30. desember 2021

Årsstatistikk 2021 og lesemål 2022

Med berre eit par dagar att av året 2021 kan det vera passande å ta eit tilbakeblikk på bokåret som no snart er fullført.
Eg har ei heimesnekra excelliste som gjer at eg lett kan henta fram tal til årssstatisikken min.


Leseåret 2021 
(Fjorårets tal i parentes)


Til saman 
116 bøker (108)
    - 12 av dei på over 500 sider

Sjanger
  75  krim-, thriller- og spenningsromanar (74)
  11  andre romanar (12)
  25  sakprosa (20)
    - av desse 12 biografiar (10)
  5 novellesamlingar (2)

Format
 35  papirbøker (34)
 18  ebøker (23)
 63  lydbøker (51)

Alder
 71 av bøkene var utgitt i åra 2010 - 2020 
 36  i 2021 (32)
  - av dei 19 norske (20)
 Utgitt før 2010: 9 

Kjelder
 61 lånt - privat, bibliotek og BookBites (52)
 45 Storytel-abonnement (44)
 7  kjøpt sjølv (11)
 3 bøker fått i gåve (1)
 Lese-/lytteeksemplar: 0 (0)

Terningkast
 Terningkast 6: 1 bok (1)
 Terningkast 5: 26 bøker (36)
 Terningkast 4: 76 (56)
 Terningkast 3: 10 (14)
 Terningkast 2: 3 (0)
 Terningkast 1: 0 (0)

Forfattarar 
24 "nye" forfattarar (19)

Kjønn
 77 bøker skrivne av menn (81)
 43 av kvinner (29)

Nasjonalitet
57 bøker skrivne av norske forfattarar (62)
23 av svenske forfattarar (18)
16 britiske (13)
10 amerikanske (4)
4 danske (2)
4 franske (3)
3 islandske (1)

I 2021 las eg flest bøker av
Val McDermid, William Shaw, Bernard Minier og  David Baldacci - 3 bøker av kvar.
Eg las 2 bøker av kvar av desse forfattarane: Tore Renberg, Jørgen Jæger, Kurt Aust, Benedicte Ingstad, Thor Gotaas, Emelie Schepp, Hans Rosenfeldt, Cara Hunter, Sharon Bolton, John Harvey og Harlan Coben.
 - For alle dei øvrige vart det ei av kvar.
 - I 2021 har eg fullført alle påbyrja bøker, med eitt unntak (Terapeuten).

Elles er hovudpunkta frå statistikken følgjande:
 - Fordeling på sjanger er omlag som i 2020, dvs. stor overvekt av krimromanar.
 - Eg las faktisk fleire biografiar enn "vanlege" romanar.
 - Nesten alle bøkene eg las var anten lånebøker eller abonnementbøker (Storytel).
 - Dei aller fleste bøkene er nye og det formatet eg brukar desidert mest er lydbøker
 - Vidare er omlag halvparten av årets bøker av norske forfattarar.
 - Legg òg merke til at kjønnsfordelinga ikkje er fullt så skeiv som i fjor.


Lesemål 2021
116/100 bøker totalt
12/10 mursteinar (over 500 sider)
12/10 biografiar
13/10 annan sakprosa
10/30 bokomtalar
24/20 nye forfattarar

5 av 6 delmål vart nådd med god margin, men heller ikkje dette året vart det så mange bokomtalar som ønska/forventa. (Kan føya til: 53 bøker har blitt vurdert/omtalt i diverse mini-/samleomtalar)

Lesemål 2022
Lesemål for 2022 vert dei same som for 2021, med unntak av punktet om bokomtalar. Her går eg ned til halvparten - 15. Det er eit meir oppnåeleg mål.


Fortsatt god romjul! 
Ynskjer alle eit strålande nytt leseår!

12. desember 2021

Førjulslesing: Norsk krim 2021

Dette er samleinnlegg nummer 3 når det gjeld årets norske krim. 

Det ellevte manus av Anne Holt
Gyldendal 2021
410 sider
Lånt papirbok privat

Handlinga er lagt til midten av mars 2020, - rett etter at landet vart stengt ned grunna koronapandemien. Uvissa med det nye viruset pregar og uroar dei fleste, men for Hanne Wilhelmsen - denne introverte og eksentriske dama - er det annleis. For fyrste gong på lenge tykkjer ho det er heilt greitt å opphalda seg utandørs.

Sjølve krimgåta handlar om funn av eit ansiktslaust lik. Ingen, utanom Henrik Holme, virkar å bry seg noko særleg om dama utan ansikt og utan identitet. Etterforskaren Holme, einsam og fortapt, men intelligent, vender seg til venninna Hanne for å få hjelp. I ei anna historie møter me ein nytilsett forlagsredaktør som leitar desperat etter eit forsvunne bokmanus. Også denne personen har ein relasjon til Hanne, så dei to historiane vert etter kvart fletta saman på ein elegant og overbevisande måte.

Det ellevte manus er bok nummer 11 i Hanne Wilhelmsen-serien, men kan godt lesast åleine. Boka har eit godt samanskrudd plott, er spennande og underhaldande og vitnar om sprudlande forteljarglede. Terningkast 5.


Dommen av Jørgen Jæger
Strawberry 2021
398 sider
Lånt papirbok privat

Jæger "leverer varene" også i denne 14. boka i Ole Vik-serien. Lesaren får akkurat det som er forventa; ei lettlest historie med eit gjennomtenkt plott. Jæger er også god på (det som eg oppfattar som) realistisk etterforskingsarbeid.

I løpet av ein kort tidsperiode skjer fleire dramatiske og mystiske hendingar i den vesle byen Fjellberghavn: Eit barn med downs syndrom som blir vekke på ein fjelltur, ein brann som kan vera mordbrann, samt enno ei forsvinningssak, samt enno eit mistenkeleg dødsfall. Ole Vik, Cecilie Hopen og dei andre arbeidar iherdig med å finna ut av mulege samanhengar, men vert stadig forstyrra av lokalpressa. Etter kvart dukkar det opp enno eit moment som råkar Ole Vik og familien hans direkte; ting tyder på at italiensk mafia ikkje er heilt ferdige med det som hende i Hjerteløs (forrige bok).
Dommen er ei heilt grei krimbok til terningkast 4.


Havets kirkegård av Aslak Nore
Aschehoug 2021
485 sider
Lånt ebok BookBites

Denne boka derimot, er ikkje så enkel. Det er ei bok som krev både konsentrasjon og hjernevirksomheit av lesaren.
Handlinga er svært interessant, for boka byggjer på ei verkeleg hending som fann stad i 1940; forliset av hurtigruteskipet DS "Prinsesse Ragnhild". Årsaka til forliset er aldri blitt klarlagt, og dermed eit spennande utgangspunkt for ei forteljing som dette.

Det handlar om ein styrtrik familie som etter krigen vart splitta i to uforsonlege leirar. Den eine leiren er framleis rik, den andre er det ikkje. Når ein av dei som overlevde det nemnde forliset tek livet av seg mangfoldige år etterpå, er det duka for nok eit arveoppgjer i familien. Men kvar er testamentet? 

Det er bittelitt av den eine handlingstråden i boka. For her er det mykje å lesa, mange trådar, massevis av karakterar, med handling i notid og i fortid, frå rundt omkring på kloden. Men tek du deg god nok tid og klarar å halda fokus, er Havets kirkegård ei veldig bra leseoppleving. 

