30. november 2019

Oppsummering november 19

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Roar Sørensen - Djevelens øyne - Norsk krim - Lånt ebok eBokBib
S.J. Bolton - Fortapt - Britisk krim - Lyd Storytel

Lest i november:
Anne Holt - Furet/værbitt - Norsk krim - Lånt papirbok privat
S.J. Bolton - Tidevann - Britisk krim - Lyd Storytel
Peter May - Drapet på Entry Island - Britisk krim - Lånt ebok eBokBib

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Tor Bomann-Larsen - Kongstanken - Dokumentarisk/historisk/biografisk - Lyd Storytel
Robert Dugoni - Siste åndedrag - Amerikansk krim - Lånt papirbok biblioteket


1 papir, 2 lyd, 2 ebøker
3 lånt, 2 abonnement
Alle krim
2 norske, 3 britiske
2 menn, 3 kvinner
"Nye" forfattarar: Ingen

Ein heller skral lesemånad er over. Halvparten av antalet for oktober. Kun krimbøker. Ingen nye forfattarar. Eg kjem ikkje til å nå målet om 100 bøker i år.

Så ein får ta tak i det som er positivt: Alle fem bøkene er gode leseopplevingar og anbefalast. Både Furet/værbitt og Drapet på Entry Island er av den type bøker som ein får meir meir ut av om dei blir lest sakte.

Eg har starta på Tor Bomann-Larsen sitt biografiske verk om Haakon og Maud. Etter å ha lytta til omlag halve boka kan eg slå fast at Kongstanken er både lærerik, velskriven, interessant og underhaldande. 

26. november 2019

Norsk krim 2019 del 3

Tre kvinnelege forfattarar i denne samleomtalen. Dei har alle eit ganske tydeleg kvinneperspektiv, men dei skriv ikkje "kosekrim".

Iskald av Agnes Lovise Matre

Gyldendal 2019
292 sider
Lånt ebok eBokBib

Etter den brukbare Skinnet bedrar var forventningane mine ganske høge, men eg tykte ikkje Iskald innfridde heilt. Boka er ikkje dårleg, og eg likar kulissane og miljøskildringane, men det er liksom noko som manglar. Det er for lite spenning og for dårleg framdrift fordi forfattaren overforklarar og repeterer for mykje. Hovudperson og lensmann Bengt Alvsaker er ein sympatisk karakter, men eg blir litt sliten av å lesa om tidsklemma hans.

På den andre sida er boka lettlest og godt komponert. Å bruka triatlon-konkurransen Norsemen Xtreme som utgangspunkt for saka er spenstig og originalt. Eg ser ikkje vekk frå at eg kjem til å lesa neste bok i denne bygdekrimserien.
Terningkast 3+.



Aldri tilgi av Trude Teige

Aschehoug 2019
330 sider
Lånt papirbok privat

Oversiktleg persongalleri, korte kapittel, lettfatteleg innhald, tydelege forteljarstemmer, aktuelle problemstillingar. Kort sagt; bra handtverk frå Trude Teige.

Kajsa Coren-serien kan anbefalast. I Aldri tilgi vert same oppskrift som dei tidlegare bøkene følgd, det vil sei at journalisten Kajsa og etterforskarsambuar Karsten nærmar seg dei same sakene frå ulike kantar. Litt sånn Camilla Läckberg, men Teige skriv heldigvis ikkje så mykje om trivielle og familiære forhold som henne.

Boka er veldig lettlest. Det er ei underhaldande og spennande forteljing som også er til ettertanke.
Terningkast 4.


Furet/værbitt av Anne Holt

Gyldendal 2019
397 sider
Lånt papirbok privat

Me har vel alle ei forestilling om at ekstremistar høyrer til langt ute på den politiske høgresida eller venstresida. Her i denne boka møter me sentrumsekstremistar - og det er eit tankekors for oss; eit nytt og annleis motiv for ugjerningar.

