"Vi lever" er tema for junirunden av Moshonistas biolesesirkel. Det handlar altså om nolevande personar - og eg valde meg ein biografi om Angela Merkel. Til politikarbiografi å vera er ikkje boka så tørr og uinteressant som ein gjerne skulle tru, men ho er ikkje sååå engasjerande heller. Angela Merkel - Et europeisk drama er eit norsk blikk på den tyske forbundskansleren, den tyske etterkrigspolitikken, den tyske gjenforeninga og den tyske utanrikspolitikken.

Forfattaren Ingrid Brekke er journalist i Aftenposten og var avisa sin korrespondent i Berlin ein periode. Ho har difor god kjennskap til tysk samfunnsliv og politikk og har med denne boka gitt eit reflektert, grundig og "passe personleg" portrett av Angela Merkel. Brekke har støtta seg til folk rundt hovudpersonen, på tidlegare biografiar og ymse muntlege og
skriftlege kjelder. Boka er lettlest og utan lange utgreiingar; ein typisk journalist-biografi - utan å vera tabloid.

Eg visste egentleg ingenting om Merkel på førehand, så for meg var det meste av innhaldet i boka nytt stoff. Eg var ikkje ein gong klar over at ho hadde austtysk bakgrunn, så eg tykte det mest interessante var å lesa om Merkel si barne- og ungdomstid i gamle DDR. Brekke fortel at Merkel var skuleflink, ordentleg og beskjeden av natur. Ho fortel vidare om studieåra og karrieren som vitenskapskvinne og fysikar. Den politiske oppvakninga hennar skjedde ikkje før muren fall i 1989, då Merkel var 35 år gammal. Elles vert det fortalt om familiebakgrunn, ekteskap og politikarkarriere - men det kan like godt lesast i denne omfattande Wikipedia-artikkelen.

Angela Merkel har hatt ei ekstraordinær "reise" - frå prestedotter i ein diktaturstat til ein av verdas mektigaste leiarar i eit velfungerande demokrati. At det skulle bli nettopp CDU (Christlich Demokratische Union - kristendemokratane) som vart hennar parti kan synast underleg, men Brekke gjer greie for årsakene til det. Det vert fortalt om den bratte vegen til topps, om maktkamp innan partiet og koalisjonen og om det som kvinnelege toppolitikarar ofte vert utsett for: Kritikk for utsjånad, frisyre og klestil. Men det vert også hevda at den einaste leiaren i EU som Vladimir Putin verkeleg har respekt for er - nettopp; Angela Merkel.

Merkel er utan tvil ei dyktig og mektig dame, men på TV-skjermen virkar ho gjerne litt stiv og reservert - og eg finn ikkje noko karismatisk ved henne. Ho skal imidlertid vera ualminneleg hyggeleg og omgjengeleg "på ordentleg". For sitt arbeid for demokrati, menneskerettar, miljøvern og europeisk samarbeid har Merkel motteke fleire prisar. Ho har i det politiske arbeidet vist seg som rasjonell, faktaorientert og løysingsorientert, noko som sikkert heng saman med hennar naturvitenskaplege bakgrunn. Det skal òg nemnast at ho er kontroversiell - og i samband med den pågåande flyktningekrisa er det mange som har lagt ho for hat.

Ingrid Brekke har gitt biografien om Angela Merkel eit personleg preg; ho legg ikkje skjul på sine eigne tankar, vurderingar og meiningar. Eg meiner det er positivt, for dermed blir ikkje boka så kjedeleg/sakleg som ho elles kunne ha blitt. For meg vart det ei OK+ leseoppleving.

Andre bloggmeiningar: Rose-Marie - som er svært begeistra for boka.

16. april 2017

Biolesesirkel: Et kvart liv av Hans Olav Lahlum

Cappelen Damm 2013
Kjelde: Lydfil og ebok Storytel


I 2009 gav forfattaren Hans Olav Lahlum ut ein gigantisk biografi om den legendariske Arbeiderpartisekretæren Haakon Lie. Lie var sentral i arbeidarrørsla i fleire tiår, han vart 103 år gammal og boka om han vart på over 800 sider.