Sjølve slutten er brå og på ein måte uvklart. Det er liksom opp til lesaren å tenkja seg fram til kva som skjer vidare. Eg følte meg litt snytt med det same eg las ut boka, men i ettertid ser eg vel at avslutninga er "riktig". Terningkast 5-.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Eg har no lest 11 av årets norske krimutgjevingar. Kva eg meiner om 7 av dei andre kan lesast i to samleinnlegg: Norsk krim 2021 del 1 og Norsk krim 2021 del 2

I tillegg har eg lest to andre veldig bra romanar utgitt i 2021 som har visse krim-element i seg. Dei er omtalt kvar for seg: Assalamu alaikum og 2020 Post festum.

I tillegg (2) har eg lest Det sorte fåret, "bok null" i Ole Vik-serien. Den boka er så svak at eg ikkje gadd å skriva om ho.

30. november 2021

Oppsummering november 21

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Jens Henrik Jensen - Mørke menn - Dansk krim - Papirbok fått i gåve
Kaveh Rashidi - Kanskje du er frisk? - Norsk sak/fakta - Lyd Storytel

Lest i november:
Gunnar Staalesen - 2020 Post festum - Norsk roman - Lånt papirbok privat
Jan-Erik Fjell - Ringmannen - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Sven Petter Næss - Skyldig - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Benedicte Ingstad - Eventyret - en biografi om Helge Ingstad - Biografi - Lyd Storytel
Benedicte Ingstad - Oppdagelsen - en biografi om Anne Stine og Helge Ingstad - Biografi - Lyd Storytel
Tove Alsterdal - Rotvelte - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Anne Holt - Det ellevte manus - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Michael Hjorth og Hans Rosenfeldt - Som man sår - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Camilla Grebe - Alle lyver - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Aslak Nore - Havets kirkegård - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Nils Johan Stoa - Kjødets lyst - Norsk historisk dokumentar - Lyd Storytel


6 lyd, 4 papir, 1 ebok
7 lånt, 3 abonnement, 1 fått
7 krim, 1 roman, 2 biografiar, 1 sak/fakta
7 norske, 3 svenske, 1 dansk
6 menn, 5 kvinner
"Nye" forfattarar: Rashidi, Ingstad

Eg har lagt bak meg ein svært bra lesemånad. Av totalt 11 leste bøker har eg gitt 5 x terningkast 5 og resten terningkast 4. Det er langt frå normalt at eg hamnar på eit så høgt snitt. Skal eg plukka ut eitt høgdepunkt i november må det bli 2020 Post festum.

Biografiane som Benedicte Ingstad har skrive om foreldra sine er absolutt leseverdige. Ho har hatt eit enormt kjeldemateriale til rådvelde, men har klart å formidla det heile på ein god måte. 

Kanskje du er frisk? av (TV-)legen Kaveh Rashidi er ei god, viktig og nyttig bok. Her går forfattaren - fullt fortent - i strupen på m.a. alternativbransjen, vaksinemotstandarar og deler av media. Veldig bra etter mi meining, men han kjem ikkje med så mykje nytt. I alle fall ikkje for oss som har lest Placebodefekten av Gunnar Tjomlid.

Det ellevte manus var eit gledeleg nytt møte med den eksentriske Hanne Wilhelmsen. Omtale, om enn i ei forkorta utgåve (samleomtale), kjem i løpet av desember. 

I desember skal eg lesa Aslak Nore, Jørgen Jæger, Liza Marklund og Stefan Ahnhem sine nyaste bøker, samt Kim Leine sin tredje og avsluttande historiske Grønland-roman, Etter åndemaneren
Men. Kan hende vert det endringar i planane. Ein veit ein aldri kva som dukkar opp av bøker som fristar..

28. november 2021

Haustlesing del 3: Dansk og svensk seriekrim

To danske og tre svenske krimbøker i denne samleomtalen. 

Mørke menn av Jens Henrik Jensen
Aschehoug 2018
580 sider
Papirbok fått i gåve

 - OTS - Ei omfangsrik bok som har stått ulest i hylla i lang tid. Kan passa inn i Boktanker-utfordringa Bokhyllelesing 2021, for runde 5, 6/7 og/eller 10.
 - Andre bok i serien om soldatveteranen Oxen.
 - Dansk villmark, gamle slott, hemmeleg brorskap.
 - Vakre kvinner og barske menn. Samt onde kvinner og feige menn.
 - Konspirasjonar, mafiaverksemd, overvaking.
 - Originalt, spennande, underhaldande, uforutsigbart.
 - Meir lettlest og fortlest enn sidetalet kunne tyda på.
 - Høgt tempo, stadige sceneskift, korte kapittel.
 - Kul hovudperson og tøff forteljarstemme.
 - Terningkast 5.

Satans sommer av Kim Faber og Janni Pedersen
Aschehoug 2021
522 sider
Papirbok lånt privat

 - Andre del i serien om politimannen Martin Juncker, dansk småby- og storbykrim.
 - Interessante karakterar med både vanlege og uvanlege utfordringar.
 - Heilt nødvendig å lesa bok 1 før denne, mange handlingstrådar frå den boka held fram i denne (og den neste)
 - Godt plott, logisk oppbygging og mange overraskingar. 
 - Ikkje så mykje action som i den fyrste boka.
 - Skiftande tempo, skiftande spenningsnivå.
 - Stort sett godt språk, men ein pinleg dårleg sexscene trekker ned.
 - Tidvis for mykje tørrprat. Boka ville blitt betre med litt oppstramming. 
 - Terningkast 4+.

Tre dager av Anders Roslund
Cappelen Damm 2020
Speletid 12:59
Lydbok Storytel

 - Bok nr. 9 i Ewert Grens-serien, og den 5. i det som kan kallast Grens/Hoffmann-serien.
 - Den andre som Roslund skriv åleine etter at Hellström gjekk bort.
 - Etter kvart er det Hoffmann, familien hans og oppdraga hans som er hovudfokus i serien, medan Grens er ein viktig bakgrunnsfigur. 
 - Både 'Tre dager' og undertittel 'Gid hun lenge leve må' passar godt til handlinga.
 - Velskriven og velkomponert, som alltid.
 - Intenst, drivande og veldig spennande, som alltid.
 - Svensk kvalitetskrim/thriller på sitt beste. 
 - Prikken over i'en (eller +teiknet etter 5'aren): Fabelaktig innlesing av Jan Martin Johnsen.
 - Terningkast 5+.

Stormvakt av Kristina Ohlsson
Gyldendal 2021
474 sider
Lånt ebok BookBites 

 - Fyrste bok i ny serie.
 - Svensk småbykrim.
 - Hovudpersonen heiter August Strindberg(!) og er brukthandlar.
 - Stødig og gjennomarbeida, og tildels originalt plott.
 - Gjennomgåande tema: Vald i nære relasjonar.
 - Skiftande perspektiv og fleire handlingstrådar.
 - Dette skapar brukbar flyt, så lesinga går unna. 
 - Til tider noko repeterande og overforklarande. 
 - Heilt OK bok. Eg kjem sikkert til å lesa meir av denne serien.
 - Terningkast 4.