Selma Falck er ein interessant protagonist og det same er den gale kompisen hennar, Einar. Elles er denne boka midt i blinken for alle konspirasjonsteoretikarane der ute. For oss som har eit meir edrueleg syn på samfunnet vert det "litt mykje". Men for all del - Anne Holt er dyktig; ho har ein god penn og veit å bygga opp historiar, karakterar og intrigar slik at dei framstår som truverdige. Vekslinga mellom notid og fortid er elegant. Forteljarmåten er noko omstendeleg, men det går i liten grad ut over drivet i historia.
Terningkast 4+.


21. november 2019

Serieomtale: Lacey Flint-serien av Sharon Bolton

Lacey Flint-serien er veldig bra og fortener å bli meir kjent. Eg anbefalar desse bøkene til deg som har sans for psykologiske thrillerar og stemningsfulle, mørke kriminalromanar. Sharon Bolton eller S.J. Bolton som ho også kallar seg, har gitt ut mange frittståande thrillerar i tillegg til denne serien.

Lydbøkene kan du finna på Storytel, svært godt innlest av Kristine Rui Slettebakken. Kronologien er slik:
  1. Nå ser du meg (Now You See Me)
  2. Livredd (Dead Scared)
  3. Fortapt (Like This, For Ever)
  4. Tidevann (A Dark and Twisted Tide)
I tillegg til dei fire romanane har Bolton skrive to noveller knytta til det same universet, kan ein lesa på forfattaren si heimeside. Novellene er førebels ikkje utgitt på norsk, og blir det vel neppe heller.

Lacey Flint jobbar som etterforskar i Londonpolitiet og får i løpet av ganske kort tid nokre svært krevjande saker å hanskast med. Lacey er ein kompleks protagonist med ein spesiell bakgrunn, eit spesielt lynne og med spesielle eigenskapar. Me kjem verkeleg under huda på henne, særleg i bok 3 og 4. Ho let ingen komma for nær seg fordi ho har ei mørk side som ho held hemmeleg. Dette har konsekvensar for sakene ho jobbar med, og for utviklinga av venskapet og forholdet til kollega Mark Joesbury.

Bøkene i serien bør lesast i rekkefølge. Eg vil dessutan rå til å lesa dei ganske nær kvarandre i tid. For min eigen del vart det for lang tid (og altfor mange bøker) mellom bok nummer 1 og 2 slik at eg nok hadde gløymt store deler av innhaldet i den fyrste boka; særleg det som hadde med Lacey si fortid å gjera.

Nedanfor kopierer eg (delvis) frå samleomtalane eg alt har skrive om Nå ser du meg og Livredd. 
Til sist kan du lesa nye, korte omtalar/vurderingar av Fortapt og Tidevann.

Nå ser du meg

Fyrste bok i serien er ein politikrim der hovudpersonen Lacey Flint vert ualminneleg sterkt involvert i ei pågåande seriemordarsak. Under lesinga fekk eg assosiasjonar til både Mo Hayder, Val McDermid og Minette Walters sine bøker.

Splitter gale seksual-, sadist- og seriemordarar er heldigvis høgst uvanleg, men det finst nokre eksempel på slike monster frå det verkelege. Den mest bestialske, myteomspundne og uoppklarte av dei alle er Jack the Ripper. I Nå ser du meg handlar det om ein person som kopierer metodane til den skremmande drapsmannen som terroriserte London på 1880-talet.

Nå ser du meg er ingen kosekrim: Sarte sjeler må vera obs på at boka inneheld nokså blodige skildringar. Terningkast 4.

Livredd 

Bok nummer to i serien er nifs, velskriven og svært spennande. Her befinn me oss i grenselandet mellom psykologisk thriller og etterforskarkrim.

I denne boka handlar det om ein gjerningsperson som ser ut til å hypnotisera unge kvinner til å ta livet av seg - på høgst uvanlege og dramatiske måtar. Hendingane har skjedd på universitetet i Cambridge. Lacey Flint "kler seg ut" som student og går undercover for å finna ut av saka.