Boka om Håvard Vederhus er på 143 sider. Vederhus var nemleg på feil stad til feil tid; han var ein av dei 77 som mista livet i terrroråtaka den 22. juli 2011: Eit stort politisk talent som berre vart 21 år gammal - skoten og drepen av Anders Behring Breivik ved pumpehuset på Utøya.

Det er noko uendeleg trist med ein biografi om eit så altfor kort liv, - noko tittelen "Et kvart liv" også syner. Lahlum skreiv boka vinteren 2012-13 etter førespurnad frå familien til Håvard Vederhus. Boka er tilegna alle som mista livet på Utøya og er samstundes ein hyllest til Vederhus sitt engasjement for eit demokratisk og inkluderande samfunn. Boka er delt i fire: Den fyrste delen handlar om barndomstida, del to om ungdomstid og politisk og personleg forming, den tredje delen er om 22. juli og den fjerde og siste om den vanskelege vegen vidare for folk som sto han nær.

Lahlum fortel at Håvard Vederhus vaks opp som det midterste barnet i søskenflokken på tre - og at han på mange måtar også var midtpunktet i familien. Frå tidleg alder kravde han - og fekk - mykje merksemd. Han var uroleg og eigenrådig og hadde eit uvanleg høgt aktivitetsnivå. Han vaks opp og vart ein energisk og målbevisst ungdom og ein sentral skikkelse i mange ulike miljø. I motsetnad til mange andre AUF'arar vart ikkje Håvard Vederhus "fødd inn i Arbeiderpartiet." Men fordi han hadde eit grunnleggjande sosialdemokratisk syn på samfunnet melde han seg tidleg inn i AUF. Han var ikkje utprega skuleflink, men arbeidde målretta og fekk eit godt vitnemål frå Oslo Katedralskole.

Store deler av boka er i ein oppramsande stil og er nok helst for spesielt interesserte, dvs. menneske som står familien og partiet nært. Det som gir størst inntrykk er å lesa om avslutninga av Håvard sitt liv i den forferdelege massakren 22. juli. Eg har lest mykje om saka før, men nok ein gong får eg frysningar på ryggen og ei sterk kjensle av sorg og maktesløyse. "Vi gjemmer oss og lever" vart den siste Facebook-oppdateringa Håvard skreiv då han saman med mange andre prøvde å gøyma seg for massemordaren. Nokre minuttar seinare var AUF-leiaren i Oslo død.

Håvard Vederhus var utan tvil ein karismatisk, kunnskapsrik og engasjert ungdomspolitikar - og han ville heilt sikkert nådd langt. Han vert også skildra som ein omsorgsfull person og ein trufast ven. Det synte han heilt til det siste. Størst er saknet og sorga hos far, mor, storebror og veslesyster.
"Det å miste et barn er alltid en tragedie. For mange foreldre vil nok likevel nettopp alderen rundt 20 være den aller verste alderen å miste et barn i. Man har da fulgt et barn hele veien opp gjennom oppveksten, for så å miste det på spranget ut i voksen alder - før barnet får egen famile og før det rekker å realisere sine mål i livet."
Ei fullsett Grefsen kirke følgde Håvard Vederhus til den siste kvilestaden 4. august 2011. Dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen heldt minnetale og mellom dei frammøtte elles var noverande statsminister Erna Solberg.

Et kvart liv er mitt bidrag til aprilutgåva av Moshonistas biografilesesirkel.

14. februar 2017

Biolesesirkel: En gatekatt ved navn Bob av James Bowen

Bastion 2013
284 sider
eBokBib


I denne boka fortel James Bowen om korleis møtet med ein katt vart avgjerande for at han klarte å snu livet sitt. Eg har lest boka i samband med årets fyrste biosirkel-runde. Tema for denne runden med biografilesing er Rags to riches - eller med andre ord frå fattig til rik.

For nokre få år sidan var Bowen uteliggjar og narkoman, ein mann utan framtidsutsikter og utan nettverk. I dag er han verdenskjendis, filmaktuell og bestseljande forfattar. Om han er søkkrik veit eg ikkje, men han har i alle fall i ein mykje betre økonomisk situasjon enn den han hadde.