Rotvelte av Tove Alsterdal
Gyldendal 2021
399 sider
Lånt ebok BookBites 

 - Litt usikker på om overskrifta "seriekrim" stemmer her, men eg håpar dette kan bli starten på ein serie og ikkje berre ei enkelt bok.
 - Svensk bygdekrim, og kan dermed både i stil og innhald likna på bøkene til Stina Jackson, Camilla Grebe og Lina Bengsdotter.
 - Hovudperson og (hovud)forteljarstemme Eira er eit spennande nytt bekjentskap.
 - Gode miljø- og personskildringar.
 - Tittelen 'Rotvelte' har både ei bokstaveleg og ei symbolsk tyding.
 - Roleg tempo, noko som passar til forteljinga.
 - Ny sak og gammal sak, nye spor og gamle spor. Kva er sant og kva er løgn? Kvar er rykter og kva er fakta?
 - Vinnar av Glassnøkkelen 2021, og eg kjenner litt på at eg muligens hadde (for) store forventningar til boka.
 - Eg landar på terningkast 5-.

20. november 2021

Haustlesing del 2: Norsk krim 2021

Også denne hausten er det utgitt ein del bra norske krimbøker. Her er mine inntrykk, kort oppsummert, når det gjeld tre av dei. 

St. Avenger av Heine Bakkeid
Aschehoug 2021
Speletid 10:50
Lånt lydbok BookBites 

 - Bok nummer 4 i serien om Thorkild Aske.
 - I denne boka får me svar på kvifor Aske mista jobben og vart rusmisbrukar og suicidal.
 - Eit likfunn fører til ny etterforsking i ei gammal sak.
 - Treg start, men bihistoria frå fortida held på interessa.
 - Overraskande vinklingar og truverdige karakterar.
 - Framleis trist og dyster stemning, men ein anar eit visst håp når det gjeld Aske sin situasjon.
 - Eg skjønnar ikkje tittelen. St. Avenger?? Kva er det? Gjekk eg glipp av noko medan eg lytta til boka?
 - Lydboka er forøvrig opplest av Ivar Nergård, på sedvanleg stødig vis.
 - Terningkast 4.

Skyldig av Sven Petter Næss
Aschehoug 2021
Speletid 6:03
Lånt lydbok BookBites 

 - Tredje bok i serien om Harinder Singh
 - Sympatisk og rimeleg truverdig hovudperson.
 - Handling kort fortalt: Ein person vender tilbake til heimplassen etter å ha sona ferdig straffa si. Var det rett person som vart dømt den gongen? Harinder tek saka.
 - Heilt grei krim: Stødig, skikkeleg, godt oppbygd. 
 - Hemmelegheiter og mystiske hendingar
 - men manglar ein del når det gjeld intensitet og nerve.
 - Den beste i serien til no. Terningkast 4+.

Ringmannen av Jan-Erik Fjell
Strawberry 2021
Speletid 10:44
Lånt lydbok BookBites 

 - Nummer 8 i Anton Brekke-serien.
 - Men her er det kollegaen Magnus Torp som egentleg har hovudrolla, Anton er sett på sidelinja etter hendingar i forrige bok.
 - Eit brutalt drap har skremmande likskapar med eit tidlegare uoppklart drap på ein annan kant av landet. Korleis kan det henga saman?
 - God parallell-historie.
 - Ringmannen er opplest av ein ringrev; Helge Winther-Larsen.
 - Saknar den tørre humoren frå tidlegare bøker. Her er det dystert heile vegen.
 - Har gitt enkelte av bøkene i serien karakter 5, men denne når ikkje heilt opp der.
 - Terningkast 4.

17. november 2021

Kort om: 2020 Post festum av Gunnar Staalesen

Mellom 1997 og 2000 ga Gunnar Staalesen ut dei tre bøkene «1900 Morgenrød», «1950 High Noon» og «1999 Aftensang». No i 2021 er den frittståande oppfølgjaren «2020 Post festum» her.
Pussig nok vart dette ei slags jubileumsbok for meg; den 100. leste boka mi dette året. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Gyldendal 2021
502 sider
Lånt papirbok privat

Høgst overraskande - og veldig gledeleg - kom ein oppfølgjar, vel 20 år etter at 1999 Aftensang kom ut. 2020 Post festum vart såleis eit lenge etterlengta møte med gamle kjenningar. Eller - kjenningar og kjenningar: Det vart nesten som når ein treffer folk ute i det verkelege livet etter 20 år; nokre av dei kjenner du att med ein gong, andre er blitt heilt framande. 

Den fyrste me møter er Varg Veum, og han "kjenner eg" veldig godt sidan eg har "møtt han" ved fleire høve og i ulike situasjonar gjennom mange år. Familiane Moland, Brandt og Nesbø vart eg elles raskt kjent med på nytt. Nokre personar har falle frå, nye generasjonar har komme til. Slik er jo livet. I tillegg møter me nokre heilt nye familiar og karakterar, og på ulikt vis kryssar deira liv personar frå "hovudfamiliane" sine liv. Dei fiktive karakterane er er knytta til - og plassert inn i -  verkelege hendingar som har funne stad dei siste 20 åra. I tillegg vert enkelte handlingstrådar frå dei tidlegare bøkene henta fram.

22. juli er sentralt i handlinga, noko illustrasjonen på omslaget indikerer. Nokre av dei unge karakterane "våre" deltek på Utøya, og ikkje alle kjem heim, for å sei det slik. Staalesen skriv om opptakten til terroren, sjølve angrepa og etterspelet på ein opplysande og respektfull måte. 

På tilsvarande vis plasserer forfattaren andre karakterar i andre meir eller mindre dramatiske hendingar som har funne stad, både globalt, nasjonalt og lokalt. 

2020 Post festum er ein roman med dokumentariske trekk og det historisk korrekte bakteppet er fletta fint inn i forteljinga. Boka er innom saker som flyktningkrise, klimakrise og finanskrise, samt terrorisme, ekstremisme og pandemi. Saker som angår samfunnet vårt og den daglege samfunnsdebatten påvirkar oss alle, også karakterane i denne boka. 

Ein annan tanke som slo meg medan eg las var at det knapt fantes sosiale media for 20 år sidan, men no for tida er det ofte der dagsorden vert sett. 

Gunnar Staalesen er krimforfattar og mest kjend som opphavsmannen til Varg Veum. Og Veum er som sagt med, denne gongen óg. Han dreg på åra, men til liks med jamgamle Joe Biden held han framleis koken. Skal tru om Veum kan løysa det lenge uløyste mysteriet om kvinna i Isdalen

Med sine vel 500 nokså tettskrivne sider tek lesinga litt tid, men eg tykte aldri at boka var kjedeleg, stilleståande eller tung. Tvert imot.

Forlaget og forfattaren presenterer 2020 Post festum slik:

 

Har du ikkje lest Gunnar Staalesen sin århundretrilogi? Då er du heldig, for då har du nokre veldig bra bøker "til gode". 

1. november 2021

Oppsummering oktober 21

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Val McDermid - Brennende hat - Britisk krim - Lyd Storytel
Kristina Ohlsson - Stormvakt - Svensk krim - Lånt papirbok privat

Lest i oktober: 
Val McDermid - Dødes tale - Britisk krim - Lyd Storytel
John Harvey - Stilleben - Britisk krim - Lyd Storytel
Abid Raja - Min skyld - Norsk sjølvbiografi - Lånt ebok BookBites
Cara Hunter - I mørket - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Heine Bakkeid - St. Avenger - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Gert Nygårdshaug - Den grønne øya - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
William Shaw - Dødeland - Britisk krim - Lyd Storytel
William Shaw - Gravens hemmeligheter - Britisk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Jens Henrik Jensen - Mørke menn - Dansk krim - Papirbok fått i gåve
Kaveh Rashidi - Kanskje du er frisk? - Norsk fakta - Lyd Storytel


6 lyd, 3 ebøker, 1 papirbok
5 lånt, 5 abonnement
8 krim, 1 roman, 1 biografi
3 norske, 6 britiske, 1 svensk
6 menn, 4 kvinner
"Nye" forfattarar: Raja

Oktober vart ein ny lesemånad på det jamne. Ein haug med britisk krim, pluss eitt norsk og eitt svensk innslag innan same sjanger. Pluss ein sjølvbiografi og ein roman. Av dei ti bøkene var det berre ei papirbok. Eg er (som så mange andre) ein lesar som gradvis har endra lesevanar og format; frå papir til ebok og lydbok.