Pluss for tempo og spenning, men trekk for urealistisk handling. Terningkast 4+.


Fortapt

Det har gått litt tid sidan dei dramatiske og traumatiske hendingane i Cambridge då Lacey nesten mista livet. Ho er sjukmeld frå jobben og tvangstankar og -handlingar har (igjen) sett preg på livet hennar. Livet er komplisert og det som såg ut til å bli starten på eit kjæresteforhold til Mark Josbury har heller ikkje utvikla seg.

Handlinga i Fortapt er uhyggeleg. 4 gutar i 10-12 års-alderen er blitt funne døde i eller i nærleiken av Themsen. Alle er bortimot tømde for blod og det ser ut som dei er utsette for ein eller annan form for ritual. Ein av teoriane politiet arbeider med er at gjerningspersonen kan ha Renfields syndrom (det same som Jo Nesbø skriv om i Tørst).

Alt av media, særleg dei sosiale, har fokus på den grusomme og samstundes pirrande saka. Det vert spekulert om vampyrar og lagt fram usannsynlege forklaringar, stemninga vert hysterisk og paranoid og presset på politietterforskarane aukar. Det er interessant å lesa om korleis samspelet og dynamikken i etterforskargruppa endrar seg når dei blir utfordra frå alle kantar.

I fyrste halvdel av boka brukar forfattaren mykje plass til stemningsfulle miljøskildringar og presentasjon av fleire ulike karakterar. Det er vinter, det regnar, det er tåkete og det er kaldt - på mange plan. Utover stig spenninga og lesaren får innblikk i handlingane, tankane og meiningane til dei involverte. Bolton skildrar både offer, pårørande, vitner og etterforskarar si uro og frustrasjon på ein overbevisande måte. Lacey, som denne gongen ikkje er ein del av etterforskarteamet, spelar likevel ei stor rolle når saka skal oppklarast.

I denne boka overraskar forfattaren gong på gong. Ting er slett ikkje slik som dei ser ut til å vera ved fyrste augekast. Dei stadige tvistane gjer boka til ein skikkeleg pageturner. Så realistisk og truverdig er vel ikkje handlinga denne gongen heller, men eg likte denne stemningsfulle og grøssande gode thrilleren.  Terningkast 5.

Tidevann

Etter tre dramatiske og utmattande saker har Lacey har starta på nytt. Ho har sagt opp jobben i drapsavdelinga og starta som vanleg konstabel i elvepolitiet. Samstundes har ho busett seg i ein elvebåt på Themsen og trivst med tilværet. Kan denne idyllen vara?
Sjølvsagt ikkje.
Lacey oppdagar eit lik i elva og ei ny opprørande og krevjande sak er i gang.

Tidevann er det sommar og varmt, men stemninga er likevel uhyggeleg. Som i Fortapt er elva - Themsen - sentral i handlinga. Bolton skildrar livet på og rundt Themsen og folka som held til der. Me får kunnskap om kanalane, tunnelane og det som elva skjuler. Ho fortel om tidevatnet og dei farlege situasjonane og den klaustrofobiske kjensla den skapar.

I denne boka vert det fortalt om hendingar som er både tragiske, aktuelle og truverdige. Det handlar om ulovleg innvandring, om menneskehandel og om folk som utnyttar andre godtruande og desperate menneske på det grovaste. Det handlar óg om eit samfunn som ikkje tek vare på dei svakaste.

I tillegg til den pågåande saka har Lacey utfordringar privat. Serien er i liten grad romantisk, men det uavklarte og ikkje-eksisterande forholdet mellom Lacey og Mark Joesbury er eit ekstra spenningsmoment. Lesaren skjønnar at dei lengtar etter kvarandre, men sidan begge har så store hemmelegheiter for den andre er det umuleg å skapa ei framtid saman. Eller?

