30. mai 2017

Richard Herrmann og britisk historie

Interessert i britisk kulturhistorie, kriminalhistorie, politisk historie og samfunnshistorie - ispedd litt sladder og skandalar? Då kan Richard Herrmann anbefalast; maken til historieforteljar finst ikkje, det er eg sikker på. For oss som vaks opp på 1960/70-talet var Herrmann ei kjend og kjær radiorøyst, og det er difor gledeleg at mange av bøkene hans no finst som lydbøker. På den måten kan me få eit gjenhøyr med stemma samstundes som me får ei oppfrisking av historiekunnskapen.

Gjennom jamnlege kåseri i radioen (det fantest berre ein kanal på den tida) formidla Herrmann britisk historie og kvardagsliv på ein frisk og personleg måte. Han skreiv også ein heil del dokumentariske, historiske og biografiske bøker. Dei har alle ein kåserande og sjarmerande stil og er fantastisk underhaldande. Journalisten, kåsøren og forfattaren Richard Herrmann budde i Storbrittania mesteparten av livet sitt. "Den andre stemmen fra London" gjekk bort i 2010, 90 år gammal.

Eg har tidlegare her på bloggen omtalt Herrmann sine bøker om dronningane Elizabeth I, Maria Stuart og Victoria. Bøkene nedanfor touchar innom enkelte historiske hendingar i desse tre bøkene. I enkelte høve overlappar dei også kvarandre. Det gjer ingenting, for forfattaren viser oversikt og trekker på denne måten dei lange linjene og sørger for at ein ikkje treng å lesa dei i "rett" rekkefølge.

Nyleg har eg lytta til Med skjebnen i hånden og Gammel krone for en ny tid, begge via Storytel.


Med skjebnen i hånden har undertittel Churchill-slekten i krig og fred og det handlar som ein kan skjønna mest om mannen som var britane sin statsminister under andre verdenskrig; Winston Churchill. Men Herrmann dreg dei vanlege historiske linjene og gjer greie for samfunnsutviklinga og bakgrunnen til den fyrste Churchill; John. Denne John Churchill (1650-1722) var offiser og militærgeni og vart av den grunn utnemnd til jarl og seinare hertug av Marlborough. Både han og kona hans Sarah var nært knytta til kongefamilien, på ulike måtar. Som takk for innsatsen og sigeren over franskmennene i slaget ved Blindheim i 1704, fekk Churchill høve til å setja i gang bygging av ein herregård som etter kvart fekk namnet Blenheim Palace. Denne gedigne eigedommen høyrer framleis til i slekta - og det var her Winston Leonard Spencer Churchill vart fødd i 1884. 

Herrmann fortel om ymse interessante personar i slekta, men hovudpersonen i boka er altså den store Winston Churchill. Han fortel om dei positive og om dei negative sidene hans, om oppvekst og utdanning, militær- og politikarkarriere, privatliv og familieliv, slektskapsforhold og samfunnsforhold. Det vert fortalt utførleg om foreldra som han lengta etter merksemd frå, men som han ikkje fekk særleg kontakt med i barndommen. Slik var det vel i den engelske overklassen familien tilhøyrde. Churchill vart elles kjend for sigar- og whiskybruken sin, for retorikken sin og for ambisjonane og visjonane sine. Sjølv om Churchill vart ein populær mann og ein samlande figur for britane i dei harde krigsåra, fekk han ikkje fornya tillitt av veljarane sine i valet etter krigen. 

Gammel krone for en ny tid handlar om utviklinga av det britiske samfunnet og samveldet etter dronning Victoria og fram til 1990-talet. Med Buckingham Palace og kongefamilien som utgangspunkt greier Herrmann ut om historiske fakta, politiske hendingar, samfunnsmessige endringar - og krydrar det heile med mengder med anekdotar og kuriosa. Enkelte historiske hendingar og nokre historisk viktige personar har sine eigne kapittel; for eksempel om den konstitusjonelle krisa som oppsto då kong Edward 8 abdiserte i 1936 og om framveksten av eit økonomisk sterkt, men meir klassedelt samfunn i "jernladyen" Margaret Thatcher si regjeringstid.