Nesten berre terningkast 4-bøker altså, og eg føler at den eine 4'aren må forklarast. Det gjeld Den grønne øya av Gert Nygårdshaug. 
Det er (egentleg) ei veldig god bok, ei kort og lettlest forteljing med eit alvorleg tema til ettertanke. "Normalt sett" ville eg nok gitt den ein 5'ar. Men dette er frå ein forfattar som har produsert SÅ mykje bra - alt frå Honningkrukken til Mengele Zoo, frå Fortellerens marked til Den tredje engelen - og eg forventa noko meir. Meir originalitet, meir kompleksitet, meir absurd humor, meir uforutsigbart innhald. Det var altså mine høge forventningar som gjorde at eg landa på terningkast 4 i dette tilfellet. 

Abid Raja får terningkast 5. Ikkje fordi han skriv så eksepsjonelt godt, men fordi han er så grenselaust open og ærleg og fordi han syner ei uvanleg evne til sjølvinnsikt. Ein kan sei mykje om Raja; til dømes at han tek (for) mykje plass, - men dette er han veldig klar over sjølv. Og i boka får me vita kvifor. Eg trur Min skyld - en historie om frigjøring er den mest leseverdige politiske sjølvbiografien eg har lest nokon gong. 

I november skal eg lesa ei anna bok som eg har skyhøge forventningar til, og som eg er veldig spent på. Det er Gunnar Staalesen si oppfølgingsbok av hundreårstrilogien; 2020 Post festum. No er det omlag 20 år sidan eg las den nemnde trilogien (1900 Morgenrød, 1950 High Noon og 1999 Aftensang) og den tilhøyrande Hundreårsboken (som er ei "handbok" med kart, slektstavler og bilete knytt til trilogien) - og det er begrensa kva eg hugsar av innhaldet. Det eg hugsar - og veit - er at eg var vilt begeistra for bøkene den gongen og at eg alltid tenkjer på dei som nokre av mine absolutte favorittar.

23. oktober 2021

Haustlesing: Britisk seriekrim

For meg er britisk seriekrim perfekt haustlektyre. Her kjem eit nytt innlegg i stikkordformat; korte vurderingar/omtalar av nokre bøker eg har lest i det siste.

I mørket av Cara Hunter
Cappelen Damm 2019
351 sider
Lånt ebok BookBites 

 - Bok nummer to i Adam Fawley-serien.
 - Politikrim og puslespelkrim.
 - Handlinga og etterforskinga framstår som realistisk.
 - Sympatisk og menneskeleg hovudperson.
 - Etterforskarane sitt privatliv har forholdsvis stor plass, utan at det går ut over drivet i boka.
 - Oversiktleg handling og passe stort persongalleri.
 - Fleire spenningstoppar og tildels overraskande vendingar.
 - Terningkast 4+.


Stilleben av John Harvey
Cappelen Damm 2019
Speletid 7:58
Lyd Storytel

 - Den fjerde og siste i Frank Elder-serien.
 - Forfattaren er 82 år. Imponerande - og overraskande!
 - Samfunnskritisk og aktuelle problemstillingar.
 - Handling frå både urbane og rurale strøk; London og Cornwall.
 - Om ein skal rangera hovudpersonar etter kor sympatiske og menneskelege dei er, kjem Frank Elder høgt opp. 
 - Handlinga byggjer på og viser til hendingar som fann stad i den fyrste boka i serien; Av kjøtt og blod.
 - Tittelen speglar både måten eit drapsoffer vart funnen på og at offeret var kunstnar. Men den engelske tittelen; Body and Soul, er meir korrekt, på fleire måtar.
 - Gjennomgåande melankolsk stemning og trist avslutning.
 - Terningkast 4+.


Salt Lane av William Shaw
Goliat 2019
Speletid 12:19
Lyd Storytel

 - Andre bok i Alexandra Cupidi-serien.
 - Handlinga er lagt til det fascinerande landskapet i Kent, på søraust-kysten av England.
 - Gode miljøskildringar og minst like bra personskildringar.
 - Interessant å følgja Cupidi og hennar kollegaer i deira møysommelege etterforskingsarbeid. 
 - I tillegg har Cupidi utfordringar på heimebane; både med dotter si og mor si.
 - Mange trådar og karakterar å halda styr på, men det går i liten grad ut over spenninga.
 - Boka er for lang og burde vore stramma opp ein del. 
 - Terningkast 4+.

Dødeland av William Shaw
Goliat 2020
Speletid 11:45
Lyd Storytel

 - Tredje bok i Alexandra Cupidi-serien, ein serie som på eit vis vert meir interessant og leseverdig etter kvart som ein vert meir kjend med landskapet og karakterane.
 - Cupidi og teamet hennar får to heilt ulike saker på bordet. 
 - Dei to sakene heng sjølvsagt saman, på ein svært finurleg og høgst uventa måte.
 - Gjensyn med William South, mannen som var så sentral i handlinga i den fyrste boka Fuglekikkeren.
 - Treg start, men tek seg opp etter kvart. Svært dramatisk avslutning.
 - Bihistoria med dei to småkriminelle unggutane som rotar seg inn i ei svært farleg sak gjer spesielt sterkt inntrykk.
 - Her "snusa" eg faktisk litt på ein 5'ar, men eg landar også her på Terningkast 4+. 

I skrivande stund er eg i gang med fjerde bok i same serie, noko som tyder på at eg no verkeleg har funne tonen med William Shaw.

Både Salt Lane og Dødeland er glimrande opplest av Bendik Johannessen.
Ein av dei som hyllar Shaw og denne serien er forfattaren nedanfor; Val McDermid.


Brennende hat av Val McDermid
Cappelen Damm 2019
Speletid 12:10
Lyd Storytel

 - Den tiende boka i serien om Tony Hill og Carol Jordan.
 - Serien har sine ups and downs, denne er definitivt ein up.  
 - Glimrande komponert og ein sjølvsikker stil.
 - Ein spesiell seriemordar er på ferde; ein som finn ofra sine ved å gå i bryllup.
 - Carol er som alltid ein dyktig etterforskingsleiar, men alkoholproblema hennar vert meir og meir merkbare. 
 - Tony bidreg som alltid med sine psykolog- og profileringskunnskapar, men denne gongen bidreg han også på ein måte som er sjokkerande for både han sjølv, for Carol og for oss lesarar.
 - Terningkast 4+. 


Dødes tale av Val McDermid
Cappelen Damm 2019
Speletid 11:02
Lyd Storytel

 - Bok nummer 11 i Hill/Jordan-serien.
 - Men dei to hovudpersonane har ikkje ei like sentral rolle i etterforskinga lenger. Det skuldast hendingar som fann stad i forrige bok og som ikkje kan røpast her. 
 - Hovudtråden i denne boka er gransking i samband med fleire likfunn ved eit gammalt kloster - og dei ligg ikkje i vigsla jord, for å sei det slik.
 - Nesten like spennande er det å følgja det heilt spesielle (kjærleiks?)forholdet mellom Tony og Carol.
 - Bra bok frå ein dyktig og erfaren forfattar. Men eg føler - og veit - at McDermid kan enno betre.
 - Terningkast 4.