Historia om James og gatekatten tek til i 2007. Etter ein heroinoverdose får Bowen ein ny (siste) sjanse; han vert sett på metadonprogram og får tildelt ein kommunal hybel. Han lever frå hand til munn og tener nokre slantar som gatesangar. Så ein dag møter han ein skada gatekatt der han bur. Det vert starten på eit ekstraordinært venskap som skal snu om på livet til begge to.

James Bowen hadde ein rotlaus og problematisk barne- og ungdomstid. I boka nemner han fleire årsaker til dette: Foreldre som skilde lag, stadig flytting att og fram mellom England og Australia, rusproblem, mobbing, ein ADHD-diagnose og generelle tilpassingsvanskar. Han stikk ikkje under ein stol at han sjølv hadde ein stor del av skulda for at det vart tøft og vanskeleg.

Eg har tru på at katter, hundar og andre dyr kan få folk på fote igjen. Kontakt med dyr er bra for dei fleste. Det har vist seg mange gonger at det å ha ansvar for andre gjer at ein sjølv får meir struktur i livet sitt. Når denne tillitsfulle katten dukkar opp i livet til James, får han for fyrste gong i livet nokon andre å ta vare på. James tykkjer merkeleg nok at katten liknar litt på skumle Bob i Twin Peaks og kallar han difor opp etter han. James sine rus- og økonomiske problem går ikkje over momentant, men gradvis, - takka vere pågangsmot, hardt arbeid som gatemusikant og gateseljar - og YouTube - vert tilværet annleis og betre for både mann og katt.

Bowen fortel historia si i ein kvardagsleg, oppramsande og repeterande stil. Det er greit og sjarmerande med ein slik "uproff" forteljarstil fordi det gjer det heile ekte og truverdig.

En Gatekatt ved navn Bob er ei solskinnshistorie om ein mann og ein katt som fann kvarandre. Noko stor leseoppleving kan eg ikkje sei at det vart, men av og til kan det vera nyttig å lesa noko som er enkelt, hyggeleg og koseleg.

15. desember 2016

Biografilesesirkel: Per Egil Hegge om Otto Sverdrup

Årets siste runde i biografisirkelen handlar om Snø og is og det er underteikna som har valt ut kategori denne gongen. Grunnen til at nettopp dette temaet fengar meg er ikkje at eg er unormalt fascinert av kulde, - nei, det skuldast at eg har ei litt sær interesse for polarhistorie. Når eg les om tidlegare tiders polferder og polfararar føler eg noko i nærleiken av skrekkblanda fryd. For meg er det ufatteleg at dei klarte, torde og i det heile kunne finna på å begi seg ut på slike langvarige og farlege ferder. Eg tykkjer det er utruleg fascinerande å lesa om desse polpionerane, som la avgarde i ukjende og farefulle strøk, utan GPS, utan Goretex, utan kommunikasjon, utan sikkerheitsnett.

Når det gjeld val av biografi er det to omsyn å ta. For det fyrste må "den biograferte" helst vera ein litt interessant person i utgangspunktet. Men vel så viktig: Biografen, forfattaren av biografien, må kunna skriva. Det hjelper ikkje kor stort kjeldemateriale ein har og kor mykje researcharbeid ein legg ned dersom ein ikkje klarar å formidla stoffet vidare til lesaren på ein god måte. (Og då tenkjer eg på den dårlege leseopplevinga eg fekk med Agatha Christie-biografien)

Vel, ein lærer så lenge ein lever, så eg vurderte både hovudperson og forfattar då eg i denne biorunden plukka ut Per Egil Hegge sin biografi om Otto Sverdrup. Boka kom ut på Stenersen forlag i 1996 og eg har lånt ebok via bokhylla.no. Hegge og Sverdrup viste seg å vera ein brubar kombinasjon.

Nasjonalheltane Fridtjof Nansen og Roald Amundsen kjenner alle til, og dei to skal ha for engasjementet, pågangsmotet, motet, viljestyrken, visjonane og kunnskapen dei synte gjennom ekspedisjonane og det vitenskapelege arbeidet dei utførte. Likevel - når ein kjenner til det som skjedde med Hjalmar Johansen (som Ragnar Kvam fortel om i Den tredje mann), vert det openbart at medaljen hadde ei bakside.