Gammel krone for en ny tid kom ut fyrste gong i 1994 og Med skjebnen i hånden vart utgitt i 1995. Begge bøkene viser at Herrmann var ein unik forteljar. Han var kunnskapsrik, pedagogisk, reflektert, underfundig og morosam. Han synte ekte engasjement og sprudlande forteljarglede. Sjølv om det har gått nokre år sidan bøkene kom ut fyrste gong, har dei ikkje gått ut på dato.

Har du meir sans for det kriminelle og morbide enn for det politiske og konstitusjonelle, kan eg anbefala Herrmann sine historiar om berømte britiske mordsaker. Desse True crime-historiane er samla i lydbøkene Brudene i badekaret, Død mann fra skyeneSeks skudd ved stengetid og Med kniv om natten.

22. mai 2017

Samleinnlegg: Vårlesing del 2

Eg les fortare enn eg skriv - og må nok ein gong ty til samleomtale. Eg har som mål å skriva litt om alle bøkene eg les, og då er samleinnlegg ein grei måte å presentera essensen i bøkene på.

Ekte amerikanske jeans av Jan Guillou
Vigmostad & Bjørke 2016
419 sider, lånt ebok eBokBib

Sjette avsnitt av Guillou sitt historiske verk om det 20. hundreåret. Dette er "tre ønsker på en gang"; familiedrama, historieundervisning og underhaldning.
Me er no komne til 1950-talet og ein ny generasjon Lauritzen overtek meir og meir av fokuset. Hovudperson og forteljarstemme i denne boka er Eric, som på ein måte er av ukjent opphav - men like fullt ein Lauritzen.
Guillou gir gode tidsbilete frå perioden. Bakteppet for handlinga i boka er ungdomskultur og ungdomsopprør, oppbygginga av velferdsstaten og utviklinga av den kalde krigen.

Eg likar denne serien godt og har alltid forventningar om gode lesestunder når det kjem ut ei ny bok. Eg tykkjer imidlertid at Guillou trekker fram ein del uinteressant stoff i denne boka, så difor får ikkje Ekte amerikanske jeans "meir" enn terningkast 4.



Naboparet av Shari Lapena
Lydbokforlaget 2017
Speletid 8:17, lytteeksemplar

Denne boka er eit eksempel på kor villeiande marknadsføring kan vera - for dette var tynne saker. Så oppkonstruert og lite truverdig at det aldri vert blir skikkeleg spennande. I reklamen vert det hevda at boka er "en psykologisk thriller, avhengighetsskapende og klaustrofobisk spennende". Det er eg ikkje enig i - her er for mykje som minner meg om "femikrim".
Med tanke på kor alvorleg sjølve saka er - kidnapping av ein baby - er det faktisk påfallande kor lite engasjerande historia er. Eg klarar ikkje å tru på at hovudpersonane - foreldra - kan oppføra seg slik som dei gjer i denne boka. Plottet er rett nok fiffig, men mot slutten vert det altfor mykje såpeopera og melodrama. Lydboka er godt opplest av Silje Storstein, men likevel: Terningkast 3.



Leon av Mons Kallentoft og Markus Lutteman
Lydbokforlaget 2016
Speletid 09:39, lytteeksemplar

Andre del i Herkules-serien og eit framhald av Zack. Dette er verkeleg typisk Nordic Noir: Velskrive, mørkt, sterkt og med eit interessant persongalleri. Så realistisk er det vel ikkje, men det fungerer og engasjerer. Leon er ei bok som tek tak i lesaren - som fengar - frå fyrste til siste side. Skal eg samanlikna skrivestilen og innhaldet med nokon, er Jo Nesbøs Harry Hole-bøker mest nærliggjande å tenkja på.

At handlinga er lagt til eit vinterleg og iskaldt Stockholm gir boka ein ekstra dimensjon. Det handlar om eit kaldt samfunn, om barnekidnapping, menneskehandel, narkotikabrotsverk - og ein sprøyte gal drapsperson. Alt fortalt med skiftande synsvinklar og i eit høgt tempo. Thorbjørn Harr les boka med riktig og ekte innleving. Terningkast 5.


Neptuns tenner av Fred Vargas
Aschehoug 2007
443 sider, biblioteklånt papirbok

Her handlar det også om ein sprøyte gal seriemordar, men stilmessig er dette heilt, heilt annleis. Dette er langsamt, finurleg, omstendeleg, elegant - og veldig fransk.