Opplesar av Brennende hat og Dødes tale er Haakon Strøm. Også han gjer ein god opplesar-jobb.

30. september 2021

Oppsummering september 21

Påbyrja i august, fullført i september:
Johanna Mo - Nattsangeren - Svensk krim - Lånt papirbok privat
William Shaw - Salt Lane - Britisk krim - Lånt lydbok BookBites

Lest i september:
Martin Holmén - Slugger - Svensk historisk krim - Kjøpt lydfil
Kim Faber og Janni Pedersen - Satans sommer - Dansk krim - Lånt papirbok privat
Tore Renberg - Assalamu alaikum - Norsk roman - Kjøpt lydfil
Anders Roslund - Tre dager - Svensk krim - Lyd Storytel
Rune Timberlid - Jakta på Siskin - Norsk krigsdokumentar/lokalhistorie - Lånt papirbok biblioteket
Torbjørn Færøvik - India på 200 sider - Norsk dokumentar/fakta - Lånt ebok BookBites 

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Val McDermid - Brennende hat - Britisk krim - Lyd Storytel
Kristina Ohlsson - Stormvakt - Svensk krim - Lånt papirbok privat


4 lyd, 3 papir, 1 ebok
5 lånt, 1 abonnement, 2 kjøpt
5 krim, 1 roman, 2 dokumentarar
3 norske, 3 svenske, 1 britisk, 1 dansk
7 menn, 2 kvinner
"Nye" forfattarar: Mo

Fleire veldig gode leseopplevingar i september. Både Assalamu alaikum og Slugger har "vore med meg" lenge etter avslutta lesing, noko som stadfestar at dei - kvar på sin måte - er spesielle bøker.
Vidare finn eg det gledeleg at Anders Roslund held fram med Ewert Grens-serien, sjølv om han no skriv åleine. Tre dager er minst like neglebitande spennande som forventa.
Eg har heller ikkje stort å utsetja på Færøvik og Timberlid sine bøker. Det einaste er at dei er litt korte, men det har sine heilt naturlege forklaringar. India-boka er i 200 sider-serien og er ei grei innføring i dette landet si mangfaldege historie. Jakta på Siskin handlar om motstandsrørsla i Sogn under krigen, og Timberlid fortel her sakleg og greitt om ei for meg hittil ukjent historie.
Satans sommer og Salt Lane er også bra bøker som kan anbefalast. Nattsangeren er heller ikkje dårleg.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Straks oktober - og tre fjerdedeler av året 2021 er over. Eg presenterte lesestatistikken min for fyrste kvartal, men gløymde å laga halvårsstatistikk. Når tre månader av året gjenstår er stillinga slik:

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Statistikk etter tredje kvartal

  • 85 bøker, fordelt slik på sjanger:
    - 55 krim-, thriller- og spenningsromanar
    - 8 andre romanar
    - 3 novellesamlingar
    - 19 sakprosa
  • 27 papirbøker, 13 ebøker, 46 lydbøker
  • 42 lånt, 35 Storytel-abonnement, 7 kjøpt, 1 fått 
  • 43 norske, 17 svenske, 9 amerikanske, 8 britiske, 4 franske, 2 danske, 2 islandske
  • Terningkast: 1 x 6, 17 x 5, 55 x 4, 8 x 3 og 2 x 2
  • Kjønn: 57 mannlege, 30 kvinnelege forfattarar (4 av bøkene har altså forfattarar av begge kjønn)
  • Alder: 59 utgitt i tidsrommet 2010 - 2020, 6 utgitt før 2010, 20 utgitt 2021

Lesemål 2021

85/100 bøker totalt
10/10 mursteinar (over 500 sider)
8/10 biografiar
11/10 annan sakprosa
9/30 bokomtalar
19/20 nye forfattarar

Eg er nøgd med:
Tal bøker totalt, tal mursteinar, tal sakprosabøker, tal lånebøker, tal Storytel, tal nye forfattarar.

Eg er ikkje heilt nøgd med:
Kjønnsfordelinga og tal bokomtalar.

22. september 2021

Bokomtale: Assalamu alaikum av Tore Renberg

Oktober 2021
Speletid 18:20
Kjøpt lydfil

Det har gått fire år sidan sist me møtte Rudi, Cecilie, Jan Inge og dei andre i og rundt Hillevågsgjengen. No er dei omsider tilbake, og eg kjenner at dette er ei bok eg verkeleg har venta på.
I Assalamu alaikum har det imidlertid kun gått nokre veker sidan hendingane i Skada gods. Det er januar 2013 i "verdens rikaste by" Stavanger. 

Den fyrste me møter er Jan Inge - Jani - og det er tydeleg at han ikkje har det godt. Han er visst rett og slett i ferd med å mista det heilt. Rudi på si side er lei av alle drittjobbane han vert sett til (av Jani) og han har dessutan nettopp hatt svineinfluensa. Cecilie - Chessi - er gravid med tvillingar og lengtar etter eit meir normalt liv.
For det er absolutt ikkje normalt at hagen deira er full av nedgravde likdeler og at frysaren er full av heroin. 

Saman med dei tre bur også "fosterbarnet" Shaun, ein så skada gut at han faktisk har det betre og tryggare saman med Jani & co. enn heime. Og her er ein viktig bodskap i denne serien: Om kor viktig det er å ta vare på kvarandre, om å sjå kvarandre, om å sjå barna som fell utanfor. For er det nokon som er prega av ein utrygg barndom så er det nettopp søskenparet Jani og Chessi. I denne boka får me vita meir om kva dei gjorde og opplevde i barne- og ungdomstida si. Det er temmeleg sterke saker.

Handlinga i boka er, som i dei tidlegare bøkene i Teksas-serien, nokså ellevill. Det er temmeleg drøyt det som foregår, og enkelte lesarar kan nok bli støtt av visse detaljerte skildringar. Det handlar om vald og drap, narkotika og porno - og Renberg pakkar ikkje akkurat inn det han vil fortelja om. 

Tittelen er spesiell. "Assalamu alaikum" betyr "fred vere med deg" på arabisk. Men "fred" kan det jo aldri bli i Hillevåg, så lenge dei driv med såpass spesielle "forretningar". Tittelen speglar i tillegg til andre hendingar i boka som ikkje skal røpast her. 

Kva kan ein elles sei om boka, utan å røpa noko særleg av handlinga? Jo - eg siterer meg sjølv frå ein tidlegare omtale (av Skada gods): "Det er morosamt og fælt, fascinerande og energisk, frekt og frodig, trist og sjarmerande, viltert og engasjerande." Me møter enkelte bikarakterar frå tidlegare bøker og vert presentert for nokre nye. Alle har sine spesielle eigenskapar og særtrekk og det er ikkje vanskeleg å sjå dei for seg. Tidvis tek forfattaren turar langt ut på viddene og blir veldig skravlete, - nesten masete. I andre sekvensar, med andre rolegare forteljarstemmer, er det gjerne forsiktig, vart og ettertenksamt. 

Av og til blandar forfattaren seg inn i forteljinga med sine tankar og forklaringar. Det er eit grep eg ikkje er spesielt begeistra for, men eg respekterer at han har hatt eit visst behov for å utdjupa.