Som leiarar fekk (og tok) Nansen og Amundsen mesteparten av æra, men for å lukkast med ekspedisjonane sine var dei såklart heilt avhengige av dyktige og stødige støttespelarar, - som Johansen og Sverdrup. I norsk polarhistorie har både Hjalmar Johansen og Otto Sverdrup fått for liten plass, men det skal nemnast at Wikipedia-artikkelen om Sverdrup finst på heile 22 språk - så det ser ut til at han fekk eit visst internasjonalt ettermæle.

Otto Neumann Knoph Sverdrup vart fødd i Bindal i 1854. Familien flytta seinare til Steinkjer. Han var nest eldst i ein søskenflokk på ti og i slekt med andre kjende Sverdrup'ar som Georg (Eidsvollmannen) og Johan (han med parlamentarismen). Vesle Otto vart oppdregen til å bli ein hardhaus: Det vert fortalt at han og den eitt år eldre broren lærde å symja ved at morfaren rodde dei ut på fjorden, kasta dei over bord og ba dei kara seg til lands. Alt frå ti års alder fekk han gevær og han skaut sin fyrste bjørn som 14-åring. Seinare for han til sjøs og utdanna seg til styrmann og skipsførar. Medan han arbeidde som skipper på eit dampskip på Trøndelagskysten kom han i kontakt med sakføraren Alexander Nansen, bror til Fridtjof. På denne tida var Fridtjof Nansen på jakt etter mannskap til Grønlands-ekspedisjonen sin - og broren tipsa han om den allsidige og sindige Otto Sverdrup.

Som tittelen Aldri rådløs viser: Sverdrup var praktisk anlagd og ein nevenyttig kar, ein altmulegmann som alltid visste råd. Hegge fortel at han var beskjeden og fåmælt av natur. I tillegg var han hardfør, uthaldande og lojal. Nansen sette nok stor pris på ein mann med slike eigenskapar.

Fridtjof Nansen sin ekspedisjon over Grønland i 1888 var dristig, dramatisk og i ettertid; legendarisk - og Sverdrup bidrog sterkt til at ekspedisjonen vart ein suksess. Deltakarane brukte lenger tid enn forventa på den 670 kilometer lange "skituren" slik at dei måtte overvintra på Grønland. Denne overvintringa skulle komma til å bli viktig for både Nansen og Sverdrup i dei kommande åra: Dei brukte tida på å læra å leva og overleva i polare strøk av urbefolkninga - inuittane. Det handla både om kosthald, jaktmetodar, utstyr og praktisk kunnskap om kajakkpadling og hundekøyring.

Marsjen over innlandsisen. Grønland august - september 1888
Foto: Nasjonalbiblioteket bldsa_3b057

Per Egil Hegge fortel vidare om Sverdrup sitt liv og virke. Det var som skipper og ekspedisjonsleiar han skulle komma til å bli mest kjend som, men det vart både giftarmål og barn på han også. Han gav truleg ikkje uttrykk for at han lengta heim til seg og sine, men i eit dagboksnotat seier han: "I dag er det et år siden jeg reiste fra mit kjære hjem og min inderlige kjære hustru og lille datter. Det var forferdelig tunkt å forlate dem, jeg har aldri følt mig så ulykkelig ved at reise hjemmefra som denne gang.." Dette skreiv han i juli 1894, då Sverdrup og dei andre på polarskipet Fram befann seg langt oppe i isen nord for Sibir.

Fram er det skipet som har vore lengst mot nord og lengst mot sør. Det vart bygd av Colin Archer på initiativ frå Fridtjof Nansen - og Otto Sverdrup var ein slags konsulent då skipet vart bygd. Han skal også ha mykje av æra av at skipet vart bevart for ettertida. I dag kan ein sjå Fram utstilt på Frammuseet i Oslo.