Persongalleriet er usedvanleg fargerikt - og hovudpersonen sjølv, politietterforskaren Jean-Beptiste Adamsberg - er både skrudd og skarp. Boka inneheld humoristiske skråblikk, absurde situasjonar, groteske drap og møysommeleg etterforsking. Her får ein også eit interessant møte mellom to ulike kulturar: Det franske og det kanadiske.

Dette er den tredje boka i serien om Adamsberg, men er mitt fyrste møte med mannen - og med den franske "krimdronninga" Fred Vargas. Det blir ikkje det siste, for dette var verkeleg underhaldande. Eg tykte fyrste del av boka var tung å komma gjennom; eg streva med å halda styr på dei franske namna - og eg skjønte ikkje humoren heilt heller. Etter kvart glei det lettare - og eg skal absolutt lesa fleire bøker i denne serien. Terningkast 5-.



Filledokka av Daniel Cole
Vigmostad & Bjørke 2017
429 sider, lånt eBokBib

Enno ein gal seriemordar - no i London - og denne tek verkeleg kaka. Dette er så motbydeleg og bestialsk at det nesten vert komisk - og det kan då ikkje vera hensikten? Her handlar det om eitt lik og seks ulike offer - fordi drapsmannen har sydd ulike likdeler saman til ei slags dokke. Det handlar også om ei liste over fleire kommande drap. Dermed vert denne boka ein spennande - men springande og rotete - kamp mot klokka.

Filledokka er likevel eit friskt pust og ein lovande debut. Vekselvis følgjer me ein kontroversiell etterforskar og kollegaene hans og på den andre sida; ein ærgjerrig journalist som "tilfeldigvis" er ekskona til fyrstnemnde. Handlinga er pakka inn i mørk humor og inneheld detaljerte skildringar - så boka passar truleg ikkje for sarte lesarar. Plottet er ekstremt utspekulert og drapsmetodane svært fantasifulle. Enkelte av handlingstrådane vert ikkje nøsta skikkeleg opp i, men det får me kanskje svar på i framtidige bøker frå denne forfattaren?

Det som trekker ned heilskapsinntrykket er at sceneskifta og perspektivskifta er uklåre og at dei ofte kjem brått på. Eg noterte meg undervegs at enkelte parti av boka er dårleg/merkeleg oversatt, så denne kunne hatt godt av ein ekstra runde med korrekturlesing. Terningkast 4-.

15. mai 2017

Bokomtale: En dråpe midnatt av Jason Timbuktu Diakté

Kagge 2017
347 sider
Lånt ebok eBokBib

Jason Michael Robinson Diakité, betre kjent som rapparen og musikaren Timbuktu ("Det löser sig") har skrive bok. En dråpe midnatt er sjølvbiografien hans og er ei interessant forteljing om å veksa opp mellom språk og mellom kulturar. Boka er også ein familiebiografi, ei identitetsreise og inneheld dessutan fleire reiseskildringar.

Jason vart fødd 11. januar 1975 i Lund i Skåne. Begge foreldra er amerikanske akademikarar; han har ein svart far med sørstatsbakgrunn og ei kvit mor med europeisk bakgrunn. På grunn av hudfargen vart Jason mobba og plaga då han var liten. På åttitalet var det ikkje mange mørkhuda menneske i Lund og Jason kjende seg heimlaus, rotlaus og identitetsforvirra. Han fortel at han kunne gjort kva som helst for å bli lysare i huda, omtrent som han som var idolet hans den gongen; Michael Jackson.
Så oppdaga han hiphopen - og hudfargen vart ikkje lenger noko problem. Som ungdom ville han så gjerne vera kul og han vart liksom ikkje "svart nok" - men han fann det stadig vanskeleg å finna sin eigen plass i verda.

Faren er sentral i boka og har nok også vore svært sentral i Jason sitt liv, sjølv om dei ofte har hatt sine småkranglar og diskusjonar. For å forstå meir av faren sin bakgrunn og sine eigne røter, har han teke fleire turar til USA. Det er interessant å lesa om farfaren som forlot bomullsplantasjen og fattigdommen i South Carolina og etablerte seg i Harlem, New York. Om farmora, som skaffa seg universitetsutdanning og som sende borna sine - mot mannen og borna sin vilje - til Nigeria for at dei skulle sleppa unna rasismen og segregeringa i USA. Det vert fortalt om andre fargerike forfedrar og slektningar, t.d. oldemora som var indianar, Cousin Joe som vart 100 år og onkelen som er Trump-medarbeidar (!) Det vert fortalt om urett og vald, om menneskerettar og overlevingsvilje, om Martin Luther King og Malcolm X, om slaveri og grusomheiter.