Boka inneheld mange referansar til musikk og litteratur og er elles prega av sprudlande forteljarglede og sær fantasi. Ho er svært underhaldande, men også gripande og til tider ganske motbydeleg. Eg har både ledd, rista på hovudet og vridd meg i ubehag. Tore Renberg er ein av desse forfattarane som kan få ein lesar til å kjenna på mange ulike kjensler undervegs i lesinga. 

Som erfaren krimlesar ser eg at Assalamu alaikum har visse krimroman-element og thriller-trekk. Men boka byr på noko langt meir og er på fleire måtar ei stor leseoppleving. 

Eg anbefalar, så sterkt eg kan, lydbokversjonen. Tore Renberg er ein fantastisk opplesar av sine eigne bøker.

Kronologien i Teksas-serien er slik:

  1. Vi ses i morgen
  2. Angrep fra alle kanter
  3. Skada gods
  4. Assalamu alaikum
Alt tyder på at det kjem fleire bøker i denne serien. Eg håpar at det ikkje blir så lenge å venta til neste bok kjem!

11. september 2021

Bokomtale: Slugger av Martin Holmén

Pelikanen 2021
Speletid 9:26
Kjøpt lydfil

For tre år sidan las eg ei bok som trefte meg hardt, nærast som eit knyttneveslag. Det var debutromanen til Martin Holmén, Clinch. Bok nummer to Nede for telling ga nesten like sterkt inntrykk. No har eg lest ut den tredje og avsluttande boka som har tittelen Slugger - og eg må berre sei: Dette er sterke saker!

Trilogien er både historiske romanar og hardkokte krimforteljingar. Om eg skal samanlikna bøkene med nokon andre er det mest nærliggjande å nemna 1793 og 1794 av Niklas Natt och Dag. Sistnemnde skildrar rett nok ein annan epoke, men begge forfattarane har lagt handlinga til eit historisk Stockholm og dei byr begge på overbevisande og uvanleg sterke leseopplevingar.

Året er 1936. Hovudpersonen er Harry "Kvisten" Kvist, ein gong boksar på ganske høgt nivå. Karrieren fekk imidlertid ein brå slutt då det vart avslørt at han var homofil. Slikt var både umoralsk, skamfullt og straffbart på 1930-talet. I Slugger nærmar Kvisten seg dei 40 og er prega av eit tøft liv. Han er alkoholisert, sliten og einsam, har bak seg fleire periodar i fengsel og kjenner sterkt på dei motgangane livet har gitt. Jobben som pengeinnkrevjar er belastande på fleire måtar; valdeleg, farleg og håplaust. Men Kvisten ber med seg eit ørlite håp; eit håp om at han ein vakker dag kan komma seg vekk frå det triste og trøysteslause Sibirien og søkja lykka i Amerika, der dottera Ida oppheld seg.

Presten Gabielsson er ein av Kvisten sine få venner. Ein dag vert han funnen drept i ei kyrkje; nokon har slått han i hel og spikra han fast i golvet. Ved sidan av den nakne kroppen hans er det teikna ei Davidstjerne, med blod. Den offisielle versjonen av etterforskinga av drapet er at ein eller fleire jødar står bak. Men Kvisten veit at Gabrielsson var ein overtydd anti-nazist og stolar ikkje på det korrupte og nazifiserte politiet. Han startar si eiga høgst alternative gransking, men møter dermed på ei svær utfordring; eit "tilbod" frå den lokale gangsterleiaren Mutter. Han vert også trekt inn i eit komplott med forgreiningar til naziregimet i Tyskland. 

Harry Kvist er ein samansett karakter. Under eit barskt ytre er han både sårbar og kjenslevar. Ein føler med han fordi han lever eit så usselt og uverdig liv og fordi han vert så urettferdig behandla, men ein kan også kjenna på avsky for den brutale og valdelege sida hans. Han syner medkjensle og varm omsorg for dei svake, men nøler heller ikkje med å bruka knyttnevane når han meiner at det trengst.

Språket i boka - og trilogien - er spesielt og utsøkt. Tidvis vart og vakkert, men til tider også sjokkerande direkte. Holmén tek seg god tid og skildrar folka, gatene og omgjevnadene på ein levande måte. Ein kan nesten høyra lydane og kjenna luktane medan ein les. Han skriv med rå energi og engasjement - men også med varsemd og med presise formuleringar. 

Stemninga er elles generelt dyster, mørkt og melankolsk. Forventningane om ein "lukkeleg slutt" er heller ikkje så store - men til liks med Kvisten sjølv vil ein gjerne halda på ei lita spire av håp. Avslutninga er såleis ufatteleg spennande der ein vekslar mellom håp, tru, mistru, vantru, vonbrot, nytt håp, ny tru.. og så vidare.

Er du i ferd med å bli lei av vanlege trivielle kriminalromanar og likar historiske romanar, vil du garantert finna trilogien om Harry Kvist både gjevande og gripande. Bøkene bør lesast kronologisk.

Opplesar Sigurd Myhre les med passe innleving, har tydeleg diksjon og ei behageleg stemme. Eg kan dermed anbefala lydbokversjonen.

7. september 2021

Sommarlesing: Svensk krim

Skippertak-samleomtalane held fram. Fellesnemnaren i dette innlegget er at dei er fyrste bok i serie. Og at alle er svenske.

Nattsangeren av Johanna Mo
Aschehoug 2021
443 sider
Lånt papirbok privat

Startar tregt og held fram nesten like tregt, så ein sidevendar er ikkje dette. Men - tematikken er interessant. Her handlar det mykje om pårørande sin situasjon. Pårørande til offer, pårørande til gjerningspersonar. Familiar og lokalsamfunn som vert merkte og splitta for alltid. Om gamle oppklarte kriminalsaker som kanskje ikkje fekk den rette løysinga likevel.

Handlinga er lagt til Öland og Kalmar; eit spesielt/mystisk öppet landskap som enkelte av oss kjenner att frå tidlegare krimbøker (Ölandskvartetten av Johan Theorin).
Boka er lettlest, men omstendeleg, gjentakande og overforklarande - noko som skapar irritasjon undervegs. Likevel - eg ser at det er potensiale her. Ser ikkje vekk frå at eg kjem til å lesa neste bok.
Terningkast 3+.

Ulvesommer av Hans Rosenfeldt
Cappelen Damm 2020
Speletid 10:26
Lydbok Storytel

Den fyrste (og førebels einaste) boka i (det som skal bli) Haparanda-serien er veldig bra. Rosenfeldt er ein røynd (med)forfattar og serieskapar (Sebastian Bergman-serien, Broen) og har ved fleire høve synt at han er dyktig til å skildra både folk og hendingar med innsikt og engasjement. 
Ulvesommer har driv, er velskriven og byr på interessante omgjevnader. Vidare finn ein truverdige hovudpersonar, underliggjande spenning og eit originalt (dog tydeleg oppkonstruert) plott. Boka er ein blanding av thriller, politiroman og noir. Eg ser fram til neste bok!
Terningkast 5.

Sekten på Tåkøy av Mariette Lindstein
Gyldendal 2018
533 sider
Lånt papirbok privat

Den sentrale handlinga er også her lagt utanfor allfarveg; på ei tåkete øy. Altså Tåkøy. Utgangspunkt for historia er forfattaren sine eigne erfaringar som medlem i ei sær sekt. 

Lettlest og slett ikkje uspennande, men så skravlete og omstendeleg at denne lesaren vart lei av det heile. Eg finn det dessutan lite truverdig at sektmedlemmer, uansett kor hjernevaska dei er, finn seg i alt det som desse folka gjer. Men kven veit?
Uansett: Eg kjem neppe til å lesa meir av denne serien.
Terningkast 3.
Forsvunnet av Tina Frennstedt
Vigmostad Bjørke 2020
Speletid 12:06
Lydbok Storytel

Fyrsteinntrykket er veldig bra. Basert på denne boka vert dette ein leseverdig serie. Det handlar om kalde saker og det er jo noko som fengar. I både fiktive og verkelege saker er me kjende med at analyseverktøy og teknologi endrar/forbetrar seg slik at gamle uløyste mysterium kan få ei løysing. 

Handlinga byggjer på verkelege hendingar. Boka er grundig, gjennomarbeida og passe intrikat. Persongalleriet er truverdig og hovudpersonen er eit særdeles interessant bekjentskap.
Terningkast 4+.

31. august 2021

Oppsummering august 21

Påbyrja i juli, fullført i august:
Simon Stranger - Leksikon om  lys og mørke - Norsk roman - Lyd Storytel
Bernard Minier - Konfirmanten - Fransk krim - Lånt papirbok privat
John Harvey - I skuddlinjen - Britisk krim - Lånt ebok BookBites

Lest i august:
Michel Bussi - Svarte vannliljer - Fransk krim - Lyd Storytel
Karin Fossum - Drepende drage, angrende hund - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Tore Renberg - Ingen tid å miste - Norsk roman - Lyd Storytel
Yrsa Sigurðardóttir - De tause - Islandsk krim - Lånt papirbok privat
Helene Flood - Terapeuten - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites [ikkje fullført]
Sharon Bolton - Håndverkeren - Britisk Krim - Lyd Storytel
Harlan Coben - Hjem - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Hege Duckert - Norsk kvinnehistorie på 200 sider - Norsk dokumentar - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i august, fullførast i september:
Johanna Mo - Nattsangeren - Svensk krim - Lånt papirbok privat
William Shaw - Salt Lane - Britisk krim - Lånt lydbok BookBites


5 lyd, 3 papir, 2 ebøker
5 lånt, 5 abonnement
7 krim, 2 romanar, 1 dokumentar
4 norske, 2 britiske, 2 franske, 1 amerikansk, 1 islandsk
6 menn, 4 kvinner
"Nye" forfattarar: Flood (men eg har ikkje rekna Terapeuten med i oversikten)

Eg har hatt ein del leseopplevingar der forventningane ikkje vart innfridde denne månaden. Ingen tid å miste, Drepende drage angrende hund og Konfirmanten er bra bøker, men eg veit at både Tore Renberg, Karin Fossum og Bernard Minier kan betre enn dei får vist her. Det same gjeld Michel Bussi og Sharon Bolton; Svarte vannliljer og Håndverkeren vart eg skuffa over.

Leksikon om Lys og mørke vart for meg ei både/og-leseoppleving. Interessant å lesa om familien Kommisar, Bandeklosteret, den unge Rinnan og Rinnan-banden, men eg mislikar måten forfattaren skriv seg sjølv inn i historia. Eg skjønte heller aldri poenget med "leksikon". Denne alfabetiseringa av stikkord vart berre rart og nokså krampaktig. Eg veit at boka vann både Bokhandlerprisen, Bokbloggerprisen og Riksmålsprisen, men eg meiner boka er oppskrytt.

Og Terapeuten? Den orka eg rett og slett ikkje å lesa ferdig. Uspennande, uinteressant og kjeeedeleg. Eg forstår ikkje alt skrytet den boka har fått heller. 

Vel - eg får avslutta oppsummeringa med nokre positive inntrykk: 
Harlan Coben si siste Myron Bolitar-bok Hjem er mellom dei betre i serien.
Yrsa Sigurðardóttir "leverer varene" med De tause.
Det same gjer Hege Duckert med Norsk kvinnehistorie, med dei begrensingane som 200 sider-konseptet set. 

25. august 2021

Sommarlesing: Internasjonal krim

Ei ny rundreise i krimverda, i form av korte omtalar/vurderingar i stikkordformat. Og eg må berre gjenta noko eg har sagt fleire gonger før: Krim er så mangt. Innhald, kvalitet og skrivestil er høgst varierande. Det er heller ikkje rett å sei at noko er typisk engelsk eller typisk fransk, sjølv om ein kan sjå typiske kjenneteikn i enkelte bøker og hos enkelte forfattarar.

Me startar i England.

Torsdagsmordklubben av Richard Osman
Gursli Berg 2021
430 sider
Lånt papirbok biblioteket

 - Puslespelkrim, kosekrimaktig.
 - Assosiasjonar til engelsk landsbykrim.
 - Spesielle forteljarstemmer.
 - Overraskande vendingar.
 - Tidvis langsam og tildels langtekkeleg
 - men til ein viss grad også underhaldande
 - Oppfattar boka som oppskrytt:
 - ei eventuell neste bok fristar ikkje så veldig.
 - Terningkast 4-.
Håndverkeren av Sharon Bolton
Cappelen Damm 2020
Speletid 12:16
Lyd Storytel

 - Skremmande handling, creepy stemning.
 - Utspekulert plott.
 - Gode personskildringar.
 - Overnaturlege greier; hekseri og svartekunstar? Nei takk.
 - Dårleg avslutning 
 - så overraskande skuffande frå Bolton denne gongen.
 - Terningkast 3-.

I skuddlinjen av John Harvey
Cappelen Damm 2016
412 sider
Lånt ebok BookBites

 - Forventa eit nytt møte med Frank Elder, men han er ikkje med i denne boka.
 - Vel så interessante hovudpersonar her.
 - To parallelle, grundig oppbygde handlingstrådar.
 - Svært gode skildringar av ulike miljø og menneske.
 - Skrive med innleving og engasjement.
 - Realistisk og samfunnsaktuell.
 - Noko langsam, men interessant.
 - Terningkast 4+.

 

Så går ferda vidare til Frankrike.

Natt av Bernard Minier
Lydbokforlaget 2020
Speletid 16:17
Kjøpt lydfil

 - Fjerde bok i serien om Martin Servaz.
 - Omstendeleg og grundig, men ikkje langtekkeleg. 
 - Artig og interessant at deler av handlinga er lagt til Noreg
 - Elegant og sofistikert, skummelt og mørkt
 - og dessutan innslag av humor
 - Finurleg og utspekulert plott, stadige vendingar.
 - Ikkje særleg realistisk og sannsynleg
 - men veldig spennande 
 - samt ei overraskande avslutning
 - Terningkast 5.

Konfirmanten av Bernard Minier
Aschehoug 2021
410 sider
Lånt papirbok privat

 - Femte bok i serien om Martin Servaz.
 - Ikkje så rå som forrige bok
 - og dermed heller ikkje så fengande og spennande som forventa
 - Ei ny drapssak har koblingar til Servaz si fyrste drapssak
 - Interessant møte med Servaz som ung etterforskar
 - Svakare enn dei to foregåande i serien, men eg ser likevel fram til neste bok.
 - Terningkast 4+.

Svarte vannliljer av Michel Bussi
Cappelen Damm 2020
Speletid 13:11
Lyd Storytel

 - Sjølvstendig bok, ikkje del av serie
 - Ulike og tydelege forteljarstemmer 
 - om ugjerningar i fortid som får eit oppgjer i notid.
 - Fransk impresjonisme og Claude Monet er sentralt i handlinga
 - så altfor mykje kunstsnakk etter min smak
 - Terningkast 3.