Den fyrste Fram-ekspedisjonen (ofte kalla første Fram-ferd, 1893-96) var ein banebrytande polarekspedisjon som foretok mange viktige vitenskaplege studiar og målingar. Fram fraus fast i isen som forventa og dreiv over polhavet. For den utålmodige Nansen var det nedtur at dei ikkje dreiv enno lenger nord, mot sjølve polpunktet, så han og Hjalmar Johansen tok med seg hundar, sledar og proviant og la i veg i retning Nordpolen. I Nansen sitt fråver var det Sverdrup som hadde ansvaret på Fram. Fyrst i 1896 kom Fram laus frå isen, omlag samstundes som den andre delen av ekspedisjonen, Nansen og Johansen, kom til rette etter overvintring på Frans Josefs land. Eit samla mannskap kunne dermed ta fatt på siste etappe; ei triumfferd langs heile kysten fram til målet i Kristiania. Alle stader vart dei hylla og jubla for.

Her har mannskapet på Fram stasa seg opp etter heimkomsten.
Nansen i midten bak, Johansen og Sverdrup rett framfor han.
Foto: Nasjonalbiblioteket bldsa_3c145

I denne boka vert det fortalt utførleg om fyrste Fram-ferd, og gjennom det som skjedde på turen får ein eit godt innblikk i korleis Otto Sverdrup var som person. Det virkar som om han var ein venleg mann, ein god organisator og omsynsfull leiar, men sidan han var så tilbakehalden og ordknapp fekk han vanskar med å halda motet oppe blant mennene sine. Dei lange, kalde og mørke månadene førte til at mennene fekk det som i dag kallast "brakkesjuke". Drifta av Fram gjekk ulideleg sakte, fleire av mennene kom i konflikt med kvarandre og skipslegen (polarlegen som du kan lesa meir om hos Anita) viste seg å vera narkoman. Sin eigen frustrasjon tok Sverdrup ut gjennom dagbøkene. Dei inneheld skarpe karakteristikkar og djup kritikk av av dei andre - særleg Fridtjof Nansen.

To år etter drog Sverdrup igjen avgarde med Fram (andre Fram-ferd 1898-1902), denne gongen som ekspedisjonsleiar. Ferda gjekk til dei svære områda mellom Grønland og Canada og målet var polarforsking og kartlegging og faktisk også erobring av nytt land. Dei var vekke i fire år, eitt år lenger enn forventa. Heller ikkje denne turen var utan dramatikk; av mannskapet på 16 som reiste, kom berre 14 tilbake. I samband med førebuingane til ekspedisjonen vart Nansen og Sverdrup usamde, og dei var ikkje på talefot på mange år. Men dei respekterte kvarandre og vart mot slutten av livet forsona igjen.

Sverdrup og familien busette seg i Sandvika etter ei tid med ulike utanlandsopphald; m.a. gjorde han eit mindre vellukka forsøk på plantasjedrift på Cuba. På sine eldre dagar var han leiar for tre store og krevjande russiske redningsaksjonar i Arktis. Otto Sverdrup døydde av kreft i 1930.

Otto Sverdrup på sine eldre dagar. Dette er frå 1928.
Foto: Wikipedia.org

Denne biografien er velskriven, men mange direkte sitat frå dagbøker gjer at det er litt tunglest. På plussida må nemnast rikeleg med interessante bilete, illustrasjonar og kart. Per Egil Hegge peikar i forordet på at kjeldematerialet om og rundt Otto Sverdrup er sparsamt, men eg tykkjer likevel at han får teikna eit grundig portrett av mannen. Hegge får fram kor spesiell Sverdrup var og kor unike eigenskapar han hadde. Han var høgt respektert i si eiga samtid og blant sine eigne, men det virkar som om han mangla noko som Fridtjof Nansen hadde rikeleg av; karisma.

Biografien inneheld eit tillegg skrive av Asbjørn F. Aastrøm. Han har gått i Otto Sverdrups sine fotspor i det nordlege Canada og skildra den storslagne naturen der i ord og bilete.

I Otto Sverdrup sitt rike
Skjermbilde frå boka. Foto: Asbjørn F. Aastrøm

Dersom du no ikkje er lei av å lesa om polferder, is og kulde og slikt; ta ein titt innom hos Moshonista og sjå kva andre bokbloggarar har lest og skrive om same tema!