Gjennom dei fire bøkene har nokre handlingstrådar vore uklare for denne lesaren. I Tidevann får me enkelte avklaringar og forklaringar, men slutten er forholdsvis open. Forfattaren har ingen umiddelbare planar om fleire bøker, men eg tykkjer det ligg i korta at det kjem fleire ein gong i framtida.

Eg nemnde Mo Hayder tidlegare, og i denne siste boka er det særleg mange likskapar med hennar serie om Jack Caffery og Flea Marley, både stil- og handlingsmessig. Kjennarar vil skjønna at det er eit kvalitetsstempel. Terningkast 5.

12. november 2019

Kort om: Regnmakeren av Gert Nygårdshaug

Cappelen Damm 2019
233 sider
Lånt papirbok biblioteket

Gert Nygårdshaug har laga ei ny frittståande forteljing om urmakar Melkior Mussenden, kona hans Mathilde og dei andre innbyggarane i den idylliske namnlause landsbyen. Det er det same universet som vart skildra i Klokkemakeren og Nøkkelmakeren og tematikken er òg mykje av det same: Det enkle liv med enkle gleder. Tiden med stor T og liten t. Arroganse frå storsamfunn og byråkrati. Og bak det heile; eit fokus på bærekraft, naturressursar, miljø og klima.

Handlinga i boka er enkel og moralen høg. Ein finn sær humor, artige skildringar og karikerte karakterar. Om ein les Regnmakeren før eller etter dei to tidlegare bøkene er uvesentleg, for i denne bokserien spelar ikkje kronologi noko rolle. Nygårdshaug snur ofte opp/ned og bak/fram på tid og rom.

Urmakar Mussenden held seg oppdatert i det som skjer takka vere jamnlege turar til vertshuset Den Gyldne Aks der han møter dei andre medlemmene av Dueskytterforeningen. Her vert det som vanleg filosofert og fabulert medan medlemmene inntek rugbrødskiver med fleskepølse og genever.

Landsbyen er eit slags Kardemomme by-samfunn. Her er alle snille og hjelpsame med kvarandre, her finst lite moderne teknologi, her nyter ein god mat og gode samtalar. Her er det plass til og omtanke for ein stadig aukande mengde av tilflyttarar og innvandrarar. Og her regnar det. Kvar natt kjem ei forfriskande regnskur og kvar dag skin sola. Kornavlingane er rekordhøge og insekta har det bra. Overalt i landet elles er ein plaga med langvarig tørke, så det besynderlege meteorologiske fenomenet vert lagt merke til av Etaten, Staten og Hierarkiet. Dermed kjem Etaten på besøk, og han bestemmer seg for å bli verande i landsbyen. Kva kjem til å skje dersom Staten kjem? Vert Den Mektige Allierte involvert?

Boka er skiven i eit snirklete språk, noko som kler forteljinga. Dialogane er oppramsande og teiknsetjinga er alternativ, - og dette kan by på litt utfordringar for lesaren. I alle fall må ein ha god tid når ein les. Dei 233 sidene går ikkje unna i ein fei, for å sei det slik. Ein kan flira og humra av Nygårdshaug sine utlegningar, overdrivingar og skråblikk, men av og til set humringa seg fast i halsen. Det er sjølvsagt eit alvor bak den muntre forteljinga.

For å ha glede av Regnmakeren må du ha humoristisk sans og vera open for enkelte surrealistiske krumspring og urealistiske hendingar. Det er óg ein fordel å ha eit visst innblikk i Nygårdshaug sitt forfattarskap.
Eg koste meg med boka og tykte innhaldet var både fornøyeleg og til ettertanke. Alle gjentakingane og alt det overtydelege trekker likevel ned heilskapsinntrykket.

7. november 2019

Bokomtale: Djevelens øyne av Roar Sørensen

Asiaforlaget 2019
343 sider
Lånt ebok eBokBib

Handlinga i den femte boka i serien om Stingo er (som dei føregåande) lagt til Filippinene. Det eksotiske miljøet og det (for oss) framande samfunnet er ei interessant ramme for ein velskriven og underhaldande krimserie.