For Jason var det eit sjokk å møta slektningane i South Carolina. Der er klasseskiljet, raseskiljet, diskrimineringa og fattigdommen nesten like markert i våre dagar som på 1960-talet. The land of the free and the home of the brave har lite å vera stolt av når det gjeld dette samfunnsproblemet. Jason fortel om eit museumsbesøk som gjorde svært sterkt inntrykk på han - og det kan eg forstå. (Ifølge Washington Post er det 35000 museum i USA - og berre eitt av dei handlar om slaveriet..)

Jason Timbuktu Diakité er ein sympatisk og karismatisk mann. Han har eit stort publikum og forteljinga hans er difor verdifull. En dråpe midnatt er ei handlingsrik og ordrik bok som har ein viktig bodskap. Eg fann deler av boka svært lesbar og andre deler mindre interessante. Han fortel (heldigvis) lite om privatliv og kjæresteliv og avslører ingen pikante historiar - men innrømmer eit tidlegare rusmisbruk. Han legg ikkje skjul på kor skuffa foreldra hans vart og kor han skamma seg då kokainbruken hans vart offentleg kjent.

Tittelen på boka spelar på den såkalla ein-dråpe-regelen i USA – dersom ein hadde så mykje som ein dråpe svart blod i årane, vart ein sett på som svart. Eg tykkjer det er fint å lesa om kor reflektert han er og om korleis han no oppsummerer livet sitt - korleis han har "funne seg sjølv":
"Store deler av livet har jeg forkynt at jeg er halvt amerikaner, halvt svenske, halvt hvit, halvt svart. Nå velger jeg å si at jeg er både hvit og svart, både svenske og amerikaner. Tysk, fransk, slovakisk, afrikansk, cherokee. Alle disse identitetene tilhører meg. Jeg har gått fra halv til dobbel, og i den tilsynelatende lille semantiske endringen ligger et av mine største identitetssprang. Det doble er uendelig mye bedre enn det halve."
Boka var tema då Jason vitja Skavlan i fjor haust:

10. mai 2017

Favorittforfattarar: H

Sakte men sikkert går eg gjennom favorittforfattarane mine på alfabetisk vis. Denne gongen bokstaven H og dermed ein presentasjon av to av mine absolutte favorittar. Begge har betydd mykje for meg og har gitt meg mange fine lesestunder.

Håkan Nesser

Svensk forfattar f. 1950.

Mest kjend for dei ti bøkene om førstebetjent Van Veeteren i Maardam; serien han skreiv i perioden 1993 - 2003.
Fire av desse bøkene vart tildelt prisar: Den fyrste Det grovmaskede nettet fekk debutantpris, Borkmanns punkt og Kvinnen med fødselsmerket fekk prisen «Årets bästa svenska deckare» og Carambole fekk «Glassnøkkelen».

Eg laga i si tid ein presentasjon av denne serien - ein serie som eg anbefalar varmt til alle som likar kriminallitteratur med strek under litteratur.

"Arvtakaren" etter Van Veeteren vart kriminalbetjent Gunnar Barbarotti og dei fem bøkene i Barbarotti-serien. Den andre boka i denne serien, En helt annen historie, vart også tildelt pris: «Årets bästa svenska deckare» i 2007.
Eg har omtalt den siste boka i serien, De sørgende.

Ingen er så ironisk-elegant som Håkan Nesser. Eg har hatt utruleg mange fine leseopplevingar med bøkene hans. Frittståande romanar av Nesser som eg kan anbefala:
Kim Novak badet aldri i Genesaretsjøen - Vemodig og morosam oppvekstroman
Kjære Agnes - Original lita kriminalhistorie
Og Piccadilly Sircus ligger ikke i Kumla - Underfundig og stemningsfullt
Skyggene og regnet - Fantastisk fin bok, eit nostalgisk mysterium
Carmine street - Ei litt sorgtung kjærleiks- og krimforteljing med handling frå New York
Himmel over London - Krevjande og spesiell - men underhaldande - "metaroman"
Levende og døde i Winsford - Smart, velskriven og spennande - men langsam - spenningsroman
Elleve dager i Berlin - Triveleg feelgood med alternativ vri



Henning Mankell

Svensk forfattar f. 1948 d. 2015.

