9. juli 2014

Sommarhelsing med Sommerboken

Her på Vestlandet er det varmt for tida - og me har hatt sommar "uendeleg" lenge allereie. Me har vore heldige og hatt ein forsommar mot normalt. Og no er det berre eit par dagar igjen på jobb før det blir (ein velfortent!) ferie.
Denne bloggen kjem til å ta ein pause nokre veker. Er plutseleg tilbake i august.

God sommar til alle blogglesarar! Ha ein fortsatt strålande lesesommar!

- - - - - - - - -


Som vanleg les eg fleire bøker parallellt - og mellom dei eg les akkurat no er Sommerboken av Tove Jansson. Eg "sparar" på boka og les eitt kort kapittel kvar dag. Boka er lånt på biblioteket.

Sommerboken kom ut for fyrste gong i 1972, for 42 år sidan - men dette er ei bok som ikkje går ut på dato. Ho kan lesast gong på gong, sommar etter sommar.

Den finlandssvenske forfattaren og kunstnaren Tove Jansson ville ha fylt 100 år i år. For dei fleste er ho mest kjent for forteljingane frå Mummidalen. I Sommerboken finst verken Mummitrollet, Snorkfrøken, Lille My eller Snusmumrikken, - men ein kan kjenna att stilen, humoren og filosofien hennar. I denne boka er det seks år gamle Sophia og farmora hennar som har hovudrollene - begge er skildra på ein inderleg, varm og klok måte.

Dei to bur og lever saman på ei lita øy om somrane. I bakgrunnen skimtar me far til Sophia, men han er for det meste fråverande. Mora til Sophia er død, - dette får lesaren vita heilt i starten av boka - og gjer stemninga i boka vemodig og melankolsk - men ikkje sorgfull. Samspelet mellom den unge og den gamle er unikt; Sophia og farmor kan snakka saman om alt, men kranglar innimellom.

Sophia er som andre seksåringar: nysgjerrig, ærleg og filosofisk. Farmor er litt sliten og litt gammal, men har behalde mykje av det barnslege i seg og er ganske "beint fram". Sophia og farmor forstår kvarandre godt og er svært nære og gode vener.

Sommerboken er ei vaksenbok, men kan absolutt lesast av (eller for) barn. Boka er stemningsfull og koseleg - ei lita perle som anbefalast på det varmaste.

4. juli 2014

Bokomtale: De usynlige av Roy Jacobsen

Cappelen Damm 2013
Opplesar: Nils Johnson
Speletid: 6 t 29 min
Kjelde: Lydbok lånt på biblioteket

Handlinga i De usynlige går føre seg i ei ikkje så altfor fjern fortid (1910/20-talet) og er om ein familie busette på ei øy på Helgelandskysten. Det er Ingrid, det einaste barnet til Hans og Maria Barrøy som er hovudperson i boka - og store deler vert fortalt frå hennar perspektiv.

Fiskarbondefamilien på Barrøy består elles av Hans si syster Barbro - som truleg er lettare psykisk utviklingshemma, og faren Martin - som er gammal og utslitt. Dei lever eit strevsamt liv i pakt med og i kamp mot naturen. Ungane har plikter frå dei er heilt små. Skal ein ha mat på bordet og klede på kroppen må det jobbast. Dyra må ha stell og fôr, hus og redskap må vedlikehaldast, ærfugldun skal rensast, kaia må reparerast etter storm, fisk skal tørkast og graset skal slåast med ljå. Hans er i periodar på lofotfiske for å spe på økonomien, og alle veit at når mannfolka er ute på fiske, er det ikkje sikkert dei kjem heim att. Så kvinnene har mykje ansvar, og tek ansvar.
Både Ingrid og mora Maria er sterke kvinner. Dei "står han av" som det heiter. Barbro vert gravid med ein svensk gjestearbeidar og det vert enno ein munn å mette på øya, men vesle Lars veks opp og vert ein dyktig arbeidskar og til stor hjelp for dei andre i familien.

Personane i boka er fåmælte - kjensler vert ikkje snakka om og dei tenkjer mest praktisk når dramatiske og tragiske ting oppstår. Dei dveler ikkje med fortida og planlegg ikkje langt fram i tid. Dei lever på ein måte frå dag til dag og frå hand til munn. Når mora får samanbrot og vert lagt inn på asyl vert det vanskeleg for Ingrid - men ho gjer det ho kan; bit tennene saman, organiserer og handlar. Skilnaden på folk var ekstremt stor i den tida - men når tragedien råkar "overklassen" på fastlandet, er det igjen unge Ingrid som tek ansvar.

Etter mi meining er De usynlige ein god og realistisk historisk roman. Det kunne fort blitt ei sentimental, grå og trist leseoppleving sidan temaet er "kvardagsleg slit frå gamle dagar", men Jacobsen fortel det heile på ein så fin og enkel måte; lågmælt og med varme og sjarme. Han syner oss korleis det verkeleg kunne vera å veksa opp i slike fattige og strevsame kår - og dagens raske overflodssamfunn framstår som noko nesten grotesk.

Forfattaren skildrar naturkreftene, strevet og bekymringane til øybuarane i eit ujålete og direkte språk. Det enkle språket står såleis i stil med personane det vert fortalt om. Mykje kan lesast "mellom linjene". Dialogane er på dialekt - og eg hadde ikkje så store problem med å skjønna det som vart sagt her. Men enkelte lokale ord og uttrykk var fullstendig framande for meg som er oppvaksen i ein heilt annan kant av landet og i eit heilt anna miljø. Eg kunne ha tenkt meg ei ordliste/ordforklaring i starten av lydboka. Eg kunne ha googla dei orda eg ikkje skjønte - men interessant var det likevel ikkje - for forståinga av og samanhengen i sjølve historia er klar og tydeleg.

Roy Jacobsen har med denne boka gjort den usynlege kystbefolkningen og deira strev synleg for oss. Eg tykkjer ikkje at De usynlige er så utruleg superfantastisk god som enkelte vil ha det til, men det er ei stillfarande forteljing til ettertanke som eg gjerne kan anbefala.

Lydboka er godt opplest av Nils Johnson. Det nordnorske tonefallet og den litt langsame måten å lesa på passar fint til akkurat denne boka.

- - - - - - - - - - - - -

No i juli månad driv bokbloggarar "samlesing" av De usynlige. Dette er den fyrste og einaste boka eg har lest (fullført) som er på kortlistene til Bokbloggerprisen 2013. Eg gjorde eit forsøk på å lesa Fugletribunalet, men den likte eg rett og slett ikkje. Dei fire andre har eg bevisst valt vekk - dei er (for) langt utanfor mi komfortsone, mitt interessefelt og mi bokverd.