Stilmessig er bøkene ganske ulike. Sjølv har eg meir sans for dei mørke og dystre (Smertens aveny, Mørkets blod) enn den forrige; den fartsfylte og nesten muntre Paradisets hjerte, men dette er naturlegvis ein smakssak.

Djevelens øyne har høgt tempo og rikeleg med action. Plottet er forholdsvis enkelt og boka er difor rask å lesa. Stingo framstår som ein blanding av MacGyver og inspektør Clouseau - og litt Philip Marlowe. Sjangermessig har boka mest til felles med tradisjonell hardkokt krim der den tøffe detektiven med dei vittige replikkane ordnar opp i tøffe og farlege omgjevnader.

Samstundes tek Sørensen opp reelle problemstillingar i det filippinske samfunnet; forhold som kunne vore henta frå den verkelege verda. Ein får eit visst innblikk i levekåra der, og fleire eksempel på at fattigdommen kan få folk til å utføra dei mest uhyrlege handlingar. Forfattaren peikar på korleis moral og etikk forvitrar når kampen for tilværet er så tøff som her. Det er enkelt å vera moralsk når ein er rik, som ein av karakterane i boka seier.

Denne gongen er Stingo på ferie, men det blir lite avslapning, for å sei det slik. Ein tysk turist som held til i nabohytta hans vert arrestert, anklaga for valdtekt og mord på ei ung jente. Stingo kan gi tyskaren alibi, men "nokon" ynskjer ikkje at dette skal bli kjent. Litt seinare tek den fengsla turisten sitt eige liv - og mykje tyder på at han har fått "hjelp". Stingo får så i oppdrag av familien i Tyskland å finna ut av saka.

Det vert ei farefull, einsam og utfordrande sak for Stingo. Etter kvart vert situasjonen desperat, konfrontasjonane mange og valdsskildringane tilsvarande tøffe. Spenninga ligg ikkje i om Stingo klarar seg, men korleis - og om han tidsnok klarar å redda to barn frå pedofile overgriparar.

Tematikken i boka er verkeleg opprørande; kidnapping, overgrep og drap - på barn. Boka har ingen detaljerte skildringar av desse overgrepa altså; enkelte ting bør og skal overlatast til lesaren sin fantasi. Men ein kjenner jo til at på Det mørke nettet finst det, rundt omkring i heile verda, sjuke folk med perverse lyster. Folk som etterspør bilete og filmar der det vert vist valdtekter og drap på barn og anna liknande innhald.

Sidan tematikken er så vond, er det befriande for lesaren at det er lagt inn litt humor, galgenhumor og sarkasme innimellom - slik at ein får nokre pustepausar.

Denne lesaren er kresen og kravstor, og eg tykkjer som sagt innleiingsvis at eit par av dei føregåande bøkene er betre enn denne. Men for all del - Djevelens øyne anbefalast. Boka er sjølvstendig og avsluttande og kan godt lesast åleine sjølv om ho er del av ein serie.

Andre bloggmeiningar: Tine sin blogg

4. november 2019

Bokomtale: Offer 2117 av Jussi Adler-Olsen

Lydbokforlaget 2019
Speletid 16:40
Kjøpt lydfil

I bok 8 i serien om Avdeling Q er Jussi Adler-Olsen attende på sporet, etter dei (til Adler-Olsen å vera) noko svakare Den grenseløse og Selfies. Offer 2117 er like hjerteskjerande som Kvinnen i buret, like spennande som Flaskepost fra P, like engasjerande som Journal 64 og like mykje til ettertanke som Marco-effekten. Så har du ikkje lest boka enno, har du verkeleg ei - på alle måtar - stor leseoppleving framføre deg.