Mest kjend for dei tolv bøkene om politietterforskar Kurt Wallander i Ystad; den fyrste boka i serien (Morder uten ansikt) kom ut i 1991, den siste (Hånden) i 2013. Serien er kommen ut i 100 land og er blitt filmatisert i ymse versjonar.

Mankell var ein markant debattant og ein samfunnsrefsar, noko som også viser att i ein del av bøkene hans.
Store deler av livet budde han i Afrika (Mosambik) og han skreiv ofte om tema som diskriminering, rasisme, utnytting og urett. Han hadde eit globalt perspektiv og var ein god formidlar av ulike menneske sine historiar.

Han vart tildelt fleire prisar for forfattarskapet sitt, mellom dei Rivertonklubbens internasjonale ærespris.
Av sjølvstendige romanar likte eg godt Kineseren, Danselærerens tilbakekomst, Tea-bag, Italienske sko og Minnet om en skitten engel.

Henning Mankell vart kreftsjuk og døydde i 2015 - men skreiv til det siste. To av bøkene vart utgitt etter at han vart borte: Kvikksand og Svenske gummistøvler.

Les også: Takk, Henning Mankell


Andre forfattarar på H som eg set stor pris på er Haruki Murakami, Hilary Mantel, Helga Flatland og Hans Olav Lahlum. Hans Børli og Halldis Moren Vesaas er to lyrikarnamn som må nemnast.
Har du ein favoritt på H?

7. mai 2017

Smakebit på søndag: Av lys er du kommet av Britt Karin Larsen

Cappelen Damm 2017
184 sider
Papirbok lånt privat

Ei lita perle av ei bok, der forfattaren set søkelys på korleis det er å veksa opp som uønska og om korleis det kan komma til å prega eit menneske gjennom livet. Det handlar om å vera på leit etter sanninga om opphavet sitt og om å kjenna på uro, lengsel og sakn.

Det tek litt tid å komma gjennom boka sjølv om ho er kort. Det vert lagt opp til at ein må tenkja gjennom dei spørsmåla forteljarstemma stiller. Mykje vert også fortalt mellom linjene og mellom spørsmåla.

For oss som har lest "Mostamäggbøkene" (Finnskogserien) er skrivestilen og forteljarmåten gjenkjenneleg. Forteljarstemma er undrande og søkjande. Konkret, men også abstrakt. Beint fram, men også varsamt.

Boka startar slik:
"Begynnelsen ligger så langt tilbake at ingen kan se den mer.
Som gammelt løv som er blitt til jord ligger den der, forvandlet, og er det kanskje best slik, at vi slipper å gjenkjenne den?"
Hovudperson er 71 år gamle Anni som tenkjer tilbake på livet sitt. Ho innser at starten av livet hennar - byrjinga - er ukjent og uklar og at denne uvissa har plaga henne og gjort at ho alltid har kjent seg uroleg og einsam. Når barnet Anni prøvde å stilla spørsmål rundt sin eigen bakgrunn fekk ho uklare svar - og ei vond kjensle av skam og skuld. Og no, når ho er blitt såpass gammal, er det vel for seint å finna fram til ei biologisk mor? Vil ho då eventuelt få svar på det som ho lurer på? Hennar eiga vaksne dotter er lunken til prosjektet, men støttar mora halvhjerta. Dottera har truleg sett og skjønt kor mykje fråveret av familie har tært på mor si. Og Anni har stadig dette håpet om eit svar, samstundes som ho fryktar det ho kan komma til å få vita.

Forteljinga skiftar tidsperspektiv og me får møta både barnet, den unge og den vaksne Anni - i fleire avgjerande epokar i livet - sett gjennom augene til den aldrande Anni. Det gir inntrykk å lesa om fosterbroren som drukna si einsemd og lengsel i alkohol - og ein får nesten fysisk vondt av å lesa om fosterbarnet Anni som opplevde ein barndom utan kjærleik; utan at ho hadde eit fang å krypa opp i. Sidan ho var så desperat etter kroppskontakt som lita fekk det konsekvensar då ho møtte menn i vaksen alder:
"Å bli brukt, være brukbar til noe. Hadde jeg ikke hatt en viss glede av det, at jeg kunne brukes? Burde jeg opplevd det som krenkende?"
Forfattaren skal ha brukt seg sjølv og sine eigne barndomsminner i boka - noko som gjer at handlinga vert oppfatta som ekte og truverdig. Av lys er du kommet er ei sår og rørande forteljing - utan at det nokon gong vert oversentimentalt og sorgtungt.
Eg må berre sei: Tusen takk, Britt Karin Larsen!

Eg legg denne omtalen inn som eit bidrag til utfordringa "Smakebit på søndag" på bloggen Flukten fra virkeligheten.

4. mai 2017

Samleinnlegg: Kriminell vårlesing

Ein ny samleomtale utan altfor mange raude trådar.


Glemt av Arnaldur Indriðason
Cappelen Damm 2017
Speletid 9:02, biblioteklånt lydbok

Originaltittelen er "Fort Knox" og viser til namnet på ein amerikansk militærbase som i si tid var på Island. Handlinga er lagt til 1979, på slutten av den kalde krigen - og som i Reykjaviknetter møter me ein ung politietterforskar Erlendur Sveinsson. Det handlar også, som vanleg når det gjeld Erlendur, om ei enno eldre og gøymd sak. Ein finn elles mykje av det som er typisk Indridason; det langsame, mørke og melankolske.

Eg har lest dei fleste bøkene i Erlendur Sveinsson-serien, og må dessverre sei at dette er ei av dei svakaste. Ho er ikkje dårleg, for Indridason er ein skrivekunstnar og han har ein stor produksjon av kriminalromanar bak seg, - men ærleg talt; dette er for treeeegt. Eg klarar berre ikkje å halda interessa oppe gjennom heile boka. Avslutninga er både oppklarande og overraskande, men då eg var kommen såpass langt i lyttinga hadde eg heilt mista leselyst og konsentrasjon.
Opplesar Lasse Lindtner les sakte og tydeleg - og spelar litt mykje teater når han les. Terningkast 3+.



To komma åtte sekunder av Jan Mehlum
Lydbokforlaget 2016
Speletid 10:35, lytteeksemplar

Mesteparten av handlinga i bok nummer 16 i Svend Foyn-serien er lagt til København. Eg har lest dei fleste bøkene i serien og "veit" såleis kva eg får. Advokat Foyn si forteljarstemme er som før slentrande, sarkastisk og sliten - og som alltid rotar han seg borti saker som er både mystiske og farlege. Tematikken er som vanleg samfunnsaktuell og boka inneheld spark til både styresmakter og andre makter. Me får gjensyn med Hulda, jaguaren og Wilhelm Mørk som me kjenner frå tidlegare bøker.
Det handlar elles om organisert kriminalitet og korrupsjon i tillegg til drap. Enkelte deler av handlinga byggjer på verkelege hendingar i og med at forfattaren viser til (konspirasjons-)teoriar knytta til dødsfallet til Jan Wiborg i 1994.

Eg vart litt forundra då eg oppdaga at Helge Winther-Larsen ikkje var opplesar av lydboka - han har nemleg ei perfekt stemme for Foyn-bøkene. Men gode gamle Nils Nordberg er eit bra alternativ, og han imponerer med enkelte uttrykk på pære dansk. Eg oppfattar boka som noko uryddig og ujamn. Terningkast 4-.



De ingen savner av Eystein Hanssen
Cappelen Damm 2010
Speletid 12:43, lydbok Storytel

Eystein Hanssen er etter kvart blitt ein etablert krimforfattar - og dette er debutboka hans. For meg er han, om ikkje ukjent, så i alle fall ulest - til no.

Slett ikkje så verst til å vera debut - og tematikken med menneskehandel, barneprostitusjon og narkotikakriminalitet er like aktuell i dag - dessverre. Så himla engasjert vart eg likevel ikkje av denne historia fordi ein har lest mykje av det same tidlegare.  Boka inneheld mykje gjentakingar, overforklaringar, klisjèar og oppkonstruerte situasjonar. Eg "kjøper" heller ikkje kunstmotivet som der vert henvist til. Men hovudpersonen Elli Rathke virkar å vera ein småspennande karakter. Christoffer Staib er ein OK opplesar av lydboka. Terningkast 3.



Den stille flokken av Lars Mæhle
Samlaget 2017
365 sider, eBokBib

Hovudpersonen i denne serien, Ina Grieg, er også ein kampsportutøvande, ustyrleg, ung kvinneleg etterforskar. Likskapen med Elli i Hanssen si bok over er slåande, men truleg tilfeldig.

Den skammelege handsaminga av tatrar og romfolk er bakteppet for historia. Det gir sterkt inntrykk å lesa om det som gjekk føre seg på Svanviken arbeidskoloni - for mykje av dette skjedde verkeleg, for ikkje så altfor lenge sidan. Romfolk og tatrar vart tvinga til å bli bufaste og "nyttige" samfunnsborgarar - noko som av og til fekk tragiske konsekvensar. Ein kan godt tenkja seg at desse brutale overgrepa mot dei aller svakaste kunne føra til ulike hevnreaksjonar.

Stikkord for sjølve kriminalgåta er overgrep, hevn og psykiatri. Boka er dramatisk, lærerik og rystande - men vert aldri skikkeleg spennande. Terningkast 4.


Vredens dag av Kurt Aust
Aschehoug 2001
357 sider, privatlånt papirbok

Kurt Aust er aktuell denne våren med Skipet med det onde øyet, den 7. boka i den historiske krimserien hans. Vredens dag er den fyrste i serien, og eg tykte den var rimeleg interessant - men litt langsam og omstendeleg. Eg kjem likevel til lesa dei neste bøkene ved høve.

Her handlar det om noko uventa som hende ved årsskiftet 1699-1700. Under eit forrykande uver må professor Thomas av Bouberge og assistenten hans Petter Hortten søkja ly i ei vegkro på landsbygda i Danmark. Her har det nettopp skjedd eit mord, og i dei få dagane dei oppheld seg der, skal det komma til å skje fleire mord og mordforsøk.

Vredens dag er eit slags lukka rom-mysterium samstundes som det vert fortalt mykje om dåtidas tankar og teoriar, daglegliv og samfunnsliv. Boka har ein litt uvanleg innpakning ved at det heile vert fortalt i ettertid, av ein aldrande Petter Hortten. Terningkast 4+.

1. mai 2017

Oppsummering april

Påbyrja i mars, fullført i april:
Kurt Aust - Vredens dag - Historisk krim - Lånt papirbok privat
Anders de la Motte - MemoRandom - Svensk krim - eBokBib

Lest i april:
Arnaldur Indridason - Glemt - Islandsk krim - Lånt lydbok biblioteket
Lars Mæhle - Den stille flokken - Norsk krim - eBokBib
Arne Dahl - Utmarker - Svensk krim - Kjøpt papirbok
Hans Olav Lahlum - Et kvart liv - Biografi - Storytel lyd og ebok
Vera Henriksen - Beretningen om Bent Jonsson I - III: Trollsteinen, Pilegrimsferd, Blåbreen - 3 historiske romanar - Lånt papirbok privat
Michel Bussi - Etter styrten - Fransk krim - Lånt lydbok biblioteket
Eystein Hanssen - De ingen savner - Norsk krim - Lånt papirbok privat og lydbok Storytel

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Britt Karin Larsen - Av lys er du kommet - Norsk roman - Lånt papirbok privat
Jan Mehlum - To komma åtte sekunder - Norsk krim - Lytteeksemplar
Jason Timbuktu Diakité - En dråpe midnatt - Svensk biografi - eBokBib



Ikkje berre årets fyrste terningkast 6 - men heile to seksarar i same månad! Det har ikkje hendt før, i mi bloggtid. 9 bøker, men den eine er tre-i-ein - så det vart 11 bøker tilsaman - noko som er eit greit resultat for lesemånaden april.
  •  5 papir, 2 lyd, 2 ebøker, 1 kombinert lyd og ebok, 1 kombinert lyd og papir
  •  9 lånt, 1 abonnement, 1 kjøpt
  •  6 krim, 1 historisk krim, 3 historiske romanar, 1 biografi
  •  7 norske, 2 svenske, 1 islandsk, 1 fransk
  • "Nye" forfattarar: de la Motte, Bussi, Hanssen