19. august 2021

Sommarlesing: Norsk krim 2021

Eg har lest mykje krim denne sommaren, både ny, halvny og halvgammal krim.
I denne samleomtalen handlar det om nye: fire av årets norske krimbøker. 


Matadorens siste dans av 
Øistein Borge 
Cappelen Damm 2021
208 sider
Lånt ebok BookBites

Eg forventa eit actionfylt nytt møte med Bogart Bull, men det eg fekk var langsam landsbykrim. Greitt nok, men eg brukte litt tid på å omstilla meg. 
Sjølv om handlinga i boka er lagt til Spania, var det rimeleg tydeleg at historia er ein slags hyllest til klassisk engelsk landsbykrim, les Agatha Christie.

Spesielt nervepirrande vert det aldri, men Borge skriv godt og har skrudd saman eit originalt og fungerande plott. Den påklistra kjærleikshistoria - mellom den gamle etterforskaren og den senile kona hans (samt den gamle pleiaren/selskapsdama) - den er i overkant klissete. Så akkurat dei bitane skumma eg meg raskt gjennom.
Pluss for at boka er såpass kort/tynn. Terningkast 4.


Uvigslet jord av Agnes Lovise Matre
Gyldendal 2021
364 sider
Lånt ebok BookBites

Skikkeleg bygdekrim frå Hardanger. Eg likar denne serien, sjølv om eg av og til har vore irritert på hovudrolleinnehavarane. Spesielt lensmann Alvsaker er ubegripeleg treg av og til. Men sympatisk då. 
Denne gongen vert både han og kollegaene sett på verkeleg harde prøver, for å sei det mildt. 

Matre har ein god penn og byggjer opp ei truverdig handling, på to ulike tidsplan. Med færre overforklaringar og gjentakingar kunne dette blitt endå ein prikk på terningen, men konklusjonen min vert også her terningkast 4.


Sølvmyntene av 
Tom Egeland 
Strawberry Publishing 2021
394 sider
Lånt papirbok privat

For ei tid tilbake var eg i ferd med å bli litt lei av Bjørn Beltø, men eg merka at eg vart ordentleg glad då det viste seg at Egeland var i gang med eit nytt Beltø-eventyr. 
Her fekk eg det eg forventa på førehand, for forfattaren brukar mykje av den same oppskrifta som han har brukt tidlegare. Det handlar som vanleg om teologi, arkeologi, mystikk og dramatikk i ymse variasjonar.

Boka er kanskje for omstendeleg og langsam for ein utålmodig lesar, men handlinga er absolutt interessant og tankevekkjande. Det er dessutan fornøyeleg og befriande med Beltø/Egeland sin tørre humor. Terningkast 4+.



Drepende drage, angrende hund av Karin Fossum
Cappelen Damm 2021
239 sider
Lånt papirbok privat

Boka vert kategorisert og marknadsført som krim, men det er det ikkje. Ein kan muligens sei at det er ein psykologisk thriller.
Alt frå start merkar ein noko foruroligande; ei subtil uhygge som vert bygd opp undervegs. På den måten forstår lesaren at noko voldsomt/grusomt kan komma til å skje.

Fossum skriv som alltid glitrande godt, personane og miljøet vert oppfatta som levande og ekte. Eg veit egentleg ikkje om nokon som skildrar skakkøyrde personar på ein så overbevisande måte som nettopp Fossum. 
Konklusjonen min er at dette er ein bra roman, men ingen kriminalroman. 
Terningkast 4+.

5. august 2021

Bokomtale: Sangen om løpende hester av Britt Karin Larsen

Eg har lese fleire bokseriar om det 20. hundreåret. Til dømes serien om Det store århundret av Jan Guillou, Gunnar Staalesen sin århundretrilogi og Ken Follett sin omfattande trilogi. Eg har hatt stor glede av alle desse bøkene/bokseriane; underhaldande, lærerike, omfattande og langvarige som dei er.

Cappelen Damm 2015
Speletid 24:19
Opplesar Kjersti Borchgrevink Maagerø 

Britt Karin Larsen sin tatertrilogi handlar òg om 1900-talet. Her kan ein lesa om korleis taterfolk (De reisende som dei kalla seg sjølv) vart utsette for overgrep, tvang, forfølging og diskriminering. Ein vert òg kjend med korleis taterkulturen endra seg gjennom hundreåret; om korleis dei tilpassa seg storsamfunnet og om den gradvise utvatninga av kulturen som har funne stad. 

Romantrilogien vert rekna som "eit litterært monument over romanifolket i Noreg". Med desse bøkene vart forfattaren tildelt ytringsfridomsprisen Ossietzkyprisen i 2000. Noko som i høgste grad var fortent. Tater- og romanifolket og kulturen deira var i lange tider undertrykt, krenka, forakta og frykta - og ei skriftleg nedskriven historie har mangla. Så ein kan sei at det var på høg tid at dette folket fekk ei stemme. 

Sangen om løpende hester er altså tredje og avsluttande del av trilogien. Boka kom ut fyrste gong i 1999 og er rett og slett ei fantastisk leseoppleving. Det same er dei føregåande bøkene De som ser etter tegn og De usynliges by. Forutan å fortelja om enkeltfamiliar, enkeltpersonar og skjebnar, byr Britt Karin Larsen på mengder av sitatvenlege vendingar. For eksempel:
Det vakreste i livet, er det det som øyet kan se, eller øret kan høre? Er det det som en hånd kan finne og røre ved? Eller finnes det ingenting vakrere her på jorda, kanskje, enn tanken som formes av lengselen, sulten etter det vakre?

 Er det ikkje vakkert? 

Og er ikkje framsidebiletet fint? Det viser seg at det er eit utsnitt av eit bilete teke i Sverige i 1922 av ein omreisande bygdefotograf. Etter nokre nettsøk fann eg også namna på dei fotograferte. Ein ser kor stolt denne kvinna (Sofia Axelina Johansson f. Wiberg 1899-1978) viser fram barnet sitt (Karl Artur Torwald Johansson 1920-1970). Mannen til venstre er bror hennar Nils Reinhold Gudbrand Wiberg 1901-? og han som held kjerra er mannen hennar "Snus Oskar" Karl Oskar Gottfrid Johansson 1890-1971. Les meir her

Me har ei mørk historie når det gjeld handsaminga av taterfolk, romfolk og reisande, både her i landet og andre stader. Det gjer difor av og til nesten fysisk vondt å lesa denne trilogien. Britt Karin Larsen fortel med ekte engasjement, utan å gjera det sentimentalt og utan å vera dømmande. Men enkelte gonger kan ein ana harmen og sorga bak dei nøkterne skildringane. 

Sangen om løpende hester er ei sterk avslutning av ein gripande og lærerik trilogi. Bøkene fortel om familie og generasjonar, om kjærleik og hat, om stoltheit og skam, om liv og død. Dessutan får me ei påminning om at landet vårt har vore fleirkulturelt i fleire hundre år.

Boka har mange forteljarstemmer som ein berre får glimt av medan andre får større plass. I tillegg finst det ei svevande, samlande og allvitande forteljarstemme som driv handlinga framover.
Av og til går ein litt i surr i alle personane, familiane og stemmene, men eg fann ut at eg ikkje skulle henga meg så opp i kven som var i slekt med kven og kven som sa og gjorde kva og når.
Det luraste er å lata forteljinga gå sin gang og å lata seg flyta med. 

Lydbokversjonen kan verkeleg anbefalast. Kjersti Borchgrevink Maagerø les på ein framifrå måte.