Offer 2117 er svært omfangsrik, inneheld fleire handlingstrådar og mange karakterar med ulike sterke skjebnar. Papirutgåva har 509 sider og lydboka varer i over 16 timar. Men eg kjeda meg ikkje eitt einaste sekund medan eg lytta til boka! Det skuldast fyrst og fremst at historia er svært fengslande, men også at opplesar Helge Winther-Larsen gjer ein så god jobb.

Utgangspunkt for handlinga i boka er svært aktuell - og veldig trist. Tittelen Offer 2117 viser til eit minnesmerke plassert på ei strand ved Barcelona i Spania; eit minnesmerke med ein digital teljar over alle båtflyktningar som har drukna i Middelhavet inneverande år. På minnesmerket står det "No es solo un numero" ("det er ikkje berre eit tal"), og det skal visa seg at offer nummer 2117 i denne forteljinga har betydd mykje for mange og slett ikkje berre er eit tal. Offeret er ei eldre kvinne som vert henta opp av havet på Kypros og ho har ikkje drukna, men er blitt drept av ein annan og heilt spesiell båtflyktning.

Ei sentral forteljarstemme i boka er den spanske journalisten Joan som byrjar å granska bakgrunnen for denne flyktningen sin tragiske død. Saka får stor merksemd og artiklane og bileta hans vert spreidde internasjonalt. Når vår gamle kjenning Assad ser dette heime i Danmark viser det seg at han ikkje berre kjende den omkomne, men også ein del av personane i bakgrunnen på bileta. På bileta kan ein sjå Assad sine aller næraste; familien som han grunna truslar og frykt ikkje har hatt kontakt med på årevis.

Omsider får me så Assad si historie. Gjennom dei sju foregåande bøkene har lesaren skjønt at det er noko uklart med identiteten og noko hemmeleg med opphavet hans - og kollegaene i Avdeling Q får etter kvart høyra sanninga. Og det er sanneleg ei dramatisk og traumatisk historie som vert rulla opp for Carl, Rose, Gordon og oss lesarar.

Ein person i Assad si fortid har no konkrete terrorplanar mot ein sentral by i Europa. Han er dessutan ute etter hevn mot Assad personleg og held familien hans som gislar. Etter kvart må Assad og Carl bistå internasjonal etterretning i freistnaden om å avverga terroråtaket. Samstundes er Rose og Gordon opptatt med ei anna alvorleg sak som handlar om Alexander. Han er ein sinnsforvirra ungdom som har planar om fyrst å drepa foreldra sine - og deretter så mange som muleg - med samuraisverd. Begge sakene heng lausleg saman med kvarandre.

Eg har lagt merke til at enkelte anmeldarar meiner at Jussi Adler-Olsen "smører tjukt på". Og ja, han gjer det - men det er eingong eit kjenneteikn på stilen og forteljarmåten hans. Eg likar den friske og frekke stilen.
Det er også blitt hevda at sidehistoria om Alexander ikkje passar inn i resten av innhaldet i boka. Der er eg tildels enig; motivet til "stakkars" Alexander er noko søkt og oppkonstruert. Truleg har det vore forfattaren si meining å setja fokus på ulike former for terror. Som me alle veit kan det gå riktig galt om desse galningane som sit åleine og spelar dataspel får leva ut fantasiane sine.

Kamelvitsane og den godmodige ertinga mellom Carl og Assad er ikkje like mykje til stades i Offer 2117 som i dei tidlegare bøkene. Naturleg nok; med såpass dramatisk og personleg involvering. Men samhaldet og venskapet mellom Avdeling Q-medlemene er sterkare og djupare enn nokon gong.

Offer 2117 er eit etterlengta gjensyn med den gjengen me er blitt så glad i - og er dessutan ei gjennomtenkt og nervepirrande historie med eit komplisert plott. Fokuset skiftar stadig mellom dei ulike hovudpersonane, noko som gjer at spenninga vert halden vedlike gjennom heile boka.

Min konklusjon når det gjeld Offer 2117 er at dette er ein særs underhaldande og spennande krimthriller.

Her fortel forfattaren om boka: