Karis bokprat skal laga liste over
Tidenes ti beste kriminalromanar og i samband med dette inviterer Kari til deltaking. Ho oppfordrar oss som eg glade i krim til å senda inn ei rangert liste på ei eiga avstemmingsside. Dersom du også vil delta, kan du
gå til avstemminga her.
Eg starta tidleg å lesa krim, og har heilt sikkert lest hundrevis, kanskje tusenvis? av krimbøker. Det er denne sjangeren eg alltid har hygga meg med; eg avreagerer med grøss og gru og slappar av når eg les om mord og drap. Dei aller fleste krimbøkene eg har lest er likevel slike som eg vil karakterisera som "greie" og som etter kort tid har havna i
gløymeboka. Men - somme av dei sit som
spikra fast i sjela og hjernen. Om ein ikkje akkurat hugsar detaljane i innhaldet og plottet, hugsar ein gjerne stemninga og den gode grøssande kjensla som boka gav.
Mange av dei gamle og klassiske kriminalromanane har eg ikkje har fått lest enno
(so many books, so little time), men nedanfor ser du mine ti utvalde - av dei eg har lest fram til no. Det var utruleg vanskeleg å plukka ut berre ti bøker - og enno meir utfordrande å rangera dei. Ut frå prinsippet om at "dei gamle er eldst - og best" har eg plukka ut desse bøkene. Årstalet i parantes viser til då boka vart utgitt fyrste gong.
1. Agatha Christie - Mord på Orientekspressen (1934)
Dame Agatha er sjølvskriven på topp. Stor litterær produksjon, finurlege plott, eleganse, tørr humor, filmatiske miljøskildringar. Pusle- og kosekrim. Plotta i "Ti små negerbarn", "Doktoren mister en pasient" og "Mord på Orientekspressen" er så geniale at dei aldri går ut på dato.
2. Sjöwall og Wahlöö - Udyret fra Säffle (1971)
Mange nye skandinaviske politikrim-forfattarar (og andre seriekrimforfattarar) er tydeleg inspirerte av forfattarparet som på 60- og 70-talet skreiv serien på ti bøker om Martin Beck og kollegaene hans . "Udyret fra Säffle" er den 7. boka i serien. Rått, tøft, actionfylt og på den tida boka vart skriven: nyskapande. Ifølge Wikipedia vart boka utgitt på nytt i 2006 i ny oversetjing og med tittelen
Mannen på taket.
3. Sven Elvestad (Stein Riverton) - Jernvognen (1909)
Ein over 100 år gammal klassikar, uhyggeleg og utspekulert. Språket kan oppfattast som noko unaturleg og gammaldags for oss i dag, men er heilt fantastisk.
4. John Dixon Carr - Sort messe (1937)
Ei bok å få gåsehud av. Eit elegant lukka rom-mysterium med handling frå mellomkrigstida og med glimt tilbake til det svartaste 1600-talet. Giftmord, gjengangarar, satandyrking og ein uforgløymeleg avslutning. Eg får frysningar nedover ryggen med tanken på radioteaterversjonen av boka.
5. Gunnar Staalesen - Falne engler (1989)
Varg Veum er den krimhelten eg "kjenner best". Eg har følgt han sidan 70-talet, gjennom 18 bøker, i tjukt og tynt, gjennom oppturar og (særleg) nedturar, profesjonellt og personleg, og er rett og slett veldig glad i denne lurvete privatdetektiven. Eg likar veldig godt stilen, ironien og "stemma" til Staalesen og at han held seg til den hardkokte amerikanske kriminallitteratur-tradisjonen.
6. André Bjerke (Bernhard Borge) - De dødes tjern (1942)
Stemningsfull psykologisk thriller med spøkelsesvri.
7. Henning Mankell - Den hvite løvinnen (1994)
Wallander #3
8. Håkan Nesser - Menneske uten hund (2006)
Barbarotti #1
9. Stieg Larsson - Menn som hater kvinner (2005)
Milleniumstrilogien #1
10. Jo Nesbø - Snømannen (2007)
Harry Hole #7
- - - - - - - - - - - - - -
Mange av favorittane mine fekk ikkje plass på lista. Eg burde kanskje tatt med klassikaren
Hunden fra Baskerville, men valde å prioritera dei norske klassikarane
De dødes tjern og
Jernvognen. Av nyare norsk krimlitteratur vurderte eg å ta med
Honningkrukken av Gert Nygårdshaug,
Evas øye av Karin Fossum,
Drømmenes land av Vidar Sundstøl,
Se meg Medusa av Torkil Damhaug og
Slangebæreren av Unni Lindell.
Lista over gjenspeglar at eg er svært begeistra for svensk krim. Eg valde berre ei bok av Nesser og ei av Mankell, men begge to har mange fleire som fortener plass på ei toppliste. Det same gjeld fleire av bøkene til Jan Guillou, Arne Dahl, Lars Kepler og Åsa Larsson. Hadde det vore plass til 10-20 bøker til på lista, skulle
Jenta under byen (Roslund & Hellström),
Mannen som ikke var morder (Hjorth & Rosenfeldt) og
Kråkejenta (Eriksson & Sundquist) blitt med.
Andre eg ikkje fann plass til på mi liste var bøker frå mine "gamle" favorittforfattarar som P.D. James, Val McDermid, Elizabeth George, Dan Brown, Stephen King, Alistair MacLean og John Le Carré. Det same gjeld nyare favorittforfattarar som Jussi Adler-Olsen, Chelsea Cain, Mo Hayder og John Hart.
Kva er
dine Topp 10 krimbøker?